1 Hovudinnhaldet i proposisjonen og bakgrunnen for lovforslaget
Med heimel i lov 18. juni 1965 nr. 4 om vegtrafikk § 24 siste ledd og lov 4. juni 1976 nr. 63 om samferdsel (samferdselsloven) § 13 nr. 3 kunne det stillast krav om kjøresetel for førar ved persontransport mot vederlag. Reglane er no plasserte i forskrifter om førerkort og førerprøve m.v. av 23. februar 1979 nr. 4 (førerkortforskriften) § 7 nr. 7, og dei har tidlegare vore plasserte i eiga forskrift om kjøresetel. Styresmaktene kan på nærare fastsette vilkår kalle tilbake, beslagleggje eller nekte tildeling av kjøresetel. Vedtaka blir i dag trefte administrativt av politiet, og vedtaka kan påklagast administrativt eller bringast inn for domstolane ved sivilt søksmål. Samferdselsloven er nå avløyst av lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportloven).
Justisdepartementet foreslo i Ot.prp. nr. 52 (2002-2003) Om lov om endringer i vegtrafikkloven m.v. (domstolsbehandling av tap av retten til å føre motorvogn m.v.) at kompetansen til å ta frå nokon retten til å føre førarkortpliktig motorvogn m.v. på grunn av straffbare forhold, skal overførast til domstolane og at avgjerda skal treffast i samband med straffesaka. Denne overføringa av kompetanse skal berre gjelde der tap av retten til å føre førarkortpliktig motorvogn m.m. er grunna i straffbare forhold, jf. lovendring 7. april 2003 nr. 77.
Det blei og foreslått at tilsvarande reglar skal gjelde for tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag (kjøresetel), og at reglane skal flyttast frå forskrift til formell lov.
Ot.prp. nr. 52 (2002-2003) hadde berre forslag til endringar i vegtrafikkloven. Av den grunn fremmar Samferdselsdepartementet ein eigen odelstingsproposisjon om endringar i yrkestransportloven, slik at reglane for tap av retten til føre motorvogn ved persontransport mot vederlag på grunn av straffbare forhold får heimel i formell lov. Dette forslaget har ikkje vore sendt på eiga høyring.
Spørsmålet om å endre saksbehandlingsreglane for tap av retten til å ha førarkort og andre liknande reaksjonar som følgje av ei straffbar handling har vore reist ei rekkje gonger. Justisdepartementet sendte 20. september 2002 eit forslag om endringar i reglane om tap av retten til å føre motorvogn m.m. på høyring.
I høyringsnotatet foreslo Justisdepartementet mellom anna at spørsmålet om tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag, skulle behandlast som ledd i ei straffesak når grunnlaget for tilbakekallet er ei straffbar handling.
Føresetnaden for forslaget var at etablert praksis skal vidareførast når domstolane behandlar spørsmålet.
For oversikt over høyringsinstansane vert det vist til Ot.prp. nr. 52 (2002-2003).