2 Bakgrunn
Fiskeridepartementet la fram spørsmålet om framtidig organisering av ytre fiskerietatar - Fiskeridirektoratets Kontrollverk og Rettleiingstenesta i fiskerinæringa - i St prp nr. 1 (1996-97). Organisasjonsspørsmålet blir no lagt fram i denne proposisjonen etter ønskje frå Stortinget om å handsame saka som eiga sak, jf Budsjett-innst. S. nr. 8 (1996-97). Årsaka til at saka blir lagt fram i form av ein proposisjon er at Rettleiingstenesta i fiskerinæringa er regulert i ei eiga lov. Organisasjonsspørsmålet er omtalt i tidlegare budsjettproposisjonar, og kommentert av Næringskomiteen.
I vurderinga av den framtidige organiseringa av ytre fiskerietatar er Høringsnotat om framtidig organisering av ytre fiskerietater utgangspunktet. Dette notatet har våren 1996 vore til høyring hos sentrale næringsorganisasjonar og offentlege organ som saka gjeld.
Det er fleire grunnar til at det er gjort ei vurdering av organiseringa av ytre fiskerietatar. Den viktigaste har vore å vurdere den ytre fiskeriadministrasjonen i forhold til endringar i ansvar og rammevilkår for fiskeri- og havbruksnæringa. Organiseringa må også sjåast i forhold til utviklinga av fiskeri- og havbruksnæringa og endringar i oppgåver som følgje av det. Elles er dei overordna måla for fiskeri- og havbruksnæringa grunnleggjande for arbeidet til fiskeriforvaltninga.