2 Oversikt over gjeldande rett
Gjeldande reglar om kjøresetel finst no i forskrifter om førerkort og førerprøve m.v. av 23. februar 1979 nr. 4 (førerkortforskriften) § 7 nr. 7. Ved persontransport mot vederlag må førar av drosje, selskapsvogn, turvogn, rutevogn og motorvogn som er spesielt utforma og/eller utstyrt for transport for funksjonshemma i tillegg til førarkort ha kjøresetel, jf. førerkortforskriften § 7 nr. 7 bokstav a. Den som skal få kjøresetel, må vera fylt 20 år og ha slik vandel at politiet ikkje finn vedkommande uskikka til å virke som førar ved persontransport mot vederlag, og oppfylle dei nødvendige helsekrav, jf. førerkortforskriften § 7 nr. 7 bokstav c og d. Kjøresetelen blir utferda av politimeisteren der vedkommande bur og gjeld for 10 år.
Kjøresetel kan tapast med heimel i førerkortforskriften § 7 nr. 7 bokstav h andre punktum. Politiet kan tilbakekalle kjøresetelen når føraren er idømd straff for brot på reglar fastsette i eller i medhald av yrkestransportloven, pliktavholdsloven eller vegtrafikkloven, dersom allmenne omsyn krev det. Tilbakekallet kan gjelde for ei bestemt tid eller for alltid.
Førerkortforskriften § 7 nr. 7 bokstav c gir politiet heimel til å nekte og utferde kjøresetel dersom vedkommande sin vandel gjer han uskikka til å drive persontransport mot vederlag.
Førerkortforskriften § 7 nr. 7 bokstav h første punktum gir politiet heimel til å tilbakekalle kjøresetelen dersom vedkommande ikkje er skikka til å drive persontransport mot vederlag.
Politiet sitt vedtak om kjøresetel er eit enkeltvedtak, jf. forvaltningsloven § 2 første ledd bokstav a og b. Vedtaket skal grunngjevast, og innehavaren skal varslast på førehand, jf. forvaltningsloven §§ 24 og 16. Ved beslag av kjøresetel er det ikkje nødvendig med varsel på førehand, jf. forvaltningsloven § 16 tredje ledd bokstav a. Reglane om klage i forvaltningsloven gjeld og i høve til kjøresetel. Klagefristen er tre veker frå då melding om vedtaket kom fram, jf. forvaltningsloven § 29 første ledd. Politidirektoratet er klageinstans for vedtak treft av politiet, jf. førerkortforskriften § 40 andre ledd. For beslag av kjøresetel er det lagt til grunn at innehavaren ikkje kan klage til Politidirektoratet i dei tre vekene politiet har rett til å ta beslag i kjøresetelen utan samtykke frå innehavaren. Vedtaket kan og bringast inn for domstolane ved sivilt søksmål.
Med heimel i forvaltningsloven § 35 kan eit forvaltningsorgan gjere om sitt eige vedtak om nekting, mellombels nekting, beslag og tilbakekall av kjøresetel.