Meld. St. 14 (2016–2017)

Kommersiell allmennkringkasting

Til innhaldsliste

3 Mediepolitiske mål for kommersiell allmennkringkasting

3.1 Overordna mediepolitiske målsetjingar

3.1.1 Infrastrukturkravet i Grunnlova

I Grunnlova § 100 sjette ledd heiter det:

Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.

Dette blir gjerne omtala som infrastrukturkravet og inneber m.a. at staten ikkje berre skal avstå frå inngrep i ytringsfridomen, men også legge til rette for ytringsvilkåra til borgarane. Dette inneber at det må leggast til rette for kanalar og institusjonar som kan bidra til ei open og opplyst offentleg samtale – eit offentleg rom. Å syte for eit mangfald av uavhengige og frie medium er ein grunnleggande føresetnad for eit velfungerande demokrati og for utviklinga av eit levande folkestyre. Kjernen i infrastrukturansvaret er ansvaret styresmaktene har for å lage treffe tiltak dersom dei tre prosessane som grunngjev ytringsfridomen (sanningsøking, demokrati og fri meiningsdanning for individet) ikkje fungerer etter føresetnadane. Korleis staten legg til rett for dette, og kva for tiltak som må setjast i verk, må vurderast kontinuerleg i lys av endringane i mediemarknaden. I førearbeida 1 til Grunnlova § 100 heiter det at:

«[…]på medieområdet innebærer myndighetenes infrastrukturansvar en politisk forpliktelse til å holde slike utviklingstrekk under kontinuerlig oppsikt og til å treffe egnede tiltak dersom utviklingen skulle true medienes rolle i ytringsfrihetens infrastruktur.»

3.1.2 Overordna mediepolitiske mål for regjeringa

Den politiske plattforma til regjeringa, Sundvolden-erklæringa av 16. oktober 2013, løftar fram dei viktigaste utfordringane i mediemarknaden, og trekker samstundes opp hovudlinjene i regjeringa sin mediepolitikk:

«Digitalisering fører til en ny hverdag i mediebransjen. Premissene for publikums deltakelse, produktenes utforming og redaksjonenes arbeidsform endres hurtig. Regjeringen vil legge til rette for god nyhetsproduksjon og en bredt anlagt offentleg samtale i fremtidens digitale mediesamfunn. Mediepolitikken må derfor stimulere til nyskapning og innovasjon, samtidig som den frie pressens tradisjoner og grunnverdier ivaretas.»

Sundvolden-erklæringa uttrykker samtidig at regjeringa vil:

  • – «Modernisere det mediepolitiske virkemiddelapparatet gjennom økt likebehandling av mediene, uavhengig av teknologisk plattform. Over tid skal pressestøtten omlegges og nivået reduseres.

  • – Legge frem en stortingsmelding om NRK-lisens og alternative betalingsordninger.

  • – Øke andelen eksterne produksjoner i NRK.

  • – Begrense NRKs mulighet til å bruke sin robuste økonomi til å svekke frie institusjoners aktivitetsgrunnlag.»

3.2 Kva er kommersiell allmennkringkasting?

Allmennkringkasting er eit av statens sentrale verkemiddel for å nå måla om ytringsfridom og mangfald i media, og skal syte for viktige demokratiske, sosiale og kulturelle funksjonar i samfunnet. Som vist over har innretninga av allmennkringkastinga i Noreg sidan tidleg på nittitalet vore todelt, med den offentleg eigde og lisensfinansierte allmennkringkastaren NRK på den eine sida og kommersielt finansierte radio- og tv-aktørar med allmennkringkastingsplikter på den andre. Kommersiell allmennkringkasting har vore knytt til at ein riksdekkande lineær radio- eller tv-kanal skal levere allmennkringkastingsinnhald og har under skiftande regjeringar vore rekna som eit viktig verkemiddel for å sikre dei overordna mediepolitiske målsetjingane. For å kunne syte for dei funksjonane allmennkringkastinga skal fylle til støtte for demokratiet og det sosiale og kulturelle fellesskapet, er det viktig at allmennkringkastingsinnhaldet når fram til sjåarane og har høg oppslutnad. Det har derfor blitt lagt til rette for at allmennkringkastaren skal tilby varierte program med tematisk og sjangermessig breidde. Vidare har det vore viktig at sendingane skal kunne vere tilgjengelege for heile befolkninga.

Prinsippa for offentleg finansiert allmennkringkasting og kommersiell allmennkringkasting har mange fellestrekk. Allmennkringkasting er av stor verdi for å sikre eit mangfaldig innhaldstilbod av god kvalitet. Allmennkringkasting bidreg til at det finst ein felles kommunikasjonsarena mellom folk og bidreg til å skape gjensidig respekt og forståing i samfunnet. Europarådet har i mange år fokusert på allmennkringkasting som fenomen. I januar 2007 vedtok Europarådet ein rekommandasjon om oppdraget som allmennkringkastarane har i informasjonssamfunnet.2 Her vart hovudelementa i allmennkringkastingsoppdraget karakteriserte slik:

  • eit universelt tilgjengeleg referansepunkt for alle deltakarar i offentlegheita

  • ei kjelde til sosial integrasjon og fellesskap for alle enkeltindivid, grupper og samfunn

  • ei kjelde til upartisk og uavhengig informasjon og kommentarar

  • ei kjelde til innovativt og variert medieinnhald som held høg kvalitet og etisk standard

  • eit forum for ei mangfaldig offentleg samtale og eit middel som fremjar demokratisk deltaking

  • ein aktiv bidragsytar til audiovisuell kreativitet og produksjon

  • ein bidragsytar til at den mangfaldige nasjonale og europeiske kulturarven blir kjend og respektert

Sjølv om offentleg finansiert allmennkringkasting og kommersiell allmennkringkasting har mange fellestrekk, går det eit skilje ved at kommersiell allmennkringkasting er marknadsfinansiert. Allereie i utgreiinga om etablering av ein ny permanent riksdekkande fjernsynskanal på midten av åttitalet blei det lagt vekt på at det må vere ein rimeleg balanse mellom dei omsyna som frå samfunnet si side kjem til utrykk i form av programplikter og dei økonomiske ytingane kringkastaren får tilbake.3 NRK er i all hovudsak finansiert med offentlege middel og står i ei særstilling samanlikna med dei kommersielle allmennkringkastarane, som må hente sine inntekter frå marknaden. Derfor har det ikkje blitt stilt like omfattande krav til dei kommersielle allmennkringkastarane som til NRK. Innhaldet som har vore formidla av kommersielle allmennkringkastarar har av desse grunnane vore meir kommersielt orientert.

Departementet meiner at dei grunnleggande prinsippa for kommersiell allmennkringkasting framleis er gyldige. Det er likevel naudsynt å utdjupe definisjonen og presisere kva rolle kommersiell allmennkringkasting skal ha, sett i lys av dagens mediesituasjon.

Sjåarvanane er i endring. Blant dei eldre sjåarane er lineær-tv framleis ei viktig medieplattform, medan yngre sjåarar brukar stadig mindre tid på lineær-tv og meir tid på ikkje-lineære plattformer. For at kommersielt allmennkringkastarinnhald skal nå heile folket, bør programma bli formidla på dei medieplattformene som sjåarane brukar. Dette talar for at prinsippa for kommersiell allmennkringkasting bør romme innhald som blir formidla på både lineære og ikkje-lineære plattformer i framtida.

3.3 Mediepolitiske målsetjingar for kommersiell allmennkringkasting

Dei mediepolitiske måla for kommersiell allmennkringkasting bør vere forankra i infrastrukturkravet i Grunnlova § 100 og målsetjingane regjeringa har for mediepolitikken.

Eitt sentralt formål med å sikre kommersiell allmennkringkasting er å halde oppe eit mediemangfald. Dette er nødvendig for at samfunnet skal ha tilgang på truverdig informasjon som tek vare på behova til ulike grupper i samfunnet. Norskprodusert innhald som reflekterer norsk språk, kultur, identitet og norske samfunnstilhøve er viktig i denne samanhengen. Mediemangfaldet er også ein avgjerande føresetnad for ytringsfridom og eit levande og sunt demokrati.

Vidare bør det vere eit mål at kommersiell allmennkringkasting gjev NRK reell konkurranse om produksjon og formidling av allmennkringkastingsinnhald. Det vil vere eit tap for mediemangfaldet dersom NRK skulle bli åleine om å tilby allmennkringkastingsinnhald på tv. Dersom NRK var åleine om å tilby visse programkategoriar og å forhalde seg til smale publikumsgrupper, ville selskapet i nokon grad miste eit insentiv til å prioritere kvalitet og mangfald. Fordi mediemarknaden i stor grad er prega av auka konkurranse frå internasjonale aktørar, meiner departementet at det er særs viktig at publikum får eit reelt riksdekkande alternativ til NRK sitt tilbod. I denne samanhengen er eit breitt tilbod av nyheiter frå ulike samfunnsområde viktig.

Vidare meiner departementet at det framleis vil vere viktig for mediemangfaldet at det blir produsert og send riksdekkande nyheitssendingar frå andre stader enn det sentrale Austlandet. Dei fleste riksdekkande medium i Noreg er etablerte i Oslo-regionen. Dette kan i nokon grad prege dekninga av saker frå andre delar av landet. Å ha eit kommersielt allmennkringkastingstilbod som er produsert utanfor Oslo kan bidra til fleire perspektiv i til dømes dekninga av nyheiter, og fungere som eit alternativ til Oslo-dominansen i riksdekkande medium.

Boks 3.1 Departementet sine konklusjonar om mediepolitiske målsetjingar for kommersiell allmennkringkasting

Målsetjingane for kommersiell allmennkringkasting skal vere å:

  • halde oppe mediemangfaldet

  • sikre ein reell konkurrent til NRK

  • sikre riksdekkande nyheitssendingar som blir produserte og sende utanfor Oslo

Fotnotar

1.

St. meld. nr. 26 (2003–2004)

2.

Recommendation Rec (2007) 3 of the Committee of Ministers to member states on the remit of public service media in the information society.

3.

NOU 1985: 11 TV 2 – Om etablering av en ny permanent riksdekkende fjernsynskanal

Til forsida