Meld. St. 27 (2022–2023)

Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida

Til innhaldsliste

2 Eit godt liv i distriktskommunen

Det er ein berande idé i samfunnet vårt at innbyggjarane – folket – skal kunne påverke utviklinga. Det lokale folkestyret i kommunar og fylkeskommunar gjev innbyggjarane innverknad på utviklinga av eigne lokalsamfunn og eiga framtid. Dei lokale folkevalde har kunnskap om dei lokale tilhøva, slik at politikken vert tilpassa ynska til innbyggjarane og føresetnadene til lokalsamfunnet.

Attraktive lokalsamfunn, med tilgang på gode tenester, næringsareal og bustader, er avgjerande for framtida til Distrikts-Noreg. Kommunane har ei viktig rolle i å planleggje for gode lokalsamfunn, med vekt på arbeid, bustad, eigenart, fritidstilbod og sosiale møteplassar. Distriktsdemografiutvalet og ungdomens distriktspanel meiner at ambisjonen for distriktspolitikken bør vere å vidareutvikle positive særpreg og skilnader mellom storby og småsamfunn og småsamfunna seg imellom. Det gode samfunnet er målet for utviklinga.

Kommunane har ansvar for og legg rammer for aktive lokalsamfunn, med butikkar, tenestetilbod, arenaer for kultur, idrett, friluftsliv og sosiale aktivitetar. Kommunane spelar også ei viktig rolle i utviklinga av den lokale bustadmarknaden. Tilgang på bustader og attraktive bumiljø påverkar om folk flyttar eller vert buande, og er derfor eit svært viktig element i distriktspolitikken.

Regjeringa støttar ambisjonen til distriktsdemografiutvalet1 om at distrikta skal vere levande delar av eit større norsk mangfald. Derfor er det viktig at småbyar, tettstader og lokalsamfunn over heile landet vert utvikla som gode nabolag med varierte tilbod og møteplassar.

Regjeringa legg vekt på at mindre stader bør utviklast med særpreg som byggjer opp under lokal identitet og kulturarv. Attraktive omgjevnader og tilgang til natur er også kvalitetar som påverkar identitet, folkehelse og miljø. Levande og inkluderande lokalsamfunn med eit godt bustadtilbod, varierte tenester og tilbod for ei aktiv fritid er viktig for dei som bur der, og for å trekkje ny kompetanse og arbeidskraft til distrikta. Småbyar og senter har viktige regionale funksjonar fordi dei kan tilby meir spesialiserte tilbod og tenester enn det mindre stader kan. Slik kan småbyane gjere heile regionen meir attraktiv.

Regjeringa er motstandar av tvangssamanslåing av kommunar og fylke. I juni 2022 vedtok Stortinget deling av tre tvangssamanslåtte fylkeskommunar og Ålesund kommune, som alle hadde søkt om dette. Ved lokalvalet hausten 2023 skal innbyggjarane igjen få røyste i val til fylkestinga i Finnmark, Troms, Telemark, Vestfold, Buskerud, Akershus og Østfold, og til eit eige kommunestyre i Haram.

Boks 2.1 Verdas beste vesle stad

Nye Stad kommune har ein visjon om å vere «verdas beste vesle stad», som kan vere eit fullgodt, men annleis, alternativ til eit liv i og rundt dei store byane. Med mangfald, rom for å vere seg sjølv, evne til å omstille seg til eit samfunn utan klimautslepp og med framtidsretta verksemder og arbeidsplassar. Visjonen skal samle og inspirere til felles utvikling og endring. For at Stad kommune skal vere ein stad der folk vil bu, vil kommunen fyrst og fremst satse på innbyggjarane, frivillige lag og organisasjonar og næringsliv som alt finst i kommunen. Ved å satse på «bli-lyst» vonar kommunen at dette også vil medverke til flyttelyst for nye innbyggjarar.

Livskrafta og den økonomiske berekrafta til Stad kommune vil i åra framover avhenge av evna til omstilling og utvikling, i takt med dei demografiske, miljømessige og økonomiske endringane i samfunnet. Kommunen har ambisjon om ikkje berre å yte velferdstenester, men også å vere ein sentral aktør i samfunnsutviklinga.

Samskaping er viktig for å nå måla. Kommunen testar ut samskaping som ein integrert og heilskapleg del av organisasjonen, kulturen og lokalsamfunnet. Kommunen er i ferd med å etablere eit bustadteam der tverrfagleg samarbeid med næringsliv og lokalsamfunn innanfor heile bustadområdet er like viktig som internt samarbeid. I arbeidet med å utvikle administrasjonssenteret Nordfjordeid har kommunestyret oppretta eit mellombels utval med utvalde kommunestyremedlemer og personar med ulik kompetanse og erfaring med strategisk arbeid, næring og samfunnsutvikling. Utvalet skal gje tydelege råd om prioriterte satsingsområde og vegval. Neste planlagde prosjekt er å finne ei arbeidsform som gjer det mogleg å arbeide koordinert og effektivt med stadutvikling i bygdene, saman med alle frivillige lag og organisasjonar som finst der. Til det trengst det ein rutine som gjer det mogleg å svare raskt på private initiativ, som set bygdene i stand til å utvikle seg på eige initiativ, og som fremjar frivillig deltaking.

Figur 2.1 Verdas beste vesle stad

Figur 2.1 Verdas beste vesle stad

Foto: Lotsstøylen, Stad kommune. Visitnordfjord.

2.1 Planleggje for gode samfunn

Godt kommunalt og regionalt planarbeid er avgjerande for ei heilskapleg samfunnsutvikling. Ein differensiert arealpolitikk må vere tilpassa lokale og regionale tilhøve, og leggje til rette for ny vekst og sterkare utvikling i område med svak eller negativ utvikling i folketalet. For å etablere bustader og næringsverksemd må kommunen ha eigna areal tilgjengeleg. Planlegginga må også ta omsyn til andre viktige samfunns-, miljø- og arealinteresser. Plansystemet har som utgangspunkt at det er folkevalde som tek avgjerder og legg føringar for samfunnsutviklinga. All planlegging etter lova skal sikre samordning mellom sektorar og mellom stat, fylkeskommune og kommune. Plan- og bygningslova er derfor også ei viktig samordningslov.

Kommunane har ansvar for viktige velferdsoppgåver og samfunnsutvikling i sitt område. Plansystemet er ein styringsreiskap til hjelp i dette arbeidet. Samstundes opplever mange kommunar at plansystemet er komplisert og tidkrevjande, og at krav og forventingar frå staten eller fylkeskommunen ikkje er tilpassa dei lokale føresetnadene. Distriktsnæringsutvalet2 peiker på at mangelfull planlegging i ein del kommunar er ein flaskehals for næringsutvikling.

Regjeringa vil vurdere særskilde tiltak for å styrkje planleggings- og utviklingskapasiteten og planleggingskompetansen i dei områda der det vert identifisert utfordringar. Regjeringa vil leggje til rette for at ordinær utdanning og meir praksisnær og fleksibel etter- og vidareutdanning kan møte utfordringane, og eventuelt prøve ut nye løysingar.

Mange utdanningsinstitusjonar i landet tilbyr planfagleg utdanning. På oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet har Rambøll3 evaluert kompetansetiltak i etter- og vidareutdanning i offentleg planlegging, kart og geodata. Den største hindringa for å delta på slike kurs er mangel på tid og ressursar. Det er stor trong for betre kjennskap til det som finst av kurs og etter- og vidareutdanning. Departementet har, i samarbeid med KS, sett i verk kampanjen planutdanning.no for å gjere fleire unge kjende med den store breidda i yrkesval som denne utdanninga gjev.

Kommunal- og distriktsdepartementet oppmodar kommunane til samarbeid, til dømes gjennom interkommunale plankontor og andre former for plansamarbeid for å styrkje kapasiteten og kompetansen til å drive samfunnsplanlegging. Digitalisering av planprosessar og planverktøy er også eit middel for enklare og meir effektive prosessar. Digitalisering opnar for nye måtar å samhandle på, som kan forbetre kunnskapsgrunnlaget og planprosessane.

Plansystemet er fleksibelt, og handlingsrommet bør utnyttast for å etablere ein praksis som er tilpassa utfordringane og føresetnadene i ulike kommunar. Plansamarbeidet på Nordmøre er eit godt døme på korleis kommunane kan gjere dette (sjå boks 2.2).

Alle lokalsamfunn skal ha rom for utvikling og verdiskaping. Det er viktig at kommunane i sine planar har realistiske forventingar om endring i folkesetnaden, og kommunar må ta høgd for at det i framtida vert færre yrkesaktive per pensjonist, slik mellom anna distriktsdemografiutvalet4 har peikt på.

Boks 2.2 Plansamarbeid Nordmøre

Kommunane på Nordmøre samarbeider om å forbetre samfunnsplanlegginga slik at ho vert meir politisk relevant. Målet er å utvikle kapasiteten og kompetansen til samfunnsplanlegging og å effektivisere planarbeidet i omfang og tid. Det viktigaste styringsdokumentet til kommunen er samfunnsdelen til kommuneplanen, som peiker ut mål og strategiar for ynskt samfunnsutvikling. For at samfunnsplanen skulle verte eit reelt politisk styringsverktøy, ynskte kommunane på Nordmøre at revideringa av kommuneplanen skulle fylgje valperiodane. Dei har derfor lagt vekt på å utarbeide og vedta ny samfunnsdel tidleg i valperioden. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal står for ekstern finansiering av prosjektet, medan fylkeskommunen medverkar med fagleg støtte og kapasitet. Alle medlemskommunane i Nordmøre interkommunalt politisk råd deltok i prosjektet. Deltakinga er politisk forankra gjennom kommunestyrevedtak.

Fylkeskommunen har ei viktig planleggings- og utviklingsrolle som må styrkjast. På regionalt nivå ligg det til rette for å sjå sektormål, verkemiddel og tiltak i samanheng, slik at dei samla resultata kan verte styrkte. Dette gjeld særleg for tverrgåande samfunnsutfordringar som krev innsats frå fleire aktørar og forvaltingsnivå. Døme på dette kan vere klima, arealbruk, grøn omstilling, tilgang på kompetent arbeidskraft, inkludering og utanforskap.

Den regionale planlegginga gjev ei god ramme for dialog, samarbeid og samordning mellom stat og fylkeskommune på desse områda, slik at den samla måloppnåinga kan verte styrkt. Ein god regional plan kan også gjere kommunal planlegging enklare, ved å avklare utfordringar som går på tvers av kommunegrensene, og som krev at utviklinga i fleire kommunar vert vurdert i samanheng. Regionalt planforum er ein viktig arena for samordning av kommunale, regionale og nasjonale interesser i konkrete plansaker. Her kan kommunane møte regionale og statlege styresmakter og få innspel i planprosessane. For at forumet skal fungere godt, er det viktig at kommunane er tydelege på kva bistand dei treng, og at aktuelle styresmakter deltek aktivt i møta. Kommunal- og distriktsdepartementet har utarbeidd ein rettleiar om regionalt planforum, som gjev råd om kva saker som bør prioriterast, og korleis forumet kan organiserast.

Distriktssenteret og Kommunal- og distriktsdepartementet utarbeider ein nettbasert rettleiar om kommuneplanlegging retta mot dei minste distriktskommunane, som vert lansert sommaren 2023. Kompetansetilbod for folkevalde og tilsette med planleggingsansvar bør mellom anna inkludere meir praktisk opplæring og konkrete verktøy, i tillegg til opplæring og rettleiing for å skape god planleggingskultur i kommunen.

Boks 2.3 Samfunnsplanlegging på distriktskommunens premissar

Distriktssenteret har saman med Nordland og Trøndelag fylkeskommunar og seks kommunar i dei to fylka gjennomført prosjektet Distriktskommune 3.0. Målet var å forenkle planprosessane og at kommunane i større grad vert i stand til å nå måla dei har sett seg. Ordførarar, kommunedirektørar og planleggjarar deltok i digitale nettverksmøte og fysiske besøk hos kommunane. Kommunane har møtt kvarandre jamleg over tid og jobba saman om aktuelle problemstillingar. Nettverket har gjeve kommunane høve til fagleg utvikling og deling av erfaringar. Det har gjeve læring og inspirasjon til å gjere ting på nye måtar. Nettverket har òg gjeve verdifull innsikt for statsforvaltaren, fylkeskommunen, Distriktssenteret og Kommunal- og distriktsdepartementet om korleis kommunar med særlege distriktsutfordringar vert betre rusta i samfunnsutviklingsarbeidet. Betre innsikt i utfordringane til distriktskommunane har ført til at nasjonale planstyresmakter har sett i gang fleire kunnskaps- og utviklingsprosjekt.

Ruralis og Nordlandsforsking fylgjeforskar prosjektet. Undervegsrapporten peiker på konkrete tiltak som kan forbetre kommuneplanlegginga i små og større kommunar, og som kan forenkle og forbetre praksis hos regionale og nasjonale styresmakter. Tiltaka handlar mellom anna om plankultur, kompetanseheving, organisasjonsutvikling, tilpassing av regionalt planforum og ekstra merksemd på utfordringane til distriktskommunane.

2.1.1 Auka differensiering for å tilpasse til lokale og regionale tilhøve

Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging og Statlege planretningslinjer er viktige dokument i arbeidet med lokal- og regional planlegging og arealforvalting innanfor rammene av nasjonal politikk. Dei skal mellom anna medverke til å ta vare på miljøet, dyrka og dyrkbar mark, redusere sosiale og geografiske skilnader, fremje berekraftig utvikling og leggje til rette for busetnad og verdiskaping i heile landet. For å sikre tilpassing til ulike lokale føresetnader har Kommunal- og distriktsdepartementet fått evaluert dei statlege planretningslinjene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging og for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing. Arealpolitikken må tilpassast til dei lokale tilhøva og leggje til rette for ny vekst og sterkare utvikling i område med svak eller negativ utvikling i folketalet. Dette må gjerast på ein måte som sikrar nasjonale og vesentlege regionale omsyn. Alle kommunar skal ha høve til å utvikle små og store lokalsamfunn. Det skal leggjast til rette for meir bustadbygging i område med låg befolkningstettleik. Kommunane skal få auka handlefridom til å avgjere kvar i kommunane nye bustader skal byggjast, og det vil vere viktig å utvikle bustadområde i kommunesentera. Klima og natur skal vere ei ramme rundt all politikk.

Regjeringa arbeider derfor med nye planretningslinjer med sikte på ferdigstilling i løpet av 2023. Retningslinjene skal gjelde for heile landet, men ha ei tydelegare differensiering mellom tettbygde og spreiddbygde område. Regjeringa har også slått fast at ho vil ha ei meir differensiert forvalting av strandsona, med auka handlefridom og betre høve til næringsutvikling og busetjing i spreiddbygde strok langs kysten i sone 3 av strandsona. Samstundes vil jordvern vere eit overordna omsyn. Regjeringa har lagt fram ein ny jordvernstrategi med eit forsterka jordvernmål i samband med jordbruksproposisjonen for 2023.5

Regjeringa legg fram nye Nasjonale forventingar til regional og kommunal planlegging i forkant av at fylkeskommunane og kommunane skal utarbeide regionale og kommunale planstrategiar. Dokumentet formidlar prioriteringane til regjeringa på planområdet for å fremje berekraftig utvikling, og gjev rettleiing om planprosessane og innhaldet i planlegginga. Dette skal medverke til at fylkeskommunane og kommunane kan gjennomføre samfunns- og arealplanlegginga effektivt, utan for mange konfliktar og i tråd med nasjonale mål.

Dei nasjonale forventingane gjeld heile landet og for ulike plansituasjonar. Gjennomføringa av den nasjonale politikken skal tilpassast lokale og regionale tilhøve gjennom planprosessane. God dialog mellom styresmaktene er viktig for å samordne oppgåver og vurdere nasjonale, regionale og lokale interesser i samanheng. Gjennom oppdatert kunnskap, opne planprosessar og tilrettelegging for å kunne delta i planprosessane vil ein auke kvaliteten på planane og styrkje forankringa hos aktørane og i lokalsamfunnet.

Sametinget har utarbeidd ein eigen planrettleiar. Den gjeld for planlegging og vedtak som kan få innverknad på naturgrunnlaget for samisk kultur, næringsutøving og samfunnsliv i det tradisjonelle samiske området på land og i sjø ut til ei nautisk mil utanfor grunnlinja.

2.2 Nytte ressursane betre gjennom samarbeid

Kommunane har ulike føresetnader for å ta ei aktiv samfunnsutviklingsrolle. Innovasjonsmeldinga6 peiker på at offentleg sektor treng omstilling og nyskaping, noko som inneber ei endring i praksis og tenkjemåte. Dei små tilhøva i distriktskommunar kan vere ein føremon i slikt arbeid. For ein liten kommune, med nærleik mellom folk og ulike fagområde, kan det vere enklare å gjere ting på nye måtar. Små tilhøve kan gje rom for å sjå løysingar på tvers av oppgåveområde og fleksibilitet til å gjennomføre endringar raskare enn i store system. I små kommunar kan det også vere enklare å ha meir utbreidd kontakt mellom politikarar og innbyggjarar. Det kan opne for nye løysingar, men stiller krav til kommunen om openheit om avgjerder og påverknad.

Fleire kommunar testar nye metodar for å skape velferdsløysingar saman med innbyggjarane, ofte omtala som samskaping. Dette kan gje innovative løysingar og meir velferd for ressursane og føre til ei styrking av fellesskapet og dei demokratiske prosessane. Det finst døme på nyskaping og innovasjon i mange distriktskommunar, som bruk av Nordsjø-turnus for legar i Lyngen, Tinn og Berlevåg; bruk av arkitektur, sosiale møteplassar, mat og natur i Bygda 2.0 på Stokkøya; og universitetskommunesamarbeid mellom anna i Nord-Gudbrandsdalen. Både Forskingsrådet, Digitaliseringsdirektoratet, Doga, KS, Miljødirektoratet og statsforvaltarane har verkemiddel som kan fremje innovasjon i kommunesektoren, men det varierer i kva grad dei små kommunane bruker desse.7 Kommunane kan ha god nytte av støtte og rettleiing frå statsforvaltar, fylkeskommune og Distriktssenteret i utviklingsarbeid, mellom anna for å nytte desse verkemidla.

Boks 2.4 Samarbeid om stad- og næringsutvikling

Gnist er eit innovasjonsprogram i regi av DOGA (Design og arkitektur Noreg) for kommunar som vil arbeide på nye måtar med stad- og næringsutvikling. Programmet gjev kommunane ny kompetanse og nye metodar og verktøy for å ta tak i dei spesifikke utfordringane dei har. Gjennom Gnist-programmet er det utvikla fleire gode døme på korleis dette er gjort i norske distriktskommunar. Mellom anna har Sogndal, Luster og Aurland involvert innbyggjarane i korleis deira behov og ynske for reiselivsutvikling kan spele godt saman; Åseral har utvikla ein rettleiar for berekraftig utvikling i hyttekommunar; og Lom har utvikla ein modell for framtidsretta bustadutvikling i distrikta. Dette kan vere til inspirasjon for andre kommunar.

2.2.1 Støtte og rettleiing i utviklingsarbeid

Mange distriktskommunar kan nytte ressursane betre gjennom samarbeid med andre kommunar. Samarbeid om samfunnsutvikling kan skape breidde og aktivitet i regionale næringsmiljø, meir heilskap i kompetanse- og rekrutteringspolitikken, betre tilbod innanfor idrett, kunst og kultur og meir samordna areal- og samfunnsplanar.

Samarbeid om fagmiljø for å utføre kompetansekrevjande spesialistoppgåver kan vere viktig for å rekruttere fagfolk og for å gje innbyggjarane eit godt tenestetilbod (sjå kap. 3). Kommunalt samarbeid kan også vere ein arena for å utforske nye løysingar og skape betre forståing av felles utfordringar. Det kan forenkle samarbeidet med andre aktørar, som frivillig sektor og sivilsamfunn, regionalt næringsliv, forskings- og utdanningsinstitusjonar, verkemiddelaktørar og statlege etatar. Kommunalt samarbeid kan òg vere ein nyttig felles arena for dialog med statsforvaltar og fylkeskommune.

Fylkeskommunane og statsforvaltarane er viktige for å støtte opp om utviklingsarbeidet i kommunane. Dei har ansvar som famnar fleire sektorar, dei har ulike verkemiddel og rettleiings- og samordningsroller, og dei har relevant kunnskap om utfordringane. Fleire småkommunar ynskjer meir rettleiing om planlegging frå fylkeskommunen og statsforvaltaren.8

Fylkeskommunane, statsforvaltarane, Distriktssenteret og KS jobbar opp mot distriktskommunar på kvar sine måtar, ut frå sine ulike oppgåver, roller og myndigheit. Kommunal- og distriktsdepartementet oppfordrar til dialog og erfaringsutveksling mellom desse aktørane, slik at dei kan opptre meir koordinert overfor kommunane og dei samla ressursane vert betre utnytta.

Fylkeskommunen har eit lovpålagt ansvar for å gje generell rettleiing om plansystemet, planprosessane og god planpraksis, i tillegg til fagleg rettleiing på sine ansvarsområde. Fylkeskommunen har fått eit auka ansvar for å vere ein mobiliserande og koordinerande regional utviklingsaktør. Dette omfattar lokal samfunnsutvikling og planlegging, men også næringsutvikling, samferdsel, folkehelse, klima og berekraft, kultur og kulturmiljø, miljøvern, utdanning og kompetanse.

Statsforvaltaren skal ha god kjennskap til eigenarten til dei ulike kommunane og deira styrkar, veikskapar og behov. Statsforvaltaren har ei viktig rolle som aktiv støttespelar for utvikling i kommunane og skal medverke til gode, lokalt tilpassa løysingar. Kommunane og lokalsamfunna står overfor svært ulike utfordringar. Det er stor skilnad mellom område som har sterk folketalsvekst, og område med nedgang i folketalet. Kommunane har derfor ulike behov for bistand og rettleiing. Statsforvaltaren skal føre tilsyn med den kommunale forvaltinga og den kommunale økonomien og forvaltar skjønsmidlar til fornyingsarbeid i kommunane. Statsforvaltaren har ansvar for juridisk og fagleg rettleiing på mange område, og gjennom tilsynsrolla har statsforvaltaren innsikt i mange tenesteområde som kommunane har ansvar for. Statsforvaltaren skal ta samordningsinitiativ overfor andre statlege verksemder og aktørar regionalt for å sikre samordning av statleg styring av kommunane og nasjonal måloppnåing på tvers av nivå og sektorar.

Distriktssenteret er eit nasjonalt kompetansesenter som skal støtte distriktskommunane i å verte gode samfunnsutviklarar. Senteret samlar, utviklar og deler kunnskap om korleis distriktskommunar og distriktsbutikkar kan utvikle seg og sine lokalsamfunn. Distriktssenteret skal, på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet, medverke til å styrkje føresetnadene til distriktskommunane i arbeidet med stads-, nærings- og tenesteutvikling. Målet er at kommunane betre skal kunne gjennomføre utviklingsarbeid i eigen regi. Fleire kommunar opplever å mangle arenaer eller kanalar for å verte kjend med og lære av kommunar med liknande erfaringar og utgangspunkt. Senteret skal medverke til å koordinere og målrette utviklingsinnsats gjennom samarbeid, nettverksbygging og arenaer for å dele kunnskap og erfaringar.

KS er interesse- og arbeidsgjevarorganisasjonen til kommunesektoren. KS driv utviklingsarbeid retta mot det kommunane treng. Arbeidet omfattar innovasjon, kvalitetsutvikling i tenestene, effektivisering, arbeidsgjevarutvikling, samfunnsutvikling og utvikling av lokaldemokratiet.

Regjeringa legg til rette for at fylkeskommunar og kommunar kan styrkje samarbeidet med andre europeiske land. Kommunesektoren deltek aktivt i fleire europeiske samarbeidsprogram, som Interreg,9 Erasmus+10 og Horisont Europa.11 Programma er retta inn mot å løyse utfordringar på fleire område, som skule og utdanning, plan- og reguleringssaker, miljøforvalting og digitalisering av offentlege tenester. Regjeringa vil at kommunesektoren vert høyrd og spurd til råds om relevante europeiske saker, og nyttar mellom anna Europapolitisk Forum som arena for dialog om europapolitikken med kommunesektoren.

Boks 2.5 Pilot om rettleiing

Rettleiingspiloten har vore eit samarbeid (2020–2022) mellom Distriktssentret, tre fylkeskommunar og 14 distriktskommunar i Troms og Finnmark, Møre og Romsdal og Innlandet. Hovudmålet med piloten var å styrkje arbeidet til distriktskommunane med lokal samfunnsutvikling gjennom kompetanse og samarbeid. Kommunane har fått kompetanse- og prosessbistand frå eit rettleiingsteam frå Distriktssentret og tilhøyrande fylkeskommune. Distriktssenteret har prøvd ut og vidareutvikla digitale metodar og verktøy for prosessplanlegging, involvering og medverknad saman med fylkeskommunane og kommunane. Føljeforskinga frå Sintef1 viser at arbeidet med samfunnsutvikling i kommunane er styrkt, og at piloten har gjeve fylkeskommunane auka kunnskap om ulikskapane mellom distriktskommunane og betre innsikt i kva rolle dei kan ta overfor kommunane.

1 Lysø, R, Carlsson E, Sletterød, N. A, Øyrum, L. (2022). Følgeforskning av Veiledningspiloten (sluttrapport). SINTEF.

2.2.2 Bygdevekstavtalar mellom staten og kommunar

Regjeringa vil prøve ut nye verkemiddel i distriktspolitikken og har teke fleire initiativ som kan styrkje arbeidet med samfunnsutvikling. Regjeringa har invitert distriktskommunar til å søkje om å utvikle bygdevekstavtalar med staten for å styrkje utviklinga i kommunane. Dette er eit nytt verkemiddel som skal prøvast ut i åra som kjem, og som skal medverke til meir målretta og samordna innsats i distriktsområda.

Målet er busetjing, tilgang på arbeidskraft med rett kompetanse og framtidsretta næringsutvikling i nokre av dei mest spreiddbygde områda av Noreg. Avtalane vil ha som føremål å styrkje samordninga av offentlege tiltak på tvers av sektorar og forvaltingsnivå, slik at den samla innsatsen treffer betre i dei utvalde områda. Det er kommunane som er avtalepart, og som sjølve legg fram forslag til mål og tematikk. Tre område i Finnmark og to i Trøndelag vart hausten 2022 valde som pilotar for utprøving av bygdevekstavtalar. Ei ny utlysing våren 2023 opnar for at fleire område kan utvikle slike avtalar med staten. Kommunane får i fyrste omgang inntil 2 mill. kroner per pilot til arbeidet med å utforme avtalane. Den fyrste fasen gjev ei ramme for å identifisere konkrete, lokale utfordringar som stat og kommune kan samarbeide om å løyse. Deretter skal dei forhandle om sjølve avtalen med staten. Avtalane skal etter planen gjelde frå 2024. Regjeringa vil fylgje opp ordninga med bygdevekstavtalar gjennom eit forpliktande samarbeid i avtaleperioden, som både inneber statlege midlar til gjennomføring av tiltak for å supplere lokale bidrag, i tillegg til andre statlege bidrag og samarbeid (kompetanse, deltaking i erfaringsnettverk osb.).

2.2.3 Merkur gjev eit godt daglegvaretilbod

Merkur-programmet er eit utviklings- og kompetanseprogram for butikkar i Distrikts-Noreg. Målet er å halde oppe daglegvaretilbod i område med spreidd busetnad og små marknader, slik at folk i distrikta er sikra tilgang til nærbutikk og bokhandel av god kvalitet. 580 daglegvarebutikkar og 67 bokhandlar er med i programmet.

Små nærbutikkar i Distrikts-Noreg står overfor store utfordringar. Nedgang i folketalet og aukande prisar, særleg på straum, har gjeve redusert omsetnad for mange av butikkane. Dette fylgjer Merkur-programmet opp gjennom ulike utviklingsprosjekt, som inneber at små distriktsbutikkar har medverka til utviklinga av sjølvbetente digitale løysingar. Dette gjev betre tilgang på tenester for dei handlande, og auka lønsemd og ein meir føreseieleg arbeidsdag for butikkinnehavarar. Merkur-programmet har også etablert pilotarbeid om den fleirfunksjonelle butikken og har investeringsstøtteordningar for mellom anna å fremje ei meir energieffektiv drift.12

Merkur-programmet legg også vekt på samarbeid med andre aktørar i lokalsamfunna, med mål om å samle funksjonar og tenester i butikkane. Til dømes har det vore fleire utviklingsprosjekt knytte til korleis kommunane kan samarbeide med Merkur-butikkar for å gje eit betre og meir samla tenestetilbod i lokalområdet til butikkane. Merkur-programmet skal medverke til styrkt butikkfagleg kompetanse og samarbeid med aktørar i lokalsamfunna som næringsliv, frivillige og kundar. Merkur-programmet har ei eiga satsing retta mot bokhandlar i distrikta. Dei komande åra skal Merkur styrkje innsatsen på MerkurBok for å sjå korleis ein kan utforme meir effektive tiltak for å styrkje grunnlaget for lønsam bokhandeldrift i distrikta.

For å sikre gode rammevilkår for fysiske butikkar som er viktige for lokalsamfunna, vil regjeringa vidareutvikle Merkur-programmet. På bakgrunn av ein gjennomgang av Merkur-programmet som Menon Economics har gjort, vil Kommunal- og distriktsdepartementet fjerne kravet om at det berre er dei minste butikkane, med eit kundegrunnlag på maks 200 husstandar, som kan nytte investeringsstøtteordningane i Merkur.

2.3 Kultur og frivilligheit i heile landet

Innbyggjarane er den viktigaste ressursen for ein kommune. Frivillig sektor har ei særstilling, og forsking tyder på at den står noko sterkare i distrikta.13 Kulturliv og frivilligheit medverkar til å skape levande lokalsamfunn og eit godt liv og meiningsfull fritid for den einskilde. Å leggje til rette for ulike kunst- og kulturtilbod, fritidsaktivitetar og frivillig arbeid i lokalsamfunn medverkar til gode nærmiljø og fellesskap og skaper møteplassar mellom generasjonane og mellom ulike grupper av innbyggjarar. Til dømes er folkebiblioteka viktige møteplassar og arenaer for kunnskapsutveksling og læring i lokalsamfunna, og idretten gjev møteplassar gjennom infrastruktur som klubbhus og idrettsarenaer.

Frivillig sektor leverer eit breitt spekter av tenester og medverkar til god folkehelse, fellesskap og samfunnsdeltaking. Lokalsamfunn er avhengige av aktive frivillige for å kunne tilby eit breitt utval av aktivitetar på fritida. Idretten og kulturfrivilligheita, saman med anna frivillig organisasjonsliv, er viktige for å skape sosial integrasjon og ei kjensle av tilhøyrsel i lokalsamfunna. For mange er deltaking i korps, idrettslag, kor, spelemannslag, teaterlag, spel, historielag, husflidslag og anna kulturfrivilligheit ein viktig del av livet.14

Frivillig sektor er ein pilar i det norske velferdssamfunnet gjennom omfattande ulønt innsats og tenesteproduksjon. Forsking viser at frivillig engasjement aukar dersom det offentlege er gode tilretteleggjarar. Regjeringa vil sikre frivillig sektor ein sentral plass i samfunnet og medverke til gode rammevilkår. Eit godt samspel mellom kommunen og frivillig sektor er viktig. Saman med KS har Frivilligheit Noreg utvikla ein rettleiar for lokal frivilligheitspolitikk.15 Frivilligsentralane er viktige for å sikre lokal forankring og aktivitet i heile landet og skal stimulere til frivillig innsats og vere bindeledd mellom kommunen og frivillig sektor. Regjeringa vil støtte opp om og medverke til at det vert oppretta lokal frivilligheitspolitikk og enkle regelverk og ordningar som gjer det lett å finne fram for frivillig sektor i kommunane.

Våren 2023 la regjeringa fram ein ny strategi for kulturfrivilligheita16 med ei rekkje tiltak for at fleire skal kunne drive med og utvikle sine aktivitetar. Sentrale tema i strategien er at kulturfrivilligheita må ha tilgang på lokale som er eigna for aktiviteten dei driv med. Regjeringa vil styrkje innsatsen for at fleire frivillige skal få høve til å utvikle aktivitet i eigna lokale til idrett, kultur og frivillig arbeid generelt.

Regjeringa har sørgd for eit løft for frivilligheita, idretten og kulturen ved å gje full momskompensasjon i 2021 og 2022. I 2021 var det fyrste gong sidan ordninga blei etablert, at organisasjonane fekk utbetalt heile beløpet dei søkte om. Fleirtalet av mottakarane i momskompensasjonsordninga er små lag og foreiningar over heile landet.

Regjeringa vil senke terskelen for deltaking i frivilligheit, idrett og kulturliv. Sosioøkonomisk bakgrunn eller geografi skal ikkje vere avgjerande for å kunne delta. Dette ligg til grunn når Kultur- og likestillingsdepartementet fordeler spelemidlar til idretts- og kulturføremål. I hovudfordelinga av spelemidlar til idrettsføremål for 2023 har regjeringa sett av 125 mill. kroner til arbeidet med å få med endå fleire born og unge i dei lokale idrettslaga. Pengane er fordelte til idrettskrinsane og idrettsråda, som skal sørgje for at dei hamnar der dei trengst aller mest. I 2023 utgjer spelemidlar til kulturføremål nær 1 mrd. kroner. Tidlegare gjekk delar av spelemidlane til gåveforsterkingsordninga, men regjeringa har avvikla denne til fordel for inkluderande kulturtiltak i heile landet. Ein auke av spelemidlar til tilskotsordninga Kulturrom og den desentraliserte ordninga for kulturbygg, som vert forvalta av fylkeskommunane, skal medverke til å oppføre og utruste eigna lokale. Regjeringa styrkjer også løyvinga til Den kulturelle skolesekken over spelemidlar til kulturføremål. Denne ordninga gjev alle born og unge like høve til å oppleve kunst og kultur gratis gjennom barnehage og skule, same kvar i landet dei bur.

Eit anna tiltak frå regjeringa for å stimulere til meir kunst- og kulturaktivitet i lokalsamfunna er å utvikle regionale kulturfond. Tiltaket er del av eit nytt kulturløft som skal kome heile landet til gode. Kultur- og likestillingsdepartementet vil utvikle tiltaket vidare i dialog med fylkeskommunane og relevante aktørar.

Boks 2.6 Skattekista – skule, møtestad og idrettsanlegg

Eit døme på eit prosjekt som har fått støtte i form av tilskot og spelemidlar, er massivtrehuset Skattekista. Her finst skule, barnehage, svømmehall og idrettshall, og ambisjonane for prosjektet er læring og aktivitet heile døgnet, heile livet. Flesberg kommune har bygd skule for 1.–10. klasse, idrettshall og symjehall på Stevningsmogen inntil ein idrettspark, og prosjektet har fått 59 mill. kroner i tilskot og spelemidlar. Anlegget vart kåra til Årets idrettsanlegg 2020 av organisasjonen Bad, park og idrett.

2.4 Inkludering av tilflyttarar

Kommunar kan styrkje grunnlaget for busetjing gjennom inkludering av tilflyttarar i lokalsamfunnet, anten det gjeld innflyttarar frå andre delar av Noreg, arbeidsinnvandrarar eller flyktningar. Distriktssenteret17 peiker på at kommunen ikkje kan gjere dette arbeidet åleine. Det krev samarbeid med næringsliv, andre offentlege verksemder, frivillige og innbyggjarar, og det krev involvering av tilflyttarane sjølve. For tilflyttarar er det ekstra viktig å få nettverk og verte ein del av lokalsamfunnet. Arbeid er ei viktig årsak til at folk flyttar, men familie, nettverk og kvalitetar ved staden påverkar også avgjerder om å flytte, særleg når det gjeld flytting til andre stader enn dei store byane.18

Mange distriktskommunar har i periodar hatt vekst i folketalet og arbeidsstyrken gjennom innvandring. Innvandrarar som er inkluderte i lokalsamfunnet, får også lettare jobb. Når innvandrarar får brukt kompetansen sin i lokalt nærings- og arbeidsliv, vert dei ein ressurs for verksemdene og for lokalsamfunnet.19

Krigen i Ukraina har ført til den største masseflukta i Europa sidan andre verdskrig. Kommunar i heile Noreg har det siste året busett mange fordrivne frå Ukraina. Situasjonen rundt krigen er framleis uavklart, og talet på flyktningar som kjem, kan auke ytterlegare. I 2022 kom det nesten 41 000 asylsøkjarar til Noreg. Meir enn 36 000 var ukrainske borgarar. Kommunane busette i fjor over 31 000 personar til saman, der 27 000 er frå Ukraina. Dette er busetnadsrekord for norske kommunar. Regjeringa har i samband med revidert nasjonalbudsjett lagt til grunn eit estimat for 2023 på 40 000 asylsøkjarar frå Ukraina og 5 000 frå andre land. Prognosane er svært usikre og UDI publiserer jamlege scenario-rapportar basert på oppdatert informasjon.20 Kommunane har vorte bedne om å busetje til saman 38 000 flyktningar i 2023.21 Dette kjem i tillegg til dei som er busette i kommunane dei siste åra.

Historisk har busetjing av flyktningar vore relativt desentralisert, i den forstand at ein større del av flyktningane har vorte busette i distriktskommunar enn folketalet tilseier.22 I åra 2018–2021 vart berre 210 kommunar oppmoda om å busetje flyktningar, men i 2022–2023 er alle kommunane oppmoda om dette. Når det er mange som kjem, vert fordelingsmønsteret forsterka, slik at ein større del av flyktningane blir busette i distriktskommunar enn det folketalet tilseier. Busetjinga av ytterlegare 38 000 flyktningar i 2023 som Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har oppmoda til, vil i stor grad fylgje det same geografiske mønsteret med stor busetjing i distriktskommunar.

Det er ei kommunal oppgåve å finne bustader til flyktningar som kommunane har avtalt å busetje. Det er framleis eit potensial for å busetje flyktningar meir desentralt i den einskilde kommunen, mellom anna for å nytte ledig plass i barnehagar og skular i område med svak eller negativ utvikling i folketalet.

Figur 2.2 Busette flyktningar per 1000 innbyggjarar etter sentralitet

Figur 2.2 Busette flyktningar per 1000 innbyggjarar etter sentralitet

2012–2021: årleg gjennomsnitt. Vedtak 2022: vedtak om busetjing i kommunane 2022. Busette 2022: talet på busette i kommunane i 2022. Oppmoding 2023: IMDis oppmoding til kommunane om busetjing.

Kjelde: IMDi. Utrekning: Kommunal- og distriktsdepartementet.

I 2022 medverka innvandringa til folketalsvekst i alle fylke og på alle sentralitetsnivå (sjå boks 1.2). Folketalsveksten i dei minst sentrale kommunane (distriktskommunar på sentralitetsnivå 4, 5 og 6 samla) er den høgaste sidan 1966 (som er det fyrste året SSB har tal for). Det er særleg veksten i kommunar på sentralitetsnivå 5 og 6 som trekkjer opp. Utan innvandring ville det vore folketalsnedgang i kommunane på sentralitetsnivå 4, 5 og 6. Tilsvarande ville også Innlandet, Vestland, Møre og Romsdal, Nordland og Troms og Finnmark hatt nedgang i folketalet utan innvandring.

Figur 2.3 Årleg endring i folketalet etter sentralitet 2000–2022

Figur 2.3 Årleg endring i folketalet etter sentralitet 2000–2022

Kjelde: SSB. Utrekning: Kommunal- og distriktsdepartementet.

Regjeringa har gjennomført fleire tiltak for å få busett flyktningar på ein rask og effektiv måte. Regjeringa ynskjer at busetjinga skal skje styrt og spreidd, og mange kommunar i distrikta har busett flyktningar. Det er eit ynske at flyktningane vert godt integrerte i lokalsamfunna og kjem raskast mogleg ut i jobb.

Frivillige aktørar har gjeve eit stort og viktig bidrag til inkludering av nykomne frå alle land. Regjeringa oppfordrar kommunane til å samarbeide med frivillig sektor om tiltak for inkludering og integrering. Frivillig sektor skaper møteplassar for sosialt samvær og for å knyte kontakt mellom lokale innbyggjarar og nykomne. Sosialt samvær med lokalbefolkninga er svært viktig for å sikre eit trygt opphald i Noreg. Regjeringa vil styrkje rolla til dei frivillige organisasjonane i dette arbeidet.

Det finst ei rekkje kvalifiseringstiltak for at innvandrarar skal kome i arbeid. Det er viktig med god samordning av aktørar, ordningar og verkemiddel. Kvalifisering av innvandrarar skjer i samarbeid mellom introduksjonsprogram, vaksenopplæring, vidaregåande opplæring, arbeidsmarknadstiltak i regi av Arbeids- og velferdsetaten og tilbod og aktivitetar i frivillig sektor. Arbeids- og inkluderingsdepartementet, i samarbeid med IMDi, har ei sentral rolle som pådrivar og samordnar for å styrkje arbeidet kommunane, sektorstyresmaktene og andre samarbeidspartnarar gjer for kvalifisering. Det er òg avgjerande å sikre ei god implementering av integreringslova, som tok til å gjelde 1. januar 2021. Integreringslova legg i stor grad vekt på formell kvalifisering, mellom anna ved å leggje til rette for gjennomføring av vidaregåande opplæring innanfor ramma av introduksjonsprogrammet og særleg i fag- og yrkesopplæring.

Arbeidsinnvandrarutvalet23 har kartlagt situasjonen til arbeidsinnvandrarar og vurdert integreringspolitiske verkemiddel for betre å integrere arbeidsinnvandrarar i norsk arbeids- og samfunnsliv. Utvalet viser til ei rekkje barrierar for å delta i norskopplæring. Fleire arbeidsinnvandrarar manglar norskopplæringstilbod der dei bur og arbeider. Å lære norsk legg til rette for å verte betre integrert i arbeids- og samfunnsliv. Utvalet har greidd ut alternative modellar for tilbod om norskopplæring til arbeidsinnvandrarar. Eitt av forslaga er å innføre rett til modulbasert norskopplæring med eigenbetaling etter lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringslova). Rapporten har vore på høyring. Tilrådingane frå utvalet vil mellom anna verte vurderte i samanheng med arbeidet med den planlagde stortingsmeldinga om integreringspolitikk, inkludert forslaga om norskopplæring for arbeidsinnvandrarar.

I 2022 fekk IMDi, i samarbeid med Direktoratet for høgare utdanning og Arbeids- og velferdsdirektoratet, i oppdrag å utvikle og administrere eit forsøk med ein nasjonal samarbeidsmodell for tilrettelagd fag- og yrkesopplæring for vaksne innvandrarar. Dette kjem i tillegg til ordninga med tilskot til etablering og gjennomføring av tilbod om tilrettelagd fag- og yrkesopplæring.

2.5 Bustader er sentralt for utvikling av gode lokalsamfunn

Ein velfungerande bustadmarknad er ein føresetnad for nærings- og samfunnsutvikling i alle kommunar. Kommunane må ha ein aktiv bustadpolitikk for å sikre ein bustadmarknad med varierte og eigna bustader.

Sjølv med låge tomteprisar i fleire distriktsområde kan det vere vanskeleg å byggje ny bustad, fordi det er dårleg samsvar mellom byggjekostnadene og den marknadsverdien huset får når det er ferdig. Det gjer bustadinvesteringar meir privatøkonomisk risikofylte og kan føre til låg omsetningstakt og lite nybygging. Det er minst bustadbygging i distriktskommunar i Innlandet, etterfylgt av Troms og Finnmark og Nordland.

Mange distriktskommunar har få utleigebustader. I mange kommunar er det også ei utfordring at tomme bustader, som kunne vore selde eller brukte til utleigebustader, ikkje er tilgjengelege i marknaden. Dette skjer fordi dei er vurderte som attraktive fritidsbustader til eige eller sesongbasert utleige, eller fordi dei ligg på busette tun.24 Mangel på utleigebustader kan vere utfordrande for unge eller familiar som ynskjer å arbeide og «prøve-bu» før dei tek den endelege avgjerda om langsiktig etablering. Låg tilgang på utleigebustader kan òg vere eit hinder for rekruttering av arbeidskraft, til dømes i sesongbaserte næringar.

Den lågare prisstiginga gjer at bustadeigarar i distrikta ikkje har hjelp av bustadprisutviklinga til å byggje eigenkapital, og dette gjer det vanskeleg å kjøpe bustad.25 Spesielt blant eldre er skilnaden i kjøpeevne markant. Eigenkapitalkravet kan derfor vere ei større utfordring i distriktskommunar enn elles i landet. Dette kan gjere det vanskelegare å få lån i distriktskommunar.

2.5.1 Eigna bustader for ulike grupper

Fungerande bustadmarknader og varierte bustadtilbod er viktig for den einskilde, men også for utviklinga av lokalsamfunnet. At det finst ulike typar bustader og bumiljø, er viktig for å halde på dei unge, for å rekruttere arbeidskraft og for å ha bustader tilgjengeleg slik at eldre kan bu trygt heime. Det er også viktig at bustader er universelt utforma, slik at menneske med behov for tilrettelegging kan bli inkludert i lokalsamfunnet.

Livssituasjon og livsfase avgjer kva type bustad og bumiljø som er etterspurde. Det heng saman med kva for tilbod ein treng, reisetid mellom bustad, jobb og skule/barnehage og familietilhøyrsel, men også opplevinga av kva framtidsutsikter staden har.

Tilgjengelege bustader er naudsynt for at næringslivet og kommunen skal kunne rekruttere og halde på arbeidskraft. Undersøkingar viser at manglande tilgang på eigna bustader er ei viktig årsak til at verksemder i distriktskommunar har utfordringar med å rekruttere arbeidskraft.33 Bustadtilbodet er derfor viktig for attraktiviteten til distriktskommunane.

Gode nærmiljø og nabolag med varierte bustader, tenestetilbod, møteplassar og eit breitt fritidstilbod er viktig for god helse og livskvalitet, trivsel og samhald for dei som bur der. Levande og attraktive stader er viktig for at tilflytta arbeidskraft vert buande. Ei aktiv stadutvikling vil også redusere risikoen ved bustadinvesteringar.33

Fleire distriktsområde har ein spreiddbygd bustadmasse prega av store og gamle einebustader. I distriktskommunane er over 90 prosent av bustadene einebustader, tomannsbustader eller rekkjehus,26 og hovuddelen er eldre bustader bygde mellom 1945 og 1980-talet. I dei minst sentrale kommunane (sentralitetsnivå 6) er berre 7 prosent av bustadene bygde etter 2010 (9 379 bustader), mot 13 prosent (81 215 bustader) i kommunar på sentralitetsnivå 2. I mange kommunar er det eit gap mellom bustadtilbodet og etterspurnaden etter mindre og meir sentrumsnære bustader, særleg frå fyrstegangsetablerarar, arbeidsinnvandrarar og eldre.

Tilstrekkeleg med eigna bustader til eldre er ei utfordring i distriktskommunar. I tillegg til at det er få tilrettelagde bustader for denne gruppa, vert det bygd få slike bustader i den ordinære marknaden. Tilgang på lettstelte bustader, i nærleiken av tenestefunksjonar, er viktig for mange eldre som ynskjer å kunne bu lenge heime. I Oslo bur om lag 14 prosent av dei mellom 67 og 79 år i einebustad. I Troms og Finnmark bur om lag 74 prosent av denne aldersgruppa i einebustad.

Vi lever stadig lenger, og mange eldre kjem til å halde seg friske og i god form lenge. Likevel er det naudsynt å planleggje for at fleire vil trenge helse- og omsorgstenester i framtida. Dette er ei utfordring som ikkje kan løysast i helse- og omsorgstenesta åleine. Det er viktig å tenkje nytt om samanhengen mellom eit godt og helsefremjande lokalsamfunn, ein tilpassa bustad og gode helse- og omsorgstenester. Sjølv om vi blir fleire eldre i heile landet, vil auken særleg prege dei minst sentrale delane av landet.

I juni 2023 la regjeringa fram ei stortingsmelding om Fellesskap og meistring – Bu trygt heime.27 Reforma skal leggje betre til rette for å utvikle gode lokalsamfunn og bustadmiljø, gjere det enklare for kvar einskild å planleggje og ta grep i eigen bustad, sørgje for at dei som jobbar nærast dei eldre, får meir ansvar og tillit, og byggje ut tenestene slik at eldre og pårørande er trygge på at fellesskapet stiller opp. Hovudmålet med reforma er å gjere det trygt for eldre å bu lenger heime. Som ein del av reforma vil regjeringa mellom anna leggje fram eit eige eldrebustadprogram. Husbanken vil vere sentral i gjennomføringa av programmet, saman med kommunane. Det er eit mål å sikre berekraft gjennom betre planlegging, styrkt førebygging og meir målretta tenester.

For å lage gode rammer for bustadutvikling treng vi god og oppdatert kunnskap om flaskehalsar og handlingsrom lokalt og nasjonalt. Husbanken og Distriktssenteret er viktige bidragsytarar til politikkutviklinga, med kompetanse om bustadmarknaden, bustadpolitikk og lokal samfunnsutvikling. Dei har også ei rolle i å spreie og dele kunnskap til kommunar og utbyggjarar.

Regjeringa vil våren 2024 leggje fram ei stortingsmelding om ein heilskapleg bustadpolitikk. Stortingsmeldinga vil ta for seg rolla til kommunane i å utjamne sosiale og geografiske skilnader og leggje vekt på verdien av gode nærmiljø i bygd og by. I samband med bustadmeldinga vil regjeringa mellom anna vurdere korleis utlånsforskrifta kan påverke bustadmarknaden i distrikta.

2.5.2 Eit aldersvenleg samfunn

Mange distriktskommunar har ein aldrande folkesetnad, og det vil verte fleire eldre i åra framover. SSB28 har i rapporten Framtidens eldre i by og bygd framskrive aldring for kvar kommune og sett dette i samanheng med sosiale og økonomiske tilhøve. Analysen viser at fleire eldre i mange distrikts- og utkantkommunar kjem til å leve åleine, utan nær familie og med utdanning og inntekt under gjennomsnittet. Mange vil leve fleire år med god helse som pensjonist før dei etter kvart vil trenge meir omfattande helse- og omsorgstenester. For regjeringa er det viktig å stimulere til ei samfunnsutvikling som fremjar friskare aldring, slik at eldre kan leve eit aktivt liv i eit aldersvenleg samfunn. Dagleg fysisk og sosial aktivitet er viktig for god helse og livskvalitet. Det er derfor viktig med tilgjengelege tilbod for alle, uavhengig av alder, funksjonsnivå og sosioøkonomisk status.

I Nasjonalt program for et aldersvennlig Norge er det etablert eit nasjonalt nettverk for aldersvenlege kommunar og lokalsamfunn med så langt over 210 deltakarar. Det er utarbeidd handbøker og anna rettleingsmateriell.29 Programmet legg vekt på medverknad frå dei eldre innbyggjarane, samarbeid med frivillig sektor og næringslivet, og å gjere dei eldre medvitne om å planleggje sin eigen alderdom med vekt på eigna bustad, helse, sosiale nettverk og anna. Aldersvenleg transport og digital inkludering er òg etterspurde tema i programmet. Arbeidet vert vidareført i den nye eldrereforma Fellesskap og meistring – Bu trygt heime.

2.5.3 Det distriktsretta arbeidet til Husbanken

Husbanken har fleire verkemiddel for å auke tilgangen på eigna bustader i distriktskommunar. Husbanken forvaltar økonomiske verkemiddel, utviklar verktøy og gjev råd om bustadbygging og utvikling av gode bumiljø til kommunane, frivillig sektor og byggsektoren. Lån frå Husbanken skal medverke til å nå bustadpolitiske mål som elles ikkje ville vorte nådde. Regjeringa har gjennomført ei rekkje grep for å styrkje det distriktsretta arbeidet til Husbanken.

For å få fart på bustadbygginga i distrikta la regjeringa i tilleggsproposisjonen for 2022 inn at inntil 1 mrd. kroner kan prioriterast til lån til utleigebustader og lån til bustadkvalitet i distriktskommunar på sentralitetsnivå 5 og 6. Samstundes vart utlånsramma i Husbanken auka til 21 mrd. kroner, ein auke på 2 mrd. kroner samanlikna med forslaget frå førre regjering.

Gjennom startlån og lån til utleigebustader og bustadkvalitet stimulerer Husbanken til auka bygging av bustader til eige og leige i distriktskommunar. Låna er eit tillegg i dei områda der pantetryggleiken er låg og private bankar er meir restriktive. Husbanken kan, etter individuell vurdering, gje høgare låneutmåling når marknadsverdien av nybygde bustader er lågare enn byggjekostnadene. Unntaket frå reglane om maksimal lånegrad i distrikta gjeld for alle låneordningane til Husbanken som er omfatta av forskrift om lån frå Husbanken.

Husbanken har fått i oppdrag å forsterke informasjons- og rettleiingsarbeidet overfor distriktskommunane. I tildelingsbrevet for 2023 har regjeringa ytterlegare styrkt oppdraget og bede Husbanken om å prioritere å gje bustadpolitisk støtte til distriktskommunar. Informasjonen frå Husbanken til kommunar og utbyggjarar om at ein kan få lån til å betre bustadkvaliteten og til utleigebustadprosjekt, har gjeve resultat. Etterspurnaden etter lån til bustadkvalitet har auka dei siste åra, og distriktskommunane har auka opptaket av slike lån. Husbanken ventar framleis auka etterspurnad i tida framover.

Boks 2.7 Auka bruk av lån til bustadkvalitet i distriktskommunar

Lån til bustadkvalitet frå Husbanken er også med på å sikre eigna bustader for eldre gjennom å stimulere til fleire bustader med livsløpskvalitet og forbetra tilkomst i nye og eksisterande bustader, både einebustader og leilegheiter. Husbanken gav i 2022 om lag 500 mill. kroner i lån til bygging av 164 bustader i distriktskommunar på sentralitetsnivå 5 og 6, om lag det same som året før. 16 bustader fekk tilsegn til oppgradering for energieffektivisering og tilgjengelegheit, ein auke frå 4 bustader året før. I tillegg gav Husbanken investeringstilskot til 104 omsorgsbustader i distriktskommunar.

I tettbygde område med høge bustadprisar er startlån frå Husbanken retta mot dei som er varig vanskelegstilte på bustadmarknaden. Distriktskommunar kan også bruke startlån for å trekkje til seg og halde på arbeidskraft og skape fungerande bustadmarknader lokalt. Startlån kan vere ei aktuell finansieringskjelde for fyrstegongsetablerarar med ingen eller lite eigenkapital, og for folk som flyttar til kommunen for å ta jobb, og som har noko eigenkapital og gode inntektsutsikter. I 2022 tok distriktskommunane på sentralitetsnivå 5 og 6 opp i underkant av 1,2 mrd. kroner i startlån til 1201 husstandar. Dette er ein auke på 21 prosent samanlikna med 2021. Frå 2022 skal kommunane registrere når dei gjev startlån for å halde på eller tiltrekkje seg arbeidskraft. Totalt 44 husstandar i 30 kommunar fekk lån på dette grunnlaget i 2022. 18 av desse kommunane var på sentralitetsnivå 5 og 6.

Prosjekt som er finansierte med lån frå Husbanken, skal ha nøktern standard når det gjeld areal og kostnader. Derfor har Husbanken grenser for kor store bustadene finansierte av lån til bustadkvalitet kan vere. Fleire har gjeve innspel om at reglane for lån til bustadkvalitet har vore for strenge til at ordninga er relevant i distrikta. Husbanken har lytta til råda frå kommunar og utbyggjarar og endra arealkrava for lån til bustadkvalitet. Frå 1. januar 2023 er arealgrensa for lån til bustadkvalitet for einebustader auka frå 150 til 200 kvadratmeter. Fristen for byggjestart vert samstundes forlengd frå tre til seks månader. Dette er ei viktig endring for distriktskommunar og gjer låneordninga meir tilpassa bustadbyggingsbehova i distrikta. Det heng godt saman med funna i ei undersøking gjennomført av Distriktssenteret om motivasjonen unge har for å bu i distrikta.30 Dei som er motiverte for å busetje seg i ein distriktskommune, verdset mellom anna det å bu i ein einebustad med eigen hage og ha lett tilgang til naturen høgare enn dei som vil bu meir sentralt.

I arbeidet med bustadmeldinga vil regjeringa gå gjennom verkemidla vi har i dag, og undersøkje om dei svarer på breidda i utfordringsbiletet til kommunane. Regjeringa vil vurdere om ein større del av låna frå Husbanken skal gå til bustadetablering i distriktskommunar, særleg på sentralitetsnivå 6.

Boks 2.8 Hotell i Geiranger bygde bustader for å sikre arbeidskraft

Det har lenge vore behov for fleire utleigebustader i Geiranger, men Stranda kommune har hatt få eller ingen tomter å tilby. Hjørnesteinsverksemda Hotel Union tok saka i eigne hender og bygde 24 utleigebustader for sine tilsette med familiar. Den lille tettstaden i Stranda kommune har 210 innbyggjarar og nær éin million tilreisande turistar i normalår. Det er avgjerande for ein stor arbeidsgjevar som Hotel Union å ha tilgang på bustader for å kunne skaffe arbeidskraft i sesongen og halde på arbeidskrafta over tid. Av totale prosjektkostnader på 66 mill. kroner finansierte Husbanken leilegheitene med 35 mill. kroner i lån til bustadkvalitet. Husbanken brukte unntaket i låneforskrifta om lånegrad, som i distrikta ofte vil vere langt høgare enn marknadsverdien til eigedomen.

2.5.4 Ei styrking av kommunen som bustadpolitisk aktør

Kommunane er dei viktigaste aktørane i bustadpolitikken og har mange roller. Dei har ansvar for areal- og samfunnsplanlegginga i kommunen, og dei er tomteeigarar, legg til rette for infrastruktur og forvaltar viktige bustadøkonomiske verkemiddel. Kommunen har ansvar for bustadsosiale tiltak, medan lokale utbyggjarar medverkar til bustadutvikling i den ordinære marknaden. I ein fungerande bustadmarknad er dette ei forventa rolle. I sårbare, usikre og lågt fungerande marknader er det ikkje sjølvsagt. Avkasting og fortenestemarginar er annleis, risikoen er større, og sjølve arbeidet krev meir innsats.31

Når bustadmarknaden fungerer dårleg, er det særleg viktig at kommunane tek ei aktiv rolle. Det krev ressursar og kunnskap om planlegging av bustadpolitikk og verkemiddel. Ein aktiv kommune kan stimulere til bygging av bustader og ein meir variert bustadmarknad. Mange kommunar manglar tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse til å ta ei slik rolle. Samstundes er det også mange kommunar som ikkje kjenner godt nok til ordningane i Husbanken og kva Husbanken kan tilby av kompetanse og erfaring. Dette forklarer kvifor mange kommunar ikkje tek fleire bustadinitiativ, og at dei i mindre grad gjer seg nytte av økonomiske verkemiddel som faktisk finst.

Ny lov om ansvaret til kommunane på det bustadsosiale feltet tek til å gjelde 1. juli 2023. Kommunane har hovudansvaret og dei beste føresetnadene for å kunne hjelpe innbyggjarane med å skaffe seg ein eigna bustad. Kommunane skal mellom anna gje individuelt tilpassa hjelp til å skaffe særleg tilpassa bustader, og dei skal ha hjelpe- og vernetiltak for dei som treng det på grunn av alder, funksjonsnedsetjing eller andre årsaker.

Gjennom arbeidet med nye nasjonale forventingar til regional og kommunal planlegging vil regjeringa opne for ei tydelegare differensiering mellom ulike kommunar, som at ein i distriktsområde kan leggje til rette for nye bustader i spreiddbygde område.

Bustadutvikling må sjåast i samanheng med rolla til kommunane i tenesteproduksjon og nærings- og stadutvikling. I rapporten Kommunen som aktiv bustadpolitisk aktør peiker Asplan Viak32 på at kommunane må gjere betre vurderingar av bustadbehovet og bustadbyggjebehovet og korleis det er integrert i andre politikkområde. Det krev også betre samhandling mellom kommunane, fylkeskommunen, statsforvaltaren og Husbanken. Dette vert også understreka i rapporten frå Sintef33Bo hele livet – som rettar seg mot planlegging for auka bu- og livskvalitet for eldre. Fylkeskommunen har ei rolle som regional samfunnsutviklar og rettleiar i arbeidet med bustadplanlegging, som del av samfunnsplanlegginga. Distriktssenteret er ein ressurs som hjelper distriktskommunane med kunnskap om handlingsrom og verkemiddel for å kunne ta bustadstrategiske val. I tildelingsbrevet for 2023 har Distriktssenteret fått i oppdrag å spreie kunnskap om samanhengar mellom samfunnsutvikling og bustadplanlegging og bustadutvikling i distriktskommunar, i samarbeid med Husbanken.

I ein situasjon med ein bustadmarknad som ikkje fungerer, står ikkje utbyggjarar i kø. Det finst døme på at når roller og forståing av oppdrag er avklart, finn offentlege og private aktørar saman. Det kan vere samarbeid om å realisere leilegheitsbygg der ein kommune kjøper nokre av leilegheitene til kommunale føremål, eller samarbeid om auka tilbod av utleigebustader der kommunen har opsjon på nokre av bustadene gjennom tilvisingsavtalar. Næringsliv og lokale utbyggjarar kan samarbeide på nye måtar om å få til drivbare prosjekt, til dømes ved at lokale utbyggjarar finn nye nisjar og forretningsområde gjennom å kombinere butikk og forretningsdrift med bustadutvikling eller gjennom å ta nye roller som profesjonelle aktørar i utleigemarknaden.34

Regjeringa vil medverke til at kommunar kan tenkje nytt om bustadutvikling og prøve ut nye måtar å jobbe på. I statsbudsjettet for 2023 har regjeringa løyvd midlar til ei ny ordning for bustadtiltak i distrikta. Tilskotet skal gå til kommunar til testing av nye bustadtiltak og til kunnskapsutvikling og innovasjon i kommunane. Føremålet er å utvikle nye samarbeidsformer og forsøk med nye bustadkonsept og verkemiddel, mellom anna i distriktskommunar i Nord-Noreg som treng å styrkje tilbodet av eigna bustader. Husbanken og Distriktssenteret skal samarbeide om den nye tilskotsordninga.

Boks 2.9 Forsøksordning for tilbakekjøpsavtale i Lebesby kommune

Lebesby kommune lanserte i 2022 ei forsøksordning for privatpersonar som ynskjer å byggje ny bustad.1 Ordninga inneber at kommunen gjer ei tilbakekjøpsavtale med bustadbyggjaren der kommunen forpliktar seg til å kjøpe bustaden til restgjelda dersom bustadbyggjaren ynskjer å selje. Forsøksordninga gjeld for inntil seks bustader i perioden 2022–2025. Ein tilbakekjøpsavtale fjernar ein del av risikoen med å byggje ny bustad, i tillegg til å gje banken større tryggleik for lånet. Avtalen kan kombinerast med andre ordningar som kommunen tilbyr, inkludert eit tilskot på 200 000 kroner til alle som byggjer ny bustad, og høve til å søkje delfinansiering via startlånsordninga.

1 Lebesby kommune. Kommunal tilbakekjøpsavtale (2022–2025). https://www.lebesby.kommune.no/kommunal-tilbakekjoepsavtale.569341.no.html.

Boks 2.10 Bustad for velferd Innlandet

Statsforvaltaren i Innlandet har i samarbeid med Husbanken øst, Innlandet fylkeskommune og Nav Innlandet invitert alle kommunar i fylket til eit samarbeid for å sjå bustadsosialt arbeid og innsatsen for born, unge og barnefamiliar i samanheng. Kommunane får bistand frå eit samordna regionalt nivå med utgangspunkt i det kommunen sjølv ynskjer bistand til. Prosjektet skal tilby ei koordinert og samla «pakke» frå dei regionale aktørane, frå kunnskapsgrunnlag og dialog om utfordringsbilete, til tilbod om kompetanse, verkemiddel og aktuelle verktøy for gjennomføring, og nettverk og deling av erfaringar på tvers av kommunar.

2.5.5 Nye byggjereglar for lokalsamfunn påverka av naturfarar

Byggteknisk forskrift (TEK17) inneheld føresegner om tryggleik mot naturpåkjenningar når ein skal byggje. Krava gjeld for nybygg og nokre typar endringar på eksisterande bygg. Forskrifta fastset kva slags utbyggingar som er tillatne, basert på kva type bygg det er snakk om, kor utsett bygget er for naturfarar, og kva sikringstiltak det er mogleg å gjennomføre.

Store delar av Noreg, og særleg Vestlandet og Nord-Noreg, har fjordar og dalar som er omgjevne av høge og bratte fjellsider. Her kan det gå fjellskred, og i nokre tilfelle kan fjellskreda gå ut i ein fjord og føre til flodbølgjer. Meir kartlegging av og kunnskap om ustabile fjellparti har dei siste åra gjeve auka tryggleik i slike utsette område. Samstundes har det som fylgje av dei tidlegare krava i TEK17 vore unødig strenge byggjerestriksjonar og stans i ynskt utvikling. For å leggje til rette for vidare utvikling og verdiskaping i lokalsamfunn som kan verte råka av fjellskred og flodbølgjer, samstundes som persontryggleiken vert sikra, har Kommunal- og distriktsdepartementet endra byggjereglane i 2022 og 2023. Endringane legg mellom anna betre til rette for investeringar i industri, jordbruk, turisme og bustadbygging i fleire kommunar på Vestlandet og i Nord-Noreg. Dette er viktig for å halde oppe vekst og framtidstru i desse distriktskommunane.

Det er framleis behov for risikobaserte krav som er meir tilpassa dei lokale tilhøva. Regjeringa vil derfor vidareutvikle regelverket og har sett ned ei arbeidsgruppe med representantar for Direktoratet for byggkvalitet, Noregs vassdrags- og energidirektorat og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Gruppa vil mellom anna sjå på om det er mogleg å opne for organisatoriske flaumsikringstiltak, slik at det vert enklare å få til ynskt utvikling i område som er påverka av flaumfare, samstundes som tryggleiken vert sikra. I tillegg skal gruppa vurdere om krava til tryggleik i TEK17 er på riktig nivå, og korleis krava i større grad kan ta omsyn til framtidige klimaendringar. Arbeidet vil medverke til at det i større grad er mogleg å ta heile landet i bruk på ein trygg måte. Departementa har bede om at Miljødirektoratet, Landbruksdirektoratet og transportetatane på eigna måte deltek i dette arbeidet.

Fotnotar

1.

NOU 2020: 15 Det handler om Norge – utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distriktene.

2.

NOU 2020: 12 Næringslivets betydning for levende og bærekraftige lokalsamfunn.

3.

Rambøll (2022) Evaluering av kompetansetiltak innen etter- og videreutdanning i offentlig planlegging, kart og geodata (rapport) Rambøll Management Consulting. Oslo.

4.

NOU 2020: 15 Det handler om Norge – utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distriktene.

5.

Prop. 121 S (2022–2023) Endringer i statsbudsjettet 2023 under Landbruks- og matdepartementet (jordbruksoppgjøret m.m.).

6.

Meld. St. 30 (2019–2020) En innovativ offentlig sektor – Kultur, ledelse og kompetanse.

7.

Telemarksforskning (2020) Små distriktskommuners deltakelse i innovasjonsvirkemidler (rapport 540). Telemarksforskning. Bø.

8.

Angel, E. (2021) Regionale myndigheters veiledning av distriktskommuner (rapport nr. 3-2021). NORCE samfunn.

9.

Interreg er EUs program for å fremje sosial, økonomisk og territoriell integrasjon over landegrensene gjennom regionalt samarbeid.

10.

Erasmus+ er EU sitt program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett.

11.

Horisont Europa er EU sitt niande rammeprogram for forsking og innovasjon.

12.

Grünfeld, L.A., Grønvik, O., Foseid, H.M., Winther-Larsen, S., Angell, E. (2021) Gjennomgang av Merkur-Programmet (rapport nr. 131). Menon Economics. Oslo.

13.

Wollebæk & Sivesind (2010) Fra folkebevegelse til filantropi? Frivillig innsats i Norge 1997–2009 (rapport). Institutt for samfunnsforskning.

14.

I lokallagsundersøkinga 2019, gjennomført av Senter for forsking på sivilsamfunn og idrett, blei det registrert 1 175 198 medlemskapar i foreiningar innan kunst og kultur og 15 600 lokallag rundt om i landet.

15.

Knekk samhandlingskoden (2023). https://samhandlingskoden.no/utvikle-frivillighetspolitikk

16.

Rom for deltakelse – regjeringens kulturfrivillighetsstrategi 2023–2025. Kultur- og likestillingsdepartementet.

17.

Distriktssenteret (2020). Tilflyttings- og rekrutteringsarbeid i distriktene – en oppsummering av kunnskap (notat til demografiutvalet). https://distriktssenteret.no/wp-content/uploads/2020/05/tilflyttings-og-rekrutteringsarbeid-i-distriktene.pdf.

18.

Sørlie, K., Aure, M., Langset, B. (2012). Hvorfor flytte? Hvorfor bli boende? Bo- og flyttemotiver de første årene på 2000-tallet (rapport). NIBR.

19.

Søholt, S., Tronstad, K., Rose, Vestby, G.M. (2015). Sysselsetting av innvandrere – regionale muligheter og barrierer for inkludering (rapport). NIBR, HiOA. Oslo.

20.

UDI (2023). https://www.udi.no/aktuelt/regner-med-40.000-ogsa-i-2023/.

21.

https://www.imdi.no/planlegging-og-bosetting/bosettingsprosessen/imdis-anmodning/.

22.

Monitor for sekundærflytting. Sekundærflytting blant personer med flyktningbakgrunn bosatt i Norge 2007–2016 (ssb.no).

23.

NOU 2022: 18 Mellom mobilitet og migrasjon – Arbeidsinnvandreres integrering i norsk arbeids- og samfunnsliv. Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

24.

Samfunnsøkonomisk analyse AS (2020). Tilgang på boliger i distriktene og rekruttering av arbeidskraft. (rapport 35-2020). Oslo.

25.

Samfunnsøkonomisk analyse AS (2022). Kartlegging av tilgang og pris på boligfinansiering i distriktene. (rapport 2-2022). Oslo.

26.

SSB (2023). Statistikkbanken – Boliger. https://www.ssb.no/bygg-bolig-og-eiendom/bolig-og-boforhold/statistikk/boliger.

27.

Meld. St. 24 (2022–2023) Fellesskap og meistring – Bu trygt heime.

28.

SSB (2017) Framtidens eldre i by og bygd (rapport 2017/32).

29.

Mellom anna rapporten Et godt sted å bli gammel, om aldring i rurale kommuner frå Nord universitet. NF-rapport+nr+11-2020+Et+godt+sted+å+bli+gammel.pdf (unit.no).

30.

Nortug, H. (2021). Unges motivasjon til å bo i distriktene (rapport). Distriktssenteret.

31.

Distriktssenteret (2020). Næringslivets betydning for stedsutvikling, boligutvikling og inkludering i distriktskommuner (notat til Distriktsnæringsutvalet).

32.

Asplan Viak AS (2018). Kommunen som aktiv boligpolitisk aktør (rapport).

33.

Høyland, K., Denizou, K., Halvorsen, T., Moe, E. (2020). Bo hele livet. Nye bofellesskap og nabolag for gammel og ung (rapport). SINTEF Fag.

34.

Sørvoll, J., Løseth, G.K. (2017). Samfunnsvirkninger av boligpolitikk. Boligsatsinger og samfunnsutvikling i ti norske distriktskommuner (rapport). NOVA.

Til forsida