Meld. St. 33 (2019–2020)

Langskip – fangst og lagring av CO2

Til innhaldsliste

5 Gassnova og ekstern kvalitetssikrars vurdering

5.1 Gassnovas vurdering

Gassnova si idéstudie frå 2015 anbefalte at demonstrasjonsprosjektet for fullskala CO2-handtering burde bli gjennomført etter etablert industriell praksis. Gassnovas overordna oppgåver i planleggingsfasen har vore å sjå til at det blir utvikla ei CO2-handteringskjede som tilfredsstiller krava staten har til modning ved slutten av dei ulike prosjektfasane, samt å bidra til at staten får eit tilstrekkeleg underlag til å kunne avgjere om staten vil gi tilskot til realisering av fullskala CO2-handtering. Gassnova har lagt vekt på å utnytte den betydelege CO2-handteringskompetansen som foretaket har opparbeidd over mange år, gjennom tidlegare CO2-handteringsprosjekt, som forvaltar av statens eigarskap i Teknologisenter Mongstad og gjennom forskings- og utviklingsprogrammet CLIMIT. I konsept- og forprosjektfasen har Gassnova, etter mandat frå Olje- og energidepartementet, evaluert og rangert prosjekta til fangstaktørane, sett til at transport- og lagerprosjektet er utført i tråd med studieavtalen, samordna CO2-handteringskjeda, koordinert og utført arbeid knytta til gevinstrealisering samt gjennomført samfunnsøkonomiske vurderingar av prosjektet i samarbeid med DNV GL.

5.1.1 Gassnovas evaluering av fangstprosjekta

Gassnovas evaluering konkluderer med at prosjekta til både Fortum Oslo Varme og Norcem har gode tekniske løysingar, og at prosjekta er modne nok til å bli realisert. Gassnova rangerer Norcem som nummer ein og Fortum Oslo Varme som nummer to.

Evalueringa av fangstprosjekta til Fortum Oslo Varme og Norcem vart avslutta i desember 2019 og baserte seg på fangstaktørane sine forprosjektrapportar. Gassnova har gjennomført ei teknisk evaluering, ei vurdering av kvaliteten på kostnadsestimata til aktørane samt ei evaluering av aktørane sine bidrag til gevinstrealisering. Ei vellukka gjennomføring av prosjektet er ein føresetnad for ein god demonstrasjon av CO2-handtering som klimatiltak, og difor har det blitt lagt betydeleg vekt på industriaktørane si gjennomføringsevne i Gassnovas evaluering. Dette omfattar ei vurdering av mellom anna: Planlagt organisering og gjennomføring av prosjektet, system for HMS og kvalitetsleiing, risikostyring samt element som påverkar kor enkelt prosjektet er å bygge og planlegginga av anleggsfasen. Gassnova har også gjort ei vurdering av utforminga av sjølve CO2-fangstanlegget, dokumentasjon av kor moden den valte teknologien er og kvaliteten på framdriftsplanane som er framlagt.

Basert på aktørane sine forprosjektrapportar vurderer Gassnova at Norcem vil vere best i stand til å gjennomføre eit CO2-fangstprosjekt. Norcem er vurdert til å ha ein betre bearbeida gjennomføringsplan enn Fortum Oslo Varme og har kome lenger med førebuingar av relevante godkjenningar frå relevante myndigheiter. Norcem har også betre skildra metodar for konstruksjon og installasjon av CO2-fangstanlegget og har ein betre dokumentasjon av at dei tekniske elementa i prosjektet fungerer godt på sitt anlegg.

Med nokre unntak, har både Norcem og Fortum Oslo Varme modna fram underlaget for sine basiskostnadsestimat til rett nivå for ei investeringsavgjerd. Årsaken til dette er det lange tidsintervallet frå forprosjektet er ferdig til investeringsavgjerd og at tilskotsavtalane med staten ikkje var ferdigforhandla då forprosjektet vart avslutta.

Basert på Norcem og Fortum Oslo Varme sine utstyrslister og oppgitte mengder for røyr og stål er det gjennomført ein analyse av kostnadene ved å samanlikne desse med andre industriprosjekt. Hovudkonklusjonen i denne analysen er at estimata verkar å vere på rett nivå for Norcem, medan Fortum Oslo Varme sine estimat er noko høge.

Når det gjeld bidraga frå aktørane til gevinstrealisering, har begge aktørane gjort eit godt arbeid. Å vise at CO2-fangst er mogleg innafor ei kostnadsramme som er sett som akseptabel, er eit viktig bidrag til gevinstrealisering. Dette inneber at dersom kostnaden blir for høg, blir verdien av CO2-handteringsdemonstrasjonen lågare eller eventuelt negativ. Fortum Oslo Varme har ein høgare tiltakskostnad enn Norcem, og difor er ei realisering av Fortum Oslo Varme sitt prosjekt, isolert sett, vurdert å gi ein lågare demonstrasjonsverdi enn ei realisering av Norcems prosjekt. Fortum Oslo Varme har imidlertid identifisert fleire potensielle etterfølgjande prosjekt enn Norcem, teke imot svært mange besøkande på anlegget sitt og deler aktivt kunnskap. Gassnova vurderer dette som positivt.

Både Fortum Oslo Varme og Norcem har arbeidd vidare med utvalte aktivitetar etter avslutta forprosjekt. Fortum Oslo Varme har i tillegg justert layout for fangstanlegget for å tilrettelegge for etablering av ei potensiell ny forbrenningslinje i energigjenvinningsanlegget. Dette har ført til ein nedgang i dei anslåtte kostnadene for Fortum Oslo Varme sitt prosjekt. Gassnova har vurdert denne informasjonen og meiner at det ikkje er endringar av ein slik art at det påverkar konklusjonen frå evalueringa.

Begge aktørane har identifisert sine største risikoar i samband med bygging og drift av sine anlegg. Det er i desse prosessane ikkje kome fram risikoar som skulle tilseie at CO2-handteringskjeda ikkje skal kunne realiserast.

5.1.2 Gassnovas vurdering av CO2-transport- og lagringsprosjektet

Etter Gassnovas vurdering er CO2-transport- og lagringsprosjektet tilstrekkeleg utgreia for å gå inn i ein realiseringsfase. Gassnova ser det totale CO2-transport- og lagringssystemet som Northern Lights har utvikla som veleigna for å handtere CO2 frå Norcem og Fortum Oslo Varme, samtidig som det vert lagt til rette for å ta imot CO2 frå andre. Underlaget for basiskostnadsestimata i CO2-transport- og lagringsprosjektet er modna til rett nivå for å kunne fatte ei investeringsavgjerd.

Det er verifisert at Aurora-området er ein godt eigna stad for å lagre CO2. Dette er mellom anna gjort ved å bore ein kombinert verifikasjons- og injeksjonsbrønn, samt at det er utvikla ein god plan for å overvake lageret. Totalt sett vurderer Gassnova at desse aktivitetane har redusert den tekniske risikoen i CO2-transport- og lagringsprosjektet til eit akseptabelt nivå.

Northern Lights har utvikla ein skipsdesign for CO2-transport som gjer det mogleg å transportere CO2 frå CO2-fangstanlegga til mellomlageret i Øygarden på ein trygg og effektiv måte. Det er også gjort ein grundig jobb med å velge lokasjon for landanlegget og trasé for røyret. Det faktum at Northern Lights har valt å gjenbruke olje- og gassinfrastrukturen ved Oseberg A-plattforma til styring og overvaking av brønnen gir reduserte kostnadsestimat i prosjektet.

Northern Lights har gjort eit solid arbeid med gevinstrealisering. Det er arbeidd systematisk med å identifisere etterfølgjande prosjekt samt med deling av kunnskap og teknologiutvikling. I Gassnovas vurdering vert det lagt vekt på at fleire element i CO2-transport- og -lagringsprosjektet legg til rette for vidare teknologiutvikling innan CO2-transport og -lagring. Det er til dømes utvikla kostnadseffektive installasjonar på havbotnen og større skip for meir effektiv transport av flytande CO2 over lengre avstandar.

5.1.3 Gassnovas samla vurdering

Etter Gassnovas vurdering kan staten oppnå ein demonstrasjon av CO2-handtering gjennom realisering av ei CO2-handteringskjede med Norcems og/eller Fortum Oslo Varme sitt prosjekt. Begge fangstprosjekta er utgreia til eit nivå som er tilstrekkeleg for å gå inn i ein realiseringsfase for industrielle prosjekt. Gassnova har også vurdert transport- og lagerprosjektet til Northern Lights og konkluderer med at dette er komplett, av høg kvalitet og utgreia til eit rett nivå for realisering.

Både FNs klimapanel og IEA peikar på at CO2-handtering må bli ein teknologi som kan takast i bruk i eit betydeleg omfang raskt, dersom internasjonale klimaambisjonar skal nåast. Tidlege demonstrasjonsprosjekt vil generere læring og erfaring som kan redusere barrierar og gi kostnadsreduksjonar for etterfølgjande prosjekt. Å utvikle CO2-handteringsprosjekt tek lang tid, særleg å identifisere og kvalifisere eit veleigna og sikkert CO2-lager. Gassnova meiner at Noreg har ei god moglegheit for å realisere eit godt demonstrasjonsprosjekt, og at dette vil ha betyding for vidare teknologiutvikling internasjonalt.

Arbeidet med å identifisere etterfølgjande prosjekt og dele erfaring og kunnskap med relevante aktørar, særleg internasjonalt, er utført på ein god måte av alle dei involverte aktørane i prosjektet. Northern Lights-prosjektet har overkapasitet i transport- og lagringsinfrastrukturen, noko som gjer det mogleg å rekruttere nye CO2-fangstprosjekt. Northern Lights har gjort eit systematisk arbeid med dette. Slik Gassnova vurderer det er det lagt godt til rette for at det kan komme etterfølgjande prosjekt som ønskjer å ta transport- og lagringsinfrastrukturen i bruk. Det vil sannsynlegvis krevje at prosjekta i ein overgangsperiode dreg nytte av nye finansieringsordningar i EU, samt hos enkelte nasjonalstatar. Gassnova vurderer at utnytting av infrastrukturen er det viktigaste bidraget til framtidige kostnadsreduksjonar for CO2-handtering.

Gassnova har i samarbeid med DNV GL oppdatert den samfunnsøkonomiske analysen som Atkins/Oslo Economics utførte som del av statens kvalitetssikring i 2016 (KS1). Den oppdaterte analysen viser at CO2-reduksjonar i ikkje-kvotepliktig sektor kan ha høgare verdi for Noreg enn CO2-reduksjonar i kvotepliktig sektor, sidan Noreg har eigne innanlandske mål for denne sektoren. I eit globalt perspektiv vil imidlertid kvart tonn CO2 unngått ha same verdi uansett kva opphav CO2 som vert lagra har. Den oppdaterte samfunnsøkonomiske analysen konkluderer med at ei CO2-handteringskjede med både eitt og to fangstprosjekt kan bli samfunnsøkonomisk lønsam, men at lønsemda i prosjektet vil avhenge av om det i åra framover vert ført ein klimapolitikk internasjonalt i tråd med dei måla som er vedteke. I ein situasjon der internasjonal klimapolitikk bevegar seg i retning av måla i Parisavtalen, viser analysen at realisering av Norcem sitt prosjekt gir ein høgare samfunnsøkonomisk verdi enn realisering av Fortum Oslo Varme sitt prosjekt, hovudsakleg på grunn av forskjellen i kostnader for prosjekta.

5.2 Ekstern kvalitetssikrar si vurdering

Prosjektet er kvalitetssikra etter statens prosjektmodell. Det er Atkins og Oslo Economics som har gjennomført kvalitetssikringa. Kvalitetssikring av konseptvalet vart fullført i 2016 (KS1). Kvalitetssikringa av dei konkrete prosjekta (KS2) vart gjennomført i to delar, tilpassa industriprosjekta sine framdriftsplanar. KS2 del 1 vart levert i 2018, KS2 del 2 vart levert sommaren 2020.

I KS2-rapporten [56] peikar Atkins og Oslo Economics på at tiltaket er modna gjennom forprosjektfasen og framstår som tilstrekkeleg dokumentert og mogleg å gjennomføre, men med noko restusikkerheit i ein del prosessar. Kvalitetssikrar vurderer at det vert arbeidd systematisk med alle desse attverande prosessane.

Kvalitetssikrar vurderer at kostnaden er høg. Samla forventa investeringar for prosjektet (P50) vil ligge mellom 12,9 og 17,1 mrd. kroner, avhengig av om det vert beslutta å investere i eitt eller to fangstanlegg. Tilhøyrande årlege driftskostnader er i gjennomsnitt forventa å ligge mellom 570 og 800 mill. kroner i støtteperioden på ti år (P50). Samla kostnadsanslag for investering og drift er mellom 18,7 og 25,1 mrd. kroner (P50). Ekstern kvalitetssikrar vurderer statens kostnader inkludert 10 års drift til å vere mellom 14,4 og 21,11 mrd. kroner (P50), avhengig av kor mange og kva fangstprosjekt som blir realisert.

Kvalitetssikrar uttrykker at prosjektet kan vere samfunnsøkonomisk lønsamt, gitt ein ambisiøs klimapolitikk som er i tråd med dei globale temperaturmåla i Parisavtalen. Ekstern kvalitetssikrar har ikkje gjort ein sjølvstendig samfunnsøkonomisk analyse ved KS2, men teke utgangspunkt i Gassnova sine analysar og gått gjennom metodar og føresetnader. Kvalitetssikrar meiner at det viktigaste for om det vil komme etterfølgjande CO2-handteringsanlegg er korleis kostnaden for utslepp av CO2 står i forhold til CO2-handteringskostnaden. Usikkerheita på nyttesida er stor, og tiltaket kan difor også vise seg å vere svært ulønsamt. Tredjepartsfinansiering er naudsynt for å realisere etterfølgjande anlegg. Det kan ifølgje kvalitetssikrar vere best å realisere eitt fangstprosjekt i staden for to, fordi det gir større lagervolum tilgjengeleg for andre fangstprosjekt, og fordi det reduserer kostnaden utan at det treng å gjere læringseffektane mykje lågare. Etter kvalitetssikrar si vurdering synes Norcems fangstanlegg å vere å føretrekke framfor Fortum Oslo Varmes, primært grunna lågare livsløpskostnad. Kvalitetssikrar peikar spesielt på den viktige rolla transport- og lagerprosjektet speler i arbeidet med gevinstrealisering og med å skape ein marknad for CO2-handtering i Europa.

Kvalitetssikrar meiner vidare at planar for styring og organisering i hovudsak er formålstenlege, men noko umodne på statens side. Aktørane har omfattande erfaring med store investeringsprosjekt. Prosjektet vil kunne vere krevjande å styre, særleg ved behov for endringar. Tilskotsavtalane med industriaktørane synes å vere godt gjennomarbeidd, og det er etablert mekanismar for å ivareta ei formålstenleg etablering og drift av prosjektet.

Fotnotar

1.

Tala omfattar eventuell tilleggsstøtte for fangst av CO2 utanfor kvotepliktig sektor. Tala er oppdatert etter offentliggjering av KS2-rapporten 24.06.2020.

Til forsida