St.meld. nr. 9 (2003-2004)

Om utviding av Trollfjord I kraftverk i Trollfjordvassdraget

Til innhaldsliste

6 Tidlegare praksis for å avslå konsesjonssøknader

I St.meld.nr. 50 (1997-98) Om kraftutbygging i Øvre Otta gjer departementet greie for følgjande tre saker om kraftutbygging der det vart gjeve avslag på søknader om konsesjon, i tillegg til søknaden om kraftutbygging i Øvre Otta:

  1. Reguleringen av Femunden.

  2. Utbygging av Dagalifalla.

  3. Regulering og utbygging av Steinslandsvassdraget.

I saka om avslag på søknaden om kraftutbygging i Øvre Otta syner departementet til Innst.S.nr. 200 (1998-99). I si handsaming gjekk Stortinget inn for å ta kravet frå Kraftlaget Opplandskraft, Tafjord Kraftselskap og Glommen og Laagens Brukseierforening delvis til følgje. Regjeringa vart pålagt å gje konsesjon til ei redusert utbygging. Samstundes vart kravet om overføringa frå Breidalsmagasinet til Glitra avslege. I juni 2001 vart det gjeve løyve etter vannressurslova ved kongeleg resolusjon i tråd med føresetnadene til Stortinget.

I St.meld.nr 23 (2002-2003) Om kraftutbygging i Hattebergvassdraget la regjeringa fram melding om avslaget på konsesjonssøknaden frå Kvinnherad Energi AS. Stortinget stadfesta avslaget frå regjeringa. Ein viser til Innst. S. nr. 257 (2002-2003).