4 Høring og lovforslag
4.1 Opplæringlova § 4A-3 - nytt 5. ledd
4.1.1 Departementets høringsutkast - høringa
På bakgrunn av rapporten av desember 2001 foreslo departementet i høringsutkastet følgjande endring i opplæringslovas § 4A-3:
Nytt 5. ledd:
«Vaksne som i dag har rett til vidaregåande opplæring har rett til vurdering av realkompetansen sin og til offentleg kompetansebevis, også når føremålet med vurderinga er arbeid. Personar som ikkje har rett til vidaregåande opplæring, kan få vurdert realkompetansen sin om dei blir vist til dette av kommune eller Aetat.»
Forslaget var utforma i tråd med arbeidsgruppa sine anbefalingar. Generelt slutter høringsfråsegna opp om at det blir utforma ein lovtekst som omhandlar realkompetansevurdering. Dei fleste høringsinstansane er også stort sett nøgde med utforminga av endringa i opplæringslova § 4A-3.
Departementet har konkretisert i teksten «også når siktemålet med vurderinga er arbeid» for å klårgjere dette. Dette har blitt kritisert av enkelte høringsinstansar då instansane meiner at føremålet med lova seier at dette ikkje er en naturleg del av lova. Enkelte av høringsinstansane meiner departementet må ivareta behovet for å framheve at realkompetansevurdering også skal bli en rett når føremålet ikkje er utdanning ved klårgjering i forskrift eller eventuelt i rundskriv. Vidare ber enkelte høringsinstansar om at ordet offentleg strykast i samband med kompetansebeviset. De meiner at det faktum at kompetansebeviset er eit offentleg dokument går klart nok fram av samanhengen. Det blir også peika på at formuleringa «Personar (...) kan få vurdert realkompetansen sin» er for svak til å gi desse ein reell rett.
4.1.2 Departementets vurdering og forslag
Departementet har vurdert dei merknader som er innkome, og vil på bakgrunn av desse gjøre enkelte endringar. Departementet vil mellom anna stryke setningsdelen «også når siktemålet med vurderinga er arbeid». Føremålet med lovendringa er ikkje å knytte realkompetansevurderinga til eit bestemt føremål, men å sørgje for at realkompetansevurdering kan nyttast ved behov også når føremålet er eit anna enn utdanning. Dette gjeld spesielt arbeid, og å opne for meir utstrakt bruk av yrkesprøving som metode i den samanheng.
Når det gjeld bruk av ordet offentleg i samanheng med kompetansebeviset vurderer departementet det slik at det kan strykast frå teksten.
Departementet har endra formuleringa frå «kan få» til «skal få vurdert realkompetansen sin», slik at det er eintydig at dersom Aetat, kommune og trygdeetat viser personer til fylkeskommunen er det eit ansvar for fylkeskommunen å tilby ei vurdering.
Departementet les også ut av høringsfråsegna at det vil være behov for utfyllande regelverk på området. Departementet foreslår derfor at departementet får ein forskriftsheimel til 5. ledd.
Endra forslag til nytt 5 ledd til § 4A-3 har følgjande ordlyd:
«Vaksne som har rett til vidaregåande opplæring har rett til vurdering av realkompetansen sin og til kompetansebevis. Personar som ikkje har rett til vidaregåande opplæring, skal få vurdert realkompetansen sin om dei blir vist til dette av kommune, arbeidsmarknadsetaten eller trygdeetaten. Departementet kan gi nærmare forskrifter.»
4.2 Opplæringlova § 4A-3 - nytt 6. ledd
4.2.1 Departementets høringsutkast samt vurdering og forslag
På bakgrunn av rapporten frå desember 2001 foreslo utdannings- og forskingsdepartementet i høringsutkastet følgjande endring i opplæringslovas § 4A-3:
Nytt 6. ledd:
«Fylkeskommunen skal gi offentleg kompetansebevis på grunnlag av realkompetansevurdering på vidaregåande skoles nivå.»
Det har kome inn enkelte forslag til alternative formuleringar i høringsfråsegna.
Som instans med eksamensrett i dag, vil også private skolar ha høve til å utstede kompetansebevis, jf. forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 § 4-1 flg.
Departementet les også ut av høringsfråsegna at det vil være behov for utfyllande regelverk på området. Departementet foreslår derfor å gi departementet ein forskriftsheimel til 6. ledd.
Endra forslag til nytt 6 ledd til §4A-3 har følgjande ordlyd:
«Fylkeskommunen skal gi kompetansebevis på grunnlag av realkompetansevurdering på vidaregåande opplærings nivå. Departementet kan gi nærmare forskrifter.»
4.3 Avklaring av omgrep
I høringsrunda blir det stilt spørsmål om forholdet mellom innhaldet i omgrepa «realkompetansevurdering» og «yrkesprøving». Departementet viser her til rapporten «Realkompetanseprosjektet 1999-2002. I mål eller på startstreken» frå VOX. Lovforslaget skal sikre høve til realkompetansevurdering for dei som treng det. Yrkesprøving er ein metode for realkompetansevurdering som har vist seg særskild godt eigna for å få innvandrarar og arbeidssøkjarar raskare i arbeid. Departementet ser det ikkje som naudsynt med ei forklaring av desse omgrepa i lovteksten.
Vidare blir det bedt om ei avgrensing av «kompetansebevis» i høve til vitnemål og fagbrev. Forskriftene til opplæringslova vil ikkje falle bort ved at lova trer i kraft. Avgrensinga av kompetansebevis i høve til vitnemål og fag-/sveinebrev går fram av § 4-26 og § 4-66 i forskriftene til opplæringslova. Paragraf 4-26 fyrste ledd lyder:
«Kompetansebevis blir utferda som dokumentasjon for vidaregåande opplæring i dei tilfella vilkåra for å få vitnemål eller fag-/sveinebrev ikkje er oppfylte.»
I høringsrunda stilte fleire instansar spørsmål ved godkjenning av dokumentert utdanning frå utlandet. Departementet vil presisere at lovforslaget ikkje røyrer ved dei eksisterande ordningane for godkjenning av utanlandsk utdanning.
Når det gjeld innhaldet i omgrepet nyleg komne innvandrarar, er det her brukt om personar som har budd i Noreg inntil to år etter første busetting i ein kommune, og som kommunen mottek integreringstilskot for.
Det var vidare spørsmål om forholdet mellom lovforslaget og ordninga med praksiskandidatar. Rapporten frå realkompetanseprosjektet foreslår at ein bør kunne oppnå fagbrev direkte på grunnlag av realkompetansevurdering. Oppland fylkeskommune sitt fråsegn, eit av dei to prosjektfylka for yrkesprøving, foreslår ei slik ordning. Dette er det også nokre andre instansar som omtalar. Departementet vil understreke at lovendringa ikkje vil røre ved ordninga med praksiskandidatar. Forholdet mellom dei to ordningane har ikkje blitt vurdert av arbeidsgruppa som vart sett ned til å vurdere korleis fleire skulle få høve til realkompetansevurdering. Departementet foreslår å sjå nærare på problemstillinga i den vidare utviklinga av det nasjonale systemet for realkompetansevurdering.
4.4 Kven skal ha rett til realkompetansevurdering?
4.4.1 Høringsfråsegn
Høringsinstansane sluttar seg stort sett til at retten til realkompetansevurdering blir knytt opp mot retten til vidaregåande opplæring. Nokre peiker på at alle bør ha rett til realkompetansevurdering. Eit forslag går ut på å bruke ein anbefalt aldersgrense i staden for fødselsdato som avgrensing. Statsborgarskap blir også foreslått som ein mogleg avgrensing med omsyn til kven som skal få tilbodet. Fleire legg vekt på at ingen som har bruk for realkompetansevurdering må falle utanom ordninga. Rikstrygdeverket foreslår at trygdeetaten bør kunne vise personar til realkompetansevurdering på linje med Aetat og kommunen:
«Vi ber om at trygdeetaten også får rett til å henvise personer til fylkeskommunen for vurdering av realkompetanse. Trygdeetaten har et tett samarbeid med mange av de personene vi ser kan få stor nytte av denne nye muligheten, det gjelder som nevnt bl.a. sykmeldte som må bytte arbeidsplass og enslige forsørgere og uførepensjonister som vil tilbake til arbeid.»
Rikstrygdeverket meiner det er tenleg å sjå realkompetansevurdering som eit verkemiddel inn mot satsinga på eit meir inkluderande arbeidsliv. Vidare er det også stilt spørsmål om høve til gjentekne realkompetansevurderingar for personar som ønskjer det.
4.4.2 Departementets vurdering og forslag
Utdannings- og forskingsdepartementet er samd i Rikstrygdeverket si vurdering og foreslår at fylkeskommunen får ansvar for å tilby realkompetansevurdering til personar som trygdeetaten viser vidare. Trygdeetaten dekkjer realkompetansevurderinga for brukarane sine på same måten som Aetat og kommunen skal finansiere respektive registrerte arbeidssøkjarar og nyleg komne innvandrarar som dei viser til realkompetansevurdering. Forslaget om å gi trygdeetaten høve til å vise brukarar til realkompetansevurdering skal derfor ikkje gi auka kostnader for fylkeskommunen.
Når det gjeld spørsmålet om å sikre at ingen som kan ha nytte av ei realkompetansevurdering fell utanom ordninga, vil departementet vise til at det gjennom eit nasjonalt system for dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse blir lagt til rette for dokumentasjon av realkompetanse i arbeidslivet.
Når det gjeld spørsmålet om kven som ellers skal få eit tilbod om realkompetansevurdering, viser departementet til anbefalinga frå arbeidsgruppa om å gå ut frå gjeldande ansvar ovanfor gruppene i dag. Dette vil vere oversiktleg og bidra til at realkompetansevurdering blir nytta når dette er tenleg ut frå den einskildes situasjon.
Når det gjeld spørsmålet om høvet til fleire realkompetansevurderingar for den same personen, bør dei som alt har nytta retten til vidaregåande opplæring etter departementets vurdering ikkje få ein ny rett. Personar vil derimot kunne bli vist til ei ny vurdering av realkompetansen sin dersom Aetat, trygdeetaten eller kommunen finn det tenleg.
4.5 Kven bør kunne vise til realkompetansevurdering
4.5.1 Høringsfråsegn
Nokre høringsinstansar foreslår at fleire, til dømes arbeidsgjevar, privatskoler eller den einskilde bør kunne dekkje utgiftene til ein realkompetansevurdering.
4.5.2 Departementets vurdering og forslag
Departementet finn det tenleg at også trygdeetaten skal kunne vise brukarar til realkompetansevurdering. Dette vil bidra til at fleire med behov utan rett til vidaregåande opplæring vil få høve til å få vurdert realkompetansen sin. Fylkeskommunane vil også kunne realkompetansevurdere etter initiativ frå andre aktørar, som ein del av servicen sin, men departementet meiner ikkje det er naudsynt å lovfeste dette.
4.6 Fagleg praktisering og kvalitetssikring av realkompetansevurderingen
4.6.1 Høringsfråsegn
Fleire høringsinstansar ønskjer nærare retningslinjer når det gjeld rolla til dei ulike aktørane og forholdet mellom realkompetansevurdering, læreplanar og opplæring i bedrift. Kvaliteten i utøvinga av realkompetansevurderinga er også eit tema som fleire tek opp. Eit vidare spørsmål dreier seg om val av metode for realkompetansevurdering. Nokre er usikre på om yrkesprøving kjem til å bli nytta då dette er ein dyrare metode enn andre former for vurdering av realkompetanse. Det blir også stilt spørsmål om kva for krav til fagleg kompetanse ein skal stille til dei som skal gjennomføre realkompetansevurderinga. Nokre stiller spørsmål om behovet for å forankre rolla til fagopplæringsnemdene. Sikring av lik vurdering og klagerett på utfall av vurderinga er også tema i fleire fråsegn. I tillegg peikar Justisdepartementet på at vurderinga av realkompetanse opp mot norske læreplanar ikkje må ekskludere innvandrarar.
4.6.2 Departementets vurdering og forslag
Mogleg bruk for nærare retningslinjer og eventuell anna avklaring av den praktiske utøvinga av ordninga vil skje fortløpande gjennom innføring og vidareutvikling av eit nasjonalt system for dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse. At læreplanar utgjer vurderingsgrunnlaget for realkompetansevurdering går fram i forskrift § 4-63 til opplæringslova. Også høve til klage er forankra i gjeldande regelverk knytt til utsteding av offentlege vitnemål. Omsynet til lik handsaming er ivareteke ved at fylkeskommunen har ansvar for realkompetansevurdering også for grupper utan rett til vidaregåande opplæring. Elles utgjer det nasjonale læreplanverket eit felles vurderingsgrunnlag i heile landet.
Ordninga med realkompetansevurdering baserer seg på forsvarleg utøving av fagleg skjøn, og val av metode for vurdering av realkompetanse for den einskilde må skje på det grunnlaget. Departementet er klar over at det ligg utfordringar her og vil følgje med i korleis ordninga blir praktisert. Med omsyn til innvandrarar ser departementet det som viktig at ikkje ordninga virkar ekskluderande. Føremålet med ordninga er å framheve kva den einskilde faktisk kan heller enn å ha hovudfokus på kva personen ikkje kan. Likevel vil det kunne bli avdekkja læringsbehov relatert til særskilde norske forhold. Departementet forventar at dei involverte instansane i slike tilfelle vil samarbeide nært om å finne gode løysingar for å tette kompetansegap, men vil samstundes understreke at hovudansvaret ligg hjå den instansen som har vist ein person til realkompetansevurdering. Dette ansvaret gjeld også oppfølging i etterkant av vurderinga.
4.7 Finansielt ansvar
4.7.1 Høringsfråsegn
Eit stort tal høringsinstansar ønskjer ei nærare avklaring av økonomisk ansvar knytt til at fleire skal få høve til å få realkompetansen sin vurdert og yrkesprøving som metode i den samanhengen. Det blir stilt spørsmål ved om kostnadsanslaget på 15 000 kronar dekkjer dei reelle kostnadene ved yrkesprøving. Fleire trur ordninga kan medføre auka kostnader i fylkeskommunane. Moglege kostnader som blir nemnt er knytt til opplæring av tilsatte, kostnader ved bruk av fagnemndsmedlemmer ved yrkesprøving og ein forventa auke i etterspurnaden etter realkompetansevurdering som følgje av lovendringa. Kommunenes sentralforbund seier at dei ikkje trur det er mogleg å gjennomføre endringa utan friske midlar til fylkeskommunane. Fleire peiker på faren for at brukarane skal få ein rett utan innhald, og faren for lang ventetid dersom ressurssituasjonen i fylkeskommunen ikkje blir betre. Nokre instansar peiker på at dei administrative kostnadene ved å dele ansvaret for realkompetansevurderinga på fleire kan bli høge. Nokre fråsegn hevdar at kommunen og Aetat vil tene på ordninga, ved at brukarane deira (registrerte arbeidssøkjarar og innvandrarar) raskare kan kome ut i jobb, medan fylkeskommunen får auka kostnader. Andre gir uttrykk for skepsis til om utgiftene til kommunen vil bli dekt gjennom integreringstilskotet og stiller spørsmål om stykkprisfinansiering av realkompetansevurderinga er ei betre løysing.
Vidare kjem det fram eit ønske om avklaring av ansvaret for å dekkje kostnadene i dei tilfella der det etter realkompetansevurderinga blir tydeleg at ein person treng meir opplæring. Fråsegna går mellom anna ut på at også dei som ønskjer ei realkompetansevurdering med det føremål å søkje arbeid vil kunne bli motivert til opplæring etter å ha fått realkompetansen sin vurdert.
4.7.2 Departementets vurdering og forslag
Departementets vurdering er at innføring av ordninga gir stort potensiale for samfunnsøkonomisk vinning ved at fleire kan kome raskare ut i arbeid. I forslaget er det lagt til grunn at lovendringa skal gjennomførast utan tilførsel av friske midlar. Administrativt og økonomisk ansvar vil bli delt mellom dei same offentlege instansane som har ansvaret for dei respektive gruppene i dag. Fylkeskommunen skal dekke vurderinga av realkompetansen til personar med rett til vidaregåande opplæring. Aetat og kommunen skal dekke vurderinga for respektive registerte arbeidssøkjarar og nyleg komne innvandrarar. Fylkeskommunen har ansvaret for den faglege standarden på realkompetansevurderinga for alle som gjennomgår ei realkompetansevurdering, og for å gi kompetansebevis. I tråd med Rikstrygdeverket sitt forslag, vil fylkeskommunen også få ansvaret for å realkompetansevurdere personar som trygdeetaten viser vidare. Trygdeetaten dekkjer kostnadene knytt til vurderinga på same viset som Aetat og kommunen. Kostnadsanslaget på 15 000 kronar per yrkesprøving baserer seg på erfaring frå to omfattande prosjekt innan Realkompetanseprosjektet, og departementet vil difor framleis leggje anslaget til grunn. Med omsyn til moglege følgjekostnadar av at fleire blir motiverte til opplæring etter ei realkompetansevurdering, er det vanskeleg å gi sikre anslag på førehand. Ordningane innanfor det nasjonale systemet for realkompetansevurdering vil bli evaluert, og desse spørsmåla vil då bli vurdert.
4.8 Arbeids og ansvarsdeling
4.8.1 Høringsfråsegn
Nokre av høringsinstansane fryktar at det kan bli vanskeleg for den einskilde å orientere seg når ansvaret blir delt mellom fleire aktørar. Det blir også stilt spørsmål om fylkeskommunen skal ha høve til å vurdere om realkompetansevurdering er tenleg for den einskilde som blir vist vidare. Det blir stilt spørsmål om fylkeskommunen skal kunne delegere utøvinga av realkompetansevurderinga. Nokre stiller spørsmål om andre enn fylkeskommunen skal ha høve til å tilby realkompetansevurdering og til å gi kompetansebevis.
4.8.2 Departementets vurdering og forslag
Departementet føreset at dei ulike offentlege aktørane kommuniserer og samarbeider om gode løysingar når det gjeld å følgje opp personar som har fått realkompetansen sin vurdert. Fylkeskommunen har ei generell plikt til å tilby opplæring til dei som treng dette, jf opplæringslova §§ 13-3 og 4-A3. Samstundes har kommunen, Aetat og trygdeetaten ansvar for å følgje opp brukarane sine. I samband med dette lovforslaget ønskjer departementet å presisere at det vil bli lagt til grunn at den instansen som i utgangspunktet har ansvar for å finansiere realkompetansevurdering for ein person også vil ha ansvaret for å sikre ein høveleg oppfølging av brukaren. Då fylkeskommunen skal tilby realkompetansevurdering til dei som Aetat, kommunen eller trygdeetaten viser vidare, får fylkeskommunen ikkje høve til å overprøve dei vedtaka som dei andre aktørane gjer. Delegering av realkompetansevurderinga ligg innanfor gjeldande praktisering av realkompetansevurdering i dag, og departementet ser det som tenleg med ei utstrakt bruk av miljø som kan bidra fagleg ved realkompetansevurderinga. Det vil bli vurdert om det er naudsynt med nærare retningslinjer i den samanhengen. Departementet vil samstundes presisere at det endelege ansvaret fagleg og formelt ligg hos fylkeskommunen. Når det gjeld å gi kompetansebevis, får fylkeskommunen gjennom lovendringa plikt til dette for dei som er omfatta av ordninga. Elles vil den same ordninga som gjeld ved realkompetansevurdering i dag også gjelde etter lovendringa, det vil seie at i samsvar med forskrift til opplæringslova av 28. juni 1999 nr. 722 § 4-1 har også private skoler med eksamensrett høve til å utstede kompetansebevis.
4.9 Andre kommentarer/forslag
4.9.1 Høringsfråsegn
Nokre instansar ønskjer eit tydelegare samfunnsperspektiv i grunngjevinga for forslaget, særleg med omsyn til arbeidslivsperspektivet og eit livslang lærings-perspektiv. Det vert og hevda at omsynet til likestilling bør komme tydelegare fram i grunngjevinga, og at det bør understrekast at lovendringa er viktig for barn av innvandrarar ved at foreldra raskare kan bli sjølvforsørgjande. Nokre høringsinstansar hevdar at ein må tenkje på val av bustadkommune for å få til ein heilskapleg innvandringspolitikk, slik at innvandrarar blir busett der dei kan få relevant arbeid. Det blir også etterlyst høve til realkompetansevurdering utover vidaregåande opplæring. Vidare blir det etterspurd ei evaluering av ordninga.
4.9.2 Departementets vurdering og forslag
Departementet deler den oppfatninga at det er viktig at realkompetansevurdering blir sett i høve til samfunnsmessige mål. Når det gjeld høve til realkompetansevurdering mot andre nivå enn vidaregåande opplæring, vil vi vise til at lov om høgre utdanning er endra slik at søkjarar over 25 år kan bli tatt opp på grunnlag av realkompetanse. Samstundes med at ein har opna for opptak på grunnlag av realkompetanse, jf. § 37. nr. 2, endra ein også universitets og høgskoleloven § 49, slik at institusjonane no har høve til å gi fritak for eksamen eller prøve undervegs i studiet for studentar som kan dokumentere realkompetanse. Dette inneber at opptak på grunnlag av realkompetanse kan kombinerast med fritak for eksamen eller prøve, dersom dei samla kvalifikasjonane ikkje berre svarar til opptakskravet, men også dekkjer element i studiet. Med omsyn til innvandringspolitikk ser departementet det som viktig med god kommunikasjon med den einskilde om yrkesval og busetting. Med omsyn til oppfølging av ordninga, vil det gå føre seg gjennom departementets vidare oppfølging og evaluering av heile det nasjonale systemet for dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse.
4.10 Iverksetjing
Departementet foreslår at endringa skal setjast i verk straks.