3 Nordens naboar
3.1 Nordisk ministerråd og samarbeidet med Nordens naboar
Nordisk ministerråds nabolandspolitikk omfattar samarbeidet med Nordvest-Russland, Estland, Latvia og Litauen. I tillegg kjem dei regionale råda Barentsrådet, Austersjørådet og Arktisk råd. Samarbeidet omfattar dessutan innsats overfor Kviterussland. Formålet er å styrkje dialogen mellom dei nordiske landa og nabolanda og å konsentrere det til område der det nordiske samarbeidet kan gje meirverdi og betre samordning av nasjonale aktivitetar. Frå norsk side legg vi stor vekt på styrkt samarbeid og dialog mellom Nordisk ministerråd og Nordvest-Russland. Russlandssamarbeidet er tett knytt til EUs politikk og støttar opp om Den nordlege dimensjonen, der ministerrådet er partnar. Nordisk ministerråd deltek aktivt i partnarskapen for helse og livskvalitet og støttar partnarskapen for miljø.
På områda lokalforvaltning, kamp mot menneskehandel og utvikling av sosialvesen, helsevesen og frivillige organisasjonar er det etablert prosjekt der samarbeidet er basert på retningslinjene som samarbeidsministrane har godkjent for perioden 2009–2013. Dei nordiske landa støttar ei demokratisk utvikling i Kviterussland. Nordisk ministerråd samarbeider aktivt med EU om støtte gjennom eksiluniversitetet European Humanities University (EHU) for kviterussiske studentar i Vilnius. Det er etablert eit internasjonalt fond for EHU for å sikre koordinering av støtta og for å trekkje til seg fleire gjevarar. I ministerrådet blir fondet administrert i nært samarbeid med EHU. Ministerrådet forvaltar i tillegg eit stipendprogram for unge kviterussarar og samarbeider med EU om å gjennomføre eit prosjekt til støtte for sivilsamfunnet.
Nordisk-baltisk mobilitetsprogram på næringsområdet
Nordisk ministerråd og regjeringane i Estland, Latvia og Litauen vedtok 20. januar 2009 å etablere det nordisk-baltiske mobilitetsprogrammet på områda offentleg administrasjon, næringsverksemd og kultur. Målsetjinga er å styrkje det politiske samarbeidet mellom dei åtte landa og bidra til å fremje utvikling av ein konkurransedyktig Austersjøregion i desse tre sektorane.
På næringsområdet får søkjarar finansiell støtte til aktivitetar som studiebesøk, vikariat i bedrifter og nettverksbygging. I 2010 blei det gjeve i overkant av DKK 2 millionar til femti ulike prosjekt knytte til mellom anna etablering av næringsklynger i regionen, teknologioverføring, kunnskapsoverføring, forsking og innovasjon. Prioriteringsområde for mobilitetsprogrammet i 2011 er grøn teknologi, innovasjon i helsesektoren, entreprenørskap og utvikling av næringsinkubatorar og næringsklynger.
Styringsgruppa er samansett av medlemmer av embetsmannskomiteen for næring i Nordisk ministerråd og representantar for dei baltiske landa som relevante styresmakter i kvart land utnemner. Kontoret til Nordisk ministerråd i Riga tek hand om sekretariatsfunksjonen. Formannskapen i styringsgruppa roterer på årsbasis. Noreg hadde formannskapen i 2010.
Helse- og sosialsamarbeidet med Russland og dei baltiske landa
I samspel med landa og andre regionale råd spelar Nordisk ministerråd ei aktiv rolle i helse- og sosialsamarbeidet i nærområda til Norden. Samarbeidet i sektoren har stor interesse, mellom anna på grunn av dei store skilnadene i regionen. Helsesituasjonen i dei baltiske landa, og særleg i Russland, er vesentleg verre enn i Norden. Det er langt høgare førekomst av smittsame sjukdommar som tuberkulose og hiv/aids, og livsstilsrelaterte sjukdommar er mykje meir utbreidde. Ein viktig faktor på det siste punktet er høgt alkoholforbruk.
Nordisk ministerråd er med i partnarskapen for helse og livskvalitet i Den nordlege dimensjonen (The Northern Dimension Partnership in Public Health and Social Wellbeing – NDPHS). Både Noreg og ministerrådet tek aktivt del i arbeidet i partnarskapen og partnarskapen sine ekspertgrupper. Noreg leier arbeidet i ekspertgruppa for alkohol, narkotika og tobakk, med Russland som nestleiar. Nordisk ministerråd har særleg retta innsatsen mot utsette barn og unge og urfolks helse.
Ein annan viktig samarbeidsstruktur er Barentsrådets arbeidsgruppe for helse og sosiale saker, der ministerrådet òg er medlem. Denne arbeidsgruppa for nasjonale og regionale representantar er òg open for urfolksrepresentasjon. Ved sida av å koordinere bilateral innsats gjennomfører arbeidsgruppa eit program mot hiv/aids. I 2009 blei det sett i verk tiltak for utsette barn og unge, og i 2011 starta ei satsing mot tuberkulose og multiresistent tuberkulose. Eit nytt helse- og sosialprogram for Barentsregionen som er under utarbeiding, skal vere klart når Noreg tek over formannskapen i arbeidsgruppa frå 2012 saman med ein russisk region.
Kultur
I 2009 blei det opna for at dei baltiske landa kunne delta i det nordiske mobilitetsprogrammet for kultur. Den inneverande programperioden går ut i 2011. Programmet er blitt evaluert, og konklusjonen er klar: Programmet spelar ei viktig rolle i det nordisk-baltiske samarbeidet. På eit nordisk-baltisk kulturministermøte i april i Åbo blei programmet utvida til perioden 2012–2014.
NORA (Nordisk Atlantsamarbeid)
NORA er ein grenseregional komité under Nordisk ministerråds regionalpolitiske samarbeidsprogram som fungerer som eit mellomstatleg samarbeid, og der Færøyane, Grønland, Island og Kyst-Noreg er deltakarar.
OECD har på oppdrag frå NORA analysert moglegheiter og utfordringar i samband med utvikling av regionen og kva rolle det nordiske samarbeidet kan spele i denne samanhengen. Rapporten OECD Territorial Review of the NORA Region blei presentert 5. april 2011. Rapporten tek utgangspunkt i fellestrekk og utfordringar i regionen. OECD anbefaler at NORA-området målrettar samarbeidet og etablerer ein regional utviklingsstrategi, vidareutviklar effektiviteten og arbeider for større medvit om fordelane ved samarbeidet.
NORA starta i mai 2011 arbeidet med eit treårig strategiprogram som skal følgjast opp med årlege arbeidsplanar. Dette med utgangspunkt i OECD-analysen og retningslinjene for samarbeidet mellom Nordisk ministerråd og dei vestlege naboane til Norden. Strategien skal styrkje område der regionen allereie har kunnskap, til dømes fiskeri og marine ressursar. Det blir òg fokusert på innovasjon, infrastruktur, styrkt kontakt med Canada og Skottland, informasjonstiltak for å spreie informasjon om regionen og utveksling av eksempel på «best practices». Island har leidd NORA-komiteen i 2010–2011. Noreg overtok formannskapen for perioden 2011–2012.
Barents European Arctic Transport Area (BEATA)
Under den finske formannskapen ble det lagt stor vekt på å konkretisere arbeidet gjennom deltaking i Interreg-prosjektet «Sustainable Transport in the Barents Region». Norrbottens län var leiar av prosjektet, og både nasjonale og regionale transportmyndigheiter deltok som partnarar. Gjennom prosjektet blei det utarbeidd ei rekkje studiar og analysar av transportinfrastrukturen og transportstraumane i Barentsregionen. Frå norsk side er det gjennom Nasjonal transportplan 2010–2019 teke initiativ til å ei utgreiing av transportsystemet i nordområda som skal omfatte dei fire landa.
Noreg overtek formannskapen i oktober 2011 for dei to neste åra. Under den føregåande svenske formannskapen har det vore arrangert eitt møte i BEATA.
Programmet for transeuropeiske transportnettverk (TEN-T)
I september 2009 leverte dei nordiske og baltiske transportministrane ei felles fråsegn om revisjon av EU-programmet for utbygging av transeuropeiske transportnettverk (TEN-T). I fråsegna blir det m.a. peikt på kor viktig det er for land med store geografiske avstandar å ha god tilgang til marknadene, at det må leggjast stor vekt på samanheng mellom hovudårene, og at TEN-T-nettverket bør utvidast til naboland.
I september 2010 leverte dei nordiske og baltiske transportministrane ei ny felleserklæring om EUs forslag til innretninga på ein ny politikk for nettverket.
Nordområda
Transportetatane har fått i oppdrag å lage ei utgreiing om behovet for transportinfrastruktur i nordområda i eit trettiårsperspektiv. Dette er ei oppfølging av nordområdestrategien til regjeringa, «Nye byggesteiner», og St.meld. nr. 16 (2008–2009) Nasjonal transportplan 2010–2019. Utgreiinga var ferdig i juni 2011 og er ein del av det faglege grunnlaget for transportetatane i arbeidet med Nasjonal transportplan 2014–2023, på linje med andre utgreiingar som er utarbeidde i utgreiingsfasen.
Samarbeidet med nabolanda våre, og deira behov og prioriteringar, betyr mykje også for utviklinga av transportsystemet på norsk side. For å sjå nasjonale og internasjonale behov og optimalisere moglegheitene er nær kontakt med myndigheiter og transportbrukarar i desse landa nødvendig i det vidare arbeidet. I alle tre nabolanda er det utvikla strategiar eller konkrete planar for satsing i transportsektoren i nord.
Svensk-norsk samarbeid for elektrifisering av vegtransport
I 2009 sette den norske og den svenske regjeringa ned ei felles arbeidsgruppe som fekk i oppdrag å leggje til rette for felles ladeinfrastruktur for ladbare bilar i Noreg og Sverige. Arbeidsgruppa består av svenske og norske etatar som Vegdirektoratet med Transnova, NVE, DSB, Trafikkverket, Transportstyrelsen, Energimarknadsinspektionen og Energimyndigheten. Arbeidsgruppa arbeider mellom anna med felles skilting/merking av ladepunkt, overvaking av teknologiutvikling, standardiserings- og tryggleiksspørsmål og felles utrulling av ladepunkt.
Beredskap
Det går føre seg eit nordisk samarbeid om beredskap og krisehandtering på området veg og vegtransport. Sverige, Finland, Færøyane og Noreg er med. Det blir arrangert ein serie fellesøvingar, «Bordercrossing», mellom Statens vegvesen og det svenske Trafikverket. Desse dekkjer heile riksgrensa frå Østfold til Finnmark.
Luftfart
Under det nordisk-baltiske transportministermøtet i Vilnius i september 2010 skreiv representantane for Danmark, Estland, Finland, Island, Latvia, Noreg og Sverige under ei erklæring, «Statement from the NEFAB (North European Functional Airspace Block) states on the occasion of the NSA (National Supervisory Authority) opinion on the NEFAB». Erklæringa handlar om arbeidet med å førebu den nordisk-baltiske luftromsblokka. Med erklæringa stadfestar deltakarane si støtte til initiativet og ber om at arbeidet må bli vidareført.
North European Functional Airspace Block (NEFAB)
Lovgjevingspakken Single European Sky II medfører at det blir fastsett felleseuropeiske ytingskrav til utøvarar av flysikrings- og lufttrafikktenester. Det vil primært dreie seg om krav til tryggleik, kostnadseffektivitet, kapasitet og miljøeffektar. Eit verktøy som bidreg til å oppfylle desse ytingskrava, er funksjonelle luftromsblokker, som inneber grenseoverskridande samling av luftrommet over fleire land. Etablering av slike luftromsblokker er eit krav i den nemnde lovgjevingspakken.
3.2 Den nordlege dimensjonen
Den nye nordlege dimensjonen vart oppretta under den finske EU-formannskapen i november 2006 i Helsingfors. Då vart det underteikna ei politisk fråsegn og eit politisk rammedokument. EU, Russland, Island og Noreg er likeverdige partnarar, medan dei fire regionale samarbeidsorganisasjonane og IFI (internasjonale finansieringsinstitusjonar) er deltakarar. Den nordlege dimensjonen (ND) skal òg vere det regionale uttrykket for dei fire samarbeidsromma mellom EU og Russland. Noreg og Island er fullt inkluderte. På EU-sida er det særleg dei nordiske og baltiske landa, med Finland i førarsetet, som er mest aktive. Den nordlege dimensjonen er eit regionalt samarbeid som utviklar seg særs dynamisk gjennom konkrete prosjekt med samfinansiering og stønad frå IFI.
Noreg var vert for det andre ministermøtet i Den nordlege dimensjonen 2. november i fjor. Det viste at samarbeidet har utvikla seg mykje, og at viktige prosjekt vert gjennomførte i dei to partnarskapane for miljø (NDEP) og for helse og livskvalitet (NDPHS). Samarbeidet med internasjonale finansieringsinstitusjonar (IFI) har borga for suksessen i miljøpartnarskapen NDEP, der strukturfondet, som no er på 308 millionar euro, har generert prosjekt til ein verdi av godt over 3 milliardar euro. NDEP har vore i drift i 10 år og har fått utvida mandat til 2017. Noreg vil gjere meir bruk av og gje nye løyvingar til prosjekt som gjeld automtryggleik i NDEP. Dei nye partnarskapane er lovande, både kulturpartnarskapen (NDPC) og partnarskapen for transport og logistikk (NDPTL). Noreg er formann for NDPTL i år, medan Russland har ansvar for å arrangere eit høgnivåmøte. På norsk hald er ein særleg oppteken av å utvikle NDPTL (transport- og logistikkpartnarskapen), som passar godt til vår generelle satsing på næringsutvikling, transport og logistikk i nordområda. Det vert arbeidd med konkrete satsingsforslag. Sekretariatet ved Nordic Investment Bank (NIB) i Helsinki er i funksjon. Noreg legg vekt på det maritime aspektet og utvikling av aust-vest-trafikken.
Kulturpartnarskapen NDPC har fått sekretariat i København med russisk leiar, og det er von om at det legale grunnlaget for sekretariatet for helsepartnarskapen (NDPHS) i Stockholm også snart er på plass. Næringsrådet (ND Business Council) hadde møte i St. Petersburg 2. februar. Initiativtakarar er russiske Severstal og finske Fortum OY. Her er deltakarane sterke næringsaktørar i ni arbeidsgrupper. Statoil og Lukoil leier energiarbeidsgruppa. NDPC var med under det økonomiske forumet i St. Petersburg i juni i år, og NDBC deltek også på høgt nivå i dei allmenne diskusjonane mellom Russland og EU. Det andre parlamentarikarforumet i ND vart halde i Tromsø 22. og 23. februar i år med svært god og brei deltaking.
Interreg
Interreg er EU-programmet som skal fremje sosial og økonomisk integrasjon over landegrensene gjennom regionalt samarbeid. Programmet er godt innarbeidd i det norske og det nordiske regionale utviklingsarbeidet. Noreg har delteke i samarbeidet sidan 1996. Den inneverande programperioden strekkjer seg frå 2007 til 2013. Noreg deltek i 11 program i tre ulike kategoriar: fire grenseregionale program langs grensa til Finland, Sverige og Danmark (Nord, Botnia–Atlantica, Sverige–Noreg og Øresund–Kattegat–Skagerrak), tre transnasjonale program (Austersjøen, Nordsjøen og den nordlege periferien) og fire alleuropeiske program (ESPON, Interact, Interreg IV C og URBACT II). I tillegg deltek Noreg i eit grenseregionalt samarbeid med Russland innanfor ramma av EUs nabo- og partnarskapsinitiativ (ENPI).
Per i dag deltek norske partnarar i meir enn 340 prosjekt, dei aller fleste med partnarar frå dei nordiske landa. Norske aktørar deltek i prosjekt som speglar viktige samfunnsutfordringar i kvar region, som utkant- og avstandsproblem, tilgang til tenestetilbod i småsamfunn, eit meir effektivt transportsystem, tilgang til informasjonssamfunnet for innbyggjarane og utfordringar for små og mellomstore bedrifter. Dei fleste prosjekta er knytte til attraktivitet og næringsutvikling og til innovasjon, kompetanseutvikling og klima/miljø.
Deltakarane er i all hovudsak offentlege aktørar som fylkeskommunar, kommunar, statlege og regionale etatar, høgskular/universitet o.a. Ei nyleg framlagd vurdering av Interreg viser at norske aktørar får erfaring med deltaking i større prosjekt, noko som er med på å styrkje strategisk tenking og handlemåte. Mange prosjekt fører til nye politiske strategiar for regional utvikling. Interreg har medverka til nye arbeidsformer (som administrative rutinar, målstyring), nye samarbeid (partnarskapar) og læring om nye verkemiddel.
Arbeidet med å førebu programperioden 2014–2020 for Interreg har teke til. Ei nordisk regionalpolitisk arbeidsgruppe er sett ned for å følgje opp dette arbeidet med sikte på å sikre den nordiske nytteverdien i framtidige program, mellom anna gje fortløpande innspel til EU-kommisjonen, og førebu utviklinga av nye program for neste periode. Dei nye forordningane er venta vedtekne hausten 2012.
3.3 Austersjørådet
Noreg har hatt formannskapen i Austersjørådet i perioden juli 2010 til juli 2011. Formannskapen følgjer ein avtalt rotasjon mellom dei elleve medlemslanda.
Noreg har under sin formannskap hatt to særskilde operative prioriteringar: maritim politikk og kamp mot menneskehandel. Dette er viktige saksfelt med mange utfordringar som også den parlamentariske samanslutninga for regionen har prioritert. Det er oppnådd mange konkrete resultat på dei to områda i formannskapsperioden. Innanfor maritim politikk har særleg overgang til meir miljøvennleg drivstoff for skip som trafikkerer Austersjøen, stått sentralt. Det er no aukande forståing i regionen for at flytande gass, LNG, er eit slikt miljøvennleg alternativ, og utfordringa framover blir å etablere ein brei infrastruktur for bunkring av LNG i regionen. Menneskehandel er dessverre eit aukande problem. Austersjørådet har lang erfaring med dette, og den norske formannskapen har hatt menneskehandel i alle former som ei av sine prioriteringar, med vekt på den tiltakande menneskehandelen i arbeidsmarknaden. Den norske formannskapen har elles lagt vekt på å etablere nær kontakt med andre råd i regionen, først og fremst Nordisk ministerråd, med Den nordlege dimensjonen og partnarskapane der, og med strukturar som EUs strategi for Austersjøregionen. Austersjørådet har til mål å utvikle ein breiare prosjektportefølje, men er avhengig av andre for å realisere dette. Den norske formannskapen har stilt seg open og gått aktivt inn for eit breitt samarbeid i regionen der ein byggjer på dei ordningane som alt er etablerte.
Formannskapen i Austersjørådet varer berre i eitt år, og på norsk side har ein derfor søkt å sjå fleire formannskapar i samanheng. Tyskland overtek etter Noreg, deretter kjem Russland. Tyskland og Russland har langt på veg samordna sine formannskapsprioriteringar, og dei særskilde norske prioriteringane blir førte vidare.
Den samarbeidsstrukturen som har utvikla seg i Austersjøregionen, vil mange meine er blitt for komplisert, og faren for dobbeltarbeid og mangel på koordinering er til stades. Særleg når det skal etablerast nye partnarskapar under Den nordlege dimensjonen, må ein organisasjon som Austersjørådet vere innstilt på å gjere endringar i sitt verkeområde og vere seg bevisst korleis han kan samarbeide med nye partnarskapar til beste for regionen. Noreg har under sin formannskap peikt på desse framtidige utfordringane og argumentert for å møte dei med opne auge og vere innstilt på modifiseringar og endringar i både mandat og prioriterte arbeidsområde.
Regional planlegging og utvikling i Austersjøregionen (Vision and Strategies around the Baltic, VASAB)
Samarbeidet i VASAB har eksistert sidan 1992 og har frå 1994 vore følgt opp av eit eige sekretariat og ein embetsmannskomité (CSPD) med éin medlem frå kvart av dei deltakande landa. Formannskapen i VASAB roterer mellom medlemslanda og følgjer den same syklusen som formannskapen i Austersjørådet. Noreg har derfor hatt formannskapen frå 1. juli 2010 til 30. juni 2011. I denne perioden har ein òg vedteke å inngå eit meir formalisert nettverkssamarbeid med Austersjørådet.
CSPD arbeider i nær tilknyting til oppfølginga av EUs austersjøstrategi, spesielt med omsyn til prosjekt som vedgår tilgjengelegheit og berekraftig maritim planlegging. Det blei vedteke at eit prosjekt for å utvikle eit indikatorsystem til å overvake den regionale utviklinga i Austersjøregionen skulle setjast i gang i mars 2011.
3.4 Barentsrådet
Utviklinga i Barentssamarbeidet har heilt sidan starten i 1993 hatt to sentrale målsetjingar: å bidra til at Russland kan spele ei sterkare rolle i det europeiske samarbeidet, og å fremje berekraftig utvikling i Barentsregionen. Samarbeidet rettar seg særleg mot Nordvest-Russland, som framleis har store utfordringar når det gjeld økonomisk og sosial utvikling, helse, miljøvern og ressursforvaltning, og der reformbehovet i mange samfunnsinstitusjonar er stort. Barentssamarbeidet omfattar fire samarbeidsnivå, på styresmaktnivå og direkte mellom aktørar i regionen:
regjeringssamarbeidet (Barentsrådet), der dei fem nordiske landa, Russland og EU-kommisjonen deltek
det regionale styresmaktsamarbeidet (Barents regionråd)
urfolkssamarbeidet
direkte næringslivs-, kommune- og grasrotsamarbeid («folk til folk»)
Innanfor ramma av den årlege løyvinga frå Utanriksdepartementet gjev Det norske Barentssekretariatet i Kirkenes støtte til ei rekkje samarbeidsprosjekt på regionalt nivå i Barentsregionen. Det internasjonale Barentssekretariatet (IBS) er vel etablert og i god drift. IBS har gjort mykje for å støtte opp om arbeidet på alle nivå og sikre det internasjonale kontaktnettet. I 2009 sende Utanriksdepartementet og Sametinget i fellesskap ein urfolksmedarbeidar til det internasjonale Barentssekretariatet for ein toårsperiode og ønskjer på denne måten å bidra til å styrkje samarbeidet mellom urfolka i regionen.
I regi av Barentsrådet er det etablert ein komité som handsamar grenseoverskridande redningsfaglege spørsmål i Barentsregionen. Ein multilateral redningsavtale for Barentsregionen vart signert i Moskva 11. desember 2008. Noreg, Russland, Sverige og Finland er partar i avtalen. Formålet med avtalen er gjensidig bistand over landegrensene i krisesituasjonar og redningsoperasjonar. I september 2011 vert øvinga Barents Rescue halden i Nord-Sverige. Øvingsserien Barents Rescue vert gjennomført annakvart år innanfor ramma av Barentsrådet (BEAC – Barents Euro-Arctic Council). Det overordna målet for øvingsrekkja har vore å forenkle og betre kommunikasjon, koordinering og samarbeid mellom land og sivil-militære einingar som kan bli involverte i kriser i Barentsregionen. Ansvaret for øvingane går på omgang mellom medlemslanda i Barentsrådet. Noreg har ansvar for øvinga i 2013.
Barentssamarbeidet. Norsk formannskap
Noreg tek over som formann i Barentsrådet for to år etter Sverige 14. oktober i år. På regionalt hald tek Norrbotten over etter Troms. I januar 2013 er det 20-årsjubileum for Kirkenesfråsegna og opprettinga av Barentssamarbeidet. Noreg vil gjere framlegg om å utarbeide ei ny Kirkenesfråsegn som speglar nye realitetar, endringar og noverande og framtidige utfordringar. Det vil òg bli arbeidd for å få til eit toppmøte i jubileumsåret.
Samarbeidet fungerer godt, samarbeidsfeltet er breitt, og 16 arbeidsgrupper er i funksjon. Regionen og samarbeidet får stadig større internasjonal merksemd, særleg som potensiell ressursregion (mineral, metall, olje og gass). Blant utfordringane er å finansiere fellesprosjekt, å synleggjere samarbeidet og å utnytte dei fordelane Barentssamarbeidet har framfor andre regionale samarbeidsordningar, i tillegg til å sikre regional utvikling og deltaking i viktige avgjerdsprosessar.
Det er bra aktivitet på regionalt nivå, med m.a. fleire samarbeidsavtalar mellom fylke/oblastar. Ei hovudmålsetjing er å konsolidere og vidareutvikle det veletablerte folk-til-folk-samarbeidet og vidareføre arbeidet med å byggje ned hinder for samkvem og utvikling. Samtidig er det eit mål å integrere Barentsregionen endå tettare i europeisk og internasjonalt samarbeid og i globale prosessar som er under utvikling (klima, transport). Arbeidet med næringsutvikling må sjåast i samanheng med utvikling av transport og logistikk i regionen.
For Noreg har tilhøvet til Russland vore heilt sentralt i utviklinga av Barentssamarbeidet. Det norske Barentssekretariatet har her vore ein viktig aktør for både regionale og nasjonale styresmakter. Vi vil bruke både det og Det internasjonale Barentssekretariatet aktivt i vår formannsperiode.
I formannsperioden vil Noreg kunne bruke den generelle nordområdesatsinga og Barents 2020 i Barents-samanheng. Eit strategisk mål er å fremje Barentsregionen som ein innovativ og miljøansvarleg ressursregion. Norske prioriteringar blir
berekraftig næringsutvikling med fokus på energi, mineral, transport og logistikk
miljø- og klimavennleg utvikling basert på kunnskap
den menneskelege dimensjonen, den regionale identiteten
3.5 Arktisk råd
Den danske formannskapen i Arktisk råd 2009–2011 vart avslutta med ministermøtet i Nuuk, Grønland, 12. mai 2011. Sverige har no overteke formannskapen. Canada skal overta etter Sverige. Med den svenske formannskapen er vi inne i ein samanhengande seksårsperiode med nordiske formannskapar som tek slutt i 2013. Dei tre landa har samordna formannskapsprioriteringane sine.
Arktisk råd er blitt det viktigaste sirkumpolare samarbeidsorganet for drøfting av arktiske spørsmål dei siste åra. Årsaka er dels ein ambisiøs og aktiv norsk formannskap i perioden 2007–2009, etterfølgd av ein god dansk formannskap, men i første rekkje er utviklinga eit resultat av auka fokus på Arktis som følgje av klimaendringane. Auka politisk merksemd og effektivisering av arbeidet i rådet har vore nokre av prioriteringane for den norske og den danske formannskapen. På ministermøtet i Nuuk vart det mellom anna vedteke kriterium for opptak av nye, faste observatørar, og at Arktisk råd skal ha det permanente sekretariatet sitt i Tromsø. Dette vil styrkje arbeidet i Arktisk råd og bidra til å markere Tromsø som eit kraftsentrum i norsk og internasjonal polar samanheng.
Klimaendring er eit hovudtema for arbeidet i Arktisk råd. I samband med ministermøtet i Arktisk råd vart det lagt fram nye rapportar om hovudelementa i arktisk klimaendring: at havisen trekkjer seg tilbake, Grønlandsisen smeltar, permafrosten/snødekket vert redusert, og at endringane har globale konsekvensar i form av sterkare temperaturauke og stigande havnivå. Konferansen la fram ny dokumentasjon på at partiklar (sot) og kortlevde klimagassar kan forklare mykje av temperaturauken i Arktis. Det vart oppretta ei arbeidsgruppe som skal komme med forslag til tiltak for å redusere slike utslepp.
Eit anna hovudfokus for arbeidet i rådet er konsekvensane det får for miljø og urfolk at havisen trekkjer seg tilbake, men òg dei perspektiva for auka menneskeleg aktivitet som opnar seg med dette. Den største utfordringa i Arktis for rådsmedlemmene er å finne balansen mellom vern og bruk av områda som kan bli liggjande opne når havisen har trekt seg tilbake. Arktisk råd samarbeider om m.a. status-/konsekvensanalysar av olje-/gassverksemd og skipsfart i Arktis, retningslinjer for petroleumsverksemd offshore, miljøvern og retningslinjer for heilskapleg ressursforvaltning.
Auka ressursutnytting og trafikk i arktiske farvatn gjer det nødvendig å vurdere oljesølberedskapen i desse farvatna. Ministermøtet i Nuuk gav mandat til at det vert oppretta ei arbeidsgruppe for å forhandle fram ein avtale om oljesølberedskap i Arktis. USA og Noreg var leiarar av arbeidsgruppa.
3.6 Nordisk samarbeid om europeiske spørsmål
Det er stor grad av nordisk semje i ei rekkje sentrale spørsmål som står på dagsordenen i EU. Dette gjeld m.a. sysselsetjing, demokrati, nærleik, openheit, likestilling, forbrukarvern og miljøvern. Sjølv om dei nordiske landa er knytte til EU på ulike måtar, knyter EØS-avtalen dei nordiske landa saman i ei felles marknadsramme. EØS-avtalen er dermed den viktigaste nordiske samarbeidsavtalen.
Det nordiske samarbeidet gjev ei viktig ramme for drøftingar av europeiske politiske spørsmål, og europaspørsmål er difor eit fast punkt på dagsordenen for nordiske og nordisk-baltiske ministermøte. Noreg deltek òg med jamne mellomrom på nordiske eller nordisk-baltiske formøte før nokre av rådsmøta i EU. Dette gjeld særleg rådsmøte om miljø, energi og samferdsel.
Kontakten mellom dei nordiske hovudstadene, EU og dei nordiske EU-delegasjonane i Brussel er tett og god. Sett frå norsk side er det særleg viktig å sørgje for at europapolitiske saker med relevans for Noreg vert diskuterte i den nordiske kretsen på eit tidleg tidspunkt. Dette gjeld særleg EØS-relevante spørsmål. Slik kan Noreg få indirekte innverknad på dei interne drøftingane i EU i saker som er sentrale for oss. Det er difor viktig at norske styresmakter på alle nivå held fram med arbeidet med å utvide og utdjupe kontaktnettverket i nordiske EU-kretsar.
I spørsmålet om gjennomføringa av ein nordisk europapolitikk finst det ikkje noka «nordisk blokk» i EU. EU-samarbeidet er ikkje prega av stabile geografiske blokker. Det vert ført forhandlingar mellom EU-landa, og posisjonar vinn fram gjennom alliansar av land som skiftar frå sak til sak. Likevel er det eit ganske nært samarbeid i ei «nordgruppe», som primært består av Danmark, Finland, Sverige, Storbritannia og Nederland.
Det er viktig å føre vidare det gode samarbeidet som er etablert mellom alle dei nordiske landa, både uformelt og formelt, når det gjeld informasjon og konsultasjonar i viktige spørsmål. Danmark har EU-formannskapen våren 2012. I desse halvårsperiodane vert det nære nordiske samarbeidet ekstra viktig for Noreg. Det kan vere enklare å vinne innpass i sentrale EU-prosessar med eit nordisk naboland ved EU-roret, slik som den svenske formannskapen hausten 2009 viste seg å vere.
Dei mest konkrete og synlege døma på nordisk samarbei i EU-samanheng dei siste åra er etableringa av den svenskleidde EU-stridsgruppa (Nordic Battle Group, NBG), som stod i beredskap våren 2008 og igjen våren 2011. Sverige har rolla som leiarnasjon, og på norsk side har vi vore godt nøgde med konsultasjonsordningane dei har lagt opp til både på militær og sivil side. Den aktive innlemminga av Noreg og Island i det EU-initierte samarbeidet i Den nordlege dimensjonen er òg viktig. Likevel er det framleis slik at Austersjø- og Barentssamarbeida til tider kan vere prega av at mange prosjekt er forankra i EU gjennom naboskapspolitikken (ENP) eller EU-programmet for regionalt samarbeid. EU-strategien for Austersjøregionen har vore operativ sidan 1. januar 2010 og er ei ny ramme for samarbeidet. Strategien vil venteleg stå sentralt som ledd i den danske formannskapen i EU i 2012.
Dei nordiske naboane våre er difor opptekne av at banda til Brussel er tette, og Kommisjonen deltek òg i Austersjø- og Barentssamarbeidet. For Noreg vil det seie auka innsats for – og merksemd om – nordområda. Også på justis- og innanriksområdet er nordisk samarbeid sentralt. For Noreg er det viktig at vi held oppe dei nordiske modellane på område der EU etablerer og vidareutviklar tilsvarande samarbeid. Døme på slike område er det konsulære samarbeidet og visumsamarbeidet. Ved å sikre at det nordiske samarbeidet er velfungerande og attraktivt, kan vi medverke til at dei nordiske EU-medlemslanda vidarefører dette sjølv når liknande samarbeid på EU-nivå blir forsterka.
Avtalen mellom Noreg, Island og EU om deltaking i Schengen-samarbeidet har gjort det mogleg å halde oppe den nordiske passunionen. Avtalen inneber òg at alle dei nordiske landa er ein del av eit større europeisk område med reisefridom, og at dei tek del i alle dei kompenserande tiltaka på mellom anna politisamarbeidsfeltet. Det er eit godt samarbeid mellom dei nordiske landa i spørsmål som er relevante for Schengen. Sjå elles omtale under punkt 4.1. om samarbeid mellom utanrikstenestene i nordiske land.