3 Forslaget om overføring av kompetanse frå politi til domstol i samband med tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag
Bakgrunnen for forslaget om å overføre kompetansen til å fastsetje tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag frå politiet til domstolane, er basert på fleire argument. Mellom anna ønskje om ein samordna reaksjon, den dømde sitt behov for ei hurtig og samla fastsetting av konsekvensane av ei straffbar handling, auka preventiv effekt ved rask saksbehandling og sikker og forsvarleg saksbehandling. Tilsvarande gjeld og ved førelegg. Reglane om tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag liknar i stor utstrekning reglane om tap av retten til å føre førarkortpliktig motorvogn m.m., og bør av den grunn behandlast på same måte. I høyringsnotatet om endringar i vegtrafikkloven blei høyringsinstansane særskild bedt om sine synspunkt med omsyn til reglane om tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag.
Resultatet av høyringa er framstilt i Ot.prp. nr. 52 (2002-2003) og er i tråd med ovannemnde argument. Det er og lagt til grunn at ei slik omlegging av praksis vil hindre tvil om vedtaket er i strid med den europeiske menneskerettighetskonvensjon (EMK). Ei ordning der domstolen avgjer reaksjonar om tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag som ein del av ei straffesak, er mest i samsvar med EMK. Føresetnaden for slik overføring av kompetanse til domstolane er likevel at nåverande skjematiske praksis blir ført vidare. Dette vil skje ved forskrift, jf. yrkestransportloven § 35.
Dei fleste høyringsinstansane meiner at reglane om tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag bør fastsetjast i formell lov og ikkje i forskrift som i dag. Grunnen er inngrepet sin alvorlige karakter og at det liknar tap av retten til å føre førarkortpliktig motorvogn m.m. som reaksjon. For å få eit mest mogeleg oversiktlig regelverk bør og reglane om nekting, mellombels nekting og beslag av kjøresetel overførast til formell lov. Det blir likevel slik at kompetansen til nekting, mellombels nekting og beslag framleis skal liggje hos politiet.