Meld. St. 27 (2022–2023)

Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida

Til innhaldsliste

6 Utdanning og arbeidskraft for framtida

Tilstrekkeleg arbeidskraft med rett kompetanse er ein føresetnad for utvikling og verdiskaping i alle lokalsamfunn. God tilgang på kompetanse er avgjerande for at verksemder skal kunne skape verdiar i alle delar av landet, og for at det offentlege skal kunne levere gode og likeverdige tenester til innbyggjarane. Utdanning er viktig for å skape eit godt liv for den einskilde og eit godt samfunn for alle. Ungdom treng utdanning og flyttar dit tilboda er gode og der omdømet til institusjonane er godt.1 Kompetansepolitikken til regjeringa er nyleg lagd fram i ei stortingsmelding om kompetansebehovet i Noreg.2 Målet er høg sysselsetjing og å dekkje dei viktigaste kompetansebehova i arbeids- og samfunnslivet framover. Utdanning og kompetanse er ein av nøklane til god samfunnsutvikling, til høg kvalitet i offentleg velferdsproduksjon og til innovasjon i næringslivet. Utdanning og opplæring må gjerast tilgjengeleg for alle, uavhengig av bustad og livssituasjon, og innrettast og dimensjonerast meir i tråd med det arbeidslivet treng og studentane etterspør. Finansieringa av universitet og høgskolar må gje rom for å prioritere framtidige kompetansebehov. Det må i samråd med partane leggjast betre til rette for læring i arbeidslivet, og det må satsast på kvalifisering av arbeidskraftreserven og godkjenning av utdanning og kvalifikasjonar frå utlandet.

Distriktsdemografiutvalet3 stadfestar at distriktskommunar har vedvarande utfordringar knytte til å rekruttere arbeidskraft med høgare utdanning. Fire store grupper av yrke står for 60 prosent av mangelen på arbeidskraft: helse-, pleie- og omsorgsyrke, bygg og anlegg, industriarbeid og ingeniør- og IKT-yrke. Tala har vore relativt stabile over tid. Mangelen på arbeidskraft er særleg stor i Nord-Noreg, Møre og Romsdal, Vestfold og Telemark. Kompetansebarometeret til NHO viser at to av tre NHO-verksemder manglar folk med rett kompetanse. Heile 46 prosent av NHO-verksemdene har prøvd å rekruttere utan å få tak i ynskt kompetanse. Når verksemdene manglar folk med rett kompetanse, kan det føre til tap av kundar, skrinlagde prosjekt og lågare verdiskaping.

Dette kapittelet handlar om politikken for å løyse dei mest sentrale kompetanse- og rekrutteringsutfordringane distrikta står overfor. Det handlar om desentralisert og fleksibel utdanning, om ei forsterka satsing på yrkesfagleg utdanning, om ein betre balanse mellom tilbod og etterspurnad etter utdanning, om rekruttering av arbeidskraft til distrikta og om å inkludere fleire i arbeidslivet, særleg unge vaksne. Politikken for å medverke til at innvandrarar skal kome i arbeid, er omtala i kapittel 2.4.

6.1 Desentralisert og fleksibel utdanning der folk bur

Innbyggjarane i dei minst sentrale distriktskommunane har lågare utdanningsnivå enn i resten av landet. Innlandet, Nordland, Troms og Finnmark har relativt mange sysselsette med grunnskule som høgaste gjennomførte utdanning og relativt få med lang høgare utdanning (sjå figur 6.1). I distrikta er arbeidsmarknadene små, og fleire stader er det lang avstand til utdanningsinstitusjonar.

Figur 6.1 Prosentvis del av innbyggjarar med høgare utdanning (etter sentralitet)

Figur 6.1 Prosentvis del av innbyggjarar med høgare utdanning (etter sentralitet)

Kjelde: SSB. Utrekning: Kommunal- og distriktsdepartementet

Utdanningsinstitusjonane ligg i dei større byane, og mange unge går ut i arbeid i dei arbeidsmarknadene der institusjonane ligg. Distriktsdemografiutvalet4 meiner det er større potensial for å sikre høgt utdanna arbeidskraft til distrikta dersom ein satsar på å utdanne dei som allereie bur der, framfor å søkje å trekkje til seg høgt utdanna folk som bur andre stader. Derfor er det viktig med eit desentralisert og fleksibelt utdanningstilbod. Eit av forslaga også frå ungdomens distriktspanel er at universitet, høgskular og fagskular bør utvikle desentraliserte og samlingsbaserte studiemiljø.

Distriktsnæringsutvalet5 meiner at distrikta treng fleksible etter- og vidareutdanningstilbod for å kunne tilby lokalt og regionalt næringsliv den kompetansen dei treng. Her har universiteta, høgskolane og fagskulane ei viktig rolle, og utvalet meiner det er naudsynt at finansieringa og insentiva stimulerer til ein desentralisert studiestadstruktur. Utvalet trekkjer òg fram regionale læreordningar som eit viktig tilskot for å styrkje rekrutteringa.

NIFU6 har evaluert ordningane for fleksibel og desentralisert utdanning til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Evalueringa viser at studietilboda er relevante for det arbeidslivet treng, og at dei medverkar til at utdanning og kompetanse vert tilgjengeleg der folk bur, og i ulike livssituasjonar. Heile 84 prosent av studentane som tek fleksible og desentraliserte studietilbod, er fornøgde med relevansen for arbeidslivet, og 69 prosent rapporterar at dei ikkje ville ha fullført studiet utan den fleksibiliteten programmet gav for studiekvardagen. Regjeringa vil leggje til rette for fleksibel utdanning i heile landet, slik at utdanning og opplæring skal vere tilgjengeleg for alle. Dette er nærare omtala i Utsyn over kompetansebehovet i Norge.7

Kunnskapsdepartementet tydeleggjer i tildelingsbrevet til universiteta og høgskulane for 2023 ei forventing om at institusjonane «vidarefører samarbeidet med fylkeskommunane og andre relevante aktørar for å styrkje det desentraliserte tilbodet og møte regionale kompetansebehov. Universitet og høgskular skal prioritere livslang læring og fleksible og desentraliserte tilbod slik at utdanning og kompetanseheving vert tilgjengeleg og uavhengig av bustad og livssituasjon».8 Kunnskapsdepartementet vil fylgje opp føringane i tildelingsbrevet i styringsdialogen med institusjonane.

Fleksibilitet er avgjerande for at utdanningssystemet skal kunne svare raskt på det arbeidslivet etterspør av kompetanse. Regjeringa vil arbeide for eit utdanningssystem som svarer endå betre på etterspurnaden etter kompetanse, både frå arbeidslivet og frå dei som søkjer utdanning. Regjeringa meiner det er viktig å utvikle arbeidslivsnære tilbod i samarbeid med partane i arbeidslivet. I 2022 vart det løyvd 184 mill. kroner til fleksibel og desentralisert utdanning, midlar som utdanningsinstitusjonane og studiesentera kunne søkje på. 150 mill. kroner vart tildelt fagskular, høgskular og universitet til arbeid med fleksibel utdanning, og 34 mill. kroner vart tildelt studiesenter ulike stader i landet. For 2023 har regjeringa auka summen til 200 mill. kroner, og inntil 50 mill. kroner av desse midlane går til studiesenter. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse forvaltar ordninga. Etablering av studiesenter gjev høve til at fleire kan få tilgang til utdanning i nærleiken av der dei bur (sjå meir om dette i kap 6.3.2).

6.1.1 Styrkt helsefagutdanning og fleire praksisplassar

Det er viktig å sikre ein stabil og god tilgang på personell med helsefagleg kompetanse. Studium i helsefag er etterspurde av studentane, og det er for få studieplassar til at alle kan få oppfylt fyrstevalet. Regjeringa vil gjennom dimensjoneringa av utdanningssystemet særleg prioritere kompetanse som er naudsynt for å ha gode velferdstenester i heile landet, for å skape eit høgproduktivt og konkurransedyktig næringsliv og for å gjennomføre det grøne skiftet.

Regjeringa har styrkt sjukepleiarutdanninga. I 2022 tildelte Kunnskapsdepartementet 300 studieplassar til sjukepleiar- og spesialsjukepleiarutdanningane. Universitet og høgskular er også bedne om å auke kapasiteten i grunnutdanninga i sjukepleie med 200 studieplassar innanfor eiga rammeløyving. Til saman gjev dette auka opptak tilsvarande 500 studieplassar. Desentraliserte og fleksible studietilbod i sjukepleie vil forenkle tilgangen på kompetanse i mindre sentrale strok. Det vil også gjere det mogleg å studere for dei som av ulike årsaker ikkje kan flytte. Hausten 2022 vart det inngått ein avtale mellom KS og regjeringa med mål om å auke kvalitet og kapasitet i praksisordningane i kommunane for helse- og sosialfagstudentar. Avtalen skal styrkje samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonane og kommunane for å sikre fleire praksisplassar i helse- og omsorgstenesta.9 I 2022 har regjeringa prioritert 50 mill. kroner til bu- og reisetilskot for at studentar kan ha praksis i kommunar i heile landet. Midlane vart fordelte gjennom Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Regjeringa legg desentraliserte studiemodellar til grunn for ambisjonane for medisinutdanninga. Utdanning av legar i Noreg er kostnadskrevjande og stiller krav om best mogleg bruk av eksisterande ressursar. Det vert i aukande grad lagt opp til desentraliserte modellar for utdanning av legar, der studentane bur, slik at dei får undervisning og gjennomfører praksis utanfor dei store studiebyane. I 2022 og 2023 har regjeringa styrkt medisinutdanninga ved UiT – Noregs arktiske universitet med 45 studieplassar. Regjeringa vil fylgje opp helsefagutdanninga og vurdere tilrådingane om utdanning frå Helsepersonellkommisjonen i arbeidet med stortingsmeldinga om profesjonsutdanningane, som blir lagd fram våren 2024.

Spesialistutdanninga for legar er nyleg lagd om slik at legar som spesialiserer seg, får ei tilknyting til det helseføretaket eller den kommunen dei er tilsett i eller har avtale med. I helseføretaka vert legane primært tilsette i faste stillingar for legar i spesialisering, og dei skal få utarbeidd ein heilskapleg plan for utdanningsløpet fram til ferdig spesialisering. Innanfor planen kan dei ha kortare opphald ved dei store sjukehusa for å få meir spesialisert kompetanse medan dei framleis har den faste stillinga i det lokale helseføretaket. Ordninga skaper insentiv til at helseføretak og mindre sjukehus i distrikta kan halde på dei legespesialistane som dei utdannar, i motsetnad til tidlegare, då legane sjølve søkte på stillingar ved ulike sjukehus for å få tilstrekkeleg praksis. Allmennlegar i spesialisering (ALIS) (sjå kapittel 3) har eit tilsvarande opplegg med fast tilknyting til ein kommune.

I Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–203210 kjem det fram at regjeringa vil prioritere relevante profesjonsutdanningar med underdekning, og særleg barnevern, lærarar i distrikta og lærarar med samisk språkkompetanse.

6.1.2 Kommunane treng fleire kvalifiserte lærarar

Det viktigaste for at born og unge i skulen skal lære, føle meistring og trivast, er at dei møter kvalifiserte lærarar som har tid til å sjå den einskilde eleven. Som barnehage- og skuleeigarar er det avgjerande at kommunar og fylkeskommunar samhandlar med universitet og høgskular for å sikre samsvar mellom kva utdanningar som vert tilbydd, og kva type arbeidskraft som trengst. Nokre regionar i landet har vedvarande eller tilbakevendande rekrutteringsutfordringar. Dette gjeld særleg i Nord-Noreg og Oslo og Viken. Det er viktig at kommunar og fylkeskommunar arbeider for å skape attraktive arbeidsplassar med gode arbeidsvilkår og fagleg stimulerande profesjonsfellesskap.

Regjeringa vil møte lærarmangelen med ei brei satsing på å rekruttere, utdanne og halde på kvalifiserte lærarar. Kunnskapsdepartementet har ei rekkje verkemiddel som kvar for seg og saman medverkar til at lærarar i barnehage og skule kan vidareutvikle kompetansen sin, og som gjer det attraktivt både å velje og å bli verande i læraryrket.

Kunnskapsdepartementet finansierer ulike tiltak for å auke talet på søkjarar til lærarutdanningane, kvalifisere søkjarar som ikkje oppfyller krava, skape større studentmangfald og mangfald blant lærarar i barnehage og skule, og kvalifisere tilsette som ikkje har fullført lærarutdanninga som dei har starta på. Det er oppretta ulike ordningar gjennom Lånekassa som skal stimulere til fleire søkjarar til dei skuleretta lærarutdanningane og til at nyutdanna skal busetje seg i kommunar i Nord-Noreg, der det er stor trong for lærarar.

Regjeringa styrkjer lærarprofesjonen gjennom mellom anna tillitsreforma, ordningane for vidareutdanning, tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling, rettleiing av nyutdanna nytilsette, og ei ny partsforankra ordning for karrierevegar for lærarane. Tillitsreforma, som regjeringa har sett i gang saman med partane i sektoren, inneber å gje dei tilsette større innverknad på eige arbeid. Auka tillit vil medverke til sterkare profesjonsfellesskap.

Det er stor mangel på samisklærarar og andre samiskspråklege tilsette i barnehage og skule. Regjeringa la våren 2023 fram ei melding til Stortinget om Samisk språk, kultur og samfunnsliv.11 I meldinga blir det gjort greie for pågåande prosessar og prioriterte innsatsområde for å styrkje samisktilbodet på alle nivå, i barnehagar og skular og høgare utdanning, og for å styrkje fagmiljøa og rekruttere fleire til samiskspråkleg høgare utdanning og forsking. I statsbudsjettet for 2023 har regjeringa løyvd eit tilskot til Sametinget på 6,6 mill. kroner.

Regjeringa skal leggje fram ei stortingsmelding om profesjonsutdanningane våren 2024, som byggjer vidare på Utsyn over kompetansebehovet i Norge.12 Profesjonsmeldinga vil leggje vekt på lærar-, ingeniør-, helse- og sosialfagutdanningane. Det er avgjerande for det framtidige velferdstilbodet i kommunane at desse utdanningane har høg kvalitet og rett kapasitet, og at dei rekrutterer frå heile befolkninga.

Meldinga skal mellom anna drøfte utfordringar med praksisplassar og rekruttering til utdanningane. Praksis er ein viktig rekrutteringsarena for kommunane. Rekrutteringa til lærarutdanningane er låg. Desse utfordringane gjer seg særleg gjeldande i Nord-Noreg.

Som del av arbeidet med stortingsmeldinga om profesjonsutdanningane vil regjeringa derfor vurdere tiltak for å auke talet på praksisplassar for helse- og sosialfagstudenter i distriktskommunar. Regjeringa vil også vurdere tiltak for å auke rekrutteringa i heile landet.

Boks 6.1 Noreg tek del i eit globalt urfolksnettverk for utdanning

World Indigenous Nations Higher Education Consortium (WINHEC) er eit globalt urfolksnettverk som skal medverke til å styrkje urfolks utdanning og rett til utdanning. WINHEC vart etablert i 2002 og gjaldt i utgangspunktet berre høgare utdanning. No har det akkreditering på fleire utdanningsnivå. Akkreditering i WINHEC er eit teikn på at ein utdanningsinstitusjon eller eit utdanningsprogram byggjer på språket, kulturen og verdssynet til eit urfolk og oppfyller føremålet sitt med tilfredsstillande kvalitet. Målet til nettverket er mellom anna å

  • dele kunnskap gjennom utveksling og teknologi

  • verne og styrkje urfolks tru, kultur, filosofi, kunnskap og språk gjennom utdanning

  • halde ved like tradisjonskunnskapen og anerkjenne retten urfolk har til utdanning

  • verne og fremje dei kulturelle og intellektuelle rettane til eigedom som urfolk har

Akkrediterte urfolksinstitusjonar i nettverket er Samisk høgskule (frå 2008), Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino (frå 2016) og Samisk vidaregåande skule i Karasjok (frå 2022). Samisk høgskule var vertskap for generalforsamlinga til WINHEC i 2018.

6.2 Ei forsterka satsing på yrkesfagleg utdanning

Arbeidsmarknaden og næringslivet i distrikta treng folk med yrkesfagleg utdanning. Fagskular og læreplassar er ei prioritert satsing for regjeringa. Distriktssenteret stadfestar i ein rapport13 at ungdom i distrikta vel yrkesfaglege studieretningar i større grad enn dei som veks opp i dei mest sentrale regionane. Yrkesfagleg utdanning har jamt over lågare grad av gjennomføring enn studieførebuande utdanningsprogram. Dermed er det relativt fleire unge i distrikta enn i sentrale strok som ikkje fullfører vidaregåande skule på normert tid, eller som ikkje fullfører vidaregåande opplæring i det heile teke. Rapporten peiker på at det trengst vidare forsking på utdanningskarrieren til distriktsungdomane, dei regionale og lokale kunnskapsbehova, demografiske utfordringar, kjønn og sosial bakgrunn for å kunne utforme gode tiltak for å auke graden av fullføring.

6.2.1 Læreplassar i vidaregåande opplæring

Stadig fleire søkjarar får læreplass, men det er framleis for mange som står utan. I statsbudsjettet for 2023 er det løyvd om lag 460 mill. kroner til arbeidet med kvalifisering og formidling til læreplass. Trepartssamarbeidet er viktig for å lykkast med fag- og yrkesopplæringa, ikkje minst i arbeidet med å skaffe fleire læreplassar for ei brei og mangfaldig elevgruppe. Gjennom Samfunnskontrakt for fleire læreplassar vert det utvikla eit systematisk og godt samarbeid mellom partane i arbeidslivet, fylkeskommunane og nasjonale styresmakter. Samarbeidet forpliktar aktørane til å arbeide målretta med å rekruttere fleire læreverksemder og styrkje det lokale arbeidet for læreplassar. Arbeidet mot diskriminering og for mangfald i rekrutteringa til læreplassar står sentralt.

Alle verksemder i staten har også, i 2023, fått ei fellesføring om at statlege verksemder skal ha lærlingar knytte til seg der talet på lærlingar skal stå i eit rimeleg høve til storleiken på verksemda. Verksemder med meir enn 75 tilsette skal til kvar tid ha minst ein lærling, og større verksemder bør ha ambisjon om fleire enn ein lærling. For meir informasjon om fellesføringar, sjå kapittel 7.3.1.

Det er særleg viktig med ein ekstra innsats retta mot elevar som arbeidslivet ikkje oppfattar som kvalifiserte for læreplass sjølv om dei har fullført det andre året i det vidaregåande løpet og er formelt kvalifiserte. Det er naudsynt med tettare individuell oppfylging og innsats gjennom heile det yrkesfaglege opplæringsløpet for å lykkast med formidling til læreplass. Satsinga til regjeringa skal styrkje fylkeskommunane i deira eige arbeid med lokale læreplassgarantiar, og i arbeidet med kvalifisering og formidling av elevane til læreplassar.

Boks 6.2 Lærlingar i forsvarssektoren

Forsvaret er den etaten i staten som har flest lærlingar. I slutten av 2022 hadde Forsvaret kontrakt med 588 lærlingar i 24 ulike fag. 45 prosent av lærekontraktane er i Nordland, Troms og Finnmark. Opplæringskontoret for Forsvaret, som har ansvar for læreordninga, har inngått ein samarbeidsavtale med Nordland fylkeskommune, etter at fylkeskommunen i februar 2019 vedtok å innføre ein læreplassgaranti for elevar i vidaregåande opplæring. Liknande avtalar vert fortløpande gjorde med andre fylkeskommunar. Forsvarsdepartementet har utvikla ein handlingsplan for lærlingar i forsvarssektoren. Handlingsplanen varslar ein ambisjon om at talet på læreplassar skal auke, og at kompetansen hos Opplæringskontoret for Forsvaret skal brukast til å utvikle læreordninga i sektoren.

Boks 6.3 Auka bortebuarstipend

Det er viktig å få fleire til å fullføre vidaregåande opplæring for å sikre gode levekår for dei unge i framtida. I delar av Noreg, og særleg i Nord-Noreg, er det så store avstandar og lang reisetid at elevar må flytte frå foreldreheimen for å ta vidaregåande opplæring. For å dekkje buutgifter kan desse elevane få eit månadleg bortebuarstipend frå Lånekassa. For at geografi og privatøkonomi ikkje skal vere til hinder for at unge får den opplæringa dei ynskjer seg, har regjeringa i statsbudsjettet for 2023 styrkt bortebuarstipendet. Frå og med skuleåret 2023–2024 er det månadlege stipendet auka nominelt med 17 prosent.

6.2.2 Fagskular er viktige leverandørar av kompetanse i distrikta

Fagskuleutdanningar eller høgare yrkesfaglege utdanningar er korte, yrkesretta utdanningar på inntil tre år (heiltid). Studentane vert tekne opp på grunnlag av fullført vidaregåande opplæring (generell studiekompetanse, fullført fag- eller sveinebrev) eller tilsvarande realkompetanse. Fagskuleutdanningane legg vekt på praktiske oppgåver knytte opp mot arbeidslivet og vert derfor kalla utdanninga til arbeidslivet. Hausten 2022 var det 58 fagskular i landet, og av desse var fire statlege, 12 fylkeskommunale og 42 private. Det har vore ein markant auke i talet på studiestader dei siste åra frå 155 i 2019 til 183 i 2020. Samstundes er talet på fagskular redusert, mellom anna som fylgje av fylkessamanslåingar.

Fagskulane, med fylkeskommunen som forvaltar og eigar, er ein viktig del av regionalpolitikken. Skulane leverer relevante utdanningstilbod som er lett tilgjengelege over heile landet. 60 prosent av fagskuleutdanningane er samlings- og nettbaserte tilbod, og 70 prosent er deltidsutdanningar som er godt tilrettelagde for livslang læring. Fylkeskommunane har ansvar for å dimensjonere fagskuleutdanninga slik at kapasiteten er tilpassa dei faga som arbeidslivet etterspør. Fagskulane kan raskt svare på nye behov for kompetanse i arbeidslivet, til dømes gjennom vidareutdanningstilbod for fagarbeidarar som treng ny kompetanse som fylgje av grøn omstilling. Ved framtidige tildelingar til fagskulane vil regjeringa prioritere studieplassar innanfor teknologi, helse og fagområde som er viktige for det grøne skiftet. Regjeringa vil ha dialog med fylkeskommunane om korleis desse prioriteringane kan fylgjast opp i forvaltinga av sektoren.

Samfunnsøkonomisk analyse14 skriv i ein rapport om dimensjonering av utdanningstilbodet at det å styrkje fagskulane er det viktigaste tiltaket for næringsrelevansen i utdanningssystemet. Derfor er det avgjerande at fylkeskommunane har dette ansvaret. Fylkeskommunane har den lokale kunnskapen om arbeidsmarknaden og kompetansebehova og kan sørgje for eit treffsikkert yrkesfagleg utdanningstilbod som medverkar til å løyse kompetanseutfordringane i fylket.

Det er NOKUT15 som har ansvar for godkjenning av fagskuletilboda. Talet på søknader om godkjenning har auka dei siste åra, og det er ei utfordring å få raskt fram yrkesfaglege tilbod av god kvalitet som er tilpassa etterspurnaden. Regjeringa vil vurdere korleis ein kan leggje til rette for at fagskulane etter godkjenning kan opprette og endre studietilbod utan å måtte søkje NOKUT om dette. Ein slik institusjonsakkreditering vil krevje endring i fagskulelova, og Kunnskapsdepartementet tek sikte på å sende eit lovforslag om dette på høyring.16

Regjeringa har starta arbeidet med ei melding til Stortinget om høgare yrkesfagleg utdanning, som vil ta for seg tiltak for å sikre kvalitet og relevans i utdanningane, treffsikker støtte til drift og utvikling, og rett dimensjonering av tilboda.

6.3 Betre balanse mellom tilbod og etterspurnad av kompetanse

Regjeringa meiner det er naudsynt å jobbe for ein større heilskap i kompetanse- og utdanningspolitikken. Det inneber å sjå ulike utdanningsnivå i samanheng, men også å kunne få ein god balanse mellom utdanningstilboda og kompetansebehova i alle delar av samfunnet. Fleksibilitet er naudsynt for at utdanningssystemet raskt skal kunne tilpasse tilboda etter kva kompetanse arbeidslivet treng. Regjeringa vil arbeide for eit utdanningssystem som er dimensjonert slik at kapasiteten fylgjer etterspurnaden, både frå dei som søkjer utdanning og frå arbeidslivet.

Fylkeskommunen har ansvaret for å dimensjonere utdanningstilbodet i vidaregåande opplæring og fagskular og for karriererettleiing for vaksne. Med regionreforma fekk fylkeskommunane også eit større kompetansepolitisk oppdrag og ansvar for å medverke til betre samsvar mellom etterspurnaden etter arbeidskraft og tilbodet om utdanning og kompetanse. Fylkeskommunane medverkar gjennom dette også til å mobilisere og leggje til rette for utdanning og etter- og vidareutdanning. Alle fylkeskommunane har etablert regionale kompetanseforum der utdanningsinstitusjonar i regionen er representerte, i tillegg til Nav og partane i arbeidslivet.17 Partnarskapa jobbar mellom anna med å få fram felles kunnskapsgrunnlag om regionale kompetansebehov som grunnlag for regionale prioriteringar og tiltak. Regionale kompetanseplanar og -strategiar vert forankra i dei regionale partnarskapa. Kommunal- og distriktsdepartementet vil, i dialog med fylkeskommunane, sjå nærare på korleis partnarskapa kan medverke til betre koordinering og meir forpliktande samarbeid om å møte utfordringane i regionale arbeidsmarknader.

Fylkeskommunane har i fellesskap utvikla eit indikatorsett18 som skal få fram kompetansebehova i dei regionale arbeidsmarknadene. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har frå 2023 ansvaret for drift av ein ny digital portal for dei regionale indikatorane, i nært samarbeid med analyseeiningane i fylkeskommunane. Denne systematiske kunnskapsinnhentinga kan verte av stor verdi for arbeidet til kompetansepartnarskapa med prioritering av tiltak og dimensjonering av utdanningstilbod på ulike nivå, og i nasjonale prioriteringar og dimensjoneringar av studieplassar. Det styrkte regionale kunnskapsgrunnlaget bør sjåast i samanheng med det nasjonale kunnskapsgrunnlaget for kompetansebehov. Slik kan det bli brukt i universiteta og høgskulane når dei skal setje saman og dimensjonere etterspurde fagområde i eigen region.

Regjeringa forventar at utdanningsinstitusjonane samarbeider godt med fylkeskommunane om tilrettelegging for utdanning i lys av regionale kompetansebehov, mellom anna gjennom Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA), eller gjennom deltaking i regionale kompetansepartnarskap i regi av fylkeskommunane. Regjeringa la fram forslag til ny opplæringslov våren 2023. Der er det føreslått at fylkeskommunen skal leggje stor vekt på kva samfunnet treng av kompetanse i dimensjoneringa av vidaregåande opplæring.

Boks 6.4 Mobilisering til utdanning og kompetanseutvikling

Kompetansepilotar blei etablerte i 2020 som eit pilotprosjekt i alle fylkeskommunar (utanom Oslo). Målet med pilotane var å prøve ut ulike modellar for å mobilisere små verksemder til etter- og vidareutdanning og å kople og leggje til rette for skreddarsydde utdannings- og kompetansetilbod i distrikta. Fylgjeevalueringa viser at kompetansepilotane treffer behova til dei minste verksemdene i distrikta.1 Evalueringa viser også at det er krevjande å mobilisere små føretak i distrikta som ofte manglar tid, kapasitet og ressursar til å finne fram til relevante kompetansehevande tilbod til eigne tilsette. Fylkeskommunane har valt å løyse oppgåva på ulikt vis og engasjert ulike aktørar i arbeidet. Samla gjev pilotane erfaring med ulike tilnærmingar til korleis ein kan mobilisere til utdanning og kompetanseutvikling i distrikta. Kompetansepilotane har også medverka til at fylkeskommunane har utvikla og forsterka den kompetansepolitiske rolla si og i større grad vurderer ulike utdannings-, kompetanse-, arbeids- og næringsretta verkemiddel i samanheng.

1 Samfunnsøkonomisk analyse AS (2021). Følgeevaluering av kompetansepiloter (rapport).

6.3.1 Innsats for å styrkje rekrutteringa til utdanning i Nord-Noreg

Det er store avstandar i Nord-Noreg, og det er viktig å sikre eit tilstrekkeleg utdanningstilbod i ulike delar av landsdelen. Dette gjeld særleg i Aust-Finnmark, der trongen for arbeidskraft er stor. Når elevar og studentar tek utdanning eller har ein lære- eller praksisplass i Nord-Noreg, er det større sjanse for at dei tek arbeid i nord etter avslutta utdanning. Derfor er det viktig å etablere gode samarbeidsarenaer mellom tilbydarar av kompetanse, arbeidsgjevarar og utdanningssøkjarar. Opplæringstilbod må tilpassast slik at ein kan kombinere studium med familie og jobb.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse tildelte i 2022 4 mill. kroner til etablering av studiesenteret Aust-Finnmark kunnskapssenter. Studiesenteret legg opp til å ha tre fysiske studiestader, i Tana, Kirkenes og Vadsø. Dei skal saman arbeide for å mobilisere etterspurnad og auka tilgang på utdanning i heile regionen. Saman med fylkeskommunen går kommunane Tana, Sør-Varanger og Vadsø inn med midlar og sit i styret for Aust-Finnmark kunnskapssenter.

For at fagskular, høgskular og universitet kan finne betre løysingar for dimensjonering, tilrettelegging og rekruttering, er det viktig å byggje på samarbeid som studiesenter og fylkeskommunar har med arbeidslivet og relevante søkjarar. Regjeringa vil vurdere korleis ein betre kan dimensjonere og leggje til rette for utdannings- og kompetansetilbod innanfor yrkesgrupper der etterspurnaden etter kompetent arbeidskraft er særleg kritisk, mellom anna i Aust-Finnmark.

6.3.2 Styrking av regionale studiesenter

Regionale studiesenter skal leggje til rette for utdanningstilbod i område som ikkje vert dekte av tilbodet ved etablerte campus og lærestader. Dei har vakse fram frå initiativ frå anten kommunar, fylkeskommune eller næringsliv. Studiesenter kartlegg lokale kompetansebehov i offentleg og privat sektor, mobiliserer etterspurnad etter utdanning og kompetansetilbod og får fram og formidlar tilbod i tråd med lokale behov. I samarbeid med fylkeskommune, kommunar og verksemder, mobiliserer studiesenter etterspurnad etter utdanning og deltakarar til konkrete utdanningstilbod på ulike nivå og i ulike former. I samarbeid med utdanningsinstitusjonar gjer dei utdanningstilbod tilgjengelege i distrikta. Studiesentera fungerer som bindeledd mellom lokalmiljøet og utdanningstilbydarar. Innanfor helse- og omsorgsutdanningane har studiesentera ein særs viktig funksjon i dag.

Studiesentera medverkar til å gjere utdanning tilgjengeleg for ei gruppe som elles ikkje ville teke utdanning.19 Oxford Research tilrår i ei undersøking å prioritere ressursar til studiesenter som fyller eit geografisk område som tydeleg er utanfor verkeområdet til eksisterande campus/studiestader, og som har potensial til å ta ei større regional rolle. Oxford Research vurderer vidare at mangel på stabil finansiering og låg administrativ kapasitet medverkar til at potensialet til studiesentera ikkje vert utnytta fullt ut. Samarbeidet med universitets- og høgskulesektoren kan ifylgje studiesentera by på nokre utfordringar, mellom anna fordi sektoren manglar økonomiske insentiv til å prioritere desentraliserte utdanningar og etter- og vidareutdanning. Oxford Research tilrår at fylkeskommunen bør kome inn som forvaltar av meir føreseielege rammer for studiesentera. Distriktsdemografiutvalet20 peiker på at regjeringa bør vurdere ei meir heilskapleg organisering av studiesentera, og sikre lik tilgang til utdanningstilbod uavhengig av bustad.

I 2022 etablerte regjeringa ei søknadsbasert ordning for studiesentera. Ordninga vert forvalta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), som i 2022 tildelte 34 mill. kroner til studiesentera. Målet med ordninga er at studietilboda skal verte meir tilgjengelege for folk som av ulike årsaker ikkje kan fylgje ordinær undervisning. Ordninga skal støtte opp om regionale kompetansestrategiar og mål. Fylkeskommunane har frå 2023 derfor fått ei formell rolle ved at alle søknader må innehalde ei fråsegn frå fylkeskommunen om at det er behov for studiesenteret. HK-dir har for 2023 lyst ut inntil 50 mill. kroner til studiesenter med sikte på tildeling i løpet av våren 2023.

Som del av det kompetansepolitiske oppdraget har fylkeskommunane etablert regionale kompetanseforum der kompetansebehov blir kartlagde og prioriteringar forankra, med deltaking frå universitet, høgskular, fagskular, næringsliv, Nav, statsforvaltar og andre. Regjeringa vil også vurdere korleis den statlege tilskotsordninga for studiesentera skal forvaltast framover. Regional forvalting av støtte til studiesenter vil kunne leggje til rette for å utvikle og styrkje strukturen for og tilbodet av desentraliert utdanning i distrikta ytterlegare.

Boks 6.5 Namdalen studiesenter og kompetansepilot

Namdal studiesenter har fått nasjonale midlar til utdanningstilbod. Namdal utgjer med sine 11 spreiddbygde kommunar ein tredel av arealet i Trøndelag. Namdal regionråd er prosjektleiar for studiesenteret og kompetansepiloten i regionen.

Studiesenteret tilbyr fleksibel utdanning og kompetanseutvikling, frå vidaregåande opplæring for vaksne til høgare utdanning og korte kurs som den regionale arbeidsmarknaden etterspør. Studiesenteret har møteplassar ved dei vidaregåande skulane i regionen. I 2023 er det mellom anna tilbod om desentralisert fagskuleutdanning i bygg, sjukepleiarutdanning, sørsamisk språkopplæring og vidareutdanning i demensomsorg og omsorg for eldre med psykiske problem. Kompetansepilot Namdal har mobilisert verksemder til utdanning og kompetanseheving som Namdal studiesenter tilbyr. Andre samarbeidspartnarar i prosjektet er Nord universitet, Trøndelag høgare yrkesfaglege skule, andre opplæringsaktørar og lokalt arbeids- og næringsliv.

6.3.3 Samfunnsoppdraget til universitets- og høgskulesektoren

I høgare utdanning har institusjonane og styresmaktene delt ansvar for å dimensjonere tilboda. Regjeringa har som mål å dekkje etterspurnaden frå studentane og kompetansebehova til arbeidslivet. Utviklingsavtalar er innførte som verkemiddel for styringa mot felles sektormål.21 Avtalane skal synleggjere at universiteta og høgskulane er ulike og komplementære institusjonar med faglege profilar som byggjer på eigne føremonar. Avtalane skal medverke til å gjennomføre og utvikle samfunnsoppdraget til institusjonane knytt til dei ulike regionale og lokale behova for utdanning og kompetanse. Hausten 2022 vart det forhandla fram nye utviklingsavtalar for alle institusjonane, og dei skal gjelde fram til 2026. Mange institusjonar har definert mål for arbeidet med fleksibel og desentralisert utdanning. Kunnskapsdepartementet vil bruke styringsdialogen for å fylgje opp institusjonane og arbeidet med måla.

Regjeringa endrar og forenklar finansieringssystemet slik at universiteta og høgskulane betre kan gjennomføre det breie samfunnsoppdraget og dei samla prioriteringane frå regjeringa, og for effektivt å leggje til rette for høg kvalitet i sektoren. Den noverande indikatoren for uteksaminerte kandidatar vert erstatta av ein indikator for fullføring av studieprogram som skal sikre omsynet til fullføring av gradsutdanningane, men som ikkje gjev disinsentiv for tilbodet av vidareutdanning. Endringane fjernar ei hindring for tilbodet av ikkje-gradsgjevande utdanning og gjer det meir attraktivt å tilby vidareutdanning og fleksibel og desentralisert utdanning.22 Eit hovudmål med forenklingane er betre måloppnåing gjennom tydelegare styring som gjev institusjonane meir tillit, handlingsrom og ansvar. Endringane fylgjer opp tilrådingane frå eit ekspertutval som har vurdert finansieringa av universitet og høgskular.23

Boks 6.6 Insentiver for rekruttering

Ei kartlegging frå 20221 viser at heile 75 prosent av kommunane i Noreg har personretta insentivordningar for å rekruttere, tiltrekkje seg innflyttarar og halde på unge innbyggjarar. Kartlegginga viser også at det er distriktskommunar og kommunar i Nord-Noreg som i størst grad har slike ordningar. Rekruttering av spesielt etterspurd arbeidskraft er den mest nemnde årsaka til å ha eigne insentivordningar. Heile 95 prosent av kommunane har ordningar for å rekruttere helsepersonell. Halvparten av kommunane rettar ordningane også mot pedagogisk personell. Høgare løn er det vanlegaste verkemiddelet som kommunane tek i bruk. Det er også vanleg å nytte ordningar som betalt utdanning, leigebustad, flyttetilskot, subsidierte tenester og arbeidstidsordningar. Utfordringa er at ordningane slår negativt ut når fleire kommunar gjer det same. Heile 67 prosent av kommunane meiner det er negativt at andre kommunar har slike ordningar. Det er stor konkurranse om fagpersonell, og to av tre kommunar rekrutterer i størst grad arbeidstakarar frå nabokommunane.

1 Kommunal- og distriktsdepartementet (2022) Kommunale insentivordninger for å rekruttere arbeidskraft, tiltrekke seg innflyttere og beholde unge i kommunen (Rapport).

Boks 6.7 Frå barnehage til arbeidsliv i Nordfjord

I Nordfjord vert det jobba systematisk for å få fleire unge til å busetje seg i regionen. Jakta på superkreftene er eit banebrytande pilotprosjekt som skal ta i bruk nye metodar for at born og ungdom skal verte kjende med alle yrke i regionen og få ein relasjon til verksemdene og kommunane. Piloten skal fylgje born og ungdom gjennom heile opplæringsløpet frå barnehagen til yrkeslivet. Med utgangspunkt i det lokale yrkeslivet, og ved å byggje opp kompetansen til kvar og ein kring dei vala dei gjer, vil ein la borna finne sine «superkrefter» gjennom noko dei brenn for, gjere borna kjende med lokalt næringsliv og arbeidspotensial, og førebu dei unge til å ta sikrare og meir sjølvstendige val av skule, utdanning og arbeid. Nordfjord-piloten set søkjelys på alle yrke og utviklar gode system slik at samarbeid og kontakt mellom skule og næringsliv ikkje vert tilfeldig eller ulikt ut frå kvar i regionen ein bur. I tillegg blir det arbeidd med gode system for læreplassar, slik at det blir mindre fråvær og fråfall i skulen, færre feilval og færre unge uføre. Eit viktig mål på sikt er at fleire vil velje å bu i ein distriktskommune.

Figur 6.2 Pilotprosjekt i Nordfjord

Figur 6.2 Pilotprosjekt i Nordfjord

Kjelde: Shutterstock.com

6.4 Tiltakssona for Finnmark og Nord-Troms

Tiltakssona for Finnmark og Nord-Troms er ein sentral del av den statlege innsatsen for Nord-Noreg. Tiltakssona vart oppretta i 1990, i etterkant av ei negativ utvikling i folketal og næringsliv på slutten av 1980-talet. Målet med tiltakssona er å skape ein attraktiv region å bu, arbeide og drive næringsverksemd i. Tiltakssona omfattar dei 18 kommunane i Finnmark og sju kommunar i Nord-Troms (Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen, Karlsøy, Lyngen og Storfjord). Det bur vel 90 000 personar i tiltakssona (per 31.12.2022). Om lag halvparten bur i dei fire senterkommunane Alta, Hammerfest, Sør-Varanger og Vadsø. Desse fire kommunane har samla sett ei stabil utvikling i folketalet, mens dei andre kommunane har nedgang i folketalet.

Figur 6.3 Kart over kommunane i tiltakssona etter sentralitet

Figur 6.3 Kart over kommunane i tiltakssona etter sentralitet

Kjelde: SSB (2020) Kart: Kommunal- og distriktsdepartementet

Låge fødselstal er ei utfordring for heile tiltakssona, men nedgangen er størst i dei minst sentrale kommunane. Dei låge fødselstala kjem av at det er relativt få busette i fruktbar alder, noko som også forklarer mangelen på arbeidskraft. Mangel på arbeidskraft med rett kompetanse hemmar vekstkrafta i næringslivet og gjer offentlege velferdstilbod og tenester sårbare. Det kan også gå ut over tryggleik og beredskap i nord. Regjeringa meiner derfor at vi treng tiltak som kan gje tilflytting og rekruttering av arbeidskraft i tiltakssona. Frå 1. august 2023 blei det innført gratis barnehage i sona, og i 2023 er ordninga med gjeldslette av utdanningslån styrkt. Tiltaka skal medverke til auka rekruttering og tilflytting av unge vaksne og barnefamiliar. Regjeringa vil vurdere nærare korleis ho kan leggje til rette for at fleire unge og vaksne tek del i arbeidsmarknaden.

I 2023 utgjer dei ulike verkemidla i tiltakssona vel 4 mrd. kroner. Lågare arbeidsgjevaravgift er det største tiltaket, med eit provenytap for staten på nær 2,4 mrd. kroner. Dei personretta tiltaka på vel 1,6 mrd. kroner omfattar redusert personskatt (ekstra frådrag i inntekt, lågare skattesats på alminneleg inntekt og lågare trinnskatt), fritak for avgift på elektrisk kraft, sletting av studielån og ekstra sletting av studielån for kvalifiserte lærarar i grunnskulen, i tillegg til gratis barnehage frå 1. august 2023.

Evalueringa av dei personretta ordningane i tiltakssona24 viser at dei ikkje er tilstrekkelege for å halde oppe busetjinga i Finnmark og Nord-Troms. Vista Analyse peiker på at det vil vere viktig å gjere ordningane betre kjende og meir kraftfulle. Finnmarksfrådraget og sletting av studielån er dei to mest kjende ordningane. Effektane er størst når verkemidla er retta mot unge under 30 år, som er den mest mobile aldersgruppa. Regjeringa har i oppfylginga av evalueringa hatt dialog med dei sentrale aktørane i tiltakssona om utfordringar og grep for å styrkje busetjinga. Regjeringa vil vidareføre måla og den geografiske avgrensinga og prioritere tiltak retta mot barnefamiliar og unge vaksne. Regjeringa vil mellom anna vurdere endringar i gjeldslette av studielån og finnmarksfrådraget i samband med statsbudsjetta.

Boks 6.8 Forsvaret treng fleire folk som tenestegjer i distrikta

Brigade Nord og Finnmark landforsvar utgjer kjernen i den mobile landmilitære strukturen. Regjeringa har planlagt ein bemannings- og kompetanseauke i Finnmark og Troms og har mål om at forsvarssektoren har tilstrekkeleg personell med rett kompetanse til rett tid. Forsvaret har med bakgrunn i eigenarten knytt til den militære verksemda ein omfattande løns- og insentivstruktur. Forsvarsdepartementet har sett ned eit nytt løns- og insentivprosjekt for å sjå heilskapleg på korleis sektoren kan lykkast betre med å rekruttere, utvikle og halde på kompetanse. Prosjektet skal mellom anna vurdere korleis løns- og insentivsystemet betre kan stimulere til at arbeidstakarar vel å busetje seg i eller tenestegjere ved distriktsavdelingane til Forsvaret.

6.5 Meir geografisk utjamning gjennom personskatten

Inntekt og formue er geografisk skeivfordelte. For å jamne ut skilnader har regjeringa som mål at skatte- og avgiftssystemet skal medverke til geografisk omfordeling. Statistisk sentralbyrå har på oppdrag frå Finansdepartementet utvida skattemodellen LOTTE-skatt slik at han også kan brukast til å kalkulere geografiske fordelingsverknader av endringar i personskatten. Gjennomsnittleg skatteendring blir estimert i seks sentralitetssoner, der sone 1 er den mest sentrale (Oslo og nokre nabokommunar) og sone 6 den minst sentrale (sjå figur 1.1 i kapittel 1). Tabell 6.1 viser estimerte geografiske fordelingsverknader av budsjettet for 2023.

Tabell 6.1 Estimerte geografiske fordelingsverknader av skatteendringar for alle personar 17 år og eldre.

Sentralitetssone

Tal skattytarar

Gjennomsnittleg bruttoinntekt. Kroner

Gjennomsnittleg estimert nettoformue. Kroner

Gjennomsnittleg skatt i referansealternativet. Kroner

Gjennomsnittleg endring i skatt. Kroner

Av dette inntektsskatt. Kroner

Av dette formuesskatt. Kroner

S01

873 400

667 400

3 765 400

184 900

2 000

500

1 500

S02

1 160 100

590 100

2 334 700

148 500

500

-100

600

S03

1 162 000

549 400

1 766 000

129 100

0

-400

400

S04

736 600

536 700

1 429 100

121 800

-200

-600

300

S05

423 600

534 500

1 388 800

121 000

-200

-600

400

S06

201 200

516 700

1 428 300

114 700

0

-500

500

I alt

4 556 900

577 500

2 189 600

142 200

500

-200

600

Note: Negative tal er skattelette. Samanlikna med referansen for 2023-budsjettet.

Kjelder: Finansdepartementet og SSBs skattemodell, LOTTE-skatt.

Skatteopplegget for 2023 omfordeler frå sentrale til mindre sentrale delar av landet. Det er estimert at skattytarar i dei to mest sentrale sonene får ein samla skatteauke (netto) på om lag 2,4 mrd. kroner, medan skattytarar i dei fire minst sentrale sonene får ein samla lette (netto) på om lag 0,3 mrd. kroner. Skattytarar i sone 1 får i gjennomsnitt høgare inntektsskatt, medan dei i sone 2 til 6 får lågare inntektsskatt. Sone 1 får også den største auken i formuesskatten.

6.6 Arbeid til alle i eit inkluderande arbeidsliv

Arbeidskrafta er den viktigaste ressursen Noreg har. Arbeid er naudsynt for å kunne drive næringsverksemd og levere gode tenester. Arbeid utjamnar økonomiske og sosiale skilnader, motverkar fattigdom og gjev høve til økonomisk sjølvstende. Regjeringa legg vekt på eit ope og inkluderande arbeidsliv der alle som kan og vil arbeide, skal få høve til det.

Situasjonen i arbeidsmarknaden er prega av låg arbeidsløyse og høg sysselsetjing. Arbeidsløysa i distrikta er svært låg og klart lågare enn før koronapandemien. Framleis er det likevel for mange i yrkesaktiv alder som ikkje deltek i arbeidsmarknaden, og talet på personar med nedsett arbeidsevne har auka under pandemien. Mange av dei som har vore utan arbeid lenge, treng arbeidsretta oppfylging for å kome i jobb. Kombinasjonen av høg etterspurnad etter arbeidskraft og ein aldrande folkesetnad gjer at tiltak for å få fleire utanfor arbeidslivet i jobb, vil vere særleg viktig i distrikta framover.

6.6.1 Individuelt tilpassa tiltak for å få fleire i jobb

Målet til regjeringa er eit inkluderande arbeidsliv. Regjeringa vil styrkje satsinga på individuell og tilrettelagd oppfylging frå Arbeids- og velferdsetaten, særleg retta mot unge og personar med psykiske lidingar og/eller rusproblem. Unge som søkjer seg til Arbeids- og velferdsetaten, er ei samansett gruppe. Mange av dei som treng arbeidsretta bistand, har lite arbeidserfaring og svake grunnleggjande ferdigheiter. Fleire har også helseproblem som psykiske lidingar og andre tilleggsutfordringar.

Regjeringa ynskjer eit løft i satsinga på unge som står utanfor utdanning og arbeid, og har i statsbudsjettet for 2023 sett av 175 mill. kroner til ein ny ungdomsgaranti i regi av Arbeids- og velferdsetaten. Målet er å redusere tida utanfor arbeid og utdanning og gje ei varig tilknyting til arbeid. Den nye ungdomsgarantien skal sørgje for at unge under 30 år som treng hjelp frå Arbeids- og velferdsetaten for å kome i arbeid, får tidleg innsats og tett oppfylging. Ein fast kontaktperson og individuelt tilpassa oppfylging skal gje rom for å finne fram til moglege løysingar i dialog med den unge, arbeidsgjevarar og andre tenesteytarar, som helse- og utdanningssektoren. Dette skal også gje betre koordinering av bistanden mellom ulike aktørar og hjelpeinstansar.

For å motverke at ungdom og unge vaksne fell på utsida av skule og arbeid, vil regjeringa leggje til rette for betre samordning av helsetenester, arbeidsretta tenester og utdanningssystemet.

Satsinga på individuell jobbstøtte (IPS) skal gje fleire med moderate til alvorlege psykiske lidingar og/eller rusproblem innpass i arbeidslivet, gjennom eit integrert tilbod om helsemessig og arbeidsretta oppfylging. Ein særleg innsats for unge under 30 år skjer gjennom forsøket IPS ung, der også oppfylging i utdanning vert vektlagd.

Regjeringa ynskjer å leggje til rette for at fleire kan kombinere arbeid og trygd. Regjeringa vil derfor prøve ut ei aktivitetsreform for nye mottakarar av uføretrygd gjennom eit avgrensa forsøk med arbeidsorientert trygd for nye uføre under 30 år som elles ville fått 100 prosent uføretrygd. Forsøket kombinerer to nye verkemiddel: Dei som har fått vedtak om (arbeidsorientert) uføretrygd, skal få tett oppfylging frå Arbeids- og velferdsetaten, og det skal avtalast mellom partane i arbeidslivet at løna i desse tilfella kan vere lågare enn løn fastsett på ordinære vilkår (trygdejustert løn). Regjeringa har dialog med partane i arbeidslivet om korleis ein kan avgrense forsøket og utforme ordninga. Det er i statsbudsjettet for 2023 sett av 35 mill. kroner for å dekkje dei administrative kostnadene ved å førebu forsøket.

6.6.2 Initiativ for at fleire kan fullføre utdanninga

Vaksne med låg utdanning står oftare utanfor arbeidslivet enn andre. Fullført vidaregåande opplæring som kvalifiserer for arbeid og vidare studium, legg grunnlag for deltaking i arbeids- og samfunnslivet. Derfor vil regjeringa sørgje for eit meir fleksibelt utdanningssystem for vaksne som treng vidaregåande opplæring, og gjere det mogleg for fleire Nav-brukarar å kvalifisere seg til arbeid.

Som oppfylging av Fullføringsreforma25 skal modulstrukturert opplæring innførast som hovudmodell for opplæring for vaksne. Regjeringa har også lagt fram forslag til ny opplæringslov.26 I lova blir det føreslått mellom anna utvida rettar til opplæring for vaksne, noko som skal gjere det enklare for fleire å opparbeide seg ny kompetanse eller fullføre tidlegare avbroten opplæring. Dette gjev eit meir tilrettelagt tilbod gjennom fleksible og tilpassa opplæringsløp. Modulane skal gjere det enklare å tilby opplæring på ulike arenaer, til dømes gjennom Arbeids- og velferdsetaten, i introduksjonsprogrammet for flyktningar eller i arbeidslivet. Ei modulstrukturert organisering gjer det mogleg å starte opplæringa på det trinnet som byggjer på tidlegare skulebakgrunn eller realkompetansevurdering, og som leier fram mot ynskt sluttkompetanse. Modellen skal gjelde for nivået under vidaregåande skule, i utvalde lærefag i fag- og yrkesopplæringa og som ein kombinasjon av desse nivåa. Dette skal gjelde for alle vaksne, både dei som kjem frå eit anna land og skal gå vidare i opplæringssystemet i Noreg, og dei som skal fullføre avbroten opplæring. Det gjeld også for dei som skal møte omstilling i arbeidslivet, eller dei som ynskjer meir kompetanse på eit nytt område. Trinn éin vert sett i gang frå skuleåret 2024/2025. På sikt vil regjeringa vurdere om dette skal utvidast til fleire lærefag eller studieførebuande utdanningsprogram. Saman med forslaga i ny opplæringslov, som utvida rett til vidaregåande opplæring og rett til å ta eit fagbrev nummer to, skal dette medverke til at fleire vaksne skal fullføre vidaregåande opplæring og få sterkare tilknyting til arbeidslivet.

Regjeringa vil også styrkje samarbeidet mellom Arbeids- og velferdsetaten og den fylkeskommunale oppfylgingstenesta. For at fleire Nav-brukarar skal kunne ta fag- og yrkesopplæring, vil regjeringa setje i gang eit forsøk med ei tilskotsordning som skal stimulere til lokalt samarbeid om tilrettelagd vidaregåande opplæring. Føremålet er å stimulere til eit utvida lokalt samarbeid om meir tilpassa gjennomføring av fag- og yrkesopplæring som inkluderer verkemidla frå Arbeids- og velferdsetaten og frå fylkeskommunen. Tilskotsordninga skal medverke til å dekkje tenester som kjem i tillegg til det som til vanleg er omfatta i ordinære skuleløp, men som mange arbeidssøkjarar treng for å kunne fullføre opplæringa. Døme kan vere avklaring og karriererettleiing, realkompetansevurdering, tilpassingar i sjølve opplæringstilbodet, naudsynt norskopplæring og tettare oppfylging gjennom skule- og læringsløpet. Forsøksmidlane skal også kunne dekkje administrative kostnader ved tverrsektorielt samarbeid. Forsøket har ei tentativ ramme på fem år og vil bli evaluert.

Det finst mange lokale samarbeidsmodellar mellom Arbeids- og velferdsetaten, fylkeskommunane og arbeidsgjevarar om fag- og yrkesopplæring, mellom anna Trøndelags-modellen og Gloppen-modellen. Erfaringar frå desse ulike modellane kan brukast for å vidareutvikle tilbod i heile landet, med Arbeids- og velferdsetaten i ei nøkkelrolle. Det er viktig at Nav-kontora motiverer arbeidssøkjarar til å styrkje kompetansen sin. Tilgjengelege praksisplassar og læreplassar vil vere avgjerande, og Arbeids- og velferdsetaten kan mellom anna bruke sitt nettverk av arbeidsgjevarar til dette. Arbeidet bør byggje på ein lokal analyse av kompetansebehov og arbeidsplassar i området. I nokre tilfelle kan det også vere føremålstenleg å involvere andre aktørar, som helse- eller flyktningteneste.

Regjeringa vil vurdere korleis ein kan stimulere til betre samarbeid mellom Nav, fylkeskommunane, kommunane og arbeidslivet, med sikte på å få fleire som står utanfor arbeidslivet, ut i arbeid.

Fotnotar

1.

NIFU (2022). Studenters motiver for valg av studiested (rapport).

2.

Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge. Kunnskapsdepartementet.

3.

NOU 2020: 15 Det handler om Norge – utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distriktene. Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

4.

NOU 2020: 15 Det handler om Norge – utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distriktene.

5.

NOU 2020: 12 Næringslivets betydning for levende og bærekraftige lokalsamfunn. Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet.

6.

NIFU (2022). Utdanning uavhengig av bosted og livssituasjon? (rapport).

7.

Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge. Kunnskapsdepartementet.

8.

Tildelingsbrev for 2023 – Universitetet i Agder. Kunnskapsdepartementet. tildelingsbrev-2023-universitetet-i-agder-.pdf (regjeringen.no)

9.

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/regjeringen-vil-ha-flere-praksisplasser-for-helse-og-sosialfagsstudener/id2926992/

10.

Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2022–2023. Kunnskapsdepartementet.

11.

Meld. St. 13 (2022–2023) Samisk språk, kultur og samfunnsliv – Kompetanse og rekruttering i barnehage, grunnopplæring og høyere utdanning. Kommunal- og distriktsdepartementet.

12.

Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge. Kunnskapsdepartementet.

13.

Rye, J.F. (2021). Distriktsungdom og utdanning: Studievalg, forløp og arbeidsmarkeder (rapport). Distriktssenteret.

14.

Samfunnsøkonomisk analyse (2021). Dimensjonering av utdanningstilbudet (rapport nr. 25-2021).

15.

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga.

16.

Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge. Kunnskapsdepartementet.

17.

Samfunnsøkonomisk analyse AS (2022). Fylkeskommunenes regionale kompetansepolitikk og forvaltning av fagskoler (rapport).

18.

Regionale kompetanseindikatorer (2022). Kunnskapsgrunnlag for regional kompetansepolitikk (rapport). Trøndelag fylkeskommune m.fl.

19.

Oxford Research (2022). Studiesentres betydning og utviklingsmuligheter for å møte lokale og regionale kompetansebehov (rapport).

20.

NOU 2020: 15 Det handler om Norge – utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distriktene. Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

21.

Meld. St. 19 (2020–2021) Styring av statlege universiteter og høyskoler. Kunnskapsdepartementet.

22.

Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Noreg. Kunnskapsdepartementet.

23.

Ekspertutval (2022). Finansiering av universiteter og høyskoler (rapport). Kunnskapsdepartementet.

24.

Vista analyse AS (2022). Evaluering av personrettede virkemidler i tiltakssonen for Finnmark og Nord-Troms (rapport).

25.

Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Kunnskapsdepartementet.

26.

Prop. 57 L (2022–2023) Lov om grunnskoleopplæringa og den videregående opplæringa (opplæringslova). Kunnskapsdepartementet.

Til forsida