5 Merknader til lovforslaget
Endringane i reglane om kjøresetel inneber i all hovudsak ingen realitetsendringar i høve til nåverande regelverk. Dei materielle endringane gjeld overføring av kompetansen ved tilbakekall og kva for styresmakt som kan gjere unntak frå regelverket.
5.1 Til lovforslaget del I - endringar i yrkestransportloven
Til § 37 a
Regelen er ei vidareføring av reglane i førerkortforskriften § 7 nr. 7 bokstavane a, b og f med endringar i samsvar med ordlyden i yrkestransportloven med omsyn til dei ulike transportformer.
For at det skal kunne stillast krav om kjøresetel, må transporten skje «mot vederlag». Det blir presisert at kravet til kjøresetel gjeld føraren, medan kravet om løyve gjeld den som har transporten som næring. Det er ikkje avgjerande om transportøren har hatt forteneste ved turen eller om motivet for turen var å oppnå forteneste. Kan det konstaterast at vedkommande som driv transporten har fått vederlag i ei eller anna form, vil det kunne stillast krav om kjøresetel.
Kjøresetelen gjeld persontransport mot vederlag ved bruk av drosje, selskapsvogn, turvogn, rutevogn eller motorvogn som er spesielt utforma og/eller utstyrt for transport for funksjonshemma. Det er innehavaren sitt førarkort som avgjer om han kan bruke kjøresetelen på alle motorvogngrupper. Eventuelle andre avgrensingar for bruk av kjøresetelen eller bestått kjennskapsprøve skal påførast kjøresetelen.
Til § 37 b
Regelen er ei vidareføring av regelen i førerkortforskriften § 7 nr. 7 bokstav d. Det er ikkje lenger vist til dei bestemte reglane i førerkortforskriften om helsekrav til førarkortklassane. Dette slik at ein for framtida ikkje skal måtte til med lovendring når heimelen for krava til helse endrar seg. Ut over dette er det inga realitetsendring med omsyn til innhaldet i regelen.
Til § 37 c
Regelen er ei vidareføring av reglane i førerkortforskriften § 7 nr. 7 bokstav c og e.
Til § 37 d
Reglane er ei vidareføring av reglane i førerkortforskriften § 7 nr. 7 bokstav i tredje ledd.
Til § 37 e
Reglane er ei vidareføring av reglane i førerkortforskriften § 7 nr. 7 bokstav i første og andre ledd med terminologiske justeringar i tråd med dei justeringane som er gjort for reglane om beslag av førarkort. For ytterlegare kommentarar blir det vist til Ot.prp. nr. 52 (2002-2003).
Til § 37 f
Reglane er ei vidareføring av reglane i førerkortforskriften § 7 nr. 7 bokstav h. Likevel slik at avgrensinga med omsyn til kva for lovbrot som kan medføre tap av retten til å ha kjøresetel er utvida i tråd med konklusjonen i Ot.prp. nr. 52 (2002-2003) s. 50, og at kompetansen til å fastsetje tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag på grunn av straffbart forhold er overført til domstolane.
Til § 37 g
Regelen er ei direkte vidareføring av regelen i førerkortforskriften § 7 nr. 7 bokstav i andre ledd.
Til § 37 h
Regelen i første ledd er identisk med regelen i førerkortforskriften § 40 nr. 2. Etter omorganisering i Statens vegvesen er det no regionvegkontora som treffer vedtak.
Regelen i andre ledd inneber ei endring i høve til tidligare rett. Etter førerkortforskriften § 43 var det Vegdirektoratet som kunne gjere unntak frå reglane om kjøresetel. I tråd med at det er Politidirektoratet som er klageinstans for vedtak treft av politiet, bør det og vere Politidirektoratet som er rette vedkommande for søknader om unntak frå regelverket om kjøresetel. På den måten får ein samla kompetansen i forhold til regelverket hos ei styresmakt. Unntak kan berre gjerast i einskilde tilfelle.
Til § 37 i
Første ledd er ei vidareføring av reglane i førerkortforskriften § 7 nr. 7 bokstav h siste punktum og gjeld berre ved tilbakekall av kjøresetel med heimel i § 37 f første ledd.
Som ein konsekvens av at kompetanse til å fastsetje tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag, må politiet på tilsvarande måte som for tap av retten til å føre førarkortpliktig motorvogn, kunne forkorte lengda av tapet av retten til å ha kjøresetel. Regelen er ei vidareføring av regelen i vegtrafikkloven § 39, som etter lovendring 7. april 2003 nr. 77 vil bli plassert i vegtrafikkloven § 40.
5.2 Til lovforslaget del II - ikraftsetjing
Departementet foreslår at forslaget til lovendring i yrkestransportloven trer i kraft frå 1. januar 2004.
Departementet vil sørgje for at reglane om kjøresetel i førerkortforskriften blir oppheva frå same dato.