Meld. St. 28 (2012-2013)

Unike idear, store verdiar – om immaterielle verdiar og rettar

Til innhaldsliste

2 Rammene for bruk av immaterielle rettar i Noreg

Figur 2.1 

Figur 2.1

Foto: Jenny Solem Vikra/Minsk

Norsk næringsliv konkurrerer i aukande grad på grunnlag av kunnskap og kompetanse. Det inneber at ein stor del av verdiane i verksemdene er immaterielle. Handteringa av immaterielle verdiar og rettar kan i mange tilfelle vere heilt avgjerande for konkurranseevna og verdiskapinga i verksemdene. Difor betyr immaterielle rettar også mykje for verdiskapinga i næringslivet, i økonomien og i næringspolitikken.

Alle verksemder har immaterielle verdiar i ulike former. Det kan dreie seg om kompetanse hos medarbeidarane, føretaksnamn, domenenamn, produksjonsprosessar, framgangsmåtar, databasar, oppskrifter, merkevarer, design, åndsverk, teknologi eller oppfinningar. Å utvikle desse verdiane krev ressursar og inneber ein risiko for verksemda eller innovatøren. Dersom ein innovasjon blir kopiert eller utnytta av andre, kan det vere vanskeleg for innovatøren å sikre seg avkastning av investeringa si. Det kan gjere at det ikkje lønner seg for innovatøren eller verksemda å gjennomføre investeringa, noko som igjen kan føre til at næringslivet investerer mindre i innovasjon enn det som samla sett lønner seg for samfunnet. Verksemdene tek vare på dei immaterielle verdiane på ulike måtar. Rask produktutvikling, hemmeleghald, merkevarebygging og bruk av open kjeldekode er døme på utbreidde strategiar i mange næringar. Nokre av dei immaterielle verdiane kan òg vernast av lovheimla sivile rettar, ofte omtalte som immaterielle rettar. I enkelte næringar er det avgjerande å sikre seg immaterielle rettar. Innanfor næringar som kjemisk og farmasøytisk industri er forsking og utvikling tid- og ressurskrevjande, samtidig som teknologien og produkta er relativt enkle å imitere når dei først er utvikla. Det gjer at formell registrering er ein mykje brukt strategi innanfor desse næringane.

Immaterielle rettar er del av ein bytehandel som skal bidra til eit nivå på Forskning og utvikling (FoU) og innovasjon som er lønnsamt for heile samfunnet. På den eine sida er ein immateriell rett med på å redusere risikoen for innovatøren gjennom ein einerett til å utnytte innovasjon, som forbyr andre å utnytte ho kommersielt. Difor blir immaterielle rettar også omtalt som forbodsrettar. Opphavsrett og registrering av patent, design eller varemerke gjer altså at den som sit med utviklingskostnadene og risikoen, også får retten til å hauste gevinstane. På den andre sida inneber formelt vern av immaterielle rettar at innovasjonen blir offentleggjord. For samfunnet som heilskap er det mest lønnsame at ny kunnskap er tilgjengeleg for flest mogleg. Kunnskap er eit fellesgode – nytten av kunnskap aukar ved at han blir spreidd og dermed kjem fleire til gode enn den enkelte aktøren som produserer eller formidlar kunnskapen. Registrering og offentleggjering av rettar er med på å spreie kunnskapen om nye teknologiar eller løysingar, som igjen kan vere basis for nye innovasjonar. Vern av innovasjonar kan difor vere avgjerande for realiseringa av nye varer, tenester og verdiar.

I næringspolitikken er dette den viktigaste grunngivinga for immaterielle rettar: Gjennom å fremje realiseringa av nye innovasjonar og verdiar skal immaterielle rettar bidra til ei størst mogleg samla verdiskaping i norsk økonomi.

Verknadene av immaterielle rettar på innovasjon og verdiskaping er stadig tema for diskusjon. Immaterielle rettar kan òg ha ulemper. Til dømes kan verksemder hindre konkurrentar i å realisere nye innovasjonar, til dømes ved å nekte utlisensiering av eigen teknologi eller sikre seg mange patent innanfor særlege teknologiområde for å stengje konkurrentar ute frå same område. Dette kan hemme eller blokkere teknologisk utvikling

Nemninga «immaterielle rettar» omfattar industrielle rettar og opphavsrett. Industrielle rettar omfattar i hovudsak patent, design og varemerke.

Det er vanleg å dele immaterielle rettar i to kategoriar: opphavsrettar og industrielle rettar. Opphavsretten skal sikre den som skaper eit åndsverk, eigarskap til og økonomisk utbyte av verket. Opphavsrett oppstår automatisk i den augneblinken verket er skapt, og er regulert av åndsverklova.

Industrielle rettar kan delast inn i to kategoriar etter kva økonomisk funksjon dei har:

  1. Rettar som skal gi insentiv til å investere i innovasjon, som patent og design. Dette vernet er tidsavgrensa, og er ein kontrakt mellom innovatøren og samfunnet. Til dømes gir eit patent ein tidsavgrensa einerett på kommersiell utnytting i maksimalt 20 år, mot at den teknologiske lærdommen blir gjord allment tilgjengeleg.

  2. Rettar som skal sikre at kundane har tillit til kvaliteten på produktet dei kjøper, som varemerke og geografiske indikasjonar. Kjennskapen til produktet og kjennemerket gjer at kundane veit kva dei kan vente seg. Desse rettane er ikkje avgrensa i tid, men verknaden er avhengig av at det blir investert i å byggje opp eit omdøme for produktet i marknaden.

Systemet med vern av immaterielle rettar består av mange typar rettar, med tilhøyrande regelverk, institusjonar og ordningar. Immaterialretten omfattar det settet av reglar som regulerer kva som er verna, kor langt vernet strekkjer seg, og korleis reglane blir sikra og handheva. I tillegg finst det regelverk som grensar opp mot immaterialretten, mellom anna marknadsføringslova, som inneheld reglar som forbyr produktetterlikningar, vernar geografiske nemningar og vernar om bedriftsløyndommar og tekniske hjelpemiddel.

Boks 2.1 Éi bedrift, fleire metodar - Kongsberg Norspace

Kongsberg Norspace bruker ei rekkje metodar for å verne rettane sine, både formelle og uformelle.

Kongsberg Norspace utviklar og produserer utstyr til den internasjonale romfartsindustrien. På same måte som konkurrentane produserer selskapet utstyr som ikkje er tilgjengeleg på den opne marknaden. Produkta inngår i ei nokså lukka verdikjede som sterkt avgrensar høvet til innsyn i produkta til konkurrentane og dermed også til å forfølgje eventuelle rettskrenkingar. Det verkar inn på kva vernemetode selskapet vel.

Kongsberg Norspace har eit sett retningslinjer for val av vernemetode:

  • Patentvern blir nytta dersom oppfinninga betyr mykje for bruk i produkta til selskapet og lett kan kopierast ved å studere produktet. Oppfinninga bør helst også vere av ein slik karakter at eit patentinngrep kan påvisast eller sannsynleggjerast utan tilgang til produktet.

  • Hemmeleghald blir nytta dersom oppfinninga er vanskeleg å kopiere berre ved å studere produktet, eller dersom eit patentinngrep vil vere vanskeleg eller umogleg å påvise.

  • Publisering blir nytta dersom oppfinninga betyr mindre, og då primært for å hindre konkurrentar i å ta ut patent, og dermed sikre at Norspace kan bruke oppfinninga.

Kongsberg Norspace held i dag ved like seks patent. Patenter blir søkt i dei landa der selskapet har konkurrentar, og i land som har satellittbyggjarar eller utskytingsbase for satellittar. Selskapet har gitt opp patentering i Japan, fordi det er både kostbart og tidkrevjande. Selskapet har også valt å avstå frå å forsøkje patentering i Kina. I praksis står USA, Canada, Storbritannia, Frankrike og Tyskland att.

Immaterielle rettar er territorialt avgrensa og primært nasjonale, og dermed knytte opp mot lovverket i det enkelte landet. Samtidig har det over lang tid utvikla seg eit detaljert og forpliktande internasjonalt avtaleverk for immaterielle rettar som forpliktar land til å tilby immaterielt vern. Det internasjonale og nasjonale regelverket legg rammene for handteringa av immaterielle verdiar og rettar i Noreg.

Ein immateriell rett kan bety mykje økonomisk. Ei rettferdig tildeling av desse rettane tilseier at immaterielle rettar bør forvaltast av ein uhilda instans som ikkje er driven av privatøkonomiske omsyn. Difor har dei fleste land oppretta uavhengige patentmyndigheiter. Det er også oppretta overnasjonale patentmyndigheiter som Det europeiske patentverket (EPO), som forvaltar og legg til rette for rettar for fleire land.

Patentmyndigheitene er ein del av infrastrukturen for innovasjon. Her fyller dei i hovudsak ei todelt rolle: Dei skal gjere patentinformasjon og dermed ny kunnskap tilgjengeleg i innovasjonssystemet, og dei skal fremje nyskaping gjennom forvaltning av industrielle rettar. Det siste inneber ein funksjon som «portvakt» som setter krav til innovasjonar som får vern. I Noreg sikrar verksemdene design, varemerke og patent gjennom søknad til Patentstyret eller gjennom regionale ordningar. I tillegg til patentmyndigheitene er ei rekkje aktørar med på å handteringa av immaterielle verdiar og rettar, nasjonalt og internasjonalt.

Dette kapitlet handlar om lover, reglar, ordningar, mekanismar, aktørar og samarbeid som til saman utgjer rammeverket for handtering av immaterielle rettar i norsk næringsliv og norske forskingsinstitusjonar.

2.1 Regelverket for immaterielle rettar

Det finst mange typar immaterielle rettar, med tilhøyrande regelverk, ordningar og ansvarlege institusjonar. Det er til dels store forskjellar mellom dei ulike immaterielle rettane, mellom anna når det gjeld kriteria for vern, kor sterkt vernet er, kor lenge det varer, og korleis rettane blir handheva. Felles for alle immaterielle rettar er at dei representerer ein lovheimla rett til verdiar som ikkje har fysisk substans.

Figur 2.2 Døme på patentert oppfinning

Figur 2.2 Døme på patentert oppfinning

AcuFriend naseklype mot hovudpine

2.1.1 Patent

Eit patent gir innehavaren einerett til kommersiell utnytting av ei oppfinning. For å oppnå eit patent må oppfinninga løyse eit teknisk problem på ein ny måte, som skil seg vesentleg frå det som er kjent frå før. Eit patent kan vare i inntil 20 år frå den dagen søknaden blei send, og innehavaren må betale årsavgifter for å halde patentet ved lag. Registrering og bruk av patent er heimla i patentlova. I Noreg kan ein oppnå patentvern ved å sende søknad til Patentstyret eller til Det europeiske patentverket (EPO). Den aktuelle patentmyndigheita vurderer om søknaden oppfyller vilkåra, og sørgjer for ei offentleg kunngjering, slik at tredjeperson kan komme med motsegn eller protestere mot patentet.

For legemiddel og plantefarmasøytiske produkt finst det spesialordningar som opnar for å utvide vernetida med inntil fem år. Bakgrunnen er at ein langvarig utviklingsfase og krav om marknadsføringsløyve for slike produkt reduserer den effektive vernetida, ofte med meir enn fem år. Dermed sikrar utvida vernetid produsentane tid til å få avkastning på dei store investeringane som må til for å utvikle legemiddel og plantefarmasøytiske produkt.

Bruksmønster, ofte kalla «minipatent», er ei verneform for mindre oppfinningar som blir brukt i fleire land. Vernet er eigna for små og mellomstore bedrifter som gjer mindre forbetringar av eksisterande produkt. Ordninga er innført i fleire europeiske land, men ikkje i Noreg.

Plantesortvern. Sjølv om plantesortar og dyrerasar er unnatekne frå patentering i patentlova, kan ein nyutvikla plantesort oppnå vern gjennom planteforedlarlova. For å oppnå vern må den aktuelle plantesorten vere ny, kunne skiljast frå andre sortar, vere einsarta og behalde sine karakteristika gjennom formeiring. Eit plantesortvern gir eigaren einerett til å produsere og selje ei formeringsvare i 20–25 år, avhengig av arten. Lov om planteforedlerrett blir forvalta av Plantesortsnemnda, som blir utnemnd av Landbruks- og matdepartementet. Mattilsynet har sekretariatsoppgåver for nemnda.

Boks 2.2 Det første norske patentet – koking av hummar

Tidleg på 1400-talet vedtok bystaten Venedig ei lov om patentvern. Det er truleg verdas første patentlov. Det skulle likevel gå meir enn 400 år før 14 europeiske statar møttest i Paris i 1883 for å bli einige om ein konvensjon som skulle verne oppfinningar, varemerke og industrielle mønster. Året etter, i 1884, tredde Paris-konvensjonen i kraft etter at han var underteikna av dei 14 landa. 1. juli 1885 blei Noreg medlem av Paris-konvensjonen.

Det første norske patentet blei innvilga i 1842 og gjaldt ein metode for koking av hummar. Opphavsmannen heitte Jacob Mørch. Han var frå Kristiansand, og på den tida var det ein betydeleg eksport av levande hummar frå sørlandsbyen til England. Trass i at transporten gjekk med spesialbygde skip, døydde mykje av lasten under overfarten. Jacob Mørch løyste problemet. Metoden hans gjekk ut på å dyppe hummaren i litt ekstra salta kokande vatn til han fekk ein frisk, raud farge. Det heile skulle gå føre seg slik at minst mogleg vatn trengde inn i skalet. Når hummaren var «ganske tørr» skulle han leggjast ned i eit kar av leire, tinn eller anna «bekvemt materiale», som det heitte. Dermed kunne heile lasten seljast når han kom fram. Patentet blei offentleggjort i Rikstidende i 1847, altså fem år etter at patentet var gitt.

(Omarbeidd utdrag frå Hans Christian Erlandsens tekst til Patentstyrets jubileumsbok 100 år med gode ideer)

2.1.2 Varemerke

Eit varemerke er ein rett som vernar særprega kjenneteikn for varer og tenester, og er heimla i varemerkelova. Varemerket er ikkje direkte knytt til innhaldet i produktet eller tenesta, men skal gjennom kjenneteikn som logo, fargar, skrifttypar og liknande formidle det kommersielle opphavet og sørgje for at forbrukaren knyter vara eller tenesta til riktig produsent eller lisenstakar.

Varemerkerettar oppnår ein gjennom registrering eller ved innarbeiding. Eit registrert varemerke gjeld for ti år, og det er ikkje sett grenser for kor mange gonger det kan fornyast. Eit innarbeidd varemerke har vern så lenge det er godt kjent som eit særleg kjenneteikn for nokon. Vilkår for registrering er mellom anna at varemerket er særprega og eigna til å peike ut eit kommersielt opphav, at det ikkje er eigna til forveksling med andre registrerte varemerke, og at det ikkje er villeiande.

I Noreg oppnår ein varemerkeregistrering gjennom søknad til Patentstyret, som vurderer om krava til registrering er oppfylte.

Føretaksnamn kan i visse tilfelle registrerast som varemerke. For å kunne registrerast som varemerke må føretaksnamnet fylle vilkåra i varemerkelova. Freia AS er eit godt døme på dette: Namnet fortel ikkje kva for varer eller tenester føretaket sel. Jo meir særprega kjenneteiknet er, desto større vern har det mot andre føretaksnamn og varemerke, jf. figuren 2.3.

Figur 2.3 Døme på varemerke

Figur 2.3 Døme på varemerke

Freia, føretaksnamn og logo med særprega kjenneteikn

Boks 2.3 Samspel og konflikt mellom domenenamn, varemerke og føretaksnamn

Domenenamn kan komme i konflikt med andre rettar, mellom anna registrerte eller innarbeidde varemerkerettar og føretaksnamn. Tvistar oppstår både der éin part har ein rett og den parten som har registrert domenenamnet, ikkje har andre rettar, og der to partar med registrerte eller innarbeidde rettar ønskjer same domenenamn.

For toppnivådomenet «.no» er det oppretta eit eige tvisteløysingsorgan, Domeneklagenemnda1. Det er eit uavhengig organ som avgjer tvistar om domenenamn mellom to partar og klagar frå søkjarar av domenenamn over avgjerder tekne av Norid, registreringsmyndigheita for .no. Avgjerdene i nemnda kan bringast inn for domstolane.

Praksis i norske domstolar viser at rettstvistar mellom innehavarar av varemerke eller domenenamn som blir ført inn for domstolane, blir avgjorde etter varemerkelova eller marknadsføringslova, og det ikkje lovfesta kravet om god forretningsskikk.2 I nyare rettssaker har norske domstolar slått fast at eineretten ein varemerkeinnehavar har til bruken av eit varemerke, også gjeld på Internett, mellom anna ved kommersiell bruk av domenenamn. Også EU-domstolen har på grunnlag av EU-lovgivinga komme med avgjerder som har innverknad på saker som blir førte i Noreg.

Verda rundt har det dei seinare åra vore ein auke i rettssaker rundt registrering og bruk av domenenamn som er i strid med interessene til varemerkeeigarar. I Noreg har ikkje så mange slike tvistar gått til domstolane.

For dei internasjonale toppnivådomena som .com, og .int blir mange av sakene løyste i administrative tvisteløysingsorgan gjennom eit regelverk kalla Uniform Domain-Name Dispute-Resolution Policy (UDRP). UDRP er utvikla av ICANN og Verdsorganisasjonen for immatenal rett (WIPO). WIPOs meklings- og valdgiftssenter for domenenamn (Arbitration and Mediation Center for the resolution of domain name disputes)3 er det mest brukte internasjonale tvisteløysingsorganet for slike saker. Når ICANN i løpet av 2013 opnar for mange nye toppdomene, blir situasjonen for varemerkeeigarar verda over endra, og omfanget av konfliktar både på toppdomenenivå og anna nivå kan auke.

Saker der rett står mot rett, må likevel løysast ved nasjonale domstolar i kvart land. Det er fordi desse sakene ofte er for komplekse for eit administrativt tvisteløysingsorgan, og fordi immaterielle rettar er territoriale og gjeld etter reglane og jurisdiksjonen i det enkelte landet.

1 http://www.norid.no/domenekonflikter/ domeneklagenemnda/

2 Advokat Kari Anne Lang-Ree på Internett her: http://www.norid.no/domenekonflikter/domeneklagenemnda/NIR-varemerkerett-og-domenenavn.pdf

3 http://www.wipo.int/amc/en/index.html

Domenenamn er ei protokolladresse på Internett, til dømes www.regjeringa.no/nhd. Domenenamn er ikkje karakterisert som ein immateriell rett, men kan registrerast som eit varemerke. Det er difor viktig at den som søkjer om domenenamn, sjekkar andre relevante register, som Brønnøysundregistra, Varemerkeregisteret, Patentregisteret og Einingsregisteret, for å finne ut om andre kan ha rett til det namnet det blir søkt om.

Domenenamnet blir tildelt den som søkjer først. Alle som ønskjer å skaffe seg eit domenenamn under det norske toppdomenet .no, må kontakte ein registrar. Registraren formidlar førespurnaden vidare til Norid. Norid, som forvaltar .no-domena, ligg under Post- og teletilsynet. Det internasjonale domenenamnsystemet blir forvalta av Internet Corporation for Assigned Names and Numbers (ICANN). ICANN handterer og tildeler mellom anna toppnivå-doménenavn – på engelsk «roots» – på vegner av styresmaktene i USA.

Figur 2.4 Døme på varemerke

Figur 2.4 Døme på varemerke

Solo Sunset er eit kombinert merke med både ord og figurativt element. Norsk Designråd har registrert eit tredimensjonalt merke.

Boks 2.4 Varemerket er like gammalt som sivilisasjonen

Bumerke, eller varemerke, som vi kallar det i dag, har vore i bruk i tusenvis av år. Arkeologane har funne 5 500 år gamle gjenstandar med segl som indikerer kven som laga dei. Vikingane brende bumerka sine på skip og anna gods. På gammalnorsk heitte desse brennemerka «brandr» og er opphavet til dagens uttrykk «branding», som dei fleste feilaktig trur er engelsk. Bumerket var eit løfte til kjøparen. I mellomalderen fekk brennevinskagger svidd inn eit merke, som var ein garanti for at innhaldet ikkje var utvatna. Dersom løftet blei brote, forsvann truverdet, og slik fekk anerkjende merke ein eigenverdi. Dei eldste varemerkelovene i Europa går tilbake til 1850-talet.

Den første norske varemerkelova er frå 26. mai 1884, og kom på bakgrunn av eit svensk initiativ for å harmonisere lovgivinga for varemerke i dei skandinaviske landa. Det blei oppretta eit eige kontor i Kristiania for registrering av varemerke, og pågangen var stor, spesielt frå utanlandske produsentar, som hadde venta ei stund på at ei slik lov skulle bli vedteken i Noreg. Den første norske varemerkesøknaden blei levert inn 3. januar 1885. Søknaden kom frå Frydenlund-bryggjeriet, som ville verne bokstavane ML i kombinasjon med ei stjerne.

(Omarbeidd utdrag frå Hans Christian Erlandsens tekst til Patentstyrets jubileumsbok 100 år med gode ideer)

2.1.3 Design

Design beskriv ei særprega utforming av eller utsjånaden til eit produkt. I Noreg er rettane til ein design heimla i designlova og blir innvilga av Patentstyret.

For å oppnå ein designrett må utforminga av produktet vere ny og ha ein individuell karakter. Alle søknader som oppnår designvern, blir kunngjorde i ettertid, slik at det skal vere mogleg for tredjeperson å protestere.

Designrettar gjeld for fem år om gongen, med ein maksimal verneperiode på 25 år.

Boks 2.5 Designvernet starta med silkeveving i Frankrike

Opphavet til mønstervern, eller vern av det vi i dag kallar design, går tilbake til veving av silke i Frankrike på 1700-talet. Allereie den gongen var landet kjent for sin raffinerte mote, og det var behov for å hindre kopiering av mønstra som silkeveveria hadde utvikla. I 1744 kom det vi i dag reknar som det første mønstervernet. Etter revolusjonen og maktovertakinga til Napoleon blei det i 1807 oppretta ei ordning for vern også av andre mønster. Formålet var å byggje opp under ein økonomi som var utarma etter år med uro.

På midten av 1800-talet opna også England for mønstervern av industriprodukt. Denne ordninga omfatta ikkje berre det estetiske, men også mønster som gjorde at gjenstanden fekk større nytteverdi. USA følgde etter i 1870 og Tyskland i 1876.

I Noreg blei mønstervern innført ved lov først i 1910. På grunn av usemje om tilhøvet mellom patentretten og kunstnarretten, tok lovarbeidet heile 15 år. Fram til da hadde det vore fritt fram å bruke andres mønster dersom dei ikkje var verna etter lova om kunstverk frå 1893. Mønsterlova av 1910 fylte tomrommet mellom kunst og patent i lovgivinga, og med den nye lova kunne også ytre form og utstyr vernast.

(Omarbeidd utdrag frå Hans Christian Erlandsens tekst til Patentstyrets jubileumsbok 100 år med gode ideer)

Figur 2.5 Døme på design

Figur 2.5 Døme på design

Tannbørste. Design: Hedvig Bentsen Skaflem

Jordbærkorg. Design: Elin Bjelkarøy. Foto: Matthew Pugsley

Vedomn, Jøtul

2.1.4 Opphavsrett

Den som skaper eit åndsverk – litterært, vitskapleg eller kunstnarisk – har opphavsrett til verket. Opphavsretten er regulert av åndsverklova. Denne lova gir opphavsmannen einerett til å framstille eksemplar av åndsverket og til å gjere det tilgjengeleg for allmenta.

For at det skal liggje føre eit åndsverk, må opphavsmannen ha gjort ein individuell skapande innsats, og verket må ha såkalla «verkshøgd». Opphavsrett til eit åndsverk oppstår idet eit verk er skapt, og det krevst inga form for registrering for å oppnå vern. Somme vel likevel å merkje verka sine på ulike måtar, til dømes med ein ©, som står for copyright, og det året verket er gitt ut. Det er frivillig, og har ingenting å seie for om eit verk er å rekne som verna etter lova eller ikkje. Eit åndsverk er verna i 70 år etter at opphavsmannen er død.

Foreininga Clara er etablert av seks rettshavarorganisasjonar – Bono, Kopinor, Norwaco, Tono, Fono og Gramo – for å rettleie brukarar i Noreg om korleis dei skal gå fram for å bruke opphavsrettsleg verna materiale utan å komme i konflikt med lovgivinga som gjeld på området.

Åndsverklova inneheld også reglar om vern av arbeida til utøvande kunstnarar, frambringarar av katalogar og databasar, produsentar av musikk og film, og kringkastarar. Desse nærståande rettane varer i 50 år, med unntak av databasar, som er verna i 15 år.

Omsynet til rettshavarane må likevel vegast mot andre interesser. I åndsverklova er det ei rekkje reglar som avgrensar rettane til opphavsmannen. Desse reglane kan ha noko ulike formål, men er i hovudsak grunngitt i at samfunnet og brukarane har interesse av at åndsverka er tilgjengelege. Døme på dette er høvet til å kopiere til privat bruk, retten til å sitere frå verk og høvet til å bruke verk i undervisning. Avgrensingsreglane blir i stor grad også brukte for nærståande rettar. Lovgivinga har som oppgåve å finne ein rimeleg balanse mellom dei ulike interessene.

2.1.5 Opphavsmerking for matvarer – geografiske nemningar

Verna nemningar for næringsmiddel er regulerte av ei eiga nasjonal forskrift som gir føresegner om vern av tre ulike nemningar: Verna opphavsnemning, verna geografisk nemning og verna tradisjonelt særpreg. Det er sjølve nemninga og ikkje produktet som oppnår vern. Vilkåra for vern er sterk geografisk forankring og samarbeid mellom fleire produsentar for felles merkevarebygging. Dei verna produktnemningane er verna mot misbruk frå andre merkevareprodusentar. Ordninga blir forvalta av Matmerk, som er ei uavhengig, offentleg støtta stifting oppretta av Landbruks- og matdepartementet.

Gjennom denne ordninga har 25 produkt oppnådd verna nemning. Gullauge frå Nord-Noreg og Festsodd frå Trøndelag er døme på slike produkt. Døme på opphavsmerke som er godkjende i EU, er Prosciutto di Parma for skinke og Parmigiano Reggiano og Feta for ost. Prosciutto di Parma og Parmigiano Reggiano er også verna etter den norske ordninga.

Verna nemningar for både vin og sprit er harmoniserte i EØS-avtalen og regulerte i forskrifter om høvesvis vin og alkoholsterke drikkar og gjennom eigne føresegner om registreringsnekting i varemerkelova. Nemningane Norsk akevitt og Norsk vodka er verna gjennom EØS-avtalen, og det er utarbeidd nasjonale kriterium for Norsk akevitt. For vin og sprit kan det ikkje registrerast varemerke som består av eller inneheld geografiske opphavsnemningar, med mindre vara har eit slikt geografisk opphav.

Verna nemningar for sprit og vin har i tillegg vern mot uriktig bruk, i samsvar med marknadsføringslova, og gjeld uavhengig av registrering.

2.2 Internasjonalt samarbeid om immaterielle rettar

Immaterielle rettar er i utgangspunktet territorialt avgrensa, og primært nasjonale rettar. Rettane må sikrast i kvart enkelt av dei landa verksemdene ønskjer å selje, produsere eller marknadsføre produkta eller tenestene sine i. Dersom ein oppfinnar ønskjer å verne rettar i fleire land, må det i utgangspunktet søkjast registrering i kvart enkelt land. Eventuelle tvistar må òg løysast i det aktuelle landet.

Eit slikt utgangspunkt er krevjande for verksemder som opererer internasjonalt. Difor er det etablert ei rekkje internasjonale avtalar og ordningar som forenklar handteringa av immaterielle rettar også globalt. I dag er dei fleste av desse ordningane administrerte av Verdsorganisasjonen for immaterialrett (WIPO) og regulerte i TRIPs-avtalen (Agreement on Trade-Related Aspects of Intellectual Property Rights), som omfattar dei 159 medlemmene av Verdas handelsorganisasjon (WTO). Noreg er med i fleire av desse ordningane på både patent-, varemerke- og designområdet.

Noreg inngår frihandelsavtalar med land utanfor EFTA og EU for å sikre norske bedrifter best mogleg marknadstilgang i framveksande økonomiar og hos viktige handelspartnarar. Gjennom EFTA har Noreg eit omfattande nettverk av frihandelsavtalar med land utanfor EFTA og EU/EØS. Frihandelsavtalane sikrar norske eksportørar og investorar føreseielege tilhøve og tilgang til marknaden. Formålet med frihandelsavtalane er å stimulere til auka samhandel og økonomisk samkvem mellom partane. Frihandelsavtalane omfattar mellom anna handel med varer, handel med tenester, investeringar, offentlege innkjøp og reglar om vern av immaterielle rettar. Frihandelsavtalane er eit supplement til dei forpliktingane Noreg og partnarlanda har overfor Verdas handelsorganisasjon, WTO.

Noreg har bilaterale forskings- og teknologiavtalar med fleire prioriterte land, mellom andre Japan, Kina, Russland og USA. Felles for avtalane er føresegner som sikrar at partane tek nok omsyn til vern og fordeling av immaterielle rettar eller andre eigarrettar. Desse føresegnene kan variere frå detaljerte reguleringar av immaterielle rettar til meir generelle erklæringar.

2.2.1 Internasjonale system for handtering av immaterielle rettar

Utfordringane knytte til ein meir utstrekt verdshandel og flyt av teknologi over grensene er ikkje av ny dato, og det internasjonale systemet for handtering av immaterielle rettar har utvikla seg over tid. I 1883 gav aukande problem med å handtere immaterielle rettar i handelen mellom land opphavet til den såkalla Paris-konvensjonen, som skulle verne oppfinningar, varemerke og industrielle mønster på tvers av medlemslanda. Tidlegare måtte oppfinnarar og verksemder sikre rettane sine i kvart enkelt land dei drev handel i, etter reglane som gjaldt i det aktuelle landet. Paris-konvensjonen slo fast at borgarar i eit medlemsland kunne erverve patent-, mønster- og varemerkerettar i dei andre medlemslanda på lik linje med borgarane i det aktuelle landet. Noreg tiltredde konvensjonen i 1885. Konvensjonen gjeld framleis, og per i dag har 169 land underteikna Paris-konvensjonen.

Neste skritt var Bern-konvensjonen for vern av opphavsretten til litterære og kunstnariske verk. Noreg tiltredde Bern-konvensjonen i 1886. Begge desse konvensjonane blir i dag administrerte av WIPO.

I 1891 blei det vedteke ein traktat for internasjonal registrering av varemerke. Madrid-protokollen kom som eit resultat av behovet for å verne varemerka sine i fleire land på ein enkel måte. Alle som høyrer til i eit av medlemslanda i protokollen, kan søkje om å få registrert rettar i dei andre medlemslanda. Noreg tiltredde protokollen i 1996. Madrid-systemet baserer seg på Madrid-protokollen og har per i dag 84 medlemmer.

På designområdet blei Haag-overeinskomsten etablert i 1925 med sikte på å danne eit internasjonalt system for søknad om registrering av design. I 1934 låg London-avtalen om internasjonal registrering føre. Seinare har det komme fleire avtalar på området. I 2010 tiltredde Noreg den såkalla Genève-avtalen. Det inneber at norske aktørar kan søkje designvern gjennom Haag-systemet og med det oppnå vern i fleire land gjennom éin søknad. Systemet forenklar prosessen med å verne design internasjonalt. Per i dag har Haag-overeinskomsten om lag 80 medlemmer.

For å etablere eit verdsomspennande system som effektiviserte søknadsprosessen i dei enkelte landa, vedtok ei rekkje land i 1970 ein ny internasjonal konvensjon om patentsamarbeid, Patent Cooperation Treaty (PCT). Ein oppfinnar som var interessert i å verne ei oppfinning i fleire land, måtte før PCT levere søknaden sin til kvart enkelt land. Dette førte til varierande krav til innhald og form og var både tid- og kostnadskrevjande. PCT-ordninga bidrog til at ein kan levere ein søknad til ei internasjonal granskingsmyndigheit. Deretter kan søknaden sendast vidare til dei landa søkjaren ønskjer vern i. Dette har bidrege til ein forenkla prosess for både søkjaren og dei ulike patentmyndigheitene. Per i dag har PCT 146 medlemsland. Til dømes har Det europeiske patentverket (EPO) og Nordisk Patentinstitutt (NPI) status som internasjonale granskingsmyndigheiter. EPO er nærare beskrive i 2.2.3 og NPI i 2.3.5.

Verdsorganisasjonen for immaterialrett, World Intellectual Property Organization (WIPO), blei oppretta i 1970. WIPO er ein paraplyorganisasjon og sekretariatet for mange underliggjande avtalar om immaterielle rettar og medlemslanda deira. Organisasjonen fekk i 1974 status som en særorganisasjon under FN.

Medlemslanda i WIPO har i fleire år arbeidd for ei ytterlegare harmonisering av patentretten. For næringslivsaktørar er det enklare å ha eit mest mogleg likt regelverk å halde seg til når dei skal inn i marknadene i dei ulike landa.

WIPO har som oppgåve å fremme immaterielle rettar som eit middel til å stimulere til innovasjon og kreativitet. WIPO jobbar for å fremme utvikling og bruk av det internasjonale immaterialrettssystemet gjennom eit utval tenester for vern og tvisteløysingar og gjennom utvikling av regelverk. WIPO jobbar i tillegg med infrastruktur og teknologiske plattformer for kunnskapsdelig, mellom anna databasar og informasjonsutveksling. WIPO samarbeider med medlemsland og interessentar for å betre den globale forståinga og respekten for immaterielle rettar og for utvikling av analyse og statistikk. Noreg er eitt av WIPOs 182 medlemsland.

Den europeiske patentkonvensjonen (EPC) blei vedteken i 1973. Konvensjonen tredde i kraft i 1977. Med denne konvensjonen og det tilhøyrande patentverket, Det europeiske patentverket, blei Europa tyngdepunkt for utvikling av nye lover på området. EPC innebar nok eit effektiviseringsverktøy for patentsøkjarar. Ved å levere éin enkelt europeisk søknad kan ein få patent i alle medlemslanda, utan at søknaden må behandlast i kvar av dei nasjonale patentmyndigheitene. Etter at patentet er gjort gjeldande i dei enkelte medlemslanda, har det same verknad som eit nasjonalt patent.

Det europeiske patentverket er ein del av Den europeiske patentorganisasjonen (begge forkorta EPO) som er tufta på EPC. Medlemsstatane i EU og ein del andre europeiske land, inkludert Noreg, er tilslutta EPC. Den europeiske patentorganisasjonen er nærare beskrive i 2.2.3.

Eit registrert EU-varemerke eller EU-design gjeld i alle land som er medlem i EU. EØS-land er ikkje omfatta av denne ordninga, men norske verksemder kan nytte ordninga på lik linje med verksemder frå EU-medlemsland. Patentordningane på EU-nivå skil seg frå varemerke- og designordningane ved at Noreg er medlem av Den europeiske patentorganisasjonen, og ved at eit patent som blir løyvd av EPO for Europa, også gjeld for Noreg.

Ei rekkje direktiv og forordningar som har med immaterielle rettar i EU å gjere, er inkluderte i EØS-avtalen. Varemerkedirektivet var alt vedteke av EU da avtalen blei forhandla, men både designdirektivet og direktivet om vern av bioteknologiske oppfinningar (patentdirektivet) er av seinare dato og er gjennomførte i norsk lovgiving.

Eitt samarbeidsområde er forenkling og forbetring av dei internasjonale søknadssystema, eit anna er auka samarbeid for å unngå dobbeltarbeid i behandling av patentsøknader. Eit døme på det siste er det amerikanske og det japanske patentverket, som har sett i gang eit samarbeid som dei kallar Patent Prosecution Highway (PPH). Dersom det eine patentverket har granska ein patentsøknad og funne han patenterbar, skal dette på visse vilkår kunne gi søknaden raskare behandling i andre land. Patentstyret har inngått fleire slike avtalar. Dette gjer at norske søkjarar får raskare behandling av patentsøknadene sine når dei blir førte vidare i land ein har avtalar med.

Desse ordningane gjer det enklare å søkje patent i Noreg, både for norsk næringsliv og for andre. Jo fleire land som er med i desse ordningane, desto større moglegheit er det for søkjaren av retten å få ein effektiv og forenkla søknadsdistribusjon av høvesvis patent, varemerke og design til fleire ulike land.

Boks 2.6 Tre vegar til patent

Patentsøkjarar som ønskjer patent i Noreg, kan søkje på tre måtar:

  1. Søknaden kan sendast direkte til Patentstyret for å bli behandla der. Dette blir gjerne omtalt som ein nasjonal søknad. Søknaden kan vere sendt er til patentverket i eit anna land tidlegare eller vere ein førstesøknad1 i Noreg.

  2. Søknaden kan sendast direkte til Det europeiske patentverket (EPO) for behandling der. Dette blir gjerne omtalt som ein regional søknad. Søknaden vil da komme ferdig avgjord til Patentstyret, og søkjaren treng berre å validere EPO-patentet for at det skal bli gjort gjeldande som eit norsk patent i Noreg.

  3. Søknaden kan sendast via det internasjonale PCT-systemet. Dette blir gjerne omtalt som ein internasjonal søknad. Søknaden blir da send til gransking hos ei PCT-myndigheit, det vil seie ei patentmyndigheit som er godkjend av WIPO for å granske patentsøknader i internasjonal fase. Norske søkjarar kan peike ut EPO, Nordisk Patentinstitutt eller Det svenske patentverket som internasjonal granskingsmyndigheit. Når resultatet av den internasjonale granskinga ligg føre, er det opp til søkjaren å bestemme om og i kva for land søknaden skal oppretthaldast. I desse landa går da søknaden over i ein nasjonal fase, der ei vurdering av patenterbarheit av kvart enkelt land.

1 Ein «førstesøknad» er den første søknaden som gjeld ei oppfinning, det vil seie ei oppfinning som det tidlegare ikkje er levert søknad om til ei patentmyndigheit i eit anna land. Søkjarane kan vere frå Noreg eller utlandet. For patentsøkjarar er første realitetsuttale i førstesøknadar viktig som grunnlag for avgjerd om patentering også i andre land. Fristen for å levere søknad om patentering i andre land basert på førstesøknad er 12 månader frå innlevering av første søknad.

2.2.2 EUs fellesordningar for patent, varemerke og designrettar

EU har etablert ordningar som gjer det mogleg å registrere varemerke og design for alle medlemslanda. Registreringane gjeld ikkje i Noreg, men norske verksemder kan registrere rettar i EU-landa gjennom desse ordningane, på lik linje med verksemder i medlemslanda.

I desember 2012 vedtok EU å etablere ei felles patentordning og eit felles tvisteløysingssystem i patentsaker, slik at verksemder kan få patent som gjeld for 25 av dei 27 medlemslanda i EU ved berre å levere éin søknad. Det blir arbeidd for at ordninga skal vere operativ frå 2014, og ordninga kan også nyttast av norske verksemder.

I EU er det oppretta eit eige organ som behandlar søknader om EU-varemerke og EU-design. Office for Harmonization in the Internal Market (OHIM). OHIM har også ansvaret for EUs observatorium for inngrep i immaterielle rettar (Observatory on Infringements of Intellectual Property Rights), som mellom anna arbeider for å få redusere piratkopiering og varemerkeforfalsking.

2.2.3 Noreg og Den europeiske patentorganisasjonen

Den europeiske patentorganisasjonen (EPO) har grunnlag i Den europeiske patentkonvensjonen (EPC), som tredde i kraft i 1977. Hos Det europeiske patentverket (også forkorta EPO) kan søkjarar frå alle land oppnå patentvern i land som er tilslutta konvensjonen, gjennom éin søknad. I dag er 38 statar med i Den europeiske patentkonvensjonen.

Noreg tiltredde Den europeiske patentkonvensjonen i 2008. Bakgrunnen for tilslutninga var å leggje til rette for at norsk næringsliv skulle kunne sikre seg patentrettar på linje med konkurrentlanda våre og å gjere Noreg til eit meir attraktivt land for utanlandske investorar, ved å legge patentering under same regelverk som i andre europeiske land.

EPO får årleg i overkant av 200 000 patentsøknader. I 2011 stod søkjarar frå EPO-medlemslanda for 37,8 prosent av søkjarmassen, medan USA følgde etter med 24,4 prosent og Japan med 19,4 prosent. Blant dei europeiske landa hadde Tyskland flest søkjarar. Saksbehandlingstida ligg på om lag 40 månader, og patenta har ei gjennomsnittleg levetid på 8–10 år.

EPO jobbar for å styrkje samarbeidet med patentverka i mellom anna USA og Japan. I tillegg samarbeider EPO med det kinesiske patentverket, mellom anna for å skape eit meir effektivt immaterialrettssystem og for å få til ei betre datautveksling når det gjeld tidlegare kjend teknologi og rettar. EPO har også inngått ein samarbeidsavtale med føretaket Google om etablering av automatiske omsetjingsprogram for å lette handteringa av søknader og gransking på til dømes asiatiske språk. Patentstyret har på grunn av norsk medlemskap i EPO no tilgang til felles elektroniske søknadshandteringsverktøy og granskingsverktøy.

Boks 2.7 FMC Kongsberg Subsea AS

FMC Kongsberg Subsea AS leverer system og utstyr til olje- og gassproduksjon på havbotnen.

Petroleumssektoren er ein global arena med aukande merksemd på immaterielle rettar både frå oljeselskap, konkurrentar og underleverandørar. Verdien av eit stort globalt selskap er knytt opp mot omsetningstal og kompetanse, der industrielle rettar er eit viktig element. For FMC Kongsberg Subsea AS og eigaren FMC Technologies Inc. er verdiskaping og innteningsevne i stadig større grad knytt til strategisk bruk av immaterielle rettar, både lokalt og globalt. Vern av oppfinningar blir difor stadig viktigare for FMC. Som systemleverandør har FMC også eit ansvar overfor underleverandørane, slik at FMC ikkje kan bli gjord ansvarleg for brot på industrielle rettar i ein leveranse. Ved sida av forretningsstrategi og teknologistrategi er strategi for immaterielle rettar eitt av tre viktige bein som FMC støttar seg på.

FMC Kongsberg Subsea er i stor grad avhengig av forretningsløyndommar, kompetanse og knowhow, som dermed utgjer ein stor del av strategien deira for immaterielle rettar. Patentering blir brukt som eit verkemiddel for å verne utvald kjerneteknologi. FMC bruker immaterielle rettar som eit verktøy for å støtte forretnings- og teknologistrategien og ikkje som eit mål i seg sjølv. Denne strategien har medverka til at selskapet i dag har ein leiande posisjon som global leverandør av undervassystem til oljesektoren.

Ein av føresetnadene for å sikre eit effektivt vern av eigen teknologi er ei patentmyndigheit med høg kompetanse. FHC gir uttrykk for gode erfaringar med Patentstyret og det er viktig for bedrifta at Patentstyret klarer å levere tenester av høg kvalitet og utviklar kompetansen sin vidare.

2.3 Patentstyret

Patentstyret er den norske nasjonale myndigheita for behandling av søknader om patent, varemerke og designvern. I tillegg er Patentstyret eit nasjonalt kompetansesenter for industrielle rettar. Patentstyret blei oppretta i 1911 og har i dag om lag 260 tilsette, i hovudsak med kompetanse i tekniske, juridiske, administrative og økonomiske fag.

Patentstyret er eit forvaltningsorgan under Nærings- og handelsdepartementet, som har ansvaret for rammene til Patentstyret, lova om Patentstyret og Klagenemnda for industrielle rettar. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for den materiellrettslege lovgivinga om industrielle rettar.

2.3.1 Patentstyret sine mål og oppgåver

Patentstyret har to hovudmål som beskriv dei primære oppgåvene til etaten dei er å:

  1. behandle søknader om industrielle rettar med riktig kvalitet og behandlingstid

  2. bidra til å auke kunnskapen om industrielle rettar i Noreg

Målet om å behandle søknader med riktig kvalitet og behandlingstid er definert av lov og anna regelverk, og er i stor grad harmonisert med resten av Europa. For Patentstyret betyr «riktig» kvalitet ei einskapleg og føreseieleg søknadsbehandling, som skjer etter felles standardar og er harmonisert med tilsvarande myndigheiter i utlandet. For brukaren betyr det at søknaden skal få same behandling uavhengig av kva patentmyndigheit som behandlar saka, men ikkje nødvendigvis at utfallet av behandlinga er den same overalt.

Samfunnet har interesse av at tildelinga av rettar er føreseieleg, noko ein kan oppnå gjennom vurdering av søknader etter gitte felles kriterium som nyheit (patent og design), oppfinningshøgd (patent) og at eit merke har særpreg, ikkje er villeiande eller kan forvekslast (varemerke). I tillegg er både samfunnet og verksemdene tente med at søknader blir behandla så raskt som forsvarlege behandlingsrutinar og fristar tillèt, slik at rettssituasjonen for den aktuelle søknaden blir avklart. Søknader som blir liggjande lenge uavklarte, kan i verste fall blokkere for andre aktørar og dermed hemme vellykka innovasjonsprosjekt.

Det same gjeld registreringar med låg kvalitet eller der søkjaren ikkje har krav på vern. Slike registreringar kan i verste fall blokkere innovasjon og vidare utvikling på området retten gjeld. Samfunnet og verksemder er tente med at krava til vern blir følgt i behandlinga av søknader, slik at ein ikkje registrerer «feil» rettar. Patentstyret sin funksjon som «portvakt» er difor viktig.

Kva behandlingstid som er «riktig», er avhengig av typen søknad. Til dømes er det eit mål å behandle patentsøknader innan om lag tre år. Det tek såpass lang tid fordi nyheitsgransking av søknadene blir stadig meir omfattande og arbeidskrevjande, og fordi nyheitsgranskinga ikkje kan skje før databasane over patent og litteratur som blir brukte for å vurdere nyheit, er oppdaterte. I tillegg er det lange svarfristar også for søkjarane under saksbehandlinga. For design- og varemerkesøknader er derimot den gjennomsnittlege behandlingstida tre–fem månader. På patentområdet har førstesøknader1 forrang og blir behandla vesentleg raskare enn søknader som er baserte på søknader som allereie er leverte i andre land. Ein førstesøknad vil bli teken opp til behandling innan seks–sju månader. Bakgrunnen for denne praksisen er at søkjarane tidleg skal få eit grunnlag for å vurdere om dei ønskjer å søkje vidare i andre land.

Behova for riktig kvalitet og behandlingstid stiller høge krav til kompetanse hos Patentstyret.

Å vurdere om ei løysing er unik og tilstrekkeleg forskjellig frå tidlegare kjende løysingar, krev brei teknologisk kompetanse på alle felt, i tillegg til kompetanse innanfor jus og gransking. At myndigheita har eit høgt fagleg kompetansenivå, er også viktig for å redusere risikoen for rettstvistar i etterkant. Omdømmet til patentmyndigheitene bidreg til tryggleik både for utanlandske investorar og samarbeidspartnarar for norsk næringsliv.

Det andre hovudmålet for Patentstyret er å auke kunnskapen om industrielle rettar i Noreg. Aktivitetar knytte til dette målet er ikkje regulerte eller definerte i same grad som søknadsbehandlinga i etaten. For å oppnå dette hovudmålet gjennomfører Patentstyret ei rekkje aktivitetar, mellom anna forundersøkingar, kursverksemd, rettleiing og bistand til andre myndigheiter i internasjonale forhandlingar. Som eit ledd i dette har Patentstyret ei rolle i å auke bevisstheita om bruk av industrielle rettar i norsk næringsliv og i det offentlege verkemiddelapparatet. Desse aktivitetane blir nærare omtalte seinare i kapitlet.

Tidlegare hadde Patentstyret ansvar for klagebehandling gjennom si Andre avdeling. Dette er no endra gjennom lov om Patentstyret og Klagenemnda for industrielle rettar, som opprettar ei ny uavhengig klagenemnd, Klagenemnda for industrielle rettar. Lova legg til rette for større rettstryggleik og ei raskare og meir brukarvennleg behandling av saker i Patentstyret og Klagenemnda. Lova tredde i kraft 1. april 2013.

Aktivitetane til Patentstyret kan delast inn i inntektsgivande og ikkje-inntektsgivande oppgåver og er illustrert i tabell 2.1. Dei inntektsgivande aktivitetane blir finansierte gjennom gebyr og avgifter, noko som er i hovudsak knytte til søknadsbehandlinga. Det er eit mål at utgiftene og inntektene for inntektsgivande aktivitetar skal gå i balanse over tid.

Dei ikkje-inntektsgivande aktivitetane er i hovudsak knytte til målet om å bidra til større kunnskap om industrielle rettar i Noreg og å ta vare på andre lovpålagde myndigheitsroller. Rettleiing av søkjarar, bistand til andre offentlege institusjonar og store delar av informasjonsrolla er ikkje-inntektsgivande aktivitetar. For samfunnet er slik kunnskap eit fellesgode, fordi nytten av kunnskap aukar ved at han blir spreidd og dermed kjem fleire til gode enn den enkelte aktøren som produserer eller formidlar kunnskapen. Desse aktivitetane er difor finansierte over statsbudsjettet.

Oppgåvene til Patentstyret kan også delast inn i lovpålagde og ikkje-lovpålagde oppgåver.

Tabell 2.1 Oversikt over oppgåvene til Patentstyret

Lovpålagde oppgåver

Inntektsgivande aktivitetar

Søknadsbehandling

Halde ved like register, fornye rettar, behandle motsegner, administrative overprøvingar

Ikkje-inntektsgivande aktivitetar

Rettleiing av brukarar i samsvar med forvaltningslova og rettleiingsplikta, internasjonalt samarbeid og forhandlingar, inkludert utviklingsbistand, lov- og regelverksarbeid

Sekretariatet for Meklingsnemnda for arbeidstakaroppfinningar

Ikkje-lovpålagde oppgåver

Inntektsgivande aktivitetar

Kurs

Forundersøkingar

Ikkje-inntektsgivande aktivitetar

Informasjonsarbeid

Andre oppgåver

Inntektsgivande

Nordisk Patentinstitutt

2.3.2 Patentstyret sine kundar og interessentar

Kundane til Patentstyret er norsk og utanlandsk næringsliv, forskingsinstitusjonar, oppfinnarar og frittståande idéskaparar. Patentstyret har hovudsakleg kontakt med kundane sine gjennom mellommenn, patentfullmektigar og advokatar. Det er ikkje nødvendigvis dei same kundane som søkjer rettar og forundersøkingar, som bestiller kurs og andre kompetansetenester.

Tilslutninga til Den europeiske patentkonvensjonen (EPC) førte til ei kraftig endring i samansetnaden av kundegruppa til Patentstyret. Det sterkaste utslaget var ein kraftig nedgang i prosentdelen utanlandske søknader, som gikk ned frå om lag 80 prosent til om lag 30 prosent i løpet av eit par år, jamfør omtale i 2.3.3. Denne nedgangen kjem av at ein med EPC kan få patent i Noreg også ved å levere søknad til EPO. Det inneber at det ikkje lenger er nødvendig å levere ein nasjonal søknad til det nasjonale patentverket i kvart av dei partslanda ein ønskjer patent i. 43 prosent av frå norske aktørar søknadene er frå små og mellomstore bedrifter, noko som har vore stabilt frå før medlemskapen i Den europeiske patentorganisasjonen. Norske små og mellomstore bedrifter søkjer stort sett berre til Patentstyret, og ikkje til utanlandske patentmyndigheiter.

Verksemdene som søkjer om rettar, er representerte av patentfullmektigar og advokatar i dei fleste sakene, både når det gjeld søknader og anna administrativ oppfølging som fornying av rettar.

Patentstyret gjennomfører årleg ei kundeundersøking som blir brukt til å forbetre tenestene og kommunikasjonen med kundane. Patentstyret har jamleg gjennomført ei næringslivsundersøking og ei kvalitativ undersøking om kundeorienteringa til Patentstyret. Det blir også jamleg gjennomført samanlikningar med myndigheiter og private aktørar i andre land innanfor kurs og forundersøkingar.

2.3.3 Søknadsbehandling

I 2012 fekk Patentstyret om lag 17 000 søknader om patent-, varemerke- og designregistrering. Av dei er dei fleste – i overkant av 14 000 – søknader om varemerke.

I tillegg til ordinær søknadsbehandling administrerer Patentstyret ulike internasjonale søknadsordningar på design-, varemerke- og patentområdet, og bidreg i utviklinga av praksisen og regelverket på desse områda. Patentstyret har også eit ansvar for fornying av rettar, behandling av motsegner og administrative overprøvingar.

Offentleggjering av opplysningar om industrielle rettar skjer gjennom registra til Patentstyret. For å ta vare på sjølve intensjonen bak patentsystemet, nemleg einerett til utnytting i byte mot offentleggjering, er det viktig at slik informasjon er lett tilgjengeleg. Som eit ledd i å gjere slik informasjon tilgjengeleg for publikum har Patentstyret digitalisert registra sine og gjort dei søkbare.

Det er i hovudsak gjennom søknadsbehandling og gransking at saksbehandlarane i Patentstyret byggjer og utviklar vidare kompetansen om industrielle rettar. Denne oppgåva er difor ein grunnleggjande føresetnad for å oppnå det andre hovudmålet til etaten, nemleg å spreie kunnskap og kompetanse om industrielle rettar.

2.3.3.1 Patent

Etter at Noreg blei med i Den europeiske patentkonvensjonen (EPC) i 2008, kan søkjarane som ønskjer patentvern i Noreg, velje om dei vil sende søknader til Patentstyret eller til Det europeiske patentverket (EPO). For ein del søkjarar og brukarar av patentsystemet er det framleis viktig med ei nasjonal myndigheit som er nær kundane geografisk, språkleg og kulturelt. Nærleiken til brukarane er difor ein styrke for Patentstyret med tanke på konkurranse.

Etter at Noreg tiltredde EPC, har talet på patentsøknader til Patentstyret blitt redusert frå om lag 5 400 i 2008 til om lag 1 500 i 2012. Det er i hovudsak søknader frå utanlandske søkjarar som no blir sende til EPO i staden for til Patentstyret. Ein del utanlandske søkjarar føretrekkjer framleis å levere søknad til Patentstyret i staden for til EPO. Særleg gjeld det søknader innanfor oljerelatert teknologi. Hovudtyngda av nye søknader til Patentstyret er no frå norske søkjarar. Dette talet har over lengre tid lege stabilt på mellom 1 050 og 1 200 årleg. Ein relativt stor del av dei norske søknadene finn vi i primærnæringane, inkludert fiskeoppdrett.

Som figur 2.6 viser, har Patentstyret i åra etter 2008 avgjort langt fleire saker enn det som har komme inn av søknader. Dette bidreg til at talet på saker som ligg til behandling i etaten, blir raskt redusert. I 2010 var det nærare 25 000 søknader som låg til behandling i etaten. Gjennom bevisst prioritering var søknadsmengda nedarbeidd til i overkant av 18 000 søknader i 2012. Dette er i tråd med den nedarbeidingsplanen Patentstyret i 2009 utarbeidde på oppdrag frå Nærings- og handelsdepartementet. Målet i planen er at den gjennomsnittlege reelle saksbehandlingstida for patentsøknader skal liggje på rundt tre år ved utgangen av 2017.

Figur 2.6  Søknadsinngang og talet på avgjorde patentsøknader hos Patentstyret.

Figur 2.6 Søknadsinngang og talet på avgjorde patentsøknader hos Patentstyret.

For at ein EPO-søknad skal gjelde i Noreg, må han validerast i Noreg. Validering er ein kombinasjon av formaliakontroll og innkrevjing av ei fulltekstomsetjing av EPO-patentet på norsk. Ettersom det over mange år har vore stabil innkomst av utanlandske søknader til Patentstyret, kan ein gå ut frå at nedgangen i utanlandske søknader vil komme tilbake til Noreg i form av valideringar. Talet på valideringar kan i så fall ventast å auke betrakteleg. Talet på valideringar av EPO-patent har auka frå to i 2009 til cirka 1 420 i 2012.

Nordisk Patentinstitutt (NPI) er eit samarbeid mellom Noreg, Danmark og Island som skal bidra til å sikre næringslivet eit godt tilbod av offentleg, patentfagleg kompetanse. NPI starta opp verksemda i 2008 og gir nye oppgåver som bidreg til at Patentstyret kan halde oppe nødvendig kompetanse til å kunne behandle patentsøknader på alle fagområde, også etter EPO-medlemskapen. Aktiviteten i Patentstyret knytt til NPI er nærare beskrive i 2.3.5.

2.3.3.2 Varemerke

Patentstyret har dei siste åra teke imot og behandla 14 000–15 000 varemerkesøknader årleg, jamfør figur 2.7. Om lag 25 prosent av søknadene kjem frå norske søkjarar.

Figur 2.7 Søknadsinngang og talet på avgjorde varemerkesøknader hos Patentstyret.

Figur 2.7 Søknadsinngang og talet på avgjorde varemerkesøknader hos Patentstyret.

Å sikre seg og byggje opp verdien til varemerke er ein del av oppbygginga av omdømmet til ei bedrift, der føretaksnamn og domenenamn er andre viktige brikker. I 2011 etablerte difor Patentstyret eit samarbeid med Brønnøysundregistra med sikte på å gi kundane enkel tilgang til informasjon om føretaksnamn, varemerke og domenenamn i samanheng. Verksemdene er no i ferd med å utvikle ei løysing som gjer at søk på føretaksnamn i Brønnøysundsregistra også gir treff i varemerkeregisteret til Patentstyret og vice versa. Initiativet vil bidra til større bevisstgjering og betre kunnskap om samanhengen mellom desse rettane.

2.3.3.3 Design

Patentstyret får inn og behandlar om lag 3 000 design årleg fordelte på rundt 1 000 designsøknader. Ein designsøknad kan altså innehalde fleire design, jamfør figur 2.8.

Figur 2.8 Søknadsinngang og talet på avgjorde designsøknader hos Patentstyret.

Figur 2.8 Søknadsinngang og talet på avgjorde designsøknader hos Patentstyret.

Den internasjonale ordninga for designregistrering er regulert i den såkalla Haag-overeinskomsten og har medverka til ein betydeleg auke i søknadsinngangen til Patentstyret sidan Noreg tiltredde systemet i 2010.

2.3.4 Spreiing av kunnskap om industrielle rettar

Det andre hovudmålet til Patentstyret er å bidra til å auke kunnskapen om industrielle rettar i Noreg. Patentstyret har ei rekkje aktivitetar for å nå dette målet. Mellom dei viktigaste er kurs, foredrag, forundersøkingar og rettleiing.

2.3.4.1 Kurs

Patentstyret tilbyr kurs om ei rekkje tema innanfor industrielle rettar. Kursa dekkjer ulike kunnskapsnivå, frå nybegynnar til ekspert. Målgruppene for basiskurs og arrangement er primært oppfinnarar, små og mellomstore verksemder og innovasjonsmiljø. Patentstyret arrangerer i tillegg spesielle temakurs innanfor immaterialrett, der målgruppa er personar som allereie har basiskunnskapar og nokre års erfaring i bransjen mellom anna patentfullmettigar.

For å utvikle eit kunderetta og marknadstilpassa kurstilbod måler Patentstyret seg mot andre kurstilbydarar når det gjeld pris, tematikk og omfang. Det blir hovudsakleg gjort samanlikningar med tilsvarande myndigheiter i Norden og Europa elles, men også med private tilbydarar av tilsvarande kurs.

2.3.4.2 Forundersøkingar og rettleiing

Ei forundersøking er ei kartlegging som gir svar på om ein design, ein logo, eit namn eller ei oppfinning er unik og registrerbar, og kva for andre rettar som finst på området.

På patentområdet blir det mellom anna gitt svar på om oppfinningar kan patenterast ved systematisk å søkje igjennom litteratur- og patentdatabasar i dei store databasane til EPO, US Patent and Trademark Office og Japans patentverk. Slike undersøkingar gir eit godt innblikk i den gjeldande teknologiutviklinga og over kva for moglege samarbeidspartnarar og konkurrentar som er aktive på eit område. Patentstyret har tilgang til over 850 databasar, som dekkjer det meste av patentlitteraturen på verdsbasis. Frå 2012 blei dokument i den norske søknadsbehandlinga tilgjengelege i søkjetenesta på nettet.

Patentstyret gir rettleiing om gjeldande regelverk og ordningar og om korleis kundane kan gå fram for å få gjort ideane sine til verdiar. Det første møtet mellom kundane og Patentstyret er gjerne gjennom nettsidene til etaten, telefonar til infosenteret eller besøk på kundesenteret. Infosenteret gir både generell rettleiing om industrielle rettar og informerer og svarer på spørsmål om søknadsprosessen og regelverket.

Rettleiingsplikta omfattar også internasjonale ordningar og søknadssystem. Patentstyret tilbyr rettleiing om sentrale institusjonar innanfor desse systema, som Verdsorganisasjonen for immaterielle rettar (WIPO), The Office of Harmonization for the Internal Market (OHIM) og Den europeiske patentorganisasjonen (EPO).

Patentstyret støttar resten av det næringsretta verkemiddelapparatet i arbeidet som har med industrielle rettar å gjere. I tillegg bidreg Patentstyret til spreiing av kompetanse gjennom rekruttering av tilsette frå etaten til dei private tenesteleverandørane, næringslivet elles og offentlege verksemder.

2.3.5 Internasjonalt arbeid, lov- og regelverksarbeid

Internasjonale møteplassar er sentrale for den langsiktige utforminga av det internasjonale systemet for immaterielle rettar. For å sikre at norske interesser blir tekne vare på i den internasjonale utviklinga av immaterialretten, representerer Patentstyret Noreg i fleire internasjonale forum. Det internasjonale arbeidet skjer på oppdrag frå ulike departement.

Patentstyret representerer Noreg på generalforsamlingane og i ei rekkje særkomitear i Verdsorganisasjonen for immaterielle rettar (WIPO). Patentstyret samarbeider også med WIPO for å yte fagleg bistand til utviklingsland som siktar mot å etablere fungerande immaterialrettssystem. Sjølv om dette arbeidet først og fremst er bistandsrelatert, vil velfungerande immaterialrettssystem i andre land i neste omgang også lette marknadstilgangen for norsk næringsliv.

I Den europeiske patentorganisasjonen (EPO) representerer Patentstyret Noreg i Forvaltningsrådet og i dei underliggjande komiteane til rådet. Som medlem i EPO er Noreg involvert i oppdatering av regelverk og retningslinjer, i felles prosedyrar for kvalitetsstyring og i opplæring og praksisutvikling.

Patentstyret er også engasjert i bilaterale prosjekt med patentverk i andre land, mellom anna arbeid med prioritert saksbehandling på patentområdet. På varemerkeområdet deltek Patentstyret i eit omfattande samarbeid med EUs design- og varemerkemyndigheit (OHIM) og dei europeiske landa om harmonisering av varemerkepraksis (Convergence Programme). I tillegg er Patentstyret med i eit nettverk av søsterpatentverk frå mange europeiske land for felles fagleg utvikling og læring.

Patentstyret er partnar i Nordisk Patentinstitutt (NPI) saman med patentverka i Danmark og Island. Patentstyret leverer ulike typar tenester til NPI. Per i dag inkluderer det behandling av internasjonale søknader (PCT-søknader) frå norske søkjarar og gjennomføring av ulike typar kommersielle oppdrag (NPI-oppdrag), hovudsakleg nyheitsgransking for kundar utanfor Danmark, Island og Noreg.

Patentstyret har hatt ein betydeleg vekst i talet på NPI-oppdrag. Talet på kommersielle oppdrag steig frå 26 i 2010 til 190 i 2012, medan talet på oppdrag knytta til behandling av internasjonale søknader har hatt ein nedgang frå 236 til 162 i same periode.

Patentstyret bistår departementa som ekspertressurs ved forhandlingar om frihandelsavtalar. Det er først og fremst Nærings- og handelsdepartementet, Utanriksdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet som er involverte i dette arbeidet. Det at Patentstyret deltek, bidreg til at dei norske interessene knytte til industrielle rettar blir tekne vare på i desse forhandlingane.

Patentstyret er også involvert i lov- og regelverksarbeid, og etaten bruker kunnskapen dei har på immaterialrettsfeltet, til å bistå i førebuingane av nye lover som dreier seg om industrielle rettar.

2.4 Andre aktørar i det norske systemet for immaterielle rettar

Innovative verksemder og Patentstyret er sentrale aktørar i systemet for vern av immaterielle rettar i Noreg. I tillegg omfattar systemet ei rekkje aktørar som kvar på sin måte har betydning for handteringa av immaterielle verdiar og rettar i verksemdene og elles i samfunnet.

Ei rekkje patentkontor, patentfullmektigar og advokatkontor tilbyr eit breitt spekter av kommersielle tenester knytte til immaterielle rettar for bedrifter og oppfinnarar. Tvisteorgan og domstolar behandlar tvistesaker som dreier seg om immaterielle rettar, medan tollmyndigheitene avdekkjer og varslar om brot på immaterialretten ved innførsel og utførsel av varer. Kommersialiseringsaktørane gir mellom anna assistanse til patentering, lisensiering, teknologi- og marknadsvurdering, bedriftsetablering og kapitalinnhenting i samband med kommersialisering av forskingsresultat ved universitet, høgskolar og helseføretaka. I tillegg tilbyr dei kurs og foredrag om industrielle rettar.

Det næringsretta verkemiddelapparatet har også ei viktig rolle i å spreie kunnskap og skape bevisstheit om immaterielle verdiar blant brukarane sine. Verkemiddelapparatet består mellom anna av Norsk Designråd, Innovasjon Noreg, SIVA og Noregs forskingsråd.

2.4.1 Kommersielle tenestetilbydarar

Noreg har eit velfungerande privat rettleiings- og tenestetilbod retta mot bedrifter og oppfinnarar. Tilbodet omfattar mellom anna rettleiing om immaterialrettssystemet, rådgiving om rettar, hjelp til å utforme søknader om patent, varemerke og design, omsetjing av utanlandske søknader til norsk, administrasjon av rettsporteføljar – som å følgje opp innbetaling av årsavgifter. Vidare tilbyr dei strategisk rådgiving, due diligence-analysar, konkurrentovervaking og handlingsromsanalysar – såkalla freedom-to-operate-analysar. Det er også mogleg å få hjelp ved rettssaker, søksmål og erstatningssaker. Bak dette tenestetilbodet står mellom anna patentkontor, patentfullmektigar og advokatkontor, som ein samla kan kalle patentekspertbransjen.

Det er ingen krav om at ei verksemd eller ein oppfinnar skal bruke til dømes patentekspertar i samband med utforming av søknader til Patentstyret, men da dette kan vere både komplisert og arbeidskrevjande, vel mange søkjarar likevel å engasjere patentfullmektigar. Fullmektigen representerer også søkjaren overfor Patentstyret og EPO.

Større verksemder har vanlegvis eigne fagfolk og ekspertar på immaterielle verdiar som tek seg av mange av dei arbeidsoppgåvene patentekspertane tilbyr. Den norske patentekspertbransjen speler difor ei spesielt viktig rolle for enkeltpersonar og mindre verksemder. I dag er patentekspertar hovudsakleg lokaliserte i dei større byane rundt om i landet.

Då Noreg blei med i Den europeiske patentorganisasjonen (EPO), skjerpa dette krava til omstilling i patentekspertbransjen. Med norsk medlemskap i EPO fall ein del av arbeidet bransjen hadde med internasjonale søknader bort. Konkurransen i den norske marknaden for kommersielle tenester for handtering av immaterielle rettar blir òg stadig hardare. Etter at kravet om at eksperten var etablert i Noreg for å representere norske søkarar fell bort i samband med den nye varemerkeloven i 2010, kom fleire internasjonale aktørar inn på marknaden. Samtidig etablerer stadig nye norske aktørar seg. Dette tyder på at marknaden for tenester innanfor handtering av immaterielle verdiar blir opplevd som attraktiv.

Norsk medlemskap i Den europeiske patentorganisasjonen stiller vidare større kompetansekrav til den norske patentekspertbransjen. Det blir stilt store krav til kompetanse og erfaring hos den som skal representere ein patentsøkjar overfor EPO. Reglane og patentverka i ei rekkje land, mellom andre EPO, krev autorisasjon for at ein skal kunne utøve rolla som patentfullmektig. For å sikre at bransjen skal kunne konkurrere med tilsvarande aktørar i Europa, blei det difor i regi av Patentstyret gjennomført utdanning og autorisasjon av erfarne patentfullmektigar i Noreg. Da Noreg tiltredde Den europeiske patentkonvensjonen, blei nærare 100 patentfullmektigar kvalifiserte som europeiske patentfullmektigar på grunnlag av ein såkalla bestefar-autorisasjon.2 Norske patentfullmektigar utan slik autorisasjon må bestå ein europeisk patenteksamen, European Qualifying Examination (EQE), for å kunne representere patentsøkjarar overfor EPO.

2.4.2 Tvisteorgan og domstolar

Immaterielle rettar er nasjonale eller regionale rettar, og eventuelle tvistar må bringast inn for tvisteorgan og domstolar for kvart enkelt land eller region.

Alle som meiner at ein rett er gitt på feil grunnlag, kan be Patentstyret om ei administrativ overprøving av det aktuelle vedtaket. For varemerke og patent kan ein også sende inn skriftlege motsegner. Administrative overprøvingar og behandling av motsegner er det fagavdelingane i Patentstyret som tek seg av. Til no har klagar på avgjerder i Patentstyret blitt behandla av Patentstyrets klageorgan, Andre avdeling. Etter den nye lova om Patentstyret og Klagenemnda for industrielle rettar er det oppretta ei eiga klagenemnd for industrielle rettar, som skal behandle klagar på avgjerder tekne av Patentstyret. Dersom eit registrert føretaksnamn kan forvekslast eller på annan måte krenkjer eit anna føretaksnamn, verna personnamn eller varemerke, kan det klagast inn for Patentstyret.

Avgjerder i den nye klagenemnda eller frå Andre avdeling i Patentstyret kan igjen ankast inn for domstolane, med unntak av når ein rett blir innvilga eller eit krav om administrativ overprøving blir avslått.

Avslag på søknader om industrielle rettar kan i Noreg prøvast for Oslo tingrett. Avgjerder som avviser motsegner, kan ikkje bringast inn for domstolane. I slike tilfelle må gyldigheita av sjølve retten prøvast rettsleg og blir ei sak mellom innehavaren av retten og saksøkjaren.

Søksmål mot registrering av design, varemerke, planteforedlarrettar eller patent skal prøvast av Oslo tingrett same kva del av landet desse søksmåla kjem frå. På denne måten kan Oslo tingrett opparbeide seg ein særskild kompetanse på immaterialrett. Eventuelle ankesaker blir behandla av Borgarting lagmannsrett og i siste instans av Høgsterett.

Meklingsnemnda for arbeidstakaroppfinningar behandlar usemje mellom arbeidsgivar og arbeidstakar knytt til arbeidstakaroppfinningslova om retten til ei oppfinning og eventuelle vederlag. Nemnda blir administrert av Patentstyret.

Kabeltvistnemnda, som blir oppnemnd av Kulturdepartementet, avgjer tvistar om vederlag for vidaresending av kringkastingssendingar etter åndsverklova. Nemnda tilbyr også mekling mellom rettshavarar, kringkastarar og eigarar av kabelnett.

Domeneklagenemnda er eit sjølvstendig norsk organ som behandlar tvistesaker for både privatpersonar og verksemder/organisasjonar om rett til domenenamn og klagar på avgjerder som Norid har teke. Nemnda fungerer som eit raskt, billig og enkelt alternativ i openberre konfliktsaker. Dersom nokon har registrert eit domenenamn som andre meiner dei har rett til, til dømes eit varemerke, eit produktnamn eller eit føretaksnamn, kan dei klage det inn for Domeneklagenemnda. Nemnda kan da bestemme både at eit domenenamn skal overførast, og at det skal slettast.

2.4.3 Toll- og avgiftsetaten

Toll- og avgiftsetaten er ein etat under Finansdepartementet. Etaten har som oppgåve å avdekkje og varsle rettshavarar om moglege brot på immaterialretten i samband med innførsel og utførsel av varer. Brot på immaterialretten er heimla i tollova. Når toll- og avgiftsetaten avdekkjer ei vare som er mistenkt å vere ein piratkopi, får rettshavaren og importøren skriftleg varsel. Toll- og avgiftsetaten kan halde vara tilbake i inntil fem vyrkedagar frå varselet blei gitt. Når rettshavaren blir varsla, kan han krevje mellombels åtgjerd, slik at varene kan haldast tilbake ut over fem vyrkedagar. I den mellombels åtgjerda oppgir retten kva for varer toll- og avgiftsetaten skal halde tilbake, og i kor lang tid tollmyndigheitene skal søkje å avdekkje slike varer.

Toll- og avgiftsetaten har sidan 2007 intensivert innsatsen for å hindre import av piratvarer til Noreg. I 2010 fekk toll- og avgiftsetaten øyremerkte midlar til å auke bemanninga og tilsetje ein eigen koordinator for immaterielle rettar. Immaterielle rettar er innlemma som eit fag i undervisninga i etatsutdanninga til toll- og avgiftsetaten, og det er oppretta eit nasjonalt og eit eige nordisk forum for tollmyndigheitene.

Tollmyndigheitene har lagt til rette for meir informasjon og betre dialog med næringslivet gjennom informasjon på eiga nettside og ved å etablere eit elektronisk meldingsskjema. Meldingsskjemaet gir ein meir effektiv tollkontroll ved at rettshavaren gir sentrale opplysningar om piratvarene, samtidig som rettshavaren får betre hjelp til å avdekkje piratkopiar.

Tollmyndigheitene følgjer opp internasjonale trendar og regelverksutvikling, særleg gjennom World Customs Organization (WCO), og bidreg til arbeidet internasjonalt. Tollmyndigheitene arbeider også kontinuerleg med å betre kontrollen, etterretninga og rapporteringa.

Boks 2.8 Toll- og avgiftsetaten som vernar av immaterielle rettar

Som samfunnsvernar skal tollmyndigheitene bidra til å verne konkurransekrafta til næringslivet og hindre inn- og utførsel av varer som er ein trussel mot liv og helse. I mange tilfelle utgjer piratkopierte varer ein fare for helse, miljø og tryggleik, og dei kan øydeleggje omdømmet og inntektsgrunnlaget til rettshavarane. Produksjon av og handel med piratkopiar er ei av dei raskast veksande formene for organisert kriminalitet i verda. Difor er kampen mot piratkopiar viktig både for å verne samfunnet og for å nedkjempe kriminalitet. Tollmyndigheitene tek denne oppgåva alvorleg, og vern av immaterielle rettar har vore eit av satsingsområda til toll- og avgiftsetaten sidan 2010.

Toll- og avgiftsetaten skal avdekkje, halde tilbake og varsle rettshavaren om varer som ein mistenkjer kan krenkje immaterielle rettar. Med si strategiske plassering på grensa er tollstasjonane ofte dei einaste stadene der det er mogleg å oppdage piratkopierte varer. I tillegg er det langt meir effektivt å stoppe piratkopiane ved grensa, medan varestraumen er konsentrert, enn når dei er distribuerte til marknaden. Det er også viktig med reglar og prosedyrar som gjer det enkelt for næringslivet å samarbeide med tollmyndigheitene.

Sjølv om tollmyndigheitene gjorde 533 beslag fordelte på 160 000 varer til ein verdi av om lag 50 millionar kroner i 2011, er dette truleg berre ein liten del av alle dei forfalska merkevarene som blir innførte til Noreg. Etter at tollmyndigheitene fekk større ressursar til å kjempe mot piratkopiar, har talet på beslag gått kraftig opp. Likevel er utviklinga framleis urovekkjande.

2.4.4 Kommersialiseringsaktørar ved forskingsinstitusjonane

Kommersialisering av forskingsresultat frå offentleg finansiert forsking medverkar til at denne forskinga kjem samfunnet til nytte. Kommersialiseringa skjer anten gjennom lisensiering av resultat og oppstart av bedrifter eller ved at forskarar eller institusjonar avhendar rettar dei sjølve ikkje ønskjer å følgje opp kommersielt.

For å fremme kommersialisering av forskingsresultat frå universitet, høgskolar og helseføretak blei arbeidstakaroppfinningslova endra med verknad frå 1. januar 2003. Endringa gav universitet og høgskolar høve til å få overført rettane til næringsutnytting av forskingsresultat frå sine tilsette forskarar. Ansvaret institusjonane har for å formidle forskingsresultat – mellom anna kommersialisering av forskingsresultat generelt, og ikkje berre patenterbare oppfinningar – blei også tydeleggjort i revisjonen av universitets- og høgskolelova i 2002. Formålet med lovendringane var å auke verdiskapinga gjennom auka kommersialisering av forskingsresultat. Det gjeld uavhengig av om forskarar, institusjonar eller næringslivet eig rettane til forskingsresultata.

Lovendringane har medverka til at bevisstheita og kunnskapen om immaterielle rettar i forskingsmiljøa er blitt større, og ført til ei betre og meir systematisk handtering av immaterielle rettar ved norske universitet, høgskolar og helseføretak. Lovendringane bidrog vidare til etablering av teknologioverføringskontor (Technology Transfer Office, TTO) ved ei rekkje institusjonar. I dei store universitetsbyane har universitet, helseføretak og høgskolar dei seinare åra styrkt desse kontora ved å gå saman om å utvikle felles teknologioverføringskontor.

TTO-ane har to hovudoppgåver. For det første skal dei bidra til å spreie informasjon i forskingsinstitusjonane om handteringa av industrielle rettar. Denne oppgåva omfattar kurs og ei rekkje andre aktivitetar. Den andre hovudoppgåva er å hjelpe forskarar med å kommersialisere idear. Det omfattar mellom anna assistanse til patentering, lisensiering, teknologi- og marknadsvurdering, handtering av rettane, bedriftsetablering og kapitalinnhenting.

Arbeidet i TTO-ane blir i hovudsak finansiert av Noregs Forskingsråds FORNY-program og gjennom inntekter frå transaksjonar med eigarar og andre brukarar av tenestene til TTO-ane. Inntektene frå TTO-ane er ikkje store, men kommersialiseringseiningane er relativt unge og prosjekta langsiktige.

Tilgang til forskingsdata bidreg til å spreie kunnskap og til læring og innovasjon i samfunnet. Noreg har ei stor mengd tilgjengelege forskingsdata og databankar. At forskingsdata blir lettare tilgjengelege, stiller større krav til bevisstheit og kompetanse ved universiteta, høgskolane og helseføretaka. På same måte krev kommersialisering og vidare bruk av forskingsresultat kompetanse om handteringa av dei immaterielle verdiane.

Når norske forskarar skal vurdere kommersialisering og vidare bruk av forskingsresultat, kan dei anten samtykkje i patentering eller velje publisering i det frie domenet. Såkalla defensiv publisering betyr at forskaren offentleggjer nok informasjon til at ein annan person med innsikt i fagområdet kan utnytte oppfinninga. Samtidig gjer offentleggjeringa at det aktuelle resultatet ikkje kan patenterast av andre. Bruken av det frie domenet føreset kompetanse og rettleiing. TTO-ane og Patentstyret gir informasjon og rettleiing om patentering, men i liten grad informasjon om korleis ein kan publisere i det frie domenet.

Utfordringa for institusjonane ligg i å finne ein god balanse mellom publisering og openheit og behovet for å sikre eigne rettar for å kunne utnytte resultata i kommersiell samanheng.

2.4.5 Det næringsretta verkemiddelapparatet

Ei av oppgåvene til det næringsretta verkemiddelapparatet er spreie kunnskap og bevisstheit om immaterielle verdiar blant brukarane sine. Patentstyret si rolle er nærare omtalt i 2.3. Resten av verkemiddelapparatet består mellom anna av SIVA, Norsk Designråd, Innovasjon Noreg og Noregs forskingsråd, som på ulik måte hjelper norske verksemder med å handtere immaterielle verdiar og rettar. For å sikre eit heilskapleg tilbod til brukarane og ei god utnytting av statlege ressursar er det viktig med ei tydeleg rolledeling og eit godt samarbeid mellom Patentstyret og dei andre næringsretta verkemiddelaktørane. Det er mellom anna etablert samarbeidsavtalar mellom Patentstyret og høvesvis Forskingsrådet, Norsk Designråd og Innovasjon Noreg.

2.4.5.1 Innovasjon Noreg

Innovasjon Noreg er verkemiddelet staten og fylkeskommunane har for å stimulere til bedrifts- og samfunnsøkonomisk lønnsam næringsutvikling og for å utløyse moglegheitene for næring i regionane, ved hjelp av fleire gode gründerar, fleire vekstkraftige verksemder og fleire innovative læringsmiljø.

Innovasjon Noreg forvaltar verkemiddel innanfor finansiering, kompetanse, profilering, nettverk og rådgiving.

Innovasjon Noreg tilbyr også informasjon og rådgiving om immaterielle rettar. Tilbodet rettar seg i hovudsak mot gründerar og små og mellomstore verksemder. I tillegg gir Innovasjon Noreg opplæring i immaterielle rettar til kunderådgivarane sine og gir støtte og rettleiing til rådgivarane ved distrikts- og utekontora. Formålet er å sikre at ein bevisst bruk av immaterielle rettar bidreg til større verdiskaping.

I prosjekt som Innovasjon Noreg finansierer, blir eigarskap og handtering av immaterielle rettar fastsette i eigne kontraktar mellom mottakaren av lån eller tilskot og Innovasjon Noreg. Handteringa av immaterielle rettar i verksemdene er eit element i Innovasjon Noreg si vurdering av søknader om lån eller tilskot.

2.4.5.2 Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd er regjeringa sitt viktigaste verkemiddel for å utvikle det norske forskingssystemet og gjennomføre forskingspolitiske prioriteringar. Noregs forskingsråd har ansvaret for forsking på alle fagområde, med verkemiddel for heile spekteret frå grunnforsking til innovasjon. Noregs forskingsråd har ei sentral rolle i det bilaterale og multilaterale forskingssamarbeidet, mellom anna det norske forskingssamarbeidet med EU.

Forskingsrådet sitt arbeid med immaterielle rettar er i hovudsak knytt til oppfølginga av bedrifter og andre brukarar som får offentleg støtte til forsking og utvikling (FoU). Mellom anna krev Forskingsrådet samarbeidsavtalar som regulerer rettar og plikter i samarbeidsprosjekt, at prosjektresultata som hovudregel skal gjerast kjende så snart som mogleg, og at prosjektresultata skal utnyttast kommersielt innan rimeleg tid. Gjennom nokre av programma sine gir Forskingsrådet òg direkte støtte til søknader om og handtering av patentering av forskingsresultat.

Noregs Forskingsråd har i tillegg ei rolle som ekspertressurs for departementa ved forhandlingar om forskingsavtalar med andre land. I enkelte tilfelle gir Forskingsrådet også råd i samband med etablering av rammeavtalar mellom universitet og norske eller utanlandske bedrifter, samarbeidsavtalar og -prosjekt mellom norske og utanlandske forskingsinstitusjonar, og til norske deltakarar i store EU-finansierte prosjekt

2.4.5.3 Norsk designråd

Norsk Designråd er eit nasjonalt kompetansesenter for strategisk bruk av designdriven innovasjon, og har lang og brei erfaring med å leggje til rette for designprosessar som gjer at norske bedrifter og føretak lukkast enda betre.

Norsk Designråd samarbeider med Innovasjon Noreg, Patentstyret og Forskingsrådet for å auke kompetansen om strategisk bruk av designdrivne innovasjonsprosessar og oppnå større konkurranseevne og lønnsemd i norsk industri og næringsliv.

I samarbeid med private kompetansemiljø arrangerer Norsk Designråd mellom anna temaseminar om design og immaterial rettsvern for å heve kunnskapsnivået hos verksemder og designarar om rettar til design og kommersialisering av slike rettar.

2.4.5.4 SIVA

SIVA er eit statleg verkemiddel for tilretteleggjande eigarskap og utvikling av verksemder og nærings- og kunnskapsmiljø i heile landet. SIVA har eit særleg ansvar for å fremme vekstkrafta i distrikta. SIVA har eigarskap i innovasjonsselskap som forskings- og kunnskapsparkar, næringshagar og inkubatorar saman med universitet og høgskolar, næringsliv, fylkeskommunar, kommunar og andre lokale/regionale aktørar.

SIVA har inkubasjonsprogram som finansierer arbeidet i innovasjonsselskapa med å utvikle nye verksemder. Ein svært sentral del av inkubasjonsarbeidet er å hjelpe gründerane med å sikre og utvikle dei immaterielle rettane gjennom patent, lisensar eller andre relevante ordningar.

SIVA har fleire gonger i året kompetansegivande samlingar for leiarane og medarbeidarane i innovasjonsselskapa, og immaterielle rettar har vore tema fleire gonger. SIVA har saman med Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) utvikla ei inkubasjonsutdanning, der immaterielle rettar er eit sentralt tema.

Boks 2.9 Å vere seg sjølv nok – Destinasjon Voss

Destinasjon Voss er eit reisemåls- og utviklingsselskap som koordinerer og marknadsfører reiselivet på Voss i tillegg til å arbeide med prosjektutvikling innan reiseliv. Destinasjon Voss har varemerkeverna VOSSAprofilen og ønskjer at ulike aktørar bruker profilen, til dømes ved store arrangement på Voss. VOSSAprofilen fekk Merket for god design av Norsk Designråd i 2010.

Innovasjon Noreg har vore ein viktig samarbeidspartnar for Destinasjon Voss i arbeidet med design. Selskapet har også hatt stor nytte av kompetansen til Norsk Designråd i samarbeidet med designbyrå. Det må kompetanse til for å kjøpe kompetanse – utan slik kompetanse i eiga bedrift fekk Norsk Designråd ei viktig rolle, ifølgje Destinasjon Voss.

Fotnotar

1.

Jamfør forklaring i fotnote i boks 2.6.

2.

Den europeiske patentkonvensjonen, artikkel 134 (3).
Til forsida