4 Gjeldande rett i utlandet
I dei fleste landa i Europa har private forsikringsselskap som hovudregel eit tilbod om varekrigsforsikring i fredstid. Den norske løysinga med eit statleg tilbod både i fredstid og krigstid er såleis særeigen. Når det gjeld varekrigsforsikring i krigstid er det vanleg at staten har ei sentral rolle, anten ved å tilby varekrigsforsikring direkte eller gjennom reassuranse.
Dei europeiske landa har valt ulike løysingar ut frå geografi og finansiell- og militær styrke. Omsynet til beredskapen er derfor tillagt ulik vekt i dei ulike landa.
Danmark hadde frå 1939 til 1994 eit statleg tilbod av varekrigsforsikring gjennom «Dansk Krigs-Søforsikring for Varer». Den statlege ordninga vart lagt ned i 1994 etter at ei evaluering konkluderte med at det private tilbodet var tilstrekkeleg utvikla til å dekkje behovet for varekrigsforsikring. Det eksisterer i dag ikkje noko statleg beredskapsopplegg for varekrigsforsikring i Danmark.
I Sverige er det i fredstid berre tilbod om varekrigsforsikring frå private forsikringsselskap. I situasjonar med krig eller krise vil staten gå inn som direkte forsikringsgivar, dvs. at staten gir transport- og kjøretøyforsikring mot krigsrisiko, og mot risiko for at varer eller kjøretøy kjem under embargo eller på annan måte blir haldne attende. Den gjeldande lova er ei beredskapslov og inneheld føresegner for når ho blir sett i kraft. Forvaltninga av oppgåvene som lova handlar om er lagt til Krigsforsikringsnemnda. Nemnda har i denne samanhengen inngått avtaler med dei private forsikringsselskapa om at selskapa ved krigsutbrott skal fungere som nemnda sine agentar for sal av varekrigsforsikring. Gjennom desse avtalene tek staten på seg ansvaret for heile krigsrisikoen som blir dekt av dei løpande transportforsikringane i private forsikringsselskap, og som er knytte til svenske interesser.