5 Fagleg samarbeid i Ministerrådet
5.1 Kultur
Nordisk ministerråd er ei sentral plattform for kultursamarbeidet i Norden. Gjennom ein aktiv norsk formannskap i 2012 blei to større saker som vil ha betydning for det framtidige kultursamarbeidet, dregne i land. Ein ny strategi for Nordisk ministerråds kultursamarbeid 2013–2020 blei vedteken, og Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris vart oppretta.
Gjennom erfaringsutveksling, kompetanseutvikling og nettverksbygging skal Norden som region utviklast og styrkjast. Arbeidet med strategien blei ei god plattform for eit sterkare nordisk kultursamarbeid. Det blei lagt opp til at kulturfeltet i Norden skulle trekkjast inn gjennom ei rekkje møte og seminar. Strategien nemner fem overskrifter for det nordiske kultursamarbeidet: Det berekraftige Norden, Det kreative Norden, Det interkulturelle Norden, Det unge Norden og Det digitale Norden. Strategien inneber at kulturfeltet får ei breiare forankring og auka betydning. Kultursamarbeidet skal fremje ei berekraftig utvikling og bidra til samanhengskraft i dei nordiske velferdssamfunna. Strategien skal gjennomførast av institusjonane i Nordisk ministerråd og blir eit omdreiingspunkt for formannskapsprogramma. Sveriges formannskapsprogram for kulturområdet konkretiserer dei fem temaa i strategien.
Eit løft for nordisk barne- og ungdomslitteratur var sentralt i den norske formannskapssatsinga. Ein god og konstruktiv dialog mellom Nordisk ministerråd og Nordisk råd bidrog til at Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris blei oppretta. Prisen er ein del av eit samla løft som inneber auka støtte til omsetjing, forfattarskule for unge og forfattarbesøk på skular i Norden. Nordens hus i Reykjavik er sekretariat for prisen. Prisen er møtt med interesse i utlandet og har vore presentert på fleire internasjonale bokmesser. Utdelinga av Nordisk råds prisar i Operaen i Oslo i år skal fjernsynsoverførast direkte til alle dei nordiske landa.
Nordisk ministerråd var òg til stades på Bok & Bibliotek-messa i Göteborg i september 2012 med Norden som tema. I eit samarbeid mellom Nordisk ministerråd og Nordisk råd blei det gjennomført ei stor satsing over temaet kultur og identitet. Denne satsinga munna ut i eit debattskrift om kulturpolitikk og identitetar i Norden. Den norske formannskapen var òg med og løfta fram behovet for å gjere funksjonshemma meir synlege i kultur og media gjennom arrangement på messa.
Ei viktig oppgåve er å fremje og profilere Norden som ein kreativ og dynamisk kulturregion. Nordic Cool 2013 i Washington blei eit høgdepunkt. Om lag 750 kunstnarar frå heile Norden fekk utfalde seg på denne nordiske kulturfestivalen på Kennedy-sentret over tre veker i februar/mars 2013. Festivalen var eit samarbeid mellom Kennedy-sentret, dei nordiske landa og Nordisk ministerråd. Dei nordiske kulturministrane og samarbeidsministrane var til stades ved opninga av Nordic Cool.
Gjennom KreaNords nye program for kulturnæringar vil Ministerrådet bidra til å styrkje kulturnæringane i Norden. KreaNord, som er eit tverrsektorielt nordisk samlingspunkt som skal vere med og styrkje kulturnæringane i Norden, er oppført med 5 millionar DKK som ein av aktivitetane i prioriteringsbudsjettet for 2013. Det er løyvd tilskot på i alt 348 000 euro til tre store nordiske prosjekt. Prosjekta som har fått støtte i denne første utdelinga, dreier seg om utvikling av kompetanse i små og mellomstore designverksemder og nordisk tverrsektorielt samarbeid om kultureksport, med utgangspunkt i det nordiske samarbeidet innanfor Nordisk musikkeksport, NOMEX.
Arbeidet med budsjettet for 2014 har vore ei sentral sak på dagsordenen. Kulturområdet har fått eit kutt på 4,7 prosent som inneber at 8,2 millionar DKK må sparast inn. I arbeidet med budsjettforslaget for 2014 har utgangspunktet for kulturministrane vore i størst mogleg grad å skjerme midlane som går til det utøvande kunst- og kulturlivet, og å verne om dei nordiske kulturprisane. Kultur og helse blir eit nytt område innanfor dei strategiske satsingane som omfattar litteraturløftet, nordisk musikkeksport og nordisk danseplattform.
Nordisk kulturfond
Nordisk kulturfond støttar i 2014 nordisk kultursamarbeid i det profesjonelle kulturlivet og i frivillig sektor. Prioriterast skal særleg aktivitetar som fremjar barn og unges deltaking i nordisk samarbeid, medrekna kunst og kultur; aktivitetar som gjennom kunst og kultur bidreg til å auke nabospråkforståinga i Norden; aktivitetar som bidreg til inkludering og deltaking i det nordiske kultursamarbeidet og aktivitetar i tynt folkesette område, til dømes Vest-Norden og dei nordlege og austlege områda. Nordisk kulturfond set i 2014 fokus på digital kunst og kultur og har sett av 3 millionar DKK til årets nordiske kulturhending, DIGITAL 2015–2016. Med Digital 2015–2016 vil Nordisk kulturfond gje et løft til aktørar som vil skape ny kunst og nye uttrykk med utgangspunkt i digitale medium, metodar og teknologi. Fondet vil gje støtte til eit nordisk samarbeid som skaper, produserer og formidlar kunst og kultur digitalt. Med denne satsinga vil Nordisk kulturfond stimulere arenaer der samvirke mellom kunst og teknologi fører til utvikling og nye moglegheiter. Årets nordiske barne- og ungdomsfestival går av stabelen i august 2014 med arrangement over heile Norden.
5.2 Utdanning og forsking
Den norske formannskapen i 2012 ville få fram korleis forståinga av demokratiske verdiar og ferdigheiter kjem til uttrykk i opplæringa. Kunnskapen til nordiske elevar slik han er dokumentert i den internasjonale demokratiundersøkinga International Civic and Citizenship Education (ICCS) 2009, var òg interessant å sjå nærmare på. Det blei arrangert ein nordisk konferanse i Oslo om demokratiske verdiar og lærarmedvit, med lærarutdannarar som målgruppe.
På dansk initiativ er det etablert eit samarbeid mellom dei nordiske landa for å løfte fram praksis som har gjeve gode resultat på skuleområdet i Norden. Det er planlagt ein større konferanse i København i januar 2014.
Den nordiske overeinskomsten om tilgang til høgare utdanning i Norden blei omforhandla og signert av ministrane i 2012. Avtalen skal evaluerast i løpet av avtaleperioden 2013–2015.
Rammeprogrammet Nordplus er vidareført som eit samlande instrument for den nordiske og nordisk-baltiske satsinga på utdanningssamarbeid og eit felles utdanningsområde. Nordplus 2012–2016 blei lansert 1. januar 2012. Totalt kom det inn 703 søknader, mot 599 i 2011.
Med utgangspunkt i den nordiske gymnasavtalen på vidaregåande nivå og mobilitetsprogrammet Nordplus junior, blei utsiktene for eit nordisk samarbeid om felles utdanningstilbod for små og verneverdige fag / små handverksfag vurderte. Hausten 2012 blei det sett i verk eit prosjekt der Noreg, Danmark og Island går vidare med å prøve ut samarbeid i båtbyggjar-/trebåtbyggjarfaget. Det blir òg vurdert tiltak for å betre norsk informasjon om den nordiske gymnasavtalen.
Eit nordisk seminar om lesing, skriving og rekning i dei yrkesfaglege studieprogramma blei arrangert seinhaustes 2012. I formannskapsåret har det òg vore arbeidd med nordisk utvikling av lærarkompetanse på alfabetiseringsområdet. Alfarådet vil i 2013 kartleggje høgskular i Norden som er interesserte i nordisk samarbeid på dette feltet.
Dei nordiske utdannings- og forskingsministrane diskuterte med representantar frå universitetssektoren i alle dei nordiske landa kva meirverdi som kan liggje i nordisk samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon (SAK).
På nordisk nivå er det gjennomført ei klassifisering av universitets- og høgskuleinstitusjonar ved bruk av det europeiske klassifiseringsverktøyet U-map. Ein stor konferanse fann stad i oktober 2012, og vel 90 høgare utdanningsinstitusjonar deltok i kartlegginga.
Det blei utlyst ny søknadsrunde for Nordic Master Programme. Evalueringa viste gode og nyttige erfaringar når det gjeld kvalitet, organisering av fellesgradar, vurdering av grensehinder og marknadsføring av Norden i og utanfor Europa.
I juni 2012 blei Nordisk Innovasjonskonferanse arrangert i Oslo for alle aktørar innanfor livslang læring. Her blei innovasjon og kreativitet diskutert i lys av den nordiske velferdsmodellen. Hausten 2013 starta ei nordisk kartlegging av ulike ordningar for formell vidaregåande opplæring for vaksne. Rapporten blir publisert hausten 2013.
Den framtidige innretninga av forskingssamarbeidet innanfor Nordisk ministerråd blei diskutert i begge ministermøta i 2012, mellom anna organiseringa av forskingssamarbeidet og om det kunne opnast for nasjonal finansiering av forsking i Norden. Det ble sett ned ei arbeidsgruppe med representantar for nordiske forskingsråd og Nordisk universitetssamarbeid (NUS), som har kartlagt noverande bruk av forskingsfinansierande instrument og komme med forslag til korleis samarbeidet om forskingsfinansieringa kan utviklast vidare. Den svenske formannskapen arrangerer i juni og november 2013 konferansar om forskingsinfrastruktur for høvesvis ei konkurransekraftig og ei berekraftig utvikling.
Hausten 2012 blei det arrangert eit nordisk ekspertseminar om kjønnsbalanse i forskinga, knytt til arbeidet med å kartleggje fellesnordiske strategiar og tiltak som er brukte for å betre kjønnsbalansen i akademia. Resultatet av kartlegginga er presentert i rapporten Norden – et steg nærmere kjønnsbalanse i forskning? (TemaNord 2013:513).
Education for Tomorrow er eit nytt nordisk utdanningsforskings- og formidlingsinitiativ som blei etablert i 2012 som eit samarbeid mellom MR-U og dei nasjonale forskingsråda, med eit totalt budsjett på 75 millionar kroner. Nordforsk administrerer programmet, som ble lansert i juni 2013.
Språk
Nordiske forfattarbesøk i skulen er eit tiltak som gav god effekt i den nordiske språkkampanjen i 2011. Det inngår i det ordinære arbeidet med nabospråkforståing. Foreininga Norden i Noreg har hatt ansvaret for tiltaket i samarbeid med søsterforeiningane sine. Nordisk språkkoordinasjon er i 2013 bedt om å vurdere eventuell vidare oppfølging.
EK-U bestilte ei evaluering av det nordiske språksamarbeidet som låg føre i 2012. På bakgrunn av forslaga i rapporten blir det nordiske språksamarbeidet no omorganisert under MR-U. I juni 2013 blei Foreiningane Nordens Forbund valt som nytt forvaltningsorgan. Ein del av målsetjinga med ny organisering er å vidareutvikle samarbeidet mellom utdannings- og kultursektoren på språkfeltet. Den svenske formannskapen arrangerer ein konferanse om nordisk språkforståing hausten 2013.
IKT-samarbeid
Det nordiske IKT-samarbeidet er organisert i IKT-Direktørforum, ei ekspertgruppe under embetsmannskomiteen for utdanning og forsking. I gruppa deltek dei ansvarlege for IKT-politikken i dei nordiske landa. Gruppa held møte 2-3 gonger i året. Under norsk formannskap i 2012 initierte gruppa eit samarbeidsprosjekt finansiert av ministerrådet med sikte på å utvikle ein nordisk policy for bruk av skytenester i offentleg sektor. Prosjektet er ei direkte oppfølging av rapporten Nordic Public Sector Cloud Computing, som vart publisert i desember 2011.
Datatilsynet, NAV og Difi har saman med FAD delteke i arbeidsgrupper i prosjektet i 2012/2013. Arbeidet handla mellom anna om å lette innkjøp av skytenester til offentleg sektor gjennom rettleiingar, besteeksempel og standardelement til kontraktar. I tillegg heldt gruppa eit møte med Baltic Development Forum og Microsoft der utsikter for utvikling av ein nordisk IKT-bransje blei drøfta.
Organisering
Ei omorganisering av verksemda i MR-U blei utgreidd og vedteken i 2012. Omlegginga av arbeidet førte til delegering av vedtaksmynde frå MR-U til EK-U i ein del typar saker og nedlegging av dei permanente faglege rådgjevingsgruppene til fordel for eit system med adhocgrupper, som no blir etablert på årsbasis ut frå aktuelle utfordringar.
5.3 Nærings-, energi- og regionalpolitikk
Næringspolitikk
Det noverande nordiske næringssamarbeidet er forankra i Nordisk samarbeidsprogram for innovasjon og næringspolitikk 2011–2013. Visjonen er å styrkje Nordens globale rolle som leiande region innanfor grøn vekst og velferd. Noreg har ansvar for fyrtårnsprosjektet som skal fremje innovasjon gjennom offentlege innkjøp i helsesektoren. Tre prosjekt knytte til gjennomføring av innovative innkjøp i helsesektoren i Norden blir finansierte gjennom fyrtårnsprosjektet. Prosjekta skal gjennomførast frå 2013 til 2015 av helsemyndigheiter og leverandørar til helsesektoren.
Dei nordiske næringsministrane vedtok på ministermøtet i Trondheim i oktober 2012 å opprette ekspertnettverket NordMin for ein berekraftig gruve- og mineralindustri. I tillegg blei KreaNords mandat for perioden 2013–2015 godkjent. Begge prosjekta blir finansierte over prioriteringsbudsjettet. Parallelt med ministermøtet blei det arrangert ein formannskapskonferanse om samfunnsansvar som konkurransekraft for nordiske bedrifter.
Ei sentral oppgåve for den svenske formannskapen i 2013 er å utarbeide eit nytt samarbeidsprogram for innovasjon og næringspolitikk for perioden 2014–2017. Programmet skal vedtakast på ministermøtet i oktober 2013 og vil byggje på den svenske formannskapens innspelskonferanse i mars 2013. Utgangspunktet for programmet er å møte nokre av dei utfordringane Norden står overfor i samband med miljø, ei aldrande befolkning og ønsket om ein berekraftig økonomisk vekst i eit globalt perspektiv. Fokusområda er grøn vekst gjennom berekraftig byutvikling, gode finansieringsmiljø for gründerar, innovasjon og utvikling i den nordiske leverandør- og serviceindustrien på helse- og velferdsområdet og dei kulturelle og kreative næringane. Fokusområda vil òg vere tema for fire tilknytte fyrtårnsprosjekt som skal utviklast i programperioden.
Energi
Det nordiske energisamarbeidet byggjer på handlingsplanen for det nordiske energisamarbeidet 2010–2013 med fokus på ein nordisk elektrisitetsmarknad, fornybar energi, energieffektivitet, energi i område med spreidd busetnad og Norden i eit globalt perspektiv. I tillegg har forsking og teknologiutvikling hatt høg prioritet på energiområdet gjennom eit nordisk energiforskingsprogram (NEF). Globaliseringsinitiativet (som vart avslutta i 2012) og grøn-vekst-initiativet har gjeve nye impulsar til det nordiske energisamarbeidet. Energisamarbeidet under NMR har fått ansvar for å gjennomføre fleire av initiativa i rapporten til dei nordiske statsministrane om grøn vekst. Det er sentralt for det nordiske energisamarbeidet å spele ei aktiv rolle i samband med utforminga av energipolitikken i Europa innanfor ramma av EU/EØS.
Ei prioritering av det nordiske elektrisitetssamarbeidet vert rekna som spesielt viktig. Det nordiske samarbeidet på elektrisitetsområdet har styrkt forsyningstryggleiken, betra utnyttinga av dei samla nordiske kraftressursane, auka investeringane i overføringssamband mellom landa og fremja transparens i marknaden. Det blir òg arbeidd med sikte på ein felles nordisk sluttbrukarmarknad. Dette er viktige steg på vegen mot ein integrert nordisk kraftmarknad. På energiministermøtet på Hell den 11. oktober 2012 under norsk formannskap gav energiministrane i Norden eit utvida mandat til å vidareutvikle den nordiske elmarknaden. Energiministrane vart samde om at arbeidet med ein felles sluttbrukarmarknad må halde fram med full styrke. Auka uregulerbar produksjon av fornybar kraft, til dømes vindkraft, inneber nye utfordringar for kraftsystemet. Dei nordiske energiministrane var einige om at ein må investere i nett for å ta hand om denne krafta og sjå nærmare på korleis forbruket kan bli meir fleksibelt og dermed bidra til meir integrering av fornybar energi.
Auka satsing på fornybar energi og energieffektivisering er ein del av den energipolitiske responsen på klimautfordringa. Dei nordiske landa har ei felles interesse av å sjå på korleis dei kan innrette verkemiddelbruken og markere leiarskap på desse områda. Utvikling av rammevilkår for energieffektivisering og fornybar energi blir dermed spesielt interessant for dei nordiske landa i lys av utviklinga av direktiv og nye initiativ i EU og EØS. Det er etablert arbeidsgrupper innanfor fornybar energi og energieffektivisering. Dette arbeidet er vidareført i 2012 og 2013. Dei nordiske landa har satsa mykje på fornybar energi og vil framleis ha eit nivå på fornybar energi som ligg over gjennomsnittet i EU. Dei nordiske energiministrane vart samde om at dei ulike nasjonale satsingane og samarbeidet mellom landa (til dømes den felles sertifikatmarknaden) kan føre til at dei nordiske landa framleis vil liggje framfor andre land i Europa. Gjennomføring av EU-direktivet for å fremje fornybar energi står sentralt som samarbeidsområde i handlingsprogrammet for 2010–2013. Dette omfattar arbeid knytt til korleis samarbeidsmekanismane mellom land som er nedfelte i direktivet, kan utviklast.
På området energieffektivisering har energiministrane vedteke at samarbeidet om marknadstilsyn med energirelaterte produkt skal styrkjast. Også innan energieffektivisering vil det vere aktuelt å samarbeide om ulike EU-initiativ.
Samarbeid i formatet nordisk/baltisk 8 finn òg stad innanfor ramma av det nordiske samarbeidet. I 2012 vart det arrangert eit seminar om dei politiske utfordringane som er knytte til energieffektivisering og fornybar energi i Estland. I forkant av energiministermøta i EU vert det halde ein uformell konsultasjon på ministernivå i NB8-kretsen om sakene på EU-dagsordenen 2-3 gonger i året. Formannskapen i Nordisk ministerråd inviterer til desse møta.
Dei nordiske energiministrane deltek i Baltic Sea Region Energy Co-operation (BASREC). Dei nordiske landa er pådrivarar i BASREC-samarbeidet. Det vart halde eit ministermøte i BASREC i mai 2012, og BASREC og Nordisk ministerråd har gjennomført felles aktivitetar, m.a. ved Rio+20-konferansen. Når det gjeld Norden og internasjonalt energisamarbeid elles, er det lagt vekt på samarbeidet med Nordvest-Russland, Austersjøområdet og dei baltiske landa. I samband med Barents Euro Arctic Cooperation har Nordisk ministerråd støtta energieffektiviseringsinitiativ og arbeidsseminar i 2011 og 2012.
Det er etablert eit nordisk samarbeid om energiforsking. Nordisk energiforskning (NEF) er ein institusjon under Nordisk ministerråd lokalisert i Oslo. Institusjonen har som formål å vidareføre og fremje det nordiske samarbeidet på energiforskingsområdet gjennom å leggje til rette for auka kompetanse, konkurranseevne og verdiskaping i energisektoren i Norden. NEF skal medverke til ein felles innsats innan forsking og utvikling på dei delane av energiområdet som er av felles nordisk interesse. I strategiplanen for 2011–2014, Sustainable Energy Systems 2050, er målsetjinga å utvikle ny kunnskap og nye løysingar i samband med overgangen til eit berekraftig energisystem i framtida. Rapporten Nordic Energy Technology Perspectives blei i 2013 publisert etter initiativ frå NEF og har hausta internasjonal merksemd. NEF er samfinansiert av dei nordiske landa med om lag 32 millionar kroner årleg. Våren 2013 er det gjennomført ei evaluering av NEF. Denne vil gje eit kunnskapsgrunnlag for den vidare utviklinga av det nordiske energiforskingssamarbeidet.
Under den svenske formannskapen i NMR vert det arbeidd med eit nytt handlingsprogram for det nordiske energipolitiske samarbeidet i 2014–2017. Målet er å vedta dette programmet på energiministermøtet i oktober 2013.
Regionalpolitikk
Grunnlaget for det regionalpolitiske arbeidet er det nordiske regionalpolitiske samarbeidsprogrammet (2013–2016). Visjonen er at Norden skal vere leiande i utviklinga av ein ny og meir kraftfull regionalpolitikk. Det nordiske samarbeidet skal gje auka fagkunnskap og inspirere til vidareutvikling av regionalpolitiske perspektiv og tiltak. Dei nordiske regionalministrane inviterer samarbeidsministrane, andre relevante nordiske sektorar og nasjonale og internasjonale institusjonar til eit felles løft for å bidra til ei regionalt berekraftig velferdsutvikling, fremje ei berekraftig regional utvikling i Arktis og stimulere til grøn vekst i alle regionar. Arbeidet blir følgt opp av fire arbeidsgrupper: 1) regional utvikling i Arktis (med norsk formannskap), 2) demografi og velferd, 3) grøn verdiskaping: innovasjon, 4) grøn verdiskaping: plansamarbeid og berekraftige byregionar.
I tillegg er det etablert eit nettverk med fokus på EUs framtidige regionalpolitikk der dei nordiske landa har høve til å koordinere arbeidet med det nye europeiske regelverket for regional statsstøtte og den neste generasjonen grenseregionale program (Interreg).
Formålet med gruppene er å dele kunnskap og byggje kompetanse på dei ulike temaa og å utarbeide innspel til nordisk policyutvikling på feltet.
Arbeidsgruppa for regional utvikling i Arktis vil ta initiativ til ein tematisk brei og djuptpløyande studie av den framtidige utviklinga i Arktis i form av scenario eller framtidsstudiar. Målet er å bringe Nordisk ministerråds samarbeidsprogram for Arktis vidare ved å samle, behandle og analysere eksisterande informasjon, vurdere ulike føresetnader for framtidig utvikling i området og teikne perspektivrike framtidsbilete. Dette vil bidra vesentleg til vidareutvikling av den politiske debatten og gje den faglege kunnskapen større tyngde og eit meir heilskapleg preg.
Arbeidsgruppa for demografi og velferd vil skape ei felles nordisk plattform for kunnskapsoppbygging. Regionalsektoren vil utvikle eit større nordisk program. Målsetjinga er at lokale og regionale myndigheiter skal utvikle innovative løysingar for å handtere utfordringar og utnytte moglegheiter som følgjer av demografiske endringar. Her skal kunnskapsgrunnlag og gode eksempel formidlast og diskuterast som eit grunnlag for å vidareutvikle politikk og forvaltning på statleg, regionalt og lokalt nivå i dei nordiske landa.
Arbeidsgruppa for grøn verdiskaping fokuserer på innovasjon og har til mål å bidra til vekst i grønt næringsliv og sysselsetjing der både kvinner og menn deltek. Det er behov for meir kunnskap om føresetnadane for miljøretta entreprenørskap og innovasjon. Det skal prøvast ut nye verkemiddel og tiltak for å fremje grøn innovasjon regionalt og lokalt. Gode eksempel skal diskuterast og spreiast til andre område. For å oppnå dette vil det bli teke initiativ til meir systematisk læring og kunnskapsoverføring.
Arbeidsgruppa for grøn verdiskaping med fokus på plansamarbeid og berekraftige byregionar har som mål å bidra til utvikling av planleggingsverktøy for byar i utvikling, der læringsutvikling, fysisk planlegging og klima- og miljøomsyn blir sett i samanheng. Vidare skal det utviklast eksempel på berekraftige bymønster som kan vere gode modellar for ulike typar regionar i Norden, og som samtidig kan inspirere andre land i Europa.
Nordisk ministerråd delfinansierer det nordiske forskingsinstituttet Nordregio, som utviklar vitskapleg basert kunnskap om regionalpolitiske problemstillingar. Nordregio arbeider på oppdrag frå nasjonale, nordiske og europeiske oppdragsgjevarar og er viktig for utviklinga av komparativ kompetanse, både innan Norden og mellom nordiske og europeiske organisasjonar. Det er Nordregio som har sekretariatsfunksjonen for arbeidsgruppene.
Ministerrådet for nærings-, energi- og regionalpolitikk møttest i Stjørdal i oktober 2012. Neste ministermøte skal haldast i Stockholm i oktober 2013, med demografiske utfordringar og den nordiske deltakinga i EUs Interreg-program 2014–2020 på dagsorden.
Embetsmannskomiteen for regionalpolitikk har halde fire møte det siste året. Nordisk ministerråd gjev i 2013 økonomisk støtte til elleve grenseregionale samarbeidskomitear (Tornedalsrådet, Hedmark-Dalarna, Øresundskomiteen, ARKO, Nordkalottrådet, Mittnordenkomiteen, BothnianArc, Kvarkenrådet, Mitt-Skandia, Østfold-Bohuslän/Dalsland og Värmland-Østfold) og ein nordisk institusjon for grenseregionalt samarbeid (NORA). Desse arbeider med tiltak der grensa blir utnytta som ein positiv faktor for regional utvikling og med tiltak for å redusere grensehinder. Grensekomiteane er medlemsorganisasjonar, vanlegvis med kommunar og/eller regionar som medlemmer. Dei tilbyr ein struktur for samarbeid over grensene og får derfor økonomisk støtte frå regionalsektoren i Nordisk ministerråd.
5.4 Miljø
Under den norske formannskapen på miljø i 2012 blei det gjennomført to ministermøte som sette fokus på klima og kva kortliva klimadrivarar har å seie for Arktis, og på sterkare oppfølging etter toppmøtet i Rio i 2012 for å fremje berekraftig utvikling. I tillegg blei eit nytt nordisk miljøhandlingsprogram 2013–2018 vedteke.
På ministermøtet på Svalbard i februar 2012 blei Svalbard-erklæringa om kortliva klimadrivarar (sot, partiklar, metanutslepp m.m.) vedteken. Intensjonane i erklæringa blei følgde opp i ein nordisk workshop der ein gjekk gjennom dei nyaste forskingsresultata, nasjonale erfaringar med utslippsrekneskap, utgreiing av effektive tiltak for å redusere utsleppa, utvikling av nasjonale handlingsplanar og framgang i det internasjonale samarbeidet om kortliva drivarar. Ein norsk utsleppsrekneskap for klimadrivarar er etablert, og andre nordiske land følgjer tilsvarande opp. På miljøministermøtet blei deltakarane vidare samde om å støtte koordinerte tiltak mellom frivillige land gjennom Coalition for Climate Change and Clean Air, som FNs miljøprogram organiserer.
På miljøområdet blei det under den norske formannskapen halde eitt miljøministermøte i oktober i Helsingborg. Fokus på dette møtet var oppfølginga av FN-konferansen om berekraftig utvikling i Rio 2012 og dei føreståande klimaforhandlingane i Doha (COP 18), og det var semje om at finansieringsspørsmåla og det grøne fondet var blant dei viktigaste sakene i Doha. Den nordiske forhandlingsgruppa (NOAK) blei framheva som eit viktig instrument i dei vidare forhandlingane i samband med COP 18.
Ministrane blei einige om at områda grøn økonomi, supplerande velferdsmål (beyond GDP), berekraftrapportering, berekraftsmål og styrking av FNs miljøprogram (UNEP) var dei viktigaste oppfølgingspunkta etter toppmøtet i Rio.
På ministermøtet og på det etterfølgjande møtet i Nordisk råd blei det nye nordiske miljøhandlingsprogrammet for perioden 2013–2018 vedteke. I miljøhandlingsprogrammet er temaet grøn samfunnsutvikling løfta fram i tillegg til klima, luftforureiningar, biologisk mangfald på land og i havet og helse- og miljøfarlege kjemikaliar.
Under miljøhandlingsprogrammet vil viktige samarbeidsområde med andre sektorar, mellom anna næringsliv og internasjonale organisasjonar, vere utvikling av berekraftig produksjon og forbruk, miljøvennleg teknologi og grøn økonomisk vekst.
Det har vore eit mål å utvide funksjonstida for programmet frå fire til seks år for å effektivisere bruken av administrative ressursar. Det blei òg vedteke.
I lys av nedskjeringane i dei nordiske budsjetta er det sett i gang eit prosjekt om effektivisering av miljøsektoren der målet m.a. er ei organisatorisk oppstramming og tydeleggjering og forenkling av mandat, rutinar og prosedyrar i forholdet mellom dei nordiske miljøarbeidsgruppene, sekretariatet og embetsmannskomiteen, mellom anna for å sikre betre bruk av midlane. Det er òg peika på behovet for betre spreiing og bruk av resultat slik at arbeidet samla kan gje større meirverdi. Prosjektet skal ferdigstillast hausten 2013.
Den svenske formannskapen fokuserer i sitt program på felles innsats for reduksjon av klimagassar, vern av hava, økosystemtenester, ein giftfri kvardag og grøn økonomi.
På miljøministermøtet i februar 2013 under den svenske formannskapen blei utviklinga av EUs sjuande miljøhandlingsprogram eit hovudtema. Dei nordiske EU-landa vil sørgje for størst mogleg grad av samspel mellom det nordiske miljøhandlingsprogrammet og EU-prosessen kring det sjuande miljøhandlingsprogrammet, som blei ferdigstilt sommaren 2013. Ein blei òg samde om å sende ei fråsegn frå dei nordiske miljøministrane til EU-kommisjonen for å få styrkt innhaldet når det gjeld omtalen av klimaspørsmål og kjemikaliar, medrekna strategi for eit giftfritt miljø, nanomateriale, kombinasjonseffektar og hormonforstyrrande stoff.
Vidare var den globale utviklingsagendaen for post-2015-måla på dagsordenen, m.a. korleis Norden kan samarbeide vidare med Naturpanelet. Intergovernmental Platform on Biodiversity and Ecosystem Services (IPBES) blei òg diskutert. Det var semje om å ta initiativ til eit ekspertmøte for å diskutere korleis Norden kan bidra i kartlegginga av felles nordiske problemstillingar og utgreiingsbehov i samband med ei ny bioregional inndeling under IPBES. Møtet vedtok òg å utvide støtta til det nordiske miljøutviklingsfondet (NMF) til ein ny treårsperiode.
Når det gjeld planar for hausten 2013, skal sakene frå dei ovannemnde ministermøta drivast vidare. I tillegg vil ein vurdere å greie ut grunnane til reduksjonen i sjøfuglbestanden. Sverige har òg antyda at dei vil diskutere vidare korleis Norden skal stille seg til dei pågåande internasjonale initiativa Friends of Fossile Fuel Subsidy Reform og Global Subsidy Initiative. Ein vil òg diskutere med nordiske kollegaer korleis ein kan påverke arbeidet med kjemikaliar i tekstilar. Vidare vil Sverige arrangere ein nordisk ministerdialog om klima i samband med møtet i FNs klimapanel i Stockholm 27. september i år.
Miljøarbeidsgruppa på biodiversitetsområdet har arbeidd mykje med økosystemtenester og har i 2012 gjennomført ein workshop om økosystemtenester i skog og ei utgreiing om kva dei gamle skogane har å seie for biodiversitet og karbonlagring. I samarbeid med arbeidsgruppa for miljø og økonomi er det òg gjennomført ei utgreiing om ulike metodar for innarbeiding av naturkapitalen i nasjonale rekneskapssystem. I tillegg bidreg gruppa til gjennomføring av ulike internasjonale konvensjonar, til dømes biodiversitetskonvensjonen (CBD) og våtmarkskonvensjonen (Ramsar-konvensjonen), og til EU-arbeidet med framande artar.
Når det gjeld prosjektporteføljen til klima- og luftgruppa, har denne i stor grad medverka i arktiske prosjekt i samarbeid med Arktisk råd og AMAP, men òg i samanheng med konvensjonen om langtransporterte luftforureiningar. Dette gjeld særleg kortliva klimadrivarar og EUs miljøagentur. Gruppa har òg, i samarbeid med kjemikaliegruppa, støtta UNEP i arbeidet med ein global kvikksølvkonvensjon.
For kjemikaliegruppa er bidrag i samband med gjennomføringa av det europeiske kjemikalieregelverket REACH viktig. I tillegg har mange av prosjekta til gruppa direkte innverknad på arbeidet i OECD og UNEP og i EU.
Under grøn-vekst-prosjekta som dei nordiske statsministrane tok initiativ til i 2011, har avfallsgruppa starta eit større arbeid om ressurseffektiv utnytting av plast- og tekstilavfall. Formålet med prosjekta er å gjere ein målretta innsats i samarbeid med avfalls- og næringsaktørane for å auke materialgjenvinninga av avfall frå plast og tekstilar. Arbeidet er i 2013 vidareført i seks nordiske prosjekt som skal gjennomførast i løpet av 2014.
Arbeidsgruppa for berekraftig produksjon og forbruk arbeider på fokusområda grøn økonomi, ressurseffektive produksjons- og konsumentkjeder og berekraftig forbruk. Prioriteringane til gruppa framover vil vere å utvikle og forsterke arbeidet med Svana og å arbeide for at grøne offentlege innkjøp blir vanleg praksis i Norden og inngår som eit ledd i innsatsen for å påverke arbeidet i EU og FN. Utarbeidinga av nordiske innspel til økodesigndirektivet vil òg vere prioritert. Gruppa har nettopp avslutta eit prosjekt om tekstilar. Fokus her var miljømerking i det største og viktigaste tekstilclusteret i India, som eksporterer ei betydeleg mengde klede til dei nordiske landa. Her er eit potensial for nordisk medverknad og for utvikling av miljømerking.
I samarbeidet om forvaltning av havområda i Norden har hovudinnretninga vore på overgjødsling og EUs marine direktiv og marine strategi. Her har gruppa medverka til eit vitskapleg grunnlag for myndigheiter og arbeidsgrupper i dei regionale havkonvensjonane og til samarbeidet med Arktisk råd. Dette arbeidet er viktig for oppfølginga av Stockholmskonvensjonen (POPs) og luftkonvensjonsarbeidet under UNECE. Vidare har arbeidet i havgruppa medverka vesentleg til å støtte AMAP i arbeidet med havforsuring gjennom fleire prosjekt, i tillegg til at gruppa gjennomførte ein stor internasjonal konferanse om havforsuring i Bergen i mai i år med forskarar frå heile verda. Hovudformålet er å formidle forskingsresultat om korleis havet absorberer CO2, noko som kan bidra til å bremse den globale oppvarminga. Men samtidig gjer CO2 havet surare, noko som truleg vil påverke næringskjeda i havet og fiskebestandane.
Miljø- og økonomigruppa er ei tverrsektoriell gruppe der miljø- og finansmyndigheiter er med. Ho har utarbeidd fleire rapportar, mellom anna om mål og rekneskap for ei berekraftig utvikling, metodar for verdsetjing av naturkapitalen og supplerande velferdsmål (Beyond GDP), fornybar energi, økonomiske styringsmiddel, grøne jobbar, miljøeffektiv teknologi og strategiar for skogsforvaltning.
Det nordiske samarbeidet har levert viktige innspel til internasjonale prosessar for å styrkje miljøregelverket og berekraftig utvikling, mellom anna til Rio+20. Oppfølginga av det nordiske statsministerinitiativet Norden leiande i grøn vekst har òg vore viktig.
5.5 Nordisk strategi for berekraftig utvikling
Den nordiske strategien for berekraftig utvikling er eit overordna styringsdokument for Nordisk ministerråd. Strategien er òg godkjend av Nordisk Råd. Alt arbeid i Nordisk ministerråd skal ha eit berekraftperspektiv.
Den første nordiske strategien for berekraftig utvikling tredde i kraft i 2001. Strategien har vore revidert kvart fjerde år, sist i 2012. Han legg vekt på område der Norden har felles interesser og utfordringar, og der det nordiske samarbeidet kan skape ein meirverdi for landa.
Hovudtema i den gjeldande strategien er den nordiske velferdsmodellen, klima, berekraftige økosystem og utnytting av ressursane på jorda, samt utdanning, forsking og innovasjon. Innanfor kvart temaområde er det utvikla indikatorar som skal vise om utviklinga går i rett retning. Indikatorane blir oppdaterte årleg av Danmarks Statistik.
5.6 Sosial og helse
Ministerrådet for sosial- og helsepolitikk har i 2013 sett i gang programmet Haldbar nordisk velferd som skal bidra til det nasjonale arbeidet som blir gjort for å fremje innovative og gode løysingar på velferdsproblem i Norden. Slik vidarefører Sverige satsingar under norsk formannskap i 2012.
Testing av behandlingsmetodar og medisinar
Det er aukande press på innføring av nye, ofte dyre behandlingsmetodar og medikament i helsetenesta. Enkelte gonger ligg det ikkje føre tilstrekkeleg vitskapleg dokumentasjon på effekt, tryggleik og kostnadseffektivitet i behandlinga til å ta avgjerder om kva behandling pasientane bør få tilbod om. Den beste metoden for å få testa ut om ein ny behandlingsmetode er effektiv og sikker, er å gjennomføre ein vitskapleg studie på store pasientpopulasjonar. For mange sjukdommar vil det ta mange år å rekruttere nok pasientar til ein klinisk studie i eitt land, og derfor vert kliniske studiar køyrde parallelt på mange sjukehus og i fleire land (såkalla kliniske multisenterstudiar).
Det er særleg behov for å auke omfanget av studiar på område som industrien ikkje prioriterer. Dette gjeld til dømes sjeldne sjukdommar, samanlikning av ulike behandlingsalternativ og dyre medikament. I tillegg er det behov for å leggje betre til rette for industrifinansierte studiar i Norden, både for å sikre pasientane tilgang til ny behandling og for næringsutvikling. Eit nordisk samarbeid basert på eit befolkningsgrunnlag på 25 millionar vil gje raskare og sikrare grunnlag på kortare tid. Samarbeidet vil gje betre kvalitet, pasienttryggleik og helse, og gjere det mogleg å gjennomføre studiar på sjeldne sjukdommar. Det vil i tillegg bidra til å auke talet på kliniske studiar i Norden. Eit godt nordisk samarbeid vil òg kunne gje Norden ei sterkare stemme i EU. Det er derfor etablert eit treårig prosjekt (2013–2016) som omfattar etablering av nettverket Nordic Trial Alliance med sekretariat i Nordforsk. Prosjektet omfattar utvikling av ein felles web-portal og fleire nordiske demonstrasjonsstudiar. Prosjektet inngår i Nordisk ministerråds satsing Haldbar nordisk velferd.
Høgspesialisert medisin
Formålet med eit nordisk samarbeid om høgspesialisert medisin er å sikre høgare kvalitet i høgspesialiserte tenester enn det det enkelte landet kan oppnå kvar for seg. Dette er spesielt viktig ved nye og kostnadskrevjande behandlingsformer der pasientgrunnlaget er lite i kvart land, der det er behov for høgspesialisert kompetanse, og der investeringane ofte er svært store. Ei nordisk ekspertgruppe nedsett av Nordisk ministerråd har greidd ut samarbeid om høgspesialisert medisin. I rapporten frå ekspertgruppa frå februar 2013 er det foreslått tre område for vidare nordisk samarbeid: etablering av felles nordiske kvalitetsregister (databasar); gjensidig kompetanseutvikling og fagleg samarbeid; utvikling av kriterium for felles nordiske prosedyrar og retningslinjer. Prosjektarbeidet på desse områda skal gjennomførast dei neste tre åra. Sekretariatsfunksjonen for arbeidet er lagd til Helsedirektoratet (Noreg). Prosjektet inngår i satsinga Haldbar nordisk velferd.
Demensforsking
Eit NorForsk-støtta forskarnettverk, The Nordic Network in Dementia Diagnostics (NIDD), arbeider for å auke kunnskapen om årsakene til demens. Ei multidisiplinær gruppe som er sett saman av ni forskargrupper frå fem nordiske land og Litauen, samarbeider om å harmonisere diagnostiske arbeidsmetodar og bidra til tidlegare og betre diagnotisering av sjukdommen. Noreg har òg ein nasjonal plan for demensomsorg, Demensplan 2015 Den gode dagen. Det er mellom anna sett i gang eit nordisk samarbeidsprosjekt om utvikling av teknologiske hjelpemiddel for yngre personar med demens. Noreg og dei andre nordiske landa deltek i ei felleseuropeisk programsatsing, Joint Programming Initatives (JPI), om Alzheimer og andre nevrodegenerative sjukdommar. Bakgrunnen er at demenssjukdommar og relaterte lidingar er ei så stor samfunnsmessig utfordring at ho ikkje kan løysast gjennom nasjonale forskingsprogram aleine. Nevrodegenerative sjukdommar (ND) er sterkt knytte til alder, og i dag kan dei færraste av desse sjukdommane kurerast. Alzheimers sjukdom og relaterte lidingar rammar omtrent 7 millionar menneske i Europa, og det er venta at dette talet vil doble seg kvart 20. år. Omsorg for demenspasientane i Europa kostar i dag 130 milliardar euro per år. Joint Programme for Neurodegenerative Disorders (JPND) har utarbeidd ein felles forskingsstrategi for dei 25 medlemslanda som dannar eit rammeverk for framtidige investeringar og skisserer korleis den europeiske forskingsinnsatsen kan brukast effektivt for å forbetre førebygging, diagnostikk, behandling og omsorg for pasientar med nevrodegenerative lidingar.
Rekruttere og halde på tilsette i helse- og omsorgstenestene
Helse- og omsorgsdepartementet har fått midlar av Nordisk ministerråd til å gjennomføre ei kartlegging av arbeidet som blir gjort i dei nordiske landa for å rekruttere og halde på personell i omsorgstenestene. Kartlegginga er eit forprosjekt og inngår i Nordisk ministerråds program Haldbar nordisk velferd. Kartlegginga skal danne grunnlaget for eit mogleg nordisk samarbeid på dette området. Kunnskapen frå dette prosjektet skal brukast nasjonalt, mellom anna i oppfølginga av stortingsmeldinga Morgondagens omsorg (2013). Meldinga skal leggje til rette for ein langsiktig omstillingsprosess for å sikre nyskaping.
E-helse
Norden er ein føregangsregion når det gjeld bruk av e-helsetenester. Norden kan vere ei drivkraft i det europeiske arbeidet og kan gå fortare fram enn andre land i Europa. Nordisk ministerråd tok i 2010 initiativ til å etablere eit felles nordisk e-helseforum. Arbeidsprogrammet er gjennomført som planlagt sidan 2010. Nettverk for nordiske forskarar innan e-helse og for nordiske helsejuristar er etablert. Forumet har samanlikna nordiske e-helsestrategiar og utarbeidd indikatorar for e-helse. Nordisk e-helseforum samarbeider med OECD og EU.
Alkohol og narkotika
Dei nordiske sosial- og helseministrane samarbeider overfor Verdas helseorganisasjon og EU om alkoholpolitiske spørsmål. Det er sett i gang eit omfattande arbeid rundt oppfølginga av alkoholstrategien til EU. I 2012 vart det mellom anna sendt eit felles brev frå dei fem nordiske helseministrane til EUs helsekommisær for å sikre oppfølging frå EU-hald også etter at strategien vart avslutta i 2012. Verdas helseforsamling vedtok i 2010 ein global strategi for å redusere skadeleg bruk av alkohol. Det nordiske samarbeidet var viktig i framkant av dette vedtaket, og det er òg ein viktig kanal i oppfølginga av strategien. Vidare knyter det seg eit kontinuerleg samarbeid til partnarskapen for helse og livskvalitet under Den nordlege dimensjonen, der det mellom anna er ei eiga ekspertgruppe for alkoholskadar.
Nordisk narkotikaforum er eit uformelt nordisk samarbeid på embetsnivå som har fokus på erfaringsutveksling og dialog i narkotikapolitiske spørsmål. Helse-, sosial- og justissektoren er representert i forumet. I august 2012 var Noreg vertskap for Nordisk narkotikaforum, som tok for seg utfordringar knytte til internett, grensekontroll, doping og overdosar.
Helseberedskapsamarbeid
Dei nordiske landa har lang tradisjon for samarbeid om helseberedskap. Helseberedskapsavtalen frå 2002 dannar den formelle ramma. Det vert samarbeidd om førebygging, varsling, gjennomføring av redningsarbeid og andre tiltak, rapportering, evaluering, kommunikasjon og informasjonsutveksling. Det er utarbeidd retningslinjer med rutinar og samarbeidsprosedyrar. Samarbeidet vart øvd i 2011 i feltøvingane Skag Ex 11, Barents Rescue 11 og i 2013 under Barents Rescue13.
Nordisk høgskole for folkehelsevitenskap
Den nordiske utdanningsinstitusjon for helsepersonell blei grunnlagd i 1953 og er lokalisert i Göteborg. I 2012 vart det vedteke at skulen skulle evaluerast. Evalueringa påviste ei rekkje alvorlege utfordringar for skulen, mellom anna rekrutteringsproblem, samanfallande nasjonale utdanningar og manglande akkreditering av utdanningstilbodet. Desse forholda var sterkt medverkande til at ministerrådet for sosial- og helse den 11. juni 2013 vedtok at skulen skal avviklast innan 2015. Ministrane vedtok òg at tilbodet om etterutdanning og kurs innan smittevern som i dag ikkje eksisterer nasjonalt skal vidareførast i nordisk regi, og at det framleis skal vere eit høgt ambisjonsnivå i det nordiske samarbeidet på folkehelseområdet. Ein detaljert avviklingsplan skal behandlast i embetsmannskomiteen for sosial og helse hausten 2013, og det skal etablerast ein organisasjonskomité som skal ha i oppgåve å vidareføre og utvikle nye nordiske tiltak på folkehelseområdet.
Internnordiske trygdespørsmål
Nye forordningar på trygdeområdet tok til å gjelde i EU frå 1. mai 2010 og i EØS frå 1. juni 2012. Ein ny nordisk konvensjon om trygd med tilpassingar til dei nye forordningane blei derfor nødvendig. Sjølv om hovuddelen av det nordiske trygdesamarbeidet er direkte regulert av EØS-reglane, er konvensjonen svært viktig for å få Færøyane og Grønland, som ikkje er med i EU eller EØS, med i det nordiske trygdesamarbeidet.
Konvensjonen blei underteikna av dei nordiske sosial- og helseministrane på ministermøtet i Bergen 12. juni 2012. Stortinget samtykte 19. mars i år i at konvensjonen vart inngått, men han tek først til å gjelde etter at alle landa har sendt note om at dei nasjonale vilkåra for det er oppfylte. Det er venta at dette kan skje i 2013.
Nordens velferdssenter
Nordens velferdssenter (NVC) er ein institusjon under Nordisk ministerråd med hovudkontor i Stockholm og dotterinstitusjonar i Finland og Danmark.
NVC er Nordisk ministerråds hovudorgan for fremjing og utvikling av det velferdspolitiske feltet i Norden og nærområda. NVC skal utarbeide strategiske innspel til politikarar og andre avgjerdstakarar og skape dialog mellom politikarar, forskarar og praktikarar. NVC samlar og formidlar erfaringar frå dei nordiske landa på det velferdspolitiske området og spreier gode eksempel gjennom sine eigne aktivitetar, nettverk, publikasjonar og heimeside.
NVC arbeider på desse områda: alkohol og narkotika, arbeidsinkludering, funksjonshinder, velferdspolitikk og velferdsteknologi.
I 2013 er det særleg fokus på unge med psykiske problem; unge i fare for å droppe ut frå utdanning; overgangen frå skule til arbeidsliv; familiepolitikk og oppvekstvilkår, mellom anna barnefattigdom i Norden. Andre prioriterte områder er kvalitet i eldreomsorga og implementering av FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne. På alkohol- og narkotikaområdet er det særleg fokus på skade på tredjepart.
Sekretariatsoppgåva for Rådet for nordisk samarbeid om funksjonshinder tek til så snart det nye rådet er utpeika.
Nordisk samarbeid om sosial- og helsestatistikk
Nordisk sosialstatistisk komité (NOSOSKO) og Nordisk medisinalstatistisk komité (NOMESKO) samlar inn viktig samanliknbar statistikk om velferds- og helsepolitikk for dei nordiske landa. Dei siste åra har NOSOSKO dessutan arbeidd med eigne temahefte der ein samanliknar situasjonen og politikken i dei nordiske landa. Dette er med og kastar lys over den nordiske velferdsmodellen og gjev innspel til politikkutvikling. Indikatorar for velferd i dei nordiske landa har vore eit viktig tema, og dei siste åra har det vore ekstra fokus på ungdomsarbeidsløyse og særleg utsett ungdom på veg mot uførleik og utanforskap. I 2013 er det innleidd eit nærmare samarbeid mellom NOSOSKO og NOMESKO med sikte på felles møte og konferansar om viktige fellestema.
5.7 Arbeidsmarknad og arbeidsmiljø
Det er lange tradisjonar for både formelt og uformelt nordisk samarbeid på arbeidslivsområdet. Dei nordiske landa har eit felles verdigrunnlag og mange likskapar som gjev gode føresetnader for å lære av kvarandres erfaringar, og som styrkjer evna til å møte vår tids felles utfordringar.
Ministerrådet for arbeidsliv har under den svenske formannskapen i 2013 arbeidd med utgangspunkt i det nye samarbeidsprogrammet for arbeidslivsområdet for 2013–2016. I samarbeidsprogrammet er den strategiske innretninga på det formelle nordiske samarbeidet dei kommande åra fastlagd. Fokus er sett på dei langsiktige utfordringane som følgje av globaliseringa og den demografiske utviklinga, men ved behov kan samarbeidet òg prioritere meir konjunkturbestemte utfordringar som oppstår.
Den svenske formannskapen har bygd vidare på temaet inkluderande arbeidsliv, som òg stod i fokus under den norske formannskapen i 2012. Det har vore eit særskilt ønske å løfte fram gode eksempel på tiltak og læring som har vist seg eigna til å få fleire menneske i arbeid og redusere risikoen for fråfall og utanforskap.
I tillegg til det meir regulære og tradisjonsrike samarbeidet på arbeidsmarknads-, arbeidsretts- og arbeidsmiljøområdet blei det i 2013 sett eit særleg søkjelys på situasjonen til dei unge på arbeidsmarknaden, arbeidsmiljøet deira og integrering i arbeidslivet av personar med utanlandsk bakgrunn. 16. mai deltok både nordiske statsministrar og arbeidsministrar i paneldebattar om korleis unge kan komme seg inn på arbeidsmarknaden, med særleg vekt på dei som har størst problem. Hausten 2013 er det planlagt konferansar både om unges arbeidsmiljø og om eit inkluderande arbeidsliv med fokus på utanlandsfødde.
Ministerrådet for arbeidsliv har hatt ansvaret for to globaliseringsprosjekt som blei avslutta i første halvår 2013. Det eine har sett på mønster for migrasjon, arbeidsvilkår og rekrutteringspraksis for arbeidsinnvandrarar frå Sentral- og Aust-Europa til dei nordiske landa. Det andre har undersøkt i kva grad næringslivet og arbeidslivet i dei nordiske landa er i stand til å utnytte nye økonomiske vekstområde, kor mykje dette heng saman med arbeidslivspolitikken i landet, og om denne politikken kan brukast til å rette på situasjonen.
Arbeidskraftmobilitet i Norden
Eit viktig mål med samarbeidet på arbeidslivsområdet er å leggje tilhøva til rette for arbeidskraftmobilitet i Norden. Høg mobilitet er i første rekkje eit gode for den enkelte som er på leiting etter ny jobb, og for arbeidsgjevaren som kan nyttiggjere seg arbeidstakaren. Men det vil òg vere til nytte for landa, både dei som opplever høg arbeidsløyse, og dei som opplever mangel på arbeidskraft.
I Noreg har etterspørselen etter arbeidskraft gjennomgåande halde seg høgare enn i dei andre nordiske landa etter finanskrisa. Den høge etterspørselen etter arbeidskraft har medverka til store straumar av arbeidskraft til Noreg. Desse straumane kjem først og fremst frå Polen, Litauen og Sverige.
I 2012 var det ei nettoinnvandring frå nordiske land til Noreg på moderate 2600 personar. Det utgjorde berre 5 prosent av den samla nettoinnvandringa det året. Blant de nordiske landa kom mange frå Danmark (39 prosent), Sverige (33 prosent) og Island (24 prosent), mens det kom få frå Finland (4 prosent). Bruttostraumane er langt større sidan nordiske borgarar ofte har kortare opphald enn personar som kjem frå fjernare land.
Pendling og korttidsopphald utgjer ein stor del av arbeidskraftstraumen mellom nordiske land. Ved utgangen av 2012 var det 33 000 sysselsette frå nordiske land på korttidsopphald i Noreg. Omfanget har auka med 15 prosent siste året. Sysselsette på korttidsopphald frå nordiske land utgjer berre 1 prosent av den samla sysselsetjinga, men 40 prosent av alle på korttidsopphald.
5.8 Barn og unge
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet medverkar til at barneperspektivet vert vareteke gjennom det nordiske samarbeidsprogrammet på området. Det nordiske ministerrådet for sosial- og helsepolitikk (MR-S) vedtok i juni 2010 at prosjektmidlane i sektoren i 2011–2012 særleg skulle brukast på området tidleg førebyggjande innsats for familiar med risiko for sosial marginalisering. Det blei arrangert ein sluttkonferanse for prosjektet 3.–4. desember 2012 i Stockholm. Nordisk velferdspolitisk senter (NVC) har utarbeidd rapport frå prosjektet.
Under den norske formannskapen vert det i 2012 innanfor ramma av MR-S sett i gang eit nytt prosjekt, Robuste familiar i Norden. Formålet er å utarbeide ein kunnskapsstatus og å kartleggje tiltak i Norden som kan førebyggje og løyse konfliktar i familiar, mellom anna i samband med samlivsbrot, slik at barna ikkje tek skade. Nordisk ministerråds visjon er at Norden skal vere den beste staden i verda for barn og unge. Strategi for barn og unge i Norden dannar grunnlaget for ministerrådets innsats på tvers av samarbeidsområda. Barn og unge har lenge vore eit viktig politisk område i dei nordiske landa. Arbeidet er basert på felles grunnleggjande verdiar som rettferd, likskap, demokrati, openheit og engasjement.
Gjennom eit nært samarbeid mellom dei nordiske landa på barne- og ungdomsområdet kan ein oppnå meir enn landa kan oppnå kvar for seg. Unges eiga organisering og unges nordiske samarbeid, nye metodar for å trekkje inn unge i demokratiske prosessar, mangfald, menneskerettar, internasjonalt barne- og ungdomspolitisk samarbeid og forsking på barn og unge står sentralt. Nordisk barne- og ungdomskomité (NORDBUK) har under den svenske formannskapen i 2013 eit særskilt fokus på ungdomsarbeidsløyse og på ungdom og demokratisk deltaking. På ein nasjonal konferanse i november vil Sverige presentere fleire gode eksempel på kva som skal til for å få fleire unge i arbeid i Norden, samt anna relevant forsking.
5.9 Likestilling
Under formannskapen i MR-JÄM i 2012 har Noreg gjennomført mange prosjekt i samband med aktuelle likestillingspolitiske saker. Det er òg sett søkjelys på utviding av innhaldet i det nordiske likestillingssamarbeidet, som var ei hovudsak under det nordiske ministermøtet i Oslo. Samtidig har det vore fokusert på Nordisk ministerråds eiga evne til å sikre kjønnsperspektivet i det daglege arbeidet.
Noreg har søkt å setje i gang aktivitetar i tråd med dei to tverrgåande prioriteringane i det fireårige nordiske samarbeidsprogrammet Likestilling skaper et bærekraftig samfunn 2011–2014: a) integrering av eit kjønns- og likestillingsperspektiv i Nordisk ministerråds arbeid («mainstreaming») og b) aktiv involvering av gutar og menn når det gjeld innsats for eit meir likestilt samfunn.
Kjønnsintegrering
For å fremje kjønnslikestillinga har formannskapen for den nordiske embetskomiteen for likestilling og den nordiske embetskomiteen for utdanning samarbeidd om ei kartlegging av kjønnsbalansen i forskinga i dei nordiske landa. Vidare har Noreg teke initiativ til ein prosess for å fremje eit tydelegare kjønnsperspektiv i saker det blir arbeidd med i Nordisk ministerråd. Dette har resultert i ekstra midlar til å gjennomgå alle store framtidige satsingsområde for å sjå til at kjønnsperspektivet er vareteke i alle relevante satsingar, samt eit omfattande opplæringsprosjekt og nye strukturar som skal sikre at kjønnsperspektivet blir betre vareteke i det daglege arbeidet i Nordisk ministerråd. Dette arbeidet er no i gang.
Menn og gutar i eit likestilt Norden
Universitetet i Oslo var i slutten av mai 2012 vert for ein vellykka nordisk konferanse om menn, likestilling og livskvalitet med 170 deltakarar. Denne femte nordiske konferansen om menn og maskulinitet bidrog til ei styrking av forskingsfeltet og fremja ein nordisk debatt der deltakarar frå dei nordiske regjeringane oppsummerte betydninga og aktualiteten til emnet. I samband med konferansen blei det offentleggjort ei policyoversikt over tiltak i Norden der mannsperspektivet i likestillingsarbeidet stod sentralt.
Internasjonalt har det nordiske likestillingssamarbeidet blitt markert med eigne nordiske sidearrangement under det årlege møtet for FNs kvinnekonvensjon CEDAW (Convention on the Elimination of All Forms of Discrimination against Women) i New York, og på FNs klimatoppmøte Rio+20 i Brasil. Her blir nordiske erfaringar om det nødvendige i å sjå klimatilpassing i eit kjønnsperspektiv løfta fram. I europeisk regi var Noreg i mai 2012 vert for eit ekspertmøte om kvinner i leiarposisjonar der den norske kvoteringsmodellen stod i sentrum for europeisk merksemd.
Den norske formannskapen har gjennomført fleire aktivitetar både i departementet og med ekstern bistand i planlegging og gjennomføring. I 2012 blei det arrangert nordiske seminar om desse emna: menn i omsorgsfag, sosial kontroll av unge i kjønnskonservative miljø, antifeminisme og framandfrykt sett i lyset av terrorhandlingane 22. juli og likestillings- og kjønnsperspektiv i den aktuelle nordiske debatten om surrogati og kunstig assistert reproduksjon. I tillegg vart det arrangert ein samisk konferanse med fokus på menn og likestilling.
Sektorprogrammet i 2013 er det tredje innanfor ramma av det fleirårige nordiske samarbeidsprogrammet Likestilling skaper et bærekraftig samfunn 2011–2014. I 2013 vil den svenske formannskapen fokusere på dei prioriterte temaa likestilling på arbeidsplassen og likestilling i utdanning. Vidare vil formannskapen støtte aktivitetar innan likestillingsintegrering for å utvikle dette som metode og strategisk verktøy, og støtte arbeidet med likestillingsintegrering innan Nordisk ministerråd.
I tråd med samarbeidsprogrammet skal aktiv deltaking for menn og gutar inngå i alle prioriterte tema i programmet. Mellom anna blei det under ein konferanse om likestilling i barnehage og skule under den norske formannskapen i 2012 presentert erfaringar frå tiltak for å auke talet på menn i barnehagar i dei nordiske landa.
For å sikre ein god oppstart for kunnskaps- og informasjonssenteret Nordisk informasjon for kunnskap om kjønn (NIKK) vil formannskapen samarbeide nært med NIKK med vekt på å gjennomføre aktivitetar innafor dette organet likestilling og arbeidsmarknad.
NIKK
NIKK (Nordisk institutt for kunnskap om kjønn) blei nedlagt som nordisk institusjon og omgjort til eit samarbeidsorgan 31.12.2011, og skal no heite NIKK – Nordisk informasjon for kunnskap om kjønn. Omorganiseringa har redusert dei administrative utgiftene og frigjort fleire midlar til ministerrådets aktivitetar for å fremje likestilling. Etter at det ble innhenta anbod, fekk Göteborg Universitet tilbodet som vertsinstitusjon for nye NIKK.
Hovudoppgåva til nye NIKK er å samle inn og formidle nasjonal forsking, politikk og praksis på likestillingsområdet i Norden.
Noreg har i formannskapsåret reist ein diskusjon om behovet for å utvikle eit meir samla og systematisk samarbeid om ein nordisk mangfaldspolitikk. Dette initiativet kan sjåast i lys av rekommandasjonane frå Nordisk råd på likestillingsområdet. I 2012 er det diskutert fleire modellar for implementering av eit sektoransvar for mangfald, mellom anna i tilknyting til strategien for berekraftig utvikling. Dei gjennomførte aktivitetane under formannskapen har alle hatt hovudfokus på kvinner og menns likestilling, men tematisk har seminara og konferansane under formannskapen i ulik grad spegla mangfaldsperspektiva. Dette er gjort ved at spørsmål knytte til nordiske urfolk og rettane deira, LHBT-befolkninga og deira behov for likestilling og metodar til å møte framandfrykt i Norden er trekte inn. Noreg ved BLD var vert for ministermøtet for likestilling i oktober 2012. Her diskuterte dei nordiske statsrådane forslag om å utvide likestillingssamarbeidet og å implementere ein nordisk strategi for mangfald i det nordiske likestillingssamarbeidet.
Noreg har i regi av NB8 vore aktiv i det nordisk-baltiske samarbeidet på likestillingsområdet. I samarbeid med Litauen arrangerte formannskapen i mai 2012 ein rundbordskonferanse med nordiske og litauiske ekspertar der det blei sett søkjelys på korleis kvinner og menn blir representerte i media. På konferansen blei europeiske tiltak ved European Institute for Gender Equality (EIGE) belyste i relasjon til nordiske og baltiske erfaringar. Etter oppmoding frå den norske ambassaden i Riga bidrog BLD til ein nordisk velferdskonferanse 15. november 2012. Innleiaren frå BLD hadde fokus på at fordelinga av omsorgs- og yrkesdeltaking mellom kvinner og menn er ein integrert og viktig føresetnad for utviklinga av den norske likestillingspolitikken og velferdsstaten.
Universell utforming
Under den norske formannskapen blei det arrangert ein nordisk/internasjonal konferanse om universell utforming med fleire hundre deltakarar. Konferansen gav eit breitt bilete av nasjonale og internasjonale tiltak som kan betre tilgjenget for alle grupper menneske. Konferansen gav ny inspirasjon til deltakarane, og svenske myndigheiter har bestemt seg for å arrangere ein tilsvarande nordisk konferanse i 2014 med fagleg hjelp frå Noreg. Dette viser at det i Norden er aukande interesse for å samarbeide om universell utforming.
I 2012 kom arbeidet med å utarbeide nytt mandat og ny samansetjing av Nordisk handikappolitisk råd (NHR) i Stockholm i gang. Spørsmålet kom òg opp under den årlege parlamentarikarsesjonen i Nordisk råd. Av mandatet som no er vedteke i NMR, går det fram at kvart medlemsland skal fremje forslag om éin ekspert og éin representant frå brukarorganisasjonane til det nye rådet.
I tråd med det norske formannskapsprogrammet for 2012 har Noreg lagt fram for Nordisk ministerråd ein strategi for universell utforming. Arbeidet skal sjåast i samanheng med revideringa av NMR-strategien for berekraftig utvikling og ny strategi for sosial- og helseområdet.
5.10 Fiskeri og fangst
Samarbeidet om fiskeri og akvakultur er retta mot område som er av strategisk relevans for dei nordiske landa. Målet er mellom anna å utvikle samarbeid med viktige land og organisasjonar, til dømes Russland, dei baltiske statane, FAO, Verdsbanken og OECD. Samarbeidet er nettverksbasert og fungerer operativt gjennom konferansar, seminar og prosjekt.
Målet for Noregs formannskapsprogram i 2012 var å vise fram dei nordiske samarbeidstradisjonane og grunnlaget for samarbeid om havressursforvaltning og nyskapande industriell verksemd, i tillegg til å bidra til nordiske plattformer for profilering av sjømatnæringa i Norden. Noreg ønskte å utvikle det nordiske nettverket som kanal for dialog og utvikling av verdiskaping, forsking, utdanning, kultur og samarbeid om sjøtryggleik.
Sverige har under sinn formannskap i 2013 prioritert to tema på fiskeriområdet. I 2013 blei det arrangert eit seminar i samarbeid med Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) med sikte på å bidra til å utvikle praktiske retningslinjer for fleirbestandsforvaltning. Hausten 2013 blir det arrangert eit seminar om drivstoffsubsidiar i fiskeflåten som gjennom ein økonometrisk illustrasjon av effekten av å fase ut subsidiane skal bidra til å underbyggje politiske diskusjonar om reduksjon/avvikling av subsidiar.
Eitt av dei mest sentrale og framtidsretta områda for det nordiske fiskerisamarbeidet er knytt til leverandørindustri og råstoffutnytting. Nordisk innovasjon i samarbeid med mellom andre Innovasjon Noreg og tilsvarande institusjonar i dei andre nordiske landa sette i 2012 i gang eit marint innovasjonsprogram på nærmare 100 millionar kroner. Programmet blir utført i samarbeid mellom bedrifter og forskingsinstitutt på tvers av landegrensene. Programmet blei formelt lansert under Noregs formannskap. Erfaringane frå etableringa av dette programmet og Nidaros-erklæringa om berekraftig matproduksjon («grøn vekst») frå ministermøtet i Trondheim i juni 2012 har no gjeve impulsar til mellom anna finansiering av eit nordisk program for bioøkonomi. Den felles interessa for marine biokjemikaliar, foredling av bioråstoff, nye kjelder til fiskefôr m.m. er sentrale tema for utvikling av sjømatsektoren, ingrediensindustrien og rasjonelle produksjonsprosessar. Målet er få til ei større nordisk utlysing av nordiske forskingsmidlar i 2014. Bioøkonomi blir eit sentralt tema for det islandske formannskapsprogrammet i 2014.
Fiskerisamarbeidet er eit vitalt samarbeidsområde i Nordisk ministerråd. Fiskeria har stor betydning i fleire av landa, og den felles utnyttinga av ressursane skaper både utfordringar og rom for samarbeid. Fiskerisamarbeidet har ein prosjektportefølje som i hovudsak består av nettverks- og prosjektfinansierande tiltak. Samarbeidet har stor spennvidde og er prega av ei dagsaktuell, fleksibel og politisk relevant arbeidsform. På embetsnivå er det forankra i EK Fisk, som får bistand frå Arbeidsgruppe for fisk (AG Fisk). I hovudtrekk er denne samarbeidsmodellen tilfredsstillande, men det er venta at han vil bli kritisk gjennomgått under Islands formannskap i 2014. Fiskerisamarbeidet disponerer i dag rundt 6 millionar DKK.
Det nordiske fiskerisamarbeidet kviler på ein tradisjon som strekkjer seg heilt tilbake til 1946. Mykje av det nordiske fiskerisamarbeidet skjer i ein uformell, tillitsfull og open atmosfære, noko vi ikkje finn i alle andre internasjonale samarbeidsorgan. Men tre av landa er no medlemmer av EU. Samanlikna med dei vestnordiske landa har dei fiskeri- og akvakulturnæringar som er relativt marginale i den nasjonale økonomien. Desse landa har i tillegg gjennomgått ei kraftig omstrukturering og nedbygging av fiskeriforskinga si dei seinare åra. Derfor er det vesentlege forskjellar i engasjement og interessefelt mellom dei EU-tilknytte landa i aust og dei vestnordiske landa. Føresetnadene for samarbeidet har derfor endra seg ein god del, og det har tapt noko av den politiske spensten.
Den norske formannskapskonferansen Fiskeripolitikk i bevegelse i 2012 hadde som eitt av sine utgangspunkt å belyse korleis endra rammevilkår i medlemslanda har påverka næringsutøvinga i sektoren og føresetnadene for samarbeidet. Konferansen viste at eit breitt samarbeid som dekkjer fiskerinæring, forvaltning og forsking, er mogleg og ønskeleg trass i ulike interesser. Plattforma for samarbeid finst allereie, og drivkreftene, utfordringane og temaa er i prinsippet stor sett dei same i alle medlemslanda sjølv om det er stor variasjon i kva betydning dei har.
Hovudutfordringa framover er derfor å byggje vidare på det breie interessefellesskapet og konsensusen som trass alt finst mellom dei nordiske landa, samtidig som samarbeidet blir tilpassa dynamikken og endringane i fiskeriforvaltning og forsking. Utover dette kan det vere aktuelt å diskutere eit utvida samarbeid på visse geografiske og tematiske område. Ein slik diskusjon kan opne for spennande debattar om kva som er tenlege samarbeidsformer i åra framover.
5.11 Jord- og skogbruk
Ministerrådet for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) arbeider for ein berekraftig og konkurransekraftig bruk av naturressursane, mellom anna dei genetiske ressursane. Rammeprogrammet (2013–2016) peikar på moglegheiter og utfordringar på området og utgjer saman med dei årlege formannskapsprogramma handlingsprogrammet for samarbeidet.
Under den svenske formannskapen vart ministermøtet i MR-FJLS gjennomført i Åre i juni 2013. Her var temaet Den moderna landsbygden, og før den politiske diskusjonen som innleia møtet, hadde Sverige halde fleire workshopar, mellom anna om Skog och industriellt träbyggande og Moderna människors matvanor. Oppsummeringar frå desse workshopane saman med tiltak frå Nidaros-erklæringa låg til grunn for diskusjonen om moglege framtidige stasingar innafor det nordiske samarbeidet i MR-FJLS. NordGen, PPP-prosjektet, skogbruk og matproduksjon vart mellom anna løfta fram av ministrane i debatten.
Offentleg-privat partnarskap for planteforedling
MR-FJLS vedtok primo 2011 å setje i gang den nordiske offentleg-private partnarskapen for planteforedling (Public-Private Partnership for pre-breeding in plants, også kalla PPP-prosjektet) som eit pilotprosjekt for perioden 2011–2013. Dagens planteforedling bruker eit relativt lite utval av genmaterialet og den genetiske variasjonen som finst. Det er ein lang veg fram til ein har utvikla nye sortar som kan nyttast i jordbruket, og denne lange vegen har ingen foredlingsselskap i dei nordiske landa hatt råd til å gjennomføre for eiga rekning. Det nordiske prosjektet er eit forsøk på å styrkje nordisk planteforedling, få i stand meir samarbeid og utnytte ressursane hos dei attverande planteforedlingsinstitusjonane i Norden på ein meir slagkraftig måte. Landa bidreg med til saman 4 millionar DKK per år over tre år til prosjekt, i første omgang på korn, fôrvekstar og frukt. Foredlingsselskapa bidreg med tilsvarande midlar i dei enkelte prosjekta dei deltek i. I tillegg har Nordisk ministerråd bidrege med midlar til NordGen som sekretariat i treårsperioden. Prosjektet er no evaluert, og erfaringane er svært positive. Det er levert faglege og organisatoriske resultat med stor nordisk nytte. MR-FJLS vedtok på møtet i år å vidareføre prosjektet frå og med 2014 med finansiering på same nivå som før, samtidig som EK-FJLS (jordbruk) fekk i oppdrag å sjå nærmare på utviklinga av den økonomiske ramma frå 2015 og førebu saka for ministermøtet på Island i juni 2014. Prosjektet og organiseringa vert sett på som banebrytande innan nordisk samarbeid, og ministrane peika på at det kan vere av interesse også for andre sektorar der dei einskilde aktørane er for små til å kunne gjennomføre sine prosjekt aleine.
Ny nordisk mat
Det nordiske samarbeidet om programmet Ny nordisk mat har skapt auka interesse for utvikling av lokal og regional mat og matkultur, regional utvikling og verdiskaping og for profilering av nordisk mat og matkultur, både nasjonalt og internasjonalt. Programmet går no mot slutten av sin andre periode gjennom Ny nordisk mat II (2010–2014), som arbeider for å styrkje dei nordiske mattradisjonane og dei nordiske fortrinna i matproduksjonen. Frå norsk side legg ein stor vekt på mat til mange og på kvardagsmaten, som òg skal fremje helse og velvere. Innsatsen er retta mot heile verdikjeda og skal mellom anna framheve nordisk matkultur for å fremje turisme og eksport av mat. Programmet blei midtvegsevaluert omkring årsskiftet 2012/2013, med godt resultat. Programmet er i rute for å nå målsetjingane.
NordGen
Det nordiske samarbeidet om genressursar for landbruket er samordna og lagt under Nordisk genressurssenter (NordGen). NordGen har ei viktig oppgåve i å bevare genmateriale som kan bli viktig for matproduksjonen og mattryggleiken i framtida. Det er også knytt til meir spesifikke forhold som dei forventa klimaendringane, som fører til at den biologiske produksjon må gå føre seg under andre vekstforhold enn no. NordGen har ansvaret for drifta av frølageret på Svalbard (Svalbard Global Seed Vault) gjennom ein eigen avtale mellom Landbruks- og matdepartementet, Global Crop Diversity og NordGen. Frølageret på Svalbard inneheldt i mai 2013 om lag 783 000 frøprøvar av jordbruksvekstar frå mange land som er deponerte for sikker langtidslagring i frøkvelvet.
NordGen er òg ansvarleg for sekretariatet for eit internasjonalt råd for frøkvelvet. Rådet har som oppgåve å følgje med på drifta og gje råd til Landbruks- og matdepartementet. Det ligg til rette for auka nordisk innsats i planteforedlingsarbeidet. NordGen er sekretariat for den nordiske offentleg-private partnarskapen om frøforedling for utvalde vekstslag. For NordGen inneber oppdraget eit særs viktig bidrag til målet om auka berekraftig bruk av genbankmaterialet.
NordGen samarbeider òg med Vavilov-instituttet i St. Petersburg, mellom anna om å få tilgang til frøprøvar som instituttet samla inn i førre hundreåret.
Skogbruk
I det nordiske skogsamarbeidet vart dei nordiske FJLS-ministrane på møtet i Åre i juni 2013 einige om å styrkje det tverrsektorielle samarbeidet mellom EK-FJLS (skogbruk) og EK-NER (næring). Siktemålet er betre og meir utnytting av trevirke som beredyktig byggjemateriale og som viktig råstoff i energiforsyninga. Ministrane er òg samde om å styrkje samarbeidet mellom dei nordiske landa på skogområdet når det gjeld standardisering, regelverksforenkling og betre samvirke mellom ulike lovområde (t.d. knytt til plan- og bygningslovgjevinga). Slikt samarbeid er allereie i gang og vil i hovudsak bli knytt til innsatsen i EK-FJLS (skogbruk) og i SNS.
EK-FJLS (jordbruk og skogbruk) har vidare vedteke å målrette samarbeidet med EK-Miljø ved å peike ut kvart år saker som er aktuelle for gjennomgang og utgreiing i regi av dei underliggjande institusjonane våre.
5.12 Ernæring og mattryggleik
Ministerrådet for fiskeri, havbruk, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) og ministerrådet for sosial- og helsepolitikk (MR-S) sin handlingsplan for betre helse og livskvalitet gjennom mat og fysisk aktivitet inneheld visjonar fram til 2021. Eit viktig tiltak i handlingsplanen er å utvikle eit felles nordisk system for å monitorere kostvanar, fysisk aktivitet og overvekt i Norden. Dette er viktig for å kunne følgje utviklinga over tid og samanlikne stoda i dei nordiske landa. Det er gjennomført ei nullpunktmåling blant barn og vaksne i alle land i 2011. Ei rekkje resultat frå denne målinga vart lagde fram på den nordiske ernæringskongressen på Island i juni 2012 og på sommarmøtet for MR-FJLS 2012. Resultat frå dette systemet skal m.a. brukast til å vurdere effekten av politiske tiltak opp mot mål og visjonar i handlingsplanen. Ein felles nordisk monitoreringsmetode kan gje eit viktig bidrag til arbeidet i EU og WHO og påverke planlegginga i EU på området. Neste monitoreringsundersøking skal gjennomførast i 2014.
Noreg, Sverige og Danmark innførte den felles nordiske ernæringsmerkeordninga Nøkkelholet som ei felles frivillig merkeordning for sunne matvarer i 2009. Island har slutta seg til ordninga i 2013. Merkeordninga er ei vidareutvikling av den svenske merkeordninga, som har vore i bruk i Sverige sidan 1989. Det er utarbeidd felles kriterium for bruk av merket. Det blir no arbeidd med å revidere merkeordninga, mellom anna med nye og skjerpa krav til maksimalt saltinnhald. Forslag til revidert forskrift skal etter planen sendast på høyring hausten 2013. Landa har òg samarbeidd tett om kommunikasjon rundt ordninga, mellom anna om bodskap, brosjyremateriell og undersøkingar om kjennskapen til ordninga blant forbrukarane. I Danmark og Sverige er nøkkelholsordninga innført i serveringsmarknaden. Noreg har sett i gang eit arbeid for å vurdere om ordninga òg skal innførast i denne marknaden her, men avventar ytterlegare erfaringar frå Danmark og Sverige.
Vidare er det planlagt å samarbeide om tiltak for å redusere inntaket av salt. Arbeidet med å revidere dei nordiske næringsstofftilrådingane (NNR) frå 2004 vart sett i gang i 2008 og er no i ein sluttfase. NNR dannar grunnlaget for arbeidet med ernæringsspørsmål i Norden. Forslag til nye tilrådingar vart presenterte ved den tiande nordiske ernæringskonferansen i Reykjavik i juni 2012. Anbefalingane er no på open høyring og skal lanserast i oktober 2013. Ernæringskonferansen ICN+2 (International conference on Nutrition) skal haldast i 2014, og arrangørar er WHO og FAO. Dei nordiske landa vil samarbeide om førebuingane til konferansen.
Det felles veterinære beredskapssamarbeidet i Norden har framleis høg prioritet. Målsetjinga er å styrkje beredskapen i dei nordiske og baltiske landa på dyrehelseområdet. Samarbeidet har brei deltaking frå dei nordiske og baltiske landa. I 2010 vart arbeidet utvida til å omfatte Austersjøregionen innanfor rammene av EUs austersjøstrategi, og hausten 2011 vart det gjennomført ei nordisk-baltisk beredskapsøving med deltaking frå veterinærstyresmaktene i Norden og dei baltiske landa. Målet med øvinga var å teste og trene beredskapen ved utbrot av alvorlege smittsame husdyrsjukdommar.
På initiativ frå Noreg blei det i 2012 halde eit nordisk/baltisk møte i Oslo med sikte på å diskutere ulike utfordringar knytte til drikkevassforsyninga i landa. På møtet vart det peika på ei rekkje område der eit nærmare samarbeid mellom landa kunne vere formålstenleg, og arbeidet med å leggje grunnlaget for eit nordisk-baltisk nettverk held fram. Sverige vil arrangere eit oppfølgingsmøte hausten 2013.
Nordisk samarbeid om tilsyn på matområdet er eit område med stor nordisk nytte. Den tiande tilsynskonferansen med omtrent 250 deltakarar frå dei nordiske tilsynsstyresmaktene vart gjennomført i Finland i februar 2012 med temaet Hygienpaketet och flexibilitet. Den norske formannskapen i 2012 har òg sett tilsyn med dyrevelferd på dagsordenen, og det vart halde ein nordisk konferanse om dette temaet hausten 2012, eit arrangement det er ønske om å vidareføre.
Gjennom EØS-avtalen er det etablert eit omfattande harmonisert regelverk på matområdet, mellom anna for mat, dyr og innsatsvarer. Mattryggleiksområdet er omfatta av EØS-avtalen, og det er etablert omfattande EØS-regelverk mellom anna for næringsmiddelhygiene, dyrehelse, dyrevelferd, merking av mat, tilsetjingsstoff og grenseverdiar av ei rekkje uønskte stoff i mat. Det nordiske samarbeidet kan vere ein viktig samarbeidskanal både når det gjeld å utvikle regelverk og i samband med tilsyn og handheving av regelverket.
5.13 Økonomi- og finanspolitikk
Hovudmåla med nordisk samarbeid på det økonomiske og finansielle området er høg og berekraftig vekst i produksjon og sysselsetjing, låg arbeidsløyse og låg og stabil prisstiging. Vidare skal samarbeidet fremje nordiske interesser internasjonalt. EU-saker har høg prioritet. Samarbeid og informasjonsutveksling i skattespørsmål er òg eit fast innslag på finansministermøta. Vidare vil arbeidet med å avvikle grensehinder mellom dei nordiske landa framleis vere ein viktig del. Drøfting av regulering og tilsyn i finansmarknadene har dei siste par åra hatt ein betydeleg plass.
I åra framover vil aldringa i befolkninga leggje auka press på offentlege finansar. For å møte denne demografiske utfordringa legg alle dei nordiske landa stor vekt på høg yrkesdeltaking og på å styrkje formuesposisjonen til staten. Dette speglar seg i ein aktiv arbeidsmarknads- og sysselsetjingspolitikk, pensjonsreformer og målsetjingar om fortløpande budsjettoverskot for offentleg sektor.
Det nordiske samarbeidet mot skatteparadis har vore ein suksess og resultert i at alle dei nordiske landa hittil har inngått bilaterale avtalar om informasjonsutveksling med over førti jurisdiksjonar. Det er vedteke at prosjektet skal forlengjast til oktober 2013. Prosjektet har fått mykje positiv merksemd, og Norden ligg på toppen når det gjeld inngåtte avtalar med land som OECD har klassifisert som skatteparadis.
Sidan 2010 har det nordiske økonomiske tidsskrift Nordic Policy Review blitt utgjeve. Tidsskriftet kjem ut to gonger i året og belyser økonomisk-politiske spørsmål frå eit nordisk perspektiv. I samband med utgjevinga blir det arrangert eit fagleg seminar kring emna som blir tekne opp i tidsskriftet. I 2012 kom det ut to nummer med høvesvis Economics of Education og Challenges in Health Care Finance and Provision som emne. Den sjuande utgåva låg føre våren 2013 og handlar om ungdomsarbeidsløyse. Nordisk ministerråd dekkjer delar av kostnadene med tidsskriftet. MR-Finans vurderer no framtida til tidsskriftet.
Nedbygging av grensehinder mellom dei nordiske landa er eit prioritert samarbeidsområde. Saker som er tekne opp, er m.a. den nordiske dobbelskattleggingsavtalen og oppfølging av rundebordssamtalen om moms på innførsel av anleggsmaskiner til og frå Noreg. Vidare blei det gjennomført ein analyse av ulike skattleggingsmetodar ved internasjonale dobbelskattleggingavtalar. Dei nordiske statsministrane gav i 2011 finansministrane i oppdrag å utarbeide forslag til korleis landa kan samordne og forsterke innsatsen i internasjonale finansinstitusjonar for å fremje grøne investeringar. Dette arbeidet er følgt opp i 2012 og vil bli vidareført i 2013.
Samarbeidet på miljøøkonomiområdet blir vareteke av ei felles arbeidsgruppe under embetsmannskomiteen for miljø og embetsmannskomiteen for økonomi og finanspolitikk. Gruppa er eit forum for faglege diskusjonar, og her kan dei nordiske landa også koordinere førebuingar til internasjonale møte. Gruppa har avslutta fleire prosjekt i 2012 og har fleire større prosjekt under planlegging og oppstart. Dei nordiske statsministrane har gjeve dei nordiske finansministrane i oppdrag å greie ut korleis dei kan samordne og forsterke innsatsen i internasjonale finansinstitusjonar der dei nordiske landa er sentrale aktørar, for å fremje grøne føretak og investeringar.
Dei nordiske finansministrane oppnemnde i februar 2012 ei arbeidsgruppe som mellom anna skulle vurdere ulike sider ved dei kommande kapital- og likviditetskrava til finansinstitusjonar (Basel III/CRD IV-regelverket), den føreståande innføringa av regelverket i nasjonal rett og utsiktene for samarbeid mellom dei nordiske landa om denne gjennomføringa. Rapporten blei levert til dei nordiske finansministrane 13. juni 2012. Arbeidsgruppa viser til at finansmarknadene i Norden er svært integrerte, og at det både er mogleg og ønskeleg å etablere eit nordisk samarbeid om dei nye kapital- og likviditetskrava i CRD IV. Dei nordiske finansministrane bad i eit brev 11. september 2012 dei nordiske finanstilsyna om å vurdere utsiktene for å gjennomføre tilrådingane frå den nordiske arbeidsgruppa på bakgrunn av eit endeleg kapital- og likviditetsregelverk frå EU. I eit brev 24. oktober 2012 frå dei nordiske finanstilsynssjefane til dei nordiske finansministrane blei det gjort opp status for det fortløpande samarbeidet og informert om kva som er gjort for å følgje opp hovudkonklusjonane frå arbeidsgruppa, mellom anna arbeidet med å sikre like konkurransevilkår og vertslandsregulering.
Verksemda i Den nordiske investeringsbanken i 2012
Banken er eigd av dei nordiske og baltiske landa. Noreg eig 21,5 prosent. Banken skal gje lån og stille garantiar til prosjekt som er av interesse for medlemslanda og andre land som tek imot slike finansielle tenester. Lån og garantiar skal gjevast på bankmessige vilkår og vere i samsvar med samfunnsøkonomiske omsyn. Låneaktivitetane omfattar mellom anna investeringslån til verksemder i to eller fleire medlemsland, finansiering av miljø- og infrastrukturinvesteringar, lån til regionalpolitiske kredittinstitusjonar, ordinære investeringslån utanfor Norden og prosjektinvesteringslån til kredittverdige utviklingsland og land i Sentral- og Aust-Europa. Forvaltningskapitalen var ved utgangen av 2012 på 26 milliardar euro eller om lag 180 milliardar kroner.
Banken hadde eit overskot på 209 millionar euro eller om lag 1,6 milliardar kroner i rekneskapsåret 2012, mot eit overskot på 194 millionar euro året før. Overskotet har samanheng med bankens høge rating og den relativt stabile finansielle situasjonen i dei nordiske landa.
NIB hadde ved utgangen av 2012 samla utlån og garantiar på 15,1 milliardar euro eller om lag 115 milliardar kroner. Av dette var utbetalingane på 2,4 milliardar euro. Styret har vedteke at det for 2012 skal betalast 52 millionar euro i utbyte til medlemslanda. Resten skal overførast til dei generelle reservane. Noreg sin part er på 9,6 millionar euro eller 73,5 millionar kroner.
5.14 Justissektoren
Det nordiske lovsamarbeidet blir drive fram gjennom kontinuerleg innsats for å utveksle informasjon og erfaringar om lovgjevingsarbeid og for å tilpasse og revidere lovgjevinga med sikte på størst mogleg samanfall. Som ledd i arbeidet med å fremje nordisk rettslikskap i samband med gjennomføringa av fellesskapsrettsakter er det utarbeidd ein promemoria som gjer greie for korleis og i kva samanhengar det vert samarbeidd for å få til like reglar i Norden.
I EU blir det no arbeidd med nye reglar om personvern og datahandsaming. Her samarbeider representantane for dei nordiske landa tett. Mellom anna blei det i januar 2013 halde eit nordisk møte i København om personvernpakken til EU. Eit nytt møte er planlagt hausten 2013 i Stockholm.
Den 24. mai 2013 fremja regjeringa Prop. 158 LS (2012–2013) Endringar i kjøpsloven og avtaleloven og samtykkje til å trekkje reservasjonen mot FN-konvensjonen 11. april 1980 om kontraktar for internasjonale lausøyrekjøp (CISG) del II om avtaleinngåing. Eit siktemål med lovframlegget var å gjere det mogleg for Noreg å trekkje sin reservasjon mot CISG. Då Danmark, Finland og Sverige no alle har trekt sine reservasjonar, står Noreg att som den einaste konvensjonsstaten med reservasjon mot konvensjonen del II.
Det er tett samarbeid mellom dei nordiske landa når det gjeld utlevering av lovbrytarar. Utlevering mellom dei nordiske landa var tidlegare regulert av felles nordisk lovgjeving. Den felles nordiske lovgjevinga om utlevering blei 16. oktober 2012 avløyst av konvensjonen om nordisk arrestordre. Den nordiske arrestordren gjer det enklare å pågripe, overlevere og straffeforfølgje lovbrytarar i Norden.
Det er gjort ei utgreiing om overføring til soning i eit anna nordisk land av personar som er dømde til samfunnsstraff, og Justis- og beredskapsdepartementet jobbar vidare med råda frå denne utgreiinga.
Det nordiske politisamarbeidet er under utvikling og vert til ein viss grad påverka av prosessar og initiativ i EU. Det er ein naturleg konsekvens av at tre av dei nordiske landa er medlemmer i EU, medan Island og Noreg står utanfor. Mellom anna vil den såkalla Prüm-avtalen, som no er ein del av EU-regelverket, vere grunnlag for nye tiltak innanfor nordisk politisamarbeid.
Eit anna døme på nordisk politisamarbeid er Atlas-øvinga som blei halden i Noreg 15.–19. april 2013. Atlas er EU-landa sitt samarbeidsforum for politiinnsats mot terror. Noreg og Sveits er knytte til samarbeidet gjennom ein eigen avtale. Innsatsstyrkar frå Sverige, Danmark, Finland og Noreg trena saman desse dagane. Scenarioet var ein større passasjerbåt som var kapra av terroristar. Terroristane hadde teke mannskap og passasjerar som gislar.
I kampen mot organisert kriminalitet i dei nordiske landa, ikkje minst tjuverikriminalitet og narkotikalovbrot som er knytte til kriminelle grupperingar frå andre europeiske land, står det nordiske politisamarbeidet sentralt. Dette samarbeidet gjer dessutan dei nordiske landa betre i stand til å oppfylle pliktene som følgjer av EU-regelverket om politisamarbeid og kamp mot kriminalitet.
Samfunnstryggleik
Det er aukande politisk merksemd rundt nordisk samarbeid på samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet. Haga-erklæringa frå 2009 formaliserte det nordiske samarbeidet og gjorde sitt til at arbeidet med samfunnstryggleik kom meir i søkjelyset. Formålet var å finne felles overordna område som kan utviklast og styrkjast, eller område ein kan gå saman om innanfor det internasjonale beredskapssamarbeidet i EU, NATO eller FN.
Dei nordiske landa fordjupar samarbeidet om felles kriseberedskap gjennom ein revidert versjon av Haga-erklæringa, Haga II, som blei lagd fram på nordisk ministermøte for ministrar med ansvar for samfunnstryggleik og beredskap i Vaxholm 3. og 4. juni 2013. Erklæringa slår fast at det nordiske samarbeidet skal utviklast og forsterkast ytterlegare, og har som overordna visjon eit Norden utan grenser. Eit overgripande mål er å skape eit robust Norden gjennom førebygging, handtering og gjenoppretting etter alvorlege hendingar. Det nordiske samarbeidet skal med bakgrunn i det enkelte lands ansvar beskytte befolkninga og vere meir målretta enn tidlegare.
Det vidare Haga-samarbeidet skal førebu erfarings- og kunnskapsbytet mellom landa, styrkje samarbeidet om førebygging og avgrense konsekvensane av kriser i samfunnet. Vidare skal det utvikle rom for felles kapasitetsoppbygging og innsats og skape betre føresetnader for å samhandle i ulike internasjonale samanhengar, både operativt og politisk. Ein strategisk utviklingsplan skal bidra til å konkretisere deklarasjonen gjennom å identifisere mål, prosess og tidsplan for arbeidet på strategisk nivå.
I det nordiske ministermøtet i Vaxholm overtok Noreg formannskapen etter Sverige. Dette inneber at Noreg står ansvarleg for vidare framdrift i arbeidet med den strategiske utviklingsplanen neste år og er vertskap for det neste nordiske ministermøtet våren/sommaren 2014.
NORDRED
NORDRED byggjer på ein rammeavtale mellom Danmark, Finland, Sverige, Island og Noreg frå 1989 om samarbeid over territorialgrensene for å hindre eller avgrense skadar på menneske, eigedom eller miljø ved ulykker. Avtalen skal komplettere andre nordiske multilaterale eller bilaterale avtalar på området. Sverige har formannskapen i NORDRED i perioden 2012–2015. Det er etablert ei eiga kontaktgruppe der Noreg deltek. I denne perioden er prioriterte område grenseoverskridande samarbeid ved hendingar, erfaringsoverføring og praktisk handtering av ulike typar ulykker.
5.15 Administrasjon og forvaltning, forbrukarpolitikk, frivillig sektor, flyktningar og migrasjon
Administrasjon og forvaltning
I Nordisk forvaltningspolitisk forum har departementa med ansvar for forvaltningspolitikken i dei nordiske landa årlege møte for å utveksle erfaringar og diskutere aktuelle saker. Datatilsynet deltek årleg på møte på saksbehandlarnivå mellom datatilsyna i dei nordiske landa for å få innspel om kva styresmaktene i dei andre nordiske landa er opptekne av, i tillegg til erfaringsutveksling. Møta er òg gode arenaer for å utvikle kontaktnett. I tillegg til saksbehandlarmøte blir det kvart år arrangert ein årleg nordisk datatilsynskonferanse på leiarnivå. I desse møta deltek leiinga i datatilsynsmyndigheitene i alle dei nordiske landa for å utveksle erfaringar.
Datatilsynet og Difi har saman med FAD delteke i arbeidsgrupper for å lette innkjøp av skytenester til offentleg sektor i 2012/2013. Arbeidet handla mellom anna om rettleiingar, besteeksempel og standardelement til kontraktar.
Statsbygg deltek i eit samarbeid mellom dei ulike statlege byggherrane og eigedomsforvaltarane i Norden. Tema som har vore diskuterte den seinare tida, er mellom anna organiseringa av den statlege byggje- og eigedomsverksemda, bruk av bygningsinformasjonsmodellar (BIM) og utvikling av internasjonale standardar for desse modellane, risikostyring, forvaltning av kulturhistoriske eigedommar og kulturmiljø og universell utforming.
Det er oppretta ei nordisk arbeidsgruppe som skal samarbeide om energispørsmål og energibruk. Det er òg etablert eit eige nordisk kontaktutval for utanlandseigedommar i nært samarbeid med utanrikstenesta i dei nordiske landa. I dette kontaktutvalet vert det utveksla erfaringar med bygging og forvaltning av utanlandseigedommane, mellom anna eventuell samlokalisering av ambassadar for dei nordiske landa, tryggleik, etikk, miljø- og energispørsmål o.a.
Forbrukarpolitikk
I samband med at ministerrådet for forbrukarspørsmål vart lagt ned frå 1. januar 2006, vedtok forbrukarministrane å vidareføre samarbeidet på uformelt plan og å etablere embetsmannsgruppa for nordisk samarbeid på forbrukarområdet (NordKons). Samarbeidet i NordKons er avgrensa til informasjons- og erfaringsutveksling. I tillegg finst det eit nettverk for informasjonsutveksling mellom ulike aktørar som arbeider med forbrukarspørsmål.
Noreg deltek elles i eit samarbeid mellom nordiske land og Estland om forbrukarundervisning.
Frivillig sektor
Forsking er ein sentral strategi for regjeringa i frivilligpolitikken. Kulturdepartementet har eit samordningsansvar for statleg frivilligpolitikk og varetek eit sektorovergripande perspektiv på forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor. Eit femårig forskingsprogram, Virtuelt senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor, er avslutta. Forskingsresultata frå programmet er tilgjengelege på sivilsamfunn.no. Kulturdepartementet skal i samarbeid med fleire departement vidareføre og vidareutvikle forskingsinnsatsen på dette området. Det nordiske perspektivet er vareteke gjennom forskingssamarbeid, bokprosjekt, seminar og anna. Ein vurderer om eit nordisk perspektiv skal varetakast i den nye forskingsinnsatsen.
Flyktningar og migrasjon
Nordisk samrådsgruppe på høgt nivå for flyktningspørsmål (NSHF) er eit uformelt diskusjonsforum for flyktning-, innvandrings- og integreringsspørsmål. Justis- og beredskapsdepartementet har hovudansvaret for denne gruppa på norsk side. Det finst for tida to arbeidsgrupper under NSHF: ei om retur og tilbakevending og ei om gjenbusetjing.
Det nordiske samarbeidet er viktig for norske innvandringsstyresmakter. Det opnar for informasjonsutveksling og diskusjon om problemstillingar som er av felles interesse for dei nordiske landa, og byr i tillegg på uformell informasjon om møte og prosessar i EU som Noreg elles ikkje har tilgang til. Det er jamlege diskusjonar om spørsmål knytte til EU-regelverket.
Det eksisterer òg eit uformelt samarbeid på lågare nivå om integreringspolitikk. Frå norsk side er det Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) som administrerer dette samarbeidet.
Sidan 1968 har det vore eit nordisk samarbeid om felles statsborgarreglar for nordiske borgarar. Det er gjort avtale om gjennomføring av visse avgjerder om statsborgarrett for nordiske borgarar frå eit anna nordisk land. Revidert avtale vart underteikna i København 13. september 2010 og tok til å gjelde 5. september 2012. Kvart år er det nordisk embetsmannsmøte om statsborgarskap der Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet deltek.
5.16 Samar og nasjonale minoritetar
Ministrane med ansvar for samiske saker i Finland, Noreg og Sverige og sametingspresidentane i desse landa har sidan 2000 hatt jamlege møte. Formålet er å styrkje og utvikle samefolkets språk, kultur, næringar og samfunnsliv.
Nordisk samisk språkpris, Gollegiella, vart delt ut for femte gongen hausten 2012. Prisen skal bidra til å fremje, utvikle og bevare det samiske språket i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Språkprisen er på 15 000 euro og vert delt ut annakvart år.
Arbeidet med nordisk samekonvensjon har vore førebudd gjennom det nordiske samarbeidet om samiske saker. På fellesmøtet mellom sametingspresidentane og ministrane for samiske saker i Stockholm hausten 2010 vart det vedteke å gå i gang med forhandlingar om ein nordisk samekonvensjon. Forhandlingane tok til i mars 2011, og målet er at dei skal vere sluttførte innan fem år. Den norske forhandlingsdelegasjonen har fem medlemmer. Leiaren og to medlemmer er utnemnde av regjeringa, medan to medlemmer er utnemnde etter forslag frå Sametinget. Sametinget skal konsulterast undervegs i forhandlingane. Utkastet til nordisk samekonvensjon vil danne ramma for forhandlingane.
Konvensjonsutkastet vart utarbeidd av ei nordisk ekspertgruppe på bakgrunn av dei internasjonale dokumenta dei tre landa er bundne av, og tek utgangspunkt i at samane er urfolk i Finland, Sverige og Noreg.
Samisk parlamentarisk råd (SPR) er samarbeidsorganet mellom sametinga i Finland, Noreg og Sverige. Samane i Russland har permanent deltaking i rådet. Samisk parlamentarisk råd vedtok i 2012 å setje i gang eit prøveprosjekt for etablering av eit nordisk samisk fag- og ressurssenter. Prøveprosjektet vart starta 1. januar 2013 og skal vare til juni 2014. Senteret fekk namnet Sámi giellagáldu. Dei viktigaste ansvarsområda til Sámi giellagáldu er samisk språksamarbeid, språkfagleg arbeid og tilbod om språktenester til språkbrukarar i Finland, Sverige og Noreg. Senteret har saman med sametinga ansvar for å styrkje og utvikle det nordiske språksamarbeidet, styrkje og utvikle samisk ved å vareta behova, utfordringane og ressursane til kvar språkgruppe og sikre samisk språk ei rikare framtid.
Samerådet er ein fellessamisk kulturpolitisk og politisk institusjon for samiske organisasjonar i Finland, Noreg, Sverige og Rusland. Rådet er viktig for å utvikle det grenseoverskridande samarbeidet og for å styrkje det internasjonale samarbeidet urfolk imellom og mellom urfolk, styresmakter og andre aktørar. Samekonferansen og Samerådet har spela ei viktig rolle i den samepolitiske utviklinga sidan dei vart oppretta. Den 20. samekonferansen vart halden i Murmansk i mai 2013.
Nordisk arbeidsgruppe for nasjonale minoritetar blei oppretta på embetsmannsnivå mellom departementa i Sverige, Finland og Noreg som har ansvaret for gjennomføringa av Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar og Europarådspakta for region- og minoritetsspråk. Sverige var vertsland for møtet i arbeidsgruppa i 2013.
5.17 Samferdsel
Transportsektoren er ikkje med i det formaliserte nordiske regjeringssamarbeidet, men det er framleis viktig å diskutere aktuelle transportpolitiske problemstillingar og ta vare på det gode nettverket som er etablert mellom dei nordiske landa. Det nordiske regjeringssamarbeidet i transportsektoren legg vekt på å fremje effektiv, konkurransekraftig, sikker og miljøvennleg transport og trafikk i Norden og nærområda. Det er særleg fokus på område der landa har felles problemstillingar. I tillegg er det lagt vekt på at samarbeidet skal fremje den politiske debatten og vere eit forum for erfaringsutveksling. Samarbeidet har medverka til ei positiv utvikling i dei nordiske landa.
EØS-spørsmål har fått stadig større merksemd, og samarbeidet har mellom anna teke sikte på å påverke transportpolitikken i EU i retning av Den nordlege dimensjonen. Dei seinare åra har det vore lagt vekt på auka samarbeid med dei baltiske landa. Innanfor ramma av den noverande samarbeidsmodellen skal det haldast eitt møte i året mellom dei nordiske og baltiske transportministrane. I tillegg møtest dei nordiske og baltiske transportministrane før transportrådsmøta i EU.
Samferdselsdepartementet vil òg styrkje internasjonalt samarbeid og er mellom anna engasjert i Barentssamarbeidet og Den nordlege dimensjonen. Ein nærmare omtale står i kap. 3.3 og 3.5.
Om nordisk samarbeid på transportområdet
Nordisk råd har mellom anna anbefalt regjeringane i dei nordiske landa å utarbeide ein felles nordisk strategi for utvikling og investeringar i transportinfrastruktur. Det same spørsmålet blei òg teke opp i ein interpellasjon til samferdselsministeren. I svaret frå det svenske Näringsdepartementet, som for tida leier Nordisk ministerråd, og frå samferdselsministeren til Stortinget blei det vist til dei mange samarbeidsarenaene som eksisterer, og til konkrete samarbeidsprosjekt av bi- og multilateral karakter. Konklusjonen er at det er betre å basere det vidare samarbeidet desse enn å byggje nye strukturar. Det blei òg vist til arbeidet som BEATA har teke initiativ til: ein felles transportplan for Barentsregionen, som skal ha ei heilskapleg tilnærming i nordområda og kan gje nokre langsiktige rammer for arbeidet med transportutfordringane i regionen. Eit forslag til ein slik plan blir presentert for transportministrane på eit møte i Narvik i september 2013.
EasyGo
EasyGo er eit samarbeid om bompengeinnkrevjing mellom Noreg, Sverige og Danmark. EasyGo gjer det mogleg for både privatbilistar og yrkestransportørar å køyre med éi og same brikke (t.d. AutoPASS-brikka) gjennom alle bompengeanlegg i Skandinavia og på mange ferjesamband mellom Danmark, Sverige og Tyskland. På same måten kan ein bruke brikker frå Danmark og Sverige til å køyre i Noreg. Denne løysinga er teken godt imot blant trafikantane og har samtidig gjort innkrevjinga frå utanlandske trafikantar meir effektiv. Bruken av tenesta har auka jamt sidan oppstarten i 2007, og samla er det sendt over ein milliard kroner i grensekryssande transaksjonar. Månadleg går det om lag 200 000 passeringar gjennom dette systemet. I tillegg er Austerrike no ein formell del av EasyGo, og utvidinga vert sett i drift i løpet av hausten 2013. Utvidinga til Austerrike vil berre gjelde tunge køyretøy. Det vert òg vurdert å utvide EasyGo til andre land. EasyGo er bygd på standardane i EU-direktiv 2004/52/EF (EFC-direktivet). Suksessen med EasyGo og den føreståande utvidinga gjer dette til eit referanseprosjekt i europeisk samanheng.
Prosjektet Svinesundsambandet
Ved riksgrensa mellom Noreg og Sverige på Svinesund er det skapt eit svært godt samarbeid over landegrensene gjennom prosjektet Svinesundsambandet. Svinesundsambandet strekkjer seg frå Nordby i Sverige til Svingenskogen i Noreg. Det omfattar to kilometer ny motorveg på svensk side, 4,3 kilometer ny motorveg på norsk side og ei 700 meter lang bru mellom dei. Riksgrensa er òg EU-grense, og det er bygd tollstasjonar på begge sider. I tillegg er det betalingsstasjonar ved både ny og gammal bru. Prosjektet er finansiert med bompengar på både svensk og norsk side. Det har vore ein jamn auke i trafikken sidan oppstarten. I 2012 var det 7,3 millionar køyretøy som passerte bomstasjonane, det vil seie ein årsdøgntrafikk på rundt 20 000.
Ofotbanen
Auka utskiping av jernmalm frå Narvik fører til kapasitetsproblem på Ofotbanen. I Nasjonal transportplan for perioden 2014–2023 er det sett av om lag 1,6 mrd. kroner for å auke kapasiteten på bana. Det skal gjerast ved hjelp av fleire og lengre kryssingsspor og betre banestraumforsyning.
Skal planane til malmtransportørane realiserast fullt ut, vil det vere behov for ytterlegare kapasitetsauke på Malmbanan/Ofotbanen. Dette understrekar behovet for samordna planlegging, gjennomføring og finansiering på begge sider av grensa med både myndigheiter og selskap som deltakarar. Det er inngått avtale mellom staten og LKAB om finansiering av lengre kryssingsspor på to stasjonar på Ofotbanen. Det er òg lagt til rette for at Northland Resouces kan ta i bruk eit nytt utskipingsanlegg ved containerterminalen i Narvik hausten 2013. Samferdselsdepartementet og det svenske Näringsdepartementet har sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå nærmare på utfordringar knytte til kapasitetsbehov, finansieringsløysingar og samarbeid på tvers.
Beredskap
Det går føre seg eit nordisk samarbeid om beredskap og krisehandtering på transportområdet. Det blir mellom anna arrangert ein serie fellesøvingar, Bordercrossing, mellom Statens vegvesen, Jernbaneverket og det svenske Trafikverket. Desse øvingane dekkjer heile riksgrensa frå Østfold til Finnmark.
Luftfart
NORDICAO er det nordiske samarbeidet i International Civil Aviation Organization (ICAO). Sidan 1944 har dei skandinaviske og seinare dei nordiske statane hatt ein felles delegasjon til ICAO, FN-organisasjonen for sivil luftfart. Samarbeidet har sikra at dei nordiske landa til kvar tid har vore og framleis er representerte med eitt sete i ICAOs råd. Dette setet går på rundgang blant dei fem nordiske statane. NORDICAO skal primært vareta interessene til dei nordiske landa i ICAO. Vidare skal NORDICAO vere med og styrkje ICAO i rolla som global organisasjon for utvikling og harmonisering av standardar, tilrådde framgangsmåtar og rettleiingsmateriale på luftfartsområdet.
Noreg stiller til val på vegner av dei nordiske landa på den 38. generalforsamlinga i ICAO hausten 2013. Rotasjonsgruppa som dei nordiske landa utgjer, har vore vald inn på kvar einaste generalforsamling sidan 1944.
I år har Tyrkia, Moldova, Ukraina, Georgia og Aserbajdsjan danna ei ny rotasjonsgruppe i Europa. Den nye gruppa stiller ikkje til val i 2013, men kjem mest truleg til å gjere det på neste generalforsamling i 2016. Det kan bety at det ved valet i 2016 blir fleire europeiske kandidatar som stiller til val enn dei åtte som sit i rådet per i dag.
På denne bakgrunnen vurderer dei nordiske landa om rotasjonsordninga i NORDICAO bør utvidast til å omfatte land utanom Norden, nærmare bestemt Estland og Latvia, for å styrkje legitimiteten til den plassen dei nordiske landa har i rådet. Det er allereie etablert eit omfattande luftfartspolitisk samarbeid med desse landa på områda lufttrafikkstyring og luftromsorganisering. Gjennomføringa av eit felles europeisk luftrom – North European Functional Airspace Block (NEFAB)
Lovgjevingspakken Single European Sky II medfører at det vert fastsett felleseuropeiske ytingskrav til utøvarar av flysikrings- og lufttrafikktenester. Det vil særleg dreie seg om krav til tryggleik, kostnadseffektivitet, kapasitet og miljøeffektar. Eitt av verkemidla som skal innførast for å oppfylle desse ytingskrava, er såkalla funksjonelle luftromsblokker, det vil seie grenseoverskridande samarbeid om bruken og organseringa av luftrommet over fleire land.
Noreg har oppretta ei slik luftromsblokk, North European Functional Airspace Block (NEFAB), saman med Estland, Finland og Latvia. Avtalen om NEFAB tok til å gjelde i desember 2012. Luftromsblokka vert vurdert som etter måten fordelaktig for Noreg, men det er ønskeleg å integrere denne luftromsblokka med den dansk-svenske luftromsblokka. I fortalen til NEFAB-avtalen vert det m.a. framheva som viktig å bevare det tette samarbeidet med Island, Danmark og Sverige, i tillegg til en visjon om ei mogleg framtidig konsolidering av det nordisk-baltiske luftrommet.
NEFAB-avtalen blei lagd fram for Stortinget som Prop. 143 S (2011–2012) og godkjend med Innst. 25 S (2012–2013).
Opphavleg deltok også Danmark, Island og Sverige i NEFAB-samarbeidet. Ein forsøkjer inntil vidare å løyse samarbeidsbehovet med desse landa mellom anna gjennom ein avtale mellom dei statlege utøvarane av flysikringstenester i alle dei sju landa. Det er òg etablert eit nærmare samarbeid mellom dei statlege tilsynsstyresmaktene i dei sju landa. Samferdselsministrane i Danmark, Estland, Finland, Latvia, Noreg og Sverige skreiv i mars 2013 under ei erklæring om tettare samarbeid mellom dei to luftromsblokkene på departementsnivå. I erklæringa vert det peika på at ei konsolidering av dei to luftromsblokkene skal vere ein visjon for samarbeidet. Dei har òg oppretta eit nettverk av representantar frå transportdepartementa som skal leggje til rette for ei slik utvikling av samarbeidet. For tida deltek ikkje Island i samarbeidet på departementsnivå.