4 Utanriks-, forsvars- og utviklingspolitisk samarbeid
4.1 Nordisk samarbeid – ein integrert del av europapolitikken
Noreg, Norden og EU står overfor mange av dei same utfordringane i samband med auka global konkurranse og med klima, energi og demografi. På det utanriks- og tryggingspolitiske området er det nordiske samarbeidet aukande. Stoltenberg-rapporten er eit viktig uttrykk for korleis Europa og breiare globale forhold gjev grobotn for eit dynamisk nordisk samarbeid. Både i EU og NATO er det aukande interesse for regionalt samarbeid mellom medlemsland og ikkje-medlemsland. Det ser vi på at alle dei nordiske landa og EU møtest i regionale samarbeidsforum som Barentsrådet, Austersjørådet, Arktisk råd og Den nordlege dimensjonen. Dei ulike fagministerråda under nordiske ministerrådsmøte fungerer òg som ein viktig møteplass for å diskutere EU/EØS-spørsmål og utviklinga av europeisk politikk innanfor dei ulike fagområda.
Det er mange eksempel på korleis det nordiske samarbeidet har bidrege til det europeiske samarbeidet. Dette gjeld ikkje minst sosiale spørsmål, likestilling, arbeidsmiljø, miljøvern og spørsmål om openheit og innsyn. Vi har størst sjanse til å påverke situasjonen på område der dei nordiske landa utmerkjer seg, og/eller der EU har ei særleg interesse. Det er viktig at saker som er til behandling i EU og EØS, og som er av fellesnordisk betydning, blir drøfta i ei nordisk ramme på eit tidleg tidspunkt. Samtidig er det viktig med tidleg varsling i saker der dei nordiske landa ikkje har felles interesser.
Det er ei prioritert oppgåve å styrkje kontaktane og informasjonsutvekslinga gjennom det nordiske samarbeidet på eit breitt spekter av saksområde når det gjeld EU og europeisk samarbeid. Regjeringa ønskjer å bidra til nært nordisk samarbeid om aktuelle europeiske spørsmål og vil aktivt bruke bilaterale relasjonar og nettverk.
4.2 Det utanrikspolitiske samarbeidet, Stoltenberg-rapporten
Det nordiske utanriks- og tryggingspolitiske samarbeidet har hatt ei særleg god utvikling dei siste åra. Oppfølging av Thorvald Stoltenbergs rapport om styrking av det nordiske utanriks- og tryggingspolitiske samarbeidet (2009) er framleis ei viktig kjelde til politisk dynamikk og konkrete tiltak.
At vi har ulike tilknytingspunkt til NATO og EU, er ikkje til hinder for eit sterkare utanriks- og tryggingspolitisk samarbeid i Norden prega av konkret, gjensidig og synleg nordisk nytte. Den nordiske solidaritetserklæringa (2011) er eitt av fleire uttrykk for ein klar politisk dynamikk i retning av større breidde og djupne i samarbeidet. Erklæringa utgjer ein overbygning for samarbeid i ei solidarisk ånd for å møte utfordringar på det utanriks- og tryggingspolitiske området og for å hjelpe kvarandre dersom eit nordisk land skulle bli råka av naturlege eller menneskeskapte katastrofar, digitale angrep eller terrorangrep.
Digital tryggleik
Digitale angrep blir ei stadig alvorlegare tryggingspolitisk utfordring for alle dei nordiske landa. Eit digitalt angrep i eitt nordisk land kan ramme kritiske system også i andre nordiske land. Hausten 2013 blir det derfor etablert eit gradert kommunikasjonsnettverk mellom myndigheitsorgana i dei nordiske landa for å kunne varsle, analysere og førebu tiltak mot eit digitalt angrep på nordiske land. Dette er ei konkret oppfølging av solidaritetserklæringa. Nettverket gjev òg eit grunnlag for ytterlegare konkret samarbeid om digital tryggleik. På overordna nivå blir det vurdert samarbeid om moglege felles posisjonar i strategiske spørsmål og internasjonale prosessar knytte til digital tryggleik og internettfridom.
Tryggingspolitisk samarbeid
Nordisk samarbeid i tryggingspolitiske spørsmål er ein del av eit større strategisk bilete når det gjeld regionalt og internasjonalt samarbeid, og bidreg til auka tryggleik gjennom Norden, EU, NATO og FN.
Det er aukande semje mellom dei nordiske landa når det gjeld trusselbilete, verdien av deltaking i internasjonale operasjonar og nytta av nordisk fellesskap i tryggingspolitisk samanheng. Dei nordiske landa styrkjer samspelet mellom utanriks- og forsvarssida, noko som kom klart til uttrykk på det nordiske utanriks- og forsvarsministermøtet i Bodø 2.–3. september 2012. Det er nyttig å samrå seg om overordna tryggingspolitiske problemstillingar og om forsvarsplanlegging og forsvarsinnretting, også for å styrkje grunnlaget for konkret og operativt samarbeid.
Regjeringa set stor pris på det uformelle samspelet med parlamentarikarsida, som fornyar og forankrar den forsvars- og tryggingspolitiske diskursen og politikken i og mellom dei nordiske landa.
Noreg tok våren 2012 initiativ til å styrkje det nordiske samarbeidet til støtte for FNs fredsoperasjonar. Initiativet blei godt motteke. Målet er å støtte utviklinga av FNs kapasitet til å planleggje og gjennomføre operasjonar og å samarbeide om militære bidrag. Noreg og Sverige deltek òg med politirådgjevarar i FN-leidde operasjonar. I Afghanistan ønskjer Noreg primært å fokusere framtidig militær innsats i Kabul, men vil dessutan vurdere eit vidare samarbeid i ei nordisk-baltisk ramme.
Sverige og Finland er nært knytte til NATO gjennom eit velutvikla partnarskapssamarbeid, og Noreg har ei brei politisk og militær kontaktflate med EU. Noreg ser positivt på finsk og svensk deltaking i øvingsdelen av NATOs regulære luftovervakingsoperasjon på Island i 2014. Noreg har delteke to gonger i innsatsstyrkane frå EU, og vi vurderer å delta igjen våren 2015 då Sverige har teke på seg å leie ein nordisk-baltisk innsatsstyrke.
Ambassadesamarbeid, konsulært samarbeid, kriseberedskap
Samarbeidet mellom dei nordiske utanrikstenestene er behovsstyrt og skal gje meirverdi og innsparingar for alle partar. I tillegg til å sikre betre ressursutnytting vil eit tettare nordisk samarbeid vere verdifullt for å fremje felles nordiske utanrikspolitiske prioriteringar, samtidig som det gjer Norden meir synleg. Det blir òg arbeidd med å påvise og fjerne eventuelle hinder for samlokalisering.
Tettast er samarbeidet der fysisk samlokalisering er eit faktum. I dag har vi ulike former for nordisk samlokalisering på rundt 30 stader verda over. Dei nordiske utanriksministrane vedtok i oktober 2012 ytterlegare samlokalisering mellom to eller fleire nordiske land i fem hovudstader. Det skal òg utarbeidast ein framdriftsplan for samlokalisering mellom alle fem landa i New York på lengre sikt.
Andre viktige samarbeidsområde er konsulære saker, migrasjons- og utlendingsspørsmål, kriseberedskap, tryggleik for utanriksstasjonane og deira tilsette og felles administrative støttefunksjonar.
Det er et tett og pragmatisk nordisk samarbeid om konsulær bistand, særleg i samband med alvorlege hendingar, naturkatastrofar og krise- og krigstilstandar. På utlendingsfeltet er samarbeidet omfattande, og nordiske land representerer kvarandre i visumsaker ei rekkje stader i verda. På begge fagfelta medverkar det nordiske samarbeidet til betre service for borgarane.
Ved store hendingar i land utanfor Norden er nordisk samarbeid om kriseberedskap med på å skape ein meir robust struktur for å kunne yte konsulær bistand under krevjande forhold. Samarbeidet lokalt er spesielt godt utvikla og viktig i risikoutsette område. Det omfattar utveksling av situasjonsforståing og planverk, og det blir halde felles øvingar. Sentralt mellom kriseorganisasjonane i utanriksdepartementa er det oppretta kontaktpunkt for regelmessig koordinering og informasjonsutveksling under pågåande konsulære kriser som vedgår fleire nordiske lands borgarar. Dei nordiske og baltiske landa gjennomførte i mars 2013 ei felles atomulykkeøving. Frå Noreg deltok Statens strålevern, Kriseutvalet for atomulykker og Utanriksdepartementets kriseorganisasjon i tillegg til 13 utanriksstasjonar.
Noreg vil framleis vere ein pådrivar for å bidra til eit stadig tettare, betre og meir effektivt samarbeid mellom dei nordiske utanrikstenestene.
Fredsmeklingsnettverk
Dei nordiske utanriksministrane blei hausten 2011 samde om å etablere eit nordisk fredsmeklingsnettverk. Nettverket heldt to møte i 2012, eitt arrangert av Finland i januar og eitt av Sverige i september. I 2012 utvikla Noreg og Finland i samarbeid med FNs Department of Political Affairs kurset Gender and Mediation for FN-tilsette og meklarar. Kurset blei halde i Oslo i juni 2013. Formålet med nettverket er å styrkje informasjonsutvekslinga og på sikt bidra til praktisk samarbeid.
Nordisk FN-samarbeid
Det nordiske samarbeidet i FN er nært og femner vidt. På ein del område er det utstrekt informasjonsutveksling mellom dei nordiske FN-delegasjonane, og det blir halde fellesnordiske innlegg både i Tryggingsrådet og andre forum. Det likevel stor skilnad på kor sterkt samarbeidet er på ulike område, mellom anna på grunn av utviklinga av EUs felles utanrikspolitikk.
Det nordiske valsamarbeidet i FN omfattar interne nordiske rotasjonsordningar i gruppa av vestlege land (WEOG). Slike rotasjonsordningar finst i meir eller mindre formaliserte former m.a. for Tryggingsrådet, menneskerettsrådet (MR-rådet) og andre sentrale FN-organ. Formålet er å sikre at minst eitt nordisk land er representert i dei ulike organa oftast råd. Siste året har Sverige og Finland tapt to viktige val til høvesvis MR-rådet og Tryggingsrådet. Etter dette har det vore nær dialog mellom dei nordiske landa for å sjå på vegen vidare for nordiske kandidatur og for valsamarbeidet. Generelt er det tett og fortløpande nordisk kontakt om alle valspørsmål i FN, m.a. i form av regelmessige møte mellom dei nordiske valmedarbeidarane i New York.
Det er godt samarbeid mellom nordiske land i dei styrande organa for FNs største fond og program – utviklingsprogrammet (UNDP), barnefondet (UNICEF) og befolkningsfondet (UNFPA) – og ein vurderer òg ein nordisk fellesframstøyt i samband med den kommande gjennomgangen av FNs fredsbyggingskommisjon.
Nordisk-baltisk samarbeid
Sverige har i 2013 koordineringsansvaret for det uformelle samarbeidet mellom dei nordiske og baltiske utanriksministrane, som møtest fast årleg. Tilsvarande har statssekretærane og dei politiske direktørane årlege møte. Statsministrane i dei åtte landa har òg eit årleg uformelt møte, i randa av Nordisk råds sesjon, og har dei seinare åra dessutan hatt årlege møte med statsministeren i Storbritannia. I februar 2013 inviterte utanriksministeren i Sverige, som koordinator for NB8-samarbeidet i 2013, og utanriksministeren i Polen, i eigenskap av leiar for Visegrad-samarbeidet, til eit felles NB8/Visegrad-møte på utanriksministernivå. Møtet skal følgjast opp med eit felles utanriksministermøte for dei to kretsane i Estland i 2014. Nordisk-baltisk forsvarsministermøte vart halde i Brussel i november 2012, og det er planlagt eit nytt møte i Helsingfors i desember 2013 der ministrane skal ta opp saker av felles interesse. Interessa frå tredjeland for å samarbeide med NB8-kretsen er aukande.
4.3 Utanrikshandel
Det utanrikshandelspolitiske samarbeidet mellom dei nordiske landa er i dag meir uformelt enn tidlegare. Sidan kommisjonen har ansvar for den ytre handelspolitikken i EU, er det ikkje aktuelt med eit formelt samarbeid mellom dei nordiske landa om felles posisjonar i WTO. Det er likevel god uformell kontakt i WTO-spørsmål mellom dei nordiske delegasjonane i Genève og mellom dei nordiske deltakarane i handelskomiteen i OECD. På denne måten får Noreg informasjon om drøftingane i EU, og dei andre nordiske landa kan dra nytte av at Noreg deltek i grupperingar der EU berre er representert ved kommisjonen. Det er jamlege nordiske konsultasjonar om handelsretta utviklingssamarbeid.
Det er brei kontakt mellom dei nordiske hovudstadene, mellom delegasjonane og representasjonane i Brussel og mellom dei nordiske ambassadane i utanrikshandelspolitiske spørsmål. Nordisk ministerråd er òg ein arena for regelmessig nordisk dialog om aktuelle EU- og EØS-saker. Dei nordiske utanrikshandelsministrane møtest årleg til uformelt samråd om aktuelle utanrikshandelspolitiske saker. På dagsordenen står mellom anna finanskrisa og konsekvensane av ho, den nye vekst- og sysselsetjingsstrategien i EU (Europa 2020), samarbeid på den indre marknaden, næringsutvikling i nordområda og felles nordisk strategi for samfunnsansvar i næringslivet. Regjeringa legg vekt på at det utanrikshandelspolitiske samarbeidet skal dyrkast og utviklast vidare.
Kontakten med dei nordiske landa i spørsmål om EØS og den indre marknaden er viktig for å oppfylle ambisjonen regjeringa har om ein aktiv europapolitikk og om å arbeide målretta for å vareta norske interesser overfor EU. I 2013 har Noreg delteke i drøftingar med nordiske, baltiske og sentraleuropeiske land om den indre marknaden. Møte i eit slikt format, der ti EU-land deltek, gjev gode moglegheiter for å påverke og hente inn informasjon på område som er sentrale for Noreg som EØS-medlem.
Samarbeidet med nærområda til Norden på det økonomiske og handelspolitiske området har òg vorte viktigare.
4.4 Forsvarssamarbeid
Fleirnasjonalt forsvarssamarbeid blir eit stadig viktigare verkemiddel for å løyse felles utfordringar i forsvars- og tryggingspolitikken. Dei fleste vestlege land gjer store kutt i forsvarsbudsjetta, samtidig som dei grenseoverskridande tryggingsutfordringane og kostnadene med høgteknologisk materiell aukar.
Den nordiske verdifellesskapen og den felles nordiske historia, det at vi er om lag jamstore at vi ligg geografisk nær kvarandre, gjer det naturleg å samarbeide i tryggings- og forsvarspolitiske spørsmål. Ulik tryggingspolitisk orientering er ikkje til hinder for samarbeid på ei rekkje forsvarspolitiske område. Dei fleksible samarbeidsrammene NATO og EU tilbyr ikkje-medlemmer, gjer eit nordisk forsvarssamarbeid i stadig utvikling mogleg. Det velutvikla partnarskapssamarbeidet i NATO har knytt Sverige og Finland nært til alliansen på ei rekkje område, mens Noreg har vore med i EUs stridsgrupper og vurderer å delta igjen våren 2015. Noreg er ein aktiv og synleg medlem av kapasitetssamarbeidet i EU gjennom European Defence Agency (EDA).
Dialogen mellom dei nordiske landa om sentrale internasjonale problemstillingar vert stadig tettare. Han inneber systematisk informasjonsutveksling om innleiande vurderingar i samband med mogleg deltaking i internasjonale operasjonar der eit nordisk operativt samarbeid kan vere aktuelt.
Noreg legg vekt på at den breie politiske einskapen om nordisk forsvarssamarbeid blir følgd opp gjennom praktiske tiltak. Auken i talet på prosjekt og samarbeidsområde vitnar om at dei nordiske regjeringane har sett handling bak ambisjonane sine. Samtidig er det viktig å erkjenne skilnadene mellom landa når det gjeld alliansetilknyting, avgjerdsmekanismar i regjeringar og parlament, industripolitisk orientering og regelverk og dei respektive strukturane og materiellbehaldningane.
Det praktiske og fleksible forsvarssamarbeidet i Norden vekkjer interesse også utanfor Norden. Ein viktig del av samarbeidet framover blir å leggje til rette for auka tredjelandsdeltaking i NORDEFCO-aktivitetar der det er relevant for alle involverte.
Operasjonar, trening og øving
Samarbeid om operasjonar står sentralt. I tillegg til det nemnde samarbeidet om EU-stridsgruppene er det etablert eit godt samarbeid i Afghanistan. Noreg, Finland, Sverige og Latvia har i samarbeid etablert ei Transition Support Group i Mazar-e Sharif som har til formål å lære opp og gje råd til afghansk politi i Balkh-provinsen nord i landet. Det norske bidraget vart utplassert ved årsskiftet 2012/2013 og omfattar i dag om lag 40 personar frå Forsvaret. I tillegg ser ein på korleis det kan samarbeidast innanfor ei nordisk ramme om bidrag til NATO-operasjonen etter 2014. Dette blir ikkje ein kampoperasjon, men ein operasjon med fokus på rådgjeving og opplæring av afghanske tryggingsstyrkar og institusjonar.
Dei nordiske landa vurderer fortløpande om det lèt seg gjere å stille eit felles bidrag til ein FN-leidde operasjon. Dette vil verte meir aktuelt etter kvart som operasjonen i Afghanistan vert trappa ned og frigjer ressursar til andre innsatsområde. Regjeringa har valt å stille inntil 20 offiserar til rådvelde for den FN-leidd operasjonen MINUSMA som blei etablert 1. juli 2013. Vi har planlagt bidraget vårt i nært samarbeid med Sverige, Danmark og Finland, som òg stiller styrkar til operasjonen. Vi tek sikte på eit tett nordisk samarbeid også etter at styrkane er på plass i operasjonsområdet. Eit nordisk samarbeid om støtte til afrikansk kapasitetsbygging i Aust-Afrika går ut på å medverke til at Den afrikanske unionen sjølv kan handtere kriser på det afrikanske kontinentet.
Samarbeidet om trening og øving er sterkt og held høg kvalitet. Samarbeidet vert stadig vidareutvikla, og det gjeld særleg for kampfly. Kvar veke er det samtrening organisert av luftvingane i Bodø, Kallax og Rovaniemi. Dette gjev svært nyttig trening til redusert kostnad, ettersom dei korte avstandane gjer at ein slepp å deployere luftstyrkane. Dei tilgjengelege nordiske trenings- og øvingsområda for land- og luftstyrkar utgjer eit område på storleik med Tyskland, noko som gjev eit unikt grunnlag for eit kostnadseffektivt operativt samarbeid. Noreg skal over tre veker i første tertial 2014 vere sponsor for finsk og svensk bidrag til treningsdelen av NATOs luftmilitære beredskap på Island. Det vidare nordiske samarbeidet på dette området følgjer naturleg av kampflysamarbeidet, som allereie er godt utvikla.
Kapasitetssamarbeid
Kor godt dei nordiske landa evnar å operere saman, kjem mykje an på korleis vi utviklar styrkane og kapasitetane våre. Ved å samarbeide om forsking og utvikling, anskaffingar, drift og vedlikehald av materiell, utdanning av personell og trening og øving utnyttar vi dei samla ressursane til landa meir effektivt og oppnår større operativ effekt og evne enn vi ville gjort kvar for oss.
Samarbeidet har så langt gjeve ei rekkje gode resultat, og fleire nye moglegheiter er under utgreiing. Blant desse er samarbeidet med Sverige om anskaffing av artilleri, lastevogner og panserforsterka køyretøy. Noreg oppgraderer og supplerer Hærens behaldning av den svenske kampvogna CV 90 gjennom nyanskaffingar, og Finland kjøper det norske bakkebaserte luftvernsystemet NASAMS til erstatning for det luftvernet dei har i dag. Med på kjøpet følgjer ein betydeleg grad av samarbeid om styrkeproduksjon, etterforsyning og vedlikehald. Prosjekta medfører òg betydeleg industriell deltaking og verdiskaping.
Framover skal det mellom anna vurderast om det er rom for nordisk samarbeid om anskaffing av luftovervakingssensorar, mineryddingsfartøy, langtrekkande missil mot land- og sjømål, felles basesett for internasjonale operasjonar og felles system for oppdaging og uskadeliggjering av improviserte sprengladningar. I den pågåande utgreiinga av alternativ for framtidig ubåtkapasitet ser Noreg på potensialet for samarbeid med fleire andre land, mellom anna om eit nordisk samarbeid kan tilfredsstille våre behov.
Vi ser òg på korleis vi på ein alt i alt betre og meir effektiv måte kan utnytte dei styrkane og kapasitetane vi allereie har kvar for oss. Den pågåande utviklinga av samarbeidet mellom dei taktiske lufttransportkapasitetane i landa våre har til formål å skape effektar og gevinstar gjennom å samordne operativ utnytting, drift og vedlikehald.
Veteranar
Det nordiske og nordisk-baltiske samarbeidet om veteranar held fram. Regjeringa arrangerte den første nordiske veterankonferansen i oktober 2012 med deltaking frå nordiske og baltiske land. Dei nordiske landa har mykje å hente på å dele informasjon og forsking og få på plass gode tiltak som betre fremjar veteranar som ein ressurs.
Formannskap i NORDEFCO
Hausten 2013 vil Noreg starte førebuinga av den norske formannskapen i NORDEFCO i 2014. Formannskapen er ei god anledning til å sikre ei vidare positiv utvikling i samarbeidet, samtidig som Noreg får høve til å fremje enkelte prioriterte saker blant dei mange pågåande aktivitetane. Noreg vil vidareføre det gode arbeidet med å kommunisere det nordiske forsvarssamarbeidet som eit godt eksempel på Smart Defence og regionalt samarbeid i internasjonal samanheng.
4.5 Utviklingssamarbeid
Noreg prioriterer det nordiske samarbeidet i utviklingspolitikken høgt og deltek aktivt i Nordic Plus-samarbeidet, der Irland, Nederland og Storbritannia òg er med. Noreg har formannskapen i samarbeidsforumet i 2013–2014. Ei viktig oppgåve for forumet er å medverke til betre samordning og koordinering av dei globale utviklingsprosessane i samband med Post-2015 og Global Partnership, med fokus på samarbeidet på landnivå. Som ei oppfølging av Busan-tilsegnene om styrking av bistandseffektiviteten kartla gruppa i 2012 samarbeidet mellom Nordic Plus-landa og ei rekkje utvalde land med sikte på å finne ut kvar samarbeidet kan gje meirverdi, og Noreg vil følgje opp dette arbeidet i sin formannskap.