1 Innleiing og samandrag
1.1 Innleiing
Immaterielle rettar omgir oss i dagleglivet. Dei gjeld for teknologien vi bruker – som bilar, telefonar og programvare, maten vi et, utforminga av kleda og møblane våre, musikken vi lyttar til, og boka vi les. Smarttelefonen eller lesebrettet inneheld ofte tusenvis av patenterte løysingar, med ulike eigarar. Gjennom Internett blir fleire av oss produsentar av rettsverna åndsverk på bloggar og sosiale medium – eller lovbrytarar om vi ulovleg lastar ned musikk, film og programvare.
Immaterielle rettar kan vere grunnlag for strid om enorme verdiar: Når IKT-gigantane Samsung og Apple møtest i ein serie rettstvistar over heile verda med gjensidige skuldingar om kopiering av design og andre immaterielle rettar, er søksmåla i milliardklassen.1 Same dag som ein amerikansk domstol tilkjende det norske bioteknologiselskapet Pronova retten til å omsetje sitt eige omega 3-produkt i USA, steig aksjekursen til selskapet med nærare 30 prosent på Oslo Børs.2
Handteringa av immaterielle verdiar og rettar kan i mange tilfelle vere heilt avgjerande for innovasjon og verdiskaping i verksemdene. Difor har immaterielle rettar også konsekvensar for verdiskapinga i næringslivet, offentleg sektor og økonomien samla sett.
Verdiskaping er grunnlaget for velferd og arbeid til alle. Næringspolitikken til regjeringa skal bidra til størst mogleg samla verdiskaping i norsk økonomi. For å lykkast med det fører regjeringa ein brei og heilskapleg næringspolitikk som tek vare på og utviklar dei fortrinna vi har, og som legg til rette for eit næringsliv som er berekraftig, nyskapande, kunnskapsbasert og omstillingsdyktig.
Auka produktivitet er den viktigaste drivkrafta for verdiskaping og økonomisk vekst. Auken i innsatsfaktorar i produksjonen – arbeidskraft, naturressursar og kapital – utgjer ein mindre del av veksten i moderne økonomiar.3 Produktiviteten og verdiskapinga aukar primært ved at vi gjer ting smartare – ved å bruke kunnskap på nye måtar, utvikle nye produkt og løysingar, jobbe meir effektivt og finne nye bruksområde for produkt. Innovasjon er med andre ord viktig for verdiskaping, vekst og velferdsutvikling i Noreg.
Å gjere ting på ein ny eller smartare måte krev kunnskap. I dag konkurrerer norsk næringsliv og forskingsaktørar i stor grad på grunnlag av kunnskap og kompetanse. Det inneber at ein stor del av verdiane i verksemdene er immaterielle. Alle verksemder har immaterielle verdiar i ulike former, anten det er kompetansen hos medarbeidarane, føretaksnamn, domenenamn, hemmelege oppskrifter, merkevarer, teknologi eller oppfinningar.
Utvikling av nye innovasjonar krev ressursar og inneber risiko for innovatøren. Dersom innovasjonen blir kopiert eller utnytta av andre, kan det vere vanskeleg for innovatøren å sikre seg avkastning av investeringa. Dette kan føre til at det ikkje lønner seg for innovatøren eller verksemda å gjennomføre investeringa, noko som igjen kan føre til at næringslivet investerer mindre i innovasjon enn det som samla sett lønner seg for samfunnet.
Vi kan sjå på immaterielle rettar som del av ein bytehandel som skal justere denne marknadssvikten og auke lønnsemda for både innovatøren og samfunnet. Ein immateriell rett gir ein einerett til å utnytte ein innovasjon kommersielt, samtidig som innovasjonen blir offentleggjord. Opphavsrett og registrering av patent, design eller varemerke er dermed med på å sikre avkastninga og redusere risikoen ved investeringa ved å utvikle ein innovasjon. I tillegg er formelt vern av immaterielle rettar med på å spreie kunnskapen om nye teknologiar eller løysingar, noko som igjen kan utløyse utvikling av nye innovasjonar. Vern av innovasjonar kan difor vere avgjerande for realiseringa av nye produkt, prosesssar, løysingar og verdiar.
Immaterielle rettar kan også bidra til å hindre eller hemme konkurrentar og andre verksemder i å realisere nye innovasjonar, til dømes ved å nekte utlisensiering av eigen teknologi eller sikre seg mange patent innanfor særlege teknologiområde for å stengje konkurrentar ute frå same område. I slike tilfelle kan patent hindre vidare utvikling og innovasjon. Dette illustrerer behovet for eit system for å handtere immaterielle rettar som balanserer omsynet til rettshavaren mot ønsket om konkurranse og innovasjonsaktivitet.
Boks 1.1 Immaterielle verdiar og rettar – definisjonar
Immaterielle verdiar er ei samlenemning for verdiar som ikkje har fysisk substans. Dette kan vere oppfinningar, varemerke, design, produksjonsprosessar, framgangsmåtar, databasar, ulike typar åndsverk, knowhow og bedriftsløyndommar.
Immaterielle rettar er immaterielle verdiar som er verna av lovheimla rettar. Samlenemninga omfattar industrielle rettar og opphavsrett.
Industrielle rettar omfattar i hovudsak patent, design og registrerte eller innarbeidde varemerke. Dei oppstår i all hovudsak ved at dei blir registrerte etter søknadsbehandling.
Dette er dei vanlegaste immaterielle rettane:
Patent vernar nye oppfinningar som representerer konkrete løysingar på eit teknisk problem, og der også løysinga er av teknisk karakter. Eineretten gjeld for inntil 20 år. For legemiddel og plantefarmasøytiske produkt kan vernetida utvidast til inntil 25 år.
Varemerke vernar kjenneteikn for varer og tenester. Eit varemerke kan bestå av alle slags teikn, og må kunne givast att grafisk. Eit varemerke kan til dømes bestå av ord og kombinasjonar av ord, namn, logoar, figurar og avbildingar, bokstavar, tal, emballasje, lyd og rørsle eller kombinasjonar av desse elementa. Eit varemerke skal ikkje kunne forvekslast med varemerke for same eller liknande produkt og tenester. Varemerkevern blir gitt for tiårsperiodar, og det er ikkje sett noka grense for kor mange gonger det kan fornyast.
Designrettar vernar den synlege utforminga av eit produkt i inntil 25 år. I tillegg til vern av heile gjenstandar og ornament kan delar av eit produkt, grafisk design, interiørmessige arrangement og skjermbilete vernast. Reservedelar kan berre vernast i fem år.
Opphavsrett gir skaparen av eit åndsverk einerett til å utnytte litterære, vitskaplege eller kunstnariske verk. Også framføringar av verk er verna. Databasevern blir rekna som ein del av opphavsretten, og vernar investeringa som er lagd i å byggje opp databasen. Opphavsrett oppstår automatisk, utan registrering, i den augneblinken eit verk er skapt. Verket må vere eit resultat av ein individuell skapande innsats. Vernet er knytt til opphavspersonen og varer som hovudregel i 70 år etter at opphavspersonen er død.
Immaterielle verdiar og rettar er ikkje nye fenomen. Det er funne opptil 5 500 år gamle gjenstandar med seglet til opphavsmannen. Vikingane sveid bumerke på skip og varer for å markere eigarskap og opphav. Det skulle garantere for kvaliteten. Bumerket – på gammalnorsk brandr – er opphavet til det seinare uttrykket branding.4 Formelle system for å registrere patent, varemerke, design og opphavsrett er utvikla i moderne tid, i hovudsak etter den industrielle revolusjonen.
Den økonomiske betydinga av immaterielle verdiar aukar i takt med bruken av immaterielle rettar. Over heile verda er det ein kraftig auke i talet på registrerte rettar, og i framveksande økonomiar sikrar verksemdene i stadig større grad dei immaterielle rettane sine. Internasjonal handel og samarbeid basert på immaterielle rettar er i sterk vekst, og det same gjeld variasjonar i bruken av immaterielle rettar. Etablering av «patent pools» og liknande tyder på at verksemdene i aukande grad bruker immaterielle rettar aktivt for å etablere samarbeidsrelasjonar og dele kunnskap og teknologiar. Handelen med piratkopierte varer og ulovleg nedlasting av programvare, musikk og film har i tillegg vakse kraftig det siste tiåret.5
I utgangspunktet veit vi lite om kva konsekvensar denne utviklinga kan få. Det vi veit, er at utviklinga internasjonalt truleg endrar føresetnadene for å handtere immaterielle verdiar og rettar. Vi veit òg at utviklinga aukar behovet for kompetanse og bevisstheit om handtering av immaterielle rettar som eit strategisk verktøy både i næringsliv, i forskingsinstitusjonar, hos offentlege styresmakter og i resten av samfunnet. Samtidig tyder målingar på at norske føretak bruker immaterielle rettar i mindre grad enn verksemder i mange andre land. Nasjonale undersøkingar tyder på eit behov for meir kompetanse og bevisstheit om immaterielle rettar i Noreg.
Utviklinga aukar også behovet for eit tidsriktig, harmonisert og oppdatert regelverk på feltet. I tillegg blir behovet større for ei framtidsretta norsk patentmyndigheit som er godt tilpassa den nye økonomiske og teknologiske verkelegheita norske verksemder handterer dei immaterielle verdiane sine i.
Når immaterielle verdiar får meir å seie økonomisk, får dei også meir å seie næringspolitisk. I St.meld. nr. 7 (2008–2009) Et nyskapende og bærekraftig Norge peiker regjeringa på behovet for auka kompetanse og eit oppdatert regelverk for immaterielle rettar. Det er følgt opp med ei styrking av utdanningstilbodet på feltet, ei oppdatering av gjeldande regelverk, og ei styrking av rettleiinga til føretaka i regi av det offentlege verkemiddelapparatet.
Det er ikkje gitt at alle immaterielle verdiar kan eller bør vernast formelt. Mange innovasjonar kjem i form av forbetringar eller ved at eksisterande løysingar blir brukte på ein ny måte som ikkje oppfyller krava til formell registrering. Heller ikkje der rettsvern er mogleg, er det nødvendigvis den beste måten å sikre dei økonomiske interessene til føretaket på. I mange tilfelle kan hemmeleghald, rask utviklingstakt eller merkevarebygging gi konkurransefortrinn.
Samtidig bør alle verksemder vere bevisste når det gjeld handtering og vern av immaterielle verdiar. Dersom konkurrenten kopierer kjerneverdiane i verksemda eller dei forsvinn med nøkkelmedarbeidarar, kan det i verste fall bety slutten for verksemda. Verksemdene bør og kunne opptre riktig overfor immaterielle verdiar og rettar som tilhøyrer andre. Det å krenkje andres rettar kan få alvorlege konsekvensar, som søksmål, erstatningskrav og straffeforfølging.
Verksemdene har sjølve ansvaret for å handtere dei immaterielle verdiane sine. Styresmaktene skal leggje til rette med gode rammevilkår for næringsutvikling og innovasjon, og føre ein politikk som støttar opp under verksemdene i deira handtering av immaterielle verdiar og rettar.
Styresmaktene i mange land aukar merksemda om immaterielle rettar og politikkutviklinga i andre land gir oss høve til å lære og er med på å skjerpe konkurransesituasjonen for norsk næringsliv.
Regjeringa vil halde fram med å styrkje vilkåra for handtering av immaterielle rettar i næringslivet og forskingsinstitusjonane. I denne meldinga presenterer regjeringa ein langsiktig politikk som skal bidra til større strategisk, bevisst og lønnsam bruk av immaterielle verdiar og rettar i norsk næringsliv og forsking.
1.2 Regjeringa sin politikk for immaterielle verdiar og rettar
Regjeringa sin politikk for immaterielle verdiar og rettar femner breitt. Hovudmålet er at norsk næringsliv og offentlege aktørar skal bli betre til å utnytte verdiskapingspotensialet som ligg i ei god handtering av eigne immaterielle verdiar og rettar. For å nå dette målet vil regjeringa rette innsatsen mot seks område:
Slutte Noreg til internasjonale avtalar og oppdatere regelverk og ordningar
Regelverket for immaterielle rettar regulerer rolla til patentmyndigheitene, kva som blir verna, kor langt vernet strekkjer seg, og korleis dei immaterielle rettane blir sikra og handheva. Tilslutning til internasjonale avtalar og eit oppdatert nasjonalt regelverk er viktig for å sikre eit velfungerande system for handtering av immaterielle rettar. Eit godt system gjer det mogleg for norske verksemder å sikre og handheve rettane sine og stimulerer til utvikling av ny kunnskap i form av nye tekniske løysingar eller kulturelle uttrykk.
Noreg har i dag eit regelverk som gjennomgåande er tidsriktig og oppdatert. Som eit ledd i arbeidet med å sikre norsk næringsliv best moglege konkurransevilkår internasjonalt, vil regjeringa halde fram med å utvikle og harmonisere regelverket for immaterielle rettar. Regjeringa meiner at regelverket og systemet for immaterielle rettar i Noreg bør fungere som insentiv for både private og offentlege verksemder som vil investere i innovasjon og verdiskaping.
For å slutte Noreg til internasjonale avtalar og oppdatere regelverk og ordningar vil regjeringa mellom anna
sende på høyring forslag om norsk tilslutning til London-avtalen
undersøkje om det er mogleg å få etablert eit privat, kommersielt tilbod om rettstvistforsikring for immaterielle rettar i den norske marknaden
vurdere behovet og moglegheitene for vitnefritak for patentfullmektigar og innføring av ei norsk autorisasjonsordning
Betre opplæringa i immaterielle verdiar og rettar
Immaterielle rettar har fått større betydning, og delar av næringslivet etterspør fleire medarbeidarar og kandidatar med relevant utdanning. Dette er særlig aktuelt innanfor fag som jus, teknologi, økonomi og administrasjon. Eit betre utdanningstilbod vil bidra til å møte det aukande behovet for kompetanse om immaterielle rettar blant framtidige arbeidstakarar, i næringslivet, i patentekspertbransjen, i verkemiddelapparatet og i rettsvesenet. Vidare vil eit godt etter- og vidareutdanningstilbod bidra til å heve og utvikle kompetansenivået hos dagens arbeidstakarar. Det er også eit behov for auka bevisstheit om immaterielle rettar blant barn og unge.
Regjeringa er oppteken av at tilbodet om opplæring i immaterielle rettar må bli betre i heile utdanningsløpet – i grunn- og vidaregåande opplæring, i høgare utdanning og i relevante etter- og vidareutdanningar. For å betre opplæringa i immaterielle rettar vil regjeringa mellom anna:
leggje til rette for at deltakarar i Ungt Entreprenørskap får større kompetanse og bevisstheit om immaterielle rettar
be Patentstyret innleie ein dialog med Utdanningsdirektoratet, Kommunesektorens organisasjon (KS) og Ungt Entreprenørskap med sikte på å skape interesse for immaterielle rettar i grunn- og vidaregåande opplæring
be Forskingsrådet arbeide for at doktorgradsutdanningar som blir finansierte med midlar frå Nærings- og handelsdepartementet, inneheld opplæring i immaterielle rettar der dette er formålstenleg
Vidareutvikle Patentstyret
Patentstyret er den norske nasjonale myndigheita for behandling av søknader om patent, varemerke og designvern. I tillegg er Patentstyret eit nasjonalt kompetansesenter for industrielle rettar. Gjennom forvaltning og spreiing av kunnskap om industrielle rettar er Patentstyret ein del av det norske innovasjonssystemet. Regjeringa meiner at eit velfungerande immaterialrettssystem og ei velfungerande myndigheit er eit sentralt rammevilkår for at verksemder skal velje å basere den nyskapande verksemda si i Noreg.
Regjeringa ønskjer at Patentstyret skal utvikle seg vidare, både som forvaltar av og som eit kompetansesenter for industrielle rettar i Noreg. For at Patentstyret skal lykkast med dette, må etaten ha god og relevant kompetanse, og gode rutinar for ei effektiv saksbehandling. Patentstyret må aktivt følgje med og overvake den teknologiske utviklinga og analysere kva konsekvensar ho kan ha for arbeidet i etaten i tida framover. Regjeringa ventar også at Patentstyret saman med dei andre næringsretta verkemiddelaktørane gir myndigheitene råd i politikkutviklinga på feltet.
For at Patentstyret skal utvikle seg vidare til nytte for norske aktørar, vil regjeringa mellom anna be Patentstyret om å
medverke til at næringslivet i større grad inkluderer bruk av immaterielle rettar i sin eigen forretnings- og kommersialiseringsstrategi
vere ein pådrivar overfor dei andre verkemiddelaktørane for å inkludere immaterialrettslege perspektiv i oppgåveløysinga og tenestetilbodet deira på ein formålstenleg måte
arbeide vidare med å etablere ein nettstad med informasjon om piratkopiering og varemerkeforfalsking
Vidareutvikle det samla rettleiingstilbodet innanfor immaterielle verdiar og rettar
Det næringsretta verkemiddelapparatet består mellom anna av Innovasjon Noreg, Designrådet, Forskingsrådet, SIVA og Patentstyret. Dei har ulike roller, ansvar, kompetanse og oppgåver som skal vere komplementære innanfor ei samla verdikjede frå idé til marknad. Regjeringa er oppteken av at samarbeidet mellom aktørane skal resultere i at ulike tenester utfyller kvarandre og framstår på ein heilskapleg og einsarta måte for verksemdene. Dette er også viktig for å kunne møte dei endringane som skjer internasjonalt. Det er mellom anna etablert samarbeidsavtalar mellom Patentstyret og høvesvis Forskingsrådet, Norsk Designråd og Innovasjon Noreg.
I dag finst det ingen enkeltaktør som kan tilby informasjon og rettleiing om heile spekteret av immaterielle rettar, frå opphavsrett til patent, til alle relevante målgrupper. Regjeringa ønskjer eit framtidsretta og samordna verkemiddelapparat som bidreg til å styrkje bevisstheita og kompetansen om immaterielle rettar i norsk næringsliv.
For å vidareutvikle det samla rettleiingstilbodet om immaterielle verdiar og rettar vil regjeringa mellom anna
kartleggje behova nærare og identifisere moglege løysingar for ei samla informasjons- og rettleiingsteneste om immaterielle rettar og verdiar
etablere ei rettleiings- og rådgivingsteneste for små og mellomstore bedrifter
medverke til å utvikle Innovasjon Noreg si rettleiing til norske bedrifter om immaterielle rettar i særleg relevante internasjonale marknader og be Innovasjon Noreg vurdere korleis ei betra rettleiingsteneste kan utformast
Nedkjempe piratkopiar og varemerkeforfalskingar
Omfanget av piratkopiering og vareforfalsking aukar, og handelen med falske varer og piratkopiering av programvare, musikk og film har vakse det siste tiåret. Samtidig viser ei rekkje døme at omfanget av piratkopiering blir mindre der det blir lagt til rette for lovlege løysingar.
Regjeringa ser at det må til eit breitt sett av tiltak for å nedkjempe piratkopiering og varemerkeforfalsking. Det vil vere behov for regelverksendringar og tiltak for informasjons- og haldningsarbeid. I tillegg må det leggjast til rette for attraktive og lovlege løysingar. Utvikling av digitalt berekraftige forretningsmodellar som forbrukarane faktisk ønskjer å bruke, er eit ansvar som i hovudsak ligg på aktørane i bransjen. Piratkopiering og varemerkeforfalsking er samtidig internasjonale utfordringar som tilseier ein samla innsats gjennom internasjonalt samarbeid.
For å redusere omfanget av piratkopiering og varemerkeforfalsking vil regjeringa mellom anna
styrkje regelverket for handheving av rettar etter åndsverklova ved ein revisjon av denne lova
arbeide for å etablere ein nettstad med informasjon om piratkopiering og varemerkeforfalsking og etablere eit tilhøyrande myndigheitssamarbeid
styrkje regelverket mot import av falske legemiddel
Betre kunnskapsgrunnlaget for vidare politikkutvikling
Politikkutviklinga på eit område blir ikkje betre enn det kunnskapsgrunnlaget ho kviler på. I næringspolitikken inneber det at regjeringa er avhengig av å ha god kunnskap om samanhengen mellom innsatsen på eit område og den effekten innsatsen har på verdiskapinga. Når det gjeld immaterielle rettar, er det stort sett god kunnskap om kor mange rettar det blir søkt om i verda, medan kunnskapen er langt dårlegare mellom anna om kva effekt omfanget av immaterielle rettar har på verdiskapinga i den enkelte bedrifta, i ei næring eller i eit heilt land.
For offentlege styresmakter vil det difor vere ønskjeleg med økonomiske analysar som koplar data for immaterielle rettar mot andre datakjelder. Dette kan bidra til å auke kunnskapen om samanhengane mellom immaterielle rettar, innovasjon og verdiskaping.
For å betre kunnskapsgrunnlaget for vidare politikkutvikling vil regjeringa mellom anna
be Patentstyret medverke til eit forbetra datagrunnlag, mellom anna gjennom å leggje til rette for auka innrapportering av organisasjonsnummer ved søknader om rettar
vurdere korleis analysar av tilhøvet mellom immaterielle rettar og verdiskaping kan inngå i utvikling av kunnskapsgrunnlaget
jamleg invitere til konferansar for å diskutere utvalde problemstillingar om handteringa av immaterielle verdiar og rettar i det norske innovasjonssystemet
1.3 Om innhaldet i meldinga
Denne meldinga handlar om immaterielle verdiar og rettar i eit nærings- og innovasjonspolitisk perspektiv, og presenterer ein politikk som skal bidra til ein meir strategisk, bevisst og lønnsam bruk av immaterielle verdiar og rettar i norsk næringsliv, universitet, høgskolar, helseføretak, forskingsinstitutt og hos relevante offentlege aktørar.
Ulike politikkområde skal ta vare på ulike omsyn som av og til kan komme i konflikt. Dette er særleg relevant i diskusjonar om innovasjon og næringsutvikling basert på immaterielle verdiar. Politikken som har som mål å fremme utvikling av immaterielt innhald i seg sjølv, til dømes kultur- og kunnskapspolitikken, skil seg frå politikken som har som mål å fremme utviklinga av tenester som baserer seg på innhald, gjerne immaterialrettsleg verna materiale. Næringspolitikken byggjer dermed delvis på andre omsyn enn kultur- eller kunnskapspolitikken og har ikkje nødvendigvis dei same målsetjingane. Så lenge dei politiske målsetjingane ikkje er like, kan det oppstå tilfelle der næringspolitiske interesser ikkje fell saman med kultur- eller kunnskapspolitiske interesser. På områda der interesser og mål ikkje dekkjer kvarandre heilt, vil regjeringa ta omsyn til desse forskjellane ved utforming av politikk og verkemiddel og ved vurdering av måloppnåing.
Spørsmålet om rettar til og rettferdig deling av gode kan vere aktuelt i samband med bruken av immaterielle rettar, til dømes ved bruk av rettar som omfattar biologisk materiale og utnytting av moderne bioteknologi. Vidare kan tilhøvet mellom vern av immaterielle rettar og helse og utvikling i utviklingsland vere ei aktuell problemstilling. Slike spørsmål er til dels regulerte i internasjonale regelverk og er gjenstand for grunnleggjande og aktuelle debattar i andre samanhengar. Dei blir ikkje behandla i meldinga. Det blir heller ikkje foreslått konkrete endringar i lover og forskrifter.
Meldinga er delt inn i fem kapittel. Kapittel 2 beskriv rammeverket for handtering av immaterielle rettar i norsk næringsliv og norske forskingsinstitusjonar. Mellom anna er Patentstyret, som er nærare omtala i 2.3 ein sentral aktør i dette biletet. Kapittel 3 beskriv status for immaterielle rettar i Noreg i lys av sentrale internasjonale utviklingstrekk. Kapittel 4 gjer greie for regjeringa sin politikk for handtering av immaterielle verdiar og rettar, kva rolle han speler i næringspolitikken, og korleis regjeringa vil leggje til rette for at norsk næringsliv betre kan utnytte det verdiskapingspotensialet som ligg i ei bevisst og strategisk handtering av immaterielle verdiar og rettar. Det avsluttande kapittel 5 gjer greie for dei økonomiske og administrative konsekvensane av framlegget.
1.4 Om utarbeidinga av meldinga
1.4.1 Innspelsseminar og møte
Immaterielle verdiar og rettar er eit vidt tema, som er aktuelt for ei rekkje aktørar og på mange samfunnsområde. For å samle erfaringar og kunnskap frå næringslivet og andre relevante aktørar har departementet i arbeidet med meldinga lagt vekt på å innhente innspel frå ulike miljø.
Hausten 2011 blei ei ressursgruppe sett saman av representantar frå nærare 40 ulike aktørar i næringsliv, interesseorganisasjonar, offentlege myndigheiter, det næringsretta verkemiddelapparatet, kommersialiseringsaktørar, universitet, høgskolar og helseføretak.
Det har vore halde to innspelsseminar i denne ressursgruppa, eit rundebordsmøte om import av falske legemiddel, eit innspelsseminar i regi av Næringslivets hovedorganisasjon (NHO) og ein større innspelskonferanse.
I tillegg er det gjort fleire intervju, og det er gjennomført studiebesøk til relevante styresmakter og patentmyndigheiter i Danmark, Finland og Sverige.
1.4.2 Skriftlege innspel
Nærings- og handelsdepartementet sende hausten 2011 ut eit brev til ei rekkje aktørar i det norske innovasjonssystemet og bad om skriftlege innspel til meldingsarbeidet:
Kva kjenneteiknar tilhøvet til immaterielle rettar i din sektor eller bransje?
Kva er dei viktigaste utfordringane på immaterialrettsfeltet for verksemda di?
På kva måte bør handteringa av rettar gjennomførast for å bidra til å sikre internasjonal konkurransekraft for norsk næringsliv?
Har du forslag og innspel til viktige tema som bør vurderast i meldingsarbeidet?
Departementet fekk mange skriftlege innspel som er nytta i arbeidet med meldinga. Alt i alt tyder innspela på at norsk næringsliv vurderer immaterielle rettar som stadig viktigare.
1.4.3 Sentrale tema frå innspela
Innspela som kom inn, dekkjer ei rekkje tema. Her summerer departementet opp dei mest sentrale.
Kompetanse og bevisstheit
Mange av innspela trekkjer fram behovet for større kompetanse og bevisstheit om immaterielle rettar både i næringslivet og i forskingsmiljøa, og foreslår ein forsterka offentleg innsats på dette området. Det næringsretta verkemiddelapparatet melder også om aukande behov for rettleiing, rådgiving og kompetanse om immaterielle rettar og tilhøyrande tenester.
I innspela blir det samtidig streka under at det er store forskjellar mellom verksemdene. Medan mange av dei store selskapa i hovudsak handterer immaterielle rettar på ein systematisk måte, har mindre bedrifter ofte avgrensa føresetnader for å kunne sikre og forvalte eigne immaterielle verdiar og rettar.
Medan somme gir uttrykk for at dei større universiteta har god kompetanse når det gjeld å handtere immaterielle rettar, opplever andre utfordringar i samband med måten forskingsinstitusjonane og kommersialiseringsaktørane handterer immaterielle rettar på. Det blir vidare etterlyst enkle og forståelege avtalemalar og hjelp og rettleiing når det gjeld immaterielle rettar og kommersialisering som ein del av den forskingsadministrative støtta og infrastrukturen.
I fleire av innspela blir det teke til orde for ei satsing på immaterielle rettar i utdanningssektoren. Særleg blir meir og betre undervisning i immaterielle rettar innanfor høgare utdanning etterlyst. Mellom anna blir det foreslått å inkludere immaterialrett i pensum innanfor juridiske, tekniske og økonomiske fag. Vidare blir det teke til orde for at immaterielle rettar også bør vere eit frittståande fag, og at moglegheitene for å ta mastergrad og doktorgrad på feltet bør styrkjast.
I enkelte av innspela blir det trekt fram at kompetansen om samspelet mellom immaterielle rettar og standardar er heller liten. Ifølgje desse innspela er det difor behov for ei styrking av kunnskapen på området, spesielt i det offentlege verkemiddelapparatet og blant ekspertane som er involverte i standardiseringsarbeid.
Mange opplever informasjonen og rettleiinga om immaterielle rettar i dag som fragmentert, mangelfull og lite tilgjengeleg. Somme foreslår å etablere eit nasjonalt organ som gir rettleiing og råd om immaterielle rettar til fleire ulike brukargrupper, og andre tek til orde for å leggje ein slik funksjon til Patentstyret og/eller Innovasjon Noreg, basert på deira respektive kompetanse- og ansvarsområde, medan andre igjen foreslår å leggje ein slik funksjon til eit universitet. Det blir også foreslått å etablere næringslivsnettverk der verksemdene kan nyttiggjere seg erfaringane til kvarandre når det gjeld strategisk bruk av immaterielle rettar.
I mange innspel blir det uttrykt bekymring for det store omfanget av piratkopiar, varemerkeforfalskingar og import av falske legemiddel. Utfordringane knyter seg til behov for regelverksendringar, grensekontroll, haldningsarbeid og lettare tilgjengeleg informasjon.
Arbeidet for auka kompetanse og bevisstheit om immaterielle verdiar og rettar er i hovudsak omtala i kapittel 2 (2.3 og 2.4), kapittel 3 (3.4) og kapittel 4 (4.4, 4.5, 4.6 og 4.8).
Regelverk og ordningar
Mange innspel poengterer behovet for eit tidsriktig og betra regelverk som i større grad er harmonisert med resten av verda, og særleg med EU. Mellom anna blir det teke til orde for norsk tilslutning til London-avtalen6, tilknyting til EUs fellesordningar for immaterielle rettar7, høve til å pantsetje immaterielle rettar, implementering av EUs pediatriforordning, etablering av ein norsk særdomstol for immaterielle rettar, konkurranserett og marknadsføringsrett.
I enkelte innspel blir det peikt på at patentfullmektigane og ekspertbransjen møter skarpare konkurranse frå internasjonale aktørar som har etablert seg i den norske marknaden. Det blir teke til orde for å innføre eit norsk såkalla patentrådgivarklient-privilegium, som òg regulerer kven som kan kalle seg patentfullmektig i Noreg, og fritak frå vitneplikta for fullmektigar, for å gjere patentfullmektigbransjen meir konkurransedyktig internasjonalt.
Fleire innspel handlar om universitets- og høgskolelova og arbeidstakaroppfinningslova. Det blir etterlyst større tydelegheit om rettstilstanden på området og forslag om rettleiings- eller tolkingsdokument til regelverket. Somme tek til orde for at arbeidstakaroppfinningslova bør omfatte andre typar immaterielle rettar i tillegg til oppfinningar. Andre peiker på utfordringar i forhandlingar om avtaletekst om immaterielle rettar i arbeidsavtalar, tilsetjingskontraktar og studentarbeid. Enkelte aktørar gir uttrykk for at den grunnleggjande retten universiteta har til å forske vidare på eigne resultat som har komme fram i samarbeid med eksterne partar, bør lovfestast. Det har også komme innspel om potensielle problemstillingar knytte til eit mogleg erstatningsansvar hos universitet ved brot på andres immaterielle rettar.
Departementet har fått mange innspel som handlar om samarbeid mellom næringslivet og universitets- og høgskolesektoren. Enkelte meiner at gjeldande rett på området balanserer akademisk fridom og behovet for institusjonell kontroll på ein tilfredsstillande måte. Dei opplever at samarbeidspartnarane i næringslivet er kompetente, og at samarbeidet er tilfredsstillande. Andre melder at dette samarbeidet er krevjande, og strekar under kor viktig det er med klare og gode avtalar og større kompetanse.
Dagens regelverk og ordningar for immaterielle rettar i Noreg er nærare beskrive i kapittel 2, medan arbeidet med å harmonisere og utvikle dei i hovudsak er omtala i kapittel 4 (4.3, 4.5, 4.6 og 4.7).