7 Oppsøkjande kulturformidling og formidlingsordningar
7.1 Innleiing
For å nå målet om størst mogleg deltaking i kulturlivet vil regjeringa at det faste tilbodet i institusjonane i større grad skal supplerast med oppsøkjande verksemd, turnéverksemd, særskilte formidlingsordningar og nye formidlingsmåtar, til dømes ved hjelp av digitale verktøy.
Formidling på nye/eksterne arenaer inneber at ein ofte møter publikum ein ikkje treff på eigen arena. Dette kan vere med på å byggje ned barrierar og bidra til at publikum oppsøkjer institusjonen eller anna kulturtilbod på eiga hand. Kulturformidling i skulen når alle barn og er ein måte å sikre at alle blir introduserte for kultur, uavhengig av foreldra sine interesser/økonomi.
Avstand til kulturtilbodet betyr sjølvsagt mykje for bruk. Noreg har lang tradisjon for å byggje ned geografiske barrierar for kulturbruk, til dømes gjennom riksinstitusjonane og gjennom å leggje til rette for turnéverksemd, jf. kapittel 2. Det har også vokse fram mange kulturhus i regionane, og kyrkja er ein attraktiv kulturarena og kulturaktør i lokalsamfunna.
Digital formidling løfter formidlinga og tilgjenget ut av geografien, men er samstundes meir enn berre nye måtar å formidle innhald på. Digital formidling og tilrettelegging er ein viktig del av arbeidet for å demokratisere tilgangen til kulturtilbod. Digital formidling kan likevel ikkje erstatte det levande møtet med kunst og kultur, anten det er på museet, i kunstgalleriet, i biblioteket, teatret, på det lokale kulturhuset eller på arenaer der folk ferdast til dagleg. I andre del av kapitlet ser vi på kva digital teknologi har å seie for skapinga og formidlinga av kultur.
7.2 Arenaer og møtestader for kultur
Gode arenaer for kultur over heile landet er viktig i eit demokrati- og tilgangsperspektiv. Ein viktig del av kulturdemokratiseringa etter krigen var utbygginga av arenaer for kulturaktivitet. Før 1950 fanst det i dei fleste norske lokalsamfunn knapt hus eller arenaer bygd med tanke på kulturliv. Det ein hadde var dei store folkerørslene sine samlingslokale: Folkets hus, losjen og bedehuset. For å kunne gjennomføre den nasjonale kulturdistribusjonen var det trong for andre typar lokale. På 1950-talet starta difor utbygginga av samfunnshusa med støtte frå Statens ungdoms- og idrettskontor.
På 1980- og 1990-talet tok mange fylkeskommunar initiativ til å etablere bygg for regionale kulturfunksjonar, anten ved å byggje eller ved å ta i bruk nedlagde industribygg. Fram til i dag har det vore ein sterk vekst i bygging av kulturhus og andre typar lokale for kulturaktivitetar delvis finansiert av statlege midlar. Denne utviklinga har hatt mykje å seie for inkludering og deltaking over heile landet. På 1950-talet og tidlegare kan ein seie at omfanget og innhaldet i kulturlivspraksisen var underlagt rørslene sine ideologiske føringar. Når ein fekk samfunnshusa vart det opna for heilt nye aktivitetar og ikkje minst for heilt nye grupper, både ut frå tekniske og ideologiske årsaker.1
Gjennom nettverket av kommunale kulturhus og andre kulturarenaer finst det i dag eit mangfaldig kulturtilbod til det allmenne publikumet. Dei kommunale kulturhusa må likevel seiast å vere i ulik stand og i ulik grad oppdaterte for føremålet. KS gjennomførte ei kartlegging av den samla bygningsmassen til kommunal sektor, inkludert kulturbygg, i 2008. Kartlegginga viser at det finst om lag 900 kommunale og fylkeskommunale kulturbygg med eit samla areal på noko over 1 mill. m2. Gjennomsnittsalderen for kulturbygga var 48 år i 2008. Tala omfatta ikkje museum, bibliotek eller kyrkjebygg.2
Norsk kulturhusnettverk er ein landsomfattande organisasjon som har som mål å synleggjere, samordne og utvikle kulturhusa sine ressursar og kompetanse lokalt, regionalt og nasjonalt. Nettverket har over 80 profesjonelt drivne kulturhus som medlemmer. Kulturhusnettverket har i 2011 fått midlar frå Norsk kulturråd til å kartlegge effekten av kulturhusa i Noreg. Kartlegginga skal omfatte både driftsmodellar, organisering, eigarstrukturar og ringverknader av kulturhusa i ulike lokalsamfunn.
Kulturhusa har ulik posisjon hos lokalbefolkninga, og nokre stader kan terskelen for å oppsøkje kulturhuset vere høg.
Norsk kulturråd arbeider mellom anna med å utvikle kunstens rolle og rom i det offentlege, og som ein del av dette komme samtidskunstens behov for produksjons- og formidlingsarenaer i møte. Det prosjektbaserte kunstfeltet nyttar seg dels av tradisjonelle formidlingsarenaer som galleri, konsertlokale og teatersalar, som i stor grad føreset eit publikum som oppsøkjer desse arenaene. Samstundes utforskar og utviklar kunstnarane stadig andre arenaer for produksjon og formidling som på ulike måtar kan bidra til å nå og involvere nye publikumsgrupper. Større bruk av uterom og offentlege rom, i tillegg til oppsøkjande verksemd i bedrifter, helseinstitusjonar, skular med meir skapar møte mellom publikum og samtidige kunstuttrykk utan at det kostar noko eller krev at ein sjølv oppsøkjer ein kunstarena. KORO sine tilskotsordningar, jf. kapittel 5.10, er døme på korleis statlege verkemiddel er med på å stimulere til utstrekt bruk av uterom og offentlege rom i kunstformidlinga. Kunsthendingar som finn stad der menneske ferdast dagleg, kan skape nysgjerrigheit og bidra til rekruttering av eit nytt publikum til dei etablerte kunstarenaene.
Det er ein tendens til at kunstnarar i dag søkjer arbeidsfellesskap med andre og etablerer produksjonsarenaer som i større grad enn tidlegare har ein utoverretta profil. Fleire stader er det etablert kultur- og næringshagar. Nokre stader held kunstnarar til i same lokale som frivillig kulturaktivitet, kulturskular eller liknande. Slike arenaer er ofte prega av stort engasjement og dugnadsinnsats frå aktørane som held til der. Det blir gjerne arrangert gratis lågterskelarrangement med opne atelier, kurs og verkstader, konsertar og visningar, demonstrasjonar, kunstmøte og familieaktivitetar. På denne måten får desse arenaene funksjon både som kunstformidlingsstader og som uformelle sosiale møteplassar i nærmiljøet.
Musea og biblioteka er òg viktige møtestader og arenaer for kultur. Museumsreforma med konsolidering av kunst- og kulturmuseum i eit nasjonalt museumsnettverk, har ført til ein auke i bruken. Dette vart dokumentert i publikasjonen Lokalt kulturliv i endring frå Norsk Kulturråd.3 Både musea og biblioteka er lågterskeltilbod som når store delar av befolkninga. Satsinga på Den kulturelle skulesekken har også ført til eit meir systematisk arbeid i musea for å utvikle tilbod for barn og unge i skuletida, både på museet og i skulen. Dette har ført til at fleire barn og unge er fortrulege med museet som kulturarena.
Kulturhus er ikkje eit eintydig omgrep, det kan dekkje kultursalar kopla med ulike funksjonar som kino, bibliotek, galleri, omsorgsbygg, grunn- og vidaregåande skular og kulturskular. Operaen i Nordfjordeid er ein kultursal utforma for operaverksemd som er knytt til den vidaregåande skulen. Dette er god utnytting av ressursar til felles beste. Kulisser og kostymer blir til dømes produserte på skulen sine verkstader i samspel med elevar. I Haram kommune ligg kultursal saman med bibliotek, kino, butikkar, ungdomsarena og omsorgsbustader i eit funksjonelt omsorgssenter, noko som gjer at barn, unge og eldre møtest dagleg.
På fleire stader i Noreg inngår nye kulturbygg i stadutviklinga. I Lørenskog har dei skipa eit tydeleg sentrum i kommunen med det nye Lørenskog hus, som inneheld kultursalar, bibliotek og andre sentrale tilbod til innbyggjarane som helsestasjon og andre kommunale tenester. Slike bygg er ofte av høg arkitektonisk kvalitet og er resultat av internasjonale arkitektkonkurransar. Ved å kople kulturtilbod saman med andre kommunale tenester, syter ein for at tilboda blir godt tilgjengelege for mange som ikkje er vane med å oppsøkje kulturtilbod. Litteraturhuset i Oslo har blitt ein viktig kulturarena for hovudstaden. Dette viser at det framleis er trong for offentlege møtestader for debatt og litteraturformidling over heile Noreg. Utfordringa er korleis eksisterande institusjonar og bygg, ikkje minst bibliotek, kan utviklast til slike gode møtestader og kulturarenaer, som er opne for alle og er ei attraktiv og stimulerande ramme for folk.
Kyrkja er både ein mykje brukt kulturarena og aktør i kulturlivet i kommunane. Kyrkja som kulturaktør blir omtala i kapittel 9.
7.3 Turnear og oppsøkjande verksemd
Oppsøkjande verksemd er demokratiserande og gjer offentleg finansierte kulturtilbod meir tilgjengelege for dei som i mindre grad oppsøkjer institusjonane sine eigne arenaer. Mange teater driv oppsøkjande verksemd ved å bringe teatret ut av teaterbygget og vise framsyningar på andre arenaer som barnehagar, skular, eldresenter, bydelskaféar og liknande. Dette kan senke terskelen for å oppleve teaterkunst mellom dei som sjeldan vitjar institusjonane.
Boks 7.1 Teater og orkester ut av huset
Bergen Filharmoniske Orkester arrangerer særskilte studentkonsertar og gratis kammerkonsertar gjennom året i studentane sine eigne lokale. Orkesteret arrangerer også gratis friluftskonsertar på Torvallmenningen.
Trondheim Symfoniorkester tilbyr gratis kammerkonsertar med ulike ensemble frå orkestret i Trondheim Folkebibliotek. Orkestret spelar også på sjukeheimar og aldersheimar.
Gjennom prosjektet Kyrkjelyd har Stavanger Symfoniorkester teke i bruk kyrkjebygga for å presentere klassisk musikk. Orkesteret opplever å nå eit nytt publikum, samstundes som det er etablert ein fleirreligiøs dimensjon med rom for jødiske, muslimske, katolske og ortodokse kulturuttrykk i programmet.
Mindre ensemble frå Stavanger Symfoniorkester har spelt fleire lunsjkonsertar på ulike bedrifter, mellom anna i Rosenberg verfts produksjonshall. Rosenberg verft har eit fleirkulturelt arbeidsmiljø der svært få er kjende med symfonisk musikk.
Rogaland Teater tilbyr såkalla «Take away teater». Teatret tilbyr privatpersonar, bedrifter og organisasjonar å få ei teaterframsyning «heim». Dette er små mobile produksjonar som kan framførast i nær sagt alle type lokale. Spesielt har aldersheimar og aktivitetssentra nytta seg av tilbodet. I 2009 vart ein av produksjonane framført på engelsk for å byggje ned språkbarrieren for eit internasjonalt publikum.
Trøndelag Teater innførte i 2010 eit nytt konsept kalla «ilesesettelse». Som ein del av konseptet vart turnéproduksjonen Geografi og kjærlighet vist på bydelskafear og helse- og velferdssenter i Trondheim. Produksjonen var eit av tilboda i Den kulturelle spaserstokken i Trondheim.
Teatret Vårt har satsa på å nå eldre som ikkje sjølve kan komme til teatret på eiga hand, både gjennom oppsøkjande verksemd på institusjonar og eldresentra og ved transporttiltak til eigne matinéframsyningar på teatret. Teatret håpar å kunne lansere ein eigen tiltaksplan i løpet av våren i samarbeid med generalsponsor Sparebanken Møre.
BIT Teatergarasjen innførte i 2007 eit prøveprosjekt med minifestivalar på Vestlandet i samarbeid med Sparebanken Vest. Siktemålet med prosjektet er mellom anna å skape møte mellom folk flest og kunstnarar frå fleire land, i tillegg til møte mellom BIT Teatergarasjen i Bergen og publikum i heile regionen. Vidare er det eit mål å gi unge og vaksne i vestlandsregionen eit scenekunsttilbod som inneheld både framsyningar og eigenaktivitet, mellom anna i form av verkstader.
7.3.1 Musikk
Gjennom turnéverksemd blir musikk formidla i lokalsamfunna, og samarbeid med lokalt musikkliv og lokale arrangørar er med på å forankre konsertane hos publikum på besøksstadene. Meir fleksible avtaleverk har gjort det enklare å dele opp orkestra i mindre ensemble. Dette gjer det mogleg å presentere fleire produksjonar på same tid, og gjer det enklare å utvikle konsept som er særleg tilpassa spesielle målgrupper og å oppsøkje ulike arenaer. Dette kan til dømes vere i form av gratis lunsjkonsertar i ulike bedrifter, kammerkonsertar i folkebibliotek eller universitetsbibliotek, konsertar på sjukeheimar og aldersheimar eller på læringssentra.
I perioden 2009 til 2011 vart det gjennomført endringar i tariffavtalane i åtte orkester og Den Norske Opera & Ballett med sikte på å oppnå meir fleksibel og variert bruk av dei kunstnarlege ensembla. Dei nye avtalane gir mellom anna fleire moglegheiter for oppdeling av orkestra i mindre ensemble. Endringane vart finansierte ved ein auke i driftstilskota til institusjonane. Kulturdepartementet forventar at institusjonane i åra som kjem tek i bruk dei nye avtalane slik at musikken når ut til fleire enn før. Konsertseriar på arbeidsplassar kan vere eit av fleire tiltak som kan bidra til at orkestra når ut til nye publikumsgrupper. Departementet forventar at institusjonane sett i gang slike tiltak i åra som kjem innanfor ramma av sin programprofil.
7.3.2 Scenekunst
For dei turnerande scenekunstinstitusjonane er det å bringe teatret ut til folk i lokalsamfunna ein viktig del av verksemda. Samarbeid om formidling og marknadsføring med lokale og regionale aktørar er avgjerande. Det blir gjerne brukt mykje tid og ressursar i arbeidet med å profesjonalisere arrangørnettverket og marknadsapparata i kommunane. Nokre institusjonar oppsøkjer også lokale lag, grupper, foreiningar og arbeidsplassar for å forankre teatret hos publikum på besøksstadene og leggje til rette for arrangement i tilknyting til besøket. Det blir gjerne utvikla omfattande formidlingsprogram for kvar turné som kan omfatte førebuande program for skular og introduksjonar, kunstnarmøte, smaksprøver på framsyningane og liknande.
Norsk scenekunstbruk formidlar scenekunstproduksjonar frå frie scenekunstgrupper og er nasjonal aktør for scenekunst i Den kulturelle skulesekken. I 2010 formidla Norsk scenekunstbruk 2 900 framsyningar fordelte på 64 produksjonar for totalt 270 000 personar. Scenekunstbruket stimulerer til formidling av kvalitetsmessig god scenekunst i alle fylka i Noreg, med unntak av Oslo.
7.3.3 Norsk kulturfond
Norsk kulturfond bidreg vesentleg til formidling av eit allsidig musikktilbod og scenekunst over heile landet gjennom ulike typar tilskot. I 2010 vart det til saman formidla meir enn 8 100 konsertar til eit publikum på vel 1,3 millionar i alle fylka i landet. Talet på scenekunstframsyningar som har vorte vist med støtte frå Norsk kulturråd er til saman 4 200. Gjennom ordninga for basisfinansiering av frie scenekunstgrupper blir auka formidling av scenekunst stimulert. Midlane som blir tildelte over ordninga skal gå til utgifter til produksjon, formidling, nettverksbygging og drift. Dei seks scenekunstgruppene som får basisfinansiering, driv ei utstrekt formidlingsverksemd nasjonal og internasjonalt.
7.3.4 Forfattarformidling
Ei omfattande litteraturformidling blir drive av Norsk Forfattersentrum, som arrangerer opplesingar, bokdagar, skrivekurs og anna utoverretta verksemd. Norsk Forfattersentrum har skjønnlitterære forfattarar som medlemmer. Dei formidlar forfattarar til skular, bibliotek, foreiningar og næringsliv, til saman 7 850 oppdrag fordelte på 736 forfattarar i 2010.
Norsk Forfattersentrum driv formidlingsaktiviteten ut frå sine lokalkontor i Tromsø, Trondheim, Bergen, Kristiansand og Oslo. Dei er òg nasjonal aktør for litteraturformidling i Den kulturelle skulesekken, som også omfattar formidling av faglitterære forfattarar.
7.3.5 Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design – avdeling landsdekkjande program
Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design har ansvaret for den landsdekkjande formidlinga av kunst etter at Riksutstillingar vart integrert i museet i 2005. Museets landsdekkjande vandreutstillingar har som overordna mål å auke interessa for kunst, arkitektur og design hos eit breitt publikum ved å skape opplevingar som gir innsikt, som grip og fengjer. Det landsdekkjande programmet rettar seg mot museum, galleri og skular over heile landet. Formidlinga er organisert gjennom dei tre nettverka skulenettverket, gallerinettverket og museumsnettverket. Innanfor desse områda driv museet nettverkssamarbeid, produksjon av utstillingar, turnélegging, formidling og kompetanseoverføring. Vandreutstillingane turnerar til skular gjennom Den kulturelle skulesekken, og til spesialiserte visningsarenaer i gallerinettverket. Til gallerinettverket produserer Nasjonalmuseet utstillingar og formidlingsprogram for turnear i eit nettverk av kunstforeiningar, kunstsenter, kunsthallar, kulturhus, mindre kulturhistoriske museum og universitet og høgskular. Formidlingsmodellen er utforma med tanke på å stimulere kompetansen i kvar region ved at Nasjonalmuseet engasjerer og gir opplæring og løn til regionale formidlarar. Skulenettverket står for produksjon og formidling av utstillingar gjennom Den kulturelle skulesekken, der fylka dekkjer turné og løn til formidlarane.
I 2010 formidla Nasjonalmuseet 22 utstillingar i skulenettverket med 400 turnéstopp og 1 900 omvisingar/verkstader. Utstillingane nådde 53 000 personar.
I 2010 formidla Nasjonalmuseet 11 utstillingar i gallerinettverket med over 50 turnéstopp og 1 350 omvisingar/verkstader. Samla publikumstal var 62 000, 23 000 av desse var barn og unge.
Nasjonalmuseets totale publikumsbesøk i Oslo i 2010 var 573 000.
7.4 Riksinstitusjonane
7.4.1 Riksteatret
Riksteatret viser årleg eit breitt repertoar med 10 – 12 oppsetjingar på 74 faste spelestader over heile landet. Repertoaret omfattar teaterproduksjonar, medrekna figurteater og framsyningar for barn og unge, og danseframsyningar. Dans blir vist på 25 faste spelestader. Riksteatret samarbeider nært med resten av teater-Noreg og presenterer både eigne produksjonar, samarbeidsproduksjonar og produksjonar som er kjøpte inn frå norske og internasjonale teaterinstitusjonar og frie grupper.
I 2010 spelte Riksteatret 465 framsyningar på turné over heile landet, i tillegg til 199 framsyningar/prøveframsyningar i Oslo og 3 framsyningar som gjestespel i Stockholm. Samla publikumsbesøk var 162 000. Riksteatret er eit viktig verkemiddel for å formidle scenekunstinstitusjonanes produksjonar, og teatret skal også i åra framover vidareutvikle strategiar for å styrkje teatersamarbeid i Noreg.
For å nå nye publikumsgrupper satsar Riksteatret på direkte kontakt med både presse, publikum og arrangørar. Riksteatret har i mange å samarbeidd nært med ungdomsskular og vidaregåande skular. Pedagogiske opplegg som kan nyttast som introduksjon til framsyninga, eller til utdjuping etter at elevane har vore i teatret, blir lagt ut på Riksteatrets nettsider. Riksteatret tilbyr også møte med skodespelarar og andre fagpersonar på skulen eller i samband med framsyningane. Teatret ønskjer å tilby elevar og lærarar ei inspirerande teateroppleving som ikkje sluttar i salen.
7.4.2 Rikskonsertane
Rikskonsertane er Noregs største produsent og leverandør av profesjonelle konsertar og engasjerer årleg rundt 800 utøvarar til å gjennomføre i overkant av 10 000 konsertar. Kvart år når Rikskonsertane ut til over ein million tilhøyrarar over heile landet.
Verksemda til Rikskonsertane er dominert av skulekonsertane, som i 2010 hadde heile 9 200 konsertar. Rikskonsertane har i samarbeid med fylkeskommunane ansvaret for skulekonsertordninga for grunnskulen i Den kulturelle skulesekken. Alle kommunane i landet får tilbod om to konsertar i året til sine grunnskuleelevar gjennom denne ordninga. Som ein del av skulekonsertordninga har Rikskonsertane, i samarbeid med Musikk i skulen, gjennomført prosjektet Elevar som arrangørar, der elevane får utvikla og prøvd seg som arrangørar for skulekonserten på eigen skule.
Rikskonsertane tilbyr barnehagekonsertar til eit utval kommunar, og i 2010 vart det gjennomført 650 konsertar for om lag 28 000 barn i ti fylke.
Som produsent og leverandør av offentlege konsertar innan alle sjangrar har Rikskonsertane gitt konsertarrangørar (kulturhus, festivalar og andre større og mindre spelestader) over heile landet høve til å tilby eit variert og godt konserttilbod. I 2010 vart det gjennomført om lag 240 konsertar for 69 000 tilhøyrarar gjennom den offentlege konsertverksemda.
I 2007 starta Rikskonsertane ei treårig satsing på song og vokalkunst, Heile Noreg syng! Dette er eit profil- og utviklingsprosjekt som vart sett i gang for å skape ei sterkare forankring av konsertverksemda i det lokale og regionale musikklivet. I samarbeid med lokale arrangørar og organisasjonar rundt om i landet, vart det arrangert konsertar og songaktivitetar for ulike lokale målgrupper, til dømes kor, i samarbeid med kjende artistar. Prosjektet vart avslutta i juni 2010. Arbeidet med å forankre konsertverksemda i det lokale og regionale musikklivet held fram på bakgrunn av erfaringane som er hausta.
I over 20 år har Rikskonsertane arbeidd med musikalsk mangfald og internasjonalt musikksamarbeid, og forvaltar gjennom Rikskonsertane Utland ei rekkje samarbeidsavtalar med land i Afrika, Midtausten og Asia. Den fleirkulturelle satsinga er i dag del av alle dei tre hovudområda Rikskonsertane verkar på: offentlege konsertar, skulekonsertar og Rikskonsertane Utland.
Rikskonsertane har sidan 1994 arrangert Oslo World Music Festival kvar haust som ein del av den offentlege konsertverksemda. Denne festivalen har etablert seg som ein viktig festival på verdsmusikkområdet og har opplevd auka publikumsoppslutnad. Festivalen har også hausta internasjonal merksemd dei siste åra. Oslo World Music Festival skal vidareførast og styrkjast. Som ledd i omlegginga av den offentlege konsertverksemda vil festivalen bli skild ut frå Rikskonsertane frå 1. januar 2012 og fortset som sjølvstendig stifting.
Barnas Verdensdager er eit gratis familietilbod frå Rikskonsertane, der kulturuttrykk frå mange ulike verdsdelar blir presentert i verkstader, utstillingar, framsyningar og konsertar i tilknyting til Oslo World Music Festival. Rikskonsertane tilbyr òg samarbeid om å arrangere Barnas Verdensdager til lokalmiljø rundt omkring i landet.
7.4.3 Tiltak: omlegging av offentlege konsertar og styrking av tilskotsordningar for arrangørar og musikarar
Føresetnadene for Rikskonsertanes verksemd har endra seg vesentleg sidan etableringa i 1968, og fleire aktørar har peika på at delar av Rikskonsertanes offentlege konsertar opererer i eit felt som allereie er godt dekt. På bakgrunn av dette er det sett i gang ein prosess for å leggje om den offentlege konsertverksemda i si noverande form, frå og med andre halvår 2012.4 Målet med omlegginga er å nå fleire ved å leggje til rette for at musikarar kan turnere i heile landet, styrkje lokale konsertarrangørar og å konsentrere Rikskonsertanes verksemd til mindre stader og mindre arenaer, til dømes arbeidsplassar.
Delar av midlane til offentleg konsertverksemd i Rikskonsertane vil frå andre halvår 2012 bli overførte til tilskotsordningane for arrangørar og musikarar under Norsk kulturråd. Ordningane skal innrettast slik at dei i endå større grad kan sikre god geografisk spreiing og nå ut til fleire desentraliserte konsertarenaer og målgrupper, spesielt ungdom. For å få betre oversikt over resultata av ordningane, vil det i samband med opprettinga av ein søknadsportal i Norsk kulturråd bli utarbeidd eit system for registrering og systematisering av data for tal på konsertar, publikumstal og geografisk spreiing.
For å gi ei betre geografisk spreiing av tildelingane frå arrangørstøtta vil det frå 2012 bli opna for å gi tilskot frå ordninga til enkeltkonsertar og festivalarrangement som ikkje kvalifiserer til støtte frå tilskotsordninga for festivalar. Dermed blir det lagt til rette for å utvikle og byggje opp arrangørmiljø i heile landet og for ulike sjangerområde. Støtte til konsertarrangement utan aldersgrense og utan inntekter frå sal av alkohol skal prioriterast. Tilskotsordninga for musikarar vil samstundes bli utvida frå å omfatte rytmisk musikk til å omfatte alle musikksjangrar. Støtte til turnear med konsertverksemd på mindre stader skal prioriterast.
Delar av midlane som har gått til Rikskonsertanes offentlege konsertar, vil vidare bli omdisponerte til Rikskonsertanes arbeid for å utvikle nye konsertprogram tilpassa mindre stader og andre arenaer, som arbeidsplassar og institusjonar. Gjennom kombinasjonsturnear ønskjer ein å leggje til rette for at Rikskonsertane skal nå fleire, på arenaer der folk er til dagleg.
Skulekonsertturnear er til stades i 99,7 pst. av norske kommunar, og skulekonsertutøvarar er vande med å formidle musikk i eit intimt format. Dette gjer konsertane særs godt eigna til bruk også på andre mindre arenaer. Kombinasjonskonsertar basert på fleirbruk av desse konsertane gjer det mogleg å nå ut til eit større publikum ved at musikarar som allereie turnerer gjennom skulekonsertane, også tilbyr konsertar på arbeidsplassar og andre institusjonar.
Frå hausten 2011 har Rikskonsertane sett i gang eit prøveprosjekt med kombinasjonsturnear innanfor alle sjangrar og i fleire landsdelar. Det er lagt særleg vekt på utvikling av arbeidsplasskonsertar. Prøveprosjektet vil vere eit godt utgangspunkt for vidare utvikling av kombinasjonsturnear i Rikskonsertane.
Gjennom samarbeidsavtalar har Rikskonsertane og fylkeskommunane eit delt ansvar for skulekonsertordninga, høvesvis 40 og 60 pst. Mange av fylkeskommunane har modellar og tiltak som tek opp i seg kombinasjonskonsertar. Koordinering og samarbeid med fylkeskommunane vil vere avgjerande i det vidare arbeidet med utvikling av kombinasjonsturnear i Rikskonsertane.
Rikskonsertanes kombinasjonskonsertar vil inngå som del av Den kulturelle nistepakka, jf. omtale under pkt. 7.5.1.
7.5 Kultur i eit inkluderande arbeidsliv
Det er eit viktig mål for Regjeringa å gi plass til alle som kan og vil arbeide. Dei overordna målsettjingane i avtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv er: «Å forebygge og redusere sykefravær, styrke jobbnærværet og bedre arbeidsmiljøet, samt hindre utstøting og frafall i arbeidslivet»5.
Dei tre delmåla rettar søkjelys mot reduksjon i sjukefråværet, auka sysselsetjing av personar med redusert funksjonsevne og yrkesaktivitet etter fylte 50 år. Arbeidet med eit meir inkluderande arbeidsliv (IA) skjer først og fremst på arbeidsplassen, og hovudaktørane er arbeidsgjevarar og arbeidstakarar. Kultur kan vere eit godt verkemiddel for å skape eit godt arbeidsmiljø og bidra til mindre sjukefråvær og fråfall i arbeidslivet.
I 2009 vart det utbetalt 5 mill. kroner i prosjekttilskot for å fremje auka leselyst i arbeidslivet. Målet var å ta i bruk kulturaktivitetar for å stimulere auka trivsel, auka leselyst og meir lesing blant vaksne i arbeidslivet. Midlane vart gitt som del av ein nasjonal lesepolitikk med sikte på å styrkje lesekompetansen i heile landet. Midlane vart tildelt Næringslivets hovedorganisasjon (NHO), KS som kommunesektorens interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon, HSH og Landsorganisasjonen i Noreg (LO). Prosjektet Arbeidslivets leseløft omfatta aktivitetar som kurs i forteljarteknikk, besøk frå barnebokforfattarar for tilsette i barnehagar og Litteraturfestival for reisande og tilsette på Gardermoen flyplass. Det har vore arrangert over 100 litteraturbesøk i tariffbundne bedrifter og det er oppretta 200 arbeidsplassbibliotek. Framsyninga Men Buicken står her fremdeles har vorte vist på rundt 40 kantiner landet over og omfattar poesi og historier av Lars Saabye Christensen og Tom Stalsberg og musikk av mellom andre Stian Carstensen, Knut Reiersrud og Ola Kvernberg.
I 2010 vart det avsett 5 mill. kroner til forsøk med tilskotsordninga Kultur i inkluderende arbeidsliv. Midlane vart nytta til utprøving av praktiske modellar for kultur i inkluderande arbeidsliv. Målet var å samle erfaringar med korleis kultur kan bidra til IA-måla om gode arbeidsmiljø, meir nærvær, mindre sjukefråvær og mindre fråfall i arbeidslivet. Prosjektmidlar vart tildelte i to rundar. Til saman vart det gitt tilskot på mellom 40 000 og 200 000 kroner til 82 søkjarar. Tiltaka som fekk støtte omfatta kultur innanfor mange ulike sjangrar, mellom anna revy, teater, kunst, opera, kor, musikk, grafikk, fotografi og lyrikk. Dei førebelse resultata tyder på mykje glede under gjennomføring av tiltaka. Tiltaka blir omtalte som ei vitaminsprøyte, eit sjeldant høve til å samle mange tilsette på ein gong, og ei styrking av samkjensla på arbeidsplassen. Det kan tyde på at tiltaka har spelt ei rolle i etablering av sosiale fellesskap, og at desse felles opplevingane har kome arbeidsmiljøet til gode.
I 2011 vart det avsett 5,3 mill. kroner til arbeidet for kultur i inkluderande arbeidsliv. Kulturdepartementet har gitt Arbeidslivets KulturSeilas (AKS) i Vestfold eit tilskot på 2,3 mill. kroner. Det er i tillegg gitt eit tilskot på 1 mill. kroner til kultur i bedrifter som tilbyr varig tilrettelagt arbeid (VTA). Tilskotet skal nyttast til aktivitetar der kunst og kultur inngår som eit stimulerande element i arbeidet med å nå målsetjingane i IA-avtalen om betre arbeidsmiljø og redusert sjukefråvær. Det er også gitt eit tilskot på 2 mill. kroner til Rikskonsertane sitt arbeid med utvikling av kombinasjonskonsertar, jf. omtale over.
Boks 7.2 Arbeidslivets KulturSeilas i Vestfold
Arebeidslivets KulturSeilas (AKS) tilbyr kulturopplevingar innan mange sjangrar til tilsette, både i og utanfor arbeidstida. Vestfold fylkeskommunes modell er forankra i kulturavdelinga i fylkeskommunen og byggjer på samarbeid med bedrifter og partnarar i arbeidslivet og samarbeid med profesjonelle kunst- og kulturinstitusjonar. AKS treff eit nytt publikum og programmet kan bidra til å senke terskelen for å oppsøkje kulturopplevingar på fritida. Næringslivet har vist positiv interesse ved å satse på nærværsarbeid og medvit om verdien av felles opplevingar. Meir innovasjon og verdiskaping kan også vere eit resultat av møtet mellom bedriftene og kunstnarane.
7.5.1 Tiltak: Den kulturelle nistepakka
Kulturdepartementet vil opprette ei ny ordning for kulturformidling, Den kulturelle nistepakka. Målet med Den kulturelle nistepakka er å leggje til rette for at fleire får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod gjennom arbeidsplassen, å bidra til at personar utan ein fast arbeidsplass får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod og å stimulere til at kunst- og kultur i større grad blir innlemma i realisering av mål knytte til eit inkluderande arbeidsliv.
Ein tek sikte på å inkludere arbeidsplassar, frivilligsentralar og offentlege institusjonar til dømes innan helse- og omsorgssektoren og utlendingssektoren. Den kulturelle nistepakka vil byggje på erfaringar frå andre tiltak for kulturformidling i arbeidslivet som Kulturdepartementet har gitt midlar til dei siste åra, jf. kapittel 7.5. Nasjonalbiblioteket og Rikskonsertane vil stå sentralt i arbeidet. Mellom anna vil kombinasjonskonsertane i Rikskonsertane utgjere ein viktig del av Den kulturelle nistepakka, jf. pkt. 7.4.3. Nasjonalbiblioteket kan gjennom samarbeid med alle bibliotek og bruk av utviklingsmidlar stimulere biblioteka til å bli arenaer for kulturformidling, og samarbeide med det lokale arbeids- og næringslivet for å gi eit variert kulturtilbod. Mange bibliotek arbeider aktivt for å utvikle seg til å bli litteraturhus, gjennom å styrkje si verksemd med aktiv litteraturformidling, kultur- og kunsttilbod og arrangement for debatt.
7.6 Formidling og aktivitet i skulen
Engasjement innanfor kunst og kultur i ung alder kan stimulere til seinare interesse for å oppleve og delta i kunst- og kulturlivet. Å sjølv vere skapande i samarbeid med andre kan vere den sterkaste forma for motivasjon. Gjennom dei unges aktivitet møtest også krinsen rundt dei unge: familie, venner og anna nettverk.
Skulen er ein møtestad og arena for alle barn. Eit betre kulturtilbod i skulen bidreg difor til at ein treff alle barn, uavhengig av sosial og kulturell bakgrunn.
Institusjonar innanfor musikk, scenekunst, litteratur, kulturarv, film og det visuelle feltet samarbeider med skulane gjennom Den kulturelle skulesekken, men også utanom denne ordninga. I samband med slikt samarbeid blir det gjerne utvikla pedagogiske program som både inkluderer undervisningsmateriell og skuleaktivitetar. På denne måten kan kulturopplevingar bli ein integrert del av det pedagogiske opplegget i skulen. Nokre institusjonar har tilsett eigne pedagogar eller formidlarar, med særleg ansvar for skulesamarbeid.
Fleire av orkestra tilbyr omfattande formidlingsprogram for skulane i tilknyting til skulekonsertane, og dei store orkestra har gjerne ein eigen orkesterpedagog. For å fremje interessa for musikk, dans og musikkteater blant barn og unge, blir det satsa på produksjonar og særskilte prosjekt som involverer barn og unge direkte i produksjonen, gjerne i samarbeid med skular, kulturskular og utdanningsinstitusjonar.
Enkelte scenekunstinstitusjonar samarbeider direkte med spesielle skular over tid, og ofte er dette skular i område med ein stor del elevar med minoritetsbakgrunn og barn i familiar med låg inntekt. Andre institusjonar har utvikla omfattande formidlingsprogram retta mot skuleverket, gjerne basert på eigendeltaking.
Boks 7.3 Det Norske Teatrets skulesamarbeid
Det Norske Teatret har frå 2008 knytt til seg tre satsingsskular: Holmlia ungdomsskole, Bjørnholt videregående skole og Veitvet skole (1 – 10). I tillegg har teatret frå 2009 eit samarbeid med Oslo musikk- og kulturskole. Målet har vore å skape tettare samarbeid basert på innsikt i teatrets verksemd og kompetanseoverføring frå ulike avdelingar på teatret til skulane sin kulturaktivitet. I tillegg har teatret ein eigen prisstrategi som omfattar både elevar og foreldre.
Ambassadørprogram: Kvart skuleår har teatret ei gruppe på ca 20 teaterambassadørar frå Holmlia skule. Dei får kunnskap om teatret og repertoaret og skal spreie kunnskapen vidare til sine medelevar. Det er lagt opp til fleire aktivitetar slik at dei skal få den nødvendige innsikta. Ambassadørane får besøke teatret, får omvising på huset, informasjon om verksemda og møte med skodespelarar. I tillegg får elevane gratis prøveframsyningar til heile repertoaret og kurs i korleis ein formidlar teater.
Kompetansepluss: Fleire av samarbeidsskulane har eiga kulturverksemd, til dømes skuleteater. Elevane som medverkar i desse framsyningane kan få tilgang til kompetanse og ressursar på Det Norske Teatret etter behov. Målet er å få til fruktbare møte mellom amatørar og profesjonelle og stimulere elvane og skulen til å halde fram med kunstnarlege uttrykk. I 2008 gjesta Veitvet skoles revy Hovudscenen med 350 elevar på og bak scenen og eit heilt nytt publikum i salen.
Familiebonus: Teatret gir elevar frå familiar med låg inntekt anledning til å sjå teater saman med foreldre og sysken gratis eller til sterkt reduserte prisar. Målet er å gjere teater og teaterkulturen tilgjengeleg for grupper som elles ikkje ville funne vegen til eit teater. Alle samarbeidsskulane er representerte på fleire av Det Norske Teatrets årlege premierar.
Teaterverkstad: I Mangfaldsåret 2008 var Jungelboka storsatsinga for ungdom på Det Norske Teatret. Framsyninga vart ein kunstnarleg suksess, samstundes som teatret trefte unge i alderen 11 til 30 år frå heile Oslo. I ein serie teaterverkstader vart tema om mangfald og tru på eigen identitet eit gjennombrot for teatrets arbeid med minoritetsungdom. Verkstaden hadde hovudrolleinnehavar Adil Khan som leiar og trekte fleire hundre ungdommar til teatret frå skular og ungdomsklubbar.
7.6.1 Den kulturelle skulesekken
Den kulturelle skulesekken (DKS) er eit nasjonalt program for formidling av profesjonell kunst og kultur til elevar i grunnskulen og i den vidaregåande skulen. Den kulturelle skulesekken når så å seie alle elevane i grunnskulen gjennom til saman 52 000 enkeltarrangement og 2,8 millionar deltakarar. Alle fylka i landet gir no også tilbod til elevar i vidaregåande opplæring. I skuleåret 2010/2011 deltok 212 000 elevar i vidaregåande skule på til saman 2 500 arrangement i regi av DKS. I løpet av skuleåret 2010/2011 deltok kvar elev i grunnskulen i gjennomsnitt på 4,5 skulesekkarrangement, medan tilsvarande tal for vidaregåande skule var 1,2 gongar per elev. I samband med Den kulturelle skulesekken arbeider nokre fylkeskommunar også med formidling av profesjonell kunst og kultur i fengsel.
Den kulturelle skulesekken omfattar kunst- og kulturuttrykk som musikk, scenekunst, film, litteratur, kulturarv, visuell kunst eller ein kombinasjon av desse. Innanfor alle uttrykka skal elevane få møte fortid og samtid, innan eit kulturelt mangfald, men også forankra i det lokale.6
Den kulturelle skulesekken blir i all hovudsak finansiert av spelemidlar. I 2011 er det fordelt 167 mill. kroner frå spelemidlane til DKS. Av desse går 162,2 mill. kroner til fylkeskommunane og 4,8 mill. kroner til Rikskonsertane. Midlane blir fordelte ved kongelig resolusjon. Midlane til fylkeskommunane blir fordelte etter ein fordelingsnøkkel der variablane elevtal, avstandar og kulturell infrastruktur inngår. Fylkeskommunane har eit særleg ansvar for regional koordinering og skal ha ein politisk handsama plan for arbeidet. Det er stor variasjon i korleis Den kulturelle skulesekken er organisert i ulike fylke og kommunar, og lokal forankring er viktig i ordninga.
Det daglege ansvaret for Den kulturelle skulesekken ligg i sekretariatet i Norsk kulturråd. Sekretariatet har mellom anna ansvar for å følgje opp Kulturdepartementets tildelingar til fylkeskommunane, innhente rapportar og statistikk, drive informasjonsarbeid, drifte nettsider, og organisere møteplassar for aktørar på nasjonalt og regionalt nivå. Det er etablert eit nettverk for nasjonale aktørar i Den kulturelle skulesekken som skal medverke til kvalitetsutvikling. Nettverket er samansett av Rikskonsertane, Norsk scenekunstbruk, Film & Kino, Norsk Forfattersentrum, Norsk kulturråd og Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.
Vurdering
Departementet legg til grunn at Den kulturelle skulesekken skal vidareutviklast for å sikre at alle barn og unge får kulturopplevingar av høg kvalitet. I to stortingsmeldingar er det lagt til grunn at Den kulturelle skulesekken skal vere dynamisk og fleksibel og omfatte alle kunst- og kulturuttrykk. Det er viktig at det skjer eit kontinuerleg kvalitetssikrings- og utviklingsarbeid i Den kulturelle skulesekken, og at ein drøftar og forbetrar eventuelle svake sider ved ordninga. Ordninga skal utviklast gjennom dialog med kulturaktørar, lærarar og elevar.
Den kulturelle skulesekken har medverka til å plassere kunst og kulturfaga i heile opplæringa. Men sjølv om DKS sikrar at institusjonane og andre kulturprodusentar får møte eit yngre publikum utan å vere avhengig av foreldra si interesse, blir det hevda at ordninga ikkje nødvendigvis fører til eit betydeleg større publikumsgrunnlag for institusjonane. Dette er fordi det er mangfaldet av eksponering til profesjonell kunst og kultur, eigenaktivitet og fagleg forankring over lengre tid som avgjer faktorane for meistring og andre kulturgevinstar.7
Likevel er det grunn til å peike på at det å eksponere barn og unge for kulturuttrykk frå tidleg alder, medverkar til å minske ein eventuell framandgjerande effekt av kulturtilbod og kulturinstitusjonar. I lys av arbeidet til Anne Bamford vil denne eksponeringa likevel ikkje vere tilstrekkeleg til å sikre meistringskjensle og måloppnåing hos elevane, med mindre kvar enkelt skule arbeider aktivt med føre- og etterarbeid og sameinar desse tilboda med læring i dei estetiske faga og i dei andre faga i skulen. Bamford hevdar at Den kulturelle skulesekken i samspel med god undervisning i desse faga frå fagleg dyktige lærarar og partnarskapsavtalar mellom kulturtilbydarane og skulane, vil vere avgjerande for å realisere det fulle potensialet som ordninga opnar for. Dette inneber at sjølv om DKS-ordninga i seg sjølv sameinar kultur og utdanning, vil det vere mogleg å vidareutvikle kontakt og samarbeid på institusjons- og skulenivå.
7.6.2 Tiltak: styrkje Den kulturelle skulesekken for elevar med nedsett funksjonsevne
Det er eit overordna mål å sikre at personar med nedsett funksjonsevne skal ha same tilgang og høve til deltaking i kulturlivet som folk elles, både som publikum og som aktive deltakarar. For å nå denne målsetjinga er det viktig at alle nivå – både fylkeskommunar, kommunar og kvar einskild skule – er medvitne om at menneske har ulike føresetnader og ulike behov. Dette skal kome fram i både planlegging, utforming og gjennomføring av Den kulturelle skulesekken. Alle aktørar som er med på å forme tilbodet i DKS må vere med å vurdere korleis ordninga kan tilpassast ei samansett elevgruppe med ulike behov.
Evalueringa av Den kulturelle skulesekken frå 2006 syner at det blir reflektert lite rundt elevar med funksjonsnedsetting eller funksjonshemming. Men i dei siste åra har fylkeskommunane og kommunane rapportert på om dei har tiltak for å sikre tilgang for elevar med spesielle behov, tiltak for å framheve og sikre eit kulturelt mangfald, og tiltak innanfor samisk kunst og kultur. 12 av 19 fylke og 299 av 430 kommunar har særskilte tiltak for å sikre tilgang for elevar med spesielle behov. 16 fylke og 277 kommunar har tiltak for å framheve og sikre kulturelt mangfald, og 9 fylke og 77 kommunar har tilbod innanfor samisk kunst og kultur. Kommentarane som følgjer svara viser at nokre arbeider medvite for å lage tiltak som er særleg tilpassa målgruppene, og samarbeider med aktørar og organisasjonar som har meir kompetanse på områda. Men det er også svar som framhevar at tiltaka i DKS er for alle elevane, og at det er skulane som har ansvar for tilrettelegging for elevane.
I tildelingsbreva til fylkeskommunane om Den kulturelle skulesekken vil departementet oppmode fylka om å vurdere korleis utforminga og gjennomføringa av DKS kan tilpassast ei samansett elevgruppe med ulike behov, også medrekna elevar med nedsett funksjonsevne.
7.6.3 Kulturskular
Noreg er åleine i Norden om å ha eit lovfesta krav om kulturskule i alle kommunar. Fram til 2004 var kulturskulen finansiert gjennom øyremerka tilskot. Tal frå KOSTRA viser at kommunane i 2010 reelt brukte om lag 280 mill. kroner meir på dei kommunale musikk- og kulturskulane enn i 2003, året før tilskotet blei innlemma i rammetilskotet. Korrigerte brutto driftsutgifter til kommunale musikk- og kulturskular var i 2003 på om lag 923 mill. kroner. I 2010-kroner utgjer dette om lag 1,2 mrd. kroner. Korrigerte brutto driftsutgifter til kommunale musikk- og kulturskular i 2010 var på nær 1,5 mrd. kroner. Det har vore ein jamn auke i talet på elevar og elevplassar i kulturskulane dei siste åra. Oversikta under viser utviklinga sidan 2006, basert på GSI-tal.
Tabell 7.1 Talet på elevar i kulturskulane 2006 – 2011
År | Sum elevar | Sum elevar på venteliste1 | Sum elevplassar2 | Sum venteliste elevplassar3 |
---|---|---|---|---|
2010 – 11 | 109 375 | 27 906 | 122 501 | 43 550 |
2009 – 10 | 109 323 | 27 099 | 122 762 | 40 149 |
2008 – 09 | 109 150 | 24 670 | 123 355 | 34 637 |
2007 – 08 | 107 350 | 22 650 | 121 837 | 29 762 |
2006 – 07 | 105 383 | 23 146 | 116 456 | 29 810 |
1 Elevar som har søkt om plass ved skulen, men som skulen ikkje har kapasitet til å gi undervisning.
2 Talet på plasser fordelt på ulike kategoriar tilbod (musikkundervisning, dans, osv.)
3 Talet på søkjarar til ein elevplass, der skulen ikkje har kapasitet til å tilby den ønska elevplassen. I tillegg til søkjarar til skulen som ikkje har fått nokon elevplass (tilsvarande sum elevar på venteliste), skal elevar som mottek undervisning ved skulen, men som ønskjer eit anna tilbod, førast her.
Kulturskulane er eigd og drivne av kommunane, og kommunane avgjer sjølv innhald og omfang av tilbodet i sine skular. Regjeringa har vidareført rammefinansieringa av kulturskulen og har ikkje foreslått noko meir detaljert lovregulering av kulturskuletilbodet. Det er ikkje lovheimel for å gi forskrift om til dømes innhald og omfang for kulturskulen.
Sidan 2010 er det årleg løyvd 40 mill. kroner gjennom Kulturløftet II til modell- og utviklingsprosjekt i skulen, SFO og kulturskulen. Til saman har over 400 prosjekt mottatt stønad. Dette syner at det er ei stor interesse og eit stort potensial for å drive utviklingsprosjekt knytt til kulturskular og kulturskuleaktivitetar i skulen.
I desember 2009 oppnemnde Kunnskapsdepartementet eit utval (kulturskuleutvalet) som fekk i oppgåve å sjå nærare på kulturskuletilboda i landets kommunar i høve til kvalitet, pris og tilgang. Utvalet skulle òg vurdere mogleg samarbeid mellom kulturskulen, grunnskulen og SFO, samt kome med framlegg til korleis kulturskuleaktivitetar og andre kulturaktivitetar kan integrerast betre i skulekvardagen.
Utvalet peika mellom anna på at den faglege og pedagogiske kompetansen til kulturskulelærarane er avgjerande for kvaliteten ved kulturskulane, og at utdanningsinstitusjonane har eit ansvar for dette. Kulturskuleundersøkinga 2010, som vart gjennomført av utvalet, viste at 72,9 pst. av kulturskulane har eit samarbeid med grunnskulen i dag, medan 10,7 pst. har eit samarbeid med SFO. Dette tyder på at det er ein viss grad av samarbeid i dag, medan vi veit mindre om kva slags type samarbeid dette er og kor stort det reelle omfanget er. Utvalet meinte at den største utfordringa er mangelen på kombinerte stillingar som kan medverke til samarbeid mellom kunstfagleg opplæring i grunnskule, SFO, kulturskule, frivillige lag/foreiningar med fleire. Av den grunn meinte Kulturskuleutvalet at det burde vore lagt betre til rette for kombinerte stillingar i kulturskulen i samarbeid med skuleverket. Mange av høyringssvara frå kommunane til rapporten framheva at dei ønskjer fleire kombinerte stillingar. Særleg gjeld dette små og mellomstore kommunar. Desse kommunane ser dette som ei moglegheit til å skaffe seg fleire kompetente fagfolk inn i skule og kulturskule.
Vurderingar
I regjeringas kulturpoliske plattform, Kulturløftet II, er eit av måla at alle barn som ønskjer det skal få eit kulturskuletilbod av god kvalitet til ein god pris. Vidare står det i Soria Moria-erklæringa II at det skal innførast ein gratis time SFO kvar dag for å leggje til rette for leksehjelp, fysisk aktivitet og mogleg samarbeid med kulturskulen.
Sjølv om det har vore ei jamn auke i talet på elevar og elevplassar i kulturskulane sidan 2006, er det mange stader lang ventetid. Regjeringa følgjer utviklinga over elevplassar og talet på elevar på venteliste. Det er samstundes viktig å vere merksam på at det finst mange private kulturtiltak som også tilbyr aktivitetar til barn og unge. Ventelister er ikkje alltid ein god indikator på om kulturskuletilbodet held god nok kvalitet. Lange ventelister kan tyde på at tilbodet er populært og godt, og at etterspurnaden er høg som følgje av dette. Det er viktig at kommunane sikrar eit grunnleggjande godt kulturskuletilbod som gjer at barn med ulike talent og interesser for kultur kan få opplæring utan å måtte vente for lenge på plass.
Det er òg dokumentert at det er sosiale skilnader i rekrutteringa til kulturskulen, med ei klar overvekt av barn av foreldre med høg utdanning.8 Variasjon mellom kommunane og det at deltaking heng saman med familiebakgrunn i så sterk grad, gjer at mange barn ikkje får tilgang til kulturskulen. Det har ikkje vore dramatiske endringar i skulepengesatsane dei siste åra, etter den betydelege auken som fann stad då det øyremerka tilskotet vart innlemma i rammetilskotet. Snittet av høgste skulepengesats i kommunane per elevplass for heile skuleåret ligg på rundt 2000 kroner.
Det finst i dag mange tilbod både innanfor og utanfor skulen som er med på å gi barn og unge opplevingar av – og opplæring i – kunst og kultur. Kunnskapsdepartementet er oppteke av å få etablert eit betre samspel mellom dei mange aktivitetane, både for å styrkje kvaliteten på tilboda og for meir effektiv utnytting av den faglege kompetansen både i opplæringa og i kulturskulen.
Eit godt samarbeid mellom skule, SFO, kulturskule og Den kulturelle skulesekken vil kunne bidra til å gi elevane betre moglegheiter til å lukkast med skulefagas allsidige føremål. Det kjem stadig fleire haldepunkt for å seie at godt arbeid med kunst og kultur i opplæringa bidreg til god læring og eit godt læringsmiljø. Opplæring i kunst og kultur står sentralt i utviklinga av den kulturelle allmenndanninga. Det er med på å danne grunnlag for barn og unges val og evne til å kommunisere tankar og idear, livssyn, makt og tilhøyrsle, opplevingar og kreativitet.
7.6.4 Tiltak: setje i gang ei prøveordning med kulturskuletilbod på barnetrinnet
I budsjettet for 2012 har regjeringa foreslått å vidareføre 40 mill. kroner i stimuleringsmidlar til kulturskule frå Kulturløftet II. Samstundes vil ein innrette midlane endå tydelegare mot føremålet om styrkt samarbeid mellom kulturskule og grunnskule/SFO. Hovuddelen av midlane vil i 2012 gå til prosjekt med kombinerte stillingar i kulturskule og skule/SFO. Dette er òg i tråd med Kulturskuleutvalets tilrådingar om å leggje betre til rette for kombinerte stillingar i kulturskulen i samarbeid med skuleverket, og at heile opplæringsløpet blir sett i samanheng. Vidare vil eit utval av prosjekt som allereie har fått støtte dei to siste åra, og som er spesielt gode, bli vidareført i 2012. Alle midlane skal framleis vere søknadsbaserte. Bruken av midlane skal evaluerast.
Frå hausten 2013 vil regjeringa setje i gang ei prøveordning med kulturskuletilbod på barnetrinnet i eit utval kommunar. Ein del av dei 40 mill. kronene i stimuleringsmidlar frå Kulturløftet II vil setjast av til prøveordninga. Føremålet med prøveordninga er å sjå om det å bruke skulen som arena for eit gratis kulturtilbod skaper eit meir inkluderande tilbod enn dagens kulturskule. Kulturskuletilbodet skal vere eit gratis, frivillig tilbod for elevane. Det vil vere opp til kvar kommune som deltek i prøveordninga om tilbodet skal organiserast i samband med SFO eller ikkje. Prøveordninga skal evaluerast.
7.7 Den kulturelle spaserstokken
Den kulturelle spaserstokken er ei oppfølging av St.meld. nr. 25 (2005 – 2006) Mestring, muligheter og mening. Framtidas omsorgsutfordringer frå Helse- og omsorgsdepartementet. Gjennom ordninga skal eldre få eit kulturtilbod som held høg, profesjonell kulturfagleg kvalitet. Gjennom samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren skal det leggjast til rette for og utviklast gode kunst- og kulturprosjekt for eldre innanfor eit mangfald av sjangrar og uttrykk. Midlane skal nyttast til profesjonell kunst- og kulturformidling etter modell frå Den kulturelle skulesekken.
Det er kommunane som kan søkje om midlar frå Den kulturelle spaserstokken. Kulturdepartementet administrerer ordninga. I 2011 søkte 287 kommunar om midlar frå Den kulturelle spaserstokken. Nær alle kommunane fekk tilsegn om stønad. Kommunane er spreidd over heile landet.
Sidan spaserstokken vart etablert i 2007, har løyvingane auka frå 10 mill. kroner til 29,7 mill. kroner i 2012. Ordninga er eit samarbeid mellom Helse- og omsorgsdepartementet og Kulturdepartementet. Midlane til ordninga går i like delar over dei to departementa sine budsjett.
7.8 Digital tilgjengeleggjering, formidling og brukarmedverknad
Digital teknologi kan medverke til å minske dei fysiske og geografiske barrierane for tilgang til kulturtilbod. Gjennom Internett og nye multimediale teknologiar er det mogleg å skape nye uttrykk og opplevingar, gi utvida tilgjenge til kunst og kultur, formidle innhald på nye måtar, etablere nye møteplassar og leggje til rette for dialog med publikum. Samstundes kan nye mobile plattformer gi oss tilgang til kunst- og kulturopplevingar over alt og til alle tider. Den sterke auken i utviklinga og bruk av sosiale medium har stor verknad på samfunnslivet. Dette gjeld ikkje minst måtane vi samhandlar på, både privat og elles. Denne utviklinga må også kulturlivet ta aktivt del i.
Boks 7.4 Digitalt samspel
På kulturfeltet skjer det digitale samspelet mellom:
brukarar, publikum
det kulturelle innhaldet/uttrykket
dei profesjonelle aktørane (kunstnarar, kuratorar, kritikarar og forskarar)
institusjonane (arkiv, bibliotek, museum, galleri og andre kunstinstitusjonar)
kommersielle aktørar
Når kulturuttrykk blir flytta over til digitale format, blir digital kompetanse i større grad ein føresetnad for godt tilgjenge til kultur. Det betyr at samstundes som den digitale teknologien kan gjere kulturtilboda lettare tilgjengeleg, kan han òg utgjere ein barriere i seg sjølv. I 2008 var det vel en firedel av befolkninga i Noreg som ikkje hadde tilstrekkelege kunnskapar til å nytte seg av digital teknologi.9 Etter kvart som stadig større deler av befolkninga må kunne kallast digitalt innfødde, blir det digitale skiljet bygd ned.
Bruk av digital teknologi kan òg bli hindra av prisane på produkta. Kostnadene ved kjøp av ulike mobile plattformer som til dømes smarttelefonar, nettbrett og lesebrett, kan framleis reknast som store for mange, kanskje særskilt for barn, unge og eldre.
No er det vel snarare slik at digitale tilbod kjem i tillegg til dei opphavlege måtane kulturmaterialet blir presentert på. For kulturinstitusjonane er det eit pålegg at dei digitale tenestene som blir produserte, skal vere tilgjengelege for alle, jamfør lov om forbod mot diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne § 11 om plikt til universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Ein skal òg vere merksam på at for mange, til dømes eldre, vil det vere naudsynt med tilrettelagt utstyr og tilbod om opplæring for å kunne ta i bruk digitale tenester.
7.8.1 Tilgang og formidling
Utviklinga av den elektroniske informasjons- og kommunikasjonsteknologien skjer i eit mangfaldig samspel med heile samfunnet.
Som understreka i St.meld. nr. 24 (2008 – 2009) Nasjonal strategi for digital bevaring og formidling av kulturarv, er samlingane i kulturarvsinstitusjonane ein vesentleg ressurs for forsking, undervisning og kultur- og samfunnsutvikling. Visjonen for regjeringa sin IKT-politikk på kulturfeltet er å gjere mest mogleg av samlingane i arkiv, bibliotek og museum tilgjengelege for flest mogleg ved bruk av framtidsretta bruk av IK-teknologiske løysingar. Samlingane skal vere søkbare og tilgjengelege, og innhaldet skal formidlast på ein brukarorientert måte. Bruk av digital teknologi som eit målretta instrument for å gjere kulturarvsmateriale lettare og betre tilgjengeleg for innbyggjarane, vil gjere sitt for å nå målet om at alle innbyggjarane skal ha lett tilgang til relevant og nødvendig informasjon i alle samanhengar.
Å gjere kulturarvsmaterialet tilgjengeleg på nett inneber også at institusjonane involverer seg i ei utvikling som er stikk motsett den tradisjonelt bygningsorienterte forvaltninga og bruken av samlingane. Tidlegare måtte folk gå inn i kulturbygningane for å få tilgjenge til samlingane. Første generasjons elektroniske tilgjengeleggjering av samlingane gjennom verdsveven, bidreg riktig nok til oppheving av geografisk tilknyting, men enno må publikum oppsøkje spesifikke nettstader. Den vidare utviklinga av vevteknologien gir nye moglegheiter og stiller samstundes nye krav til kulturinstitusjonanes tilrettelegging av digitale tilbod. Kunst- og kulturinstitusjonar i Noreg er i all hovudsak offentleg finansierte og samlingane blir forvalta på vegner av oss alle. Ved å opne tilgangen til dei digitale samlingane i allmenne format, blir det òg opna for at andre enn institusjonane kan utvikle innhald og innhaldsfunksjonar (mellom anna applikasjonar). Dette vil skape ny verdiauke og leggje til rette for innovativ bruk, både ved at materialet blir delt i sosiale fora, og ved at kommersielle og andre internettaktørar kan setje saman materiale frå fleire kjelder til nye tenester. Institusjonane seier frå seg den tradisjonelle kontrollen med bruk og formidling av materialet, men samfunnet får attende eit kreativt meirverd ingen institusjon åleine kan makte. Regjeringas politikk for tilgang til offentlege data er tufta på brukaranes behov, og skal leggje til rette for ei slik utvikling.
Utviklinga frå statisk dokumentvev via sosiale medium og kjeldemyldring til semantisk vev, medfører behov for opne, eintydig identifiserbare, lenkja data tilknytte metadata i standard format. Regjeringa legg til grunn at offentlege verksemder gjer data tilgjengelege i maskinlesbare format i samsvar med etablerte standardar. Dette kravet blir følgt opp gjennom Kulturdepartementets styringsdialog med institusjonane på kulturfeltet.
Offentleg finansierte institusjonar eig og forvaltar store samlingar av kunst og kultur. For at mest mogleg materiale skal bli tilgjengeleg er det sjølvsagt viktig at institusjonane ikkje set grenser for tilgangen til verk som har falle i det fri. Ein del materiale er det knytt rettar til og dette kan ikkje publiserast på nettet utan løyve. For at ein digital kulturallmenning ikkje berre skal innehalde eldre materiale som har falle i det fri, må det finnast løysingar på spørsmål knytte til bruk og vidarebruk av materiale som framleis er verna. Ei slik løysing kan til dømes vere å inngå kollektive avtalar.
Sidan 1990-talet har utviklinga av digital teknologi hatt innverknad på kultursektorens forvaltnings-, publikums-, og formidlingsarbeid. Mange kulturinstitusjonar har dei siste åra nytta digital teknologi for å formidle innhald og tilbod på nye måtar. Nedanfor vil vi presentere nokre døme på slik formidling i kultursektoren i dag.
Digitale bibliotektenester
Bibliotekmeldinga10 løftar fram digital kompetanseheving i folkebibliotek som ei særs viktig satsing. For mange menneske kan digitale tenester vere ein enklare inngang til kultur og litteratur enn tradisjonelle medium. Biblioteka har lenge vore ein arena der ein kan tileigne seg digital kompetanse – gjennom datakurs, seniorklubbar eller anna rettleiing. Erfaring frå fleire prosjekt syner at biblioteket møter eit behov hos mange menneske når dei tilbyr dataopplæring.
Boks 7.5 Kultur- og naturreise
Kultur- og naturreise er eit felles prosjekt mellom Riksantikvaren, Norsk kulturråd, Statens kartverk og Direktoratet for naturforvaltning. Målet er å kople saman data i nasjonale fellestenester og statlege institusjonar slik at kulturarv og naturfenomen frå heile landet kan formidlast gjennom både mobile og stadbaserte tenester. Målgruppene er reisande med tog, buss, båt, bil, gåande i natur og utmark, eller dei som ruslar i byar eller tettstader. Ein viktig del av prosjektet er å kartleggje dei ulike målgruppene sine behov og prøve ut innhald i ulike kanalar som smarttelefonar, nettbrett og GPS-mottakarar.
Korleis folkebiblioteka kan vere aktørar i arbeidet for digital inkludering er eit aktuelt spørsmål også elles i Europa. Det blir sett på korleis biblioteka kan bidra til å byggje ned digitale skiljeliner, korleis dei kan auke tilgjenget til tenester og informasjon og korleis dei kan støtte program for digital kompetanse. I dei andre nordiske landa er biblioteka si rolle i digital inkludering sett meir i system enn i Noreg. Ein bør sjå på korleis dette kan systematiserast også i Noreg.
Nasjonalbiblioteket har som mål å digitalisere heile samlinga si. Digitaliseringsprogrammet deira vil på sikt gi større tilgjenge til endå fleire grupper, til dømes dei synshemma. Gjennom Bokhylla.no og digital avisteneste blir stadig større delar av samlinga tilgjengeleg på ulike digitale flater. Bokhylla.no inneheld over 48 000 bøker med opphavsrett i fulltekst, i tillegg til bøker som er falle i det fri. Bøkene er frå periodeane 1690 – 1700, 1790 – 1800 og 1990 – 2000. Nasjonalbiblioteket har inngått ei avtale med Kopinor om godtgjersle for dei verka som ikkje har falle i det fri. Bøker som ikkje er rettighetsbelagde, kan brukarane fritt laste ned til eiga maskin. Bokhylla.no er under evaluering i 2011.
Gjennom det tettare sambandet som no er oppretta mellom Nasjonalbiblioteket og folkebiblioteka, ligg forholda til rette for å utvikle biblioteka som stader for digital kultur og læring. Nasjonalbiblioteket vil utvikle den digitale infrastrukturen som folkebiblioteka kan ta del i, og som også vil omfatte digitalt innhald. Folkebiblioteka vil kunne tilby rettleiing i bruken av dette innhaldet og i andre digitale tenester. Slik kan nye grupper stimulerast til lesing og kulturell aktivitet gjennom møte med digitalt innhald.
Gjennom gode læringstilbod kjem nye brukargrupper til biblioteket. Ved å utvikle biblioteket ikkje berre som kulturarena men òg som læringsarena med låg terskel for ulike målgrupper, oppnår ein at grupper som nyttar biblioteket i sistnemnde funksjon også får tilgjenge til kultur.
Fleire bibliotek har dei siste åra inkorporert spel i samlingane sine. I St.meld. nr. 14 (2007 – 2008) Dataspel slo departementet fast at ein ville greie ut ei innkjøps- og utlånsordning for norske dataspel i regi av folkebiblioteka. I 2009 vart det som ei prøveordning sendt ut 18 norskproduserte spel til 75 norske bibliotek, og i statsbudsjettet for 2011 vart det løyvd 2 mill. kroner til ei innkjøpsordning. Nasjonalbiblioteket har fått i oppgåve å greie ut korleis ordninga skal bli utforma.
Speltilbodet styrkjer biblioteka som sosial arena og møtestad i lokalsamfunnet, samstundes som det gir alle tilgjenge og høve til å lære seg og forstå dataspel. Nye spel og konsollar er dyre og biblioteket vil for mange vere den moglegheita dei har til å prøve spel. Det blir rapportert om svært høg bruk av tilbodet blant unge gutar med ikkje-vestleg bakgrunn. Dei to siste åra har det vore arrangert både nasjonale og nordiske speldagar i biblioteka. I samanheng med speltilbodet har biblioteka etablert samarbeid med både ungdomsklubbar og utekontaktar. Fleire bibliotek har òg starta med speltilbod for eldre. Drammensbiblioteket har i 2011 starta eit prosjekt der målet er å lage ein modell for eit nasjonalt bibliotektilbod for eldre med demens. Prosjektet skal bidra til betre livskvalitet og helse, og til å byggje bruer mellom generasjonar ved bruk av spelteknologi. Ved Bjørndal vidaregåande skule i Oslo har Deichmanske bibliotek sett i gang eit prosjekt kor elevane som ein del av sine læreplanar har ansvar for å kurse og hjelpe lokale pensjonistar i bruken av datamaskin, iPad og lesebrett.
Formidling og distribusjon av litteratur
Framvoksteren av digitale media for spreiing av bøker, tidsskrift og månads- og vekeaviser må sjåast som ei moglegheit for å nå ut til eit større publikum. Digital tilgang til litteratur, når denne distribusjonsmåten blir allment utbreidd, vil vere uavhengig av kvar lesaren, eventuelt lånaren, oppheld seg geografisk, så sant dei har tilgang til Internett.
E-bøkene vil òg stille nye krav til distribusjon og formidling. Når e-bøkene blir formidla i form av bilete og omslag på ein nettportal, må innhaldet formidlast på ein aktiv måte. Nasjonalbiblioteket og Norsk kulturråd samarbeider om løysingar for betre distribusjon av både elektroniske og papirbaserte bøker, og korleis desse kan formidlast til nye lesargrupper.
Ei anna viktig utfordring på litteraturfeltet i overgangen til elektronisk publisering er distribusjon til og utlån i biblioteka. Innkjøpsordningane for litteratur er eksemplarbaserte. Det vil seie at Norsk kulturråd kjøper inn eit visst tal eksemplar av bøker innanfor ulike sjangrar. Lånarane kan låne boka elektronisk gjennom biblioteka sine nett-tenester, men for å ivareta forfattarane sine rettar blir elektronisk utlån gjort likt med fysisk utlån. E-boka sluttar å verke når lånetida er omme, og kvart eksemplar kan berre lånast ut til ein lånar i gongen.
Digitale arkiv
Arkivverket sitt viktigaste verkemiddel for å bringe arkiva ut til folk flest er å gjere arkivmaterialet digitalt tilgjengeleg. Dei vel ut for digitalisering det arkivmaterialet som anten er mest brukt eller som dei trur har størst bruksverdi. Dette har resultert i at det særleg er materiale knytt til befolkningshistorie og eigedomsrett som ligg ute på arkivverket sin nettstad. Til no er om lag 34 millionar dokumentsider lagde ut på kjeldenettstaden digitalarkivet.no. Dette er likevel berre 2 pst. av etaten sitt arkivmateriale. Det digitaliserte materialet blir møtt med stor interesse. I 2010 opna brukarane til saman 171 millionar sider med digitalt materiale. I snitt var det i 2010 om lag 6 300 unike brukarar innom Digitalarkivet kvar dag.
Arkivverket ønskjer å utvikle tilbodet med digitalisert kjeldemateriale i eit samarbeid med brukarane. Dei samarbeider med privatpersonar, lag og institusjonar som ønskjer å gjere eigne avskrifter og registreringar av kjeldemateriale tilgjengeleg på Digitalarkivet gjennom «gjesteportalen» Digitalpensjonatet.
Arkivmateriale som ikkje er digitalisert, kan ein finne i nettbaserte katalogar. Den sektorovergripande Arkivportalen opna i mai 2009 og gir no tilbod om søking etter arkivmateriale frå 25 statlege, kommunale og private arkivinstitusjonar. Det er eit mål at heile Arkivverkets bestand skal leggjast inn i Arkivportalen i løpet av nokre år. Arkivportalen er lagd til rette for at innhaldet skal kunne fangast opp av generelle søkjemotorar.
For å formidle innhaldet i arkiva produserer Arkivverket også nettutstillingar og presentasjonar. På nettstaden kildenett.org har Riksarkivet laga pedagogiske studieopplegg om fire ulike tema frå den andre verdskrigen: Krigen kjem til Noreg, Kvardagslivet under okkupasjonen, Kongens nei og Jødane i Noreg. Her får elevar og lærarar høve til å arbeide med primærkjelder, og det er lagt stor vekt på forskingsmetodar og kjeldekritikk. Statsarkivet i Trondheim har på si side vore med på å byggje opp nettstaden kildenett.no for ungdoms- og vidaregåande skule i Trøndelag. Der finst det om lag 500 dokument og digitale kopiar av fotografi, gjenstandar, aviser og bøker som ein kan bruke om ein vil forske i Trøndelags historie. På nettstaden er det også oppgåver for skuleelevar, knytt til læreplanane.
Stortingsarkivet er i gang med å digitalisere stortingsforhandlingane og vil vere ferdig med det våren 2013. Prosjektet blir utført i samarbeid med Nasjonalbiblioteket. Stortingsarkivet har òg planar om å digitalisere materiale knytt til jubileet i 2014.
Digitalt Museum og Digitalt fortalt
Digitalt Museum (www.digitaltmuseum.no) opna i juni 2009 og omfattar i dag om lag halvparten av dei 70 musea i det nasjonale museumsnettverket. I februar 2011 vart Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design med som første kunstmuseum. Målet med Digitalt Museum er at musea sine samlingar skal vere lett tilgjengelege for alle interesserte, uavhengig av tid og stad. Håpet er at samlingane enklare skal kunne nyttast til studiar, undervisning og generelt informasjonssøk.
Per i dag er over 800 000 gjenstandar registrerte i Digitalt Museum. Det er mogleg å søkje etter bilete, kunst, gjenstandar og bygningar på nettstaden. På sikt skal ein òg kunne søkje i andre delar av samlingane, som film- og lydopptak.
I det vidare arbeidet med Digitalt Museum vil det bli satsa på å standardisere og effektivisere digitaliseringsarbeidet i musea, med å samordne typenamn og klassifikasjon, og med å utbetre både registreringsverktøy og publiseringsløysing slik at den digitale samlingsforvaltinga blir meir effektiv og framvisinga endå meir publikumsvenleg.
Digitalt fortalt (www.digitaltfortalt.no) er ei interaktiv formidlingsteneste for digitale forteljingar. Tenesta er opa for alle, både institusjonar og privatpersonar, og brukarane kan kommentere og utfylle kvarandre sine forteljingar. Nettstaden høver godt i formidlingsarbeid retta mot alle aldersgrupper. I arbeidet med digitale forteljingar og Digitalt fortalt har Norsk kulturråd etablert samarbeid mellom institusjonar og skular, og samarbeid med lærarutdanning og høgskulemiljø.
Det blir no arbeidd med å kople Digitalt fortalt saman med Digitalt Museum, Arkivportalen, Wikipedia, Europeana, Lokalhistoriewiki og andre fagløysingar.
Det er Norsk lokalhistorisk institutt som driv nettstaden lokalhistoriewiki.no. Nettstaden inneheld lokalhistorierelaterte artiklar og bilete. Bidragsytarar er fagfolk og frivillige med interesse og kunnskap innan historie og lokalhistorie.
Digital formidling av musikk- og scenekunst
Digital teknologi opnar for nye måtar å formidle levande kulturuttrykk innanfor musikk og scenekunst. Overføring ved bruk av digital IK-teknologi kan ikkje erstatte den levande formidlinga og møtet mellom scene og sal. Likevel kan denne typen distribusjon medverke til at utvalde framsyningar blir betre kjende og lettare tilgjengelege for større og nye publikumsgrupper. Digital formidling kan òg gi eit tilbod til folk som ikkje kan oppsøkje institusjonane, på grunn av avstand, alder/sjukdom eller økonomi.
Ny teknologi har opna for direkte digital distribusjon av framsyningar og konsertar via satellitt, kabel, bakkenett og breiband. Digital distribusjon kan skje gjennom radio, fjernsyn, kinovising, storskjermvising og ulike nettplattformer. Internasjonalt har fleire store musikk- og scenekunstinstitusjonar nytta dei nye distribusjonskanalane, slik som Metropolitan Opera i New York, Berliner Philharmoniker, National Theatre i London, Dramaten i Stockholm m.fl.
Tal frå Norsk Teater- og Orkesterforening syner at i perioden 2006 – 2010 vart det gjennomført mellom 66 og 80 transmisjonar i orkestra kvart år. I same periode har dei største norske scenekunstinstitusjonane hatt mellom 2 og 9 transmisjonar kvart år. Statistikken viser at det i liten grad blir formidla framsyningar frå institusjonsteatra til norske fjernsynssjåarar.
Institusjonane skal leggje vinn på å nå ut til eit størst mogleg publikum, og det er ønskjeleg med fleire opptak for fleire institusjonar. Departementet føreset difor at institusjonane medverkar til at oppsetjingar blir transmitterte for vising på fjernsyn, jf. omtale i St.meld. nr. 32 (2007 – 2008) Bak kulissene. NRK skal leggje til rette for opptak og transmisjon av norske scenekunstframsyningar.
Nokre av dei store institusjonane i Noreg, mellom anna Oslo-Filharmonien, Den Norske Opera & Ballett og Nationaltheatret, har undersøkt erfaringane frå andre land for å finne ut kva som skal til for at ein kan prøve ut digital distribusjon av utvalde framsyningar og konsertar i Noreg. Som eit resultat av ekstraordinære lønsforhandlingar dei siste åra har orkestra og Den Norske Opera & Ballett fått utøverrettane overførte til seg. Det er difor no lagt betre til rette for transmisjonar, CD-innspelingar og digital distribusjon for desse institusjonane. Det er så langt ikkje funne tilsvarande løysingar for scenekunstinstitusjonane. Det er teke initiativ til eit prøveprosjekt med direkte overføringar av opera, teater og ulike konsertar til kinoar over heile landet i 2012. Ei rekkje kinoar har sagt seg interesserte i å delta i prøveprosjektet. Det er viktig å vinne erfaringer på dette området, og regjeringa vil difor støtte prosjektet.
Digital formidling av kino
Då planane om digitalisering av den internasjonale kinonæringa tok form, var det eit viktig prinsipp for regjeringa at det desentraliserte kinotilbodet skulle oppretthaldast, jf. St.meld. nr. 22 (2006 – 2007) Veiviseren. Film & Kino har lukkast i å få med nær alle eksisterande kinoar, og 410 norske kinosalar var digitale då prosjektet vart avslutta 1. juli 2011. Eit spleiselag mellom kinoane sjølve, distributørane og offentlege midlar gjennom Norsk kino- og filmfond, har gjort denne satsinga mogleg. Bygdekinoen blir også digitalisert og vil frå hausten 2011 kunne tilby dei same fordelane som vanlege kinoar.
I ei digital verd er det i høg grad mogleg å demokratisere kinoen som medium. Når dei store analoge filmkopiane blir skifta ut med ein harddisk eller andre digitale informasjonsberarar, blir kinolerretet lettare tilgjengeleg for grupper som ikkje tidlegare har kome til. Til dømes blir det mogleg å vise filmarbeid som barn og unge sjølv har produsert i lokale filmverkstader. Det blir lettare å ta kinosalar i bruk til undervisning og overføring av anna innhald enn film, til dømes opera, teaterframsyningar og sportsarrangement. Vidare blir det enklare og rimelegare å leggje kinoopplevinga til rette for syns- og hørselshemma.
Ein anna fordel er at dei minste kinoane i eit digitalt system får filmane tidlegare. Før omlegginga fekk dei minste kinoane i snitt dei nye filmane 45 dagar etter premiere. Omlegginga til digital visning har gitt sterk besøksverkst hos dei minste kinoane, fordi dei store titlane er tilgjengelege for folk i distrikta tidlegare.
Det er viktig at kinosjefane set opp programmet etter kulturpolitiske prinsipp og slik sørgjer for mangfald. Kinoane er framleis stort sett eigde av norske kommunar, og mangfaldet i programmeringa bør bli større etter digitaliseringa er ferdig.
Digital formidling av kringkasting
Distribusjon av fjernsynssignal til forbrukarane skjer hovudsakleg på fire måtar: via satellitt, kabel, bakkenett eller breiband. Snart er alle desse fullt ut digitaliserte. Då bakkenettet vart digitalisert fekk i praksis heile befolkninga tilgang til ei stor mengd kanalar. Frekvensutnyttinga vart kraftig betra, og fleire kringkastarar når dermed ut til heile befolkninga. Dette gir forbrukarane eit større tilbod av fjernsynskanalar. NRKs tre fjernsynskanalar og alle radiokanalane blir sende ukoda og er gratis tilgjengelege i bakkenettet. Lokalfjernsyn og Frikanalen er også ein del av gratistilbodet.
Digital teknologi opnar også for nye funksjonar. Sjåarane får tilgang til ekstratenester som elektronisk programguide (EPG) og personleg videoopptakar (PVR), og ny teknologi som gjer det mogleg å tilby tilrettelagde tenester for mellom anna syns- og høyrselshemma. Samstundes gjer digitaliseringa det mogleg å tilby betre kvalitet på lyd, bilete og signal.
Dei siste åra har det komme på marknaden fjernsynsapparat som integrerer funksjonaliteten frå tradisjonelt fjernsyn med internettfunksjonalitet. Dette kallast ofte «Smart TV» eller «Connected TV». Utbreiinga av denne typen apparat er foreløpig beskjeden i Noreg, men er forventa å auke dei neste åra, då mange av dagens nye fjernsynsmodellar har innebygde Smart TV-løysninger.
Den primære distribusjonsplattforma for radio er framleis FM, men også på radiofronten skjer det ein digitaliseringsprosess. Sidan 1995 har det vore digitalradiosendingar via DAB (Digital Audio Broadcasting). NRK tilbyr i dag ei rekkje nisjekanalar på DAB som ikkje finst på FM-plattforma. P4s hovudkanal, Radio Norge, P5, Radio 1 og NRJ blir sendt både på DAB og FM. I tillegg er DAB-kanalane tilgjengelige via det digitale bakkenettet for fjernsyn. Samla sett har dermed tilnærma heile befolkninga tilgang på digital radio på minst ei av dei nemnde plattformene.
I 2011 vedtok Stortinget å leggje til rette for heildigitalisering av radiomediet ved å fastsetje ein dato for avvikling av FM-nettverket under visse føresetnader.11 Digitalisering av radio gir digital meirverdi i form av integrering av fleire medium, moglegheit for nye tenester, meir robuste signal og auka mangfald. Som med digitalisering av fjernsyn, vil digitalisering av radio føre til at kanaltilbodet blir meir likt, uavhengig av kvar i landet ein bur. Dette vil særleg få betyding i distrikta, sidan kanaltilbodet på FM utanfor dei store byane er relativt avgrensa.
7.8.2 Brukarmedverknad
Den teknologiske utviklinga har ført til meir brukarorientering og brukarmedverknad og opna for at publikum sjølve kan produsere innhald og delta. Brukarane kan nytte materialet på nye og utforskande måtar og leggje inn eigne kommentarar og innhald, kommunisere med institusjonar eller andre brukarar. Til dømes inviterer NRK og Nationaltheatret publikum til å uttrykkje si meining om tilbodet deira. Nettet tilbyr dessutan ei rad sosiale arenaer der folk kan uttrykkje seg, til dømes på sin eigen blogg eller andre medium. Dei ulike sosiale media har fleire funksjonar. Dels er dei arenaer for å skape, publisere og gjenbruke innhald, og dels handlar det om samhandling og samarbeid mellom brukarar. I tillegg tilbyr nettet sjølvsagt plattformer for deling og lagring.
Boks 7.6 The Smithsonian Commons
The Smithsonian Institution i Washington er verdas største museums- og forskingskompleks og vart grunnlagt i 1846. I 2009 gjennomførte The Smithsonian ein strategiprosess, med workshops og ein open prosjektwiki der institusjonen sin bruk av sosiale medium vart drøfta og planlagd. Målet var å knyte ressursane tettare saman, gjere det lettare for publikum å finne fram til, kombinere, kommentere og ikkje minst bruke det dei finn. Ein ville òg etablere ein ny læringsmodell der kunnskapen måtte sjåast som ein integrert heilskap, og både museet sin ekspertise og publikum sitt engasjement og kunnskap kunne samlast og vidareutviklast ved aktiv bruk av sosiale medium.
Strategiarbeidet førte fram til The Smithsonian Commons – ein visjon om eit ope kunnskaps‐ og opplevingsfellesskap der utstillingar, forsking, oppleving, brukarinnhald og samlingar er knytte saman og gjort tilgjengeleg for bruk av alle, i mange ulike kontekstar og på ulike teknologiske plattformer.
Den sterke auken i bruk av sosiale medium dei siste åra har ført til at informasjon og kommunikasjon blir demokratisert på ein måte som utfordrar tradisjonelle roller og maktstrukturar. Geografisk, institusjonell eller sosial tilhøyrsle spelar ei mindre rolle enn tidlegare. På Internett er det ikkje noko klart skilje mellom avsendarar og mottakarar, formidlarar og publikum, fagfolk og lekfolk. Dei nye kommunikasjonsverktøya skapar arenaer for brei, folkeleg deltaking. Ny teknologi utfordrar og endrar også forholdet mellom dei ulike aktørane. Når samlingane blir tilgjengelege på nettet, kjem dei i spel på nye måtar. Grenser og relasjonar mellom publikum, institusjonane og dei profesjonelle aktørane blir endra. Publikum i ein samanheng kan vere skapande aktørar i andre. Utviklinga legg til rette for eit dynamisk samspel mellom aktørar i ulike roller, som brukar og bidreg til den teknologiske utviklinga. Ei drivkraft i dette er publikums behov og handlingar.
7.8.3 Tiltak: krav om at verksemder og institusjonar på kulturfeltet nyttar nye digitale verktøy i arbeidet for å nå fleire
Globalisering og teknologisk utvikling gjer at kulturen i vår tid endrar seg raskt. Delingskulturen på Internett er også ein inkluderingskultur, og gir utfordringar og moglegheiter både sosialt og teknologisk.
Kulturinstitusjonane i samfunnet har ein viktig funksjon i denne samanhengen, og departementet legg til grunn at dei reflekterer over si rolle som samfunnsberande aktørar. Informasjon og tenester som ikkje finst på Internett blir lett mindre synlege og mindre brukte. Kunstsamlingane, kunstnarane, verka, institusjonane og dei profesjonelle aktørane må vere til stades der publikum ventar å finne dei. Publikum reknar med institusjonar som er inviterande, uformelle, sosiale, opne, informative og kommuniserande i sine tilboda og tenestene på nettet.
Om dei etablerte kunst- og kulturmiljøa ikkje tilpassar si verksemd til nye generasjonar og andre publikumsgrupper, vil deira samfunnsrelevans med tida bli mindre. Institusjonane må evne å møte dei såkalla digitalt innfødde på deira premissar.
Departementet legg til grunn at verksemdene/institusjonane sjølve utviklar nye måtar å arbeide på for å utnytte dei moglegheitene som veks fram med den teknologiske utviklinga til å nå fleire publikumsgrupper, gjennom sin ordinære verksemd. Departementet vil følgje opp dette i styringsdialogen med institusjonane.
Fotnotar
Olav Aagedal, Lokalt kulturliv i endring, Norsk kulturråd 2009.