Meld. St. 27 (2022–2023)

Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida

Til innhaldsliste

5 Ein aktiv næringspolitikk for heile landet

Føresetnadene for næringsverksemd varierer mellom ulike delar av landet. Noreg treng næringar som gjev landet verdiskaping og eksportinntekter, som gjev arbeidsplassar og skatteinntekter til kommunane, og som tek klimaomsyn og nyttar ressursane på ein berekraftig måte. Landet treng utdanning som kvalifiserer folk til dagens og framtidas næringsliv, og infrastruktur som legg til rette for velfungerande arbeidsmarknader, transport og digitale løysingar.

Noreg er rikt på menneskelege ressursar og naturressursar. Regjeringa fører ein aktiv og framtidsretta næringspolitikk for å leggje til rette for aktivitet i heile Noreg. Ressursbaserte næringar er ein sentral del av norsk økonomi og har over tid gjeve grunnlag for store inntekter og positive ringverknader for lokalsamfunn og for Noreg som nasjon. Desse næringane er viktige for sysselsetjing, verdiskaping og busetjing i distrikta. Næringane skaper ringverknader gjennom tilknytt industri, lokale innkjøp, forsking og utvikling og gjennom samarbeid med utdanningssektoren.

Fordi naturressursane er spreidde, vil gjerne arbeidsplassane òg liggje spreidd. Verdiskaping basert på berekraftig utnytting av naturressursar må kome lokalsamfunna der verdiane ligg, til gode. Regjeringa vil derfor sikre at lokalsamfunn som stiller naturressursane sine til disposisjon for utbygging, får meir igjen for det og vert sikra ein rettmessig del av verdiskapinga.

Gjennom planlegging og verkemiddelbruk har kommunane og fylkeskommunane ei sentral rolle i å leggje til rette for næringsutvikling. Ein aktiv offentleg innkjøpspolitikk kan leggje til rette for å skape lokale og regionale ringverknader.

Gjennom eit grønt industriløft vil regjeringa leggje til rette for kutt i klimagassutslepp, fleire arbeidsplassar og auka verdiskaping basert på lange verdikjeder i Noreg. Strategiske investeringar, samordning av tiltak på tvers av sektorar og etablering av ny industri som privat sektor kan utvikle vidare, er viktig. Denne industriutviklinga vil gje store moglegheiter i distrikta.

Privat eigarskap og initiativ er sentralt for utvikling av næringslivet. Regjeringa vil føre ein politikk som byggjer opp under og styrkjer grunnlaget for å etablere, drive og vidareutvikle eiga verksemd.

5.1 Forvalting av naturressursar skal kome fellesskapet til gode

Framsynte folkevalde har sørgd for at rikdomen frå dei felles naturressursane våre i stor grad hamnar hos fellesskapet, mellom anna gjennom skattlegging av vasskraftproduksjon og petroleumsnæringa og offentleg eigarskap.

Prinsippet om at fellesskapet skal ha ein del av avkastinga ved å nytte naturressursane til fellesskapet, har tent Noreg godt. Utan dette ville vi i dag ikkje hatt Statens pensjonsfond utland. Også skattlegginga av vasskraftverk har medverka til store skatteinntekter til staten og kommunesektoren, ikkje minst den siste tida. Det har vore brei semje om at ein stor del av grunnrenta frå petroleums- og kraftnæringa skal gå til fellesskapet. Ekstraordinært høg avkasting (grunnrente) gjev skatteevne, og skattlegging av grunnrente verkar derfor omfordelande. Ein riktig utforma grunnrenteskatt verkar nøytralt på investeringane. Det vil seie at verksemd som er lønsam før grunnrenteskatt, også vil være lønsam etter grunnrenteskatt. For stadbundne grunnrentenæringar er det mogleg å ha eit høgt skattenivå utan at investeringar vert flytta ut av landet.

I Hurdalsplattforma er regjeringa tydeleg på at lokalsamfunn og fellesskapet bør få ein rettferdig del av verdiane som vert skapte ved å utnytte naturressursane til fellesskapet. Vertskommunar for vasskraft skil seg ut ved at dei får ein stor del av skatteinntektene i sektoren. Dei siste åra har også vertskommunar for havbruk fått store inntekter frå sal av havbruksløyve og produksjonsavgift. Kommunane kan også skrive ut eigedomsskatt innanfor rammene av eigedomsskattelova.1

Til liks med petroleums- og vasskraftressursane er sjø- og vindkraftressursar skatteobjekt som ikkje kan flyttast, og som bør utnyttast i ei tid då mange skattegrunnlag vert meir mobile. Regjeringa varsla i statsbudsjettet for 2023 at ho vil innføre grunnrenteskatt på havbruk og vindkraft på land. Ein sentral del av forslaget er at lokalsamfunn som stiller naturressursar til disposisjon, skal sikrast ein del av grunnrenta. Forslag til grunnrenteskattar på havbruk og vindkraft på land har vore på høyring. I Prop. 78 LS (2022–2023) la regjeringa fram lovforslag om grunnrenteskatt på havbruk med ein effektiv skattesats på 35 prosent og eit botnfrådrag på 70 mill. kroner. Det vart òg føreslått ein auke i produksjonsavgifta til 90 øre per kilo frå 1. juli 2023. Regjeringa har vidare føreslått å auke den delen vertskommunar og -fylkeskommunar får av inntektene frå sal av ny løyvekapasitet, frå 40 prosent til 55 prosent. Dessutan har regjeringa føreslått at kommunesektoren skal få inntekter tilsvarande halvparten av provenyet frå grunnrenteskatten. Det skal sikrast ved å gje ei ekstraløyving til kommunesektoren i år der grunnrenta er høg. Saken vart handsama i Stortinget 31. mai 2023 med vedtak om ein effektiv skattesats på 25 prosent, og innretning og fordeling elles som foreslått av regjeringa.

Eit høyringsnotat om grunnrenteskatt for landbasert vindkraft vart sendt ut 16. desember 2022 med frist 15. mars 2023. I høyringsnotatet var det i utgangspunktet lagt opp til at grunnrenteskatten skulle få verknad frå 2023, men det vart omtalt at dette skulle vurderast nærare. I lys av mellom anna innspel frå høyringa og tidsomsyn tek regjeringa no sikte på å gjere framlegg om grunnrenteskatt på landbasert vindkraft for Stortinget i løpet av haustsesjonen 2023, med verknad frå inntektsåret 2024.

5.2 Distrikta står sentralt i det grøne skiftet

Mange av klimagassutsleppa kan reduserast gjennom løysingar i og frå industrien. I tråd med måla i Parisavtalen skal Noreg innan 2030 kutte minst 55 prosent av dei norske klimagassutsleppa samanlikna med utslippsnivået i 1990. Regjeringa vil gjennom eit grønt industriløft arbeide for utvikling av reine energikjelder, mellom anna ved å utvikle og ta i bruk teknologi for karbonfangst og -lagring. Regjeringa vil arbeide for det grøne skiftet gjennom gode rammevilkår og målretta risikoavlasting og ved å bruke den statlege innkjøpsmakta for å leggje til rette for grøne aktørar.

Eit grønt skifte kan gje store positive ringverknader for Distrikts-Noreg. Her finst ressursar som er viktige for å gjennomføre regjeringa sitt vegkart for grønt industriløft. Norske industrimiljø har særleg spisskompetanse innanfor olje og gass, fornybar energi, metallurgi, prosess- og vareproduksjon og maritim og marin sektor. Kompetanse og kapasitet i eksisterande næringar er viktig for å utvikle nye næringar. Kombinasjonen av store fornybare ressursar og industriell, teknologisk og vitskapleg kompetanse gjev Noreg gode føresetnader for å lykkast i den grøne omstillinga.

Innovasjonsprosjekt på norsk sokkel gjev ringverknader og kompetanseutvikling til næringar over heile landet. Leverandørindustrien til petroleumsnæringa har ein sterk posisjon internasjonalt og medverkar til verdiskaping og industriutvikling i distrikta. Industrien har i fleire år vore i omstilling, med stor merksemd på fornybar energi og lågkarbonløysingar. Særleg havvind har mange fellestrekk med offshore petroleumsverksemd. Leverandørindustrien vil derfor vere viktig i arbeidet med grøn omstilling.

Regjeringa vil leggje til rette for god dialog med fylkeskommunane og regionale aktørar om arbeidet med grønt industriløft, slik at den samla innsatsen støttar opp om regionale potensial og føremonar. Regjeringa har også oppretta eit dialogforum for batterikommunar. Føremålet er å leggje til rette for ein meir effektiv dialog og erfaringsutveksling mellom vertskommune og dei aktuelle fylkeskommunane, statsforvaltarane, departementa og etatane. Det er etablert gode samarbeid mellom fylkeskommunen, Innovasjon Noreg, Siva og Noregs forskingsråd i alle fylke, og det vert jobba i regionale partnarskap for regional næringsutvikling. Regjeringa har starta arbeidet med å utvikle regionvekstavtalar som eit nytt verktøy i distrikts- og regionalpolitikken (sjå kap. 5.8), og det er allereie innleidd dialog om avtalar med Nordland og Rogaland fylkeskommunar. Avtalane vil mellom anna kunne vere verktøy for grøn omstilling og næringsutvikling i ulike delar av landet.

Boks 5.1 Green Yard Kleven

Skipsverftet Green Yard Kleven i Ulsteinvik tilbyr nybygg, reparasjonar, ombygging og resirkulering av fartøy og er det einaste livsløpsverftet i Noreg. Green Yard Kleven tilbyr alle typar verftstenester, også spesialoppdrag for skipsinteriør og hybridisering av skip. Verftet har stor kapasitet for robotisert stålproduksjon. Verftet finn gode løysingar i samarbeid med reiaren når noko skal byggjast eller endrast om bord i fartøyet. Verftet står i ein lang skipsbyggjartradisjon og har god leveringspresisjon.

Alt arbeid vert gjort med ein sterk miljøprofil, med vektlegging av restverdiar og gjenbruk i aktuelle prosjekt. Verftet er ISO-sertifisert innanfor miljø og kvalitet. Green Yard Kleven held til i Ulsteinvik, midt i den maritime klyngja på Søre Sunnmøre. Verftet er saman med systerverftet Green Yard Feda i Kvinesdal ein del av Green Yard Group. Green Yard Feda er det einaste verftet i verda som gjennomfører resirkulering av skip innandørs. I tillegg tilbyr Green Yard Feda verftstenester og riggservice. For begge verfta står utvikling av berekraftige tenester og arbeidsmetodar sentralt.

Figur 5.1 Green Yard Feda tilbyr verftstenester og riggservice.

Figur 5.1 Green Yard Feda tilbyr verftstenester og riggservice.

Foto: Green Yard Feda

5.2.1 Vegkart for grønt industriløft

Eit grønt skifte kan gje store ringverknader for Distrikts-Noreg. Her finst ressursar som er viktige for å gjennomføre regjeringas Vegkart for grønt industriløft. Vegkartet frå juni 2022 har som mål å gjere Noreg til ein grøn industri- og energigigant basert på våre naturressursar, kunnskapsmiljø, industrielle kompetanse og historiske føremonar. Vegkartet inneheld i alt 100 tiltak og omfattar satsingsområde som byggjer på ressursar og kompetansemiljø i heile landet: havvind, batteri, hydrogen, CO2-handtering, prosessindustri, maritim industri, skog- og trenæringa og bioøkonomi. Dette er distriktsnæringar med viktige bidrag til grøn omstilling. Næringane legg til rette for berekraftig produksjon i framtida, og det er venta stor vekst i etterspurnaden etter berekraftige produkt i åra framover.

Havvind har gode føresetnader for vekst i ein marknad der etterspurnaden etter fornybar kraft veks raskt. Dette gjev nye moglegheiter for norsk leverandørindustri. Globalt har etterspurnaden etter batteri auka sterkt. Batteri er ein kjerneteknologi i det grøne skiftet, og i Noreg kan batteri produserast med låge utslepp og på ein effektiv måte, noko som gjev gode føresetnader for verdiskaping og arbeidsplassar i distrikta. I juni 2022 lanserte regjeringa Noregs fyrste batteristrategi2 for å utvikle ei samanhengande og lønsam batteriverdikjede. Hydrogen produsert med ingen eller låge utslepp er ein energiberar med stort potensial til å redusere klimautslepp frå fleire sektorar. Regjeringa vil gjennom støtte til FoU, infrastruktur og krav i offentlege innkjøp stimulere til parallell utvikling av produksjon, distribusjon og bruk av hydrogen, og over heile landet er fleire prosjekt i startfasen. CO2-fangst og -lagring kan redusere utslepp frå fleire industriprosessar, og regjeringa vil vidareføre satsinga på teknologiutvikling. Kompetanse frå petroleumsverksemda er viktig for å utvikle CO2-lagring på norsk kontinentalsokkel.

Norsk maritim industri ligg i front i omstillinga til låg- og nullutsleppsfartøy og skaper verdiar nasjonalt og i mange lokalsamfunn. For å stimulere til auka aktivitet og ringverknader i samfunnet vil regjeringa greie ut det rettslege handlingsrommet innanfor EØS-avtalen for å plassere offentlege oppdrag hos norske verft. Som ein del av utgreiinga har det på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet vorte utarbeidd ein ekstern rapport om moglegheitene for å stille krav i offentlege innkjøpsprosessar som kan medverke til at norske verft effektivt kan konkurrere om desse oppdraga.

Prosessindustrien har fleire verksemder som er verdsleiande i sin bransje på klima- og ressurseffektivitet, og som har eit stort potensial for auka verdiskaping i heile landet. Noreg har store bioressursar som kan gje grunnlag for auka verdiskaping og nye arbeidsplassar, gjennom berekraftig skogbruk, foredlingsindustri og utnytting av restråstoff frå mellom anna marin sektor. Bruk av tre i bygg har stort marknadspotensial, og det er aukande etterspurnad etter berekraftig produsert biodrivstoff, cellulose og andre treforedlingsprodukt. Det statleg eigde investeringsselskapet Investinor har øyremerkt 500 mill. kroner til investeringar i skog- og trenæringa.

Mineralnæringa er i stor grad lokalisert i distrikta. Næringa vil spele ei viktig rolle i det grøne skiftet, og gjev grunnlag for berekraftig økonomisk vekst og nye arbeidsplassar. Regjeringa vil leggje til rette for utvinning av kritiske mineral, og planlegg å leggje fram ein mineralstrategi.

5.2.2 Statleg kontaktpunkt for store industrietableringar i nord

Det er store investeringsprosjekt under planlegging i fleire delar av landet. Store industrietableringar krev tilrettelegging og handling frå mange ulike aktørar, både offentlege og private. Investeringane kan utfordre den sektoriserte staten, ved at mange avgjerder må samordnast i tid og trekkje i same retning. Kommunane kan finne det vanskeleg å få ein samla og målretta dialog med staten om utfordringar og behov lokalt.

Fleire av dei aktuelle industriprosjekta er store og det er lange byggjeperiodar. Det skal rekrutterast kompetent personell. Nyetableringane vil truleg rekruttere frå eksisterande næringsliv og skape kompetansebehov også der. Tilflyttarar treng bustader og medflyttarar skal ha arbeid, gå på skule og få kommunale tenester. Store private investeringar kan gjere det naudsynt med offentlege investeringar i infrastruktur. Utbyggingane må ta godt omsyn til klima, natur og miljø. For at etableringane skal gje positive lokale verknader, krev det innsats frå mange ulike offentlege aktørar, koordinert og på same stad.

Regjeringa vil vurdere om det er føremålsteneleg å etablere eit statleg kontaktpunkt for store industrietableringar i Nord-Noreg. Det er allereie oppretta eit dialogforum for batterikommunar.

5.3 Meir kraft, meir nett og meir effektiv bruk av kraft

God tilgang på rein og rimeleg kraft har i tiår vore ein viktig føremon for norsk industri. Regjeringa vil at dette også i framtida skal vere ein føremon for industrien. Elektrifisering og utvikling av ny grøn industri kan innebere at nytt stort forbruk vert etablert raskt. Regjeringa vil leggje til rette for fornybar kraft og nettkapasitet gjennom ny kraftproduksjon, energieffektivisering og utvikling av nettet.

Det er mange planar om elektrifisering og ynske om ny grøn industri i distrikta. Derfor treng vi å få raskt på plass meir nett. Samstundes er nye kraftleidningar ofte omfattande tiltak som kan vere konfliktfylte og innebere store naturinngrep. Det er viktig med gode demokratiske prosessar i handsaminga av desse sakene.

Regjeringa vil leggje til rette for at kapasiteten i straumnettet vert forsterka i heile landet, og at konsesjonshandsamingstida vert korta ned. Straumnettutvalet leverte sin rapport til regjeringa juni 2022.3 Utvalet tilrår ei rekkje tiltak, med mål om å korte ned tida det tek å utvikle og konsesjonshandsame nye nettanlegg, for å sikre ei samfunnsøkonomisk utvikling av straumnettet og for å styrkje prosessen for tilknyting til straumnettet. Som oppfylging av tilrådingane har regjeringa sett i gang fleire tiltak for å få raskare nettutbygging og betre utnytting av nettet, og regjeringa har styrkt energistyresmaktene. For å redusere køen av konsesjonssaker og leggje til rette for ei effektiv handsaming av nye konsesjonssøknader, er sakshandsamingskapasiteten i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vesentleg styrkt. Arbeidet NVE gjer med digitalisering av konsesjonsprosessane og kraftsystemutgreiingar som vert brukte til planlegging av straumnettet, er også styrkt.

Regjeringa publiserte i april 2023 Regjeringens handlingsplan for raskere nettutbygging og bedre utnyttelse av nettet. Med dette vert det teke fleire viktige grep for å medverke til raskare konsesjonshandsaming hos styresmaktene, meir effektiv tilknyting til straumnettet og betre utnytting av nettkapasiteten i dag. Eit konkret tiltak for raskare konsesjonshandsaming er å auke grensa for når eit nettselskap må melde nye 132 kV kraftleidningar, frå 15 km til 50 km. Nettselskapa kan i slike tilfelle gå rett på konsesjonssøknad utan å melde prosjektet fyrst. Samstundes skal nettselskapa få velje om dei vil melde slike leidningar dersom dei til dømes ser at ein kraftleidning kan føre til fleire konfliktar.

NVE har i tillegg vidareutvikla eit hurtigspor for konsesjonshandsaming av små og enkle saker. Hurtigsporet inneber at søknader vert handsama raskt og får høg prioritet. NVE har oppdatert rettleiarar for å få betre kvalitet på konsesjonssøknadene og er i gang med å utarbeide ein sektorrettleiar for samfunnsøkonomisk analyse av nettanlegg. Dette er for å heve kvaliteten på dei samfunnsøkonomiske analysane og for å utarbeide ein felles metodikk i bransjen.

Nokre av tiltaka som blir varsla i handlingsplanen er ei tydeleggjering av føringar for korleis nettselskapa skal fordele kapasitet til aktørar. I dei nye kriteria for tildeling av nettkapasitet som skal inn i forskrift, vil prosjekt med stor grad av gjennomføringsevne få prioritet. I tillegg til gjennomføringsevne skal også bruk av kapasiteten (tidspunkt og volum) og tidspunkt for førespurnaden vektleggjast. Dersom to prosjekt vert vurderte likt med omsyn til gjennomføringsevne og framdrift, legg regjeringa til grunn at eksisterande verksemd skal prioriterast.

«Vanleg forbruk», som hushald, mindre næringar og forbruk til naudsynte samfunnsfunksjonar, skal ikkje risikere å ikkje få tilknyting til straumnettet som fylgje av manglande kapasitet i regional- og transmisjonsnettet. Regjeringa vil gje nærare føringar om kva som skal inngå i omgrepet «vanleg forbruk». Regjeringa vil vurdere ytterlegare verkemiddel, mellom anna endringar i anleggsbidragsreglane, innføring av reservasjonsgebyr og andre prissignal som kan medverke til å sikre god allokering av tilgjengeleg nettkapasitet.

Regjeringa sette ned Energikommisjonen i februar 2022, og den overleverte sin rapport i februar 2023.4 I utgreiinga går kommisjonen gjennom fleire tilhøve ved det norske kraftsystemet. Kommisjonen meiner den langsiktige utviklinga på energiområdet er prega av fleire usikre moment, særleg det som driv forbruksveksten i åra fram mot 2030 og 2050. Hovudvurderinga er at Noreg treng ei stor satsing på kraftproduksjon, nettutvikling og energieffektivisering. Kommisjonen har vurdert potensial og utfordringar knytte til dette. Eit fleirtal i kommisjonen meiner Noreg må oppskalere kraftproduksjonen med 40 TWh innan 2030 og gjennomføre energieffektiviseringstiltak tilsvarande 20 TWh. For å nå desse måla føreslår kommisjonen fem hovudkategoriar av tiltak: for ein meir effektiv og fleksibel energibruk; fjernvarme, bioenergi og varmepumper; auka kraftproduksjon; raskare og betre saksgang; og auka nettkapasitet.

Energieffektivisering er viktig for kraftsystemet. Elektrifiseringa av samfunnet og etablering av ny grøn industri vil auke kraftbehovet og føre til ein meir krevjande kraftbalanse i tida framover. Energieffektivisering kan medverke til betre kraftbalanse og redusere behovet for auka kraftproduksjon, effektutvidingar og meir straumnett. Verknaden av energieffektivisering er ofte størst om vinteren, når presset på kraftsystemet er størst og prisane er høgast. Energieffektiviseringstiltak vil ofte kunne gjennomførast raskare enn utbygging av ny kraftproduksjon og nytt straumnett.

Rapporten frå Energikommisjonen har vore på høyring fram til mai 2023. Regjeringa har allereie sett i verk fleire av tiltaka kommisjonen fremjar. Mellom anna har regjeringa opna opp konsesjonshandsaminga for vindkraft på land og lyst ut fyrste fase av Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord. Ei lovfesting av ansvaret produsentane har for å medverke til forsyningstryggleiken, er ein sentral del av styringsmekanismen regjeringa føreslo i januar 2023, og ei konkret tilråding frå Energikommisjonen. Regjeringa arbeider òg med ein handlingsplan for energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi som vil verte presentert seinast saman med statsbudsjettet hausten 2023. Den vidare oppfylginga av rapporten frå Energikommisjonen vil regjeringa sjå i lys av høyringsinnspela etter høyringsfristen.

Boks 5.2 Smart Senja

Senja er lokalisert i enden av kraftnettet, med eit relativt stort forbruk av straum på grunn av stor utvikling i næringslivet på øya. Det har vorte etablert anlegg med avansert robotikk i prosesseringa av fisk, og desse anlegga treng ikkje berre kraft, men også stabil spenning. Reiselivsnæringane er i vekst, og med det fylgjer eit aukande kraftbehov. Kapasiteten i det eksisterande straumnettet er sprengd, og nettet kan ikkje støtte auka forbruk. Ny overføringslinje er planlagd, men vil ta tid å få på plass. Det er periodar med mange feil i nettet, spesielt når det er dårleg vêr.

Det er derfor naudsynt med smarte løysingar som kan gje meir stabil kraftsituasjon i påvente av ny linje. I prosjektet Smart Senja vert det brukt fleksibelt forbruk gjennom aktivt å styre belastingar som kjøleanlegg i industrien og varmtvasstankar hos hushald. Slik kan ein flytte forbruk til tider då nettet er mindre pressa. Prosjektet har òg installert to batteri i distribusjonsnettet. Batteriet på Husøy er det største i landet. Batteria vert ladde når det er ledig kapasitet i nettet, og gjev spenningsstøtte og leverer ekstra effekt lokalt i timane med høg belasting. Prosjektet greier ut potensialet for lokal energiproduksjon, som solkraft og vindkraft.

Smart Senja er eit samarbeidsprosjekt mellom nettselskapet Arva, Universitetet i Tromsø, teknologiverksemder, innbyggjarar og næringsliv på Nord-Senja, med støtte frå Enova. Prosjektet utviklar ny teknologi og kunnskap lokalt. Målet er, i tillegg til å løyse dei lokale utfordringane, å identifisere og utvikle løysingar som kan ha nytte andre stader i landet og globalt. Partnarar i prosjektet er Arva AS (prosjektleiar), Br. Karlsen, Nergård AS, Tromskraft Produksjon AS, Ishavskraft, UiT Noregs arktiske universitet, Enfo, Nodes AS, Powel AS, Rolls-Royce Solutions Berlin GmbH og Solbes AS.

Figur 5.2 Noregs største batteri vart heist på plass på Husøy i november 2021.

Figur 5.2 Noregs største batteri vart heist på plass på Husøy i november 2021.

Foto: Johannes Fjell Hojem/Smart Senja

5.3.1 Planlegging og utbygging av vindkraft på land

Regjeringa har igjen opna for konsesjonshandsaming av vindkraft på land der vertskommunane samtykkjer til dette. Regjeringa jobbar no med å innlemme planlegging av vindkraftanlegg i plan- og bygningslova. Dette vil gje kommunane større formell styresmakt over arealbruken i vindkraftsaker. Det er fremja ein lovproposisjon om endringar i energilova og plan- og bygningslova som inneber at vindkraftanlegg må greiast ut i områderegulering etter plan- og bygningslova før ein kan gje konsesjon etter energilova. Slik områderegulering skal vere overordna, og detaljane i utforminga av vindkraftanlegget skal greiast ut i konsesjonsprosessen etter energilova. Kommunane kan be utbyggjarar om å utarbeide utkast til områderegulering, men det er opp til kommunen om ein slik plan skal fremjast eller ikkje. Det vert ikkje kravd at planprosessen og konsesjonsprosessen vert samordna, men slik samordning kan medverke til meir effektive prosessar der det ligg til rette for det. Då kan også NVE få ei samordnande rolle i konsekvensutgreiingsprosessen, dersom kommunen ynskjer dette.

Boks 5.3 Konsultasjonar med Sametinget og andre samiske interesser

Arealbruk i samband med ny næringsverksemd kan nokre gonger få konsekvensar for samiske interesser. Då er det viktig å leggje til rette for avgjerdsprosessar der kunnskap og dialog mellom alle involverte partar dannar grunnlaget for dei vedtaka som vert gjorde.

Som urfolk har samar rett til å verte konsulerte i saker som kan få direkte fylgje for dei, jf. ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar og FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar artikkel 27. Konsultasjonar skal sikre at samiske interesser kjem tidleg inn i prosessane og har høve til å påverke avgjerda. Når Sametinget og offentlege styresmakter går inn i konsultasjonar om ei sak, skal semje vere eit mål, men det er styresmaktene som skal ta den endelege avgjerda i saka.

Stortinget vedtok 7. juni 2021 å lovfeste reglar om konsultasjonar i samelova. Dei nye lovføresegnene vart sette i verk 1. juli 2021. Lovføresegnene skal leggje til rette for meir effektive og betre konsultasjonar mellom offentlege styresmakter og Sametinget eller andre samiske interesser. Lova forankrar konsultasjonsplikta for alle forvaltingsnivåa.

5.3.2 Petroleumsnæringa gjev Noreg store inntekter

Petroleumsnæringa har ein tydeleg distriktsprofil og ei sterk lønsevne som kjem mange lokalsamfunn til gode. Olje- og gassførekomstane på norsk sokkel er ein avgrensa naturressurs som tilhøyrer fellesskapet. Petroleumsressursane er verdifulle og gjev grunnlag for særleg høg avkasting ved utvinning – såkalla grunnrente. Fellesskapet får inntekter frå olje- og gassnæringa gjennom petroleumsskatten og inntektene frå dei direkte eigardelane til staten. Regjeringa vil at ringverknader frå petroleumsverksemda skal kome heile landet til gode. I samband med planlegginga av nye sjølvstendige feltutbyggingar skal operatøren leggje til rette for positive lokale og regionale ringverknader, der det er mogleg.

Oljeselskapa og tilknytte leverandørar og verdikjeder sysselset om lag 169 000 personar over heile landet.5 I tillegg er om lag 35 000 knytte til eksport til den internasjonale petroleumsindustrien. Skiftordningane gjer det mogleg å bu og pendle over heile landet. Dei 53 100 direkte sysselsette som er knytte til aktiviteten på kontinentalsokkelen har bustad i 330 kommunar og gjev gode skatteinntekter i sine respektive bustadkommunar.81 Dei samla nettoinntektene til staten frå petroleumsverksemda i 2022 vart i nysaldert budsjett utrekna til om lag 1 316 mrd. kroner. Nettoinntektene frå petroleumsverksemda vert overført til Statens pensjonsfond utland.

5.4 Næringsretta verkemiddel

Regjeringa vil utvikle dei næringsretta verkemidla gjennom målretta ordningar for å utløyse nyskaping og styrkje konkurranseevna. Små og mellomstore verksemder sysselset om lag 70 prosent av dei tilsette. Dei er særleg viktige i Distrikts-Noreg. I dei minst sentrale distriktskommunane (sentralitetsnivå 5 og 6) (sjå boks 1.2) er om lag 85 prosent av dei tilsette innanfor små- og mellomstore verksemder, jf. figur 5.3.

Figur 5.3 Tilsette etter storleik og sentralitet, 2020. Tal i prosent av alle tilsette etter sentralitetsnivå

Figur 5.3 Tilsette etter storleik og sentralitet, 2020. Tal i prosent av alle tilsette etter sentralitetsnivå

Kjelde: Regionale utviklingstrekk 2021

Verksemdene i distrikta bruker verkemiddelapparatet i større grad enn verksemder i meir sentrale delar av landet. I tillegg finst det supplerande ordningar retta mot verksemder i distrikta, avgrensa til konkrete geografiske område og særskilde næringspolitiske utfordringar, som redusert kapitaltilgang, store avstandar og tynne næringsmiljø.6

Fylkeskommunane har eit særskilt ansvar for ordningar som kan mobilisere og kvalifisere verksemder til å ta del i større nasjonale og internasjonale ordningar. Fleire av desse ordningane gjeld berre for verksemder i distriktsområda. Det gjeld til dømes distriktsretta risikolån og garantiar, og tilskot til etablering, investering og utvikling. Det finst også andre ordningar som gjeld verksemder i heile landet, som landsdekkjande etablerartilskot, næringshageprogrammet, inkubasjonsprogrammet, bedriftsnettverk og mentortenesta for gründerar. Sametinget forvaltar fleire næringsretta verkemiddel og har i 2023 sett av i overkant av 46 mill. kroner til ulike næringsføremål.

Regjeringa vil gjere det enklare for verksemdene å ta i bruk dei ulike tiltaka og ordningane og vurdere korleis ansvaret for ordningar og program er organisert, og korleis aktørane samarbeider. Målet er å utvikle eit tilbod som forsterkar og ikkje overlappar, og det er sett i verk fleire initiativ for å forenkle. Innovasjon Noreg skal opprette ein digital inngang til verkemiddelapparatet saman med Forskingsrådet, Eksportfinansiering Noreg og Siva. Det er sett i gang ei løysing der mellom anna Agder og Vestland fylkeskommunar deltek.

Regjeringa ynskjer ei dreiing i forskings- og innovasjonsaktiviteten i næringslivet mot meir klima- og miljøvenlege løysingar. Regjeringa vedtok i statsbudsjettet for 2023 å omprioritere delar av midlane i det næringsretta verkemiddelapparatet til ei grøn nærings- og eksportomstillingspakke. Grøn omstilling og ein meir effektiv og sirkulær økonomi med auka gjenbruk kan gje framvekst av ny industri, oppretting av nye arbeidsplassar og redusert press på naturressursane. For å stimulere til grøn omstilling i næringslivet, prioriterer regjeringa grøne innovasjonsprosjekt, mellom anna i dei målretta ordningane Grøn plattform, Grøne vekstlån og Investeringstilskot for store grøne investeringar. Det sistnemnde tilskotet medverka i 2022 til etablering av resirkuleringsanlegg hos Forestia AS i Våler som vil gje 100 nye arbeidsplassar, og til igangsetjing av eit investeringsprosjekt for algeproduksjon i regi av Finnfjord AS på Senja.

Regjeringa vil vurdere korleis erfaringane frå dette og andre prosjekt kan brukast til å støtte opp om samarbeid der verksemder og forskingsmiljø kan utvikle og prøve ut innovativ teknologi i eit industrielt miljø. Bruk og vidareutvikling av eksisterande offentlege og private kompetansemiljø i Nord-Noreg kan gje ny næringsvekst. Nord-Noreg har styrkar og potensial mellom anna innanfor sjømat, petroleum, fornybar energi, sjøfart og turisme.

Boks 5.4 Finnfjord smelteverk utviklar nye løysingar

Finnfjord smelteverk er eit døme på ei satsing som utviklar nye løysingar som kan brukast av andre verksemder, og som både reduserer utslepp og gjev grunnlag for lønsam næringsverksemd. I tilknyting til Finnfjord smelteverk har det sidan 2015 vore arbeidd med kiselalgeproduksjon ved hjelp av CO2 frå fabrikkrøyk. No vert det utvikla eit anlegg for produksjon av grøn metanol.

5.4.1 Differensiert arbeidsgjevaravgift tryggjer sysselsetjinga

Regjeringa vil vidareføre ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift. Arbeidsgjevaravgift er avgifta på lønskostnader som arbeidsgjevaren skal betale til staten. Avgifta er geografisk differensiert og satsen varierer etter kvar verksemda er lokalisert. I spreiddbygde område betaler verksemdene avgifta med lågare satsar enn verksemder i sentrale strok. Målet med differensieringa er å redusere og hindre nedgang i folketalet i distrikta ved å stimulere til sysselsetjing.

Differensiert arbeidsgjevaravgift er eit av dei viktigaste verkemidla i distriktspolitikken. Næringslivet i sonene for differensiert arbeidsgjevaravgift får om lag 10,7 mrd. kroner i lågare arbeidsgjevaravgift kvart år. Kommunar og andre offentlege instansar får lågare arbeidsgjevaravgift for om lag 6,8 mrd. kroner. Samla avgiftslette i 2022 var om lag 17,6 mrd. kroner. Ei evaluering frå Samfunnsøkonomisk analyse i 20187 viser at ordninga stimulerer til sysselsetjing gjennom lågare pris på arbeidskraft i sonene med lågare sats, og slik har ei rolle i å redusere eller hindre nedgang i folketalet. ESA har godkjent ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift for perioden 2022–2027. Norske styresmakter må notifisere ordninga til ESA på nytt med verknad frå og med 1. januar 2028.

Ved førre revisjon av verkeområdet for differensiert arbeidsgjevaravgift vart avgifta i dei fleste høve vidareført. Hovudprinsippet er at avgifta skal vere den same i heile kommunen. Unntaket er i samanslåtte kommunar der avgifta frå før var ulik, og der det framleis er trong for å differensiere avgifta.

Boks 5.5 Distriktsindeksen

Kommunar på sentralitetsnivå 4, 5 og 6 vert i kapittel 1 omtala som distriktskommunar. Samstundes er det ikkje slik at alle distriktskommunar har svak utvikling og dermed ein særskilt trong for statleg ekstrainnsats. Distriktsindeksen er eit verktøy for å peike ut distriktskommunar som treng distriktspolitiske verkemiddel, og gjev ei rangering av kommunane etter grad av distriktsutfordringar. Kommunane med dei lågaste verdiane har dei største distriktsutfordringane. Distriktsindeksen inneheld fire indikatorar (vekting i parentes): 1) sentralitetsindeksen til SSB (40 prosent), 2) folketalsvekst siste ti år (40 prosent), 3) sysselsetjingsvekst siste ti år (10 prosent) og 4) einsidig næringsstruktur (10 prosent).

Distriktsindeksen vert brukt i fastsetjinga av differensiert arbeidsgjevaravgift og verkeområdet for investeringsstøtte, og han vert nytta i fordelinga av distriktspolitiske verkemiddel til fylkeskommunane. I distriktstilskot Sør-Noreg og distriktstilskot Nord-Noreg i inntektssystemet for kommunane i 2023 er distriktsindeksen frå 2017 brukt. Kommunal- og distriktsdepartementet vil vurdere utforminga av desse tilskota i samanheng med oppfylginga av tilrådingane til Inntektssystemutvalet.

Figur 5.4 Kart over arbeidsgjevaravgift inndelt i soner

Figur 5.4 Kart over arbeidsgjevaravgift inndelt i soner

Kjelde: Kommunal- og distriktsdepartementet

5.4.2 Omstilling og vekst krev tilgang på kapital

Investeringar i verksemder i vekst og omstilling krev ein velfungerande kapitalmarknad. Distriktsnæringsutvalet8 viste til, i likskap med Finansmarknadsmeldinga,9 at kapitalmarknaden i hovudsak fungerer bra for næringslivet, men at det også er trong for offentlege ordningar som kan utfylle dei private finansieringstilboda. Distriktsnæringsutvalet peikte på at kapitaleigarar kan vegre seg for å investere i distriktsområde, fordi dei ikkje har god nok informasjon om verksemdene eller fordi andrehandsverdien er for låg, slik at risikoen for utlån vert for høg. Det kan gjere at kapitaltilgangen for nokre bransjar og distriktsområde vert vanskelegare.

Regjeringa vil føre ein næringspolitikk som sikrar verksemdene god tilgang på kapital og finansiering av samfunnsøkonomisk lønsame investeringar. I revidert nasjonalbudsjett for 2021 vart det sett av midel til eit nytt investeringsfond i Nord-Noreg, men det har ikkje lykkast å få på plass den private kapitaldelen i fondet. I sitt framlegg til revidert nasjonalbudsjett føreslo derfor regjeringa at midlane skal knyttast til Investinors fonds- og matchingmandat, øyremerka investeringar i forvaltingsmiljø og verksemder i Nord-Noreg. Forslaget inneber at midlane raskt kan brukast for å forbetre kapitaltilgangen i Nord-Noreg, gjennom Investinor.

I sitt framlegg til revidert nasjonalbudsjett føreslo regjeringa å avvikle Investeringsfondet for Nordvest-Russland og Øst-Europa. Fondet gjer få investeringar i året og har hatt liten effekt på næringssamarbeidet mellom Noreg og mandatområdet. Samstundes er det relativt store kostnadar knytt til å drive investeringsverksemd i mandatområdet. Regjeringa vil vurdere å overføre midla til andre kapitalverkemiddel eller fond.

I nord held Nordland fylkeskommune og Troms og Finnmark fylkeskommune fram arbeidet med å greie ut moglegheitane for ei felles plattform for risikokapital for nordlege regionar i Noreg, Finland og Sverige, gjennom Arctic Investment Platform.

Boks 5.6 Innovasjon Noreg har fått eit tydelegare distriktsoppdrag

Innovasjon Noreg har ei viktig rolle i å leggje til rette for verdiskaping og næringsutvikling. Innovasjon Noreg har strategisk samhandling med fylkeskommunane for å fremje regional næringsutvikling, og medverker i utviklinga og gjennomføringa av regionale planar og strategiar. For å reflektere arbeidet til selskapet knytt til næringsutvikling i distrikta, forstått som det distriktspolitiske verkeområdet, har staten som eigar fremja forslag om vedtektsendring.

På føretaksmøte 22. mai 2023 vart derfor § 5 i vedtektene om Utviklingsrolla for regionar og distrikt endra til fylgjande: «Selskapet skal fremme næringsutvikling i regionene og distriktene innenfor rammene av regionale og nasjonale oppdrag. Selskapet skal bidra i utviklingen og gjennomføringen av regionale planer/strategier, og arbeidet skal skje i samspill med de utviklingsaktører som fylkeskommunene finner det formålstjenlig å samarbeide med.»

Boks 5.7 Stabil og kompetent arbeidskraft er viktig

Sentrale faktorar for å lykkast som ei kompetanseverksemd i ein distriktskommune er tilgang på stabil arbeidskraft og kompetente medarbeidarar. For å oppnå dette, spelar kommunen og staten ei viktig rolle som leverandør av attraktive bustadmiljø, offentlege tenester, tilgang på energi, infrastruktur og anna.

Duett AS har sidan etableringa i 1982 hatt fotfeste i Nord-Østerdal, frå byrjinga i Folldal til etablering av hovudkontor på Tynset tre år seinare. Verksemda har 126 tilsette fordelt på kontor i Folldal, Tynset, Elverum, Stjørdal, Trondheim og Oslo. Verksemda utviklar og leverer Duett Økonomi, der det vert ført over 90 000 rekneskapar kvart år. Rekneskapssystemet er eit av dei mest brukte i rekneskapsbransjen, med funksjonalitet utvikla særskilt for dei profesjonelle rekneskapsførarane og deira kundar. I tillegg har verksemda eit eige datasenter lokalisert på Tynset. Verksemda har tilsette med svært ulik kompetanse som til saman dekkjer eit breitt spekter av fagområde, som utvikling, testing, rådgjeving, sal, marknad, støtte, IT-drift, tryggleik, økonomi, HR og administrasjon. Blandinga av erfarne og unge medarbeidarar skaper ein god dynamikk der det er rom for innovasjon og nytenking. Verksemda har eit mål om å vere tilgjengeleg der kundane er. Ein base i ein distriktskommune er minst like praktisk som å vere lokalisert i ein av dei store byane.

5.4.3 Enklare tilgang til testfasilitetar og industrikompetanse

I statsbudsjettet for 2022 vart det løyvd 40 mill. kroner til testfasilitetar i distrikta. Føremålet er å medverke til auka omstilling og eit meir berekraftig norsk næringsliv, gjennom å gje verksemder over heile landet enklare tilgang til testfasilitetar og industrikompetanse. Satsinga er forvalta av Siva (Selskapet for industrivekst) på vegner av Nærings- og fiskeridepartementet, i tett samarbeid med Innovasjon Noreg og Forskingsrådet. Siva vil etablere åtte katapultnodar frå Halden i sør til Båtsfjord i nord. Katapultnodane vil gjere vegen frå konsept til marknad enklare. Nodane skal knytast til ein eksisterande struktur av fem nasjonale katapultsenter under ordninga Norsk katapult, og dei skal medverke til å forsterke og vidareutvikle ordninga. Katapult-senter gjer det enklare for innovative verksemder å utvikle prototypar, teste, simulere og visualisere, slik at idear vert utvikla raskare, betre og med mindre risiko. Katapult-senter får offentleg støtte for å hjelpe små og mellomstore verksemder over heile landet.

Boks 5.8 Sápmi Næringshage utviklar levedyktige verksemder i Sápmi

Sápmi Næringshage er lokalisert i Tana, Nesseby, Karasjok, Porsanger og Kautokeino, i eit område med svært lange avstandar, låg formalkompetanse og einsidig næringsstruktur. Næringshagen er eigd av dei fem kommunane og 14 regionale verksemder og kom inn på Sivas næringshageprogram i 2016. Næringshagen kom med i ny programperiode for næringshageprogrammet i 2023–2032, med ein søknad som Siva rangerte som den beste i Noreg. Strategien er kompetansebygging på tvers av kommunegrensene, slik at verksemdene får den tenesteleveransen og kompetansen dei treng til kvar tid.

Det er i overkant av 13 000 innbyggjarar og 2613 registrerte verksemder i dei fem kommunane. Næringshagen kan levere innovasjonstenester til alle små og mellomstore verksemder i indre Finnmark. Kvart år får rundt 50 målverksemder hjelp til innovasjons- og utviklingsprosjekt. Næringshagen arbeider òg med prosjekt innanfor reisemålsutvikling og utvikling av leverandørar til Forsvaret.

Næringshagen har samisk kulturell spesialkompetanse og kan levere innovasjonstenester til små og mellomstore verksemder med vekstambisjonar som definerer seg som samisk næringsliv, og som er innanfor verkeområdet for distriktsretta næringsstøtte. Det er stor vilje til etablering og innovasjon i mange bransjar. Dei største bransjane er jordbruk, reindrift og fiske, reiselivs- og besøksnæring, bygg og anlegg, med lovande aktørar innanfor industriteknologi og tenesteyting.

For å forstå kva verkemiddel verksemdene treng for å auke verdiskapinga, må ein òg forstå kva som skil gründerar og verksemder i regionen frå andre delar av landet. Ifylgje Sápmi Næringshage handlar det om kva motiv ein har for å starte for seg sjølv. Grunnverdien hos dei næringsdrivande er at ein skal «klare seg», både i kjernefamilien, i storfamilien og på tvers av generasjonar. Sjølv verksemder som omset for titals millionar og har mange tilsette, ynskjer å byggje verksemda stein for stein. Det samiske uttrykket birgejupmi handlar om grunnlaget for livsopphald og er ein økonomisk drivar som ein må forstå og respektere for å utløyse verdiskaping. I eit nordområde- og urfolksperspektiv og eit samisk perspektiv er det viktig å byggje kapasitet og kompetanse i det eksisterande næringslivet. Det er viktig å byggje eit sterkt næringsmiljø gjennom Sápmi Næringshage som kan arbeide fagleg for å skape verdiar ut frå drivarane som finst i den regionale økonomien.

5.4.4 Forsvarsindustriklyngje i Nord-Noreg

Etablering av ei forsvarsindustriklyngje i Nord-Noreg kan stimulere til utvikling av teknologi og kompetanse som kan nyttast på tvers av sektorar og under krevjande klimatiske tilhøve. Ei strategisk satsing rundt basane til Forsvaret kan gje lokale leveransar, kompetansetilgang, sterkare fagmiljø, arbeidstakarmobilitet og auka attraktivitet som bustad for familiar. Utviklinga innanfor klima, geopolitikk og teknologi betyr auka militært nærvær i nord. Sivil–militær samordning kan gje styrkt attraktivitet og rekruttering. Som leverandørar til Forsvaret vil næringslivet kunne få tilgang til arenaer med internasjonal relevans. Regjeringa vil vurdere korleis ein kan utvikle ambisjonane om ein forsvarsindustriklyngje i Nord-Noreg.

Lokale og nasjonale næringslivsaktørar vurderer no å etablere ein innovasjonsarena i Ofoten-regionen. Dei lokale aktørane viser stor interesse for eit sivilt–militært samarbeid om teknologiske løysingar for å styrkje forsvarsevna i nord. Ein innovasjonsarena i Nord-Noreg vil kunne gje nærings- og kompetanseutvikling og verdifulle bidrag til totalforsvaret.10 Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) har fått i oppdrag å greie ut alternativ for ei utvida innovasjonssatsing i Nord-Noreg som skal gje eit grunnlag for heilskapleg innretting av innovasjonssatsinga til forsvarssektoren. Målet er å stimulere til meir innovasjon og utvikling der forsvarssektoren, utdanningsinstitusjonar og næringsliv skaper gjensidig fordelaktige resultat.

5.4.5 Næringsretta digitalisering for auka verdiskaping

Regjeringa vil leggje til rette for at bruk av teknologi og data gjev auka verdiskaping, innovasjon og berekraftig utvikling. Det er viktig å ha gode rammevilkår som støttar utvikling og bruk av digitale tenester, som deling av offentlege data for innovasjon og nye forretningsmodellar i næringslivet og sivilsamfunnet. Regjeringa vil arbeide for at kompetansen i små og mellomstore verksemder vert styrkt, slik at dei kan ta del i den datadrivne økonomien.

Digitalisering gjev høve til auka verdiskaping og nye arbeidsplassar, ikkje minst i distrikta. Ei omstilling til eit meir grønt og digitalt samfunn er naudsynt dersom Noreg skal kunne møte utfordringane i framtida. Digital og grøn omstilling er to parallelle gjennomgripande samfunnsendringar. Digitalisering vert driven fram av krav om auka effekt frå færre ressursar, forenkla og meir effektive prosessar og teknologiske nyvinningar. Slik vert digitalisering også eit verktøy for å nå klimamåla og kutte utslepp. For å lykkast med den grøne omstillinga må Noreg derfor også lykkast med digitalisering i næringslivet.

Det er teikn på at næringslivet, og særleg dei minste verksemdene, ikkje i tilstrekkeleg grad nyttar det potensialet som ligg i digitalisering og ny teknologi. Mange verksemder manglar kompetanse i eigen bransje og eiga verksemd for å kunne forstå og nytte digitale teknologiar til forretningsutvikling og effektivisering.11 Utan den rette kompetansen vil ikkje verksemdene ha gode nok føresetnader for å lykkast i det digitale skiftet og nytte potensiala som ligg i ny teknologi og data. Saman med rask teknologiutvikling kan dette skape risikoaversjon: verksemder fryktar feilinvesteringar og opplever at dei manglar kompetanse til å setje i verk digitaliseringsprosessar.12

Regjeringa prioriterer norsk deltaking i viktige EU-program som Horisont Europa og DIGITAL, slik at næringsliv og akademia skal få høve til å nytte internasjonale nettverk, digital infrastruktur og testfasilitetar. Det er viktig at nasjonale verkemiddel vert innretta slik at norske aktørar best kan nytte samspelet med dei store europeiske programma Noreg deltek i, inkludert dei finansieringshøva som finst. Til dømes vil kapasitet og verktøy som vert bygde opp under DIGITAL-programmet, kunne støtte opp om nasjonale mål om deling av data, auka digital tryggleik og kompetanse, og måla i den nasjonale strategien for kunstig intelligens. Norske verksemder har stort potensial til å nytte dei mekanismane som ligg i desse programma. DIGITAL er det viktigaste verktøyet til EU for å byggje digital kapasitet, sikre digital suverenitet og byggje digital infrastruktur. Programmet er særleg retta inn mot små og mellomstore verksemder. Konkrete døme på prosjekt i DIGITAL-programmet er etablering av eit nasjonalt koordineringssenter for cybertryggleik, finansiering av senter for tryggare internett og etablering av digitale innovasjonsnav for næringsliv og offentleg sektor, særleg retta mot små og mellomstore verksemder. Dei digitale innovasjonsnava skal støtte verksemdene med kunnskap og kompetanse om potensialet som ligg i digitalisering og ny teknologi, testmiljø og skalering og vekst. Noreg har to godkjende innovasjonsnav, med verksemder frå Finnmark i nord til Agder i sør, som får 50 prosent av finansieringa frå programmet.

5.5 Regional næringsretta forsking og utvikling

Kunnskap er viktig for utvikling av nye, grøne og lønsame arbeidsplassar og ein betre og meir effektiv offentleg sektor. Dette er ramma for den reviderte Langtidsplan for forskning og høyere utdanning,13 som har eit perspektiv på ti år (2023–2032). Dei fleste tematiske prioriteringane i planen er viktige for næringslivet i distrikta, særleg satsingane på hav og kyst, klima, miljø og energi. I handsaminga av planen slutta Stortinget seg til regjeringsvedtaket om to nasjonale målretta samfunnsoppdrag, om berekraftig fôr og om å inkludere fleire born og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv. Regjeringa arbeider med å utforme dei to samfunnsoppdraga, som etter planen skal setjast i gang i 2024.

Noreg har ein godt utbygd infrastruktur for forsking og høgare utdanning. Samanlikna med mange andre land er strukturen relativt desentralisert, og FoU-institusjonar er lokaliserte i alle fylka i landet. Dette er viktig for tilgangen til kompetent arbeidskraft i ulike regionale arbeidsmarknader. Universitet og høgskular tilbyr forsking til regionale næringsmiljø og medverkar til å kople desse til nasjonalt og internasjonalt forskingssamarbeid. Kunnskapsdepartementet har laga utviklingsavtalar med universitet og høgskular som skal leggje til rette for at institusjonane kan gjennomføre samfunnsoppdraget sitt og svare på nasjonale, regionale og lokale behov (sjå kap. 6).

Forskingsinstitutta leverer forsking og utgreiingar til næringslivet og offentleg sektor i alle delar av landet og internasjonalt. Delar av instituttsektoren er viktige støttespelarar og samarbeidspartnarar for nærings- og arbeidslivet i distrikta. Dei fleste av dei fem regionale forskingsinstitutta har sentrale roller ved å medverke i regionale utviklingsprosessar, som nettverksbyggjarar og koordineringsorgan. Fleire av dei regionale institutta har eit omfattande samarbeid med dei respektive fylkeskommunane. Dei seinare åra har mange regionale forskingsinstitutt på eige initiativ valt å fusjonere med andre institutt eller med universitet og høgskular. FoU-aktiviteten og den regionale profilen er vidareført i dei fusjonerte institusjonane.

Regjeringa er oppteken av eit godt samarbeid mellom forskingsinstitutta, høgare utdanningsinstitusjonar og nærings- og samfunnsliv i alle delar av landet. Næringslivet treng kompetanse som er dynamisk og fleksibel og med kapasitet til raskt å tene verksemdene der verdiskapinga skjer. Sterk kopling mellom næringsliv og FoU-institusjonar vil medverke til å mobilisere og kvalifisere fleire verksemder til å delta i forsking og utvikling på nasjonale og internasjonale arenaer. Dette er viktig for å lykkast med omstilling og for å overleve i internasjonal konkurranse.

Regjeringa skal utarbeide ein strategi for å fylgje opp målet i Hurdalsplattforma om at forsking og utvikling i næringslivet skal utgjere 2 prosent av BNP innan 2030. Arbeidet med strategien vert leidd av Kunnskapsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet i samarbeid med andre relevante departement. Ein auke i næringsretta forsking og utvikling er avgjerande for omstilling i eksisterande næringar og som eit grunnlag for nye, framtidige næringar i heile landet.

Regionale forskingsfond (RFF) gjev fylkeskommunane høve til å prioritere forskingsinnsats ut frå føresetnadene og føremonane til regionen. Kunnskapsdepartementet fordeler tilskotet til fylkeskommunane, som lyser ut forskingsmidlane ut frå regionale FoU-behov dei sjølve definerer i eigne planar og strategiar. Ordninga vart oppretta i 2009, og frå 2010 til og med 2023 er det løyvd om lag 2,8 mrd. kroner til dei regionale fonda. Sidan starten har om lag 60 prosent av dei samla tildelingane gått til næringslivet. Dei siste åra har mest midlar gått til forskingsfelta miljø, bioteknologi og IKT. Resten av midlane fordeler seg på forskingsinstitusjonar (universitet, høgskular, forskingsinstitutt og offentlege verksemder).

Dei regionale forskingsfonda skal styrkje forsking for regional innovasjon og utvikling gjennom å medverke til at private og offentlege verksemder oppnår auka kompetanse, innovasjonsevne og verdiskaping. Fonda skal mobilisere private og offentlege verksemder til å delta i nasjonal og internasjonal forsking.

RFF-finansierte prosjekt fører i mange høve til nye prosjekt både nasjonalt og internasjonalt og dekkjer eit viktig trinn i «forskingstrappa» ved å tilby finansiering av innleiande og avklarande forskingsarbeid (kvalifiseringsprosjekt). Ordninga med regional kvalifiseringsstøtte retta mot forskingsprosjekt er for dei fleste fagområde unik i norsk samanheng og tilfredsstiller eit behov som Forskingsrådet og andre ikkje møter.

FORREGION er ei ordning som skal få fleire verksemder til å bruke forsking i innovasjonsarbeidet sitt. Programmet skal mobilisere næringslivet til å nytte regionale forskingsfond, dei nasjonale programma til Forskingsrådet eller internasjonale ordningar. Fylkeskommunane fekk frå 2022 ansvaret for mobiliseringsdelen av FORREGION, og programmet skal sjåast i samanheng med regionale forskingsfond og i tråd med regionale mål og planar. Fylkeskommunane skal koordinere arbeidet med mobilisering til forskingsbasert innovasjon med Forskingsrådet og andre verkemiddelaktørar. I statsbudsjettet for 2023 er det sett av 58,5 mill. kroner til ordninga.

For å styrkje den strategiske rolla til nordområda innanfor forsvar, beredskap, matproduksjon og busetnad er det naudsynt med forskingsbaserte data til støtte for forvaltinga. Klimaendringane i nordområda er meir omfattande enn lenger sør i landet. Dette gjev utfordringar for biobaserte næringar, men det gjev òg nye potensial. Regjeringa vil vurdere styrking av FoU-miljø i Nord-Noreg som er viktig for næringsutvikling i regionen, mellom anna i Aust-Finnmark.

5.6 Omstillingsordninga

Frå tid til anna oppstår situasjonar som råkar ein kommune eller ein arbeidsmarknadsregion særleg hardt. I små arbeidsmarknader kan nedlegging av verksemder få store konsekvensar. Dette er alvorleg for kommunen som mistar skatteinntekter, og for den einskilde og familiane som vert råka. Når kommunar eller regionar opplever brå eller særleg stor nedgang i sysselsetjinga, kan dei få bistand til omstilling frå staten og fylkeskommunen. Det er lagt opp til at programma vert samfinansierte mellom stat, fylkeskommune og kommune. Målet med omstillingsarbeidet er betre utviklingsevne, etablering av nye arbeidsplassar og styrkt næringsgrunnlag. Til kvar tid er det om lag 25–30 kommunar som har status som omstillingsområde.

Fylkeskommunane har sidan 2004 hatt ansvaret for denne type omstilling i eige fylke. Det inneber ansvar for å prioritere kva område som skal få økonomisk bistand, kor mykje og over kor lang tid. Det er kommunen som har ansvar for gjennomføringa av det konkrete omstillingsprogrammet. Innovasjon Noreg er nasjonalt kompetanseorgan for arbeidet. Det inneber at dei på oppdrag frå fylkeskommunane kan hjelpe omstillingskommunar med råd, verktøy, rettleiing og kvalitetssikring. Regjeringa legg vekt på samordna innsats av dette arbeidet mellom ulike aktørar og forvaltingsnivå.

Ei evaluering frå Telemarksforsking viser at Innovasjon Noreg har utvikla gode verktøy som styrkjer utviklingsevna i dei kommunane som deltek i omstillingsordninga. Ordninga har ikkje gjeve effekt i form av varig vekst i arbeidsplassar, og evalueringa peiker på at det er andre typar kommunar som treng omstilling no enn før. Kommunane med dei største utfordringane er dei som har hatt langvarig nedgang i arbeidsplassar og folketal. Slike kommunar er også kjenneteikna av ein sterkt aldrande folkesetnad og vanskar med å rekruttere tilsette. Forskarane meiner derfor at omstillingsordninga i større grad bør rette seg mot andre typar utfordringar enn nedlegging av verksemder, og derfor til dels ta i bruk andre typar verktøy.

Regjeringa meiner at staten må stille opp for kommunar som har særleg negativ utvikling i sysselsetjinga. Omstillingsordninga skal kome i tillegg til, og må sjåast i samanheng med, andre verkemiddel som fylkeskommune og kommune rår over. Ordninga har tidlegare vore innretta mot å skape nye arbeidsplassar der mange brått har mista arbeidet. Utfordringane i dag er meir samansette. Regjeringa vil revidere og utvikle målkriteria i ordninga, slik at ein kan setje inn ressursane der dei gjev best resultat. Mellom anna bør målet om betre utviklingsevne få større vekt enn i dag. Regjeringa vil fremje forslag om endringar i budsjettproposisjonen for 2024.

Fylkeskommunane er godt skikka til å forvalte ordninga, mellom anna i kraft av rolla som regional utviklingsaktør. Dei skal vurdere omstillingsprogrammet i samanheng med andre verkemiddel og i ein større geografisk samanheng. Fylkeskommunane kjenner dei lokale utfordringane og potensiala og kan hjelpe til med å tilpasse programma i den einskilde kommunen. Derfor bør fylkeskommunen ha ansvaret for å forvalte ordninga som i dag. Kommunal- og distriktsdepartementet vil vidareføre Innovasjon Noreg som nasjonalt kompetanseorgan. Distriktssenteret utviklar metodar for rådgjeving om arbeid med samfunnsutvikling i kommunar, og dette kan vere eit nyttig verktøy for fylkeskommunane i arbeidet med omstillingsprogrammet.

5.7 Målretta innkjøp kan gje ringverknader og berekraft

Stat og kommunesektor kjøper kvart år varer og tenester for om lag 650 mrd. kroner. Det er eit stort potensial for å nytte desse kjøpa for meir målretta å skape lokale og regionale ringverknader og for å stimulere til innovasjon og nyskaping og klima- og miljøvenleg marknads- og næringsutvikling.

Det fylgjer av reglane for offentlege innkjøp at oppdragsgjevaren skal vurdere oppdeling av kontraktar, for slik å opne for tilbod frå mindre verksemder. Til dømes jobbar forsvarssektoren med å utvikle innkjøp etter eit nærleiksprinsipp, slik at innkjøpa i større grad vert gjorde hos regionalt og lokalt næringsliv på dei stadene der Forsvaret er lokalisert. Dette kan gje større ringverknader i lokalsamfunna. Forsvarssektoren er oppteken av korleis innkjøp kan innrettast slik at dei små og mellomstore verksemdene lettare kan nå fram i innkjøpsprosessane. Mange verksemder i Nord-Noreg har tidlegare hatt utfordringar med å tilby og levere til Forsvaret, mellom anna fordi det er vanskeleg å nå opp i konkurransen om oppdrag. Forsvarsdepartementet har gjeve oppdrag til Forsvaret, Forsvarsbygg og Forsvarsmateriell om å styrkje samarbeida med dei små og mellomstore verksemdene.

Regjeringa har sett ned eit lovutval som skal gå gjennom innkjøpsregelverket. Eit av hovudmåla er å gjere regelverket enklare og å styrkje klima- og miljøomsyn. Utvalet skal mellom anna vurdere endringar som sikrar at offentlege innkjøp har ei utforming og ein storleik som gjer det mogleg for lokale og regionale aktørar å delta i konkurransen om heile eller delar av oppdraget. Utvalet skal vurdere korleis ein kan gjere det enklare å velje lokale og regionale leverandørar innanfor det EØS-rettslege handlingsrommet. Forslaga frå utvalet og innspel i høyringa vil gje grunnlag for vurderingar av korleis innkjøpsreglane kan endrast. I oppfylginga av høyringa vil regjeringa vurdere korleis regelverket betre kan leggje til rette for innkjøp frå lokale leverandørar.

Boks 5.9 Innovative innkjøp skaper utvikling og ringverknader

Leverandørutviklingsprogrammet (LUP)1 skal få fleire offentlege verksemder til å gjennomføre innovative innkjøp. Offentleg sektor kjøper årleg inn for meir enn 650 mrd. kroner og utgjer ein viktig marknad for lokale og regionale leverandørar. LUP er eit partnarskap med 30 kommunar, fylkeskommunar og statlege verksemder som arbeider for at det offentlege skal etterspørje innovasjon for å løyse dei store samfunnsutfordringane. Ved å bruke og gjere innovative innkjøp kan kommunar i heile landet stimulere til betre løysingar for innbyggjarane, meir effektive tenester, lågare utslepp og lokal og regional næringsutvikling. LUP er etablert av KS, Direktoratet for forvalting og økonomistyring (DFØ), Innovasjon Noreg, Forskingsrådet og NHO og får tilskot frå staten. LUP dekkjer heile landet og er tilgjengeleg for fylkeskommunar og kommunar.

1 https://innovativeanskaffelser.no/om-oss/

5.8 Regionvekstavtalar for samordna innsats mot felles mål

Som oppfylging av ambisjonane i Hurdalsplattforma har regjeringa sett i gang eit arbeid med å utvikle regionvekstavtalar som eit nytt verktøy i regionalpolitikken og ynskjer å prøve dette ut i Rogaland og Nordland. Manglande sektorsamordning og regional tilpassing av statlege prioriteringar og innsats vert ofte framheva som ei utfordring frå kommunal sektor. Ressursar og prioriteringar støttar ikkje opp om kvarandre. Det er dette regjeringa ynskjer å gjere noko med gjennom regionvekstavtalar. Målet er å utvikle dette til eit verktøy for meir målretta og samordna offentleg innsats i ulike delar av landet og å få fram ei avtaleordning som kan rullast ut i alle fylka.

Målet med utviklingsarbeidet som no er sett i gang i Nordland og Rogaland, er å få fram ein avtale mellom regjeringa og fylkeskommunen om samordna innsats mot felles mål og utfordringar som krev innsats på tvers av nivå og sektorar. Det er fylkeskommunen som vil vere avtalepart for staten i regionvekstavtalane.

Regjeringa har medvite valt å ikkje avgjere på førehand kva utfordringar regionvekstavtalane skal «løyse». Det er eit mål at avtalane skal medverke til utvikling i kvart einskilt fylke ut frå regionale utfordringar og potensial. Avtalane vil dermed vere ulike frå fylke til fylke. Det er fylkeskommunen sjølv som legg fram forslag til tematikk, mål og avgrensing, slik at avtalane kan byggje på regionale føremonar og medverke til betre handtering av komplekse utfordringar i fylket. Samstundes skal måla og tiltaka i avtalane støtte opp om ambisjonane og målsetjingane til regjeringa. Dette må derfor endeleg fastsetjast i dialog mellom sektorar og mellom staten og den einskilde fylkeskommunen. Avtalane vert retta mot område der samarbeid og samordna innsats på tvers av forvaltingsnivå og sektorar vil medverke til betre måloppnåing.

Målet no er å få fram ein intensjonsavtale mellom regjeringa og fylkeskommunen som fastset felles mål og innsatsområde som regionvekstavtalen skal vere organisert rundt. Det er ikkje sett av eigne midlar på statsbudsjettet til tiltak i regionvekstavtalane. Avtalane vil innebere auka samarbeid og samordning om felles mål mellom staten og fylkeskommunane og mellom sektorar.

5.9 Trygg mat og levande lokalsamfunn

Nokre næringar har større gjensidig innverknad på lokalsamfunna enn andre. Det gjeld ikkje minst fiskeri, havbruk, reindrift, jordbruk, skogbruk og reiseliv, som også er viktige distriktsnæringar. Fiskeri, havbruk og landbruk skaper mat, arbeidsplassar og aktivitet i heile landet. Desse næringane er òg viktige for reiselivsnæringa. Eit levande kulturlandskap med aktiv bruk er ein viktig innsatsfaktor for attraktive lokalsamfunn og reisemål i Noreg.

Regjeringa vil sikre nok og trygg mat produsert på norske naturressursar. Både landbruk og havnæringane er viktige for matsikkerheit og berekraftige matsystem, som grunnlag for inntekt og som kjelde til mat med viktige næringsstoff. Matsikkerheit inneber å ha tilgang til nok, trygg og sunn mat. Arbeidet til regjeringa med matsikkerheit omfattar mellom anna å leggje til rette for reine og rike hav, berekraftig hausting og produksjon, og berekraftige fôrkjelder. Samfunnsoppdraget om berekraftig fôr til oppdrettsfisk og i husdyrproduksjon, som lansert i Langtidsplan for forsking og høyere utdanning, skal mellom anna medvirke til å utvikle nye og berekraftige løysingar for å nytte ressursane betre.

Boks 5.10 Samfunnsoppdrag om berekraftig fôrproduksjon

Matsikkerheiten er under press som fylgje av vekst i folketalet, auka press på areal og ressursar, klimaendringar og meir usikre forsyningslinjer. Ein berekraftig vekst i matproduksjonen krev tilgang på godt og trygt fôr med låge klimagassutslepp. I havbruksnæringa står til dømes fôret for over 70 prosent av klimagassutsleppa, og over 90 prosent av råvarene vert importerte. Regjeringa har i langtidsplan for forsking og høgare utdanning lansert samfunnsoppdrag som eit nytt verkemiddel i forskingspolitikken. Dette er målretta, nyskapande og ambisiøse prosjekt der forsking og innovasjon vert kopla saman med andre verkemiddel for å løyse konkrete problem innan ein gjeven tidsfrist. Samfunnsoppdraget om berekraftig fôr har mål om at alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr skal kome frå berekraftige kjelder og medverke til redusert klimagassutslepp i matsystema. Fem departement1 skal samarbeide om samfunnsoppdraget, for å oppnå semje om forskingsbehov og betre kunne vurdere korleis rammevilkåra på tvers av sektorane kan utviklast og medverke til produksjon av meir berekraftig fôr, auka verdiskaping og fleire grøne arbeidsplassar i heile landet. Samfunnsoppdraget skal vidareutviklast i 2023 i samarbeid med relevante aktørar.

1 Nærings- og fiskeridepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

5.9.1 Fisken i havet skal gje aktivitet på land

Fiskeri- og havbruk er viktige distriktsnæringar og sentrale drivkrefter i norsk økonomi. Næringane medverker til å sikre verdiskaping, busetnad og arbeidsplassar langs kysten. Fisk og andre akvatiske matressursar tilhøyrer det norske folket i fellesskap. Regjeringa vil sikre framleis nasjonal råderett og kontroll over fiskeressursane, og forvalte desse til det beste for noverande og framtidige generasjonar.

Regjeringa vil sikre at maten vi haustar i havet, også i framtida skal tilhøyre fellesskapet. Dette er forankra i havressurslova, som skal sikre ei berekraftig og samfunnsøkonomisk lønsam forvalting av dei viltlevande marine ressursane og medverke til å sikre sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna. Regjeringa vil sjå til at havressurslova, fiskesalslagslova og deltakarlova held fram med å vere viktige pilarar i fiskeripolitikken.

Ifylgje Riksrevisjonen14 har endringane i kvotesystemet i perioden 2004–2018 medverka til auka lønsemd i fiskeflåten, men også til auka kvoteprisar, og det har ført til høgare barrierar for å etablere seg som fiskar på heiltid. Det har òg ført til redusert fiskeriaktivitet i mange kystsamfunn. Regjeringa vil leggje fram ei kvotemelding som sikrar busetnad, aktivitet og lønsemd langs heile kysten. Regjeringa vil sjå til at flåten under elleve meter har gode rammevilkår, og at breidda og mangfaldet i kystfiskeflåten vert sikre.

Regjeringa har store ambisjonar for utviklinga av norsk sjømatindustri og ynskjer å auke tilverkinga av sjømat i Noreg. Ambisjonane for villfanga sjømat vert mellom anna fylgde opp gjennom arbeidet knytt til rapporten Grønn verdiskaping og økt bearbeiding i sjømatindustrien (Bearbeidingsutvalet).15 Rapporten gjev eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om sjømatindustrien og eksisterande rammevilkår og ser på viktige drivarar som vil påverke industrien i tida framover. Utvalet føreslår 32 tiltak som kan medverke til grøn omstilling og auka tilverking av berekraftige sjømatprodukt i Noreg. Tilrådingane frå utvalet handlar om tilgang på råstoff, styrkt marknadsadgang, berekraft i heile verdikjeda og sterke regionar og kystsamfunn.

Utforming av kvotesystemet og rammevilkåra for sjømatindustrien verkar inn på busetjingsmønster og tilvekst av arbeidsplassar langs kysten. Prosessane knytte til kvotemeldinga og oppfylginga av rapporten frå Bearbeidingsutvalet kan medverke til å styrkje distriktspolitikken på fleire måtar, mellom anna gjennom eit kvotesystem som framleis skal leggje til rette for ein differensiert fiskeflåte, og gjennom å stimulere til auka foredling av fisk på land, med fleire heilårlege arbeidsplassar langs kysten. Tilrettelegging for auka næringsverksemd innanfor fiskeri vil kunne skape ringverknader i lokalsamfunn gjennom tilvekst av tilknytte næringar.

5.9.2 Havbruk er viktig for matproduksjon og verdiskaping i distrikta

Regjeringa vil leggje til rette for ei produktiv og miljøvenleg havbruksnæring som kan produsere mat til ein veksande verdsmarknad. Oppdrettsnæringa har lågt klimagassutslepp samanlikna med annan animalsk matproduksjon. Noreg er i dag verdas største produsent og eksportør av atlantisk laks og regnbogeaure og har i tillegg oppdrett av torsk, kveite, røye, blåskjel, tang og tare. Dei klimatiske tilhøva i fjordar og kystnære strok gjev norsk havbruksnæring ein føremon som regjeringa vil byggje opp under. Over fleire år har det vore auke i produksjonsvolum og sysselsetjing. I 2021 var det om lag 62 500 sysselsette i akvakulturnæringa, inkludert fiskeindustri, leverandørar og sal.16 Om lag halvparten av arbeidsplassane er knytte til investeringar i næringa eller kjøp av varer og tenester. Leverandørnæringa inkluderer fôrprodusentar, fiskehelseverksemder, verft og utstyrsprodusentar. Regjeringa vil leggje til rette for vidare vekst i havbruksnæringa for å skape fleire arbeidsplassar, meir tilarbeiding, større verdiskaping og auka eksportinntekter.

Havbruksnæringa medverkar til arbeidsplassar i og inntekter til distrikta, og vekst i næringa er derfor viktig for busetnad og utvikling i mange lokalsamfunn. Ein føresetnad for vidare vekst i havbruksnæringa er at veksten er berekraftig. Regjeringa har vidareført utvalet som skal sjå på løyvesystemet for akvakultur og korleis det bør innrettast for framtida, mellom anna for å leggje til rette for størst mogleg verdiskaping og ei berekraftig utvikling. Utvalet skal levere rapport hausten 2023.

Opne merdar i sjø har vore den rådande produksjonsforma i havbruksnæringa, men teknologiutviklinga gjev nye potensial for vekst og auka berekraft. Regjeringa vil leggje til rette for innovasjon, nye produksjonsformer og berekraftige løysingar. Det er eit mål å utvikle eit konsesjonsregime for havbruk til havs med strenge krav til berekraft og sameksistens mellom ulike havnæringar. Regjeringa vil utarbeide næringsplanar for Nordsjøen, Barentshavet og Norskehavet. Teknologiutvikling i leverandørindustrien er også viktig for å redusere påverknaden på miljøet frå havbruksnæringa og auke matproduksjonen på berekraftig vis. Til dømes kan lukka teknologi redusere utslepp av slam og påverknaden av lakselus på vill laksefisk. Teknologi som kan nyttast til produksjon av fisk på land eller til havs, kan medverke til auka vekst. Leverandørane sel i hovudsak produkt til aktørar i Noreg, men eksporterer i aukande grad til den internasjonale marknaden.

I tillegg til lokale arbeidsplassar og verdiskaping gjev havbruksnæringa direkte inntekter til kommunane og fylkeskommunane. Havbruksfondet, som vart oppretta i 2016, fordeler ein del av inntektene frå næringa til kommunar og fylkeskommunar som har oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i sjø. Sidan havbruksfondet vart etablert, har det vore utbetalt over 9 mrd. kroner. Midlane kan disponerast fritt av dei lokale styresmaktene. Kommunar og fylkeskommunar med havbruk vil òg få auka inntekter gjennom den føreslåtte grunnrenteskatten på havbruk (sjå kap. 5.1).

5.9.3 Innlandsfiske er ei næring med potensial for vekst

Nokre få aktive næringsutøvarar driv næringsfiske på ferskvassfisk, og berre ein liten del av innlandsfiskeressursen vert nytta. Ei meir aktiv forvalting av sjøar og vassdrag kan gje ein auke i produksjon og verdiskaping. Tiltak som støttar opp om marknadsføring er viktig for å lykkast med satsing på ferskvassfisk, slik at produkta blir tilgjengelege for forbrukarane. Det same gjeld produktutvikling og investeringsstøtte til fangstreiskapar, foredlingsutstyr og anlegg. Forsking på utnytting av heile fiskeråstoffet er òg viktig.

Innlandsfiske gjev gode høve til resultatoppnåing innanfor fleire av samfunnsmåla til regjeringa, anten det er berekraftig verdiskaping, grøne arbeidsplassar, utvikling av sirkulærøkonomi eller mattryggleik. Det er eit stort potensial for å auke fisket i innlandssjøane innanfor berekraftig rammer og slik oppnå betre kondisjon og raskare vekst for fiskestammene i desse vatna. Denne typen fiske gjev også auka attraktivitet for sportsfiske i dei same vatna og vassdraga og støttar slik opp under satsinga på turistnæringa i distrikta.

Ferskvassoppdrett er ei marginal næring samanlikna med produksjon av fisk i og i tilknyting til sjø. I ferskvassoppdrett har fisken heile livsløpet i ferskvatn. I dag er det regnbogeaure, brunaure og røye som er dei vanlegaste oppdrettsartane. Akvakultur i ferskvatn er avgrensa i omfang og variert i produksjonsform. Mens nokre produsentar har moderne resirkuleringsanlegg, driv andre småskala i mindre kar eller jorddammar i tilknyting til gardsdrift. I motsetnad til oppdrett av fisk i sjø har mange av ferskvassoppdrettarane heile livssyklusen til fisken, eigne slakteri og fasilitetar for vidareforedling og utsal av det ferdige produktet.

Boks 5.11 Femundmat frå unike fiskeressursar i kalde innsjøar

Femundmat AS har mål om å byggje ei lønsam heilårsverksemd basert på innlandsfiske i Femunden, som er den nest største naturlege innsjøen i Noreg. Den vesle verksemda i Innlandet vart etablert i 2016. Foredling av innlandsfisk som sik, røye og andre råvarer skjer ved anlegget i Hylleråsen i Engerdal kommune. Verksemda har òg ein kafé med lokalmatbutikk i Engerdal sentrum.

Med merkevara FeMUND fokuserer verksemda spesielt på å lage Premium sikkaviar, som står for størstedelen av omsetninga. Produktutvikling og andre initiativ for å nå nye marknader står på agendaen. Verksemda sysselset 12 årsverk og har ambisjonar om vekst. Femundmat medverkar som samfunnsaktør gjennom initiativ for å integrere innvandrarar og ved å tilby jobb til lokale ressursar der kompetanseutvikling står i sentrum.

Sik er ei delikatesse på kontinentet, men framleis relativt ukjent i Noreg. Fangst av sik i distriktskommunar rundt om i landet har vore organisert på frivillig basis, fyrst og fremst som matfisk for å spe på i hushalda. Fyrst dei seinare åra har ambisjonane om å revitalisere innlandsfiske og skape ei ny næring slått rot hos nokre dedikerte små aktørar. Femundmat er ein av aktørane som satsar langsiktig, heilskapleg og målretta. For å lykkast treng initiativtakarane bidrag og samarbeid mellom private og offentlege interessentar.

Femundmat har oppnådd anerkjenning for kvaliteten i fiskeprodukta og vunne Det norske måltid og Sjømat foredlet for sin sikkaviar. I rakfisk-NM har Femundmat fått eitt gull, to sølv og ein bronse for rakauren frå FeMUND. I tillegg til desse og andre eigenproduserte fiskeprodukt, som sikburgar, varmrøykt sik og graven sik, vert det selt lokalmat frå inntil 30 andre lokalmatprodusentar i Femund café & lokalmat i Engerdal sentrum.

Figur 5.5 Femundmat har oppnådd anerkjenning for kvaliteten i fiskeprodukta.

Figur 5.5 Femundmat har oppnådd anerkjenning for kvaliteten i fiskeprodukta.

Foto: Knut Holmset

Boks 5.12 Bionova

Regjeringa har fylgt opp ambisjonane frå Hurdalsplattforma og frå 2023 oppretta Bionova, som er den nye satsinga til regjeringa på bioøkonomi og klimatiltak for landbruk, skogbruk og havbruk. Bionova skal vere eit verktøy for å nå klimamåla gjennom å stimulere til reduserte klimagassutslepp og auka karbonopptak og -lagring. Bionova skal medverke til verdiskaping gjennom overgang til ein meir sirkulær bioøkonomi som tek utgangspunkt i fornybare biologiske ressursar frå land og hav. Bionova vert etablert som ein del av Innovasjon Noreg og skal halde til i regionkontoret til Innovasjon Noreg i Brumunddal.

I 2020 utgjorde utslepp frå jordbruk 4,5 mill. tonn CO2-ekvivalenter, 9,1 prosent av dei totale klimagassutsleppa i Noreg. Staten har inngått ein avtale med jordbruksorganisasjonane om å arbeide for å redusere klimagassutsleppa og auke opptak av karbon, tilsvarande 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar samla for perioden 2021–2030. Bionova skal gjennom sine verkemiddel medverke til å stimulere til reduksjon av klimagassutslepp og auka opptak og lagring av karbon i jord på gardsnivå. Omlegging til meir bruk av fornybar energi, biogassanlegg og teknologiutvikling er nokre av dei relevante tiltaka. Til dette føremålet er særskilt verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket sentralt.

Det er vidare naudsynt med ein meir ressurseffektiv og sirkulær bioøkonomi for å nå klima-, miljø- og berekraftsmåla. Omstilling til ein sirkulær bioøkonomi vil i tillegg kunne auke verdiskapinga og skape nye arbeidsplassar. Til dette føremålet er særskilt bioøkonomiordninga under Bionova eit viktig verktøy.

5.9.4 Matsikkerheit og berekraftig landbruk

Landbruket – både jordbruk og skogbruk – er viktige distriktsnæringar. Dei 140 000 landbrukseigedomane med bustadhus utgjer også eit viktig grunnlag for sysselsetjing og busetnad og for utvikling og produksjon av ei rekkje varer og tenester. Mykje av det biologiske mangfaldet i Noreg er avhengig av aktiv bruk, mellom anna av beiteområde og slåttemark. Her spelar landbruket ei viktig rolle.

Hurdalsplattforma slår fast at samfunnsoppdraget til jordbruket er å sikre innbyggjarane nok og trygg mat produsert på norske naturressursar. Då må maten produserast på ein effektiv og berekraftig måte. Regjeringa vil arbeide for auka sjølvforsyning og reduserte klimagassutslepp frå landbruket. Ein variert bruksstruktur som er tilpassa ulike naturressursar og geografi, gjev gode høve til å produsere mat på ein berekraftig og klimavenleg måte. Det er òg viktig for å sikre god dyrevelferd, auka matsikkerheit og styrkt beredskap.

For å leggje til rette for landbruk over heile landet, for auka verdiskaping og redusert klimaavtrykk, må lønsemda i bruken av jordbruksareala aukast. Dette skal skje gjennom eit sterkt importvern, gjennom årlege jordbruks- og reindriftsforhandlingar og ved å ta vare på landbrukssamvirka som marknadsregulatorar. Næringsutøvarane i landbruket skal ha same høve til inntekt som andre grupper, og regjeringa har store ambisjonar og er godt i gang med å løfte inntektene i jordbruket.

I framtida må maten produserast med redusert bruk av innsatsfaktorar og med lågast mogleg klima- og miljøavtrykk. Matproduksjonen må vere tilpassa klimaendringane og konsekvensar av desse, som tørke, ekstremnedbør og flaum. Digitalisering, teknologiutvikling, presisjonsjordbruk og naturbaserte løysingar er viktig for å møte desse utfordringane.

Samstundes skal vi ta vare på konkurranseføremonane i norsk landbruk. Noreg er i verdstoppen når det gjeld dyrevelferd, dyrehelse og mattryggleik, med lite bruk av antibiotika og plantevernmiddel. Norskutvikla agritek-løysingar dannar grunnlag for eit meir effektivt og berekraftig landbruk. Utvikling av norsk landbruksteknologi gjev grunnlag for nye forretningsidear og produkt med eksportpotensial. Sektoren har FoU-miljø lokaliserte i fleire delar av landet. Det vert mellom anna drive fôrutvikling og avl med dyr som gjev mindre klimautslepp. Mykje av dette arbeidet går føre seg i distrikta, noko som gjev synergiar og arbeidsplassar i lokalmiljøa.

Boks 5.13 Landbruksteknologi frå Flesberg til verdsmarknaden

Innovasjon i form av teknologiutvikling i landbruket er naudsynt for å lykkast med grøn omstilling, meir matproduksjon og redusert utslepp av klimagassar. Verksemda N2 Applied i Flesberg kommune har til dømes utvikla ein maskin som kan forbetre gjødning ved hjelp av luft og straum, inspirert av lysbogeprosessen til Kristian Birkeland som la grunnlaget for Norsk Hydro (seinare Yara). Maskinen lager ei aktivisert luft som vert blåst inn i gjødninga. Dette reduserer klimagassutsleppa og stopper ammoniakkutsleppa (luftforureining), og den auka nitrogenverdien gjer kunstgjødning overflødig.

Gjennom støtte frå mellom anna Innovasjon Noreg og private investorar har verksemda ikkje berre Noreg som marknad, men er allereie godt i gang med å etablere seg i Norden, Storbritannia, Irland og Sør-Afrika.

Jordbruksavtalen er det viktigaste verktøyet for å fylgje opp dei politiske ambisjonane for jordbrukspolitikken. Mange av tilskota til jordbruket har differensierte satsar etter produksjonsomfang (strukturdifferensiering) og lokalisering (distriktsdifferensiering). Det gjer at til dømes eit lite mjølkebruk i Finnmark får vesentleg meir i produksjonstilskot per ku enn eit stort mjølkebruk på Jæren.

Ved jordbruksoppgjeret i 2023 vidareførte avtalepartane prioriteringa av distriktslandbruket, mellom anna gjennom høgare tilskotssatsar enn for resten av landet, og gjennom ei sterk prioritering av mjølkeproduksjon. Partane prioriterte små og mellomstore bruk, ikkje berre gjennom tilskotsordningane, men også gjennom styrking av investeringsverkemidla i landbruket. Det er stort behov for å oppgradere driftsapparatet i jordbruket, særskilt innan mjølkeproduksjon som fylgje av tilpassing til lausdriftskravet som trer i kraft i 2034. Investeringsverkemidla har ein tydeleg distriktsprofil, der nærare 70 prosent av tilskota i 2022 gjekk til prosjekt i kommunar lokalisert i det distriktspolitiske verkeområdet. Andre område som vart særskilt prioriterte i jordbruksoppgjeret 2023 var miljø- og klimaarbeidet i landbruket, auka konkurransekraft for grøntnæringa, satsing på landbruket i Nord-Noreg, unge bønder og velferdsordningane i landbruket.

Vidare slår plattforma fast at regjeringa vil prioritere arbeidet med å betre inntektsmoglegheitene i landbruket. Føreseielege rammevilkår og inntektsutvikling er grunnleggjande føresetnader for at jordbruksproduksjonen skal oppnå tilstrekkeleg økonomisk berekraft og sikre god rekruttering til næringa i heile landet. Avtalen legg samla sett til rette for ei auke i inntektsmoglegheitene på om lag 23 prosent, eller vel 110 000 kroner per årsverk frå 2023, før oppgjer, til 2024.

5.9.5 Felles satsing på landbruket i Nord-Noreg

Det er avgjerande for nasjonal matforsyning, beredskap, sysselsetjing og busetjing at vi har matproduksjon i alle delar av landet. Landbruk og landbruksbasert verksemd er viktig for verdiskaping og sysselsetjing i mange kommunar i nord. Landbruksnæringa i nord er likevel sårbar med få kompetansemiljø, små produsentmiljø og store avstandar. Samstundes har næringa i landsdelen stort potensial knytt til omdømet og merkevara arktisk kvalitet på landbruksprodukt.

I jordbruksoppgjeret i 2022 vart det sett i gang ei særskilt satsing på 17 mill. kroner for å mobilisere næring, kompetansemiljø og verkemiddelapparat til å bremse den negative utviklinga i landbruket i nord, og medverke til auka utnytting av regionale føremonar og moglegheiter knytt til det arktiske landbruket. Dette er ei felles satsing saman med fylkeskommunane i Troms og Finnmark og Nordland som har styrkt satsinga ytterlegare ved å leggje inn 4 mill. kroner kvar. Det er viktig at jordbruksavtalepartane og fylkeskommunane kan gå saman om eit felles løft for eit berekraftig landbruk og auka verdiskaping for landbruket i nord.

I jordbruksoppgjeret i 2023 er det semje om å føre vidare satsinga på 17 mill. kroner til det nordnorske landbruket for å synleggjere regional innsats med utgangspunkt i potensial og utfordringar i nord. I tillegg er avtalepartane einige om å forsterke satsinga på landbruket i Nord-Noreg, mellom anna gjennom styrkte tilskot for å forbetre produsentøkonomien i landsdelen, og forbetra vilkår for investeringstilskot for Nord-Noreg.

5.9.6 Samisk reindrift

Samisk reindrift er ei familiebasert distrikts- og kulturnæring som byggjer på eit unikt levesett. Reindrift er eit viktig grunnlag for samisk kultur, og som urfolksnæring har reindrifta eit særleg vern i kraft av folkeretten. Det største trugsmålet for ei berekraftig reindrift er tap av beiteareal. Reindriftslova og reindriftsavtalen er dei viktigaste verkemidla for ei berekraftig reindrift. Staten og Norske Reindriftssamers Landsforbund forhandlar årleg om ein reindriftsavtale, og i 2023/2024 har avtalen ei ramme på 200 mill. kroner. Hovudprioriteringar i avtalen er direkte tilskot, trygging av reindriftsareal, klimatilpassing og beredskap i reindrifta og tilleggsnæringar.

Reindriftsavtalen omfattar direkte tilskot basert på produksjon og tilskot til tilleggsnæringar som reiseliv, lokalmat og kulturopplevingar. Slike tilleggsnæringar er sentrale for å vidareutvikle næringsgrunnlaget for reindrifta. Det fylgjer av reindriftslova at ho skal sikre reindriftsareala i det samiske reinbeiteområdet. Vern av areal til reindrift er avgjerande for at reindrifta skal vere berekraftig.

Boks 5.14 Birgejupmi, reindrift og klimaendringar

Reindrifta er ei livsform og ei næring som har halde oppe den grunnleggjande samiske tenkje- og veremåten, og som har birgejupmi som hovudmål. Birgejupmi er ein verdi som famnar vidare enn berekraftsomgrepet. Omgrepet stammar frå det samiske ordet birget, som tyder å klare eller berge seg. Eit grunnleggjande vilkår for å klare seg og vere sjølvberga er å ta vare på naturen, tenkje langsiktig, leve med måtehald og ikkje leggje igjen spor. Reinen flyttar seg over store område og kan klare seg med mindre mat om vinteren, og slik er han tilpassa til å leve i arktiske strok. Samstundes er reindrifta ei av dei næringane som vert hardt ramma av klimaendringane. Beitekriser dei siste åra gjev indikasjonar på kva konsekvensar endringar i klimaet kan ha for reindriftsnæringa. Vinteren og våren 2020 og våren 2022 opplevde reindrifta ei svært omfattande beitekrise. Det vart erklært beitekrise i dei fleste distrikt i Troms og Finnmark og Nordland, og det var vanskelege beitetilhøve også i reinbeiteområdet Sør-Trøndelag/Hedmark.

Boks 5.15 Internasjonalt reindriftssenter

For å styrkje det internasjonale reindriftssamarbeidet og ei berekraftig reindrift i nordområda vart Internasjonalt reindriftssenter etablert i 2005. Senteret fremjar kunnskap om og forståing av reindrifta og den tradisjonelle reindriftskompetansen. Saman med Verdsforbundet for reindriftsfolk og University of the Arctic har senteret starta prosjekt for folk-til-folk-samarbeid, lokal kompetansebygging og regional utvikling. Senteret samarbeider med reindriftsutøvarar, institusjonar og organisasjonar i Norden, Kina, Mongolia og Nord-Amerika.

I Arktisk råd har senteret hatt ei leiarrolle i prosjektet EALLU,1 som skal dokumentere matkulturen og dei tradisjonelle kunnskapane til urfolk som grunnlag for lokal økonomisk utvikling, resiliens og tilpassing til klimaendringar. Med støtte frå Kommunal- og distriktsdepartementet har senteret etablert og teke i bruk Boaššu / NOMAD Indigenous FoodLab – Arktiske urfolks matlaboratorium. Dette er eit samarbeid med Verdsforbundet for reindriftsfolk, Bocuse d’Or, Gourmand International og FN/FAO. Senteret har ei ungdomssatsing som skal formidle matkultur og styrkje samisk kokkeutdanning og medverke til at samisk ungdom kan etablere nye matprodukt og verksemder i distrikta.

I samarbeid med Harvard University og Fletcher School of Law and Diplomacy i USA har senteret utvikla eit internasjonalt leiarkursprogram (Training of Future Arctic Indigenous Leaders) som vert støtta av Utanriksdepartementet. Programmet gjev ungdom kompetanse innanfor leiing, resiliens, klimatilpassing, krisehandtering, innovasjon og lokalt diplomati. Som del av miljøprogrammet til FN leier senteret også eit større prosjekt om nomadisk resiliens og tradisjonell kunnskap.

1 Indigenous youth, food knowledge and Arctic change.

5.9.7 Landbruket treng god tilgang på veterinærtenester

Utfordringar med å rekruttere veterinærar gjeld mange område av landet, og er særleg knytt til dyrehelsehjelp hos produksjonsdyr. Hurdalsplattforma slår fast at veterinærtenesta i heile landet skal styrkjast. Landbruks- og matdepartementet sette i august 2022 ned ei arbeidsgruppe for å greie ut utviklingstrekk og årsaksfaktorar for veterinærmangelen, og føreslå tiltak. Arbeidsgruppa vart leidd av KS med representantar frå statsforvaltarane, Landbruksdirektoratet, Den norske veterinærforening, NMBU Veterinærhøgskolen, Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Arbeidsgruppa leverte rapporten sin 10. mars 2023.17 Rapporten peiker på ein generell mangel på veterinærar i Noreg, og at utfordringsbiletet er samansett. Rekrutteringsutfordringar er ikkje noko ein opplever berre i produksjonsdyrpraksis, men også i kjæledyrklinikkar og i offentleg forvalting. Samstundes er inntektsgrunnlaget for veterinærar i produksjonsdyrpraksis minkande i store delar av landet fordi det er færre jordbruksverksemder med husdyr i tillegg til betre dyrehelse. Redusert inntektsgrunnlag i produksjonsdyrpraksis fører i sin tur til at det trengst færre praktiserande veterinærar på dagtid enn den bemanninga som er naudsynt for å gje ei akseptabel vaktbelasting utanom ordinær arbeidstid. Fleirtalet av dei praktiserande veterinærane søkjer seg til stillingar i føretak/klinikkar som gjev eit fagleg og kollegialt fellesskap og ordna arbeidstid.

Arbeidsgruppa har i tråd med mandatet lagt fram 21 ulike tiltak som dei meiner kan medverke til å redusere utfordringane med å rekruttere veterinærar i klinisk produksjonsdyrpraksis i distrikta. Tiltaka er grupperte innanfor fylgjande kategoriar: rekruttering og mentorordningar, arbeidsoppgåver for veterinærar, endringar i vaktområde/vaktorganisering, endra eller auka statlege tilskot, forvaltingsmessige forbetringar og lovendringar. Rapporten er no til vurdering i Landbruks- og matdepartementet.

5.9.8 Skogbruk er viktig for busetjing og sysselsetjing

Eit aktivt og lønsamt skogbruk og konkurransedyktig skogindustri er viktig for busetjing, sysselsetjing og næringsutvikling i store delar av landet. Ei ansvarleg og berekraftig forvalting av skogen er grunnlaget for langsiktig forsyning av råstoff til industrien. Regjeringa vil satse på tiltak som kan medverke til betre lønsemd i skogbruket.

Dei siste åra har det vore auka hogst i Noreg. Dette gjev potensial for auka industriell verdiskaping. Målet til regjeringa er at tømmer frå norsk skog skal gje mest mogleg verdiskaping gjennom lønsam vidareforedling og eksport av ferdigvarer. Ein offensiv politikk for skog- og trenæringa er god nærings-, distrikts- og klimapolitikk. Regjeringa vil leggje til rette for industriell vidareforedling av skog ved å utvikle ressursgrunnlaget og forbetre infrastrukturen i skogbruket.

Skog i vekst tek opp CO2. Aktiv skogskjøtsel, med hogst, planting, gjødsling og ungskogpleie, gjev klimavinst. Regjeringa vil satse på skogplanting, ungskogpleie og andre skogkulturtiltak, mellom anna gjennom skogfond og tilskot til nærings- og miljøtiltak. Gode avvegingar mellom aktivitet og miljøomsyn, mellom natur og klima og mellom bruk og vern skal stå sentralt i ein berekraftig skogpolitikk. Regjeringa vil leggje til rette for å skape større verdiar av norske skogressursar, fremje ei berekraftig skogforvalting og kombinere auka skogbruksaktivitet med styrkte miljøomsyn i skogbruket.

5.9.9 Ei berekraftig forvalting av rovvilt

Noreg har ei todelt målsetjing om å ta vare på både levedyktige rovdyrbestandar og beiteinteresser. I utforminga av rovviltpolitikken gjennom rovviltforlika av 2004 og 2011, og i fleirtalsvedtaket om ulv i 2016, har det vore ein premiss at omsynet til å sikre at dei store rovviltartane overlever i norsk natur, må kombinerast med ei forvalting som totalt sett medverkar til å dempe konfliktane og motverke utryggleik innanfor den todelte målsetjinga. Regjeringa byggjer på rovviltforlika, den todelte målsetjinga, naturmangfaldlova og Bernkonvensjonen. Innanfor desse rammene vil regjeringa føre ein meir restriktiv rovdyrpolitikk, og vil styrkje rolla til dei regionale rovviltnemndene.

I tråd med Hurdalsplattforma vil regjeringa sikre at bestandmåla faktisk vert fylgde opp. Når ein bestand ligg over eller under bestandsmålet, skal han forvaltast i tråd med det målet som til kvar tid er vedteke av Stortinget. Det fylgjer også av Hurdalsplattforma at regjeringa vil innrette praktiseringa av rovviltforliket slik at kvotar på lisensfelling vert tekne ut i samsvar med vedtak, og slik at beiteprioriterte område vert respekterte ved at skadegjerarar vert felte utan ugrunna opphald. Regjeringa vil greie ut ein reduksjon av gjeldande bestandmål for ulv og bjørn med mål om å redusere ulempene for beitenæringar og lokalsamfunn. Det skal òg gjennomførast ei betre og sikrare teljing av dei ulike rovdyrbestandane.

Utmarksbeite er ei viktig næring i fleire utmarkskommunar og viktig i eit ressursnytteperspektiv. For utøvarane i desse næringane vil rovdyrsituasjonen kunne ha innverknad på livskvalitet og busetnad, og påverke avgjerder om investeringar og vidare drift. Då er det vesentleg å ha føreseieleg og konsekvent forvalting av rovvilt.

Denne regjeringa har flytta fram lisensfellingsperioden for jerv frå 10. september til 20. august. Endringa vart sett i verk den 20. august 2022. Rovviltnemndene kan som tidlegare fastsetje ein kortare lisensfellingsperiode dersom dei meiner det er grunnlag for dette. Klima- og miljødepartementet har endra forskrift 18. mars 2005 nr. 242 om forvalting av rovvilt (rovviltforskrifta) med verknad straks.

5.10 Reiseliv er ei viktig distriktsnæring

Reiselivsnæringa er viktig for mange distriktsområde på fleire måtar. Lokalsamfunn over heile landet har natur, kulturmiljø og kultur som gjev grunnlag for rike opplevingar og høve til verdiskaping og sysselsetjing. Dei siste åra har det særleg vore vekst i sysselsetjinga i reiselivsnæringane i distrikta.18 Næringa var i vekst før pandemien og vart hardt ramma av nedstengingar og restriksjonar. Overnattingsstatistikk frå SSB viser at talet på kommersielle overnattingar er tilbake på same nivå som i 2019, med meir enn 36 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg i 2022. Fleirtalet av dei sysselsette i næringa arbeider i sentrale område, men den relative verknaden av næringa er likevel større i dei minst sentrale kommunane.

Mange stader i Noreg er reiselivstilboda avgjerande for å skape levande og attraktive lokalsamfunn. Reiselivet og deltidsinnbyggjarar gjev vekst og arbeidsplassar. For ungdom kan reiselivsverksemdene vere det fyrste møtet med arbeidslivet, og verksemdene kan òg vere viktige for å rekruttere og integrere tilflyttarar. Utvikling av heilårlege reiselivsprodukt kan gje auka kvalitet og mangfald i tilbodet og gjere det enklare å rekruttere og halde på kompetent arbeidskraft.

Eit reisemål er eit geografisk avgrensa område med ulike reiselivstilbod. Det er det samla tilbodet som avgjer val av reisemål. Også innbyggjarane nyttar tenestene som reiselivsnæringa tilbyr. Det gjev utgangspunkt for å sjå utvikling av reiselivet og lokalsamfunna i samanheng. Gode stader å leve er gode stader å reise til. Mange verksemder i og kring reiselivsnæringa veks fram og gjev lokalsamfunnet betre tenester, opplevingar og tilbod, til dømes i form av restaurantar og kafear, handel, kultur og andre tenestetilbod for lokalsamfunna. Samstundes er det også lokalsamfunna som legg til rette for reiselivet, gjennom til dømes opparbeiding av turstiar, friluftsområde og torg, frivillig innsats på kulturarrangement og ikkje minst i kraft av å vere levande lokalmiljø.

Noreg har ein mangfaldig kulturarv, sterke mattradisjonar, kulturmiljø, kulturhistoriske byggverk og ein unik urfolkskultur. Her er kunstnarar og musikarar i verdsklasse. Eit fleirtal av dei tilreisande til Noreg ser på kultur som ein viktig del av ferien. Det er eit stort potensial for å bruke kultur, reiseliv og opplevingar meir strategisk i samfunnsutviklinga. Kultur styrkjer lokalsamfunna gjennom felles opplevingar og møteplassar og medverkar til lengre opphald og auka betalingsvilje hos gjestene.

Reisemålsutvalet leverte sin rapport19 til regjeringa 30. mars. Utvalet har gjennomgått og vurdert rammevilkåra for lokal reisemålsutvikling. Utvalet føreslår ein ny modell for organiseringa av berekraftige norske reisemål, med utgangspunkt i etablering av ei reisemålsleiing som er tilpassa lokale tilhøve og forankra i kommunane. Reisemålsleiinga skal drive strategisk besøksforvalting og handtere utvikling og drift av fellesgode basert på ein breitt forankra besøksstrategi. Utvalet tilrår at arbeidet skal finansierast gjennom eit besøksbidrag som vert henta inn nasjonalt, men forvalta regionalt og lokalt.

Ein viktig del av det norske reiselivsproduktet er naturopplevingar. Dei fleste reiselivsverksemdene innanfor naturbasert reiseliv er små, med éin til tre tilsette. Dei er ofte sesongbaserte og held til i distrikta. Ein auka og ukontrollert ferdsel i naturen kan føre til nedbygging og tap av naturmangfald og natur. Betre styring av besøk er viktig for å fordele belastinga på naturen på fleire område. Slik kan ein også medverke til at innbyggjarane blir meir tilfredse med reiselivsnæringa, og styrkje gjesteopplevinga og kvaliteten på reiselivstilbodet. For at reiselivet skal kunne ta del i den grøne omstillinga, er det naudsynt med eit systematisk arbeid med reisemålsutvikling og kvalitet på fellesgoda.

Reiselivet er med på å skape verdiar og identitet, men kan òg leggje press på areal og lokalsamfunn. Reisemålsutvalet meiner at reiselivet må utviklast på ein måte som skaper attraktive lokalsamfunn for innbyggjarar og tilreisande. Då må arbeidet ta utgangspunkt i det lokalsamfunnet ynskjer. Utvalet understrekar at den vidare utviklinga av reisemål krev samarbeid mellom fleire aktørar frå privat, offentleg og frivillig sektor, og frå lokalsamfunnet. Strategiar og prioriteringar for ei berekraftig reisemålsutvikling må forankrast i planverket til kommunen og gjennom god medverknad frå alle interessentar og aktørar.

Reiselivsnæringa tilbyr opplevingar gjennom bruk av natur- og kulturgode og infrastruktur som er tilgjengeleg for alle. Dette vert kalla fellesgode. Auka ferdsel gjer det naudsynt å tilretteleggje meir. Samstundes kan meir tilrettelegging føre til fleire tilreisande. Verken dei tilreisande eller næringsaktørane som nyt godt av fellesgoda, har kvar for seg insentiv til å ta det økonomiske ansvaret for å ta vare på, utvikle og drifte fellesgoda.

I Europa har 21 av 30 land innført ei form for fellesgodefinansiering. Reisemålsutvalet skreiv at ei slik løysing, der tilreisande i større grad medverkar i finansieringa av utvikling, drift og vedlikehald av fellesgode, vil vere viktig for ei berekraftig utvikling av lokalsamfunna og næringa framover. Både fylkeskommunar og kommunar ynskjer i aukande grad å sjå reiselivsutvikling i samanheng med stad- og samfunnsutvikling, og å leggje meir vekt på berekraftig besøksforvalting, for å unngå overbelasting av natur, kulturmiljø og lokalsamfunn. Til dømes har Nordland fylkeskommune arbeidd systematisk for at reiselivet skal vere ei positiv kraft i lokalsamfunnet, gjennom besøksforvaltingsprosjektet frå 2018 som omfattar reiselivsregion Lofoten, reisemål Vega og besøkspunkt Svartisen/Meløy. Kompetansen og løysingane som er utvikla i prosjektet er lagde til grunn i ny strategi for reiseliv og opplevingar i Nordland 2023–2027.

Regjeringa vil vurdere korleis tilrådingane til reisemålsutvalet20 kan fylgjast opp. Rapporten gjev eit godt grunnlag for innretting av satsingar på reisemålsutvikling i norske kommunar.

Regjeringa arbeider med ulike tiltak for å skape ei konkurransedyktig, heilårleg reiselivsnæring som er meir berekraftig og lønsam enn tidlegare, og som skaper aktivitet i heile landet. Regjeringa har i Hurdalsplattforma varsla ein nasjonal plan for reiselivsnæringa, med vekt på berekraftig utvikling, heilårlege arbeidsplassar, kompetanse, marknadsføring, reisemålsutvikling og verdiskaping i heile landet. Det går fram av Hurdalsplattforma at regjeringa vil gje kommunar høve til å innføre besøksbidrag. Regjeringa har motteke forslag til pilotprosjekt frå Nordkapp, Beitostølen, Verdsarvfjordane og Lofoten. Modellane utfordrar dagens lovverk, og det må gjerast juridiske vurderingar for å finne gode løysingar.

Regjeringa har i samarbeid med friluftsorganisasjonane starta arbeidet med å utvikle ei nasjonal godkjenningsordning for lokale og regionale guidar, turleiarar og fjellførarar. Regjering har sett i gang Reiseliv 203021 for å stimulere til kunnskapsbasert utvikling av heile reiselivsnæringa, og føreslå prioritering av forskings- og innovasjonsaktivitetar for å gjere reiselivsnæringa meir heilårleg, oppnå auka verdiskaping og medverke til grøn omstilling.

Regjeringa legg til rette for ei berekraftig besøksforvalting. Miljødirektoratet har utvikla rettleiing for besøksforvalting for verneområde. Nasjonalparkstyra utarbeider besøksstrategiar som skal sikre naturverdiane og leggje til rette for aktivitet og verdiskaping. Merkevara Noregs nasjonalparkar samlar alle verneområde, besøkssenter, nasjonalparklandsbyar og -kommunar under ein felles paraply. Den felles overbygningen gjer det mogleg å leggje til rette for at fleire skal kunne oppsøkje nasjonalparkane der naturen toler det. Reisemålsutvalet meiner rettleiinga bør utvidast til også å omfatte besøksforvalting utanfor verneområda.

Miljødirektoratet forvaltar ordninga med nasjonale turiststiar, som skal medverke til ei berekraftig forvalting av mykje besøkte naturattraksjonar, mellom anna gjennom å redusere forsøpling og gje mindre slitasje på naturen og færre ulykker.

Boks 5.16 Matnasjonen Noreg

Matnasjonen Noreg er ei felles ramme for arbeid med næringsutvikling og verdiskaping i verdikjeda for mat frå både hav og land. Både Innovasjon Noreg og fylkeskommunane forvaltar verkemiddel for å fylgje opp regjeringa si satsing på lokalmat og -drikke. Arbeidet med å byggje heilskaplege mat- og reiselivskonsept blir særskilt fylgt opp gjennom tiltak forvalta av Innovasjon Noreg og gjennom nasjonale og regionale samarbeidsarenaer og verkemiddel for vekst i landbruksbasert reiseliv, lokalmatproduksjon og andre tilleggsnæringar i landbruket. På regionalt nivå er fylkeskommunen og det regionale partnarskapet for landbruk ein viktig drivar for arbeidet.

Boks 5.17 Verdsarv og attraktive lokalsamfunn

Bergstaden Røros blei innskriven på verdsarvlista til Unesco1 i 1980. I 2010 blei området utvida som Røros bergstad og Circumferensen.1 Utvidinga omfatta eit større område med areal i Holtålen, Røros, Os og Engerdal. Verdsarvstatusen forpliktar staten og lokale styresmakter til å ta vare på og utvikle verdsarvverdiane. Godt samspel mellom huseigarar, grunneigarar, næringsliv, kommune, fylkeskommune og musea er sentralt for å lykkast med dette. Det er også mange lokalt sysselsette innanfor handverk, formidling og forvalting som er direkte knytte til arbeidet med å ta vare på og formidle verdsarven. Det var gruvedrift og landbruk som la grunnlaget for utviklinga av Røros, og Røros koparverk var eit av dei viktigaste bergverka i Noreg i 250 år. Røros har teke vare på mykje av det opphavelege preget frå gruvetida, med hus frå 1700- og 1800-talet og eit gatemønster frå 1600-talet.

Røros er i dag ein stor reiselivsdestinasjon. Kulturmiljøturismen står for meir enn ein tredel av verdiskapinga i reiselivet på Røros og for 9 prosent av talet på sysselsette. Rørosmartnan er eit populært arrangement med tradisjonar frå 1854. Merkevara «Røros» vert òg nytta i sal av lokal mat og andre lokale produkt. Røros er sertifisert som eit berekraftig reisemål, gjennom merkeordninga til Innovasjon Noreg. Det inneber at reisemålet Røros over tid skal verte endå meir berekraftig, og at destinasjonen må arbeide kontinuerleg for å nå krava i ordninga og vise forbetring kvart tredje år. Resultatet er at gjester og innbyggjarar får auka medvit om berekraft, og at det vert stadig viktigare for reiselivsaktørane å redusere det økologiske fotavtrykket.

Figur 5.6 Frå Rørosmartnan

Figur 5.6 Frå Rørosmartnan

Foto: Anders Wittrup

1 UNESCO er FNs organisasjon for utdanning, vitskap og kultur.

2Circumferensen kjem av det latinske «cirkum», som tyder omkrins eller omfang. Ein sirkumferens vart gjerne fastsett rundt bergverka frå midten av 1600-talet og innebar at alle som eigde skog innanfor sirkumferensen var pliktige til å køyre ved og anna til gruvene som var eigde av privilegiehaldarane – i dette høvet eigarane i Røros Kobberverk.

5.10.1 Samiske mattradisjonar, kultur og reiseliv

Samiske område er rike på råvarer frå primærnæringane. Det er eit stort potensial for auka verdiskaping og vidareforedling av reinkjøt, lammekjøt, fisk, tang og tare og andre marine artar. Sametinget samarbeider med urfolk i andre delar av verda om mattryggleik. Det er etablert ei samanslutning av urfolk om matsystem som FN-organisasjonen for ernæring og landbruk (FAO) har ansvar for.

Samisk mat og opplevingar knytte til reiseliv og samisk kultur har eit stort potensial for vidare utvikling. Reiselivet etterspør i større grad lokalprodusert mat. Det er mogleg å utvikle dei samiske områda til attraktive matdestinasjonar og kople samisk reiseliv, kreative næringar og mat tettare saman. Næringsaktørane er små og avhengige av samarbeid med kvarandre eller med andre aktørar. Ein måte å lykkast på er at produsentane dannar nettverk og samarbeid seg imellom eller nyttar eksisterande nettverk slik at dei kan verte meir synlege på marknaden.

Ei sterk samisk reiselivsnæring, med aktørar som er sterke nok til å leve av næringa, er viktig for å styrkje samisk språk, kultur og levesett. Verksemdene knytte til kreative næringar er ofte små, og eit fåtal har dette som heiltidsjobb. Dei har gjerne lite kapitaltilgang, og mange treng meir kompetanse om forretningsdrift. Kraftsenter og organisasjonar som kunstnarkollektivet Dáiddádallu er viktige for å styrkje samiske kreative næringar.

Samisk reiseliv og samiske kreative næringar omfattar kulturelement som utgjer ein sentral del av verksemda. Samisk reiseliv spelar ofte ei nøkkelrolle i vekst og verdiskaping i samiske område, samstundes som det viser fram og lærer bort samisk tradisjon og kultur til resten av Noreg og verda. Kreative næringar i samiske område omfattar eit breitt spekter av verksemder, med koplingar til duodji innanfor formgiving og design og til andre delar av samisk kultur, som joik, folketru, forteljetradisjonar og matkultur. At samiske kunstnarar har fått innpass på større internasjonale arenaer, medverkar til å løfte samisk kunst og kultur.

Fotnotar

1.

Verk og bruk er fasa ut som kategori i eigedomsskatten, sidan produksjonsutstyr og -installasjonar som hovudregel ikkje lenger skal inngå i eigedomsskattegrunnlaget. Vasskraftanlegg, kraftnett, vindkraftverk og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleumsskatt vart likevel vidareførte som tidlegare i ein eigen regel.

2.

Nærings- og fiskeridepartementet (2022) Norges batteristrategi. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/norges-batteristrategi/id2921424/

3.

NOU 2022: 6 Nett i tide – utvikling av strømnettet. Olje- og energidepartementet.

4.

NOU 2023: 3 Mer av alt – raskere. Olje- og energidepartementet.

5.

Menon Economics 2023. Menon-publikasjon nr 10/2023.

6.

NOU 2020: 12 Næringslivets betydning for levende og bærekraftige lokalsamfunn. Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet.

7.

Samfunnsøkonomisk analyse AS (2018) Evaluering av ordningen med differensiert arbeidsgiveravgift (rapport).

8.

NOU 2020: 12 Næringslivets betydning for levende og bærekraftige lokalsamfunn. Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet.

9.

Meld. St. 18 (2022–2023) Finansmarkedsmeldingen 2023. Finansdepartementet.

10.

Meld. St. 17 (2020–2021) Samarbeid for sikkerhet – Nasjonal forsvarsindustriell strategi for et høyteknologisk og fremtidsrettet forsvar. Forsvarsdepartementet.

11.

KPMG (2021). Status og hindre for digitalisering i næringslivet (rapport).

12.

Samfunnsøkonomisk analyse AS (2020). Midtveisevaluering av Digital kompetanseløft (rapport 07-2020).

13.

Meld. St. 5 (2023–2032) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning. Kunnskapsdepartementet.

14.

Riksrevisjonen (2019–2020). Undersøkelsen av kvotesystemet i kyst- og havfiske (Dokument 3:6).

15.

Utvalg oppnevnt av Nærings- og fiskeridepartementet (2022). Grønn verdiskaping og økt bearbeiding i sjømatindustrien (rapport). Nærings- og fiskeridepartementet.

16.

Menon Economics, Nofima, Norce (2022). Ringvirkninger i sjømatnæringen 2021 (Rapport). https://www.menon.no/wp-content/uploads/2022-126-Ringvirkninger-av-sjomatnaeringen-2021-1.pdf

17.

Rapport fra en arbeidsgruppe nedsatt av Landbruks og matdepartementet (2023) Tilgang på veterinærtjenester i Norge. https://www.regjeringen.no/contentassets/1807e0e77eb443fbbdf53cf24a7132a9/rapport-om-tilgang-pa-veterinartjenester-i-norge-10.03.23.pdf

18.

Samfunnsøkonomisk analyse (2020) Verdikjeder i Norge (Rapport).

19.

NOU 2023: 10 Leve og oppleve – Reisemål for en bærekraftig fremtid. Nærings- og fiskeridepartementet.

20.

NOU 2023: 10 Leve og oppleve – Reisemål for en bærekraftig fremtid. Nærings- og fiskeridepartementet.

21.

Same som Reis21 i Hurdalsplattforma.

Til forsida