1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
I proposisjonen gjer Finansdepartementet blant anna framlegg om å innføre særlege reglar om lågare grunnlag for utrekning av meirverdiavgifta ved omsetning av brukte varer, kunstverk, samleobjekt og antikvitetar. Det vil vere valfritt for vidareforhandlarar å nytte dei særlege reglane. Etter framlegget vil heimel for ordninga bli teke inn i nytt kapittel XVIa i meirverdiavgiftslova. Ordninga vil bli nærmare regulert i forskrifter.