Ot.prp. nr. 17 (1996-97)

Om lov om endringar i lov av 19. juni 1969 nr 66 om merverdiavgift

Til innholdsfortegnelse

II

Lova tek til å gjelde frå den tida Kongen fastset.

Reglane i kapittel XVIa gjeld for vidaresal av brukte varer, kunstverk, samleobjekt og antikvitetar som er levert til vidareforhandlaren frå og med tidspunktet då lova tek til å gjelde.

Reglane i kapittel XVIa kan og nyttast ved vidaresal av brukte varer, kunstverk, samleobjekt og antikvitetar som er levert til verksemda før lova tek til å gjelde, dersom vidareforhandlaren kan leggje fram dokumentasjon for den enkelte vara sin innkjøpspris, og kan godtgjere at det ikkje er betalt avgift i samband med kjøpet av vara. Departementet kan i forskrift fastsetje nærmare krav til dokumentasjon for den enkelte vara sin innkjøpspris, og fastsetje nærmare krav til godtgjering av at det ikkje er betalt avgift i samband med kjøpet av vara.

Til forsiden