Meld. St. 28 (2012-2013)

Unike idear, store verdiar – om immaterielle verdiar og rettar

Til innhaldsliste

3 Status for handtering av immaterielle rettar

Figur 3.1 

Figur 3.1

Foto: iStockphoto

Talet på registrerte immaterielle rettar aukar over heile verda. I tillegg er internasjonal handel med og samarbeid om immaterielle rettar aukande. Dette speglar at innovasjon skjer på tvers av landegrensene, og i aukande grad blir patent kunngjorde med oppfinnarar frå ulike land.1 Meir digitalisering og veksten i handelen med varer og tenester over Internett utfordrar gjeldande reguleringar av immaterielle rettar.

Dette kapitlet beskriv status for immaterielle rettar i Noreg i lys av sentrale internasjonale utviklingstrekk på feltet.

3.1 Registrering av immaterielle rettar

Norsk næringsliv søkjer i mindre grad om registrering av immaterielle rettar enn næringslivet i mange andre land. Talet på søknader aukar heller ikkje i takt med søkinga internasjonalt, som illustrert i figur 3.2.

Figur 3.2 Endringar i patentsøknader.

Figur 3.2 Endringar i patentsøknader.

Kjelde: Innovation Union Scoreboard 2011

Det finst ikkje eit definert idealnivå for registrering av immaterielle rettar. Forskjellane mellom Noreg og andre land har truleg fleire årsaker. Mellom anna kan dei ha samanheng med samansetnaden av norsk næringsliv, i tillegg til forskjellar i innovasjonstakt, konkurranse, teknologiintensitet og liknande i dei ulike næringane. Land som Finland, Sverige og Danmark, som har større delar av næringslivet sitt innanfor elektronisk og farmasøytisk industri enn Noreg, har også eit større omfang av patentering og anna vern. Samtidig er det forskjellar mellom landa med omsyn til det nasjonale systemet, kultur og kompetanse om immaterielle rettar, noko som kan verke inn på bruken av immaterielle rettar i næringslivet.

Kommersialisering og registrering av patentar av forskingsresultat frå norske universitet, høgskolar, helseføretak og forskingsinstitutt har auka dei seinare åra. Dette skjerpar krava til forvaltninga av immaterielle verdiar også for desse forskingsmiljøa.

3.1.1 Aukande registrering internasjonalt

Talet på registrerte rettar og søknader om immaterielle rettar aukar globalt. Sidan 1980-talet er talet på varemerkesøknader meir enn tredobla, og talet på søknader om designregistrering blei meir enn dobla frå 2000 til 2009.2 Frå 2009 til 2010 var veksten i talet på varemerkesøknader 7,8 prosent, for patent 7,2 prosent og for design 14 prosent.3 I 2012 var det registrert omlag 7,9 millionar patent, 23 millionar varemerke og 2,5 millionar design i verda.4

Ulike land har i ulike periodar medverka til denne veksten. Japan hadde den største veksten på 1980-talet, USA, Europa og Sør-Korea på 1990-talet. I dag står Kina for den sterkaste veksten. Veksten i talet på søknader om rettar synast i stor grad å følgje den økonomiske utviklinga i eit land.

I global samanheng har talet på internasjonale patentsøknader frå universitet og andre offentlege forskingsaktørar vakse frå null i 1980 til 15 000 i 2010.5

Bruken av immaterielle rettar blir også meir variert. Dei siste ti åra har omfanget av patentering auka på område som programvare og genetisk materiale, og i enkelte land på ikkje-teknologiske område som forretningsmodellar.

Stadig fleire verksemder sikrar seg større handlefridom på teknologiområdet gjennom å byggje opp store patentporteføljar, mellom anna innanfor telekommunikasjon, programvare og optikk. Slik oppbygging kan samtidig hemme for innovasjonar frå andre aktørar på same område.

Auken i bruken av immaterielle rettar gjer det stadig meir utfordrande for bedriftene å halde oversikt over rettar innanfor sin bransje og marknadene dei opererer i. Risikoen for å krenkje andres rettar aukar, samtidig som det blir meir krevjande å forsvare eigne rettar.

Den veksande søknadsmengda legg press på patentmyndigheitene i store delar av verda. Generelt blir søknadene større og meir komplekse. Det krev lengre saksbehandlingstid og meir gransking, og bidreg til at stadig fleire søknader blir liggjande ubehandla hos dei ulike patentmyndigheitene. I 2010 var meir enn 5 millionar patentsøknader i verda ubehandla.6

Større arbeidsbyrde for patentmyndigheitene kan igjen føre til ein reduksjon i kvaliteten på søknadsbehandlinga.7 Rettar med låg kvalitet får ofte skulda for auken i talet på søksmål og rettstvistar dei siste to tiåra. Sidan midt på 2000-talet har patentmyndigheitene i store delar av verda jobba for å betre kvaliteten.

Mykje tyder på at søknadsmengda vil halde fram å auke. Ubehandla patentsøknader og uavklarte rettstilhøve gjer situasjonen meir utrygg og mindre føreseieleg for næringslivet. Fleire patentverk har difor innført nye tiltak for å dempe dette presset, og mellom anna inngått avtalar om arbeidsdeling.

3.1.2 Liten auke i Noreg

Samanlikna med utviklinga internasjonalt ligg norsk næringsliv på eit lågt nivå når det gjeld registrering av immaterielle rettar.

Figur 3.3 viser patent som er registrerte i alle dei tre store patenteringsområda (EU, USA og Japan), som er eit breitt mål for registreringsaktivitet. Ifølgje denne oversikta har våre nordiske naboar høgare aktivitet enn Noreg.

Figur 3.3 Triadiske patent familiar1, tal per million innbyggjarar, 2010.

Figur 3.3 Triadiske patent familiar1, tal per million innbyggjarar, 2010.

1 Eit sett av patent søkt ved dei tre store patentkontora: EPO, JPO og USPTO.

Kjelde: OECD Factbook 2013: Economic, Environmental and Social Statistics

Desse forskjellane har truleg fleire årsaker og kan tolkast på ulike måtar. Éi mogleg tolking er at investeringane i immaterielle verdiar er lågare i Noreg enn i andre land. Det kan igjen bety at den samla kapitalstokken i Noreg på sikt vil få ei svakare utvikling enn i andre land – med tilsvarande effekt på den økonomiske veksten.

Forskjellane kan også ha samanheng med at norsk næringsliv er prega av næringar med låg vernefrekvens, medan Sverige, Danmark og Finland har fleire store industrielle aktørar som er særleg patentintensive. Norsk næringsliv har mindre omfang av forskings- og innovasjonsaktivitet samanlikna med næringslivet i desse landa, og det er difor ikkje overraskande at norske aktørar har mindre patenteringsaktivitet enn resten av Norden. Dersom vi samanliknar oss med andre råvareproduserande land som Canada og New Zealand, blir biletet meir likt Noreg.

Ei tredje forklaring er forskjellar mellom landa når det gjeld tradisjonar, kunnskapsnivå og graden av bevisstheit om immaterielle verdiar og rettar. Dette kan verke inn på bruken av immaterielle rettar i næringslivet.

3.1.2.1 Bruken av immaterielle rettar blant norske aktørar

Bruken av immaterielle rettar varierer i norsk næringsliv. I innovasjonsundersøkinga til Statistisk sentralbyrå (SSB) for perioden 2008–2010 svarer 39 prosent av dei innovative føretaka at dei ikkje vernar innovasjonane sine.8

Føretaka som vernar innovasjonane sine, nyttar både formelle og uformelle vernemetodar. Dette er illustrert i figur 3.4. Uformelle vernemetodar er meir utbreidde enn dei formelle, og 37 prosent av føretaka oppgir at dei bruker tidsforsprang på konkurrentane som den viktigaste sikringsmetoden. Deretter følgjer hemmeleghald og kompleks utforming og design, som blir oppgitt av høvesvis 30 og 22 prosent av innovatørane. Undersøkinga viser dessutan at føretak med omfattande bruk av uformelle vernemetodar også nyttar dei formelle metodane. Dei ulike metodane utelukkar altså ikkje kvarandre, men er gjensidig utfyllande.

Figur 3.4 Metodar for innovasjonsvern, 2006–2008 og 2008–2010. Prosentdel blant føretak med produkt- og/eller prosessinnovasjon.

Figur 3.4 Metodar for innovasjonsvern, 2006–2008 og 2008–2010. Prosentdel blant føretak med produkt- og/eller prosessinnovasjon.

Kjelde: Statistisk sentralbyrås Innovasjonsundersøkingar 2006–2008 og 2008–2010.

Sidan uformelle metodar ikkje vernar reint juridisk, kan dei også brukast der eit produkt ikkje oppfyller krava til formelt vern. Vilkåra for å få innvilga eit patent er strenge og kostnadskrevjande. Å nytte dei uformelle metodane stiller lågare krav til føretaka om kompetanse og investeringar.

15 prosent av føretaka søkte om patent, medan designvern blei brukt av 8 prosent av dei innovative bedriftene. Varemerke er den mest brukte formelle verneforma, og blir brukt av 21 prosent av dei innovative bedriftene.

Resultata for dei ulike verneformene i innovasjonsundersøkinga til SSB har lege stabilt sidan 2004. Undersøkinga for 2008–2010 viser ein svak oppgang på alle dei tre områda for formelle vernemetoder, samtidig som prosentdelen innovative føretak har gått ned. Dette har truleg samanheng med den internasjonale finansuroa, som førte til at bedriftene endra åtferd. Ei mogleg forklaring er at føretaka valde å gjennomføre meir samansette prosjekt med meir bruk av formelle vernemetodar, medan dei enklare prosjekta med meir uformelle sikringsmekanismar blei utsette eller kansellerte.

Føretak i lite innovative næringar vernar i mindre grad innovasjonane sine enn bedrifter i dei mest innovative næringane. Industriføretaka produserer fysiske produkt, der utsjånad og utforming er viktig, i større grad enn føretak i tenesteytande næringar.Dei store industriføretaka rapporterer den største prosentdelen patentsøknader, medan bruken av patent er mindre utbreidd i dei tenesteytande næringane. Store industriføretak er også hyppigare brukarar av designvern enn tenestebedrifter. I industrien blir varemerke brukte like hyppig som patent.

3.1.2.2 Søknader om formelle rettar

Vernegrad og -metodar varierer mellom næringar og etter storleiken på bedriftene. Generelt registrerer større føretak rettane sine hyppigare enn mindre føretak. I overkant av 40 prosent av søknadene til Patentstyret er frå små og mellomstore bedrifter, og denne prosentdelen er relativt stabil.

Dei seinare åra har det vore ein svak nedgang i talet på søknader om patent-, varemerke- og designrettar frå norske aktørar til Patentstyret. I 2006 fekk Patentstyret inn 1 119 patentsøknader, medan det i 2011 kom inn 1 083. Det har i tillegg vore ein reduksjon i talet på patentsøknader frå utanlandske søkjarar, som følgje av den norske medlemskapen i EPO. Talet på antall designsøknader har òg gått ned. Dette må vi sjå i samanheng med endringar i designregelverket, som no tillèt at éin søknad kan innehalde fleire design. Nedgangen gir difor ikkje grunnlag for å hevde at norske aktørar registrerer færre designar enn tidlegare.

Talet på søknader som norske aktørar leverer inn til Patentstyret, gir ikkje eit fullstendig bilete av patenteringa frå norske verksemder, ettersom norske aktørar óg kan sikre seg rettar i Noreg ved å søkje til EPO. Norske søknader til EPO og bruk av EU-varemerke og EU-design gir eit tilsvarande avgrensa bilete. Norske føretak kan óg fremje nasjonale søknader i andre land, til dømes USA og Japan, og det er krevjande å samle informasjonen frå dei ulike kjeldene til eit heilskapleg bilete.

Tilgangen til data om i hvilken grad norske verksemder patenterer er generelt avgrensa i Noreg. Per i dag blir patent registrerte utan at dei blir knytte til person- eller organisasjonsnummer. Det gir igjen avgrensa moglegheiter til å analysere data. Statistisk sentralbyrå har starta arbeidet med eit eige patentregister som inkluderer identifisering av patenteigaren. Eit slikt register vil vere ei stor forbetring av statistikkgrunnlaget på patentområdet.

3.1.2.3 Patentering ved universitet og i forskingsmiljø

Kommersialisering skal bidra til at forskingsbaserte idear frå universitet, høgskolar, helseføretak og forskingsinstitutt kjem ut i marknaden og bidreg til ny verdiskaping. Patentering kan vere eitt av stega i kommersialiseringsprosessen.

FoU ved forskingsinstitutta resulterer også i patent, lisensar og nyetableringar. Nokre av institutta får fram resultat som kan patenterast og sidan danne grunnlag for lisensiering. Somme resultat kan også danne grunnlag for kommersielle produkt og tenester. Slike resultat blir ofte leverte på oppdrag av allereie eksisterande bedrifter, men i nokre tilfelle er det også aktuelt å etablere nye verksemder for å bringe resultata over i kommersiell bruk.

Ikkje uventa er det først og fremst dei teknisk-industrielle institutta som bringar fram formelle immaterielle rettar. Desse institutta fekk i gjennomsnitt godteke 19 patent, og selde 133 lisensar kvart år i perioden mellom 2001 og 2010. Det blei i gjennomsnitt etablert 8 nye bedrifter årleg med utgangspunkt i resultata frå dei teknisk-industrielle institutta. Også primærnæringsinstitutta bringar fram nokre patent, lisensar og nyetableringar.9

Som figur 3.5 viser, kjem om lag 1,2 prosent av patentsøknadene til EPO frå universitet og andre offentlege forskingsinstitusjonar. Noreg plasserer seg under OECD- og EU27-snitta. Sverige har også ein låg prosentdel, men det har samanheng med at Sverige framleis har «lærarunntak», noko som inneber at universitetstilsette sjølve eig oppfinningar og resultat dei har utvikla i arbeidstida.

Figur 3.5 Patentsøknader frå universitet og andre offentlege forskingsinstitusjonar som prosentdel av alle EPO-søknader.

Figur 3.5 Patentsøknader frå universitet og andre offentlege forskingsinstitusjonar som prosentdel av alle EPO-søknader.

Kjelde: Forskingsbarometeret 2012 og OECD Measuring Innovation 2010.

3.2 Handel med og samarbeid om immaterielle rettar

Innovasjon skjer ofte i samarbeid mellom fleire aktørar, og blir utløyst ved sirkulasjon av idear og kunnskap. Registrerte rettar kan brukast aktivt for å etablere innovasjonssamarbeid og dele kunnskap og teknologiar. Innlisensiering og kjøp av rettar sikrar tilgang til teknologi og kunnskap som kan bidra til kommersialisering av eigne produkt. Utlisensiering og sal av rettar kan bidra til innovasjon og verdiskaping i andre verksemder, samtidig som dei gir inntekter for den verksemda som sel eller lisensierer ut.

3.2.1 Internasjonal utvikling

Dei siste tiåra har handelen med immaterielle rettar auka i mange land. Det er etablert eigne børsar, auksjonar, nettbaserte marknadsplassar, partnarmøte og meklarhus for å leggje til rette for denne handelen, nasjonalt og internasjonalt. Også aktørar innanfor kommersialisering og teknologioverføringskontor ved forskingsinstitusjonane er involverte i denne typen handel.

Ettersom verdsettinga av transaksjonar er vanskeleg å etterprøve, veit vi lite om kor stort omfang omsetninga av immaterielle rettar har. Tilgjengeleg informasjon tyder på at marknaden er i rask utvikling. I OECD-landa vaks dei samla inntektene og utgiftene til lisensiering for alle typar immaterielle rettar med 10,6 prosent årleg frå 2000 til 2010. Det er godt over veksten i OECDs BNP i same periode. Samtidig er prosentdelen patenthavarar som lisensierte ut sin eigen teknologi til andre bedrifter, berekna til 13 prosent i Europa og 24 prosent i Japan. Den estimerte storleiken på den globale marknaden for teknologi er på om lag 100 milliardar USD.10

Utviklinga av ein global marknad for immaterielle rettar kan fremme spreiing av kunnskap og teknologi. Utviklinga slår mellom anna ut i strategisk åtferd blant enkelte aktørar. Store produsentar, aleine eller gjennom alliansar, investerer i porteføljar av relevante rettar på lovande teknologiområde. Stadig fleire føretak innrettar FoU-innsatsen og samarbeidet etter standardiseringsprosessar som allereie er i gang, i eit forsøk på å sørgje for at deira eigen patenterte teknologi blir ein del av nye standardar. Dette skjer både i teknologiutviklingsfasen, under standardiseringsprosessen og ved etablering av såkalla patent pools. Patent som ligg til grunn for teknologien som skal standardiserast, er av spesiell interesse.

Samtidig opnar utviklinga for praksis og strategiar som kan vere uheldige for den samla verdiskapinga. Eit døme er verksemder som kjøper opp patentrettar utan å etablere eigen produksjon, såkalla patenttroll eller «non practicing entity» (NPE). Ein NPE baserer verksemda si på inntekter frå føretak som kjem i konflikt med desse rettane, gjennom forhandlingar, forlik eller rettssaker. Den same bekymringa gjer seg gjeldande for omfanget av varemerke. Det er enkelt for verksemder å registrere varemerke i mange klassar, noko som kan føre til at rettar som ikkje er i bruk, hopar seg opp. Dette kan blokkere varemerkeområdet og hindre innovative nykommarar på marknaden. Det er likevel lite som tyder på at norske bedrifter i særleg grad opplever konfliktar med NPE-ar som har rettar på deira område.

Eit anna døme er knytt til kompliserte produkt som mobiltelefonar og fly, som består av mange patenterte komponentar. Utvikling av slike produkt krev ofte lisensar frå mange rettshavarar. Dersom ein patenteigar nektar andre verksemder å bruke innovasjonen som patentet er basert på, kan dette hemme utviklinga på det aktuelle teknologiområdet. Samtidig kan det gi opphav til ny innovasjon som går utanom den rettsverna komponenten.

3.2.2 Utviklinga i Noreg

I ei undersøking frå Patentstyret svarte 6 prosent av dei spurde føretaka at dei lisensierer ut teknologi, og 13 prosent at dei innlisensierer.11

Funna kan tyde på at norske aktørar i noko mindre grad enn aktørar i enkelte andre land nyttar seg av lisensiering og den moglegheita det gir for inntening og tilgang til andre sin teknologi. Det kan også synast som om norske aktørar i liten grad handlar med immaterielle rettar. Det er usikkert om funna som blir presenterte over representerer ei utfordring. Det er óg usikkert i kva grad dette gir eit korrekt bilete av situasjonen, da informasjon om handel og omsetning med immaterielle rettar kan vere vanskeleg å få oversikt over.

Boks 3.1 National Oilwell Varco Norway AS

National Oilwell Varco Norway AS er eit heileigd dotterselskap av National Oilwell Varco Inc., eit internasjonalt selskap som driv med sal, design, fabrikasjon og ferdigstilling av komplette boresystem og produkt til olje- og gassindustrien.

Selskapet utviklar tekniske løysingar som det i prinsippet er mogleg å kopiere. Dersom løysingane er unike, søkjer dei som regel om patentvern. Patenteringa startar ofte i Noreg sidan det er ein fordel å kunne handtere kommunikasjonen lokalt. Som regel blir det sjekka kva som finst av patent når det blir utvikla nye produkt. Det er som oftast da ein ser verdien av patenta, sidan det kostar å lage alternative løysingar. National Oilwell Varco Norway har fleire lisensavtalar der dei utvekslar patentrettar med andre verksemder.

Den seinare tida har selskapet ofte å gått vegen om ein «U.S. Provisional» patentsøknad1, som er både billig og effektivt når ein idé må presenterast raskt i den amerikanske marknaden. I somme tilfelle er dette óg eit nødvendig supplement til ein norsk søknad, sidan han sørgjer for at amerikanske patentgranskarar på eit tidleg stadium får med seg at ideen eksisterer.

1 Ein «U.S. provisional» patentsøknad varer i eitt år og har ikkje vilkår om patentkrav, erklæring eller opplysning om den tekniske stoda. Innan utløpet av dette året må ein vanleg patentsøknad leverast. Når denne søknaden er levert, blir innleveringa datert eitt år seinare enn leveringa av den første søknaden, men likevel slik at nemninga «patent pending» kan nyttast også for det første året. Patentsøkjaren får på denne måten tid til å arbeide vidare med søknaden og sikre seg bevis for at søknaden er levert på eit tidleg tidspunkt.

3.3 Piratkopiering og varemerkeforfalsking

3.3.1 Internasjonal utvikling

Ulovleg kopiering og forfalsking har alvorlege konsekvensar for samfunnet, næringslivet og folk flest. Rettshavarane taper inntekter og må bruke ressursar for å motarbeide problemet. Forbrukarane risikerer dårleg kvalitet, dei har ingen reklamasjonsrett, og i nokre tilfelle kjøper dei helsefarlege produkt.

Over heile verda er piratverksemd og ulovleg varemerkeforfalsking blitt eit stort og aukande problem. Ifølgje OECD utgjorde internasjonalt omsette varemerkeforfalskingar og piratkopiar om lag 250 milliardar USD i 2007,12 og tendensen er veksande. Desse tala omfattar piratverksemd knytt til fysiske produkt. I tillegg kjem digital piratkopiering av musikk, film og programvare.

Mange kulturprodukt er blitt lett tilgjengelege over Internett. Dette har ført til store endringar for mellom anna musikk-, film-, spel- og bokbransjen. Det internasjonale bransjeorganet IFPI har anslått at digital nedlasting utgjorde 50 prosent av det totale salet av musikk i 2011.13

Dei siste åra har likevel omfanget av lovleg nedlasting auka kraftig. Ei undersøking frå IFPI tyder på at bruk av strøymingstenester får piratane til å stele mindre musikk. Spotify er den største tenesta, og er brukt av 25 prosent av dei spurte, medan 12 prosent bruker norske Wimp eller andre tenester.14 Ifølgje Sandvine Global Internet Phenomena Report har omfanget av ulovleg fildeling i den amerikanske marknaden minka, samtidig som innhald formidla via lovlege strøymingstenester som Spotify og Netflix har auka i omfang.

Omsettinga av falske og ulovlege legemiddel aukar i omfang. Konsekvensen av at forbrukarane ikkje veit kva produktet inneheld, og korleis det verkar, kan vere alvorleg. Slike produkt kan til dømes innehalde smittestoff og ulovlege kjemikaliar, restar av løysningsmiddel, giftige fyllstoff og variasjonar i verkestoff per dose. Verdas helseorganisasjon meiner at over halvparten av legemidla som blir kjøpte på Internett frå ikkje godkjende seljarar, er forfalska eller ulovlege.15 Innanfor legemiddelsektoren er det vanskeleg å talfeste omfanget av forfalska legemiddel. Mengda varierer sterkt avhengig av kor strengt sektoren er regulert i dei ulike landa.

Ifølgje OECD er høg forteneste kombinert med låge inngangskostnader mellom dei primære årsakene til det aukande omfanget av ulovleg kopiering og forfalsking. Milde sanksjonar samanlikna med annan kriminalitet bidreg òg til denne auken. I tillegg gjer forbrukarhaldningane til krenkingar av immaterialrett og låg risiko for å bli oppdaga piratkopiering og forfalsking til ei freistande verksemd, og forklarer den kraftige veksten.16

3.3.2 Utviklinga i Noreg

Nivået av piratkopiering og varemerkeforfalsking er høgt også i Noreg.

I 2010 avdekte tollmyndigheitene om lag 220 000 forfalska merkevarer i Noreg, til ein anslått verdi av 40 millionar kroner. I 2011 avdekte kontrollane om lag 160 000 varer til ein verdi av nær 50 millionar kroner.

Business Software Alliance gjennomfører årlege undersøkingar om piratkopiering av programvare.17 I rapportane for 2010 og 2011 innrømmer 63 prosent av alle nordmenn bruk av piratkopiert programvare. Den samla salsverdien av piratkopiert programvare installert i norske datamaskiner – dersom programvara hadde blitt seld over disk – var i 2011 om lag 290 millionar dollar.

Det høge nivået kan forklarast med enkel tilgang og manglande kunnskap, anten om at piratkopiering faktisk er ulovleg, eller om konsekvensane av piratverksemd. Ifølgje ei undersøking gjennomført for NHO og Toll- og avgiftsdirektoratet i 2011 synest éin av fire nordmenn at det er akseptabelt å kjøpe piratvarer, og fire av ti bryr seg lite om at dette krenkjer rettane til merkevareeigarane.18 I undersøkinga svarte 18 prosent at dei hadde kjøpt piratvarer i løpet av dei siste 12 månadene. Prosentdelen var størst i aldersgruppa under 30 år.

I ei undersøking frå Patentstyret blant norske bedrifter i 2011 svarte éin av tre at produkta deira er blitt kopierte, og halvparten av dei oppfattar dette som illojalt eller rettsstridig. Samtidig trur 74 prosent av bedriftene at omfanget av kopiering eller etterlikningar kjem til å auke i tida framover.19

Også i Noreg har nye og lovlege musikkstrøymingstenester som WIMP og Spotify ført til ein nedgang i ulovleg nedlasting av musikk frå Internett i dei seinare åra, og tal frå rettshavarorganisasjonen TONO viser stor vekst i online-inntektene for komponistar og tekstforfattarar. Ei undersøking frå Telenor viser den same fallande tendensen.

Tala knytte til omfang og konsekvensar av piratkopiering er usikre. Samtidig er det svært sannsynleg at omfanget av denne verksemda er omfattande. Det er sett i gang eit omfattande internasjonalt arbeid med å skaffe best mogleg talmateriale, til dømes i regi av EUs observatorium for inngrep i immaterialrettar.

Importen av falske og ulovlege legemiddel til Noreg har auka kraftig dei seinaste åra. Kontrollane tollmyndigheitene gjer, viser at om lag kvar tredje brevpostsending inneheld legemiddel og kosttilskot. Ein vekelang kontrollaksjon gjennomført av tollmyndigheitene i 2009 stansa 757 sendingar med nærare 200 000 legemiddeleiningar. I oppskalert form kan tala tyde på at det kjem inn 10 millionar legemiddeleiningar i landet i løpet av eit år. Ifølgje Statens legemiddelverk er 62 prosent av alle legemiddel som blir kjøpte over Internett, falske.

Konkurranse frå falske og ulovlege legemiddel kan føre til store tap i sal av rettsverna produkt som det ligg store investeringar og mange års utvikling bak. Forfalsking av legemiddel er eit stort problem internasjonalt, og har også nådd den legale forsyningskjeda. Falske legemiddel i apotek er eit problem i mange europeiske land, men problemet er førebels ikkje stort i Noreg.

Boks 3.2 Kampen mot lovlege kopiar – Lærdal Medical

For Lærdal Medical AS er ulovleg kopiering – hovudsakleg frå Kina – av produkta deira eit aukande problem. Lærdal Medical er ein internasjonal leverandør av opplærings- og behandlingsutstyr for livreddande førstehjelp.

Selskapet har i fleire år kjempa systematisk mot kopiverksemd. Erfaringane viser at moglegheita for å lykkast er avhengig av om produkta er verna av immaterielle rettar eller ikkje. I stor grad blir Lærdal-kopiane produserte i Kina. Derifrå blir dei selde både lokalt og internasjonalt.

Produktet MiniAnne er patentverna i mange land – inkludert Kina. Til no har Lærdal avdekt to kopiprodusentar av produktet. Med gyldig patent i Kina er prosessen relativt enkel. Gjennom rettslege skritt mot produsentane har det vore mogleg å stanse produksjonen og avgrense spreiinga av produktet til marknaden – både lokalt i Kina og internasjonalt.

StifneckSelect er eit eldre produkt med avgrensa immaterialrettsleg vern. Det har difor ikkje vore mogleg å stanse produksjonen i Kina. Det som derimot blir gjort, er å aksjonere direkte mot distributørar av kopiprodukta i land som har ei velfungerande marknadsføringslov. Dette har Lærdal lykkast godt med, men det å gå etter mange små distributørar er ein heilt annan kamp enn å ta direkte affære mot produsentane. Prosessen er både tyngre og meir kostbar, i tillegg til at mengda av kopiprodukt ein klarer å stanse, er betydeleg redusert.

Erfaringa til Lærdal Medical AS tilseier at strategisk arbeid med registrering av formelle immaterielle rettar er ein føresetnad for ein vellykka kamp mot kopiar.

3.4 Kompetanse og bevisstheit om immaterielle rettar

Den internasjonale utviklinga og den stadig sterkare konkurransen norske verksemder står overfor, gjer behovet for kompetanse større på ei rekkje område.

Det er gjort undersøkingar om kompetanse og bevisstheit om immaterielle verdiar og rettar i norsk næringsliv, men tilgangen på samanliknbare undersøkingar frå andre land er nokså liten. Nytteverdien av slike samanlikningar vil truleg vere avgrensa, ettersom behovet for kompetanse vil variere, i hovudsak fordi næringslivet i dei enkelte landa har ulike behov for rettsvern og vernemetodar.

Ifølgje Patentstyret sine undersøkingar i eit representativt utval av norske bedrifter20 har internasjonalt orienterte norske verksemder gjennomgåande høgare kunnskapsnivå og søkjer oftare om immaterielle rettar enn andre verksemder. Kunnskapen om og bruken av immaterielle rettar har ikkje endra seg vesentleg blant norske verksemder dei siste åra. Det same gjeld kjennskapen til Patentstyret.

I 2011 svarte 62 prosent av dei spurde bedriftene at det ikkje var viktig for dei å registrere varemerke, designrettar eller patent. Ifølgje 2012-undersøkinga visste 42 prosent av dei spurde bedriftene ikkje kven dei skulle vende seg til dersom dei hadde spørsmål knytte til industrielle rettar. Ei spørjeundersøking gjord av Innovasjon Noreg styrkar dette inntrykket. I undersøkinga svarar 8 prosent av bedriftene at tenestetilbodet i immaterielle rettar er oversiktleg.21

I ei undersøking utført av Respons for advokatfirmaet Grette i 2013 blant bedrifter innanfor industri, kraft, olje og offshore, bygg og anlegg og transport og lager svarer under halvparten av bedriftene at dei har oversikt over eigne rettar, samtidig som dei anslår verdien av dei som relativt låg. 46 prosent anslår verdien til å utgjere mellom null og 25 prosent av den samla verdien i bedrifta, medan 41 prosent ikkje veit kva verdi dei skal setje på dei industrielle rettane.22

Desse undersøkingane kan vere ein indikasjon på at norske bedrifter har behov for meir informasjon og større kompetanse om immaterielle rettar.

3.5 Internasjonal politikkutvikling

Den aukande aktiviteten knytt til immaterielle verdiar skaper større politisk merksemd. Internasjonale organisasjonar og myndigheiter i fleire land har auka innsatsen for å møte utviklinga. Eksempelvis har Finland, Kina og EU har lagt fram eigne strategiar for immaterielle rettar, medan andre land – som Sverige og Danmark – har lagt fram strategiar for innovasjon og næringsutvikling der immaterielle rettar inngår som særlege satsingsområde.

OECD har starta eit breitt anlagt arbeid for å kartleggje storleik og moglege implikasjonar av veksten i investeringar i immaterielle verdiar. Gjennom studiar av ei rekkje enkeltland, finn organisasjonen at veksten i immaterielle eigedelar har vore sterkare enn for fysiske eller finansielle eigedelar.23 Organisasjonen går i gjennom fleire politikkområde som kan bli påverka av aukande immaterielle investeringar, og ser mellom anna på utforminga av skattesystemet, konkurransepolitikken, korleis immaterielle verdiar blir nytta i verdiskapinga i verksemdene, kvar kunnskapskapitalen er størst i globale verdikjeder, status for måling av kunnskapsbasert kapital og om rapportering frå verksemdene gir eit riktig bilete av kunnskapskapitalen.

Politikkutvikling i andre land gir grunnlag for læring og inspirasjon til vidare utvikling av norsk politikk for immaterielle rettar. Her skal vi gå igjennom aktuelle utviklingstrendar i politikkutviklinga internasjonalt.

3.5.1 Globalisering av systemet for immaterielle rettar

Globaliseringa av systemet for immaterielle rettar har gått føre seg sidan det internasjonale samarbeidet på området blei etablert med Paris-konvensjonen i 1883. Globaliseringa har medverka til dialog mellom patentmyndigheiter og ei harmonisering av regelverk på tvers av land. Etableringa av The Patent Cooperation i WIPO (PCT-systemet) Treaty i 1970 og The Agreement on Trade-Related Aspects of Intellectual Property Rights (TRIPs), som blei etablert av Verdas handelsorganisasjon (WTO) i 1994, var sentrale steg i denne retninga.

Det er også sett i verk initiativ for å redusere dupliseringa av arbeid mellom patentmyndigheiter. Døme på det er ordninga «Patent Prosecution Highways» (PPH). I tillegg er det inngått bilaterale avtalar mellom nasjonale patentmyndigheiter om samarbeid og arbeidsdeling om søknadsbehandlinga.

I desember 2012 vedtok EU å etablere ei felles patentordning og eit felles tvisteløysingssystem i patentsaker, slik at verksemder kan få patent som gjeld for 25 av dei 27 medlemslanda i EU, ved berre å levere éin søknad. Dette vil føre til reduserte kostnader for patentsøkjarane. Det blir arbeidd for at ordninga skal vere operativ frå 2014.

3.5.2 Utvikling av dei nasjonale systema

Ei rekkje land har gjort endringar i prinsippa i sine eigne patentsystem. USA fekk ei ny patentlov i 2011, The American Inventor Act. Tidlegare var prinsippet at den som hadde rett til å få patent, var den som var «først til å finne opp» («first to invent»). I den nye lova er dette prinsippet i hovedsak endra til «den første oppfinnar til å søkje» («first to file»). Dei tilsvarande prinsippa gjeld i det europeiske patentregelverket.

I Asia har styresmaktene auka merksemda mot immaterielle rettar. Kina og Sør-Korea oppmuntrar i sine nasjonale strategiar til bruk av immaterielle rettar i næringslivet. I Kina har dette resultert i ein «IP Protection Plan», som mellom anna inneheld skatteinsentiv for bedrifter. I 2008 reduserte Japan patentavgiftene for små og mellomstore bedrifter.

3.5.3 Utvikling av marknader for immaterielle rettar

Fleire verkemiddel er tekne i bruk for å auke innovasjonseffekten gjennom marknader for immaterielle rettar.

Nasjonale myndigheiter og organisasjonar har teke ei meir aktiv rolle for utviklinga av marknader for immaterielle rettar. I Danmark har patentverket etablert nettportalen IP Marketplace, som skal gjere det lettare for næringslivet å samarbeide om og handle med immaterielle rettar. WIPO har etablert WIPO Green Hub, ein søkbar offentleg database som gjer immaterielle rettar og andre ressursar tilgjengelege. Formålet med initiativet er å leggje til rette for at eigarar av miljøvennleg teknologi gjer kunnskapen sin offentleg tilgjengeleg. Re:Search er eit anna initiativ med tilsvarande funksjon for å fremme kunnskap om ukjende tropiske sjukdommar.

Enkelte nasjonale myndigheiter speler også ei aktiv rolle i å samle patent i såkalla patentporteføljar. I Sør-Korea har myndigheitene vore med på å etablere Intellectual Discovery, eit defensivt fond som kjøper patent for å unngå søksmål frå utanlandske firma. Enkelte land har også løyvd midlar til fond som skal bidra til å erverve rettar og hjelpe forskingsinstitusjonar med å kommersialisere forskingsresultat. Døme på dette er det japanske Life Science Intellectual Property Platform Fund og det franske France Brevet Fund.

Fleire land og organisasjonar har teke initiativ til å utvikle ein politikk for å møte utfordringane og utvikle marknadene for omsetning av digitalt innhald. Til dømes offentleggjorde Europakommisjonen ei grønbok24 i 2011 for å innhente synspunkt på korleis Europa kan utnytte moglegheitene med den digitale teknologien og bevege seg i retning av ein digital indre marknad. Grønboka skal danne grunnlag for å diskutere ei eventuell tilpassing av dei rettslege rammene, slik at europeisk næringsliv får moglegheit til å utvikle forretningsmodellar og skape nye distribusjonskanalar for at forbrukarar over heile Europa skal få betre tilgang til digitalt innhald. EU har også sett i gang eit arbeid på opphavsrettsområdet som ledd i European Digital Agenda.25

Boks 3.3 EUs strategi for immaterielle rettar

EUs strategi1 frå 2011 skal bidra til eit effektivt system for handtering og vern av immaterielle rettar, som skal fremme innovasjon, vekst og konkurranseevne i EUs indre marknad.

Strategien inneheld ei rekkje kort- og langsiktige tiltak. Enkelte av punkta i planen kan munne ut i lovgivingstiltak som har EØS-relevans. Strategien krev inga oppfølging i Noreg, men er ei nyttig oversikt over arbeidet i EU. Strategien varslar vidare arbeid på desse områda:

  • Patent: Det skal etablerast eit einskapspatent og eit felles EU-tvisteløysingssystem i patentsaker i 25 av 27 medlemsland i EU. Bakgrunnen er at dagens system med nasjonale patent er kostnadskrevjande og komplisert.

  • Varemerke: Europakommisjonen fremma 27. mars 2013 to forslag til EUs Ministerråd og Europaparlament om reviderte versjonar av EUs varemerkedirektiv og EUs forordning om Fellesskapsvaremerke. Direktivet harmoniserer materiell varemerkerett i heile EU- og EØS-området. Målet er større rettstryggleik og klarheit på dette området i Europa.2 Forordninga regulerer EUs felles ordning for varemerke, som er foreslått å heite Europeisk varemerke.3

  • Geografiske nemningar: Kommisjonen vil undersøkje rettstilstanden i medlemslanda og det økonomiske potensialet i vern av ikkje-landbruksvarerelaterte geografiske indikasjonar. Ein studie utarbeidd på vegner av Kommisjonen blei publisert i mars 2013.4

  • Grenseoverskridande klarering av opphavsrett: Kommisjonen har lagt fram forslag til eit direktiv om selskap for kollektiv forvaltning av opphavsrettar og lisensiering av opphavsrett for musikk over landegrensene i EU.5

  • Forretningsløyndommar og produktetterlikningar: Kommisjonen slår fast at reglane er ulike i medlemsstatane, samtidig som det er eit stort behov for vern. Kommisjonen har sett i gang eit arbeid for å få oversikt over verknadene av den eksisterande situasjonen og moglege fordelar ved å ha reglar om forretningsløyndommar og produktetterlikningar på EU-nivå.

  • Handheving av immaterialrettar: Kommisjonen gjer greie for ei rekkje tiltak for å styrkje handhevinga:

    • kampanjar for nedkjemping av piratkopiering og varemerkeforfalsking

    • EU vedtok i 2011 ein forordning om Observatoriet for inngrep i immaterialretten. Observatoriet skal vere plassert hos EUs design- og varemerkemyndigheit (OHIM) og ha om lag 25 tilsette. Det skal mellom anna utarbeidast ein breitt anlagt empirisk studie om omfanget og arten av etterlikning og piratkopiering i EU, i tillegg til kva både immaterielle rettar og krenkingar betyr økonomisk. Arbeidet vil være ferdig i slutten av 2013.

    • gjennomgang av direktiv om handheving av immaterialrettar og vurdering av endringsbehov

    • revidering av forordninga om grensetiltak mot etterlikning og piratkopiering.

Strategien tek også for seg kva for immaterialrettsspørsmål Kommisjonen vil prioritere på det internasjonale planet, både multinasjonalt og bilateralt.

1 Communication from the Commission: A Single Market for Intellectual Property Rights (COM (2011) 287 final).

2 http://ec.europa.eu/internal_market/indprop/docs/tm/130327_trademark-revision-proposal-directive_en.pdf

3 http://ec.europa.eu/internal_market/indprop/docs/tm/130327_trademark-revision-proposal-regulation_en.pdf

4 http://ec.europa.eu/internal_market/indprop/docs/geo-indications/130322_geo-indications-non-agri-study_en.pdf

5 http://ec.europa.eu/internal_market/copyright/docs/management/com-2012-3722_en.pdf

3.5.4 Auka kommersialisering av offentleg forsking

Politikken for immaterielle verdiar og rettar har grenseflater mot politikken for kommersialisering av forskingsresultat frå offentlege forskingsinstitusjonar.

Kommersialiseringsarbeid er eit prioritert område i forskings- og innovasjonspolitikken i ei rekkje land, og ei styrking av institusjonell kapasitet ved forskingsinstitusjonane er sentralt i kommersialiseringsarbeidet. I 1980 innførte USA den såkalla Bayh-Dole-Act. Den gav universiteta høve til å utnytte oppfinningar som var eit resultat av føderalt finansiert forsking. Seinare har tilsvarande endringar i lovverket blitt innført i ei rekkje andre land, mellom anna i Noreg med opphevinga av «lærarunntaket» i arbeidstakaroppfinningslova i 2003. Mange land har også etablert kommersialiseringsaktørar og teknologioverføringskontor (TTO-ar).

I dei seinare åra har mange offentlege kommersialiseringsaktørar fått utvida rolla si og tenestetilbodet sitt i samband med immaterielle rettar. Frå å handtere teknologioverføring og skrive patentsøknader har dei no ei rolle som inkluderer handtering av immaterielle rettar. Mange land har også forsøkt å auke kommersialiseringa av offentleg finansierte forskingsresultat gjennom til dømes inn- og utlisenisering av immaterielle rettar frå universitet, høgskolar og helseføretak.

Nokre har sett i verk initiativ for å akselerere utviklinga og handteringa av industrielle rettar, mellom anna gjennom auka innsats for nedarbeiding av ubehandla patentsøknader og gjennom merksemd på industrielle rettar i oppstartsbedrifter og små og mellomstore bedrifter. Til dømes har Japan og Canada innført tiltak for akselerert patentgransking, medan Storbritannia har innført ekspressbehandling av «grøne» patentsøknader.

Enkelte land har innført støttetiltak, som tilskot og opplæring, for handtering av immaterielle rettar. I Storbritannia er det etablert ei eiga eining for å støtte oppbygginga av kompetanse og infrastruktur hos kommersialiseringsaktørane. Det er også etablert eit fond som tilbyr finansiell støtte til verksemder for mellom anna vern og forvaltning av immaterielle rettar. Sør-Korea har det blitt utlyst eit slikt fond på 60 millionar USD, medan det i Danmark er etablert ei pakke på 1 million USD for å bistå bedrifter og entreprenørar i handteringa av immaterielle rettar.

Styresmaktene i ei rekkje land har utvikla standard lisensavtalar for akademiske oppfinningar. Eit døme er den danske standardkontrakten for forsking og utvikling.

Fotnotar

1.

World Intellectual Property Organisation (WIPO): «World Intellectual Property report 2011 – The Changing Face of Innovation.»

2.

WIPO Statistics Database, Oktober 2011.

3.

WIPO IP Facts and Figures 2012.

4.

World Intellectual Property Indicators 2012.

5.

World Intellectual Property Organisation (WIPO): «World Intellectual Property report 2011 – The Changing Face of Innovation.»

6.

World Intellectual Property Organisation (WIPO): «World Intellectual Property report 2011 – The Changing Face of Innovation.»

7.

OECD har mellom anna hevda at patentkvaliteten er synkande. OECD (2011): Science, Technology and Industry Outlook 2011.

8.

Det følgjande byggjer på Innovasjon i norsk næringsliv 2006–2008 og 2008–2010, Statistisk sentralbyrå. Undersøkinga tek for seg alle norske føretak med 50 og fleire tilsette og eit representativt utval føretak med 10–49 tilsette.

9.

Forskningsbarometeret 2010 og NIFU: Nøkkeltal for forskingsinstitutta.

10.

OECD (2012): Science, Technology and Industry Outlook 2012.

11.

Perduco (2011): «En undersøkelse om bruk av industrielle rettigheter – NNU Q4 2010»

12.

OECD (2008 og 2009): Economic Impact of Counterfeiting and Piracy.

13.

IFPI 2011.

14.

Undersøkinga er omtala i NOU 2013:2 Hindre for digital verdiskaping. Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

15.

WHO Fact Sheet No. 275 2010.

16.

OECD (2008 og 2009): Economic Impact of Counterfeiting and Piracy.

17.

BSA blei oppretta i 1988, representerer verdas leiande programvareprodusentar og omfattar medlemmar som Adobe, Apple, Autodesk, Avid, Bentley Systems, Mamut, Microsoft, Monotype, Symantec, Teckla og UGS. www.bsa.org/globalstudy.

18.

Perduco (2011): «Befolkningsundersøkelse om piratkopierte varer». Gjennomført i eit utval på 1000 personar i februar 2011.

19.

Perduco (2011): «En undersøkelse om bruk av industrielle rettigheter – NNU 2011».

20.

Perduco (2010 og 2011): «En undersøkelse om bruk av industrielle rettighetere – NNU 2010 og 2011.»

21.

Perduco (2010): «IPR-undersøkelse gjennomført for Innovasjon Norge våren 2010».

22.

«Blir kopiert av konkurrenter», Newswire 11.3.2013.

23.

OECD arbeid på området er mellom anna presentert på nettsiden http://oe.cd/kbc.

24.

Green paper on the online distribution of audiovisual works in the European Union: opportunities and challenges towards a digital single market (COM(2011) 427 final).

25.

Proposal for a directive of the European Parliament and of the Council on certain permitted uses of orphan works (COM(2011) 289 final) og Communication from the Commission: A Single Market for Intellectual Property Rights (COM(2011) 287 final).

Til forsida