8 Økonomiske og administrative verknader
Framlegget til lov gir nye rammer for forvaltninga av eit statleg tilbod om varekrigsforsikring, og angir ansvars- og styringsforhold for ei slik verksemd. Departementet meiner at framlegget til modell gjer det mogleg å aktivere ei effektiv ordning i ein situasjon med krig eller krise. Samstundes vil administrasjonen av den nye modellen i fredstid gi mindre kostnader sidan verksemda vil vere avgrensa til ei ordning i beredskap.
Etter statsbudsjettet 2003 er det att likvide midlar på om lag 160 mill. kroner under ordninga. Det er lagt til grunn at utgiftene med å etablere det nye beredskapssystemet blir dekte av midla i fondet i 2003. Etter at Statens varekrigsforsikring i si noverande form er avvikla, vil restmidla med unntak av 10 mill. kroner bli førte til inntekt i statsbudsjettet.
Det nye systemet inneber at plikter som er inngått under Statens varekrigsforsikring vil bli avvikla etter dei avtaler som gjeld for polisane. Departementet legg til grunn at pliktene som er inngått i all hovudsak vil vere avslutta innan utgangen av 2003. Om det likevel er plikter i 2004 skal krav behandlast av sekretariatet for den statlege varekrigsforsikringsordninga på vegner av departementet.
Innføring av lov om statleg varekrigsforsikring fører med seg risiko for at Staten kan pådra seg erstatningsutbetalingar utover det som blir dekt gjennom premieinnbetalingar. Regjeringa vil i samband med statsbudsjettet for 2004 be om fullmakt frå Stortinget til at Kongen i 2004 kan inngå avtaler om forsikringsansvar under beredskapsordninga for varekrigsforsikring innafor ei totalramme for nytt og gamalt ansvar på 1000 mill. kroner (fullmakt om «dekning av forikringstilfelle»). Nivået på ei slik fullmakt er sett ut frå at uteståande forsikringsansvar pr. dag under gjeldande ordning med varekrigsforsikring - ved drift i fredstid - kan vere på denne storleiken. Ein må vente at Regjeringa vil be om ei slik fullmakt i samband med dei årlege statsbudsjetta under Nærings- og handelsdepartementet.
Dersom det blir behov for utbetalingar i samband med forsikringsavtaler som er inngått under beredskapsordninga, vil Regjeringa i samsvar med § 11 i Løyvingsreglementet fremje forslag om tilleggsløyving, om mogleg før utgifta blir pådregen. Dersom saka hastar slik at ein ikkje kan vente med betaling til stortingsvedtak ligg føre, vil det bli fremja kongeleg resolusjon med samtykke til at utgifta blir pådregen og dekt. Regjeringa vil i etterhand leggje fram saka i proposisjon til Stortinget.
GIEK er i dag sekretariat for Statens varekrigsforsikring. Departementet vil vurdere korleis sekretariatsfunksjonen bør organiserast økonomisk og administrativt, men legg til grunn at det skal vere eit fast sekretariat for statleg varekrigsforsikring i fred så vel som i krise og krig. Det skal liggje føre ei avtale mellom departementet og sekretariatet . Departementet legg til grunn at utgifter til drift av det nye beredskapssystemet i fredstid vil bli dekte av dei årlege renteinntektene av fondet på 10 mill. kroner.