5 Økonomiske og administrative konsekvensar
Målet for regjeringa sin næringspolitikk er å bidra til størst mogleg samla verdiskaping i norsk økonomi. I denne stortingsmeldinga presenterer regjeringa ein langsiktig politikk som skal fremme større bevisstheit og kompetanse om, og auka strategisk bruk av immaterielle rettar i norsk næringsliv, i offentleg sektor og blant andre relevante aktørar. Gjennom å fremme realiseringa av nye produkt, løysingar og verdiar skal immaterielle rettar bidra til målet om størst mogleg samla verdiskaping i norsk økonomi.
Tiltaka som blir gjennomgått her, er berre tiltak som kan ha økonomiske og administrative konsekvensar av eit visst omfang. Det er ikkje gjort vurderingar av tiltak som i første omgang inneber at eit saksområde skal greiast ut eller vurderast. For slike saker vil ei vurdering av økonomiske eller administrative konsekvensar vere ein del av sjølve utgreiinga eller vurderinga. Det er heller ikkje gjort noka vurdering av saker med mindre økonomiske eller administrative konsekvensar.
5.1 Økonomiske konsekvensar
Tiltak i stortingsmeldinga som har økonomiske konsekvensar, blir dekte innanfor gjeldande rammer.
Etableringa av ein nettstad og eit myndigheitsnettverk for nedkjemping av piratkopiering, og gjennomføringa av ein tilhøyrande informasjons- og haldningskampanje, krev midlar. Tiltaka vil bli dekte innanfor rammene til Nærings- og handelsdepartementet, og arbeidet med begge tiltaka er i gang.
Generelle føringar til verkemiddelapparatet om å styrkje den eksterne rettleiinga og rådgivinga til verkemiddelapparatet, eigen kompetanse og samarbeidet mellom Patentstyret og dei andre verkemiddelaktørane blir dekte over dei ordinære budsjetta til verkemiddelaktørane. Det same gjeld forslag om vurderingar og utgreiingar.
Oppfølginga av ei langsiktig strategisk utvikling av Patentstyret vil inngå som ein del av etatsstyringa til departementet. Styrking av den ikkje-inntektsgivande delen av Patentstyret vil føre til auka kostnader. Desse kostnadene vil bli dekte innanfor løyvinga til Patentstyret.
For å bidra til auka strategisk og lønnsam bruk av immaterielle verdiar og rettar i norske verksemder presenterer regjeringa i denne stortingsmeldinga ei rekkje tiltak som skal gi større kompetanse om immaterielle rettar i det norske innovasjonssystemet. Tiltaka vil bli dekte innanfor rammene til Nærings- og handelsdepartementet.
5.2 Administrative konsekvensar
Kostnadene Patentstyret og dei andre verkemiddelaktørane har i samband med forvaltninga av dei ulike oppdraga dei er pålagde, skal dekkjast av oppdragsgivaren innanfor løyvinga til oppdraget eller gjennom ei særskild løyving. Det inneber at etatane ikkje får oppdrag dei ikkje har ressursar til å gjennomføre, og at det ikkje er behov for å tilføre etatane særskilde ressursar til administrasjon og gjennomføring av oppdraga.