4 Merknader til høyringsnotatet
Høyringsnotatet har vore sendt ut til departementa, dei mest sentrale næringsorganisasjonane, salslag, Fiskeridirektoratet med ytre etatar, Fiskeridepartementet sine andre underliggjande organ, andre relevante offentlege organ, aktuelle fylkeskommunar og fylkesmennene. Kommunenes Sentralforbund har uttalt seg for kommunane. Høyringsnotatet blei sendt ut den 25. januar 1996 med 10. mai same år som frist for merknader.
Høyringsrunden viser at dei sentrale næringsorganisasjonane har motforestellingar mot framlegga i høyringsnotatet. Dette gjeld særleg framlegget om å slå saman RIF og KV og om å leggje ned fiskeristyre og fiskerinemnder. Motstanden mot å slå saman etatane blir grunngitt med at ein slik modell vil kunne føre til ei svekking av rettleiingsfunksjonen og ei uheldig blanding av rettleiing- og kontrollrolla. Ein ny modell kan dessutan gå ut over kravet om å behandle utøvarane i næringa likt. Organisasjonane meiner elles at organiseringa i dag er tenleg. Grunngivinga for framleis å ha fiskeristyre og fiskerinemnder er at desse organa sikrar at næringsorganisasjonane kan leggje fram si meining i dei regionale og lokale avgjerdsprosessane.
Hovuddelen av høyringsinstansane ønskjer framleis å ha ei statleg fiskeriforvaltning regionalt og lokalt. Det er berre tre av fylkeskommunane som vil overføre fiskeriforvaltninga til fylkeskommunane, mens Kommunenes Sentralforbund ikkje har innvendingar til høyringsnotatet på dette punktet.
I eit felles høyringsbrev frå fleirtalet av fylkesmennene blir ei tilknyting av fiskerietaten til fylkesmannen sett på som den mest naturlege løysinga i kombinasjon med overføring av den lokale fiskerietaten til kommunane, og det blir vist til omorganiseringa av dei regionale og lokale landbruksetatane (kommunalisering). Sentrale argument for dette synet er omsynet til å samordne kontroll- og tilsynsfunksjonane med kommunesektoren, og å få ei betre samordning i plan- og miljøsakene. To av fylkesmennene, som avga eigne utsegner, støttar derimot hovudkonklusjonane i høyringsnotatet.
Fiskerinæringens Landsforening og Statens næringsmiddeltilsyn meiner forholda til KV lokalt og Dei kommunale næringsmiddeltilsyna burde vore vurdert, fordi dette vil kunne gi næringa ein stad å vende seg til, og at det dessutan kunne frigjere ressursar i den lokale fiskerietaten.
Dei fleste høyringsinstansane sluttar opp om ei inndeling av regionnivået i hovudsak etter fylkesgrenser. Fiskeridirektoratet vil derimot ha større geografiske einingar regionalt. Det kjem i høyringsrunden fram motstand frå næringa og Fiskeridirektoratet mot å svekkje lokalnivået, mellom anna av omsyn til kontakten med næringsutøvarane.
I fleire av høyringsfråsegnene, mellom anna frå Norges Fiskarlag og Fiskerinæringens Landsforening, blir det etterlyst ein gjennomgang av den interne organiseringa i Fiskeridirektoratet i tilknyting til gjennomgangen av dei ytre fiskerietatane.