3 Forslag om andre endringar i opplæringslova
3.1 Endring av namnet på KRL-faget
Gjeldande rett
Opplæringslova § 2-3 første ledd første punktum, lyder:
«§ 2-3 Innhald og vurdering i grunnskoleopplæringa
Grunnskoleopplæringa skal omfatte kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering, norsk, matematikk, framandspråk, kroppsøving, kunnskap om heimen, samfunnet og naturen, og estetisk, praktisk og sosial opplæring.»
Opplæringslova § 2-4 første til tredje leddet lyder:
«§ 2-4 Undervisninga i faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. Fritak frå religiøse aktivitetar m.m.
Undervisninga i kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering skal
gje grundig kjennskap til Bibelen og kristendommen som kulturarv og evangelisk-luthersk tru,
gje kjennskap til andre kristne kyrkjesamfunn,
gje kjennskap til andre verdsreligionar og livssyn, etiske og filosofiske emne,
fremje forståing og respekt for kristne og humanistiske verdiar og
fremje forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulik oppfatning av trudoms- og livssynsspørsmål.
Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering er eit ordinært skolefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande.
Den som skal undervise i kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering, skal ta utgangspunkt i grunnskolen sin føremålsparagraf i § 1-2 og presentera kristendommen, dei ulike religionar og livssyn ut frå sin eigenart. Dei same pedagogiske prinsipp skal leggjast til grunn for undervisninga i dei ulike emne.»
Bakgrunnen for lovforslaget
Faget Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering (KRL) vart innført i grunnskolen som obligatorisk fag hausten 1997. På bakgrunn av to evalueringsrapportar og fråsegner om evalueringsrapportane frå aktuelle organisasjonar og trus- og livssynssamfunn, utarbeidde departementet St.meld. nr. 32 (2000-2001) Evaluering av faget Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. Stortinget behandla meldinga våren 2001 og gjorde dette vedtaket:
«KRL-faget i grunnskolen skal hete Kristendoms-, religions- og livssynskunnskap.»
Sjå også Innst. S. nr. 240 (2000-2001) Innstilling fra kirke-, utdannings- og forskningskomiteen om evaluering av faget Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering.
Forslag frå departementet
Departementet legg fram forslag til endringar i opplæringslova om namnet på faget i samsvar med stortingsvedtaket.
3.2 Endring av ansvaret for skyss av førskolebarn
Gjeldande rett
Opplæringslova § 13-4 første leddet lyder:
Ǥ 13-4 Ansvaret for skoleskyss m.m.
Kommunen er ansvarleg for skyss av grunnskoleelevar og vaksne som har rett til skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skoleveg. Kommunen skal oppfylle retten til reisefølgje og tilsyn for førskolebarn, grunnskoleelevar og vaksne. Elles er fylkeskommunen ansvarleg for skyss, reisefølgje og tilsyn etter reglane i kapittel 7. Kommunane betaler refusjon etter persontakst for førskolebarn, grunnskoleelevar og vaksne som blir skyssa av fylkeskommunen.»
Bakgrunnen for lovforslaget
I NOU 2000:22 Om oppgavefordelingen mellom stat, region og kommuner vart skyssen av førskolebarn teken opp. I kap. 12 pkt. 20 i utgreiinga er det uttalt:
«Sett i lys av at skyssen av førskolebarn i svært begrenset grad kan samordnes med øvrige transporttilbud og at dagens oppgavefordeling bryter med det finansielle ansvarsprinsipp, anbefaler utvalget at ansvaret for skyss av førskolebarn etter opplæringsloven overføres fra fylkeskommunene til kommunene.»
Forslaget om å overføre ansvaret for skyss av førskolebarn frå fylkeskommunane til kommunane har vore til offentleg høring saman med dei andre forslaga i NOU 2000:22. Om lag halvparten av kommunane og alle fylkeskommunane har gitt fråsegn. I tillegg har ei rekkje andre organ og institusjonar uttalt seg. Forslaget vart deretter lagt fram for Stortinget i St.meld. nr. 31 (2000-2001) Kommune, fylke, stat - en bedre oppgavefordeling.
Det heiter i meldinga:
«Skyss av førskolebarn
Oppgavefordelingsutvalget tilrådde at ansvar for skyss av førskolebarn etter opplæringsloven overføres fra fylkeskommunene til kommunene. Et klart flertall av kommunene som uttalte seg om saken i høringen, var enig med utvalget. Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet er enig med utvalget i at dagens oppgavefordeling bryter med det finansielle ansvarsprinsipp, og at skyss av førskolebarn i svært begrenset grad kan samordnes med øvrige transporttilbud. Av den grunn ønsker Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet å overføre denne oppgaven fra fylkeskommunene til kommunene.»
Forslag
Departementet foreslår endringar i opplæringslova § 13-4 slik at ansvaret for skyss av førskolebarn blir overført frå fylkeskommunane til kommunane.