3 Nordens naboar
3.1 Nærområdesamarbeidet
Nærområdesamarbeidet til Nordisk ministerråd omfattar samarbeidet med Nordvest-Russland, Estland, Latvia og Litauen, i tillegg til naboar i vest. Dessutan samarbeider ministerrådet med regionale råd: Barentsrådet, Austersjørådet, Arktisk råd og Den nordlege dimensjonen. Nærområdesamarbeidet omfattar òg innsatsen overfor Kviterussland. Målsetjinga for samarbeidet mellom ministerrådet og nabolanda i Austersjøregionen og Barentsregionen er å skape ein samanhengande, velståande og stabil region gjennom samarbeid på område av felles interesse. Dei seinare åra er det regionale samarbeidet blitt intensivert, delvis gjennom EUs austersjøstrategi, delvis gjennom felles aktivitetar og program.
Arktisk samarbeidsprogram
Samarbeidsprogrammet Berekraftig utvikling i Arktis (2012–2014) fokuserer på og støttar opp om dei områda der Norden har felles interesser og utfordringar i Arktis. Fokus er på berekraftig utvikling, klima og miljø, befolkning, helse, utdanning og kompetanseutvikling. Aktivitetane i programmet tek utgangspunkt i strategiane dei nordiske landa har sett opp for regionen og Arktisk råd.
Det vidare samarbeidet med naboane i aust
Under den norske formannskapen i Nordisk ministerråd blei det sett ned ei arbeidsgruppe som skulle utarbeide nye retningslinjer for samarbeidet med Russland, Estland, Latvia og Litauen etter 2013. Arbeidsgruppa såg på prioriteringane som blir lagde til grunn, og på instrumenta som blir brukte for å nå dei oppsette måla. Arbeidsgruppa tok òg stilling til om det skal utarbeidast eit samla sett retningslinjer for samarbeidet med Russland og dei baltiske landa. Nye retningslinjer skal leggjast fram under sesjonen i Nordisk råd i Oslo i 2013.
Nordvest-Russland
Ministerrådet legg stor vekt på samarbeidet med Russland. Samarbeidet fokuserer først og fremst på fylka i Nordvest-Russland, og målsetjinga er å bidra til å styrkje kontaktane over grensa og å skape betre føresetnader for økonomisk samarbeid og demokratisk utvikling. Andre prioriterte område er utdanning, forsking, innovasjon og miljø, klima og energi. Nye retningslinjer blir vedtekne hausten 2013. Nordisk ministerråd har kontor i St. Petersburg, Kaliningrad, Murmansk, Petrozavodsk og Arkhangelsk, og desse spelar ei sentral rolle i gjennomføringa av retningslinjene. I budsjettet for 2014 er det foreslått at Kaliningrad administrativt blir lagt inn under St. Petersburg. Nordisk ministerråd administrerer eit program for kunnskaps- og nettverksutvikling som gjennom støtte til praktisk prosjektsamarbeid skal støtte opp om dei overordna prioriteringane i retningslinjene. Nordisk ministerråd forvaltar òg ei tilskotsordning som skal bidra til samarbeid mellom NGO-ar og med nabolanda i aust, mellom dei Russland (sjå eigen omtale).
Programmet for samarbeidet mellom NMR og Russland om utdanning og forsking i kjølvatnet av avtalen som vart inngått hausten 2011, starta opp i 2012.
Samarbeidet med Estland, Latvia og Litauen
Nordisk ministerråd har kontor i Estland, Latvia og Litauen. Verksemda ved kontora er styrt av retningslinjer som er felles for dei tre landa. Nye retningslinjer er venta vedtekne ultimo 2013. Kontora støttar landa, fagministerråda, dei nordiske institusjonane og sekretariatet i København i utviklinga av felles nordisk samarbeid med dei baltiske landa. Det vert lagt vekt på at samarbeidet skal vere tosidig, og at nasjonale og lokale styresmakter, dei frivillige organisasjonane og andre deltakarar i samarbeidet tek del i finansieringa av prosjekt og program og kjem med råd om val av prioriterte område.
Nordisk-baltiske mobilitetsprogram for kultur og næring
I dei nordiske mobilitetsprogramma for kultur, administrasjon og næringsverksemd vart det i 2009 opna for at dei baltiske landa kunne delta. Det nordisk-baltiske mobilitetsprogrammet for kultur vart utvida til perioden 2012–2014 på det nordisk-baltiske kulturministermøtet i Åbo i 2011. Prioriterte område for 2013–2014 er å styrkje mobilitet og nettverksbygging for kulturaktørar, i tillegg til støtte til kunstnarresidensar for profesjonelle kunst- og kulturaktørar.
Kviterussland
Dei nordiske landa støttar ei demokratisk utvikling i Kviterussland. Nordisk ministerråd samarbeider med EU om støtte gjennom eksiluniversitetet European Humanities University (EHU) for kviterussiske studentar i Vilnius. Det er etablert eit internasjonalt fond for EHU for å sikre koordinering av støtta og trekkje til seg fleire gjevarar. Fondet vert administrert i nært samarbeid mellom ministerrådet, EU og EHU. Fondet blei nyleg utvida med tre år til utgangen av 2016. Ministerrådet forvaltar i tillegg eit stipendprogram for unge kviterussarar og samarbeider med EU om gjennomføring av eit prosjekt til støtte for det sivile samfunnet.
Nordisk ministerråds NGO-program
Nordisk ministerråd har ei eiga tilskotsordning for prosjektsamarbeid mellom frivillige organisasjonar i dei baltiske landa, Russland, Kviterussland, Polen og dei skandinaviske landa, det såkalla NGO-programmet. Midlane vert brukte til å støtte opp under prioriteringane i retningslinjene for Russland, Kviterussland og dei baltiske landa.
Naboar i vest
Budsjettposten for samarbeidet med naboar i vest prioriterer det marine området, næring, miljø, klima og energi, utdanning og kultur. Budsjettet til samarbeidet med naboar i vest vert primært brukt som såkornsmidlar.
Nordisk Atlantersamarbeid (NORA) er ein nordisk institusjon som arbeider med utviklingstiltak i Nord-Noreg, Vest-Noreg, Island, Færøyane og Grønland. NORA starta i 2011 arbeidet med eit treårig strategiprogram som skal følgjast opp av årlege arbeidsplanar. Dette skjer med utgangspunkt i OECD-analysen og retningslinjene for samarbeidet mellom Nordisk ministerråd og Nordens naboar i vest. Strategien skal styrkje område der regionen allereie har kunnskap, som fiskeri og marine ressursar. Prioritert er òg innovasjon, infrastruktur, styrkt kontakt med dei vestlege naboane våre i Canada og Skottland, samt tiltak for å spreie informasjon om regionen og for utveksling av best practices.
3.2 Arktisk råd
Arktisk råd er det einaste sirkumpolare politiske samarbeidsorganet på regjeringsnivå, og det er berre Arktisk råd som samlar alle dei arktiske statane og representantar for urfolk for drøfting av saker av felles interesser.
Canada overtok formannskapen i Arktisk råd etter Sverige i mai 2013, og ein samanhengande periode på seks år med nordiske formannskapar tok slutt. Auka politisk merksemd og satsing på å gjere arbeidet i rådet meir effektivt har vore nokre av prioriteringane for den norske, danske og svenske formannskapen.
Arktisk råd har fått mykje større internasjonal innverknad dei seinare åra. Klimaendringane i Arktis har globale konsekvensar. Før ministermøtet i Kiruna 2013 hadde Noreg samarbeidd tett med dei andre nordiske landa for at dei åtte medlemslanda skulle bli samde om å inkludere nye observatørar i rådet. Derfor var det eit viktig gjennombrot då det blei semje på ministermøtet om å ta opp seks nye land (Italia, India, Japan, Kina, Singapore og Sør-Korea) som observatørar, og det blei fatta ei prinsipiell avgjerd om at også EU får observatørstatus i Arktisk råd.
På ministermøtet i Kiruna blei også det permanente sekretariatet for Arktisk råd formelt oppretta. Sekretariatet vil styrkje arbeidet i rådet og bidra til å markere Tromsø som eit kraftsentrum i norsk og internasjonal polar samanheng.
Klima og miljø er eit hovudtema for arbeidet i Arktisk råd. Dei siste åra har dei ulike arbeidsgruppene i rådet lagt fram rapportar om hovudelementa i arktisk klimaendring, mellom anna om havforsuring, naturmangfaldet i Arktis og kortliva klimadrivarar.
Endringane skjer no fort, og det er derfor særs viktig å kunne dempe oppvarminga i Arkis. Kortliva klimadrivarar som sot og metan står for heile 30–40 prosent av dei menneskeskapte klimaendringane. Reduksjon i slike utslepp vil gje positiv klimaeffekt også på kort sikt. På ministermøtet i Kiruna blei det oppretta ei særskild arbeidsgruppe under Arktisk råd som skal sjå på tiltak for å redusere utslepp frå kortliva klimadrivarar. Her vil det nordiske samarbeidet vere viktig, også for å sjå på korleis ein kan utvide dette til meir forpliktande regionalt samarbeid om utslepp av kortliva klimadrivarar.
Dei siste par åra er det etter initiativ frå Arktisk råd blitt forhandla fram to bindande avtalar mellom medlemslanda i rådet. Avtalen om søk og redning tredde i kraft i januar 2013, og på ministermøtet i mai 2013 underteikna utanriksministrane i medlemslanda ein avtale som skal førebyggje oljesøl i Arktis. Dei nordiske landa vil samarbeide tett om å følgje opp avtalane, mellom anna gjennom felles øvingar.
3.3 Barentsrådet
Barentssamarbeidet har sidan starten i 1993 vore den sentrale drivkrafta i det regionale samarbeidet i nord. Det tette samarbeidet mellom regionane og mellom statane gjer Barentssamarbeidet unikt. Den sterke og sjølvstendige rolla til regionane sikrar lokal eigarskap og ein jamn tilførsel av idear og samarbeidsprosjekt. Store naturressursar og gode vekstvilkår for nye næringar skaper optimisme og auka internasjonal interesse for Barentsregionen. Barentssamarbeidet er eit breitt samarbeid som går føre seg på mange nivå og på dei fleste samfunnsområde. Det har medverka til ein sterk auke i folk-til-folk-kontaktene over landegrensene.
Dei sentrale organa i det formelle samarbeidet er Barentsrådet og Regionrådet. Medlemmene i Barentsrådet er Danmark, Finland, Island, Noreg, Russland, Sverige og EU-kommisjonen. Regionrådet omfattar 13 regionar medrekna dei tre nordlegaste fylka i Noreg. Noreg er formann i Barentsrådet fram til oktober 2013, då overtek Finland fram til 2015. På same tid blir formannskapen i regionrådet overført frå Norrbotten til Arkhangelsk fylke.
Norske hovudsatsingsområde under formannskapsperioden har vore næringsutvikling, miljø og folk-til-folk-samarbeid. Noreg har fremja Barentsregionen som ein ressursregion i Europa. Olje, gass, fisk, tømmer, mineral, metall og ikkje minst dei menneskelege ressursane er viktige fortrinn. For den norske formannskapen har det vore viktig å bidra til ei berekraftig og miljøvennleg industri- og teknologiutvikling i regionen. Utvikling av transport- og logistikknettverket i regionen er viktig både for folk og næringsliv. Nye moglegheiter opnar seg med den nordlege sjøruta og auka eksport, mellom anna av metall. Ei ekspertgruppe med deltakarar frå Finland, Noreg, Russland og Sverige utarbeider no ein felles transportplan for Barentsregionen, og eit første utkast skal etter planen leggjast fram hausten 2013.
Urfolk har ein framtredande plass i Barentssamarbeidet. Skal ny næringsutvikling lykkast, må det takast omsyn til deira tradisjonelle levemåtar, kunnskapar og erfaringar. Noreg har i formannskapsperioden sett fokus på forholdet mellom urfolksinteressene, mineralnæringa og myndigheitene. Noreg støttar òg arbeidsgruppa for urfolksspørsmål, både politisk og økonomisk. Av økonomiske grunnar ligg arbeidet i gruppa mellombels nede per juni 2013. Frå norsk side arbeider vi for at arbeidet kan takast opp att snarast mogleg.
I Barentsrådet deltek Noreg i arbeidet på kulturfeltet gjennom arbeidsgruppa for kultur, Joint Working Group on Culture (JWGC).
Regionen er rik, men sårbar. Høge miljøkrav må derfor leggjast til grunn for næringsutviklinga. Etter planen skal Det internasjonale Barentssekretariatet i Kirkenes styrkjast med ei miljørådgjevarstilling i løpet av hausten 2013. Noreg leier arbeidet med ein klimahandlingsplan som det er tanken skal leggjast fram hausten 2013.
Dei to barentssekretariata i Kirkenes er viktige for samarbeidet. I ein eigen avtale mellom Utanriksdepartementet og Det norske Barentssekretariatet frå 2012 blir sekretariatet sikra midlar for tre år. Avtalen gjer at sekretariatet lettare kan planleggje bruken av prosjektstøtta det forvaltar.
Det internasjonale Barentssekretariatet sikrar kontakt med medlemsstatane og forvaltar ei nettside og eit arkiv med alle sentrale dokument. Saman med det norske Sametinget finansierer Utanriksdepartementet ein urfolksmedarbeidar ved Det internasjonale Barentssekretariatet.
Øvingsserien Barents Rescue blir halden annakvart år. Øvinga betrar kommunikasjon, koordinering og samarbeid mellom sivile og militære einingar. Ansvaret for øvingane går på omgang mellom dei fire barentslanda. Noreg ved Justisdepartementet koordinerer Barents Rescue 2013, som gikk av stabelen 17.–19. september 2013. Dette var ei fullskala redningsøving der scenarioet var eit massivt jord- og steinskred i Lyngen i Troms.
Det parlamentariske samarbeidet i Barentsregionen er viktig. Stortinget arrangerte den sjette parlamentarikarkonferansen for Barentsregionen i Harstad 22.–24. april 2013. Det blei vedteke ei fråsegn om dei fleste saksområda for Barentssamarbeidet.
Statsminister Stoltenberg var vert då statsministrane frå Finland, Island og Russland saman med utanriksministrane frå Danmark og Sverige og éin av presidentane i EU-kommisjonen, markerte 20-årsjubileet for Barentssamarbeidet i Kirkenes 3.–4. juni 2013. Toppmøtet understreka kor viktig samarbeidet er for auka tillit og kontakt mellom folk og myndigheiter. Både frå norsk og russisk side blei det påpeika at auka tillit har bana veg for konkrete resultat, til dømes delelinja mellom Noreg og Russland. Ei ny Kirkenes-erklæring med auka fokus på næringssamarbeid blei vedteken. Denne vil liggje til grunn for vidareutviklinga av Barentssamarbeidet.
3.4 Austersjørådet
Russland hadde formannskapen i Austersjørådet frå juli 2012 og blei avløyst av Finland 1. juli 2013. Russland har i formannskapsperioden hatt særleg fokus på innovasjon og modernisering i det økonomiske samarbeidet i regionen og på bruk av offentleg-private midlar til å finansiere prosjekt. Eit moderniseringsprogam mellom den russiske regionen Kaliningrad og tilstøytande regionar i Polen og Litauen som blei påbegynt under den føregåande tyske formannskapen, er vidareutvikla; sentrale samarbeidsområde har vore turisme, naturforvaltning og utdanning. Denne modellen for grenseoverskridande samarbeid mellom regionar i tre medlemsland kan vidareutviklast. Det kan liggje til rette for liknande samarbeidsoppsett mellom den russiske regionen Pskov og naboregionar i Latvia og Estland, og mellom den russiske regionen Leningrad og tilstøytande regionar i Finland og Estland.
Finland legg i sin formannskap særleg vekt på å sjå Austersjørådet i samanheng med andre regionale råd, strukturar og strategiar i eit utvida regionalt perspektiv. Den nordlege dimensjonen med sine fire etablerte partnarskapar og EUs eigen strategi for Austersjøregionen er særleg sentrale i denne samanhengen; dessutan har Russland utvikla sin eigen strategi for Nordvest-Russland som omfattar både Barentsregionen og Austersjøregionen. Under den finske formannskapen har Austersjørådets embetskomité sett i gang drøftingar av Austersjørådets framtidige prioriteringar på lang sikt etter oppdrag frå utanriksministrane, og vil leggje fram konklusjonane sine for regjeringssjefmøtet i rådet tidleg i juni 2014. Rammevilkåra har endra seg ved at nye strategiar og strukturar har komme på plass etter at dei noverande fem prioriterte områda for arbeidet i Austersjørådet blei vedtekne i Riga-deklarasjonen i 2008. Det kan ventast endringar i prioriteringane for å ta høgde for desse nye føresetnadene og for å unngå overlapping og fremje synergi; også mandatet til Austersjørådet og organiseringa av sekretariatet i Stockholm må gjennomgåast. Det er brei semje om å vurdere oppgåvene til Austersjørådet fortløpande, og det kan registrerast større endringsvilje enn tidlegare.
For at Austersjørådet skal bli endå meir synleg og relevant for samarbeidet i regionen og for koordineringa av det, har rådet vedteke å bli meir prosjektorientert. I den samanhengen blei det i 2012 oppnådd semje om å opprette eit eige prosjektfond på 1 million euro for 2013–2015. Fondet er ikkje større enn at det primært må brukast til å førebu prosjekt, og dei første søknadene om støtte frå fondet blei innvilga i juni 2013. Gjennom aktiv bruk av fondsmidlane vil Austersjørådet i større grad enn før kunne initiere prosjekt og vere ein relevant partnar i dei. Men når det gjeld investeringar, må utviklingsbankar i regionen, andre internasjonale finansieringsinstitusjonar, EU-midlar og privat-offentlege finansieringspartnarskapar komme inn. Medlemmene i Austersjørådet ser ikkje for seg at Austersjørådet skal utvikle seg til ein finansieringsinstitusjon.
Austersjørådet har eit særleg nært samarbeid med Nordisk ministerråd, og dette kjem til uttrykk på fleire måtar: sekretariata i dei to råda har nær og fortløpande kontakt om administrative spørsmål, og Nordisk ministerråds kontor i Kaliningrad har i 2012–2013 husa ein eigen prosjektkoordinator for Austersjørådets moderniseringsprosjekt med utgangspunkt i regionen. Austersjørådet vil ha interesse av å samarbeide nærmare med kontora til Nordisk ministerråd i St. Petersburg, Tallinn, Riga og Vilnius.
3.5 Den nordlege dimensjonen
EUs nordlege dimensjon vart etablert i 1997 som eit instrument for det regionale EU-samarbeidet i Nord-Europa, med særleg vekt på samarbeidet med Russland. I 2006 blei EUs nordlege dimensjon omforma til Den nordlege dimensjonen (ND), som er eit samarbeid mellom fire likeverdige partnarar: EU, Island, Noreg og Russland. I tillegg deltek regionale råd og internasjonale finansinstitusjonar. Vidare deltek dei mest involverte og interesserte EU-landa aktivt i samarbeidet, både på politisk og fagleg nivå. Regjeringas hovudmål med å vere med i Den nordlege dimensjonen er å ta del i og fremje det konstruktive og praktiske samarbeidet med EU og Russland i nærområda våre.
ND er ein dynamisk arena for konkrete samarbeidsprosjekt i nord med samfinansiering og støtte frå dei internasjonale finansieringsinstitusjonane (IFI). Desse prosjekta blir sette i verk på fire område, såkalla partnarskapar for miljø, helse, kultur og transport/logistikk. Partnarskapane er ulike i forma, men dei er alle etablerte for å kombinere politikk med ekspertarbeid og praktisk prosjektverksemd. I tillegg inngår Northern Dimension Institute (NDI) og Northern Dimension Business Council (NDBC) i ND-arkitekturen.
Strukturfondet i NDs miljøpartnarskap (NDEP) har samla statlege bidrag som utgjer 342 millionar euro. I samarbeid med internasjonale finansieringsinstitusjonar har desse bidraga i sin tur utløyst lån og investeringar som tilsvarer ei tidobling. NDEP har vore i drift i tolv år.
Som ein av grunnleggjarane deltek Nordisk ministerråd aktivt i ND-partnarskapen for helse (NDPHS) både i embetskomiteen og på ekspertnivå, mellom anna i ekspertgruppa for alkohol, narkotika og tobakk, der Nordens velferdssenter er medlem. Sekretariatet for NDPHS i Stockholm er formelt oppretta med folkerettsleg status, og Noreg har ratifisert avtalen.
ND-partnarskapen for transport og logistikk (NDPTL) har vore operativ sidan 2011 med sekretariat i Helsingfors. Hovudmålet er å fjerne flaskehalsar for grensekryssande transport og logistikk. Sidan oppstarten er det etablert eit transportnettverk for regionen som bind det transeuropeiske transportnettverket (TEN-T) saman med nabolanda Russland, Noreg og Kviterussland. Noreg legg vekt på ei god rollefordeling og eit godt samarbeid mellom arbeidsgruppa for transport under Barentsrådet og NDPTL. Under norsk formannskap i 2012 blei det lagt vekt på det maritime aspektet og tette kontaktar med næringslivsaktørar og andre interesserte partar. Transportministermøtet i Oslo i november 2012 vedtok å etablere eit støttefond. Dette er eit lovande område med stort potensial for gode prosjekt. Frå norsk side vil vi bidra med inntil 4 millionar kroner til fondet over tre år.
Noreg deltek aktivt i arbeidet med å utvikle kulturpartnarskapen i ND, som blei etablert i 2010. Nordisk ministerråd er sekretariat for partnarskapen i perioden 2011–2013. Det er semje om at sekretariatet skal flyttast til Riga i 2014 og samlokaliserast med Nordisk ministerråds kontor i byen. Kulturpartnarskapen har som formål å skape ei plattform for kulturelt samarbeid gjennom å koordinere nettverk, prosjekt og andre kulturaktivitetar innanfor ND-området. Det er eit ønske om å arbeide meir med små og mellomstore bedrifter på felta turisme, kultur og kreative næringar.