1 Proposisjonens hovedinnhold
Utdannings- og forskingsdepartementet legg med dette fram utkast til endring i lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa § 4A-3 (opplæringslova). Endringsforslaget byggjer i hovudsak på ein rapport avgitt desember 2001 av ein arbeidsgruppe som blei leia av Kommunal- og regionaldepartementet, med deltakarar frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Mandatet for arbeidet var mellom anna å greie ut korleis ordninga for realkompetansevurdering av søkjarar til vidaregåande opplæring kan bli utvida til å omfatte alle som treng vurdering av realkompetansen sin på vidaregåande opplærings nivå. På grunnlag av rapporten vart det sendt ut eit høringsbrev med utkast til endring i opplæringslova 30. mai 2002 med høringsfrist 5. august 2002. Det har kome inn vel 100 høringsfråsegn.
Omgrepet realkompetanse omfattar all formell og uformell kompetanse eit menneske har, uavhengig av kor og korleis den er tileigna. Per i dag er retten til realkompetansevurdering knytt til retten til vidaregåande opplæring, og blir nytta som grunnlag ved inntak til opplæring og eventuelt for avkorting av opplæringsløp. Siktemålet med lovendringa er å opne for bruk av realkompetansevurdering når føremålet ikkje er vidare utdanning, slik at også personar som ønskjer å dokumentere yrkeskompetansen sin med sikte på arbeid får høve til det. Yrkesprøving er ein metode for vurdering av realkompetanse som har vist seg godt eigna til å vurdere ein person sin konkrete dugleik når det gjeld å utøve eit yrke.
Retten til realkompetansevurdering for personar med rett til vidaregåande opplæring er no omtalt i forskrift. Forslaget om endring i lova vil gi behov for å gjennomgå desse forskriftane.