9 Økonomiske og administrative konsekvensar
9.1 Provenymessige verknader
Innføring av avansen som utrekningsgrunnlag for meirverdiavgifta ved omsetning av brukte varer mv, vil gi ulike verknader i marknaden, som og vil kunne gi provenymessige konsekvensar for staten. Det er likevel vanskeleg å gi gode overslag for sannsynleg provenyutslag av endringane.
Dei provenymessige følgjene av omlegginga til avansesystemet, vil i stor grad vere avhengig av marknaden for brukte varer mv. Dette gjeld både det økonomiske omfanget, og til kva for kjøparar salet av brukte varer mv hovudsakleg foregår. Når kjøparen av brukte varer mv ikkje har frådragsrett for inngåande avgift, det vil seie at salet ikkje går til vanleg avgiftspliktig verksemd, vil det vere økonomisk lønsamt for ein vidareforhandlar å nytte avansen framfor salsvederlaget som utrekningsgrunnlag for avgifta. Ved sal til vanlege avgiftspliktige verksemder, vil truleg gjeldande reglar, der grunnlaget for utrekninga av avgifta er salsvederlaget, framleis bli nytta i dei fleste tilfella.
Det er hovudsakleg følgjande sektorar som ikkje har frådragsrett for inngåande meirverdiavgift: Private konsumentar (hushaldningssektoren), konsumentorganisasjonar (private foreiningar), ikkje-avgiftspliktig næringsverksemd og offentleg forvaltning. Den største gruppa når det gjeld kjøp av brukte varer mv synes å vere private konsumentar (hushaldningar).
Effekten på provenyet er avhengig av fleire forhold:
Omfanget av avgiftspliktig omsetning av brukte varer mv.
Kva for sektorar som er kjøparar av brukte varer. Dersom kjøparane ikkje har frådragsrett for inngåande meirverdiavgift, vil avansesystemet gi redusert avgiftsbelastning.
Kor stor del av bruktomsetninga som går gjennom vanleg butikk- og auksjonssal, der salssummen er grunnlaget for utrekninga av avgifta.
Kor stor forskjellen er mellom avansen og salssummen for brukte varer. Dersom innkjøpsprisen i gjennomsnitt er relativt låg, treng ikkje omlegginga få særlege provenymessige følgjer.
Kor stor del av bruktomsetninga det i dag i praksis, i strid med reglane, blir rekna avgift av avansen for (til eksempel avgiftsutrekning på grunnlag av nettoomsetning ved innbytte).
Det finst ulike former for omsetning av brukte varer mv:
- A1)
Vanleg avgiftspliktig butikk- og auksjonssal, der meirverdiavgifta i dag blir rekna av salssummen. Innføring av avansen som utrekningsgrunnlag vil i desse tilfella isolert føre til at avgiftsprovenyet går ned.
- A2)
Som a1, men der praksis synest å vere at dei brukte varene i det vesentlege blir skaffa ved innbytte i samband med kjøp av ny eller brukt vare, med bokføring av netto sals- og avgiftsbeløp. Dette svarer til ei form for avansesystem som ikkje er i samsvar med reglane. Omlegginga får neppe provenymessige følgjer.
- B)
Omsetning via formidlarar/ mellommenn/ meklarar/«stråmenn». Denne type tenester er i hovudsak ikkje omfatta av meirverdiavgiftslova. Omlegginga får isolert ingen følgjer for provenyet når det gjeld denne type omsetning.
- C)
Avgiftspliktig (som a1 eller a2), men ikkje registrert (det vil seie 1/2svart1/2) omsetning.
- D)
Ikkje avgiftspliktig omsetning mellom privatpersonar. Dette er særleg aktuelt innan hushaldningssektoren.
Omlegginga vil ha to motstridande hovudverknader som begge har følgjer for provenyet:
Høve til å rekne ut meirverdiavgifta på grunnlag av avansen i staden for salssummen ved sal av brukte varer mv vil innebere ei avgiftslette for varehandelen, og dermed isolert sett redusert proveny for staten, jf a1.
Avgiftsletta ved omsetning av brukte varer mv kan føre til at ein større del av omsetninga vil gå gjennom registreringspliktig omsetningsverksemd, i staden for i form av alternativt sal, det vil seie overgang frå kategoriane b, c og d til a1. Dette gir isolert auka proveny for staten.
Ved at den avgiftsmessige ulempa ved å drive vanleg butikk- og auksjonssal blir redusert i forhold til formidling (ikkje-avgiftspliktig handel) og «svart» handel (ulovleg), er det tenkjeleg at butikk- og auksjonssal får ein stigande del av den samla omsetninga. Dette vil på sikt medvirke til å auke provenyet. I prinsippet kan det og tenkast at den totale omsetninga av brukte varer mv i samfunnet vil auke som følgje av omlegginga, ved at bruktmarknaden blir meir attraktiv for butikksal.
Det ligg ikkje føre noko godt statistisk grunnlag for å rekne ut dei provenymessige konsekvensane av å innføre avansesystemet for brukte varer mv. Eit kvart forsøk på å rekne ut dei provenymessige konsekvensane vil derfor måtte baserast på ein noko tilfeldig informasjon, og vil derfor vere hefta med vesentleg uvisse. Statistisk sentralbyrå si forbruksundersøking gir riktig nok opplysningar om forbruksutgift for varer eller varegrupper, men inneheld ikkje opplysningar om varene er kjøpt nye eller brukte.
Det er i Danmark og gjort forsøk på å rekne ut provenyutslaget ved tilsvarande endring i meirverdiavgiftsreglane. Statistikkgrunnlaget blir rapportert å vere noko betre i Danmark, ved at dei danske forbrukarundersøkingane gir opplysning om kjøp av visse brukte varer. Det er gjennomført utrekningar for Danmark som indikerer at provenytapet der vil vere ca 150 mill kroner pr år.
På grunnlag av blant anna kontaktar med forskjellige bransjar for brukte varer mv i Noreg, vil truleg provenytapet for Noreg vere lågare enn det som er rekna ut for Danmark. På noko usikkert grunnlag er det truleg at overgang til avansesystemet vil kunne gi eit bortfall av proveny på i storleik 100 mill kroner det første året.
Bortfallet av proveny på grunn av omlegginga vil truleg avta over tid, fordi avansesystemet truleg vil føre til at avgiftspliktig butikk- og auksjonssal vil komme i ein konkurransemessig betre stilling samanlikna med det dei gjer etter gjeldande reglar. Andre året vil truleg provenybortfallet vere halvert, det vil seie omlag 50 mill kroner. Deretter, frå og med 3. år, vil omlegginga til avansesystemet truleg ikkje innebere noko provenymessig endring samanlikna med om gjeldande reglar for utrekning av meirverdiavgift på brukte varer mv hadde blitt vidareført.
9.2 Administrative konsekvensar
Skattedirektoratet meiner at innføring av særlege reglar om lågare utrekningsgrunnlag for brukte varer mv, truleg vil føre til ei viss auke i ressursbruken på fylkesskattekontora. Dette som følgje av at alternative omsetningsformer blir redusert, og at det blir fleire som registrerer seg i avgiftsmanntallet.
Direktoratet forventar og at kontroll, til eksempel bokettersyn hos vidareforhandlarar, blir noko meir tidkrevjande enn i dag. Dette vil særleg gjelde hos vidareforhandlarar som vil nytte både reglane om samla terminvis utrekning av avansen og reglane om utrekning av avansen for kvar enkelt vare. Særleg i startfasa vil det vere behov for oppfølgjing gjennom kontrollar av dei næringsdrivande, supplert med informasjonsverksemd om regelendringane. Meir planmessige kontrollar på området i startfasa, vil og gjere det mogleg å kartleggje eventuelle svake punkt, og kontrollmessige vanskar med systemet.
Innføring av avansesystemet vil kunne framstå som ei forvansking av regelverket for brukte varer mv. Ei slik komplisering av regelverket vil kunne medføre auka behov for ressursbruk for dei næringsdrivande. Ein viser til at innføringa av avansesystemet gjer det nødvendig å fastsetje ei rekkje nye rekneskaps- og fakturareglar. Departementet viser til at det ikkje er ei plikt for dei næringsdrivande å nytte avansesystemet. Dei kan etter framlegget velje å rekne ut meirverdiavgifta som i dag, med det fulle salsvederlag som utrekningsgrunnlag. Dei vil då ikkje måtte innordna seg etter dei nye rekneskaps- og fakturareglane.