Meld. St. 19 (2023–2024)

Profesjonsnære utdanningar over heile landet

Til innhaldsliste

5 Meir likestilling og mangfald i profesjonsutdanningane

Figur 5.1 

Figur 5.1

Mangfald i utdanningane er ein viktig verdi i seg sjølv, men også eit verkemiddel for å skape kvalitet i utdanningane og for å nå målet om nok folk til å drive velferdsstaten. Utdanning kan bidra til at arbeidsstyrken aukar og at vi inkluderer fleire i arbeids- og samfunnslivet. Regjeringa ønsker å ta i bruk heile landet, det gjeld ikkje berre distrikta, men alle folka som bur i landet.

I Noreg er det eit grunnleggande prinsipp at alle skal ha lik tilgang til utdanning, og dermed lik tilgang til moglegheiter og til å forfølge interessene og talenta sine. Utdanningssystemet er eit viktig verkemiddel for å jamne ut forskjellar i samfunnet og forskjellar i arbeidsdeltaking.

I kapittel 2 er det gjort greie for korleis profesjonsutdanningane slår ut på nokre utvalde mangfaldskategoriar. Regjeringa meiner at mangfald i utdanningane må bli forstått frå fleire perspektiv. Dei ulike mangfaldsperspektiva nedanfor viser ei brei tilnærming til mangfald. Det betyr at utdanningsinstitusjonane må skape eit større rom, slik at alle får like moglegheiter til å delta ut frå føresetnadene og behova sine. Målet er å snu perspektivet frå integrering til å inkludere. Regjeringa vil at følgande skal ligge til grunn for mangfaldsarbeidet til alle utdanningsinstitusjonane:

Rekruttering: Det er eit mål at profesjonsutdanningane i større grad rekrutterer frå alle delar av befolkninga når det gjeld både kjønn, sosial og kulturell bakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Profesjonsutdanningane skil seg ut som lite kjønnsbalanserte. Det er også ei utfordring at studentar med innvandrarbakgrunn1 er underrepresenterte i mange av profesjonsutdanningane. Dei ulike gruppene liknar ikkje nødvendigvis på kvarandre, og dei har ikkje alltid felles utfordringar. Derfor må både styresmakter og institusjonar ha ulike strategiar og tiltak for å auke mangfaldet blant studentane.

Behova i samfunnet: Profesjonsutøvarar møter ei mangfaldig gruppe barn, unge og vaksne med mange ulike behov. Dei som blir utdanna, bør spegle det same mangfaldet. Profesjonsutøvarane må også ha kompetanse til å møte alle behova. Rammeplanane til utdanningane gir stor fridom til å vareta dei ulike mangfaldsperspektiva i både teori og praksis. Derfor er det også eit mål å sikre eit godt samarbeid mellom utdanningane og arbeidslivet, slik at sluttkompetansen til studentane speglar det mangfaldet dei kjem til å møte.

Innhald i utdanningane: Både pensum og undervisning bør vere tilpassa mangfaldet i befolkninga. Dette vil bidra til at studentane betre kan løyse utfordringane dei møter som profesjonsutøvarar. Mangfald i val av pensum må vere i tråd med krava til kvalitet, akademisk fridom og vitskapleg objektivet og nøytralitet.

Fagmiljø: Mangfald i fagmiljøa handlar mellom anna om at institusjonane bør ha som mål å rekruttere tilsette både med kompetanse om mangfald, men også generelt rekruttere med mål om at dei tilsette skal spegle befolkninga. Det er viktig at institusjonane har ein bevisst strategi for rekruttering.

Struktur og system: Institusjonane må arbeide for at alle har tilgang til utdanningane. Det gjeld fysisk tilrettelegging, som å kome inn der undervisninga skjer, oppdaterte hjelpemiddel og teknisk utstyr. For profesjonsutdanningane er det spesielt viktig å sikre at praksisperiodane også blir tilpassa dei ulike føresetnadene og behova til studentane. Institusjonane bør ha eit system for samarbeid med dei ulike hjelpetenestene i kommunane, og til dømes NAV, for å sikre at studentane får hjelp når dei har varige eller mellombelse behov for hjelp og støtte.

Demokrati: Profesjonar kan i stor grad påverke politikkutviklinga og prioriteringar av ressursar nasjonalt og lokalt. For å sikre legitimiteten i avgjerder i demokratiet er det eit mål at profesjonane speglar samfunnet.

5.1 Barrierar for mangfald i profesjonsutdanningane

Som vist i kapittel 2 speglar ikkje profesjonsutdanningane mangfaldet i samfunnet, sjølv om det berre er nokre få kjenneteikn ved studentane som er plukka ut. Lærarutdanningane, helse- og sosialfagutdanningane og ingeniørutdanningane er prega av sterke kjønnsforskjeller. Dei fleste av desse profesjonsutdanningane har betydeleg høgare del kvinner enn i høgare utdanning totalt. Høgast er kvinnedelen på masterutdanning i jordmorfag og i barnesjukepleie. Deretter følger bachelor i sjukepleie, bachelor i sosialt arbeid, master i intensivsjukepleie og bachelor i barnevern. Utdanningar som kvalifiserer til arbeid med små barn, er spesielt populære blant kvinner. Grunnskulelærarutdanninga for trinn 5–10 har nesten dobbelt så stor del menn som grunnskulelærarutdanninga for trinn 1–7.2 For ingeniørutdanninga er situasjonen motsett. I 2023 er 21 prosent av dei registrerte studentane på ingeniørutdanningane kvinner.3

Mykje av forskinga på kjønnsdelte utdanningsval har dei siste ti åra vore individorienterte og retta mot val av realfag hos jenter og kvinner. Jenter har framleis lågare sannsyn for å velje karrierar innan matte, naturfag og teknologi, sjølv med same prestasjonsnivå og same relative faglege styrkar som gutar.4

Ein barriere for betre kjønnsbalanse i lærarutdanningane ser ut til å vere at gutar ikkje får erfaring med å jobbe med barn eller vere saman med barn i same grad som jenter. Det å ønske og jobbe med barn er ein grunnleggande motivasjon for dei som vil bli lærarar på trinn 1–7. Erfaring med barn aukar dette ønsket, og jenter har denne erfaringa i større grad enn gutar. Forskingslitteraturen tilrår at skular legg til rette for at gutar får praksis i barnehagar eller barneskular som ein del av opplæringa.5

UiT Norges arktiske universitet gjennomfører eit pilotprosjekt for å rekruttere fleire gutar til helsefaga med mål om å oppnå jamnare kjønnsbalanse. Piloten har fått tildeling frå Bufdir for 2023 og 2024. NTNU deltek som samarbeidande institusjon i prosjektet som skal legge grunnlag for vurdering og utvikling av ei mogleg nasjonal satsing. Tiltaka og aktivitetane i piloten skal bidra til at unge har god informasjon om helsefaglege utdanningar og yrke og er kjende med moglegheitene i helse- og omsorgssektoren, og at unge i mindre grad blir prega av stereotypiar og normer som fører til kjønnsdelte utdanningsval. Gjennom piloten blir mannlege helsefagstudentar og menn i helsefaglege yrke engasjert som rollemodellar, og dei møter dei unge i samband med skulebesøk og arrangement og på digitale flater. Det blir gjennomført ulike tiltak for elever og tilsette i skulen, og piloten har utvikla eit undervisningsopplegg for faget utdanningsval i ungdomsskulen. Det er også eit mål at lærarar, rådgivarar og rettleiarar skal ha god oversikt over helsefaglege utdanningar og yrke og vere kjende med årsaker til og konsekvensar av kjønnsdelte utdanningsval. Pilotprosjektet er integrert i den ordinære studentrekrutteringsaktiviteten på universitetet og samarbeider med andre nasjonale og regionale prosjekt og aktørar, og dessutan skule, kommune og fylke.

Dei fleste treårige profesjonsutdanningane har lågare del minoritetsstudentar enn gjennomsnittet for norsk høgare utdanning. Av grunnutdanningane skil grunnskulelærarutdanningane og fysioterapi seg ut med spesielt låge delar studentar med innvandrarbakgrunn.6 Men som vist i kapittel 2 ser det ut til å vere ei positiv utvikling på fleire av desse utdanningane dei siste åra. Også på fleire av dei femårige profesjonsutdanningane er studentar med innvandrarbakgrunn underrepresenterte. Eit unntak er farmasi- og reseptarfaget, der studentar med majoritetsbakgrunn utgjer eit mindretal.

Fleire rapportar peiker på at sosioøkonomisk bakgrunn er ein viktig forklaringsfaktor for ulikskap i deltaking i høgare utdanning. Forskjellen i deltaking før fylte 21 år mellom dei med høgast og lågast nivå på foreldra si utdanning er på rundt 15 prosentpoeng.7 For fleire av profesjonsutdanningane, særleg dei treårige og lærarutdanningane, ser biletet litt annleis ut. Delen studentar som har foreldre med høgt utdanningsnivå, er lågare i dei fleste profesjonsutdanningane enn gjennomsnittet i norsk høgare utdanning.8 Helsefag og lærarutdanningar er store utdanningar totalt sett, delen som vel disse utdanningane, er relativt låg blant unge med høgt utdanna foreldre.9

Studentar kan vere i fleire ulike kategoriar, og dette vil følgeleg kunne påverke graden av deltaking i høgare utdanning. Eit døme er at deltaking i høgare utdanning aukar jo meir sentralt studenten budde ved fylte16 år. Betydninga av sentralitet er likevel relativt liten for personar med høg sosioøkonomisk bakgrunn, men blir betydeleg for personar med låg sosioøkonomisk bakgrunn.10

Det er lite kunnskap om korleis sosial bakgrunn, innvandrarbakgrunn og bustad påverkar utdanningsval. Hovudfunna viser at utdanninga til foreldra påverkar kva utdanning barna deira vel, men at denne samanhengen er svakare for jenter enn for gutar. Vidare viser det seg at barn av innvandrarar gjer litt mindre kjønnsdelte utdanningsval enn majoritetsbefolkninga, og at utdanningsvala generelt er meir kjønnsdelte i mindre sentrale strøk. Det ser ut til å henge saman både med moglegheitene på dei lokale arbeidsmarknadene og med meir tradisjonelle haldningar til kjønn og kjønnsroller utanfor dei store byane.11

Vidare søker personar med funksjonsnedsetting seg til høgare utdanning i like stor grad som resten av befolkninga, men mange fell frå før studiestart.12 Studentar med funksjonsnedsettingar opplever pedagogiske, fysiske, digitale og sosiale barrierar i høgare utdanning.13 I éin analyse seier 80 prosent at dei må jobbe hardare med studiet enn andre, og at dei må bruke mykje tid på å organisere studiekvardagen som ei følge av funksjonsnedsettinga deira. Vidare seier rundt 40 prosent at dei som følge av funksjonsnedsettinga har redusert studieprogresjon. Av desse svarer to av tre at betre tilrettelegging kunne ha redusert desse negative konsekvensane.14 I ei undersøking frå SSB kjem det fram at kvar femte student med ei funksjonsnedsetting opplever at funksjonsnedsettinga er til hinder eller til svært stort hinder for studia. Berre 23 prosent meiner at støtta dei får frå lærestaden, er tilstrekkeleg.15

Studentar med funksjonsnedsetting ønsker alternative læringsressursar som opptak av undervisninga, tilgang på digitale læremiddel, lydbok og utdeling av forelesingsnotat. Mange ønsker meir tilrettelegging på eksamen og meir støtte og individuell tilrettelegging undervegs i studiet. Betre informasjon ser ut til å vere eit tiltak som kan betre studiekvardagen for mange. Nesten 75 prosent seier at dei ikkje fekk informasjon om tilrettelegging eller hjelpemiddel frå lærestaden ved studiestart.16

Regjeringa har fått innspel frå likestillings- og diskrimineringsombodet til meldinga. Ombodet fortel at dei får førespurnader frå studentar med funksjonsnedsetting som ikkje får tilrettelagt praksisplassar, noko som gjer at dei kan bli forseinka i studieløpet eller falle frå. Ombodet meiner at utdanningsinstitusjonane bør kartlegge behova til studentane tidleg og sikre at det alltid finst praksisplassar som er tilrettelagde for studentar med ulike funksjonsnedsettingar. Ombodet får mange tilbakemeldingar om studentar som ikkje får god nok informasjon om tilrettelegging, og meiner at mange utdanningsinstitusjonar praktiserer tilretteleggingsregelen i likestillings- og diskrimineringslova for strengt. Det er også eit problem at mange utdanningsinstitusjonar ikkje er universelt utforma. Det er også store utfordringar med digitale læremiddel og at svaksynte eller blinde studentar ikkje får tilgang til pensum.17

Boks 5.1 Systematisk tilretteleggingsprosessved USN

Universitetet i Sørøst-Norge (USN) har ein systematisk tilretteleggingsprosess for studentar med funksjonsnedsetting. USN var det første universitetet i Noreg som innførte digitalt søknadsskjema for studentar som vil søke om tilrettelegging i studiesituasjonen. Dette bidrar til korrekt og transparent saks- og vedtaksprosess, der søknadane og vedtaka blir dokumenterte. Tilrettelegginga blir dermed systematisk og i mindre grad eit resultat av kunnskap og kompetanse frå den enkelte tilsett.

USN har eit svært godt samarbeid med NAV i regionen. Dei har oppretta ein samarbeidsavtale og har felles utviklingsprosjekt. Eit døme er Studieforberedende uker. Dette er eit tre vekers kurs for NAV-arbeidssøkarar som vurderer høgare utdanning. Kurset gir informasjon om, og ei reell oppleving av, korleis studentlivet kan vere. Kurset blir gjennomført på campus og deltakarane møter studentar, faglege og administrativt tilsette. Deltakarane og NAV får eit godt grunnlag for å vurdere om høgare utdanning er eit godt tiltak for den enkelte. Deltakarar som etter kurset søker seg inn til USN, kan ved behov få eit utvida rettleiingstilbod gjennom Studier med støtte. Dette er eit trepartssamarbeid med NAV, USN og inkluderingsbedrifta.

5.2 Kva er gjort for å auke mangfaldet i profesjonsutdanningane?

Det er mange forskjellige motiv og grunnar som driv utdanningsvala til enkeltmenneske. Dei ulike mekanismane verker ulikt i forskjellige grupper, men også til ulik tid og i forskjellige valsituasjonar.18 Dette gjer at det ikkje er enkelt å finne eitt enkelt tiltak som kan bidra til å sikre meir mangfald i profesjonsutdanningane. I løpet av dei siste tiåra har det blitt gjennomført mange tiltak for at mangfaldet i utdanningane skal auke. Nokre tiltak har vore gjennomførte på nasjonalt nivå, medan andre har vore drivne av institusjonane.

Mange universitet og høgskular er opptekne av og jobbar for mangfald blant dei tilsette og studentane. Fleire institusjonar peiker på at ein aukande del av studentane har norsk som andrespråk. Det er fleire som har sett i gang tiltak for å styrke språkkompetansen til studentane. NTNU er eit døme der institutt for lærarutdanning nyleg har sett i gang eit tiltak for å styrke studentane sin akademiske skrivekompetanse. Tiltaket rettar seg mot alle lærarstudentar, men har mellom anna mål om å støtte særskilt studentar som har innvandrarbakgrunn eller lite erfaring frå akademia, slik at dei får betre føresetnader for å fullføre lærarutdanninga. Høgskolen i Østfold har sett i gang eit nytt språkrettleiingstilbod, der studentar kan ta med tekstar og få praktisk hjelp der og då.

Fleire døme på korleis utdanningsinstitusjonane arbeider for å auke likestilling og mangfaldet, er vist i dette kapittelet.

5.2.1 Tidleg innsats for mangfald

Når ulike grupper har ulik deltaking i høgare utdanning, kjem det mellom anna av eit skeivt rekrutteringsgrunnlag frå vidaregåande opplæring. Særleg gutar, personar med lågare sosioøkonomisk bakgrunn og personar med funksjonsnedsettingar er underrepresenterte i gruppa som kvalifiserer til opptak i høgare utdanning.19 Dette bidrar igjen til utfordringar med å sikre mangfald i opptaka til profesjonsutdanningane.

Profesjonsutdanningane skal vere inkluderande og støtte opp under mangfald, samtidig som dei skal sikre at profesjonane klarer å møte dei ulike behova i tenestene på ein god måte. Men for at ein skal sikre mangfald og eit inkluderande samfunn må arbeidet gjerast allereie i grunnopplæringa.

Grunnopplæringa kan spele ulike rollar i arbeidet med mangfald i profesjonane. Den første og viktigaste rolla er å bidra til at alle får like moglegheiter til anten å velje ei yrkesutdanning eller å gå vidare til høgare utdanning.

I tråd med dette er elevane gitt sterke rettigheiter i opplæringslova. Mellom anna har dei rett til spesialundervisning dersom dei ikkje får eit tilfredsstillande utbytte av den ordinære opplæringa. Elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk, kan ha rett til særskilt språkopplæring. Dette er forsterka opplæring i norsk der målet er at elevane skal lære seg godt nok norsk til at dei skal kunne følge den ordinære opplæringa i skulen. I tillegg har alle elevar rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremmar helse, trivsel og læring. I dette ligg det også at skulen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Alle elevar har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behova deira. Skulen skal innrettast slik at det blir teke omsyn til dei elevane ved skulen som har funksjonsnedsettingar.

Vidare kan grunnopplæringa spele ei rolle i å legge til rette for at unge er best mogleg rusta til å gjere gode val om vidare utdanning og yrke, basert på eigne interesser og føresetnader og kompetansebehova i samfunnet. Skulen kan gi elevane erfaringar med ulike yrkesfelt og møte med rollemodellar. Etter opplæringslova har elevane også rett til naudsynt rådgiving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval og om sosiale spørsmål. Retten til naudsynt rådgiving inneber at eleven skal kunne få informasjon, rettleiing, oppfølging og hjelp til å finne seg til rette på skulen og ta avgjerder om framtidige yrkes- og utdanningsval. Rådgivinga skal medverke til å utjamne sosial ulikskap, forebygge fråfall og inkludere etniske minoritetar. Det er likevel ikkje rådgivaren sin oppgåve å oppmuntre eleven til å ta utradisjonelle val for mangfaldets skuld.

5.2.2 Juridiske verkemiddel

I lov om likestilling og forbod mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringsloven) har offentlege myndigheiter ei aktivitets- og utgreiingsplikt. Dette vil seie at alle universitet og høgskular er lovpålagde å jobbe aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering i tenester og forvaltning. Dei har også plikt til å rapportere om arbeidet i årsrapportane. Aktivitetsplikta gjeld mellom anna kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsettingar og seksuell orientering og kjønnsidentitet. Likestillings- og diskrimineringslova stiller også krav om at tenestene skal vere av like god kvalitet og tilpassa dei enkelte brukarane og behova deira. Alle skal ha tilgang til likeverdige tenester.

Som arbeidsgivar skal institusjonane fremme likestilling og hindre diskriminering av alle grupper. Arbeidet skal mellom anna omfatte områda rekruttering, lønns- og arbeidsvilkår, forfremming, utviklingsmoglegheiter, tilrettelegging og moglegheit for å kombinere arbeid og familieliv.

Universitets- og høgskulelova § 10-5 stadfester at studentar med funksjonsnedsetting og studentar med særskilde behov har rett til eigna individuell tilrettelegging av lærestad, undervisning, praksis, læremiddel og eksamen. Tilrettelegginga skal sikre likeverdige utdanningsmoglegheiter, men kan ikkje gå ut over dei faglege krava som blir stilte i den enkelte utdanninga. Universiteta og høgskolane har ikkje plikt til å gjere tiltak som fører til ei uforholdsmessig byrde for verksemdene, og dette må vurderast utifrå ei skjønnsmessig vurdering. Statlege og private utdanningsinstitusjonar som er retta mot allmenta, har plikt til å sikre universell utforming av den alminnelege funksjonen for verksemda. Sidan statlege universitet og høgskular i hovudsak er finansierte over statsbudsjettet og private høgskular baserer seg på ein kombinasjon av offentleg støtte og privat betaling, skal det mykje til for at institusjonane skal kunne avslå individuell tilrettelegging med argument om at tilrettelegginga vil føre til ei uforholdsmessig økonomisk byrde.

Også etter likestillings- og diskrimineringslova har studentar med nedsett funksjonsevne ved utdanningsinstitusjonar rett til eigna individuell tilrettelegging av lærestad, undervisning, læremiddel og eksamen, for at dei skal vere sikra likeverdige opplærings- og utdanningsmoglegheiter. Retten gjeld tilrettelegging som ikkje inneber ei uforholdsmessig byrde.

Kjønnspoeng og kvotar

I tillegg til aktivitetsplikta og plikta til å legge til rette for studentar med funksjonsnedsetting og studentar med særskilte behov, har universitet og høgskular moglegheit til å påverke samansettinga av studentgruppa gjennom opptaksreglane.

Søkarar kan få inntil to tilleggspoeng ved opptak til visse studium der det er sterk ubalanse mellom kjønna. Det må vere ventelister på studiet. Målet er å oppnå betre kjønnsbalanse på studiet og i arbeidslivet. Kunnskapsdepartementet avgjer kva studium som kan ta i bruk kjønnspoeng. Som regel blir dette vurdert etter søknad frå institusjonane, men departementet kan også på eige initiativ bestemme at eit studium skal bruke kjønnspoeng ved opptak.

I 2018 blei likestillings- og diskrimineringslova endra, slik at det blei mogleg med positiv forskjellsbehandling av begge kjønn. Dermed blei det mogleg å gi kjønnspoeng til begge kjønn. I dag blir søknad om kjønnspoeng innvilga for ein avgrensa periode, og institusjonane må mellom anna vise at dei har gjennomført andre tiltak for å sikre kjønnsbalansen, utan å få resultat. I 2022 var det 8 studium som gav poeng til mannlege søkarar og 39 studium som gav poeng til kvinner. Det er mykje som tyder på at tiltaka har ført til at fleire menn og kvinner har fått opptak til studium der dei er underrepresenterte. Det er likevel snakk om ganske små tal, og det må vere nok søkarar som har nesten nok poeng til å kome inn utan poeng, om kjønnspoenga skal virke.

Ved opptaket til studieåret 2022/2023 hadde Universitetet i Sørøst-Norge ei prøveordning med ein kvote for døve og høyrselshemma søkarar som har dokumentert kompetanse i norsk teiknspråk. USN skriv sjølv om denne kvoten som ei form for tilrettelegging: «ved vernepleierutdanningen har vi i flere år hatt døve studenter med tegnspråk som førstespråk. Ofte har disse studentene vært de eneste tegnspråklige i sine kull.». No tilbyr dei 16 studieplassar til teiknspråklege studentar som vil ha moglegheit til å delta i studiegrupper der dei kan studere, reflektere og samarbeide med andre på sitt eige språk.20

To studieprogram, journalistikk ved OsloMet og sosionomstudiet ved NTNU, har kvotar for søkarar med minoritetsbakgrunn. På NTNU skal 20 prosent av studentane som blir tekne opp til sosionomstudiet, ha interkulturell eller internasjonal bakgrunn eller erfaring, i tillegg til vanleg studiekompetanse.

Boks 5.2 NOU 2023: 13 På høy tid – Realisering av funksjonshindredes rettigheter

Likestillings- og mangfaldsutvalet leverte i mai 2023 NOU 2023: 13 På høy tid – Realisering av funksjonshindredes rettigheter. Utvalet foreslår både juridiske, økonomiske og pedagogiske verkemiddel for studentar med nedsett funksjonsevne. Mandatet til utvalet var mellom anna å foreslå tiltak som kan bidra til å redusere fordommar og bidra til ei bevisstgjering av rettane til personar med nedsett funksjonsevne gjennom heile livsløpet, og på alle arenaer i samfunnet. Utvalet omtaler personar med nedsett funksjonsevne som funksjonshindra for å understreke at det er omgivnadene og samfunnsstrukturane som fører til at personar blir hindra i å delta.

Utvalet konkluderer med at forsking viser at høgare utdanning er den beste måten å få personar med nedsett funksjonsevne i jobb på. Og då må det bli enklare og betre ordningar for at alle skal gjennomføre utdanningsløpet (uavhengig av funksjonsnivå). Nokre forslag til tiltak er:

  • NAV må i større grad bruke AAP-ordninga (arbeidsavklaringspengar) for å gi støtte til høgare utdanning, og dette på ein fleksibel måte som tek vare på den enkelte sine interesser og ønsker.

  • Det bør givast moglegheit for tidlegare opptak for studentar som har tilretteleggingsbehov, slik at tilrettelegginga er på plass til studiestart.

  • Moglegheitene for økonomisk støtte til funksjonshindra som ikkje gjennomfører studia på normert tid, bør styrkast.

  • Lånekassen og NAV må legge til rette for økonomiske rammer som gjer det praktisk mogleg å gjennomføre eit studium, og tilleggsstipendet for funksjonshindra studentar må aukast.

  • Uføretrygd bør kunne bli kombinert med høgare utdanning etter individuell vurdering.

  • Lånekassens reglar for omgjering av stipend til lån må likestille trygdeinntekter som AAP og lønn.

  • Utvalet vil at alle studie- og emneplanar skal gåast gjennom med tanke på dei spesielle utfordringane funksjonshindra måtte ha ved gjennomføring.

  • Også funksjonshindra må få reell moglegheit til å ta utdanning i utlandet.

5.2.3 Økonomiske verkemiddel

Det viktigaste verkemiddelet for å gi alle likt høve til utdanning er at høgare utdanning i Noreg er gratis. I tillegg blei Lånekassen etablert i 1947 som eit verkemiddel for å bidra til å gjere høgare utdanning meir tilgjengeleg. Utdanningsstøtteordninga bli omtalt som ein tverrpolitisk suksess som har spelt ei vesentleg rolle i å auke tilgangen til høgare utdanning for fleire.21 Alle får tilgang til det same bidraget til livsopphald heilt uavhengig av bakgrunnen til familien eller kor mykje foreldra tener. Bak dette ligg eit grunnprinsipp i utdanningsstøtteordninga: Ho skal vere universell for heile studentmassen.

For at utdanning skal vere mogleg for endå fleire, finst det nokre spesielle ordningar som kjem i tillegg til den universelle ordninga, mellom anna for studentar med nedsett funksjonsevne, studentar med barn og eldre studentar. Studentar med nedsett funksjonsevne som tek høgare utdanning, kan få eit tilleggsstipend. Stipendet er for dei som på grunn av den nedsette funksjonsevna ikkje kan jobbe ved sida av utdanninga, og for studentar som ikkje kan jobbe om sommaren. Dette tilleggsstipendet er 4 280 kroner i månaden i studieåret 2023–2024.22 Ordninga med tilleggsstipend blei innført studieåret 2011–2012, og det var då omtrent 500 studentar som fekk stipendet. Det har vore ein jamn auke i talet på mottakarar sidan 2011, og i studieåret 2022–2023 var det 12 579 studentar som fekk ekstrastipend.23 Studentar kan òg få auka lån dersom dei har barn eller er 30 år eller eldre, og det finst eit eige stipend til dei som har barn, til nybakte studentforeldre og til dei som blir sjuke under studietida.

5.2.4 Pedagogiske verkemiddel

Nasjonale styresmakter har i fleire tilfelle teke initiativ til eller støtta opp om tiltak som skal bidra til meir likestilling og mangfald ved universitet og høgskular.

For å fremme likestilling mellom kvinner og menn i universitets- og høgskulesektoren utnemnde det dåverande Utdannings- og forskingsdepartementet i 2004 Komité for integreringstiltak – Kvinner i forsking for ein treårsperiode. I 2017 skifta komiteen namn til Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking. Frå då av var også mangfald inkludert i mandatet. Komiteen skal støtte opp om og gi tilrådingar om tiltak som kan bidra til betre integrering av arbeidet med kjønnsbalanse og mangfald ved universitet, høgskular og forskingsinstitutt. Komiteen jobbar først og fremst for mangfald i forsking.

HK-dir har ei rolle som fagleg rådgjevar og skal kome med tilrådingar til inkluderande løysingar ved institusjonane. Direktoratet bidrar til samordning og deler kunnskap mellom anna gjennom nettstaden universell.no. Dette er ein fagportal om universell utforming, inkludering, tilrettelegging og læringsmiljø i høgare utdanning. Fagportalen er for tilsette ved universitet, høgskular og fagskular som arbeider med å gjere utdanning tilgjengeleg for alle, og andre som har interesse for temaet. Innhaldet skal gi kunnskap og inspirasjon gjennom å vise fram døme på god praksis frå sektoren. Fagportalen blir i løpet av 2024 flytta inn under nettstaden hkdir.no.

Det er lang tradisjon for nasjonale rekrutteringskampanjar til læraryrka. Eit døme er GNIST og GLØD, som innebar samarbeid mellom mange partar med høge ambisjonar. GNIST retta seg mot rekruttering til grunnskule, medan GLØD retta seg mot rekruttering til barnehage. No driv Høgskulen på Vestlandet (HVL) eit nasjonalt prosjekt som skal få fleire til å velje barnehagelærarutdanning og grunnskulelærarutdanning 1–7. Å rekruttere fleire menn og fleire studentar med innvandrarbakgrunn er ein del av dette. HVL har sidan 2019 til saman fått tildelt 32 mill. kroner frå Kunnskapsdepartementet til rekrutteringsarbeidet. Prosjektet driv fleire digitale marknadsføringskampanjar som «Bli lærer da vel» og «burdebli.no». Rollemodellkurs er òg ein del av prosjektet, der mannlege studentar og studentar med fleirkulturell bakgrunn ved barnehagelærarutdanninga og grunnskulelærarutdanninga for trinn 1–7 blir trente og rettleidde til å presentere lærarutdanninga med dei personlege og inspirerande historiene sine. Rollemodellane held også digitale og fysiske presentasjonar for elevar ved vidaregåande skular og folkehøgskular i heile landet.

Jenter og teknologi er ei landsdekkande ordning driven av NHO i samarbeid med NITO og Nasjonalt senter for realfagsrekruttering. Jenter og teknologi gjennomfører arrangement over heile landet, slik at alle delar av landet blir besøkte. Nasjonale og lokale rollemodellar deltek for å informere og inspirere deltakarane til å velje teknologiutdanningar på vidaregåande nivå og i høgare utdanning. Jenter og teknologi bruker også sosiale medium for å nå jenter, foreldre og karriererettleiarar.

Førebels har vi lite kunnskap om rekrutteringsprosjekt har effekt, men det er gjort nokre studiar på rekruttering til lærarutdanningane. Ingen studiar kan stadfeste at store kommunikasjonsstrategiar bidrar til å auke talet på søkarar til noka lærarutdanning, heller ikkje talet på mannlege søkarar eller søkarar med innvandrarbakgrunn.24 Forsking har vist at rollemodellar kan ha ein annan effekt enn rekrutteringskampanjar. Barn utviklar tidleg kjønnsstereotypiske oppfatningar om kva kvinner og menn er gode på og derfor passar til å jobbe med. Evaluering av tiltak som prøver å korrigere slike oppfatningar, til dømes ved å vise fram rollemodellar som har gjort kjønnsutypiske yrkesval, har vist seg å ha effekt både på kjønnsstereotype oppfatningar og på faktiske val.25 Eit døme på eit slikt prosjekt er Hvor er mindre brødre?

Boks 5.3 Hvor er mine brødre?

OsloMet-prosjektet Hvor er mine brødre starta opp i 2021 og arbeider for å rekruttere menn med fleirkulturell bakgrunn til å bli barnehagelærarar, lærarar og barnevernspedagogar. Prosjektet ønsker å bidra til å vere ein del av løysinga på fråfall, utanforskap og manglande tilhøyr. Brør-prosjektet forsøker samtidig å bygge ein kunnskapsbase om menn med fleirkulturell bakgrunn, knytt til utdanning og skule, og korleis dei erfarer å ta høgare utdanning. Hvor er mine brødre inngår i samarbeidet med Bydel Søndre Nordstrand og OsloMet-Holmlia.

Gjennom møte med rollemodellar frå brør-prosjektet blir elevar i vidaregåande skule inviterte inn i dialog rundt eiga rolle, om kva dei kan bruke livet sitt til, og korleis dei kan bidra positivt i eit lokalsamfunn. At brør-prosjektgruppa deler eigne livshistorier, fører til at vidaregåande elevar får nye perspektiv og ser moglegheiter. I tillegg til elevar inkluderer målgruppa også studentar, profesjonsutøvarar, barnehagestyrarar, rektorar og befolkninga genrelt. Deltakarane i prosjektet bidrar aktivt som føredragshaldarar og samfunnsdebattantar, lokalt, regionalt og nasjonalt.

Boks 5.4 Språkrettleiing for studentar med norsk som andrespråk ved UiA

Universitetet i Agder (UiA) starta hausten 2021 opp språkrettleiing for studentar med norsk som andrespråk. Det er eit drop-in-tilbod fire timer dagleg, med moglegheit for digital rettleiing. Tilbodet blei oppretta etter at faglærarar og studentar over lengre tid hadde ytra eit ønske om ei teneste som skulle gjelde for alle studentar med norsk som andrespråk, uavhengig av fag og nivå. Språkrettleiinga er forankra i Skrivestua, som er UiAs tilbod innan akademisk skriving og studieteknikk, der studentar og tilsette kan få munnleg rettleiing i skriveprosessen.

Språkrettleiarane er studentar med relevant fagleg bakgrunn. Studentane som oppsøker dei, kan få hjelp til å identifisere hyppige språkfeil, lære og repetere grammatiske reglar og få tips til korleis dei kan jobbe med språket, slik at det blir meir akademisk. Vidare får dei tips til korleis dei kan finne fram i pensum, tolke ein oppgåvetekst og bruke kjelder. Språkrettleiarane rettar ikkje i teksten, men gir studentane verktøy til å jobbe vidare med språket på eiga hand. Studentane si evaluering er at det er ei god og etterlengta støtte i studiane. Ved sidan av drop-in-tilbodet gjennomfører UiA kurs i akademisk skriving og munnlege ferdigheiter. UiA har også oppretta eit nettverk for norsk som andrespråk i høgare utdanning, som skal drøfte utfordringar og moglegheiter hos utdanningsinstitusjonane innan tematikken norsk som andrespråk.

5.3 Regjeringa si vurdering

Regjeringa meiner det er fleire grunnar til at likestilling og mangfald i profesjonsutdanningane er viktig:

  • I eit kapasitetsperspektiv treng vi fleire folk i profesjonsyrka, og derfor må vi rekruttere frå heile befolkninga.

  • I eit demokratiperspektiv er det viktig at dei som utøver yrka, speglar heile den befolkninga som dei møter.

  • I eit kvalitetsperspektiv er det grunn til å anta at yrkesutøvarar med anna bakgrunn enn majoriteten har med seg erfaringar og kunnskap som trengs for at profesjonen skal kunne møte barn, unge og vaksne i opplæring eller som pasientar eller klientar på ein god måte.

  • I eit likestillingsperspektiv er det viktig å motverke den kjønnsdelte arbeidsmarknaden som mellom anna inneber kjønnsforskjellar i lønn og arbeidstid.

Profesjonsutdanningane har i tillegg ein viktig funksjon i å førebu framtidige yrkesutøvarar på å møte mangfaldet i folket. Dette er ikkje eit særpreg ved det norske utdanningssystemet. Det er mellom anna laga prinsipp og retningslinjer for å styrke den sosiale dimensjonen i Det europeiske området for høgare utdanning (EHEA).26

Regjeringa har ei brei tilnærming til mangfald. Utdanningsinstitusjonane må skape eit større rom, slik at alle får like moglegheiter til å delta ut frå føresetnader og behov. Målet er å endre perspektivet frå integrering til å inkludere.

Mangfaldet i profesjonsutdanningane er varierande. Profesjonsutdanningane er blant dei mest kjønnsdelte. Fleire av dei treårige profesjonsutdanningane skil seg ut med under 20 prosent av det underrepresenterte kjønnet. Det set ut til å vere ei positiv utvikling i at fleire unge med innvandrarbakgrunn vel profesjonsutdanningar og særleg dei kortare, men det er grunn til å gjere eit krafttak for lærarutdanningane. Det er òg mykje som tyder på manglande tilrettelegging for studentar med nedsett funksjonsevne som tar høgare utdanning. Regjeringa vil understreke at mangfald i studentgruppa består av meir enn dei kategoriane som det har vore mogleg å gå inn i dette arbeidet.

Regjeringa vil at Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking også skal arbeide for betre kjønnsbalanse i utdanningane, og vil endre mandatet til komiteen ved neste høve.

Det er allereie på plass mange verkemiddel for å auke likestillinga og mangfaldet i profesjonsutdanningane, både nasjonalt og ved kvar enkelt universitet og høgskule. Utfordringane er å få desse til å samverke, å få institusjonane til å bruke verkemidla og å skape ein mangfaldskultur i og mellom institusjonane.

Tidleg innsats for likestilling og mangfald

Det er ikkje opp til universitet og høgskular aleine å skape likestilling og mangfald i profesjonsutdanningane. Arbeidet må starte allereie i grunnskulen, gjennom at ein gir like moglegheiter og bidrar til god kjennskap til utdanning og yrkesval.

Dei formelle strukturane ligg til rette for at alle elevar skal oppleve å bli inkludert og få ut læringspotensialet sitt. Likevel veit vi at dei gode intensjonane ikkje blir realiserte for alle elevar, og at skulane kvar dag må arbeide for å ta omsyn til mangfaldet av elevar og legge til rette for at alle får oppleve å høyre til i skule og samfunn. Dersom skulane lykkast i dette arbeidet, legg dei også grunnlaget for at profesjonane blir prega av meir mangfald.

For å få til dette arbeider regjeringa med å forsterke arbeidet med å redusere økonomiske og sosiale forskjellar. Det krev eit breitt samarbeid. Derfor har regjeringa sett i gang arbeidet med ei stortingsmelding som kjem i 2025. Meldinga retter seg særleg mot barn og unge og familiane deira. Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet arbeider saman om meldinga og dei viktige måla i den. Målet er at barn og unge skal vere inkluderte i arbeids- og samfunnsliv når dei blir vaksne. I meldinga vil regjeringa vurdere tiltak på alle samfunnsområde som gjeld barn og unge.

Regjeringa arbeider også med ei stortingsmelding om 5.–10. trinn i skulen. Hovudmålet for meldinga er å utforske og beskrive korleis skulen i større grad kan ta vare på og fremme motivasjon, meistring, læring og utvikling hos elevane. Meldinga skal mellom anna vurdere korleis skulen kan bli meir praktisk og variert, slik at elevane kan lære meir og trivast betre.

God karriererettleiing må starte tidleg. Eit offentleg utval i 2016 viste til at kjønnsperspektivet ikkje var godt nok vareteke i rådgivinga som blei gitt på skulen og tilrådde spesielt å legge større vekt på dette i grunnopplæringa.27 Utvalet tilrådde også større vekt på det fleirkulturelle perspektivet i rådgivinga.

I dag har alle elevar rett til utdannings- og yrkesrådgiving. Dette inneber mellom anna råd og rettleiing til val av utdanning og yrke, informasjon om utdanningsvegar og arbeidsmarknaden.

Utdannings- og yrkesrådgivinga skal hjelpe elevane til å bli bevisste på sine eigne verdiar, interesser og føresetnader. Dette skal gi elevane sjølvinnsikt og auke evna deira til å gjere gode utdannings- og yrkesval. Rådgivinga skal bidra til å jamne ut sosiale forskjellar, inkludere etniske minoritetar og halde merksemd på likestillingsperspektivet. Likestillingsperspektivet skal bli vareteke ved at rådgivarane skal gi elevane hjelpa dei treng for å utvikle seg utan omsyn til tradisjonelle kjønnsroller. Det er skuleeigar sitt ansvar å legge til rette for at elevane får oppfylt retten til naudsynt rådgiving.

Det har i fleire år vore stor merksemd på at gode overgangar er viktige når barn og unge går frå barnehagen til grunnskulen, og frå grunnskulen til vidaregåande opplæring. På same måte er det viktig at overgangane frå vidaregåande skular til høgare utdanning blir utvikla i tråd med elevane og studentane sine ønsker og behov. Regjeringa vil derfor oppmode utdanningsinstitusjonane til å prøve ut ulike modellar for samarbeid med vidaregåande skular for å sikre at studentane får ein god og tilpassa studiestart. Gjennom deling av døme på gode overgangar for førsteårsstudentar kan institusjonane etablere systematiske rutinar for nye studentar som har lite kunnskap om høgare utdanning og krava til å vere student, eller som har særskilde behov for litt ekstra støtte og hjelp i ein overgangsfase.

Karriererettleiing er eit viktig verkemiddel for at fleire skal delta i arbeid, utdanning og livslang læring. Fylkeskommunane har ei lovpålagd plikt til å tilby karriererettleiing, og alle fylka har eitt eller fleire karrieresenter. Den nasjonale digitale karriererettleiingstenesta, karriereveiledning.no, får stadig fleire brukarar og blir vidareutvikla. Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse som har det nasjonale faglege ansvaret for karriererettleiinga, også for karriererettleiinga i skulen. Ein del av arbeidet er nettopp å støtte skuleleiarar og praktikarar og bidra til utviklinga av kvalitet i karriererettleiinga. Direktoratet utviklar digitale ressursar, både for elevar, karriererettleiarar og lærarar i faget utdanningsval.

Juridiske verkemiddel

Det er brei einigheit om at betre kjønnsbalanse er eit mål i profesjonsutdanningane. Det er ei utfordring å legge til rette for at fleire menn vel lærarutdanningane og helse- og sosialfagutdanningane, og at fleire kvinner vel ingeniørutdanningar. Fleire rekrutterings- og haldningskampanjar har hatt dette som mål, men utan at dette har ført til langvarige eller synlege resultat.

For å sikre at det blir utdanna eit minimum av yrkesutøvarar av kvart kjønn, vil regjeringa innføre bruk av kjønnsnøytrale kvotar på studium med stor kjønnsubalanse. Normalt bør ikkje kvotane settast høgare enn at det gjeld krav om at kvart kjønn skal vera representert med minst 20 prosent på studiet. For fleire profesjonsutdanningar, mellom anna psykolog- og etter kvart medisinutdanninga, kan dette ha ein effekt. Det kan også verke inn på profesjonsutdanningar som ikkje er rammeplanstyrte, sånn som veterinær og rettsvitskap. Ei kjønnskvote kan berre påverke kven som blir teken opp blant dei som søkar. For å endre søkarmønstra er det naudsynt med tidleg innsats i heile samfunnet for å utvide det opplevde moglegheitsrommet for begge kjønn.

Både universitets- og høgskulelova og likestillings- og diskrimineringslova gir universitet og høgskular eit omfattande ansvar for å fremme likestilling og hindre diskriminering. Regjeringa meiner at det ikkje er grunnlag for å innføre nye plikter eller rettar for å betre likestillinga og auke mangfaldet i utdanningane. Men det er viktig at institusjonane klarer å sikre at rettane blir oppfylte og pliktene etterlevde. Studentane må bli informert om rettane sine. Alle tilsette på institusjonane må også vere informerte og overhalde pliktene til å legge til rette for studentar som treng det.

Tilretteleggingsplikta er likevel avgrensa sidan ho ikkje skal ut over dei faglege krava som blir stilte i den enkelte utdanninga. Til dømes kan ikkje studenten bli friteken for obligatoriske delar av utdanninga. Alle som fullfører og består ei utdanning, skal ha oppnådd det fastsette læringsutbyttet.

Studiekvalitetsforskrifta set krav om at institusjonane skal gjennomføre periodiske evalueringar av studietilboda, og krav til kven som skal delta i evalueringane. Departementet meiner at mangfaldsperspektiva bør vere ein naturleg del av kvalitetsarbeidet til institusjonane. Kunnskap om situasjonen knytt til mangfald bør vere eit sjølvsagt tema når kvaliteten i studietilboda blir vurdert. Mangfald vil også vere eit viktig perspektiv når institusjonane skal utvikle ein samla studieportefølje, studieemne og studieplanar.

Rammeplanar og nasjonale retningslinjer er styrande for innhaldet i profesjonsutdanningane. Desse styringsverkemidla må ha to mangfaldsperspektiv. Dei må formast ut slik at også studentar med annan bakgrunn enn majoriteten av studentane ikkje blir ekskluderte, og dei må gi studentane naudsynt kompetanse til å møte ei mangfaldig gruppe barn, unge og vaksne.

Meir kunnskap om likestilling og mangfald

Innspela til meldinga viser at utdanningsinstitusjonane jobbar med fleire tiltak for å auke mangfaldet i profesjonsutdanningane. Det ser ut til å vere særleg merksemd om tiltak retta mot studentar som ikkje har norsk som morsmål. Hyppig nemnde tiltak er oppfølging av fleirspråklege studentar og tilrettelegging for at dei som treng det, kan ta norskkurs ved sidan av å studere, i tillegg til tilbod om akademiske skrivekurs. Fleire meiner at det er behov for at nasjonale myndigheiter bør bidra i arbeidet med å kartlegge kva tiltak som fungerer, og bidra til finansiering av desse. Manglande kunnskapsgrunnlag for å jobbe bevisst for auka mangfald og inkludering i utdanningane er eit problem som blir gjenteke i mange av innspela til denne meldinga.

Det er også behov for meir kunnskap om kva om verkar for å mobilisere og inkludere ei mangfaldig studentgruppe. For at tiltaka skal vere basert på beste praksis og for å utnytte kompetanse og ressursar best mogleg er det behov for koordinering og samling av informasjon og ressursar. Regjeringa har derfor gitt HK-dir i oppdrag å samarbeide med institusjonane om informasjonsdeling og koordinering av tiltak for studentar med norsk som andrespråk.

Langtidsplanen for forskings og høgare utdanning 2023–2032 legg opp til å styrke kunnskapsgrunnlaget for likestillings-, ikkje-diskriminerings- og mangfaldsinnsatsen i norsk utdanningssektor.

Kultur- og likestillingsdepartementet har etablert eit samarbeid med Forskningsrådet med sikte på å legge fram ein FoU-strategi. Den komande FoU-strategien skal styrke kunnskapsgrunnlaget for likestillingsinnsatsen på ei rekke arenaer og innanfor fleire sektorar i åra framover. Kunnskapsbehova som blir avdekte vil føre til retningsval og prioriteringar. Forskingsmiljø, sektormyndigheiter, interesseorganisasjonar med fleire vil bli involverte i utviklingsarbeidet. Resultatet av dette arbeidet vil kunne bidra positivt i likestillings- og mangfaldsarbeidet til profesjonsutdanningane.

Regjeringa forventar

  • at universitet og høgskular skaper ein inkluderande kultur slik at alle får like moglegheiter til å delta ut frå føresetnader og behov

  • at universitet og høgskular i kvalitetsutviklingsarbeidet vurderer graden av eller mangelen på likestilling og mangfald i utdanningane sine

  • at universitet og høgskular jobbar aktivt for at utdanningane skal vere tilrettelagde for likestilling og mangfald

  • at universitet og høgskular prøver ut ulike modellar for samarbeid med vidaregåande skular for å sikre at studentane får ein god og tilpassa studiestart

  • at mangfaldsperspektiva blir varetekne ved framtidige endringar i rammeplanar og nasjonale retningslinjer

Regjeringa vil

  • styrke kunnskapsgrunnlaget om likestilling og mangfald i høgare utdanning

  • be HK-dir om å samarbeide med institusjonane for å samle og formidle tiltak for at studentar som har norsk som andrespråk skal styrke kompetanse i akademisk norsk

  • at Komite for kjønnsbalanse og mangfald i forsking skal arbeide for betre kjønnsbalanse i utdanningane og departementet vil endre mandatet til komiteen ved neste høve

  • vidareføre spesielle kvotar for søkarar med minoritetsbakgrunn. Kunnskapsdepartementet går i dialog med universitets- og høgskulesektoren om bruk av slike kvotar, og vurderer òg alternative måtar å sikra mangfald i rekrutteringa på.

  • innføre bruk av kjønnsnøytrale kvotar på aktuelle studium med stor kjønnsubalanse. Normalt bør ikkje kvotane settast høgare enn at kvart kjønn skal vere representert med minst 20 prosent på studiet.

  • avvikle ordninga med tilleggspoeng til det underrepresenterte kjønn (kjønnspoeng)

  • sjå til at det ikkje blir for stor karakterforskjell mellom dei som blir kvoterte inn på eit studium, og dei som ikkje kjem inn på studiet, ved vurderinga av om det skal brukast spesielle kvotar

  • vidareføre ordninga med at universitet og høgskuler må søkje Kunnskapsdepartementet om å bruke spesielle kvotar

Fotnotar

1.

Innvandrarbakgrunn er personar som sjølv har innvandra, eller norskfødde med innvandrarforeldre.

2.

Helland mfl. (2023).

3.

Tal frå HK-dir/DBH.

4.

Reisel mfl. (2019).

5.

Myklebust mfl. (2019).

6.

Helland mfl. (2023).

7.

Korseberg mfl. (2023).

8.

Helland mfl. (2023).

9.

Korseberg mfl. (2023).

10.

Korseberg mfl. (2023).

11.

Reisel mfl. (2019).

12.

Korseberg mfl. (2023).

13.

Proba (2018).

14.

Proba (2018).

15.

Keute (2018)

16.

Proba (2018).

17.

Innspel frå likestillings- og diskrimineringsombodet til meldinga.

18.

Helland mfl. (2023).

19.

Korseberg mfl. (2024).

20.

Universitetet i Sørøst-Norge (2022).

21.

Askim (2022).

22.

Lånekassen. Statistikk. Studenter i Norge, tilleggsstipend til søkere med nedsatt funksjonsevne.

23.

Staberg og Thrane (2022).

24.

Kunnskapssenter for utdanning (2022).

25.

Myklebust mfl. (2019).

26.

Sjå til dømes Deklarasjonen til ministermøtet i Roma 2020, vedlegg: Rome Ministerial Communique, annex II.

27.

NOU 2016: 7 Norge i omstilling – karriereveiledning for individ og samfunn.

Til forsida