1 Innleiing
1.1 Hovudinnhald og bakgrunn
Denne proposisjonen inneheld forslag til endringar i opplæringslova. Forslaget inneber at fylkeskommunen framleis vil vere ansvarleg for opplæring av pasientane i medisinske institusjonar etter at staten overtek institusjonane 1. januar 2002.
Endringane blir foreslått som følgje av at staten med verknad frå 1. januar 2002 overtek spesialisthelsetenesta. Overtakinga omfattar mellom anna dei helseinstitusjonane som i dag er fylkeskommunale. Fylkeskommunen har i dag ansvaret for all opplæringsverksemd etter opplæringslova for pasientar ved dei fylkeskommunale helseinstitusjonane.
I Ot.prp. nr. 66 (2000-2001) Om lov om helseforetak m.m. (helseforetaksloven) foreslo Regjeringa at staten skulle overta spesialisthelsetenesta. Stortinget slutta seg til forslaget 6. juni 2001, jf. Besl. O. nr. 123 (2000-2001). Lova om helseføretak m.m. vart sanksjonert 15. juni 2001.
Spørsmålet om kva for instans som skulle ha opplæringsansvaret for pasientane i dei helseinstitusjonane som i dag er fylkeskommunale, og som blir overtekne av staten 1. januar 2002, vart ikkje teke opp i Ot.prp. nr. 66 (2000-2001). Regjeringa varsla ein odelstingsproposisjon om opplæringsansvaret:
«Når det gjelder ansvar for opplæring av pasienter i helseinstitusjoner vil det, før reformen trer i kraft, bli fremmet en proposisjon med forslag om regulering av opplæringsansvar.»
I tillegg til det ovannemnde fremjar departementet forslag om å endre namnet på KRL-faget og om at ansvaret for skyss av førskolebarn blir overført frå fylkeskommunane til kommunane.
1.2 Høringa
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet sende 19. juni 2001 ut eit høringsnotat med to alternative forslag til kva forvaltningsnivå som skal ha ansvaret, juridisk, fagleg og økonomisk, for opplæringa ved dei medisinske institusjonane etter statleg overtaking. Dei to alternativa var statleg ansvar eller framhaldande fylkeskommunalt ansvar.
Høringsnotatet vart sendt til desse høringsinstansane:
Akademikerne
Akademikernes Fellesorganisasjon
Arbeids- og administrasjonsdepartementet
Assistanse, foreldreforeningen for synshemmede barns sak
Barne- og familiedepartementet
Barneombodet
Blindeforbundet
Den norske Lægeforening
Elevorganisasjonen
Fagleg eining for PPT
Fellesorganisasjonen BSV
Finansdepartementet
Foreldreutvalet for grunnskolen
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon
Fylkeskommunane
Fylkeslegane
Hørselshemmedes Landsforbund
Kommunal- og regionaldepartementet
Kommunenes Sentralforbund
Landsorganisasjonen i Norge
Lærarforbundet
Lærernes Yrkesforbund
Læringssenteret
Norges Astma- og Allergiforbund
Norges Blindeforbund
Norges Døveforbund
Norges Handikapforbund
Norges Kvinne- og Familieforbund
Norsk Forbund for Utviklingshemmede
Norsk Foreldrelag for Funksjonshemmede
Norsk Lektorlag
Norsk Lærarlag
Norsk Montessori Forbund
Norsk Skolelederforbund
Norsk Sykepleierforbund
Norske Privatskolers Landsforbund
Næringslivets Hovedorganisasjon
Pasientomboda
Registrerte politiske parti
Riksrevisjonen
Rådet for fagopplæring i arbeidslivet
Skolenes landsforbund
Sosial- og helsedepartementet
Statens helsetilsyn
VOX-vaksenopplæringsinstituttet
Statens råd for funksjonshemma
Statens utdanningskontor
Styret for det statlege spesialpedagogiske støttesystemet
Universitetet i Bergen v/Institutt for praktisk pedagogikk
Universitetet i Oslo v/Institutt for spesialpedagogikk
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
Departementet har i tillegg fått 3 høringsfråsegner frå instansar som ikkje stod på høringslista: Norsk Radiografforbund, Skoleledere i psykiatrien og Etat for rådssekretariat og enkelte helse- og skolefaglege oppgåver.
Høringsfristen vart sett til 7. september 2001. Departementet har fått realitetsfråsegner frå 52 høringsinstansar. 25 høringsinstansar går inn for statleg ansvar for opplæringa ved helseinstitusjonane, medan 24 høringsinstansar går inn for framhaldande fylkeskommunalt ansvar. 3 høringsinstansar har andre forslag. Det nærmare innhaldet i høringsfråsegnene vil bli behandla under punkt 2.4 Korleis høringsinstansane ser på saka.