10 Økonomiske og administrative konsekvensar
Sentralt i meldinga står bodskapen om at offentleg finansierte kulturinstitusjonar og aktørar skal arbeide systematisk og langsiktig med å styrkje inkluderings- og mangfaldsdimensjonen i den ordinære verksemda si. Kulturdepartementet legg til grunn at dette skal skje innanfor gjeldande budsjettrammer. Departementet vil leggje vekt på oppfølging av dette arbeidet i styringsdialogen med underliggjande verksemder og tilskotsinstitusjonar.
Etablering av nye formidlingsordningar og justering av eksisterande ordningar vil skje innanfor dei gjeldande budsjettrammene til departementa. Det er eit mål å innrette ordningane slik at ein innanfor rammene når flest mogleg med eit best mogleg tilbod.
Dei mål, strategiar og tiltak som det blir gjort framlegg om i denne meldinga, skal kunne dekkjast innanfor dei gjeldande budsjettrammene til aktuelle departement.