Meld. St. 27 (2022–2023)

Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida

Til innhaldsliste

4 Transport og infrastruktur bind landet saman

Infrastruktur som veg, jernbane, hamner, ferjer og hurtigbåtar, lufthamner, breiband og mobilnett er avgjerande for busetjing og arbeidsplassar i heile landet. Det er viktig for samarbeid og tryggleik og for tilgang på tenester og aktivitetar. God infrastruktur og gode transporttenester styrkjer integrasjonen i arbeidsmarknaden, kortar ned reisetider og gjev tenestetilbod større rekkjevidde. Gode transporttilhøve er derfor viktig for utviklinga i og mellom regionar.

Noreg har gjennom fleire tiår gjennomført store investeringar i infrastruktur som har gjeve eit godt utbygd transportnett. Den norske topografien med fjordar og fjell og store avstandar mellom bustadområde gjer utbygging av ny infrastruktur svært kostnadskrevjande. Det er viktig å ta godt vare på denne infrastrukturen, slik at vi får eit trygt og påliteleg transportnett i heile landet. Distriktsdemografiutvalet1 peiker på at det er minst like viktig å fjerne flaskehalsar på det lokale vegnettet som å utvikle nye vegprosjekt. Det er derfor gode argument for å styrkje innsatsen på vedlikehald og tiltak for å sikre at transporttilhøva er trygge og føreseielege.

Ettersom transport er ein føresetnad for produksjon og levering av varer og tenester, kan spart transporttid verke inn på lønsemda og samarbeidsrelasjonane til verksemdene. Men det kan òg påverke marknadsstrukturen gjennom meir konkurranse og føre til ei sentralisering av aktivitet. Potensialet for vekst varierer med lokale geografiske tilhøve og særtrekk ved dei næringane og verksemdene som held til i eit område. Infrastrukturinvesteringar medverkar i mange høve til å skape vekst og utvikling, men også mindre forbetringar og drift og vedlikehald er viktige for å skape eit godt transporttilbod. Regjeringa vil bruke ressursane slik at transport vert trygt, påliteleg og føreseieleg. Dette har stor nytte for folk og for næringsliv.

4.1 Arbeidet med nasjonal transportplan

Stortingsmeldinga om nasjonal transportplan (NTP) er det sentrale dokumentet for samferdselssektoren og for utviklinga av infrastruktur og mobilitet i heile landet. Det langsiktige planarbeidet gjennom NTP fungerer som ein arena for samordning, utgreiing, styring og prioritering. Stortingsmeldinga vert jamleg rullert for å fange opp endringar i transportbehov og vilkåra for transportsektoren. Inneverande melding om NTP vart lagd fram av regjeringa Solberg i mars 2021 og gjeld for perioden 2022–2033. Framlegginga av neste NTP er framskunda med eitt år til våren 2024. Planen vil gjelde for perioden 2025–2036.

Det er utfordringar nasjonalt og internasjonalt som gjer det riktig og naudsynt med ei tidlegare framlegging av NTP. Det vil truleg ikkje vere mogleg innanfor eit trongare økonomisk handlingsrom å fylgje opp dei økonomiske planrammene for inneverande NTP i dei årlege statsbudsjetta. Ein vesentleg intensjon med å framskunde planen er å leggje til rette for sterkare prioriteringar i åra framover og dermed styrkje transportplanen som eit truverdig styringsinstrument. Transportplanen skal vere oppdatert og tilpassa dei framtidige transportbehova, samstundes som det skal vere mogleg å fylgje opp dei økonomiske rammene. Regjeringa vil utarbeide ein realistisk NTP som svarer på utfordringane i framtida for transportsystemet, og som legg vekt på samfunnsøkonomisk lønsemd. Transportplanen omfattar statlege samferdselstiltak og skal gje transportverksemdene eit godt utgangspunkt for å planleggje drift, vedlikehald, investeringar og andre tiltak i transportsystemet i eit langsiktig perspektiv.

Før utløpet av planperioden for neste NTP skal klima- og omstillingsmålet til regjeringa for 2030 vere oppfylt, og vi skal vere på god veg mot lågutsleppssamfunnet 2050. Framover bør ressursbruken i større grad rettast inn mot å ta vare på og utnytte betre den infrastrukturen og det transporttilbodet vi har, framfor nye, store utbyggingsprosjekt. Dette gjer at drift og vedlikehald av infrastrukturen vert viktig framover og er fornuftig ut frå eit klima- og miljøperspektiv. Ny teknologi og betre bruk av data/stordata vil også stå sentralt i den framtidige utviklinga av transportsektoren.

Transportverksemdene har svart på eit utgreiingsoppdrag og eit prioriteringsoppdrag som skal gje regjeringa eit godt fagleg avgjerdsgrunnlag for NTP 2025–2036. Regjeringa vil leggje vekt på involvering av og innspel frå brukarane av transportsystemet, lokale aktørar og andre bidragsytarar.

4.2 Vedlikehald og rassikring av fylkesvegane

Standarden på vegar og annan infrastruktur er viktig for at lokalsamfunna skal vere trygge. Privatbilen er naudsynt i mange lokalsamfunn der kollektivtilbodet er lite utbygd. Fylkesvegane er sentrale for folk og næringsliv i heile landet og viktige for utviklinga av større bu- og arbeidsmarknadsregionar. Fylkesvegnettet omfattar om lag 45 000 km veg, om lag fire gonger lengda på riksvegnettet. Talet på køyrde kilometer er fordelt med om lag 53 prosent på riksveg og 47 prosent på fylkesveg. Fylkesvegnettet er sentralt for å nå måla for transportsektoren, og det er viktig med god samanheng mellom transportnetta uavhengig av kven som eig infrastrukturen. Dette krev god samordning mellom forvaltingsnivåa.

Ansvaret for det offentlege vegnettet i Noreg er delt mellom stat, fylkeskommunar og kommunar. Fylkeskommunane er etter veglova ansvarlege for fylkesvegane og skal finansiere, drifte og halde ved like fylkesvegnettet. I samband med regionreforma vart administrasjonen av fylkesvegane overført frå Statens vegvesen til fylkeskommunane den 1. januar 2020. Det inneber at fylkeskommunane har bygd opp organisasjonar for å fylgje opp ansvaret for mellom anna forvalting, byggherrefunksjonar og administrasjon av vegane.

Finansieringa av fylkesvegane kjem frå frie inntekter (rammetilskot og skatteinntekter), brukarbetaling (bompengar) og øyremerkte tilskot. Hovuddelen av finansieringa er frie inntekter gjennom inntektssystemet for fylkeskommunane. I 2021 var dei fylkeskommunale investeringsutgiftene til fylkesveg 10,1 mrd. kroner, og utgiftene til drift (ekskl. avskrivingar) var 9,8 mrd. kroner.

Fylkeskommunane får i 2023 fordelt i overkant av 3 mrd. kroner av rammetilskotet etter særskilt fordeling på tre ordningar knytte til fylkesveg. Desse ordningane2 gjeld opprusting og fornying av fylkesveg (1 680 mill. kroner), ras- og skredsikring av fylkesveg (903 mill. kroner) og kompensasjon for forskrift om tunneltryggleik (579 mill. kroner). Midlane er inkludert i rammene for nasjonal transportplan 2022–2033,3 men er også rekna som frie midlar som fylkeskommunane sjølve avgjer bruken av.

Det er i 2023 også løyvd øyremerkte tilskot til fylkesveg på fire ordningar over budsjettet til Samferdselsdepartementet på til saman 847 mill. kroner, som er inkludert i rammene for NTP 2022–2033. Dette gjeld ordningar for rentekompensasjon for transporttiltak i fylka (414 mill. kroner), utbetring av fylkesvegar for tømmertransport (21 mill. kroner), tilskot til fylkesvegar (389,6 mill. kroner) og tilskot til tryggare skulevegar (22,1 mill. kroner).

I samband med NTP 2022–2033 vart det oppretta ei ny øyremerkt ordning for tilskot til fylkesvegar. Gjennom ordninga løyver ein midlar til vedlikehald, fornying og utbetring på viktige næringsvegar og vegar som utvidar bu- og arbeidsmarknadsregionar på fylkesvegnettet. Fylkeskommunane prioriterer sjølve kva tiltak dei ynskjer å setje i gang innanfor desse rammene. Statens vegvesen har ansvar for ordninga, både for fordeling av midlane og for oppfylging av prosjekta.

Ei anna viktig ordning er tilskot til utbetring av fylkesvegar for tømmertransport, som er særleg retta mot flaskehalsar for tømmervogntog på fylkesvegnettet. Midlane skal medverke til ein funksjonell og effektiv tømmertransport. Tiltak for å forsterke bruer som ikkje toler 60 tonn totalvekt, skal prioriterast. Programmet for ordninga vart utarbeidd i samarbeid med fylkeskommunane og skog- og trenæringa.

Regjeringa vil utarbeide ein heilskapleg og forpliktande plan for å redusere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane. Statens vegvesen skal i samarbeid med fylkeskommunane koordinere arbeidet med å oppdatere kunnskapen om tilstanden på fylkesvegnettet. Regjeringa tek sikte på å kunne leggje fram det oppdaterte kunnskapsgrunnlaget våren 2024, som ein del av komande nasjonal transportplan 2025–2036.

Regjeringa har òg teke initiativ til at det saman med fylkeskommunane vert utarbeidd ein nasjonal gjennomføringsplan for ras- og skredsikring av alle riksvegar og fylkesvegar med høg og middels skredfaktor. Delar av planen vil vere ferdig i 2023. Regjeringa tek sikte på å leggje fram planen våren 2024, som ein del av NTP 2025–2036. Samferdselsdepartementet har bede Statens vegvesen om å koordinere ei samanstilling av ein gjennomføringsplan for skredsikring på fylkesvegar. Saman med tilsvarande gjennomføringsplan for skredsikring på riksvegar vert det levert ein heilskapleg plan for gjennomføring av ras- og skredsikring på riks- og fylkesvegar. Regjeringa planlegg å leggje fram dette arbeidet som ein del av komande NTP 2025–2036. Som ein del av dette arbeidet skal Statens vegvesen, i dialog med fylkeskommunane, gå gjennom reknemodellen for skredfaktor. Arbeidet med å revidere modellen har vore diskutert med fylkeskommunane.

4.3 Raskare utbygging av ladeinfrastruktur

Dei fleste som køyrer elektrisk personbil, har høve til å lade heime, og varebilar og bybussar ladar ved depot. Utviklinga i elbilparken hadde likevel ikkje vore mogleg utan offentleg tilgjengelege ladarar langs vegane. Slike ladarar var ikkje-eksisterande i Noreg for ti år sidan, men ved utgangen av 2022 hadde vi meir enn 5 600 offentleg tilgjengelege hurtigladarar (over 50 kW) for personbilar og varebilar. Berre om lag 700 av alle hurtigladarar er etablerte med offentleg støtte. Dei fleste er sette opp av kommersielle aktørar utan tilskot.

I Hurdalsplattforma varsla regjeringa auka tempo i utbygginga av ladeinfrastruktur i dei delane av landet der slik infrastruktur ikkje er godt bygd ut. Enova har tidlegare støtta hurtigladestasjonar i kommunar med færre enn to stasjonar og hatt konkurransebaserte stønadsordningar for heilskapleg utbygging av hurtigladarar i utvalde område. Dette har gjeve ei rekkje utbyggingar i Finnmark, Nord-Troms, Nordland og Namdalen.

I 2022 vart Enova løyvd ytterlegare 100 mill. kroner for å støtte etablering av hurtigladarar i område utan tilstrekkeleg grunnlag for kommersiell utbygging. Gjennom denne satsinga har Enova gjeve støtte til 58 hurtigladarar og 12 normalladarar. Med denne tildelinga vert talet på kommunar i Noreg utan hurtigladar redusert frå 70 til 15. Hurtigladarar vil då vere tilgjengelege over heile landet, også i område med lågt folketal og lite trafikk. Det er venta at vidare utbygging av hurtigladarar for lette køyretøy vil skje på kommersielt grunnlag. Statens vegvesen har fått i oppdrag å vidareføre arbeidet med å kartleggje behov og potensial for å etablere ladeinfrastruktur langs riksvegnettet, for både lette og tunge køyretøy.

Når det gjeld tungtransporten, er det fyrst og fremst dei køyretøya som køyrer over relativt korte avstandar, som er elektrifiserte. Køyretøy i langdistansetransport vil vere avhengige av å kunne lade undervegs. Få tilgjengelege ladarar er eit hinder for at nullutsleppskøyretøy vert tekne i bruk. Samstundes gjer få køyretøy det lite attraktivt å byggje ut ladeinfrastruktur. Meir tilgjengeleg ladeinfrastruktur vil gjere det meir attraktivt å velje nullutsleppskøyretøy, noko som igjen vil gjere det meir lønsamt å tilby lading. For å få fart på utsleppskutta i tungtransporten er det derfor naudsynt med offentleg støtte til ladeinfrastruktur i ein tidleg fase.

Som det går fram i ladestrategien til regjeringa, skal Statens vegvesen i dialog med Nye Veier AS og Enova lage ein plan for å etablere ladestasjonar for tunge køyretøy langs riksvegnettet. Planen skal vere ferdig innan 1. juli 2023, og han skal oppdaterast ved jamne mellomrom i tråd med utviklinga i marknaden. Statens vegvesen, Nye Veier AS og Enova skal også samarbeide om etablering av dei fyrste offentleg tilgjengelege ladestasjonane for tunge køyretøy på døgnkvileplassar og rasteplassar. Strategien presenterer også tiltak som vil gjere hurtiglading meir brukarvenleg.

4.4 Halverte ferjeprisar

Regjeringa meiner det er viktig å sørgje for eit godt ferjetilbod for reisande og næringsliv. Ferje er livsnerven til mange samfunn. Regjeringa har som målsetjing å gjere det enklare å bu og drive næring i samfunn som er avhengige av ferjer.

Distriktsdemografiutvalet4 meiner det er sløsing med ressursar å krevje inn pengar for billettar på ferjesamband som har ledig kapasitet sjølv utan brukarbetaling. Utvalet meiner det er mogleg på kort sikt å auke nytten av ferjetilbodet ved å senke prisane eller ved å fjerne billettering på samband med ledig kapasitet, utan store provenytap.

I Hurdalsplattforma er det målsetjingar om å redusere ferjetakstar og å gjere ferjer til ein del samfunn gratis. Målsetjinga er å halvere ferjetakstane i fireårsperioden. Dette er regjeringa godt i gang med. Takstane er i dag reduserte med 30 prosent jamført med takstnivået ved inngangen til 2021. I det vedtekne budsjettet for 2023 ligg det inne midlar til å halvere takstane i riksvegferjedrift frå 16. august 2023, jamført med takstnivået ved inngangen til 2021. Det er dessutan sett av midlar til fylkeskommunane slik at dei kan redusere takstane tilsvarande som i riksvegferjedrift.

Frå andre halvår 2022 vart det løyvd midlar slik at trafikksvake ferjesamband (under 100 000 passasjerar årleg) og delstrekningar til øyar og veglause samfunn på samband med over 100 000 passasjerar vart gratis frå 1. juli 2022. I statsbudsjettet for 2023 er det løyvd ytterlegare midlar slik at ferjesamband til øyar og veglause samfunn med over 100 000 passasjerar kan gjerast gratis frå 16. august 2023. Fylkeskommunane er takststyresmakt og vurderer innføringa av ordninga etter lokale omstende og prioriteringar. Statens vegvesen er i tildelingsbrevet for 2023 bede om å utarbeide eit kunnskapsgrunnlag om passasjer- og hurtigbåt for å kartleggje kostnaden ved å innføre tilsvarande ordningar for desse båtrutene.

Det er også ei ferjeavløysingsordning som legg til rette for ein alternativ bruk av ferjetilskot for fylkesvegferjer. Eit ferjeavløysingsprosjekt inneber at det blir bygd eit nytt vegsamband, vanlegvis ei bru eller ein undersjøisk tunnel med tilhøyrande vegnett, som erstattar eller kortar inn på eit ferjesamband. Fylkeskommunane kan delfinansiere slike prosjekt med midlane dei får for ferjesambandet gjennom utgiftsutjamninga i inntektssystemet. Det er Kommunal- og distriktsdepartementet som fastset storleiken og utbetalingslengda på ferjeavløysingsmidlane.

4.5 Effektive hamner og farleier

Effektive og sikre hamner og farleier er viktige for å leggje til rette for ein effektiv og konkurransedyktig sjøtransport, verdiskaping og busetjing langs kysten og utvikling av fiskeriavhengige kystsamfunn. Noreg har ein desentralisert hamne- og kaistruktur som sikrar tilgangen til sjøtransporttilbod for det kystnære næringslivet i Noreg. Kommunane har verkemiddel i plan- og bygningslova til å avgjere kva for areal som bør regulerast til hamneføremål. I mange tilfelle kan det vere føremålstenleg at næringsareal blir regulert i eller i direkte tilknyting til hamna. Statlege og regionale styresmakter kan påverke avgjerda på ordinært vis gjennom verkemidla i plan- og bygningslova dersom det er behov for det.

Regjeringa har gjeninnført eit statleg ansvar for fiskerihamnene. Bakgrunnen for dette er regionreforma, som medførte at fiskerihamneanlegga til Kystverket i Vestland, Rogaland, Agder, Vestfold og Telemark og Viken fylkeskommunar blei overført til desse fylkeskommunane etter avtale, med verknad frå 1. januar 2020. Dei andre fylkeskommunane gjekk ikkje med på ein avtale på dei vilkåra som gjaldt for dette. Konsekvensen har vore at Noreg ikkje har hatt ei heilskapleg fiskerihamneforvalting dei tre siste åra. Gjeninnføringa av det statlege ansvaret har skjedd i dialog med fylkeskommunane. Kystverket har på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet underteikna avtalar om tilbakeføring av fiskerihamneanlegg med alle fylkeskommunar som overtok dette ansvaret i 2020. Avtalane gjeld med verknad frå 1. januar 2023. Dette gjev Kystverket ansvar for statlege fiskerihamneanlegg som moloar og kaifrontar langs heile kysten.

Staten har etter hamne- og farvasslova ansvar for utbetring i alt farvatn. Konkrete prioriteringar av moglege prosjekt vert fylgde opp i nasjonal transportplan og dei årlege budsjetta. Kommunar og private har også høve til å utbetre innseglingar til eigne hamner.

Boks 4.1 Smart mobilitet for små transportmarknader

Små transportmarknader og låg etterspurnad i distriktsområde gjev eit skrinnare grunnlag for ordinære, kollektive transporttilbod. Mangel på kollektivtilbod gjer at ungdomar og andre utan bil er avhengige av skyss, eller vert utestengde frå å delta på aktivitetar og sosiale møteplassar.1 Særleg ungdom er opptekne av at tilgjengeleg transport er viktig for trivsel og for å hindre utanforskap.2

Kollektivtransport er eit fylkeskommunalt ansvarsområde. Dei seinare åra har det fleire stader i landet vore døme på lokal utvikling av innovative, smarte mobilitetstilbod i distrikta. Bestillingstenester som «Heim for ein 50-lapp» viser at ein med enkle løysingar kan skape eit godt mobilitetstilbod for unge. Andre døme kan vere god innfartsparkering for bil og sykkel, som gjer det mogleg for fleire å nytte det eksisterande kollektivtransporttilbodet sjølv om det er eit stykke til busshaldeplassen, jernbanestasjonen eller hurtigbåtkaia. Statens vegvesen har nyleg gjennomført ei kartlegging av dei ulike tiltaka fylkeskommunane har sett i verk for å styrkje kollektivtilbodet i distriktsområda. Ulike former for bestillingstransport er eit satsingsområde for dei fleste fylkeskommunane i desse områda. Dei arbeider òg med betre samordning av ulike former for offentleg betalt transport, slik at ein kan få meir ut av ressursane og transportkapasiteten.

1 NOU 2020: 15 Det handler om Norge – utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distriktene. Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

2 Distriktssenteret (2021). 10 råd frå ungdommens distriktspanel. https://distriktssenteret.no/ungdommens-distriktspanel/.

4.6 Drosjetenester er ein viktig del av transporttilbodet

Drosje er ein viktig del av transporttilbodet, ikkje minst i distrikta der det ikkje alltid er gode transporttilbod til dei som ikkje køyrer eigen bil. Regjeringa vil sikre ei drosjenæring der kundane er trygge og sjåførane kan leve av arbeidet sitt. Regjeringa vil ha trygg pasient- og skuletransport og eit godt drosjetilbod i distrikta og vil derfor stanse frisleppet i drosjenæringa.

Det er fylkeskommunane som har verktøy for å sikre drosjetilbodet lokalt. Før endringane i drosjereguleringa i november 2020 var det fylkeskommunen som fastsette talet på løyve i løyvedistriktet, og som kunne avgjere at løyvehavarar skulle vere knytte til ein drosjesentral. Løyvehavarane hadde plikt til å halde løyvet i drift og sikre at det var tilgjengelege drosjer heile døgnet. Fylkeskommunane hadde også heimel for å stille krav til løyvehavarar og drosjesentralar for å sikre kvaliteten på tilbodet. Etter regelendringane i 2020 kan fylkeskommunane sikre drosjetilbodet gjennom å lyse ut kontraktar om drosjekøyring på stader og til tider der næringa ikkje tilbyr tilstrekkelege tenester på kommersielle vilkår. Fylkeskommunane kan gje einerett og eventuelle tilskot som kompensasjon for at tenestene vert utførte.

Regjeringa har i Hurdalsplattforma meldt at behovsprøvinga og plikta til å vere knytt til ein drosjesentral skal gjeninnførast. Stortinget har i oppmodingsvedtak i budsjetthandsaminga for 2023 bede om at regjeringa i løpet av 2023 kjem med naudsynte lov- og forskriftsendringar for å gjeninnføre driveplikt, avgrensing av talet på drosjeløyve og plikt til å vere knytt til ein drosjesentral. Regjeringa har sett ned eit utval som skal gjere ei heilskapleg vurdering av drosjenæringa, vurdere handlingsrommet etter EØS-avtalen og utarbeide framlegg til regulering på området. Det er viktig å sikre eit godt drosjetilbod i heile landet, særleg for sårbare grupper. Utvalet vil levere utgreiinga innan september 2023.

Med verknad frå 1. januar 2023 har Samferdselsdepartementet innført krav om obligatorisk taklykt på drosja og plikt til å dokumentere at taksameter er installert i drosja, og at drosja er riktig registrert i køyretøyregisteret. Samferdselsdepartementet har gjeninnført kravet om løyvegaranti for løyvehavaren frå same dato og fremja forslag for Stortinget om å gjeninnføre kravet om fagleg kompetanse. Føremålet med krava er mellom anna å sikre at løyvehavaren har tilstrekkeleg kunnskap og tilfredsstillande økonomisk evne til å stå ved forpliktingane sine, og å lette kontrollen med næringa. Krava skal medverke til ei seriøs drosjenæring.

Boks 4.2 Distriktsmobilen i Vevelstad

Vevelstad kommune i Nordland har etablert Distriktsmobilen, som er ei ordning for bestillingstransport organisert gjennom frivilligsentralen i kommunen. Nordland fylkeskommune finansierer hovuddelen av arbeidet, og kommunen tek ansvar for det administrative. Dette er eit tilbod som gjev innbyggjarane eit meir tilpassa og fleksibelt transporttilbod som er høgt verdsett, særleg av dei eldre i kommunen. Passasjerane betaler vanleg bussbillett. Ordninga har nokre regulatoriske utfordringar, mellom anna knytte til krav om køyresetel for sjåførane. Nordland fylkeskommune vurderer korleis tilbodet kan utviklast vidare, og om det kan utvidast til fleire kommunar.

4.7 Eit styrkt flytilbod i distrikta

Regjeringa vil redusere billettprisane og styrkje rutetilbodet på dei regionale FOT-rutene.5 Dei regionale flyrutene er ein viktig del av samferdselstilbodet i distrikta. Det er mange som er avhengige av kortbanenettet, anten det er verksemder, pendlarar eller folk som skal treffe familie. Regjeringa vil redusere prisane for dei som bruker fly og kortbanenettet i kvardagen, og har vedteke ei auka satsing for å styrkje flyrutetilbodet i distrikta.

Luftfart er avgjerande for å sikre innbyggjarane i heile landet tilgang til helsetenester, utdanning og andre offentlege tenester. Det er viktig for effektive arbeidsreiser, privatreiser, frakt av post og tidskritiske varer og for utvikling av reiselivsnæringa. Noreg har eit omfattande nettverk av store, mellomstore og lokale lufthamner som det statlege selskapet Avinor AS eig, driv og utviklar. Staten kjøper ei rekkje flyruter i distrikta som ikkje kan drivast med eit tilfredsstillande rutetilbod på kommersielle vilkår. Det samla flyrutetilbodet i Noreg sørgjer for at alle delar av landet har effektive reisemåtar til sjukehus og andre offentlege tenester, til regionale senter og hovudstaden og til utlandet.

Der marknaden åleine ikkje gjev eit tilfredsstillande flyrutetilbod, kan Samferdselsdepartementet kjøpe flyrutetenester for å sikre eit godt flytilbod over heile landet. Desse flyrutetenestene vert kjøpte etter offentleg konkurranse mellom flyselskapa, og dei vert pålagde såkalla forpliktingar til offentleg tenesteyting (FOT) på flyruter, der det er krav til billettpris, kapasitet, frekvens og ruter. Flyrutekjøpet knyter seg i hovudsak til ruter til/frå Bergen og Oslo frå den nordlege delen av Vestlandet og internt i Nord-Noreg.

I FOT-utlysingane vil regjeringa gjennomføre fleire tiltak. For å gjere det lettare og billigare å reise langs kysten på Vestlandet og i Nord-Noreg vil regjeringa redusere billettprisane i FOT-utlysingane med avtaleoppstart i 2024. Billettprisane på FOT-flyrutene vert halverte frå 1. april 2024, og for helikopterruta Værøy–Bodø vert maksimal billettpris halvert frå 1. august 2024. Dette vil redusere avstandskostnadene for innbyggjarar og næringsliv som er avhengige av kortbanenettet. For å ta omsyn til ein mogleg vekst i etterspurnaden vil regjeringa auke krava til setekapasitet der talet på reisande er venta å stige mest.

For å sikre eit føreseieleg flyrutetilbod vil regjeringa ta flyruta Stord–Oslo inn i FOT-ordninga. Ruta vert ein del av utlysinga med avtaleoppstart 1. april 2024. Regjeringa vil også etablere ei ny FOT-rute mellom Kirkenes og Tromsø. Målet i Hurdalsplattforma om fleire avgangar vil regjeringa kome tilbake til i dei komande flyruteinnkjøpa, i fyrste omgang for avtaleperioden frå 1. april 2024 for FOT-rutene i Sør-Noreg og Nord-Noreg, og frå 1. august 2024 for helikopterruta Værøy–Bodø.

Regjeringa vil også leggje til rette for betre framkomst frå Helgeland og nordover. Det har over fleire år vore eit lokalt ynske om tidlegare landing i Bodø for rutene frå Helgeland, for å kunne gjennomføre dagsreiser til universitetssjukehuset i Tromsø. Vidare legg regjeringa opp til å styrkje transporttilbodet mellom Aust-Finnmark og Tromsø gjennom styrkte korrespondansekrav, færre krav til samband og ny FOT-rute mellom Kirkenes og Tromsø.

Geografisk berekraft er eit av dei fire berekraftsmåla i den nyleg framlagde stortingsmeldinga om ein berekraftig og trygg luftfart.6 Dei andre berekraftsmåla rettar seg mot økonomi, klima, miljø og sosiale tilhøve. Geografisk berekraft er i luftfartsstrategien definert som at innbyggjarar og næringsliv i heile landet har god tilgang til lufthamner med eit tilstrekkeleg rutetilbod til ein akseptabel pris. Dei viktigaste verkemidla til regjeringa for å ta vare på og styrkje den geografiske berekrafta i luftfarten vil framleis vere å halde oppe eit statleg desentralisert lufthamnnett med mange små lokale lufthamner, kombinert med offentleg kjøp av flyrutetenester til og frå lokale lufthamner der det er behov for dette.

Boks 4.3 Interregprosjektet Green Flyway testar elfly og dronar

Luftfarten står overfor store utfordringar for å lykkast med grøn omstilling. Ikkje nokon plass i verda finst det i dag null- eller lågutsleppsfly som er godkjende og tilgjengelege for å trafikkere kommersielle flyruter. Eit etablert kortbanenett og relativt få passasjerar per flyging gjev Noreg ein unik posisjon for å vere med på å utvikle elektrifisering av luftfarten. Når teknologien er moden, vil låg- og nullutsleppsfly kunne medverke til å gjere luftfart til ei av dei mest miljøvenlege transportformene i Noreg.

Figur 4.1 Green Flyway testar elfly og dronar

Figur 4.1 Green Flyway testar elfly og dronar

Foto: Green Flyway

Det har vore svært få område der testing og utvikling av autonome luftfartøy er mogleg, og område der ein kan fly frå ein stad til ein annan, er endå sjeldnare. Prosjektet Green Flyway har lagt til rette for testing av elfly og dronar i luftkorridoren mellom Røros og Östersund. Gjennom å byggje opp teststasjonar med endepunkt i to ulike land, opna dei ein internasjonal testarena. Prosjektet gjer det mogleg å prøve ut luftfartstrafikk over lengre avstandar og i internasjonalt luftrom, og effektane kan på lengre sikt vere store. Arbeidet som er gjort ved flyplassane, vil også få ringverknader for andre flyplassar.

Prosjektet gjennomførte 18. februar 2020 verdas fyrste vinterflyging med elfly, med landing på Røros lufthamn. Som del av prosjektet prøvde Tine vinteren 2022 ut dronetransport av mjølkeprøver frå Haltdalen til laboratoriet ved meieriet på Heimdal. Prosjektet vert no vidareført gjennom ein avtale mellom droneoperatøren Aviant og St. Olavs hospital om å sende biologisk materiale (som blodprøver) til laboratorietesting med drone.

4.8 Utgreiing av transportsystemet i Nord-Noreg

Regjeringa vil arbeide vidare med konseptvalutgreiinga (KVU) om den framtidige utviklinga av transportsystemet i Nord-Noreg. Det vert lagt opp til at utgreiinga skal vere ferdig sommaren 2023. Transportsystemet i Nord-Noreg har utfordringar som er særskilde for denne landsdelen. Vintersesongen er særleg lang i nord, og på fjellovergangane er det krevjande å halde oppe god regularitet for vegtransporten. Landsdelen er kjenneteikna av lange avstandar og ein topografi som gjer transport med fly spesielt effektivt. KVU-en vurderer prinsipielle transportløysingar som skal leggje til rette for ein infrastruktur som bind landet meir effektivt saman, gjev god utnytting av ressursgrunnlaget i landsdelen og fremjar verdiskaping og regional utvikling. Samfunnstryggleik, beredskap og klimaomsyn vil òg vere sentrale tema i KVU-en.

Regjeringa har bede Jernbanedirektoratet om å gjennomføre ein KVU om Nord-Noregbana. Direktoratet skal vurdere ulike konsept på strekninga Fauske–Narvik–Tromsø, med mogleg sidebane til Harstad. Arbeidet skal vurderast i samband med Nordlandsbana og Ofotbana. Sentralt i utgreiinga står samfunnstryggleik og beredskap, klima, miljø og verdiskaping og bruk av ressursgrunnlaget i landsdelen. Utgreiinga skal vurdere konsekvensane for reindriftsnæringa og samiske interesser. Utgreiinga vil gje regjeringa viktig informasjon om framtidig utvikling og mogleg vidare planlegging av ny jernbaneinfrastruktur i Nord-Noreg. KVU Nord-Noregbana skal ferdigstillast i august 2023.

4.9 Ein forsterka digital grunnmur

Digital infrastruktur som mobilnett, breibandsnett og datasenter er avgjerande for å byggje landet i framtida. Det kan gje utvikling i offentlege og private tenester, eit meir innovativt, effektivt og miljøvenleg næringsliv og transportsystem, og samarbeid mellom aktørar over store avstandar. Regjeringa har som mål at alle husstandar og verksemder i Noreg skal ha tilgang til høghastigheitsbreiband.

Noreg er det landet i Europa som har den høgaste internettbruken blant innbyggjarane, og bruken av digitale tenester i kommunal sektor og innanfor helse, skatt og velferd er høg. Det same gjeld løysingar på tvers av sektorar og forvaltingsnivå, som Altinn og digital post. Ny teknologi gjev gode høve til desentralisering og styrking av busetnad og næringsutvikling i heile landet. For å lykkast med dette er det viktig med ein god digital grunnmur i botnen. Saman med dei digitale tenestene kan det leggje til rette for auka produktivitet, ny velferdsteknologi og teknologi for å redusere klimaavtrykket i ei rekkje næringar. Slik er teknologien viktig for å løyse nokre av dei største utfordringane samfunnet står overfor.

4.9.1 Alle skal ha tilbod om godt og framtidsretta breiband

Noreg har gode og sikre breibandsnett i internasjonal målestokk, og tilbodet er godt for landet sett under eitt. Men tilbodet er betre i byar og tettstader enn i distrikta. Regjeringa ynskjer derfor ei kraftig styrking av breibands- og mobildekninga i heile landet. Ein god digital infrastruktur kan ifylgje distriktsnæringsutvalet7 kompensere for avstandsulempene i distrikta.

Figur 4.2 Dekning for breiband med ulike hastigheiter (husstandar)

Figur 4.2 Dekning for breiband med ulike hastigheiter (husstandar)

Kjelde: Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit

Skilnaden i tilbodet mellom byane og distrikta kjem av at det er så få kundar i distrikta at det er vanskeleg å forsvare investeringane i nett på kommersielt grunnlag. I spreiddbygde strok hadde meir enn 70 prosent av husstandane og verksemdene tilbod om høghastigheitsbreiband8 per 30. juni 2022. Det var ein auke frå 66 prosent i fyrste halvår 2021, men likevel er skilnaden framleis for stor. I område utan kommersielt grunnlag for utbygging er det naudsynt med tilskot for å oppnå auka dekning. Regjeringa fordelte 362 mill. kroner til breiband i januar 2023. Fordelinga er basert på ein analyse av status for dekninga i 2022 og kva vidare utbygging vil koste i dei ulike fylka. Alle fylke fekk auka løyving samanlikna med 2022, og fylke med mange distriktskommunar og få innbyggjarar på store areal er i sterkare grad enn før prioriterte. Dette gjev ein klar distriktsprofil i fordelinga (sjå tabell 4.1). Fylkeskommunane har ansvar for forvaltinga av tilskota til breiband og har ei viktig oppgåve med å koordinere og planleggje bruken av midlane og sørgje for at kommunane tek aktiv del i planane.

Tabell 4.1 Fylkesvis fordeling av breibandstilskot

Fylkeskommune

2023 Løyving

Agder 

 16 164 838

Innlandet 

 69 626 686

Møre og Romsdal 

17 568 185

Nordland 

 41 917 732

Oslo 

 2 050 403

Rogaland 

 16 227 421

Troms og Finnmark 

 26 404 562

Trøndelag 

 49 100 943

Vestfold og Telemark 

 20 491 943

Vestland 

 33 151 627

Viken 

 69 981 507

Kjelde: Kommunal- og distriktsdepartementet

Regjeringa har som mål at alle husstandar og verksemder skal ha tilbod om breiband med minst 100 Mbit/s nedlastingshastigheit innan utgangen av 2025. Gjennomsnitt per fyrste halvår 2022 for norske privatabonnement var 268 Mbit/s, samanlikna med 47 Mbit/s ved utgangen av 2016. Historia har vist at det må vere kapasitet i netta før tenestene kan utviklast og innovasjonen kan skje.

4.9.2 God mobildekning i heile landet

Regjeringa arbeider for at alle skal ha tilgang til mobiltenester der dei bur, arbeider og ferdast, og der næringsliv og offentleg og frivillig sektor driv verksemd. Sjølv om situasjonen i Noreg er god samanlikna med dei fleste land i verda, har regjeringa som mål at mobildekninga skal verte endå betre, ikkje minst i distriktsområde med svakare dekning. Tilgang til velfungerande mobiltenester er viktig for busetjing og næringsverksemd i distrikta og for å sikre eit godt grunnlag for innovasjon og næringsutvikling i heile landet.

Noreg har svært godt utbygde mobilnett, trass i topografiske og klimatiske tilhøve som gjer utbygging og drift av mobilnett utfordrande og kostnadskrevjande. Netta er i verdsklasse med tanke på tenestekvalitet og utbreiing. Auka konkurranse i mobilmarknaden gjennom framvekst av ein tredje mobilnettilbydar gjev høgt investeringsnivå og stor utbygging. Resultatet er auka dekning og kapasitet, eit breiare tenestetilbod og redusert sårbarheit i den digitale grunnmuren.

Basisdekninga for fjerde generasjons mobilnett (4G) er svært god. Nesten alle bustader har utandørs 4G-dekning med handhalden mobiltelefon.9 Det skjer ei rask utbygging av femte generasjons mobilnett (5G). Frå fyrste halvår 2021 til fyrste halvår 2022 har landsdekninga auka frå å gjelde 23 prosent til å gjelde 81 prosent av folkesetnaden.10 For 5G er skilnadene mellom by og land førebels større enn for 4G. Dekninga for tilgang til mobildatahastigheit på 100 Mbit/s over 5G-netta er estimert til 53,4 prosent for tettbygde strok og 6,5 prosent for spreiddbygde strok.

Vinnarane av auksjonen av 5G-frekvensar i september 2021 – Altibox, Ice, Telenor og Telia – fekk rabatt på provenyet dei skulle betale for frekvensressursane, mot ei plikt til å byggje ut nett og etablere fast trådlaust breiband med datahastigheit på minst 100 Mbit/s til identifiserte bygg som mangla eit slikt tilbod. Tiltaket kan utløyse investeringar i mobilnett for minst 560 mill. kroner og vil kunne styrkje den vanlege mobildekninga. Tiltaket rettar seg mot tusenvis av husstandar og næringsbygg som ligg i spreiddbygde strok, og har ein klar distriktsprofil. Forpliktinga skal oppfyllast innan 1. juli 2025.

Det er gjennomført ei kartlegging av manglande mobildekning (såkalla dekningshol) langs det norske riksvegnettet. Dette arbeidet vert sett i samanheng med at det i ein frekvensauksjon i 2019 vart definert dekningskrav langs europavegnettet og kystvegen frå Mo i Rana til Bodø. Dette førte til at Telenor tok på seg å utbetre dekninga langs desse vegstrekningane innan utgangen av 2025. Resultata av dette omfattande kartleggingsarbeidet vil danne grunnlag for forslag til korleis dekningshol langs riksvegnettet kan tettast i framtida.

Det er òg sett i verk tiltak for styrkt tilgang til mobiltenester for togreisande, og dei skal realiserast i fyrste seksårsperiode i inneverande NTP. Utvida nettdekning langs jernbana gjev auka verdiskaping gjennom betre utnytting av reisetid. Telia har i samband med frekvensauksjonen forplikta seg til å styrkje dekninga for mobilt breiband langs jernbanestrekningane Skien–Oslo S, Lillehammer–Oslo S, Halden–Oslo S, Stavanger–Egersund–Kristiansand, Melhus–Trondheim–Steinkjer og Flåmsbana. Kravet skal innfriast innan utgangen av 2025.

I tillegg til god dekning er det viktig med valfridom og prisar som gjer det mogleg å ta i bruk tenestene. Regjeringa er oppteken av å styrkje konkurransen. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har ei viktig oppgåve med å leggje til rette for konkurranse og rimelege prisar i marknaden for fast og mobilt breiband.

4.9.3 Datasenter er ein del av den digitale grunnmuren

Det er viktig å styrkje datalagrings- og prosesseringskapasiteten i heile landet. Digitalisering og digital innovasjon handlar i stor grad om betre utnytting av data basert på innhenting, deling og vidareforedling av stordatasett, til dømes gjennom tinginternettet,11 sensorikk, tungrekning, kunstig intelligens og maskinlæring. Betre utnytting av data er sentralt for grøn omstilling og vekst. Alle digitale tenester vert i dag køyrde frå datasenter, og digitale løysingar som kan bidra til å kutte utslepp og til grøn industriutvikling, er avhengige av datasentertenester. Datasenter kan medverke til energieffektivisering ved at datalagrings- og prosesseringsbehov til fleire verksemder kan dekkjast gjennom eit enkelt og meir energieffektivt anlegg. Datasenter gjer digitalisering mogleg og medverkar slik til effektivisering av andre næringar og offentlege tenester. Datasenter genererer også store mengder overskotsvarme som kan gjenbrukast til andre føremål, og etablering av datasenter kan inngå i ein større samanheng der overskotsvarmen vert gjenbrukt til nytte for husstandar eller næringsverksemd der dette er samfunnsøkonomisk lønsamt.

Datasenternæringa har vakse kraftig i Noreg dei siste åra, og mange av datasentera er lokaliserte i distrikta. Regjeringa meiner at datasenteretableringar kan medverke til å styrkje næringsutvikling og eksisterande næringsverksemd, og vil at datasenternæringa skal ha gode vilkår for vekst i Noreg. Regjeringa meiner at det er viktig med betre oversikt over og kontroll med næringa, og at etableringar skal gjennomførast på ein måte som skaper gode synergieffektar i vertskommunen. Regjeringa har i ny ekomlov føreslått å innføre krav om forsvarleg tryggleik i datasenter og ei registreringsplikt for datasenteraktørar i Noreg, slik at aktøren må opplyse kor stor prosentdel av kraftforbruket som skal brukast til utvinning av kryptovaluta. Regjeringa er også i gang med å revidere og vidareutvikle den nasjonale datasenterstrategien, mellom anna som fylgje av den tryggleikspolitiske situasjonen og situasjonen i kraftmarknadene. I tillegg har regjeringa utarbeidd ein rettleiar som skal gjere det enklare for kommunane å vurdere kva som er ei føremålstenleg avgjerd når ein datasenteraktør ynskjer å etablere seg i kommunen. Datasenter med anonym utleige kan misbrukast av kriminelle og statlege aktørar. Regjeringa vil greie ut aktuelle tiltak for å avdekke og motverke utleige og bruk av datasenter til kriminelle og sikringstrugande føremål.

4.9.4 Tryggleik og sikre nett

Tilgang til mobil- og breibandsnett med god dekning legg til rette for digitalisering i alle delar av samfunnet. Det har mange positive sider og medverkar til effektivisering, verdiskaping og auka produktivitet, men skaper òg nye typar sårbarheiter. God tryggleik og beredskap i nett og tenester er derfor viktig.

Det er kommersielle aktørar som byggjer mobil- og breibandsnett i Noreg. Det vert stilt krav om forsvarleg tryggleik gjennom lover og forskrifter, mellom anna ekomlova og tryggleikslova, som styresmaktene fylgjer opp med tilsyn, pålegg og rettleiing. I 2022 oppretta regjeringa Strategisk tryggleiksforum, som samlar toppleiarar i teleselskap som er underlagde tryggleikslova, for å planleggje øvingar og diskutere tryggleik og beredskap på strategisk nivå.

I nokre område med færre husstandar og kundar er det ikkje bygd nett med tilstrekkeleg overlapping og alternative føringsvegar. Det gjer at folk og verksemder i slike område kan oppleve hyppigare og meir langvarige bortfall av digitale tenester enn det som er tilfellet i sentrale strok. Regjeringa gjev derfor tilskot til auka digital tryggleik og beredskap i distrikta.

Det vert gjennomført tiltak i fleire regionar for å redusere sårbarheitene gjennom alternative digitale føringsvegar og utbetring av sårbare punkt i infrastrukturen. Regjeringa har fylgt opp tiltak for nær 70 mill. kroner i Finnmark og sett i verk tiltak for 50 mill. kroner i Troms. I 2023 vil regjeringa bruke 25 mill. kroner på å styrkje den digitale infrastrukturen i Nordland. Regjeringa vil halde fram dette arbeidet og har bede Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit om å gjennomføre analysar for andre relevante distrikt.

Staten påla i 2014 mobilnetteigarane å ha 2–4 timar reservestraum i mobilnetta i heile landet. Kommunar som er sårbare for ekstremvêr og andre hendingar får i programmet Forsterka ekom forsterka mobilberedskapen ytterlegare med tre døgn reservestraum og alternative føringsvegar inn til basestasjonane. Dette gjer at innbyggjarane og lokal kriseleiing kan vere trygge på at dei har eit område i kommunen der dei kan kommunisere, også ved langvarig straumbrot. Så langt har det vore løyvd midlar til forsterking i meir enn 80 kommunar, og i 2023 gjev regjeringa midlar til utbygging i nye kommunar, slik at meir enn 90 kommunar vil få forsterka ekom.

Sjøfiberkablar er avgjerande for å sikre digital dekning for fleire distriktsområde. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har gjeve tilskot til infrastruktureigarar for å setje i verk tiltak som styrkjer tryggleiken for sjøfiberkablar. Det vert i 2023 sett i verk tiltak for 43 mill. kroner for å auke tryggleiken og beredskapen for undersjøisk digital infrastruktur som understøttar norsk olje- og gassproduksjon. I tillegg vidarefører regjeringa arbeidet med å styrkje samarbeidet mellom ekom- og kraftsektoren.

Fotnotar

1.

NOU 2020: 15 Det handler om Norge – utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distriktene. Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

2.

Ordningane går fram av tabell C i Grønt hefte, berekningsteknisk vedlegg til statsbudsjettet.

3.

Meld. St. 20 (2021–2022) Nasjonal transportplan 2022–2033. Samferdselsdepartementet.

4.

NOU 2020: 15 Det handler om Norge – utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distriktene. Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

5.

FOT står for «forpliktingar til offentleg tenesteyting».

6.

Meld. St. 10 (2022–2022) Berekraftig og sikker luftfart – Nasjonal luftfartsstrategi. Samferdselsdepartementet.

7.

NOU 2020: 12 Næringslivets betydning for levende og bærekraftige lokalsamfunn. Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet.

8.

100 megabit per sekund – Mbit/s.

9.

Dekningsundersøkinga til Nasjonal kommunikasjonsorgan (Nkom) med tal per fyrste halvår 2022.

10.

Ein av tilbydarane vil etter planen ferdigstille 5G-utbygginga og ha eit landsdekkjande nett allereie i løpet av 2023. Andre tilbydarar fylgjer tett på, og det uttala målet til tilbydarane er at 5G-dekninga skal verte like god som 4G-dekninga i dag.

11.

Tinginternettet (internet of things) er nettverket av identifiserbare gjenstandar som er utstyrte med elektronikk, programvare, sensorar, aktuatorar og nettverk som gjer gjenstandane i stand til å kople seg til kvarandre og utveksle data.

Til forsida