Forslag til lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)
I
I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) blir det gjort følgjande endringar:
§ 2-3 første ledd første punktum skal lyde:
Grunnskoleopplæringa skal omfatte kristendoms-, religions- og livssynskunnskap, norsk, matematikk, framandspråk, kroppsøving, kunnskap om heimen, samfunnet og naturen, og estetisk, praktisk og sosial opplæring.
Overskrifta til § 2-4 skal lyde:
Undervisninga i faget kristendoms-, religions- og livssynskunnskap. Fritak frå religiøse aktivitetar m.m.
§ 2-4 første, andre og tredje leddet skal lyde:
Undervisninga i kristendoms-, religions- og livssynskunnskap skal
gje grundig kjennskap til Bibelen og kristendommen som kulturarv og evangelisk-luthersk tru,
gje kjennskap til andre kristne kyrkjesamfunn,
gje kjennskap til andre verdsreligionar og livssyn, etiske og filosofiske emne,
fremje forståing og respekt for kristne og humanistiske verdiar og
fremje forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulik oppfatning av trudoms- og livssynsspørsmål.
Kristendoms-, religions- og livssynskunnskap er eit ordinært skolefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande.
Den som skal undervise i kristendoms-, religions- og livssynskunnskap, skal ta utgangspunkt i grunnskolen sin føremålsparagraf i § 1-2 og presentera kristendommen, dei ulike religionar og livssyn ut frå sin eigenart. Dei same pedagogiske prinsipp skal leggjast til grunn for undervisninga i dei ulike emne.
§ 4A-4 første leddet skal lyde:
For opplæringa etter dette kapitlet gjeld §§ 13-1 til 13-3 a.
Overskrifta til § 13-2 skal lyde:
Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i sosiale institusjonar
§ 13-2 første leddet skal lyde:
Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i sosiale institusjonarsom fylkeskommunen har ansvaret for å drive.
Ny § 13-3 a skal lyde:
Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i helseinstitusjonar som regionale helseføretak eig.
Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring etter lova her for pasientar i helseinstitusjonar som det regionale helseføretaket, oppretta etter helseføretakslova, eig i fylkeskommunen. Helseføretaket skal sørgje for nødvendige lokale med inventar og utstyr til opplæringa.
Departementet gir nærmare forskrifter eller pålegg i enkelttilfelle om ansvaret til fylkeskommunen.
§ 13-4 første leddet skal lyde:
Kommunen er ansvarleg for skyss av grunnskoleelevar og vaksne som har rett til skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skoleveg. Kommunen er ansvarleg for å oppfylle retten til skyss av førskolebarn etter § 7-6. Kommunen skal oppfylle retten til reisefølgje og tilsyn for førskolebarn, grunnskoleelevar og vaksne. Elles er fylkeskommunen ansvarleg for skyss, reisefølgje og tilsyn etter reglane i kapittel 7. Kommunane betaler refusjon etter persontakst for grunnskoleelevar og vaksne som blir skyssa av fylkeskommunen.»
II
Endringane i § 13-2 og ny § 13-3 a trer i kraft straks.
Dei andre endringane trer i kraft til den tid Kongen fastset. Dei enkelte reglane i lova kan setjast i verk til ulik tid.