5 Den internasjonale marknaden for varekrigsforsikring
På den internasjonale marknaden dominerer Institute of London Underwriters (IUA) og Lloyds. Londonmarknaden har tradisjonelt hatt ein stor kapasitet som kan nyttast anten direkte eller til reassuranse for forsikringsselskap elles i verda. I denne private marknaden kan ein teikne forsikring for dekning av einskilde reiser, hovudsakleg sjøtransport. Det er også mogleg å teikne separat forsikring for lufttransport, og i ei viss utstrekning for landtransport.
Til liks med dei internasjonale aktørane følgjer Statens varekrigsforsikring Londonmarknaden og nyttar signala derifrå som rettleiing for sitt tilbod. Premieindikasjonane frå War Risk Rating Committee er utgangspunkt for premiefastsetjing for einskilde transportar og oppbygginga av premiesystemet.
Den vanlegaste forma for risikoavlasting er reassuranse på Londonmarknaden. Statens varekrigsforsikring har i dag ei reassuranseavtale. Avtala dekkjer sjøtransport og avdekkjer ein stor del av risikoen som Statens varekrigsforsikring er utsett for i situasjonar med lågt eller moderat konfliktnivå i verda. Krigsforsikringane i Londonmarknaden har ein automatisk klausul for opphøyr ved stormaktskrig.