Meld. St. 50 (2012–2013)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Det nordiske samarbeidet står i dag sterkt og blir vidareutvikla i høgt tempo. Spesielt gjeld dette det utanriks- og tryggingspolitiske samarbeidet, som får aukande merksemd også utanfor Norden, og som dannar modell for moderne regionalt tryggingssamarbeid. Den nordiske solidaritetserklæringa er eitt av fleire uttrykk for ein klar dynamikk i retning av eit breiare og djupare samarbeid. Samarbeidet byggjer vidare på godt etablerte strukturar og samarbeidsformer med sikte på å oppnå resultat både for kvart nordisk land og for Norden samla sett, både i europeisk og internasjonal samanheng.

Nordisk samarbeid har i aukande grad vorte ein integrert del av europapolitikken. Dette gjeld særleg på område der dei nordiske landa har samanfallande interesser. Den europeiske integrasjonsprosessen har vorte ei felles ramme for politikk- og regelverksutviklinga i dei nordiske landa. Først og fremst gjeld dette på område som fell inn under EØS-avtalen, mellom anna nedbygging og avvikling av grensehinder, men òg arbeidsliv, velferd, likestilling, miljø og klima. Også det nordiske samarbeidet om visumhandtering, konsulære saker og politisamarbeid er styrkt og vidareutvikla. Slik har det nordiske samarbeidet innanfor EU/EØS vorte eitt av dei viktigaste nordiske samarbeidsinstrumenta sidan Helsingforsavtalen vart inngått for 50 år sidan.

Innanfor Nordisk ministerråd er det sett i gang eit arbeid med å gjennomgå samarbeidsformene våre for å tilpasse det nordiske samarbeidet til ei tid med store globale omveltingar. Det nordiske samarbeidet har suksessivt blitt reformert dei seinare åra, og denne prosessen kjem til å halde fram. Ei betydeleg budsjettreform fann stad i 2013 i samband med samanslåinga av globaliseringsinitiativet og midlane til formannskapane (formannskapspuljen). Hovudformålet med det såkalla prioriteringsbudsjettet er å skape større dynamikk i det nordiske samarbeidet og gje rom for innovative satsingar. Den svenske formannskapen i 2013 blir den første som bruker denne nye budsjettordninga.

Den svenske formannskapen i 2013 byggjer mykje på hovudtemaet under den norske formannskapen, nemleg utfordringar for den nordiske modellen, der arbeidsløyse blant unge, konkurransekraft, eit likestilt og berekraftig samfunn og demografiske utfordringar utgjer hovudbolkane. Mineralressursar er eit nytt område som Sverige har teke opp i samarbeidet i Nordisk ministerråd.

Nordisk ministerråd legg stor vekt på samarbeidet med nabolanda til Norden. Retningslinjene for det framtidige samarbeidet mellom ministerrådet og naboområde i aust etter 2013 blir venteleg vedtekne i haust. Det er òg utvikla eit nært samarbeid med andre regionale råd som Barentsrådet, Austersjørådet og Arktisk råd. Den nordlege dimensjonen er eit viktig forum for eit sterkare nordisk samarbeid med Nordvest-Russland.

Organisering av det nordiske samarbeidet

Statsministrane

Statsministrane har det overordna ansvaret for det nordiske regjeringssamarbeidet og har regelmessige nordiske møte i tillegg til den kontinuerlege kontakten om nordiske og internasjonale spørsmål. Statsministrane møttest mellom anna i samband med Nordisk råds sesjon i Helsingfors i oktober 2012, og i denne samanhengen var det òg møte med Nordisk råds presidium og med representantar for dei sjølvstyrte områda. Sverige var vertskap for sommarmøtet i Stockholm i mai 2013. Neste statsministermøte finn stad i samband med Nordisk råds sesjon i Oslo 29. oktober 2013.

Samarbeidsministrane, budsjett og administrasjon

Samarbeidsministrane møtest som regel tre gonger i året. Fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud har vore norsk samarbeidsminister sidan oktober 2009. Samarbeidsministeren legg stor vekt på å ha eit godt samarbeid med Nordisk råd.

Samarbeidsministrane koordinerer det nordiske regjeringssamarbeidet. Eit viktig ansvarsområde er ministerrådsbudsjettet og økonomistyring. Budsjettet til Nordisk ministerråd for 2013 var på 986 millionar danske kroner og vart vedteke i semje med Nordisk råd. Den norske delen er om lag 30,6 prosent, basert på ein fordelingsnøkkel som vert rekna ut med utgangspunkt i delen dei respektive landa har av den samla nordiske bruttonasjonalinntekta. For 2014 er det foreslått eit kutt på 5 prosent samanlikna med budsjettet i 2013. Kuttet har nær samanheng med den vanskelege økonomiske situasjonen som enkelte av dei nordiske landa opplever. Reduksjonen representerer ikkje noka nedprioritering av det nordiske samarbeidet. Budsjettet skal vedtakast av samarbeidsministrane i slutten av oktober 2013. Også for dei neste to åra er det lagt opp til budsjettreduksjonar på høvesvis 2 prosent i 2015 og inntil 3 prosent i 2016.

Samarbeidsministrane har ansvaret for det daglege arbeidet, medan generalsekretæren i Nordisk ministerråd skal koordinere og førebu den konkrete innsatsen. I mars 2013 tiltredde ny generalsekretær, Dagfinn Høybråten.

Stillinga til dei sjølvstyrte områda i det nordiske samarbeidet

Ålandsdokumentet frå 2007 inneber at dei sjølvstyrte områda på visse område vert likestilte med dei nordiske landa når det gjeld arbeidet i Nordisk ministerråd. Helsingforsavtalen vart ikkje endra, men vert tolka slik at sjølvstyre, landsstyre og landskapsregjering, innanfor ramma av den kompetansen dei har, får rett til å vere adressatar for og kan svare på tilrådingar og spørsmål frå Nordisk råd. Dei sjølvstyrte områda kan leie ministermøte, embetsmannskomitear og arbeidsgrupper. Ålandsdokumentet gjev dei sjølvstyrte områda rett til å søkje om full medlemskap i nordiske institusjonar og samarbeidsorgan dersom området har ei «særskilt påviseleg interesse» for institusjonen.

Innhald

Meldinga orienterer i kapittel 2 om aktuelle saker i det nordiske samarbeidet. Kapittel 3 omhandlar samarbeidet med nabolanda og dei andre regionale råda, medan kapittel 4 orienterer om nordisk utanriks-, forsvars- og utviklingspolitisk samarbeid. Kapittel 5 omtalar det faglege samarbeidet i ministerrådet.