5 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget
Til § 2-3 og § 2-4
Namnet på faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering er endra til kristendoms-, religions- og livssynskunnskap.
Departementet tek sikte på at lovendringa blir sett i verk hausten 2002.
Til § 13-2 første leddet
Det ansvaret fylkeskommunane har for vidaregåande opplæring i sosiale institusjonar, går etter føresetnadene fram av opplæringslova § 13-3. Departementet har funne det formålstenleg å presisere fylkeskommunen sitt opplæringsansvar for alle opplæringsnivåa i den same føresegna. Forslaget inneber inga endring av gjeldande rett.
Til ny § 13-3 a, første leddet
Den nye føresegna i opplæringslova § 13-3 a første ledd pålegg fylkeskommunane å oppfylle retten til spesialpedagogisk hjelp, grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring etter opplæringslova for pasientar i medisinske institusjonar som staten etter å ha overteke får ansvaret for å drive.
Opplæringsansvaret omfattar
spesialpedagogisk hjelp til barn før opplæringspliktig alder (opplæringslova § 5-7)
grunnskoleopplæring for barn i opplæringspliktig alder (kap. 2 i opplæringslova)
vidaregåande opplæring (kap. 3 i opplæringslova)
spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1
grunnskoleopplæring for vaksne etter opplæringslova § 5-2, fram til det tidspunktet da ny § 4A-1 Rett til grunnskoleopplæring for vaksne og ny § 4A-2 Rett til spesialundervisning på grunnskolens område trer i kraft
vidaregåande opplæring for vaksne etter opplæringslova § 4A-3
Etter lovforslaget vil fylkeskommunen bli fagleg, juridisk og økonomisk ansvarleg for opplæring av alle pasientar i dei statlege helseinstitusjonane som ligg i fylkeskommunen. Det vil seie at den fylkeskommunen der institusjonen ligg, også får dette ansvaret for pasientar frå andre fylkeskommunar.
Til § 13-3 a, andre leddet
Etter andre ledd har departementet heimel for å gi forskrifter om ansvaret til fylkeskommunane og heimel for å gi pålegg i enkelttilfelle.
Departementet foreslår at lovendringane i § 13-2 og ny § 13-3 a trer i kraft straks.
Til § 13-4 første leddet
Det blir føydd til ei ny andre setning slik at kommunen får ansvaret for skyss av førskolebarn.
Departementet tek sikte på at lovendringa blir sett i verk 1. januar 2003.