Ot.prp. nr. 33 (1996-97)

Om lov om oppheving av lov av 11. juni 1982 nr. 42 om rettledningstjenesten i fiskerinæringen og endringer i visse andre lover mm

Til innholdsfortegnelse

1 HOVUDINNHALDET I PROPOSISJONEN

I denne proposisjonen blir det gjort framlegg om å oppheve lov av 11. juni 1982 nr. 42 om rettledningstjenesten i fiskerinæringen.

I proposisjonen går departementet inn for å slå saman dei noverande to ytre etatar i fiskeriforvaltninga, Fiskeridirektoratets Kontrollverk og Rettleiingstenesta i fiskerinæringa, til ein etat, både regionalt og lokalt. Det er også gjort framlegg om å avvikle ordninga med fiskeristyre og fiskerinemnd.

Vurderinga til departementet er at det ikkje er naturleg å la eit felles ytre forvaltningssystem under Fiskeridirektoratet vere regulert i ei eiga lov. Ansvar og oppgåver for Rettleiingstenesta i fiskerinæringa har også endra seg sidan lova blei etablert, og etaten er i dag blitt ein integrert del av den samla fiskeri- og havbruksadministrasjonen. Deler av formålet med lova fell elles bort som følgje av framlegget om å avvikle fiskeristyra og fiskerinemndene.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.