Ot.prp. nr. 32 (2008-2009)

Om lov om endringar i valgloven og kommuneloven (tidlegrøyster, valobservasjon mv.)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaga

2.1 Høyringa

Ved brev av 27. juni 2008 sende Kommunal- og regionaldepartementet på høyring forslag om endringar i vallova og kommunelova. Høyringsfristen vart sett til 30. september 2008. I notatet gjorde departementet òg greie for evalueringa av valet i 2007.

Det har komme inn 128 høyringsfråsegner. Av desse er 93 frå kommunar og 11 frå fylkeskommunar. Fire fylkesmannsembete har gitt fråsegner.

2.2 Lovendringsforslaga – samandrag

Odelstingsproposisjonen inneheld i kapitel 4 forslag til endring i vallova og kommunelova. Departementet legg fram forslag til desse lovendringane:

  • Forslag om å innføre ei ordning med «tidleg­røysting», det vil seie at veljarane frå 1. juli kan vende seg til kommunen og be om å få røyste før den ordinære førehandsrøystinga tek til 10. august.

  • Forslag om at kommunen kan fastsetje at vallokala på valdagen skal halde ope til kl. 21.00.

  • Forslag om innføring av lovbrotsgebyr ved brot på vallova § 9-9.

  • Forslag om heimel for valobservasjon.

  • Forslag om at det på ein eller fleire stader i kommunen blir halde val i kommunen søndagen før valdagen (todagars val), dersom minst 1/3 av kommunestyret krev det.

  • Forslag om at kommunestyret sjølv kan vedta å halde vallokala ope lengre enn det valstyret har vedteke, dersom minst 1/3 av kommunestyret krev det.

  • Forslag om ei prinsippføresegn i kommunelova om rådgivande lokale folkerøystingar og heimel for innsamling av data om slike folkerøystingar.

  • Forslag om endringar i kommunelova § 35 nr. 1, slik at det går fram at fråvik frå fleirtalsprinsippet òg kan skje ved vedtak fatta etter vallova § 9-2 andre ledd og § 9-3 andre ledd.

2.3 Forhold omtalte i høyringsnotatet der det ikkje blir fremja forslag til lovendring

Proposisjonen inneheld i kapittel 3 ein generell omtale av enkelte generelle og overordna forhold knytt til evalueringa av valet i 2007.

I tillegg vil det i kapittel 5 bli gjort greie for forhold der lovendring er vurdert, men der departementet ikkje fremjar noko lovendringsforslag. Dette gjeld tid og stad for førehandsrøysting, krav til kva røystesetlar som kan nyttast i vallokala, valførleik for røystestyremedlemmer og spørsmål om ein skal innføre røystesetelkonvolutt på valdagen att.

2.4 Høyringsinstansar

Høyringsnotatet vart sendt ut til dei høyringsinstansane som er lista opp nedanfor. Også instansar og personar som ikkje stod oppførte på høyringslista, kunne gi høyringssvar.

Sametinget

Departementa

Interne avdelingar i Kommunal- og regionaldepartementet

Fylkesmenn

Fylkeskommunar

Kommunar

Registrerte politiske parti

Sysselmannen på Svalbard

Longyearbyen lokalstyre

Noregs Bank

Statistisk sentralbyrå

Riksarkivet

Riksrevisjonen

Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap

Skattedirektoratet

Sosial- og helsedirektoratet

Utdanningsdirektoratet

Utlendingsdirektoratet

Barneombodet

Forbrukarombodet

Diskriminerings- og likestillingsombodet

Sivilombodsmannen

Datatilsynet

Konkurransetilsynet

Kredittilsynet

Statens helsetilsyn

Forbrukarrådet

Norges forskningsråd

NTNU

Universitetet i Bergen

Universitetet i Oslo

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Tromsø

KS – Kommunesektorens Arbeidsgiver- og Interesseorganisasjon

Næringslivets Hovedorganisasjon

Sparebankforeningen

Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon

Arbeidsgiverforeningen Spekter

Finansnæringens Arbeidsgiverforening

Landsorganisasjonen i Norge

Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund

Akademikerne

Unio

Fagforbundet

Fellesforbundet

Kommunalansattes Fellesorganisasjon

Norsk Sykepleierforbund

Utdanningsforbundet

Norsk Journalistlag

Norsk Presseforbund

Norsk Redaktørforening

Den Norske Advokatforening

Den Norske Dommerforening

Forbund for kommunal økonomiforvaltning og skatteinnfordring

Norges Juristforbund

Norges Kommunerevisorforbund

Norsk Pensjonistforbund

Norsk Rådmannsforum

Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon

Nasjonalforeningen for folkehelsen

Norges Handikapforbund

Norsk Pasientforening

Samarbeidsorganet for funksjonshemmedes organisasjoner c/o Norges Handikapforbund Statens råd for funksjonshemmede

Elevorganisasjonen

Foreldreutvalget for grunnskolen

Landsrådet for norske barne- og ungdomsorganisasjoner

Norsk forening for bolig- og byplanlegging

Valgforum

Faglig Forum for Formannskapssekretærer

NRK

NTB

TV2

Harstad-gruppen

Til forsida