9 Økonomiske og administrative konsekvensar
Regjeringa legg opp til at støtta skal løyvast på ordinær måte i statsbudsjettet. Departementet vil snarast mogleg kunngjere ein avtale om kommersiell allmennkringkasting. Ordninga kan tidligast bli sett i verk frå 2018. Tiltaket vil derfor ikkje ha budsjetteffekt for 2017. Departementet vil vurdere om ei eventuell framtidig medieavgift på sikt óg kan finansiere andre medieformål enn NRK, herunder kommersiell allmennkringkasting, jf. Meld St. 15 (2016–2017). Departementet vil ta stilling til storleiken på kompensasjonen før kunngjering.
Det offentlege vil måtte rekne med å bruke administrative ressursar på kunngjering av avtale og tilsyn med korleis allmennkringkastingspliktene blir følgde opp, i tillegg til bruken av støtta. Kringkastaren som inngår avtalen vil måtte rekne med å bruke administrative ressursar på å føre rekneskap og rapportere om korleis vilkåra i avtalen blir innfridde.
Offentleg støtte til éin kommersiell allmennkringkastar vil bli innretta slik at eventuelle konkurranseverknader av ordninga blir minimale.