1 Innhald i proposisjonen
Nærings- og handelsdepartementet legg med dette fram utkast til lov om statleg varekrigsforsikring. Utkastet til lov inneber ei omlegging av heimelsgrunnlaget for staten sitt tilbod om varekrigsforsikring. Lovframlegget inneber at varekrigsforsikring vert etablert som eit beredskapssystem, som gjer det mogleg med risikodekning ved krise og krig. Lova kjem i staden for lov av 3. desember 1948 nr. 8 om Statens varekrigsforsikring. Statens varekrigsforsikring under leiing av det eksisterande styret vil såleis avvikle verksemda etter ein overgangsperiode.