Meld. St. 5 (2011–2012)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

2 Aktuelle saker

2.1 Globalisering

Dei nordiske statsministrane lanserte globaliseringsinitiativet i Punkaharju i 2007. Initiativet kom i stand som ein reaksjon på globaliseringa og dei utfordringane ho fører med seg i form av aukande konkurranse og migrasjon, og på konsekvensane av klimaendringane. Initiativet har vore med og gjort NMR betre i stand til å møte globaliseringsutfordringane. Det har òg medverka til eit tettare samarbeid mellom dei ulike fagministerråda i NMR. Globaliseringsforumet for statsministrane skal haldast i København i oktober med grøn vekst som hovudtema.

For samarbeidsministrane (MR-SAM) har det overordna globaliseringsinitiativet vore viktig, ikkje minst som eit instrument til hjelp for å gjennomføre nødvendige prioriteringar i verksemda. Med den vanskelege økonomiske situasjonen mange europeiske land enno opplever, trengst det politisk solidaritet i Norden. Dei nordiske regjeringane kan gjennom sterk felles innsats støtte næringslivet og utvide dei nordiske heimemarknadene, auke flyten av kunnskap og styrkje konkurranseevna til regionen på lang sikt. Ikkje minst innanfor grøn teknologi er det både globale utfordringar og moglegheiter for Norden.

Samarbeidsministrane har ansvaret for det daglege arbeidet, medan generalsekretæren i Nordisk ministerråd skal koordinere og førebu den konkrete innsatsen.

Det første toppforskingsinitiativet (TFI) innanfor klima, energi og miljø er så langt det største felles forskingsinitiativet i Nordisk ministerråd, og det byggjer på felles nordiske prioriteringar og finansiering. TFI vert avslutta i 2013. Under den norske formannskapen i 2012 er det ein ambisjon å styrkje Norden som region i forsking og innovasjon og å vurdere korleis grøn vekst kan bli ein tydelegare og meir integrert del av satsinga. TFI er nærmare omtalt i kapittel 5.2.

Gjennom globaliseringsstrategien til kulturministrane – Det kreative Norden – er nordisk kultur blitt presentert på større internasjonale arenaer dei tre siste åra. I 2009 vart nordisk film presentert på filmfestivalen i Toronto, i 2010 følgde arkitektur på Expo i Shanghai, og i 2011 var turen kommen til nordisk litteratur på bokmessa i Paris. Nordisk ministerråds institusjonar på kultur- og medieområdet bidreg òg til å gjennomføre globaliseringsstrategien. Denne satsinga synte at det nordiske kultursamarbeidet både har konkret kunstnarisk verdi og kan vekkje internasjonal merksemd og interesse.

2.2 Grøn vekst

Dei nordiske statsministrane sette i gang eit globaliseringsinitiativ i 2009 der grøn økonomisk vekst er eit viktig element. På globaliseringsforumet sitt i mai 2010 sette dei ned ei arbeidsgruppe som skulle peike ut område og sektorar innan grøn vekst der ein felles nordisk innsats kan skape meirverdi og utgjere framtidige prioriteringar i det nordiske globaliseringssamarbeidet. Det var ønske om to–tre konkrete nordiske initiativ innan grøn vekst som kan skape resultat på kort sikt, og to–tre felles nordiske strategiske innsatsområde med langsiktig perspektiv. Måtar ein kan kople den nordiske innsatsen innan grøn vekst til eksisterande nasjonale, europeiske og globale avgjerder og finansieringskjelder på, er eit anna aktuelt område.

Arbeidsgruppa la fram sin rapport i mai 2011. Det blir foreslått at statsministrane skal gje ansvarlege nordiske ministrar oppdrag på åtte ulike innsatsområde: nordisk samarbeid om 1) testsenter for grøn energiteknologi, 2) utdanning og forsking for grøn vekst, 3) fleksible løysingar på den nordiske el-marknaden, 4) grøne tekniske normer og standardar for bygningar og ulike produkttypar, 5) grøne offentlege innkjøp, 6) teknikkar og metodar for avfallsbehandling, 7) integrasjon av miljø i utviklingssamarbeidet og 8) samordna og forsterka finansiering av grøne investeringar og føretak. Rapporten frå arbeidsgruppa skal diskuterast under globaliseringsforumet for statsministrane i oktober.

2.3 Grensehinder

I samarbeidet mellom dei nordiske landa for å møte utfordringane frå den internasjonale globaliseringa står innsatsen mot grensehinder sentralt. Samarbeidsministeren har i møte med den politiske leiinga i departementa understreka det ansvaret fagdepartementa har både for å bidra til å fjerne eksisterande grensehinder og for å unngå at det utilsikta oppstår nye. Dette er ei oppfølging av brevet som i 2008 vart sendt frå justisministeren og ministeren for nordisk samarbeid til regjeringskollegaer. Samarbeidsministeren vil følgje opp dette i regelmessige møte med departementa under den norske formannskapen, fordi det krev politisk merksemd om ein skal løyse mange av dei ofte kompliserte sakene.

Arbeidet med å fjerne grensehinder mellom dei nordiske landa står sentralt. Samtidig er det svært viktig å unngå at nye grensehinder oppstår gjennom nasjonal lovgjeving eller ved implementering av EU-direktiv. I november 2010 vart det under den danske formannskapen halde eit lovgjevingsseminar i København for nordiske saksbehandlarar på lovgjevingsfeltet. Dette vart svært godt motteke, og det skal haldast ein oppfølgingskonferanse i Stockholm i november i år. Under den norske formannskapen i 2012 vert det òg vurdert om ei slik samling kan vere nyttig.

Fullstendig nedbygging av grensehinder er verken realistisk eller ønskeleg sidan dei nordiske landa har ulike lover og regelverk på mange område. Der hinder ikkje kan fjernast, kan ein søkje å få til størst mogleg grad av harmonisering. Nettopp derfor er slike seminar av stor verdi.

På same måten må det sørgjast for lett tilgjengeleg informasjon om dei relevante regelverka og om kvar ein kan få bistand. Formålet er å gjere kvardagen enklare for næringsverksemder og for dei som vil studere og jobbe over landegrensene i Norden. Hallo Norden, som no er organisert under Nordisk ministerråds heimesider, har ei viktig rolle i informasjonsarbeidet, og det inngår i mandatet at det skal informere aktuelle interessentar om eksisterande grensehinder i Norden.

I Nordisk ministerråd er det vedteke at alle fagministerråd og embetskomitear skal ha grensehinder på saklista på alle møte. Også her er bakgrunnen at ein ønskjer å halde oppe merksemda om desse sakene, som må løysast av styresmakter på dei ulike fagområda og ofte i samarbeid mellom landa.

Grensehinderforum

Etter initiativ frå dei nordiske statsministrane etablerte samarbeidsministrane Grensehinderforum hausten 2007. Mandatet er no forlengt ut 2013. Forumet er sett saman av framståande representantar for landa og dei sjølvstyrte områda (Grønland, Færøyane og Åland). Grensehinderforum møtest med jamne mellomrom og arbeider sjølvstendig og uavhengig for å identifisere, prioritere og finne løysingar på hinder som kjem opp. Dei tek opp enkeltsaker med dei rette styresmaktene, på politisk nivå eller embetsnivå. Grensehinderforum legg stor vekt på arbeidet for å hindre at det oppstår nye grensehinder som følgje av nasjonal lovgjeving eller EU-direktiv. Det vert årleg rapportert til statsministrane om status for arbeidet.

Leiar av Grensehinderforum er den finske ambassadøren Ole Norrback, og norsk representant er tidlegare statsråd og nordisk samarbeidsminister Bjarne Mørk-Eidem. Sekretariatet i Nordisk ministerråd hjelper til med planlegging av møte og annan administrasjon av verksemda i forumet. Det er semje mellom landa om at arbeidet i forumet er svært godt og nødvendig. Det er oppretta ei eiga gruppe av kontaktpersonar i kvart departement som kan verke som Grensehinderforums direkte kontaktar i grensehinderspørsmål. Dette vil verke effektiviserande på arbeidet med grensehinder.

Ministerrådet for arbeid og ministerrådet for sosiale saker har under sine embetsmannskomitear sett ned eigne arbeidsgrupper som skal vurdere kva som skal gjerast vidare med noverande kjende hinder. Rapport frå arbeidsgruppene skal leggjast fram våren 2012. (Sjå meir om dette i punkt 5.9.)

Kunnskapsområdet

Grensehinder for høgare utdanning og forskning har lenge vore eit tema i det nordiske samarbeidet. Målet er eit velfungerande, grenselaust utdannings- og forskingsområde. Eit tiltak for å minske grensehinder har vore den nordiske avtalen om opptak. Avtalen sikrar utdanningssøkjande busette i eit anna nordisk land lik tilgang til offentleg høgare utdanning. Denne avtalen går ut i årsskiftet 2012/2013, og Noreg vil arbeide under sitt formannskap for at grensehinder knytt til høgre utdanning ytterlegare minkast.

I april 2011 blei det inngått avtale med nederlandske Center for Higher Education Policy Studies (CHEPS) om å utvikle eit klassifiseringssystem som kan måle norske høgare utdanningsinstitusjonar mot kvarandre i kvalitet. Systemet vil bidra til å byggje ned grensehinder innanfør høgare utdanning.

Regionale saker

Samarbeid på tvers av dei nasjonale grensene og fjerning av grensehinder inngår som ein viktig del av alt det regionalpolitiske nordiske samarbeidet. Dette gjeld både i dei 13 nordiske grensekomiteane og i Interreg-samarbeidet. Ei arbeidsgruppe for grenseregional statistikk blei etablert våren 2011 med det til formål å sørgje for langsiktig drift av ein grenseregional statistikkdatabase. Statistikk er viktig for å synleggjere mobiliteten mellom dei nordiske landa.

2.4 Organisering av det nordiske samarbeidet

Statsministrane

Statsministrane har det overordna ansvaret for det nordiske regjeringssamarbeidet og har regelmessige møte i tillegg til den kontinuerlege kontakten om nordiske og internasjonale spørsmål. Statsministrane møttest mellom anna i samband med Nordisk råds sesjon i Reykjavik i november 2010 og under globaliseringsforumet i Snekkersten i juni 2010. I samband med sesjonen var det òg møte med Nordisk råds presidium og med representantar for dei sjølvstyrte områda. Neste statsministermøte blir i samband med Nordisk råds sesjon i København 1.–3. november 2011. Under sesjonen vil generalsekretæren i Nordisk ministerråd informere statsministrane om arbeidet i ministerrådet. Der informerer òg leiaren av Grensehinderforum statsministrane om verksemda og status for arbeidet med å avvikle grensehinder i Norden.

Samarbeidsministrane, budsjett og administrasjon

Samarbeidsministrane møtest fire gonger i året under den aktuelle formannskapen, som i 2011 er Finland. Fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud har vore nordisk samarbeidsminister sidan oktober 2009. Ho skal leie møta mellom samarbeidsministrane under den norske formannskapen i 2012. Samarbeidsministeren legg stor vekt på å ha eit godt samarbeid med Nordisk råd.

Samarbeidsministrane koordinerer det nordiske regjeringssamarbeidet. Eit viktig ansvarsområde er ministerrådsbudsjettet og økonomistyringa. Budsjettet til Nordisk ministerråd for 2011 var på 935 millionar danske kroner og blei vedteke etter semje med Nordisk råd. Den norske delen er 29,0 prosent basert på ein fordelingsnøkkel som vert rekna ut med utgangspunkt i kor stor del av den samla nordiske bruttonasjonalinntekta kvart land står for. Det blir framleis forhandla om budsjettet. Budsjettet skal etter planen vedtakast av samarbeidsministrane tidleg i november 2011.

Globaliseringsinitiativa skal etter planen vidareførast med 72,4 millionar danske kroner i 2012. Støtta til studentar frå Island for å sikre islandsk deltaking i nordiske møte skal vidareførast i 2012, men på eit lågare nivå.

Stillinga til dei sjølvstyrte områda i det nordiske samarbeidet

Ålandsdokumentet frå 2007 inneber at dei sjølvstyrte områda i visse samanhengar vert likestilte med dei nordiske landa når det gjeld arbeidet i Nordisk ministerråd. Helsingfors-avtalen vart ikkje endra, men vert tolka slik at sjølvstyre, landsstyre og landskapsregjering, innanfor ramma av den kompetansen dei har, får rett til å vere adressatar for og kan svare på tilrådingar og spørsmål frå Nordisk råd. Dei sjølvstyrte områda kan leie ministermøte, embetsmannskomitear og arbeidsgrupper. Under den finske formannskapen vert fleire møte lagde til Åland. Ålandsdokumentet gjev dei sjølvstyrte områda rett til å søkje om full medlemskap i nordiske institusjonar og samarbeidsorgan dersom området har ei «særskild og påviseleg interesse» for institusjonen. Sjølvstyreområda har meldt inn kva institusjonar dei er spesielt interesserte i å delta i med røysterett, og dette vert vurdert i dei enkelte ministerråda.