Forslag til lov om endringer i opplæringslova
I
I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir det gjort følgende endringer:
§ 13–2 skal lyde:
§ 13–2 Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i institusjonar etter barnevernlova
Når det blir gjort vedtak om plassering i institusjon etter barnevernlova, er det den fylkeskommunen der institusjonen ligg som har ansvaret for å oppfylle retten til grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring etter lova her. Fylkeskommunen der institusjonen ligg har rett til refusjon av utgifter til opplæringa frå fylkeskommunen der barnet eller den unge er busett på det tidspunktet det blir gjort vedtak om plassering, etter satsar fastsett av departementet.
Ansvaret omfattar barn og unge i institusjonar i fylkeskommunen som den statlege regionale barnevernmyndigheita har ansvaret for etter barnevernlova § 5–1, og barn og unge i private og kommunale institusjonar som er godkjende etter barnevernlova § 5–8. Dersom opplæringa skjer i institusjonen, skal institusjonen sørgje for nødvendige lokale til formålet.
Departementet gir forskrifter om refusjon av utgifter til opplæring av barn og unge frå andre fylkeskommunar.
II
Loven gjelder fra det tidspunktet Kongen bestemmer.