3 Gjeldande rett
Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa av 17. juli 1998 (opplæringslova) fastsett kven som har rett til vidaregåande opplæring, og forskrift til opplæringslova av 28. juni 1999 gir regler for å skrive ut offentleg dokumentasjon.
Opplæringslovas § 4A-3 lyder som følgjer:
«§ 4A-3. Rett til vidaregåande opplæring for vaksne
Vaksne som har fullført grunnskolen eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har etter søknad rett til vidaregåande opplæring. Første punktum gjeld vaksne som er fødde før 1. januar 1978. Opplæringa for vaksne skal tilpassast behovet til den enkelte. Retten kan oppfyllast mellom anna ved fjernundervisningstilbod. Departementet gir nærmare forskrifter, mellom anna om kven retten omfattar, om inntak, rangering og førerett.
Vaksne som er tekne inn til vidaregåande opplæring, har rett til å fullføre opplæringsløpet. Dette gjeld sjølv om dei ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter første leddet.
I fag der læreplanen føreset lengre opplæringstid enn tre år, har dei vaksne rett til opplæring i samsvar med den opplæringstida som er fastsett i læreplanen.
Opplæringa er gratis. Fylkeskommunen kan påleggje vaksne som får vidaregåande opplæring, å halde seg med undervisningsmateriell og utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha, til eige bruk. Fylkeskommunen kan krevje betaling for utgifter til å kopiere slikt materiell. Departementet gir nærmare forskrifter.
(Føydd til med lov 30 juni 2000 nr. 63 (i kraft 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645).»
Endringane i Opplæringslova av 30. juni 2000 gir vaksne som er fødde før 1. januar 1978 og som har fullført grunnskole eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring (§ 4A-3), rett til slik opplæring. Kravet til fullført grunnskole eller tilsvarande blir praktisert liberalt.
Av forskrift til opplæringslova går det fram at vaksne med rett til vidaregåande opplæring har rett til å få kartlagt og vurdert realkompetansen sin, slik at han kan danne grunnlag for søknad om inntak. Forskrifta §§ 4-63 til 4-66 omtalar kva typar dokumentasjon fylkeskommunen kan gi; vitnemål, fag/sveinebrev eller kompetansebevis.
I Ot.prp. nr. 44 (1999-2000) er det lagt vekt på at «Opplæringa skal byggje på den formal- og realkompetansen den enkelte vaksne har frå før, det vil si gi eit avkorta tilbod som gjer det mogleg å halde fram utdanninga frå det nivå der den vaksne står.» Tilbodet vil derfor ofte bli både eit avkorta og eit tilpassa læringsløp. Dette føreset at fylkeskommunen gjennomfører ei kartlegging og vurdering av den enkeltes kompetanse, jf. også veiledningsplikta i forvaltningslova § 11.
Retten til realkompetansevurdering er per i dag knytt til retten for vaksne til vidaregåande opplæring og til retten til å få realkompetansen sin vurdert ved opptak til vidaregåande opplæring. Retten er heimla i forskrift av 28. juni 1999 nr. 722 til opplæringslova, jf. forskrifta § 6-27 om kartlegging og vurdering av realkompetanse for vaksne med rett til vidaregåande opplæring. Paragrafen lyder som følgjer:
«§ 6-27. Kartlegging og vurdering av realkompetanse for vaksne med rett til vidaregåande opplæring
Fylkeskommunen har plikt til å sørgje for at vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter § 4A-3 får kartlagt og vurdert realkompetansen sin, slik at denne kompetansen kan danne grunnlag for søknad om inntak, jf. § 6-10, § 6-22 og § 6-23. Kartlegginga og vurderinga av realkompetansen skal oppsummerast skriftleg.
Med realkompetanse er meint den formelle og uformelle kompetansen den vaksne har.
Vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter § 4A-3, skal til vanleg få tilbod om opplæring i samsvar med den sluttkompetansen dei ønskjer. I vurderinga skal det leggjast avgjerande vekt på kva moglegheiter den enkelte har for å oppnå yrkes- eller studiekompetanse.
Endra ved forskrift 19 jan 2001 nr. 71 (i kraft 1 februar 2001).»
Det er i dag ikkje lovheimel for å påleggje fylka å vurdere realkompetansen til dei som ikkje søkjer opptak til vidaregåande opplæring. Retten til å få vurdert realkompetanse er såleis knytt til retten til inntak til vidaregåande opplæring, med den følgje at vaksne som ønskjer å få realkompetansen sin vurdert med sikte på å søkje ein jobb, ikkje vidaregåande opplæring, i dag fell utanfor ordningane. Det er heller ingen heimel for å påleggje fylka å gi kompetansebevis til dei som ikkje har fullført nødvendig utdanning etter realkompetansevurderinga, jf. forskrifta § 6-27.
Dei som har fullført vidaregåande opplæring, har ikkje rett til opplæring på vidaregåande skoles nivå og har såleis heller ikkje rett til realkompetansevurdering. Sjå forskriftene § 6-28 som lyder slik:
«§ 6-28. Inntak og rangering av vaksne med og utan rett til vidaregåande opplæring
Vaksne søkjarar skal primært takast inn til opplæringstilbod som er organiserte for vaksne.
Vaksne kan søkje om inntak til ordinær opplæring i vidaregåande skole. Vaksne søkjarar skal da prioriterast etter ungdom med rett etter opplæringslova § 3-1.
Vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring går framfor søkjarar utan rett.
I tilfelle fylkeskommunen har oppretta eit kurs med eit avgrensa tal på plassar, skal plassane tildelast søkjarar med rett etter tidspunktet for registreringa av søknaden. Dette gjeld både inntak til enkelte opplæringstilbod organiserte for vaksne og inntak til ordinær opplæring i vidaregåande skole. Dersom rangering etter registreringstidspunkt fører til at den enkelte vaksne ikkje får opplæring tilpassa behovet sitt, jf. opplæringslova § 4A-3, må fylkeskommunen gjere unntak etter konkret vurdering.
Dersom det er fleire søkjarar utan rett enn det er ledige plassar, skal dei som ikkje tidlegare har fullført vidaregåande opplæring gå framfor søkjarar med fullført studie- eller yrkeskompetanse. Dei vaksne innanfor desse to gruppene skal få tilbod etter kvart som søknadene blir registrerte i fylkeskommunen.
0 Endra ved forskrift 19 jan 2001 nr. 71 (i kraft 1 feb 2001).»