1 Innleiing
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet legg med dette fram forslag til endringar i lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen.
Departementet viser vidare til Ot. prp. nr. 36 (1996-97) Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), og gjer framlegg om likelydande lovreglar i den nye opplæringslova.
Spørsmålet om innhaldet i opplæringa og spørsmålet om fritak frå faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering har vore lagde fram for og behandla av Stortinget i fleire dokument. Det blir vist til Innst. S. nr. 15 (1995-96) frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om prinsipp og retningslinjer for tiårig grunnskule - ny læreplan, jf. St. meld. nr. 29 (1994-95), Innst. S. nr. 103 (1995-96) frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering, jf St. meld. nr. 14 (1995-96) og Innst. O. nr. 56 (1995-96) frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om lov om endringar i lov av 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskulen m.m, jf Ot. prp. nr. 40 (1995-96). I St. meld. nr. 14 (1995-96) og Ot. prp. nr. 40 (1995-96) gjekk regjeringa inn for avgrensa fritak frå det nye faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering.
Stortinget gjorde følgjande vedtak 6. juni 1996:
«Stortinget ber Regjeringen i forbindelse med proposisjon om opplæringslovene å komme tilbake med en bred vurdering av fritaksretten knyttet til faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. En slik vurdering må innbefatte en juridisk vurdering og legge til grunn at grunnskolens formålsparagraf opprettholdes, og at de internasjonale konvensjoner som Norge har tiltrådt, skal overholdes.»
Departementet bad lagdommar Erik Møse gjennomføre ei utgreiing med utgangspunkt i stortingsvedtaket 6. juni 1996. Utgreiinga «Fritak for undervisningen i faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsopplæring. Forholdet til Norges folkerettslige forpliktelser» vart overlevert til departementet 22. januar 1997. Utgreiinga følgjer som vedlegg til proposisjonen.
Hovudkonklusjonen i utgreiinga under kapittel XVII er:
«Slik situasjonen nå fremstår, finner jeg at det tryggeste er en generell fritaksrett. Det vil innebære at de internasjonale tilsynsorganene ikke gir seg inn på en nærmere vurdering av de tvilsomme spørsmål obligatorisk undervisning reiser. Men jeg kan ikke si at begrenset fritak vil være i strid med konvensjonene. Forutsetningen er da at man får til en ordning som i praksis ligger innenfor deres rammer. Mye vil avhenge av den videre lovbehandling og den konkrete gjennomføring av faget. «
Departementet gjer i proposisjonen her framlegg om endringar som knyter seg til opplæringa i faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering og til avgrensa fritak frå opplæring i faget. Det blir fremja forslag for å sikre at gjennomføringa av faget ikkje strir mot Noregs folkerettslege plikter.
Det er nødvendig å gjere endringar både i grunnskolelova og i framlegget til ny opplæringslov, av omsyn til tidspunktet for innføringa av det nye faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. Innføringa av faget vil følgje innføringa av Reform 97, som blir sett i verk hausten 1997. Departementet viser til at det ikkje er teke stilling til når den nye opplæringslova skal begynne å gjelde. Derfor må dei nødvendige endringane takast inn i grunnskolelova.