Ot.prp. nr. 38 (1996-97)

Om lov om endringar i lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen m.m.

Til innholdsfortegnelse

Forslag til lov om endringar i lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen m.m.

I.

I lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen blir det gjort følgjande endringar:

§ 7 nr. 4 andre ledd skal lyde:

Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering er eit kunnskapsfag. Opplæringa i faget skal ikkje vere forkynnande. Opplæringa i faget skal

  • -

    gje grundig kjennskap til Bibelen og kristendommen som kulturarv og evangelisk-luthersk tru,

  • -

    gje kjennskap til andre kristne kyrkjesamfunn,

  • -

    gje kjennskap til andre verdsreligionar og livssyn, etiske og filosofiske emne,

  • -

    fremje forståing og respekt for kristne og humanistiske verdiar og

  • -

    fremje forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulik oppfatning av trus- og livsynsspørsmål

§ 13 nr. 9 skal lyde:

Elevane skal etter skriftleg melding frå foreldra få fritak frå å seie fram truvedkjenningar eller bøner, lære utanåt religiøse tekstar, delta i salmesong eller i andre religiøse aktivitetar, delta i dramatisering eller liknande og å vere til stades i ritual eller gudstenester i ulike trussamfunn.

Foreldra har rett til å klage over at opplæringa er i strid med første leddet, lova § 7 nr. 4 andre leddet, lova § 18 nr. 3 og forskrift om læreplanen for faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. Statens utdanningskontor er klageinstans. Departementet gir forskrifter om klagebehandlinga.

Elevar som har fylt 15 år, avgjer sjølv spørsmålet om fritak og klage.

II.

I lov om grunnskolen og den videregåande opplæringa (opplæringslova) blir det gjort følgjande endringar:

Ny § 2-4 skal lyde:

§ 2-4 Opplæringa i faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. Fritak frå religiøse aktivitetar m.m

Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering er eit kunnskapsfag. Opplæringa i faget skal ikkje vere forkynnande. Opplæringa i faget skal

  • -

    gje grundig kjennskap til Bibelen og kristendommen som kulturarv og evangelisk-luthersk tru,

  • -

    gje kjennskap til andre kristne kyrkjesamfunn,

  • -

    gje kjennskap til andre verdsreligionar og livssyn, etiske og filosofiske emne,

  • -

    fremje forståing og respekt for kristne og humanistiske verdiar og

  • -

    fremje forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulik oppfatning av trus- og livsynsspørsmål

Den som skal undervise i kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering, skal ta utgangspunkt i skolen sin formålsparagraf og presentere kristendommen, dei ulike religionar og livssyn ut frå deira eigenart. Dei same pedagogiske prinsippa skal leggjast til grunn for undervisninga i dei ulike emne.

Elevane skal etter skriftleg melding frå foreldra få fritak frå å seie fram truvedkjenningar eller bøner, lære utanåt religiøse tekstar, delta i salmesong eller i andre religiøse aktivitetar, delta i dramatisering eller liknande og å vere til stades i ritual eller gudstenester i ulike trussamfunn.

Foreldra har rett til å klage over at opplæringa er i strid med første, andre og tredje leddet og forskrift om læreplanen for faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. Departementet er klageinstans. Departementet gir forskrifter om klagebehandlinga.

Elevar som har fylt 15 år, avgjer sjølv spørsmålet om fritak og klage.

III.

Denne lova trer i kraft frå den tid Kongen fastset. Kongen kan fastsetje at dei ulike delane av lova trer i kraft til ulik tid.