Meld. St. 5 (2011–2012)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Norden som region har lange tradisjonar for å samarbeide over nasjonale grenser. Regjeringa prioriterer dette samarbeidet. Utfordringane som følgjer av globaliseringa og den aktuelle situasjonen i internasjonal økonomi, krev at det vert lagt større vekt på å tilpasse og fornye seg i ei verd i kontinuerleg endring. Dei nordiske landa med sitt kultur- og språkfellesskap har eit godt grunnlag for å møte desse utfordringane saman.

Globalisering inneber mellom anna auka mobilitet, internasjonal utveksling av kunnskap, informasjon, kompetanse og idear og tilnærma fri flyt av varer, tenester og kapital over landegrensene. Den teknologiske utviklinga gjer geografisk avstand mindre viktig og endrar måten vi arbeider og samarbeider på. Det er sett i verk tiltak for å effektivisere det nordiske samarbeidet, styrkje dei politiske prioriteringane og forenkle budsjettstrukturen. Dette arbeidet vil halde fram i 2012 under den norske formannskapen.

1.1 Norsk formannskap i Nordisk ministerråd

Noreg har formannskapen i Nordisk ministerråd i 2012. Hovudtema er velferdsstaten i eit nordisk perspektiv, og vi vil fokusere på felles utfordringar som dei ulike nordiske landa står overfor. Samtidig vil vi identifisere område der samarbeidet kan utvidast.

Dei nordiske velferdsstatane er ein modell til inspirasjon for mange andre land. Det er særleg den høge graden av velferd og likskap kombinert med sterk konkurranseevne og omstillingskraft som har vist sin styrke i ei stadig meir globalisert verd. Derfor er det viktig at det nordiske samarbeidet utviklar og sikrar denne modellen for framtida, slik at landa står best mogleg rusta til å møte hovudutfordringane i vår tid.

Ein berekraftig velferdsstat er m.a. knytt til økonomisk, sosial og miljømessig utvikling og står overfor store utfordringar i åra som kjem, som fylgje av mellom anna demografiske endringar, globalisering med aukande konkurranse og migrasjon og konsekvensar av klimaendringar. Utviklinga i verdsøkonomien er framleis eit usikkerheitsmoment.

Noreg vil i formannskapsåret følgje opp tidlegare års sterke nordiske satsing på kunnskapsbasert og grøn økonomisk vekst i eit globalt perspektiv med sikte på å auke innovasjonsevna i Norden. Det er viktig å vidareføre arbeidet med å sikre inkluderande arbeidsliv, gode sosiale sikringsordningar og likskap i helse for befolkninga i dei nordiske landa, og særleg sikre at ungdom inkluderast i arbeidsliv og samfunn. Utviklinga av dei nordiske velferdsstatane er òg avhengig av samarbeidet med partane i arbeidslivet som fremjar fellesskapsløysingar med brei aksept i samfunnslivet. Brei deltaking og inkludering i samfunns- og arbeidslivsliv er den beste måten å sikre verdiskaping og velferd på.

For Noreg er Norden, nabolanda til Norden og nordområda eit naturleg utgangspunkt for viktige prioriteringar i utanrikspolitikken. Det er positivt for landa i Norden at aktiviteten over grensene har auka. Det skaper nye utsikter for næringslivet, både på arbeidstakar- og arbeidsgjevarsida. Det same gjeld for studentar og for kulturarbeidarar. Samtidig stiller det større krav til innsatsen for å løyse grensehinder slik at mobiliteten over grensene vert så problemfri som mogleg. Dette arbeidet vil bli høgt prioritert under den norske formannskapen. Frivillige foreiningar som Norden-foreiningane er med på å gje dette fellesskapet eit breiare og meir mangfaldig fundament.

Nordisk ministerråd legg stor vekt på samarbeidet med nabolanda til Norden. Det er òg utvikla eit nært samarbeid med andre regionale råd, som Barentsrådet, Austersjørådet og Arktisk råd. Den nordlege dimensjonen er eit viktig forum for eit sterkare nordisk samarbeid med Nordvest-Russland.

Innhald

Meldinga orienterer i kapittel 2 om aktuelle saker i det nordiske samarbeidet. Globalisering, grensehinder og grøn vekst er hovudsaker. Kapittel 3 omhandlar samarbeidet med nabolanda og dei andre regionale råda, kapittel 4 orienterer om nordisk utanriks-, forsvars- og utviklingspolitisk samarbeid. Kapittel 5 omtaler det faglege samarbeidet.

Den norske delegasjonen til Nordisk råd utarbeider ein eigen rapport som eit separat dokument.