Meld. St. 10 (2011–2012)

Kultur, inkludering og deltaking

Til innhaldsliste

6 Sikre tilgang ved å byggje ned fysiske og økonomiske barrierar

6.1 Innleiing

Det finst som nemnt fleire og samansette årsaker til at folk ikkje nyttar kulturtilbod. Fysisk tilgjenge og pris kan vere blant barrierane som hindrar folk i å bruke kulturlivet aktivt. Regjeringa vil bidra til å betre tilgangen til kulturtilbod for menneske og grupper som opplever vesentlege fysiske og økonomiske barrierar.

Innleiingsvis i dette kapitlet vil vi gi eit oversyn over arbeidet med universell utforming og tilrettelegging på kultursektoren. I andre del av kapitlet gir vi eit oversyn over prisnivået på ein del kulturtilbod og diskuterer i kva grad økonomiske faktorar utgjer barrierar for kulturbruk.

6.2 Universell utforming og tilrettelegging

Universell utforming er ein strategi for å gjere samfunnet meir tilgjengeleg, likestilt og inkluderande for alle. Produkt og omgjevnader blir utforma på ein slik måte at dei kan nyttast av alle menneske, i så stor utstrekning som mogleg, utan behov for særskilt tilpassing. For enkelte grupper er universell utforming naudsynt for samfunnsdeltaking, i heile eller periodar av livet, til dømes rullestolbrukarar, synshemma, personar med barnevogn, eldre og personar med svake norskkunnskaper. Samstundes er føremålet å forenkle livet for alle ved å lage produkt, kommunikasjonsmiddel og bygde omgjevnader som er brukbare for fleire menneske, med små eller ingen ekstra kostnader.1

Universell utforming er ofte ein føresetnad for å kunne ta del i kultur- og samfunnsliv, men er ikkje alltid tilstrekkeleg. Ekstra tilrettelegging kan vere naudsynt. Vi kan skilje mellom tilrettelegging for grupper og tilrettelegging for enkeltpersonar. Over statsbudsjettet gir departementet tilskot til nokre tiltak som har som mål å betre tilgangen, eller gi eit tilrettelagt tilbod til enkeltgrupper med nedsett funksjonsevne, til dømes bibliotektenester til personar med syns- eller lesehemming, tolking av teater og tilrettelegging av kino, film og fjernsyn. Vidare har velferdsordningar som ligg utanfor kultursektoren betydning for i kva grad personar med nedsett funksjonsevne kan ha ei aktiv fritid og nytte seg av tilgjengelege kulturtilbod.

Nedanfor går vi gjennom kultursektorens arbeid med universell utforming og målretta tiltak. Individuelle ordningar blir omtala i nokon grad. Som gjennomgangen vil vise, har vi ikkje heilskapleg oversyn over tilgjengesituasjonen ved norske kulturinstitusjonar. Det blir rapportert ulikt, og det finst ikkje felles standardar for tilgjenge. Det er i tillegg ulike utfordringar på dei ulike felta.

6.2.1 Tilrettelegging på arkiv-, bibliotek- og museumsområdet

Fleire institusjonar innan abm-sektoren har arbeidd målretta med universell utforming over fleire år. Det er mellom anna oppretta eit nettverk for universell utforming som i 2009 publiserte ei handbok på Internett om universell utforming på arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet.2 Handboka inneheld ei rekkje konkrete døme og nyttige råd og tips for institusjonar sitt arbeid med universell utforming.

Noreg har delteke i Nordisk tilgjengenettverk for museum, eit samarbeid som skal medverke til at det blir konkrete forbetringar i tilgjenget til museum og tilhøyrande kulturlandskap.

ABM-utvikling, no Norsk kulturråd, har sidan 2008 bede musea om opplysningar om tilgjenge i samband med utforming av museumsstatistikken. I 2010 omfatta statistikken 137 museum. Av desse svarte 120 ja på at museets lokale er tilrettelagd for menneske med nedsett funksjonsevne, og 76 svarte ja på at museets formidling er tilrettelagd for denne gruppa. Det har skjedd endringar i museumslandskapet og statistikken sidan 2008, men tendensen er at det er ein liten auke i museum som tilrettelegg formidlinga og bygningane for personar med nedsett funksjonsevne. Samstundes seier statistikken oss at tilstanden på dette feltet er varierande. Ved nokre museum er det gjort mykje arbeid med tilgjenge og universell utforming, medan det ved andre institusjonar er gjort lite eller det gjenstår ein del arbeid. Hovudutfordringane for tilrettelegging på museumssektoren dreier seg i hovudsak om fredingsvedtak og økonomi.

Frå 2001 til 2004 gjennomførte Sarpsborg bibliotek, Tønsberg- og Nøtterøy bibliotek, Deichmanske bibliotek avd. Torshov og Deltasenteret prosjektet Det tilgjengelige bibliotek. Prosjektet gjekk ut på å gjere dei tre biblioteka til meir tilrettelagde kunnskapsbasar, møtestader og arbeidsplassar for personar med nedsett funksjonsevne. Mellom innsatsområda var tiltak for å betre det fysiske tilgjenget, for å betre tilgangen til PC og nettbaserte tenester, hjelpemiddel for bruk av PC og lesehjelpemiddel/bøker. På bakgrunn av prosjektet har Deltasenteret utarbeidd ei sjekkpunktliste for tilgjenge for bibliotek.

Som ledd i at Østfold fylke er pilotfylke i Regjeringas handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge, har Østfold fylkesbibliotek undersøkt det fysiske tilgjenget i 10 av 18 folkebibliotek i fylket.

I 2007 undersøkte MediaLT, på oppdrag frå ABM-utvikling, tilgjenget til 157 nettstader på bibliotek-, museums- og arkivfeltet.3 Resultatet viste at det var eit stort potensial for betring for dei aller fleste nettstadene, men at mykje kan betrast med små grep og utan bruk av mykje ressursar. I det store og heile speglar nok dette biletet situasjonen i det totale tilgjengelegheitsarbeidet ved institusjonane.

Musea og biblioteka rapporterer årleg om dei følgjer WAI-standarden for utforming av nettsider. I 2010 rapporterte 50 pst. av musea at dei følgde denne standarden. For folkebiblioteka rapporterte i overkant av 1/3 av kommunane at dei følgde standarden.

Boks 6.1 Staten premierar god utforming

Statens byggeskikkpris vart oppretta av Kommunal- og regionaldepartementet i 1983. Prisen blir delt ut årleg og skal heidre byggverk og bygde omgjevnader som gjennom utføring, materialbruk og samspel med stad og miljø, bidreg til å heve, fornye og utvikle den allmenne byggeskikken. Prisen stiller krav til god arkitektonisk utforming. Kandidatar til prisen må oppfylle sentrale krav innanfor miljø og universell utforming.

Norsk Form utviklar brukarorienterte designprosessar til beste for fellesskapen, mellom anna ved å arrangere Statens designkonkurranse. Målet for konkurransen er at designløysingar i det offentlege rommet skal vere utforma slik at ingen skal bli ekskluderte frå desse romma. Statens designkonkurranse hadde i 2008 design og demokrati som tema og førte til eit nytt og tilgjengeleg konsept for utforming av vallokal.

Innovasjonsprisen for universell utforming er oppretta av Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og skal delast ut for første gong i 2011. Prisen skal heidre verksemder og arkitektar/formgjevarar som på ein nyskapande måte har utvikla løysingar som kjem alle til gode, og som bidreg til eit meir inkluderande samfunn.

6.2.2 Tilrettelagt litteratur

30 pst. av befolkninga i Noreg har problem med å forstå og/eller lese ein vanleg sakprosatekst. Dei siste åra er det retta større merksemd mot tilrettelagt litteratur for lesarar med ulike lesevanskar.

Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) er ein statleg institusjon underlagd Kulturdepartementet og er ein leiande leverandør av litteratur- og informasjonstenester til synshemma og andre lesehemma. Slik bidreg biblioteket til å gi syns- og lesehemma høve til kultur- og samfunnsdeltaking. Biblioteket produserar og lånar ut allmenn litteratur i punktskrift og som lydbøker. Aftenposten blir gitt ut i lydversjon, og tidsskrift blir gitt ut i punktskrift og som lyd. I tillegg produserer og formidlar NLB studielitteratur for studentar ved universitet, høgskular og fagskular.

Eit av dei prioriterte arbeidsområda til NLB er å gjere tilbodet ved biblioteket kjent for ein større del av målgruppene. NLB ønskjer eit tettare samarbeid med både biblioteksektoren, skular, hjelpeapparat, interesseorganisasjonar og andre som er i kontakt med menneske med behov for tilrettelagt litteratur.

Foreininga Leser søker bok arbeider for å gjere litteratur tilgjengeleg for svake eller utrena lesarar, mellom anna i samarbeid med biblioteksektoren. Norsk kulturråd støttar opp under tilrettelagde bøker ved å kjøpe dei inn under innkjøpsordningane for litteratur, etter særskilte ekspertvurderingar. Lettlestbøker med spesiell grafisk tilrettelegging for dyslektikarar og andre svake lesarar, kan bli meldt på og kjøpt inn under innkjøpsordningane etter vanlege prosedyrar. Leser søker bok har eit utstrekt samarbeid med biblioteka. Bok til alle-bibliotek har ein avtale med Leser søker bok, som garanterar eit godt tilbod av lettleste bøker og gode råd om kva slags bøker som passar best for ulike lesevanskar. Bok til alle-bibliotek har også tilbod om leseombod. Leseombodet les høgt for folk som ikkje kan lese sjølve. Det kan vere eldre med dårleg syn, mennesker med demens, utviklingshemming, eller folk som kan lite norsk.

6.2.3 Tilrettelegging på musikk- og scenekunstfeltet4

På musikkfeltet har dei to nasjonale orkestra5 og dei fem regions- og landsdelsorkestra6 installert teleslynge eller anna utstyr til hjelp for høyrselshemma på faste arenaer. Det er reservert eigne plassar for rullestolbrukarar og installert heis eller anna tilrettelegging for rullestolbrukarar og andre med rørslevanskar.

I tillegg til fysisk tilrettelegging, har nokre av musikkinstitusjonane inngått samarbeid med Noregs Blindeforbund om særskilt tilrettelegging for blinde. Til dømes arrangerer Oslo-Filharmonien konsertbesøk i samarbeid med Blindeforbundet, som mellom anna omset konsertomtalene til punktskrift. Det Norske Kammerorkester er i kontakt med Blindeforbundet med sikte på eit fast samarbeid om tilrettelegging for blinde.

Frå scenekunstfeltet blir det rapportert7 at det ved dei til saman 17 nasjonale institusjonane og region-/landsdelsinstitusjonane er lagt til rette for rullestolbrukarar og andre rørslehemma i den grad det er mogleg i eksisterande bygg. Tolv av sytten teaterinstitusjonar har installert teleslyngje eller anna utstyr til hjelp for høyrselshemma i eige hus eller på fast arena. Riksteatret samarbeider med kulturhusa omkring i landet i utviklinga av universell utforming. System for teleslyngje er tilgjengeleg på bortimot alle arenaer der Riksteatret spelar.

Over Kulturdepartementet sitt budsjett blir det årleg løyvd midlar til teiknspråktolking av teaterframsyningar. Eit særskilt samansett utval, administrert av Norges Døveforbund, vel ut oppsetjingar som blir vurdert som godt eigna for teiknspråktolking. Utvalet inngår nødvendige avtaler med teatra. Åtte framsyningar frå institusjonsteatra vart teiknspråktolka i 2010. Tilskotet frå Kulturdepartementet var på 362 000 kroner.

Nokre av scenekunstinstitusjonane tilbyr også teksting av framsyningar. Den Norske Opera & Ballett har tekstskjerm med norsk og engelsk omsetjing på stolryggane i salen. Andre teater, til dømes Sogn og Fjordane Teater og Hålogaland Teater, tilbyr teksting av sine framsyningar etter behov. Den Nationale Scene har delteke i tekstingsprosjektet Teater for alle – tilgjengelig teater for utvikling av metodikk for teksting av framsyningar. Teatret Vårt deltok i 2009 i prosjektet Skriften på veggen for utvikling av skrivetolking.

Enkelte institusjonar, som til dømes Haugesund Teater, har eksperimentert med ulike modellar for å leggje til rette framsyningar for døve og blinde.

6.2.4 Tilrettelegging av film og kino

Svært mange blinde og svaksynte set stor pris på film, både heime og på kino, men går glipp av mykje informasjon som ikkje blir formidla gjennom lydeffektar eller dialog. Dei har såleis vanskeleg for å følgje med på mange av filmane som er gjenstand for diskusjon i media eller i omgangskretsen, og kan såleis falle utanfor i ein del sosiale samanhengar. Synstolkning løyser langt på veg dette problemet.

Synstolkning vil seie at synshemma på eit eige, innlese kommentatorspor får skildringar av den visuelle informasjonen i filmen som dei elles går glipp av. Det ekstra lydsporet får den enkelte gjennom eit sett øyretelefonar som kan lånast i kinoen. Filmen kan også bli synstolka direkte av ein skodespelar i kinosalen.

Film & Kino har i samarbeid med MediaLT gjort forsøk med synstolking for blinde og svaksynte på kino og dvd. Synstolking i salen vart mellom anna gjort med ungdomsfilmen Vegas. Film & Kino har støtta synstolking av ei rekkje norske filmar som er utgitt på dvd, både nye filmar og klassikarar.

Organisasjonane til dei høyrselshemma har difor i mange år kravd at alle norske filmar skal bli vist med tekst, slik at landets 700 000 høyrselshemma skal ha tilgang til desse filmane på kino. Til no har tekstinga vore frivillig, Film & Kino har gitt tilskott til teksting.

Dei høyrselshemma er avhengige av tekst for å kunne sjå film. Til no har berre dei utanlandske filmane vore teksta. Digital teknologi har gjort det mykje billigare å tekste filmar for høyrselshemma. Som nærare omtala i kap. 7.8, er alle norske kinoar no digitale. Departementet har difor innført eit vilkår om obligatorisk teksting for alle norske filmar som får tilskot frå Norsk filminstitutt. Forskriftsendringa8 vil gjelde frå 1. januar 2012.

6.2.5 Tilrettelegging av fjernsynstilbodet

Det er fleire aktuelle tiltak som kan bidra til å gjere programinnhald i radio og fjernsyn tilgjengeleg for personar med nedsett funksjonsevne, til dømes ved hjelp av teksting på fjernsyn, teiknspråktolking, synstolking og lydtolking. Teksting er eit godt tilbod for dei som ønskjer å trene på norsk språk, fordi ein både kan lese og høyre kva som blir sagt samtidig.

Tilrettelegging av radio- og fjernsynstilbod skjer først og fremst gjennom NRK sitt tilbod. I vedtektene til NRK heiter det i § 13 at NRK skal vere allment tilgjengeleg og ta omsyn til personar med nedsett funksjonsevne i utforming av tilbodet sitt.

NRK ønskjer å gjere programma sine tilgjengelege for alle, også for menneske med nedsett høyrsel, dei som ikkje høyrer, dei som har problem med å forstå alle dialektane i landet vårt og dei som ikkje er stødige i norsk. Dei fleste av programma som er ferdigproduserte før sending blir i dag teksta på NRK. Ein del direktesendingar på NRK1 blir også teksta. Av demokratiomsyn har NRK prioritert nyheiter og samfunnsdebattar, men dei tekstar også noko underhaldning og sport. Heile Noreg har no tilgang til teksting på fjernsyn gjennom det digitale bakkenettet. Etter kvart vil ein også kunne sjå programma med tekst på nett.

Dersom ein ser på talet på timar med teksting på NRK sine kanalar, har talet vore stigande dei siste åra, og auka frå nærare 15 timar per døgn i 2006 til nærare 33 timar per døgn i 2010.9 Dei siste fem åra har altså NRK dobla talet på timar som blir teksta. Auken skyldas både at NRK har auka si satsing på teksting, men truleg også at NRK har utvida sin kanalportefølje med NRK3/Super, og difor har fleire programflater som treng teksting.

Hausten 2009 gjennomførte departementet ei høyring om forslag til endring av kringkastingslova for å implementere det nye AMT-direktivet (direktivet for audiovisuelle medietenester) i norsk rett. I høyringa vart det gjort framlegg om lovfesting av krav om fjernsynsteksting for NRK og dei største kommersielle kringkastarane. Departementet arbeider no med ein lovproposisjon for innføring av AMT-direktivet i Noreg.

Bakgrunnsstøy og lyd i tillegg til tale kan gjere det vanskeleg for publikum med ulike former for høyrselshemming å høyre tale i ulike program. I 2010 har NRK gjennomført eit prosjekt for å sjå på korleis arbeidet med å gjere det lettare å høyre tale i NRK sine program kan bli gjennomførd utan at det går ut over dei profesjonelle behova og vurderingane i NRK. Prosjektet har kome med eit forslag til overordna retningsliner for høyrselstilrettelegging i NRK.

Kulturdepartementet gir årleg tilskot til Døves Media som produserer fjernsynsprogram på teiknspråk.

For nokre kan nok digitalisering i radio og fjernsyn føre med seg ulemper når det gjeld tilgang. Overgangen til ny teknologi kan bli opplevd som ein barriere for enkelte grupper i befolkninga, både teknologisk og prismessig.

For å møte denne utfordringa vart det ved overgangen frå analogt til digitalt bakkenett for fjernsyn til dømes oppretta eigne informasjonsorgan som skulle syte for at alle delar av befolkninga hadde god informasjon om overgangen. I tillegg sette Stortinget ein maksimalpris for kva dei enklaste modellane av digitalmottakarar skal koste. Ved overgangen til digitalradio vil liknande informasjonstiltak bli sett i verk for å sikre at befolkninga får god informasjon om korleis dei skal ta i bruk eit digitalt radiotilbod.

Boks 6.2 Fokus på kultur, media och synlighet

Nordens Välferdscenter har i samarbeid med Nordiska Handikappolitiska Rådet utgitt heftet Fokus på kultur, media och synlighet. Tema er korleis menneske med nedsett funksjonsevne blir omtala i media. Heftet trekk fram gode eksempel på korleis funksjonshemma kan delta og bidra i samfunnet og set søkjelys på korleis media kan bidra til å redusere barrierar for deltaking i kultur, media, idrett og foreiningsliv. Med bakgrunn i FN-konvensjonen og kulturpolitiske mål blir det presentert strategiar for korleis menneske med nedsett funksjonsevne kan delta meir og bli meir synlege i samfunnslivet.

6.2.6 Andre velferdsordningar

Velferdsordningar som ligg utanfor kultursektoren har betyding for i kva grad personar med nedsett funksjonsevne kan ha ei aktiv fritid og nytte seg av kulturtilbod. Ordningar for personleg assistanse, støttekontaktar, følgjekortordningar og transportteneste bidreg til at personar med nedsett funksjonsevne kan delta i kulturlivet.

Som nemnt i kapittel 4 krev Kulturdepartementet at verksemder som får tilskot over departementet sitt budsjett aksepterer følgjekort. Føremålet med dette kortet er at personar med nedsett funksjonsevne ikkje skal betale meir for ei reise eller eit kulturarrangement enn andre gjer. Det er dei einskilde kommunane som vedtek å innføre ordninga med følgjekort. Kommunen bestemmer kva for etat eller kontor i kommunen som skal tildele og administrere ordninga, og korleis retningslinene skal tolkast.

Aktivitetshjelpemiddel er utstyr som er spesielt utvikla for at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne delta i leik og sportsaktivitetar. Arbeids- og velferdsdirektoratet fordeler støtte til fritidshjelpemiddel til personar under 26 år. I 2009 vart 69 mill. kroner fordelte.10

Nokre personar med nedsett funksjonsevne er avhengig av assistanse for å kunne delta på kulturaktivitetar. I føremålsparagrafen i lov om kommunale helse- og omsorgstenester står det at lova skal sikre at den enkelte får moglegheit til å leve og bu sjølvstendig, og til å ha eit aktivt og meiningsfylt tilvere i fellesskap med andre. Kommunen kan gi bistand til dette på ulike måtar, til dømes personleg assistanse, støttekontakt eller brukarstyrt personleg assistanse.

6.3 Satsingar og tiltak

Universell utforming gir berekraft, både økonomisk og sosialt.11 Eit tilgjengeleg samfunn gjer det mogleg for fleire å klare seg sjølve og vere aktive samfunnsborgarar, utan ekstra tilrettelegging og assistanse. Dette aspektet får auka betyding i åra som kjem når ein stadig større del av befolkninga blir eldre.

Dersom så mange som 25 pst. av befolkninga har ei funksjonsnedsetting12, seier det seg sjølv at å la vere å leggje til rette for flest mogleg, kan bety utestenging av ein betydeleg del av publikums- og inntektsgrunnlaget til institusjonane. Universell utforming handlar såleis om berekraft også for institusjonane.

Diskriminerings- og tilgjengelova har ei særleg aktivitetsplikt, jf. § 9 første ledd. Det at verksemdene har plikt til å arbeide aktivt og målretta for å fremje universell utforming, inneber at verksemdene også må kartlegge situasjonen i verksemda, planlegge og setje i verk tiltak.

I eit innspel til departementet peikar Statens råd for likestilling av funksjonshemma på det grunnleggjande utgangspunktet at befolkninga er mangfaldig, og at ein må ta høgde for dette i all verksemd. Inkludering av personar med nedsett funksjonsevne blir gjort best ved at heilskapen blir utforma slik at han passar for alle. Samstundes handlar inkludering ikkje berre om tilgang til kulturtilbod andre har tilgang til. Det handlar òg om å bli inkludert i sosiale fellesskap. Særløysingar som er utforma for nokre få, kan verke stigmatiserande og hindre inkludering i slike fellesskap. Dette talar for at inkluderingsperspektiv og universell utforming bør inngå i all planlegging frå eit tidleg tidspunkt. Det er vidare ei utfordring å tenkje universell utforming i alle aspekt av kulturopplevinga; frå ein søkjer informasjon om tilbodet, til ein bestiller og kjøper billett, når ein kjem til institusjonen, og med tanke på korleis tilgang og fysiske forhold er utforma inne i bygningar. Institusjonar lyt i tillegg informere om status for tilgjenge, om dei tilbyr hjelpemiddel, har særskilte omvisingar eller framsyningar med tolking og så bortetter.

Ikkje all kulturaktivitet avgrensar seg til kulturinstitusjonar, så det er ikkje sjølvsagt at universelt utforma offentlege kulturbygg sikrar tilgang til og deltaking i kulturaktivitetar. Dette gjeld til dømes kor som øver på musikkrommet på skulen, teatergrupper som øver i den lokale gymsalen, aktivitet i kyrkjer og i frivillige organisasjonar.

Overfor departementet har Statens råd for likestilling av funksjonshemma peikt på at ein må sjå på inkludering i kulturlivet i nær samanheng med inkludering i resten av samfunnet. Inkludering i kulturlivet er relatert til inkludering i kvardagsaktivitetar, der skule, arbeidsliv og nærmiljø spelar sentrale roller. Ifølgje rådet vil det å styrkje sosiale band mellom personar med nedsett funksjonsevne og andre på desse arenaene også ha effektar når det gjeld inkludering i kultursektoren. Ei heilskapleg tilnærming til inkludering i samfunnet må difor danne grunnlag for inkludering på kultursektoren.

6.3.1 Tiltak: universell utforming og tilgjenge som tema i styringsdialog

Kulturdepartementet vil at det i dei komande åra skal arbeidast systematisk med universell utforming og tilgjenge på kultursektoren. Diskriminerings- og tilgjengelova, plan- og bygningslova, kulturlova og Handlingsplanen Norge universelt utformet 2025 og relevante stortingsmeldingar ligg til grunn.

I styringsdialogen med underliggjande verksemder og tilskotsinstitusjonar vil departementet streke under tilgang og universell utforming som strategiar i verksemdenes inkluderingsarbeid, jf. pkt. 5.12.1. I rapporteringar frå institusjonane vil departementet be om at det blir gjort greie for korleis verksemdene arbeider med tilgjenge og universell utforming. Dette er i samsvar med diskriminerings- og tilgjengelovas § 3a om aktivitets- og rapporteringsplikt.

6.3.2 Tiltak: betre kunnskap om kulturbruk og funksjonsevne

Vi har i dag berre avgrensa kunnskap om kulturbruk blant personar med nedsett funksjonsevne, jf. kap 3.2.5. Kulturdepartementet vil i samråd med SSB vurdere korleis spørsmål om nedsett funksjonsevne kan innarbeidast i komande kulturbruksundersøkingar. Jamlege målingar vil gi grunnlag for å vurdere effekt av tiltak innan universell utforming og auka søkjelys på tilgjenge.

6.3.3 Tiltak: fleire aviser i lydformat

Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) tilbyr i dag Aftenposten i lydversjon. For å gi eit meir dekkjande tilbod ønskjer NLB å tilby fleire aviser. Fleire aviser er villige til å sende filer vederlagsfritt til NLB for publisering på lyd.

Kulturdepartementet tek sikte på å auke løyvinga til Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek for å leggje til rette for fleire utgivingar.

6.3.4 Tiltak: synstolking av norsk film

Digital teknologi kan gjere det billigare å leggje inn synstolking på norske filmar, både for visning på kino og dvd. Departementet vil be Norsk filminstitutt greie ut kva slags teknologiske, økonomiske og juridiske føresetnader som knyter seg til synstolking av norske filmar.

6.3.5 Tiltak: styrkje teiknspråktolking av teater

Regjeringa vil auke avsetjinga til teiknspråktolking av teater slik at fleire produksjonar kan tolkast.

6.4 Redusere økonomiske barrierar for særskilde grupper

Offentlege tilskot medverkar til å halde prisane på ein del kulturtilbod nede, sjølv om prisane varierer frå tilbod til tilbod. Nokre offentlege kulturtilbod er gratis for brukaren, som folkebiblioteka, medan andre kulturtilbod er dyrare.

Det finst lite systematisk kunnskap om kor stort hinder dagens billettprisar utgjer for å nå eit meir samansett publikum. Det er likevel klart at prisane på enkelte kulturtilbod kan opplevast som høge for enkelte, og at dette kan vere ein årsak til at nokre ikkje går, eller at nokre går sjeldan på kulturtilbod. Dei mange ulike rabattordningane kan også vere ei årsak til at ein del faktisk går som ikkje hadde gått i utgangspunktet. Undersøkingar har elles vist at gratis billettar i seg sjølv ikkje fører til at nye grupper av publikum oppsøkjer institusjonane.

Figur 6.1 Ungdomskortet

Figur 6.1 Ungdomskortet

Kjelde: Det Norske Teatret

SSB sin statistikk viser at inntekt har samanheng med i kva grad ein brukar offentleg finansierte kulturtilbod og deltek i kulturaktivitetar. Materialet gir derimot ikkje grunnlag for å trekkje klare konklusjonar for om pris utgjer ein reell barriere mot deltaking. Inntekt har ein direkte effekt på kulturbruk fordi ein del kulturtilbod kostar pengar, men fleire av samanhengane mellom inntekt og kulturbruk kan likevel ikkje berre forståast som effektar av kjøpekraft. Dette inneber at i mange tilfelle er det ikkje først og fremst økonomi som forklarar manglande bruk og deltaking, men heller at ein manglar referanserammer i høve til kulturtilbodet.13 Dersom økonomi spelar ei hovudrolle for ikkje-brukarane, ville bruk av folkebibliotek som gratistilbod, skåre høgt blant personar med låg inntekt. Dette er ikkje tilfelle. Folkebiblioteka har det same bruksmønstret som dei fleste andre tilboda; det er dei med lav inntekt og lav utdanning som nyttar tilboda minst.

Ein kan tolke dette slik at ulik bruk av kulturtilbod dermed ikkje først og fremst er uttrykk for at kulturtilbod er eit knapt gode. Ulikskapane i bruksmønster kan like gjerne vere uttrykk for at ulike grupper har ulike oppfatningar av kulturtilboda og innhaldet, relevansen av og kvaliteten på desse.

6.4.1 Billettprisar på musikk- og scenekunstområdet

Det er truleg på musikk- og scenekunstfeltet at billettprisar kan utgjere dei største barrierane for bruk.

Produksjonskostnadene er høge, og låge billettprisar er avhengig av offentleg subsidiering. Billettinntekter er i dag den viktigaste eigeninntekta for musikk- og scenekunstinstitusjonane og utgjer i gjennomsnitt rundt 60 prosent av eigeninntektene.

Billettprisar på teaterframsyningar varierer frå 200 til 460 kroner. Generelt er billettprisane noko høgare ved dei nasjonale institusjonane, og ved region-/landsdelsinstitusjonane i dei største byane enn i resten av landet. Prisar varierar også frå produksjon til produksjon, kvar ein sit i salen, om framsyninga går på hovudscene eller ei mindre scene m.m.

Ordinære billettar gjennom laussal til konsertar med regionale og nasjonale orkester varierer frå 200 til 380 kroner. Ein stor del av billettane til orkestra blir seld gjennom ulike abonnementsordningar som gir reduserte billettprisar. Ved Den Norske Opera & Ballett ligg billettprisen på opera- og ballettframsyningar på hovudscena på mellom 240 og 790 kroner.

Prisane er generelt lågare for konsertar/framsyningar for barn og familiar. Mange teater og orkester tilbyr gruppeprisar, honnørbillettar og rabatterte billettar til barn/unge og studentar. Fleire av regionteatra deltek i fylkeskommunane si ordning med kulturkort for ungdom. I tillegg til vanlege rabattordningar, har fleire av institusjonane særlege rabattkort og ulike typar abonnementsordningar. Fleire institusjonar har også spesialtilbod eller tilbyr gratisbillettar til bestemte målgrupper gjennom spissa informasjonstiltak, formidlingsprogram og samarbeid med ulike organisasjonar og foreiningar. Fleire av musikk- og scenekunstinstitusjonane har samarbeidsavtalar med næringslivet. Gjennom ulike kundearrangement, spesialtilbod og sponsorbillettar kan også denne typen samarbeid medverke til forankring i lokalsamfunnet og til å nå nye publikumsgrupper.

Dei fleste scenekunstinstitusjonane har eigne satsingar og rabattordningar særleg retta mot ungdomsgruppa. Dette er ei gruppe som det kan vere vanskeleg å trekkje til teatret, og som det difor blir lagt ekstra vinn på å nå. Nationaltheatrets ordning Unge National fungerer som ein medlemskap og gir rabatterte billettar, invitasjonar til prøver, regissørmøte, møte med skodespelarar med meir. Det Norske Teatret lanserte sitt Ungdomskort i 2010. Det er ei form for medlemskap som gir rabatterte billettar og invitasjonar til og møte med til dømes skodespelarar og regissørar.

6.4.2 Billettprisar på museum

Gjennomsnittleg pris på billett ved dei musea som tok inngangspengar i 2009 var 60 kroner for vaksne og 20 kroner for barn. 9 pst. av musea rapporterte om gratis entré for alle besøkjande heile året, medan 75 pst. hadde gratis entré på enkelte dagar eller delar av året.

I land som Sverige, Danmark og Storbritannia har det dei siste åra vorte gjort forsøk med fri entré til musea. Dette har skapt både offentleg og fagleg debatt. Musea sine erfaringar er delte. På den eine sida ser ein auke i besøk. På den andre sida medfører gratis inngang større press på institusjonane i form av auka krav til formidling, sikring/vedlikehald og erstatning av tapte billettinntekter.14

Trass i at ein ser ein auke i besøkstala er ein likevel ikkje sikre på om det er dei same som kjem fleire gonger, eller om det er nye grupper som oppsøkjer musea. Sjølv om gratis inngang generelt fører til auke i talet besøkande, er gratis inngang ikkje aleine nok for å trekkje til seg heilt nye grupper brukarar. Dersom ein skal trekkje til seg nye brukarar, krev dette særleg tilrettelegging på fleire område.15 I Storbritannia har besøket til offentleg finansierte museum auka med 128 pst. sidan fri inngang vart innført i 2001. Likevel ser ein ikkje nemneverdig endring i profilen på dei besøkjande. Enkelte undersøkingar viser at besøka blir hyppigare og kortare.

Det manglar framleis systematisk dokumentasjon om kva verknad fri entré til musea har, ikkje minst relatert til norske tilhøve. Den seinaste erfaringa gjeld Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design som med verknad frå 1. mai 2011 innførte inngangspengar. Tida som har gått sidan det vart innført inngangspengar, er for kort til å trekkje endelege slutningar. Besøkstida blir i stor grad påverka av om publikum likar utstillingane, turisttilstrøyming og sesongvariasjonar. Tida vil vise om ein strategi basert på ein kombinasjon av moderate billettprisar, årskort, gratis inngang for barn og unge, fri entré enkelte dagar og ikkje minst nye formidlingstilbod, vil bidra til å halde besøkstala oppe.

Boks 6.3 Frelsesarmeens opplevingskort

Hausten 2011 lanserte Frelsesarmeen i Oslo eit opplevingskort for barn og unge frå familiar med låg inntekt. Bak dette låg ei erkjenning av at fattigdom ikkje berre handlar om mat og klede, men også ønsket om å ta del i opplevingar andre barn tek for gitt. Kortet gir gratis inngang til forskjellige kultur- og fritidsaktivitetar og gjeld for innehavar og ein følgjeperson. Mellom støttespelarane som er med i ordninga finn vi Norsk Teknisk Museum, Norsk Folkemuseum, Nobels Fredssenter, Den Norske Opera & Ballett, Barnas Cinematek og Cinemateket UNG på Filmens hus, Oslobadene, Oslo Bowling, Hopp i havet og Tusenfryd. Kortet blir delt ut til barn og unge i alderen 2 til 20 år gjennom slumstasjonens kontaktnett. Frelsesarmeen tilbyr også gratis tilgang til sine ungdomsklubbar, musikkskular, barne- og ungdomskor, og til speiding og andre fritidsaktivitetar.

6.4.3 Kulturkort for ungdom

Føremålet med Kulturkort for ungdom er å få ungdom til å nytte seg oftare av kulturtilbod og rekruttere nye publikummarar. Kulturkortet skal gi ungdom billigare billettar til ei rekkje kunst- og kulturarrangement, i tillegg til symjehallar og idrettsarrangement. Målgruppa for kulturkortet varierer frå fylke til fylke, med 13 år som lågaste aldersgrense og 25 år som høgaste.

Kulturkort for ungdom vart innført som ei forsøksordning frå 2006, og i 2011 tilbyr 12 fylkeskommunar ordninga. Kulturdepartementet har sett av 3,9 mill. kroner til ordninga i 2012. Fylkeskommunane har ansvar for å administrere ordninga og utforme kortet lokalt. Fylkeskommunens bidrag til ordninga skal vere høgare enn statens bidrag.

Kulturkortet er gratis i dei fleste fylkeskommunane, medan rabattordningane er ulikt utforma. Stort sett varierer rabattnivået mellom 20 og 50 pst. Alle fylkeskommunane som har vore med i ordninga i fleire år, melder om stigande tal på aktive kortbrukarar og selde billettar med kulturkortrabatt.

Ordninga med kulturkort for ungdom vart kartlagd og evaluert av International Research Institute of Stavanger (IRIS) i 2009.16 Evalueringsrapporten peika på at det er vanskeleg å marknadsføre kulturkortet overfor målgruppa. Nordland har rekruttert den klart største delen ungdom innanfor målgruppa, og IRIS framhevar Nordlands marknadsføringsstrategi med å sende brev heim til alle i målgruppa. Med denne framgangsmåten blir mange foreldre informerte. I mange tilfelle kan foreldre ha større interesse av den økonomiske gevinsten kulturkortet gir, sidan det ofte er foreldre som finansierer dei unges kultur- og fritidsaktivitetar.

IRIS peikar i tillegg på at god marknadsføring krev arbeidsinnsats. Talet på unge i målgruppa som har skaffa seg kortet, heng nemleg positivt saman med fylkeskommunens innsats og investering i ordninga, først og fremst slik det kjem til uttrykk i tal på årsverk som er sette av til arbeid med kortet.

IRIS viser til erfaringar frå Østfold der interessa for kulturkortet i all hovudsak er å finne blant ungdom i den vidaregåande skulen, og viser til at det også er deira generelle inntrykk at kortet treffer unge i denne aldersgruppa best. IRIS tilrår at fylkeskommunar som har inkludert eldre og yngre aldersgrupper i kortet, har dette i mente.

Endeleg tilrår IRIS at kulturkort for ungdom bør vere gratis. Det er særleg to grunnar til dette. Erfaringane frå fylkeskommunane kan tyde på at eit gratis kort i fleire tilfelle har ført til at fleire ungdommar i målgruppa har skaffa seg kulturkortet enn i fylkeskommunar der kortet har kosta noko. IRIS legg også vekt på at eit kulturkort som kostar noko gir ulik gevinst for ungdommar som bur i byar og tettstader, og for ungdom som bur i distrikta. For ungdom som bur i distrikt med få relevante tilbod i nærleiken, vil eit kulturkort som kostar noko i praksis gi lita økonomisk innsparing.

Kulturdepartementet vidareførte tilskotsordninga for kulturkort for ungdom frå 2010 med 3,9 mill. kroner. Det vart ikkje gjort endringar i målsetjing og organisering. Utover alder og kor mange som nyttar kortet, seier ikkje rapporten frå IRIS noko om kven det er som nyttar seg av kulturkort for ungdom og kva bakgrunn dei har. Departementet vil difor gjere ei vurdering av ordninga i samråd med fylkeskommunane. Det vil vere eit siktemål å nå fleire brukarar, særleg personar som i dag nyttar seg lite av kulturtilbod og/eller unge med låg inntekt.

6.4.4 Tiltak: bidra til ei prøveordning for opplevingskort for barn og unge

Møre og Romsdal fylkeskommune har vedteke å innføre eit opplevingskort som gir barn og unge frå familiar med låg inntekt høve til å delta på aktivitetar og kulturopplevingar saman med andre barn og unge i lokalsamfunnet. Kortet er eit verkemiddel for å sikre at barn i familiar med særleg låg inntekt ikkje skal falle utanfor viktige arenaer for sosialisering og oppleving, og gir tilgang til ei rekkje aktivitetar saman med ein venn, eit familiemedlem eller andre. NAV-kontoret vel ut dei som får tildelt opplevingskortet og har ansvar for oppfølging av brukarane, noko som sikrar at det er dei som treng det mest, som får tilbodet. Ordninga blir etablert på bakgrunn av erfaringane frå Ålesund, Kristiansund og Molde, som har hatt svært gode erfaringar med opplevingskort i sine kommunar.

Regjeringa ønskjer at ordninga skal vere eit nasjonalt pilotprosjekt og vil støtte opplevingskortet i Møre og Romsdal over ein forsøksperiode på to år. Ein legg til grunn at ordninga blir evaluert med tanke på kunnskapsoverføring til andre fylke i landet.

6.4.5 Tiltak: etablere eit program for kultur under tilskotsordninga for barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn

Regjeringa vil etablere eit program for kultur under Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementets ordning Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, også kalla storbyordninga. Føremålet er å bidra til at fleire utsette barn og unge får høve til å delta i kultur- og fritidsaktivitetar.

Tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn er eit verkemiddel for å betre oppvekst og levekår i større bysamfunn. Ordninga omfattar i 2011 23 bykommunar og 7 prioriterte bydelar i Oslo. Løyvinga blir nytta til tiltak og prosjekt som rettar seg mot barn og unge i alderen 12 til 25 år som har spesielle behov, og mot utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Bykommunane/bydelane kan mellom anna søkje om tilskot til tiltak som bidreg til deltaking og medverknad for barn, ungdom og ungdomsgrupper som i liten grad nyttar seg av dei eksisterande kultur- og fritidstilboda, og tiltak som fremjar deltaking og likeverdige moglegheiter for barn og unge med nedsett funksjonsevne.

Regjeringa vil bidra til at kulturtilbod av høg kvalitet i større grad blir ein del av aktivitetane som blir tilbydd gjennom ordninga. I tillegg er det ønskjeleg å bidra til å styrkje arbeidet med å utvikle alternative meistringsstrategiar innanfor kulturområdet for barn og unge som står i fare for å falle utanfor. Alternative meistingsarenaer kan vere teater, media, litteratur/bibliotek, spel/sosiale media, musikk, design, forming og handverk.

Kulturdepartementet har gitt tilskot til kunst og kultur i Groruddalen. Føremålet med midlane har vore å auke deltakinga innan kunst og kultur blant barn og unge som i liten grad deltek i slike aktivitetar. Det har vorte lagt spesiell vekt på å rekruttere nye grupper, som unge jenter med innvandrarbakgrunn og barn og unge frå familiar med låg inntekt.

Som eit ledd i styrkinga av storbyordninga vil Bydel Bjerke inngå som ein prioritert bydel i storbyordninga i 2012. Det inneber at alle bydelane i Groruddalen inngår i storbyordninga. Den vil då omfatte 23 byar og 8 prioriterte bydelar i Oslo.

Figur 6.2 «Crossover» – prosjekt Groruddalen.

Figur 6.2 «Crossover» – prosjekt Groruddalen.

Kjelde: Foto: Linn Førland

Fotnotar

1.

http://www.norskdesign.no/prinsipper/category510.html

2.

ABM-utvikling (2009b)

3.

ABM-utvikling (2009a)

4.

Opplysningane i dette avsnittet er gitt av Norsk Teater- og Orkesterforening.

5.

Oslo-Filharmonien og Stiftelsen Harmonien

6.

Trondheim Symfoniorkester, Stavanger Symfoniorkester, Stiftelsen KSO – Kristiansand Symfoniorkester, Nordnorsk Opera og Symfoniorkester og Det Norske Blåseensemble anno 1734.

7.

Rapporteringa er basert på informasjon frå institusjonanes nettsider, årsrapportar og innspel til Norsk teater- og orkesterforening i samband med dette meldingsarbeidet.

8.

Forskrift om tilskudd til audiovisuelle produksjoner

9.

NRK (2010)

10.

NOU 2010: 5

11.

Knudtzon og Medby (2011)

12.

Molden, Wendelborg og Tøssebro (2009)

13.

Danielsen (2006)

14.

Aaby (2004)

15.

Aaby (2004)

16.

Rapport IRIS 2009/127
Til forsida