4 Kommersiell allmennkringkasting i andre land
4.1 Innleiing
Dei fleste europeiske landa har etablert ein allmennkringkastingsmodell. Det er ei rekke fellestrekk når det gjelder forventningane til kva rolla til ein allmennkringkastar er og kjerneoppgåvene som ligg i samfunnsoppdraget, men det er relativt store skilnadar i praksis med omsyn til allmennkringkastaranes storleik, organisering og dei historiske forholda allmennkringkastarane har vakse fram under. Dei fleste allmennkringkastarane i Europa er eigd av det offentlege, men det finst, eksempel på privateigde kringkastarar med allmennkringkastingsplikter.
Det finst fleire ulike modellar for offentleg finansiering av allmennkringkastarar som involverer ulike finansieringskjelder.
Den offentlege finansieringa av allmennkringkasting er grunngjeve med at aktørar med dette oppdraget bidreg til å sikre mediemangfald, og utfører oppgåver som oppfyller demokratiske, sosiale og kulturelle behov som er viktige for samfunnet. At dette samfunnsoppdraget fell inn under omgrepet «tenester av allmenn økonomisk verdi» er grunnlaget for at offentleg støtte til allmennkringkasting ikkje kjem under forbodet mot statsstøtte som følgjer av konkurransereglane i EU- og EØS-samarbeidet. Det finst fleire ulike modellar for offentleg finansiering av allmennkringkastarar. Dei involverer ulike finansieringskjelder, som t.d. lisensavgift og statlege løyvingar. Den offentlege støtta tilkjem som regel offentleg eigde verksemder, som har fått eksklusive rettar til å utføre eit allmennkringkastingsoppdrag. I tillegg har dei fleste europeiske landa tilskotsordningar for finansiering av audiovisuelle produksjonar. I enkelte av desse landa er det også etablert ordningar der privateigde kommersielle kringkastarar og produksjonsselskap kan få økonomisk støtte til å produsere innhald som har allmennkringkastingskarakter, som til dømes til produksjon av smalare innhaldstilbod som marknaden tilbyr lite av. Slike ordningar representerer offentleg støtte som må notifiserast og godkjennast av høvesvis EU-kommisjonen eller ESA (sjå kapittel 5). Kartlegginga departementet har gjennomført, viser at denne offentlege støtta ofte er organisert i ulike former for tilskotsordningar, der ulike aktørar kan søke om middel til å produsere prioritert allmennkringkastingsinnhald. Departementet har berre funnet eitt eksempel på at offentleg støtte blir gitt i form av overføring av middel til privateigde kringkastarar med allmennkringkastingsplikter, og det er til lokale/regionale kringkastarar i Sveits. Kartlegginga tek i hovudsak for seg relevante døme frå Europa. Likevel finn vi eit døme på ei ordning der allmennkringkastingsinnhald i hovudsak blir finansiert gjennom tilskotsordningar utanfor Europa. På New Zealand konkurrerer fleire aktørar om dei offentlege midla.
4.2 Danmark
Det er elleve ulike institusjonar som blir kalla allmennkringkastarar i Danmark: Danmarks Radio (DR), TV 2 Danmark, dei åtte regionale TV 2-verksemdene og Radio 24syv. DR og dei åtte regionale TV 2-verksemdene er organisert som høvesvis sjølvstendig offentleg institusjon og sjølveigde institusjonar underlagd Kulturministeriet. Den kommersielle allmennkringkastaren, TV 2 Danmark (TV 2) er organisert som eit aksjeselskap og heileigd av staten.
Danmark har organisert den offentlege finansieringa av allmennkringkasting med ein apparatnøytral medielisens som må betalast av husstandar med lisenspliktige apparat. Rammene for finansieringa og fordelinga av lisensmidla blir fastsette i fireårige medieavtalar mellom dei politiske partia i Folketinget. Danmarks Radio (DR) og dei åtte regionale TV 2-verksemdene blir finansierte av lisens. DR mottek den største delen av lisensmidla.1 I tillegg blir delar av lisensinntektene sette av til andre medie- og filmrelaterte formål. TV 2 mottek ikkje offentleg støtte til drift eller for å oppfylle allmennkringkastingspliktene2, men samarbeider med dei åtte lisensfinansierte regionale TV 2-verksemdene, som sender i regionale vindauge på TV 2 sin hovudkanal. Dei regionale TV 2-verksemdene er i all hovudsak finansierte gjennom lisensen, og TV 2 får inntekter frå reklame i dei regionale sendingane.
For å auke konkurransen om å levere allmennkringkastingsinnhald er det gjennom medieavtalen også oppretta eit fond for støtte til danske allmennkringkastingsproduksjonar (Public Service-Puljen). Fondet vart første gong etablert som eit ledd i medieavtalen for 2007 til 2010, og har etter dette blitt vidareført i seinare avtalar. I avtaleperioden frå 2012 til 2014 vart det sett av 30 millionar danske kroner i året til fondet, og i perioden 2015 til 2018 skal det kvart år setjast av 35 millionar danske kroner frå medielisensen, i tillegg til at lisensmidla på til saman 30 millionar danske kroner som har blitt til overs frå 2013 og 2014, skal leggast til fondet. I tillegg er det gjeve eit eingongsbeløp på 17 millionar danske kroner til regionale produksjonar. Dette inneber at fondet har ei løyvingsramme på til saman 46,75 millionar danske kroner årleg fram til og med 2018.
Formålet med fondet er å sikre produksjon og utbreiing av tv-program som i innhald, form og uttrykk representerer «originalitet, betydning og kvalitet», og auke moglegheitene for at det danske folket skal få sjå allmennkringkastingsinnhald også på kommersielle kanalar.3 I retningslinjene for tildeling av støtte går det fram at «[d]e støttede programmer skal i et væsentlig omfang leve op til et eller flere af de fastsatte public service målsætninger for ordningen». Med fondet er det altså innført ei støtteordning for offentleg finansiering av program, i tillegg til den etablerte støtta til allmennkringkastingsinstitusjonar. Ordninga er notifisert og godkjend av EU-kommisjonen.
Det er ei rekke vilkår for tildeling av fondsmidla. Søknader må kome frå tv-kanalar, men eit tv-program som får støtte skal produserast av eit uavhengig produksjonsselskap.4 For å ha rett til støtte må tv-kanalen vende seg til Danmark og nå minst 50 prosent av dei danske husstandane. Korkje DR, dei regionale TV 2-verksemdene, eller ikkje-kommersielle lokale tv-kanalar kan få støtte. Det blir gjeve støtte til utvikling og produksjon av dansk tv-drama og tv-dokumentarar, i tillegg til program i alle sjangrar for barn og unge. Midla er i utgangspunktet fordelt med 70 prosent til tv-drama og 30 prosent til tv-dokumentarar, og minst 25 prosent av dei samla midla skal gå til program for barn og unge. Produksjonsstøtta kan normalt ikkje utgjere meir enn 50 prosent av dei samla produksjonskostnadane. Program som får støtte kan ikkje bli avbrotne av reklame eller innehalde produktplassering. I den siste avtalen vart det opna for at bestillingstenester som er retta mot det danske publikummet kan få støtte. Føresetnaden er at tv-programmet deretter blir send på ein «flow-kanal» (lineær tv-kanal) på same vilkår.
Fondet blir forvalta av Det Danske Filminstitut, og det er ei eiga styringsgruppe for fondet som avgjer kva søknader som får støtte. Filminstituttet evaluerer også ordninga før kvar nye avtaleperiode. I evalueringa av fondsperioden 2011 til 2013 går det fram at tv-stasjonane opplever at dei programma som får støtte, betyr ei stor økonomisk, innhaldsmessig og kvalitativ satsing på danskspråkleg produksjon. Dei blir sedde på som «fyrtårn» på dei enkelte stasjonane.5 Filminstituttet si vurdering er at fondet har tent formålet sitt. Den utbetalte støtta bidrog i denne perioden til ein samla produksjon av allmennkringkastingsinnhald hjå dei uavhengige produksjonsselskapa på 315,9 millionar kroner. Støttemidla utgjorde 30 prosent. Evalueringa konkluderer med at dette indikerer at ordninga langt frå fullfinansierer nye allmennkringkastingstilbod til det danske folket, men at ho først og fremst stimulerer nye satsingar. Samtidig blir det understreka kor viktig ei støtteordning er for at dei private tv-stasjonane skal kunne levere danskprodusert innhald som til no berre har vore produsert av DR.
4.3 Irland
Irland har to allmennkringkastarar, RTÉ – Raidió Teilifís Éireann og TG4 – Teilifís na Gaeilge. TV3 er ein kommersiell «free-to-air» kanal med allmennkringkastingsplikter som ikkje får statsstøtte. Irland organiserer den offentlige finansieringa av allmennkringkastinga med ei apparatbasert lisensavgift på fjernsynsmottakarar, som husstandar og bedrifter betalar. Inntektene frå lisensavgifta går i hovudsak til RTÉ og TG4, men sju prosent av dei samla lisensinntektene går til tilskotsordninga «Sound and Vision».
Formålet med tilskotsordninga «Sound & Vision» er å styrke mangfaldet i programtilbodet og støtte produksjonen av nye kvalitetsprogram om irsk kultur, arv og erfaring. Kvalitetsprogramma skal gje folket kompetanse og kunnskap. Program om klimautfordringar og historie, eller program som aukar kjennskapen til og forståing av globale problem, kan få støtte. Det er eit mål med ordninga å gjere denne typen program meir tilgjengelege for det irske folket, at mangfaldet i den irske arven og kulturen blir representert i programtilbodet og at delar av den irske arven og munnlege tradisjonar som er i ferd med å gå tapt, blir spela inn og dokumentert. I kunngjeringa av ordninga er det presisert at omgrepa irsk kultur, arv og erfaring har ei vid tolking, og omfattar også moderne og samtidige uttrykk. Program som får støtte, må vere anten på irsk, engelsk, tospråkleg (irsk og engelsk) eller fleirspråkleg (irsk og to eller fleire språk). For tospråklege eller fleirspråklege program er det eit krav at minst 30 prosent av det språklege innhaldet er på det irske språket. Program både på nasjonalt og lokalt nivå kan få støtte. Ei rekke format og sjangrar er omfatta av ordninga. Søkarane sjølve må kategorisere prosjektet det er søkt om i format og sjanger. Dokumentar, utdanning, animasjon, drama og underhaldning er format som er omfatta av støtteordninga. Barneprogram, kunst- og kulturprogram og program om samfunn, historie, arv, natur, vitskap, miljø, vaksenopplæring og mediekompetanse er sjangrar som er omfatta. Nyheits- og aktualitetsprogram får ikkje støtte.
Uavhengige produsentar og kringkastarar under irsk eller europeisk jurisdiksjon kan søke om midlar frå tilskotsordninga. Ein føresetnad er at søkaren har tilsegn om at produksjonen vil bli send innanfor sentral sendetid på ein kanal hos ein kvalifisert kringkastar. For radio gjeld dette ein kringkastar som har konsesjon frå det irske kringkastingstilsynet, Broadcasting Authority of Ireland (BAI) eller ein av allmennkringkastaren RTÉs kanalar. For tv-program gjeld dette «free-to-air»-kanalar som har tilnærma full nasjonal dekning, eller ein eigna distributør som tilbyr kringkastingstenester til allmenta6, eller eit felles sendarnett (MMD-system) for å formidle kringkastingsprogram på lokalt nivå.7 Desse føresetnadane bidreg til å sikre at produksjonar som får støtte, blir gjort mest mogeleg tilgjengelege for folket på attraktive sendetidspunkt. Produksjonar som får støtte, skal óg vere gratis tilgjengelege og sendast på kanalar eller plattformer med stor dekning. Alle tv-program som får støtte, må i tillegg tekstast for høyrslehemma.
Vilkåra for tilskotsordninga er nedfelde i den irske kringkastingslova (Broadcasting Act 2009). Tilskotsordninga er administrert av BAI, som utlyser tildelingsrundar med søknadsfristar og vilkår for tildelinga av støtte.8 Det har til no vore gjennomført tre hovudrundar. Den hittil siste hovudrunden, Sound & Vision 3, vart kunngjord 3. februar 2015 med 24 millionar euro i potten, og vil bli utlyst i fem tildelingsrundar over to år.
4.4 Storbritannia
På nasjonalt nivå har Storbritannia fire allmennkringkastarar, BBC og tre kommersielle allmennkringkastarar: ITV, Channel 4 og Channel 5. ITV og Channel 5 er privateigde, medan Channel 4 er offentleg eigd. På regionalt nivå er det, i tillegg til S4C, to kommersielle allmennkringkastarar: STV og UTV.
Allmennkringkastingsverksemda skal sikre eit allment tilgjengeleg og breitt innhaldstilbod av høg kvalitet, som tek vare på så mange ulike publikumsgrupper som mogleg, og at tilbodet som blir formidla har ein verdi for samfunnet framfor eit reint kommersielt føremål. Kommersiell allmennkringkasting er regulert i The Communications Act 2003, og heimlar mellom anna vilkår for allmennkringkastaroppdraga, tilsyn og sanksjonar knytt til oppfyllinga av pliktane og myndigheit til å endre vilkåra. Dei kommersielle allmennkringkastarane har fått lempa på sine plikter dei seinare åra som følgje av digitaliseringa og endringar i marknaden.
I Storbritannia er den offentlege finansieringa av allmennkringkasting organisert i ei apparatbasert lisensavgift på fjernsynsmottakarar, som må betalast av husstandar, bedrifter og organisasjonar. Fram til 2013 var det berre BBC som fekk inntektene frå lisensavgifta, men frå 2013 blir lisensmidla bruka til å delfinansiere den walisiske tv-kanalen S4C. Begge desse aktørane er offentleg eigde verksemder.
12. mai 2016 la den britiske regjeringa fram forslag til finansiering og organisering av BBC i den komande charterperioden, som byrjar i 2017. Her tilrår regjeringa å bruke delar av lisensmidlane til å etablere eit nytt fond der andre kringkastarar og produsentar kan konkurrere om å få støtte til å produsere allmennkringkastingsinnhald innanfor sjangrar som er underrepresenterte i det eksisterande tilbodet. Målet er å legge til rette for det beste allmennkringkastingsinnhaldet i Storbritannia og auke mangfaldet i dette tilbodet. Det er foreslått at det årleg blir sett av 20 millionar britiske pund til eit slikt fond.
I meldinga blir det vist til at lisensavgifta må betalast av alle ser som på fjernsyn, uavhengig av kva for kanalar ein mottek eller korleis dei blir motteke. Avgifta er såleis ikkje betaling for BBCs tenester eller andre spesifikke tv-tilbod, sjølv om inntektene frå lisensavgifta blir brukt til å finansiere BBC. Sjølv om størstedelen av inntekta frå lisensen går til BBC, blir også delar av inntekta bruka til andre formål, t.d. allmennkringkastingsinnhald på S4C. Denne tilnærminga gjer at óg andre enn BBC, gjennom konkurranse, kan få ein del av lisensinntektene mot å levere høg kvalitet. Dette er vurdert som ein god måte å sikre at ein får mest mogeleg ut av offentlege midlar. Ofcom har i tilsynet med allmennkringkastingstilbodet vist at omfanget av program innanfor visse sjangrar er redusert. Dette gjeld barneprogram, religion- og livssynsprogram, utdanningsprogram og program om kunst og klassisk musikk. Det er også vist ein nedgang i tilbodet til visse minoritetsgrupper og i dekninga av innhald som reflekterer og skildrar England, Wales, Skottland og Nord-Irland. For mange av desse programtypane gjeld det at BBC nesten er åleine om å ha eit tilbod. For å få til eit større mangfald i programtilbodet er det behov for å stimulere til auka produksjon av kvalitetsprogram i visse sjangrar. Når fleire aktørar konkurrerer om produksjonsstøtte, forventar ein at nytt og friskt innhald veks fram. I England viser ein til at både Irland og New Zealand har hatt tilsvarande støtteordningar i fleire år.
Regjeringa tek sikte på eit treårig prøveprosjekt med et slikt fond i den nye charterperioden. Planen er å setje av 20 millionar britiske pund kvart år. På denne måten vil fondet få opptil 60 millionar pund i prøveperioden. Finansieringa vil i denne perioden bli henta frå ubruka lisensmiddel i lisensavtalen frå 2010. Desse midla var bundne til breibandsutbygging og lokal-tv, og er såleis middel som kjem i tillegg til, og er åtskilde frå, avtalen mellom regjeringa og BBC frå 2015. Kringkastarar eller produsentar vil kunne få støtte til produksjonar innanfor prioriterte allmennkringkastingsområde. Ein føresetnad for støtte vil vere at produksjonen skal sendast på ei plattform som når ut til tilstrekkeleg mange og er gratis. Dei kommersielle allmennkringkastarane Channel 4, Channel 5 og ITV er døme på kanalar som oppfyller desse kriteria. Regjeringa vil ha offentleg høyring om kva instans som best kan administrere eit slikt fond og kva for vurderingskriterium som skal gjelde når ein tildeler fondsmiddel.
Regjeringa legg opp til at fondsadministrasjonen er operativ, og kan tildele dei første midla i 2018/2019, dersom EU-kommisjonen godkjenner at ordninga er i samsvar med vilkåra for å gje unntak frå forbodet mot statsstøtte.
4.5 Sveits
Det er to typar aktørar som blir kalla allmennkringkastarar i Sveits. Den primære allmennkringkastaren er den offentleg eigde radio- og tv-organisasjonen Schweizerische Radio- und Fernsehgesellschaft (SRG SSR), som har i oppdrag å tilby riksdekkande radio- og tv-tilbod til alle dei fire sveitsisk-språklege regionane. Dei fire offisielle språka i Sveits er tysk, fransk, italiensk og retoromansk. I tillegg er det ei rekkje privateigde tv-stasjonar som har eit regionalt/lokalt allmennkringkastingsoppdrag.
I Sveits er den offentlege finansieringa av allmennkringkasting organisert gjennom ei apparatbasert lisensavgift på radio- og fjernsynsmottakarar, som må betalast av husstandar og bedrifter som har slike apparat. Etter ei folkeavrøysting 14. juni 2015 om endringar i den sveitsiske føderale lova om radio og tv, er det bestemt ei omlegging av finansieringsmodellen til ei husstandsbasert avgift (non-device-dependent universal media fee), uavhengig av om ein har eit radio- eller fjernsynsapparat. Hovuddelen av lisensinntektene på til saman 1,35 milliardar sveitsiske franc blir overført til allmennkringkastaren SRG SSR, og 65 millionar sveitsiske franc (fem prosent) blir overført til lokale og regionale kringkastarar som har eit allmennkringkastaroppdrag. Den nemnde lovrevisjonen av den sveitsiske føderale lova om radio og tv, som gjeld frå 1. juli 2016, innebar også ei styrking av de lokale/regionale private kringkastarane som har et allmennkringkastaroppdrag, som får ein større del av lisensavgifta/medieavgifta. Det er 12 lokale radiostasjonar og 13 regionale tv-stasjonar som mottek slike løyvingar.
4.6 New Zealand
Det er tre allmennkringkastingsinstitusjonar på New Zealand. Den største allmennkringkastaren er RNZ, som har to reklamefrie nasjonale radiostasjonar og sendingar til Stillehavsområdet. Den andre er TVNZ, som er organisert som ei uavhengig offentleg verksemd og fungerer som ein kommersiell kringkastar, men som får offentleg finansiering for å sende minst 11 timar kvar veke til øynasjonane i Stillehavet. Den tredje aktøren er Maori Television, som er ein offentleg allmennkringkaster som får offentleg finansiering for å fremje maori språk og kultur. Maori television får primært støtte gjennom «Vote Mahori Affairs» og «Te Mangai Paho». NZ On Air finansierar dei to nasjonale radiostasjonane til RNZ og ei tilskottsordning for produksjon av ulike typar allmennkringkastingsinnhald på ulike typar mediekanalar (tv, radio og nye medieplattformar) som er allment og gratis tilgjengelegge.
New Zealand organiserer offentleg støtte til program av allmennyttig karakter gjennom statsorganet, New Zealands Broadcasting Commission (NZ On Air). Tilskotsordningane er regulerte i kringkastingslova av 1989. NZ On Air er leia av eit styre, utpeikt av kringkastingsministeren. NZ On Air er eit uavhengig forvaltningsorgan under Departementet for kultur og arv, som administrerer løyvingane til NZ On Air på vegne av kringkastingsministeren. I tillegg heimlar kringkastingslova ei årleg innbetaling frå newzealandske kringkastarar til NZ On Air, basert på samla inntekt frå kringkastingsverksemda på New Zealand i føregåande rekneskapsår.
I 2015 var det delt ut 132 millionar newzealandske dollar9 til produksjon av innhald til tv, radio og nett. Desse midla finansierte blant anna 916 timar tv-innhald – frå 58 ulike produsentar. Når det gjeld radio, bidrog støtta til produksjon av radio på over 40 ulike språk. I evalueringa av ordninga blir det vist til at støtteordninga er ein suksess. Grunnen er at innhald som reflekterer newzealandsk kultur og identitet, appellerer til mange ulike menneske. I tillegg er innhaldet spesielt verdsett blant publikumsgrupper som aktivt vel dette innhaldet framfor det store volumet av utanlandsk innhald som er tilgjengeleg. NZ On Air samarbeider også med det motsvarande forvaltningsorganet Te Reo Whakapuaki Irirangi (Te Mãngai Pãho), som administrerer tilskotsordningar som fremjar språket og kulturen til maoriane på ulike medieplattformer. Forvaltningsorganet administrerer tilskotsordningar som har som formål å fremje og finansiere program og innhald i ulike medium, som er kollektive gode (public service) og «free-to-air». Det blir vist til at New Zealand er ein liten marknad, og at den offentlege støtta skal bidra til produksjon av eit innhaldstilbod som reflekterer og utviklar newzealandsk kultur og identitet. Målet er å gje det newzealandske folket eit variert, relevant og lokalt innhaldstilbod, som marknaden sjølv ikkje tilbyr.
Program for fjernsyn og digitale medium kan få støtte, i tillegg til programinnhald på radio og musikk. NZ On Air tildeler offentleg støtte både gjennom tilskotsordningar, der søkarar konkurrerer om utlyste middel, men også ved direkte, årlege overføringar til bestemte verksemder. Innhaldskategoriar som får støtte, er dokumentarar og faktaprogram, drama og komediar som reflekterer og utviklar newzealandsk kultur og identitet, barne- og ungdomsprogram, program om kunst og kultur, program om maoriane sine perspektiv og historie som appellerer til eit breitt publikum, regionale nyheiter og informasjon på alle medieplattformer, samt nisjeprogram retta mot ulike minoritetsgrupper, også språklege og etniske minoritetar og personar med funksjonshemmingar.
Det blir gjeve støtte til breiddeprogram for store publikumsgrupper og nisjeprogram for smalare grupper. Begge programtypane blir vurderte som like viktige for formålet til ordninga. Berre innhald som blir gjort tilgjengeleg på opne «free-to-air»-kanalar, kan få støtte. Dette er for å sikre at innhaldet er gratis tilgjengeleg for skattebetalarane, som har bidrege til finansieringa. Dei opne kanalane er kategorisert i fire typar: 1) dei riksdekkande, free-to-air- kanalane (TV One, TV 2, TV3), 2) free-to-air kanalane som er riksdekkande, men har smalare publikumsoppslutnad (Prime, Mãori Television, FOUR, Choice), 3) opent tilgjengelege innhaldsleverandørar og 4) regionale «free-to-air»-kringkastarar. Det er ein føresetnad for støtte at dei som søkjer har sikra seg at innhaldet kan bli vist på ei av dei kvalifiserte plattformene på ein slik måte at programmet blir tilgjengeleg for eit tilstrekkeleg stort publikum. NZ On Air kontrollerer likevel ikkje når kringkastaren programset programmet.
Det blir gjennomført fem tildelingsrundar kvart år, og kvar kunngjering omfattar fleire ulike tilskotsområde. NZ On Air gjennomfører også publikumsundersøkingar og ser på breidda av dei prosjekta som får støtte, for å sikre at målet om at tilskotsordningane skal bidra til eit mangfaldig programtilbod blir innfridd. Dersom det blir avdekt eit tomrom, kan NZ ON Air etterspørje søknader innanfor bestemte programtypar.
2015 markerte 25 år med tilskotsordningar for lokalt newzealandsk programinnhald og musikk gjennom NZ On Air. Ordninga har hatt sitt tyngdepunkt i lineær, «free-to-air»-tv, som i dei siste åra har vore prega av nedgang i oppslutnad og fragmentering av publikumsgrupper. Å sikre newzealendarane tilgang til eit mangfaldig, relevant newzealandsk innhald blir vurdert som viktigare enn nokon gong i lys av medieutviklinga, med stadig aukande tilgang til innhald frå andre stader i verda og endringar i korleis folk konsumerer medieinnhald. Det blir understreka kor viktig det er å vere oppdatert på endringane på medieområdet for å sikre at tilskotsordningane er framtidsretta og held fram med å verke i samsvar med formålet. Mellom anna er det viktig å sikre at publikum finn innhald som har fått støtte både på kringkastingsplattforma (lineært) og på online-plattformer (ikkje-lineært). Støtta til regionale nyheiter og informasjonsinnhald vart revidert i 2015, og inkluderer no nye medieplattformer i tillegg til lineær kringkasting. Sjølv om lineær tv og radio framleis har høg oppslutnad, er det viktig at støtteordninga omfattar også nettmedieplattformer for å treffe større delar av folket, særleg dei unge. NZ On Air har nyleg etablert ei internasjonal tilskotsordning for samproduksjonar på digitale medium, i samarbeid med Canada.
Fotnotar
DR fikk 83,5 prosent av lisensmidla i 2015, eksklusiv meirverdiavgift.
TV 2 Danmark vart i perioden 1995 til 2002 også delfinansiert av lisensinntekter, men denne statsstøtta vart etter klage frå Viasat og SBS kjend ulovleg av EU-Kommisjonen i 2004. TV 2 vart pålagd å tilbakebetale fleire hundre millionar danske kroner i ulovleg utbetalt statsstøtte. Kommisjonens vedtak vart likevel oppheva av EU-domstolen i 2008, men ulike søksmål og klager på den opphavelege statsstøttesaka gjer at situasjonen ennå ikkje er avklart.
Kriteria for støtte til program går fram av kunngjeringa av Public Service Puljen, http://www.dfi.dk/Branche_og_stoette/Stoette/Public-Service-Puljen.aspx
Det vil seie eit selskap som ikkje er kontrollert av eit tv-selskap eller VOD-teneste, verken ved eigarskap eller anna forretningstilknyting.
Evaluering av Public Service Puljen, http://www.dfi.dk/Branche_og_stoette/Stoette/Public-Service-Puljen.aspx
Broadcasting Act 2009, § 77 Must-carry and must-offer obligations.
Broadcasting Act 2009, § 72 Community content provision contracts.
https://www.screenproducersireland.com/sites/default/files/broadcasting-funding-scheme-sound-vision-iii-guidelines-for-applicants-may-2015.pdf
Svarar til i underkant av 778 millionar norske kroner, oktober 2016.