6 Merknader til nye ledd i lova
6.1 Opplæringslova § 4A-3 - nytt 5. ledd
««Vaksne som har rett til vidaregåande opplæring har rett til vurdering av realkompetansen sin og til kompetansebevis. Personar som ikkje har rett til vidaregåande opplæring, skal få vurdert realkompetansen sin om dei blir vist til dette av kommune, arbeidsmarknadsetaten eller trygdeetaten. Departementet kan gi nærmare forskrifter.»
Merknader til nytt 5. ledd:
Leddet inneber at vaksne med rett til vidaregåande opplæring som søkjer arbeid, er likestilte med vaksne som søker vidare opplæring når det gjeld behov for vurdering og offentleg dokumentasjon av realkompetanse. Det skal dokumenterast kva ein person kan i forhold til gjeldande læreplanar, uavhengig av om dokumentasjonen skal nyttast til opptak i vidaregåande opplæring eller ved søking av arbeid. Fylkeskommunen skal også tilby realkompetansevurdering til personar som blir viste frå kommune, arbeidsmarknadsetaten (Aetat) eller trygdeetaten sjølv om dei ikkje har rett til vidaregåande opplæring.
Det vil seie at personar som er fødde før 1. januar 1978, og som har fullført grunnskole eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har rett til å få vurdert sin realkompetanse og rett til kompetansebevis.
Fylkeskommunen skal tilretteleggje for og gjennomføre ei utvida ordning for realkompetansevurdering. Dette inneber å tilby vurdering av realkompetanse for dei som har rett til vidaregåande opplæring og for dei som blir vist til fylkeskommunen for realkompetansevurdering via kommune eller Aetat. Fylkeskommunen dekkjer utgiftene til vurdering av realkompetansen til dei som har rett til vidaregåande opplæring. Kommunen vil dekkje utgiftene til realkompetansevurdering for nyleg komne innvandrarar utan rett til vidaregåande opplæring og som etter ei individuell vurdering treng ei realkompetansevurdering. Registrerte arbeidssøkjarar utan rett til vidaregåande opplæring skal kunne få tilbod om ei realkompetansevurdering finansiert av Aetat. Trygdeetaten vil dekkje utgiftene til vurdering av realkompetansen til dei personar trygdeetaten har ansvaret for.
6.2 Opplæringslova § 4A-3 - nytt 6. ledd
«Fylkeskommunen skal gi kompetansebevis på grunnlag av realkompetansevurdering på vidaregåande opplærings nivå. Departementet kan gi nærmare forskrifter.»
Merknader til nytt 6. ledd:
Fylkeskommunen har etter ei realkompetansevurdering plikt til å gi eit kompetansebevis til dei som blei vurdert. Kompetansebeviset skal gis på vidaregåande opplærings nivå. Sjå også reglane i forskrift til opplæringslova av 28. juni 1999 nr. 722. Avgrensningen av kompetansebevis i forhold til vitnemål og fag-/svennebrev går fram av §§ 4-26 og 4-66 i forskriftene til opplæringsloven. Paragraf 4-26 første ledd lyder:
«Kompetansebevis blir utferda som dokumentasjon for vidaregåande opplæring i dei tilfella vilkåra for å få vitnemål eller fag-/sveinebrev ikkje er oppfylte.»
Privatskular med eksamensrett vil ha høve til å utstede kompetansebevis, jf. forskrift til opplæringslova § 4-1 flg.
Departementet kan i tillegg gi nærmare forskrifter.